AVGJERD I EØS-KOMITEEN nr. 40/2008 av 25. april 2008 om endring av vedlegg I til EØS-avtala (Veterinære og plantesanitære tilhøve) EØS-KOMITEEN HAR med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla avtala, særleg artikkel 98, og på følgjande bakgrunn: 1) Vedlegg I til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 1/2008 av 1. februar 2008( 1 ). 2) Kommisjonsvedtak 2007/399/EF av 11. juni 2007 om endring av vedtak 93/52/EØF med omsyn til fråsegna om at Romania er offisielt fri for brucellose (B. melitensis) og vedtak 2003/467/EF med omsyn til fråsegna om at Slovenia er offisielt fri for bovin brucellose( 2 ) skal takast inn i avtala. 3) Kommisjonsvedtak 2007/522/EF av 18. juli 2007 om endring av vedtak 2006/802/EF med omsyn til kjøt av svin som er vortne vaksinerte med ein svekt levande konvensjonell vaksine i Romania( 3 ) skal takast inn i avtala. 4) Kommisjonsvedtak 2007/559/EF av 2. august 2007 om endring av vedtak 2003/467/EF med omsyn til fråsegna om at visse administrative regionar i Polen er offisielt frie for enzootisk bovin leukose( 4 ) skal takast inn i avtala. 5) Kommisjonsvedtak 2007/584/EF av 21. august 2007 om endring av vedtak 2004/558/EF om gjennomføring av rådsdirektiv 64/432/EØF med hensyn til tilleggsgarantier for infeksiøs bovin rhinotrakeitt hos storfe beregnet på handel med storfe innenfor Fellesskapet og godkjenning av bekjempelsesprogrammene som visse medlemsstater har lagt fram( 5 ) skal takast inn i avtala. 6) Kommisjonsvedtak 2007/590/EF av 27. august 2007 om innføring av førebyggjande vaksinasjon mot sterkt sjukdomsframkallande aviær influensa og ( 1 ) TEU L 154 av 12.6.2008, s. 1, og EØS-tillegget til TEU nr. 33 av 12.6.2008, s. 1. ( 2 ) TEU L 150 av 12.6.2007, s. 11. ( 3 ) TEU L 193 av 25.7.2007, s. 23. ( 4 ) TEU L 212 av 14.8.2007, s. 20. ( 5 ) TEU L 219 av 24.8.2007, s. 37. 1
tilhøyrande føresegner om flytting av vaksinerte fuglar i Nederland( 6 ) skal takast inn i avtala. 7) Kommisjonsvedtak 2007/598/EF av 28. august 2007 om tiltak for å hindre spreiing av sterkt sjukdomsframkallande aviær influensa til andre fuglar i fangenskap som vert haldne i zoologiske hagar og ved godkjende organ, institutt eller stasjonar i medlemsstatane( 7 ) skal takast inn i avtala. 8) Kommisjonsvedtak 2007/603/EF av 7. september 2007 om endring av vedtak 2001/618/EF for å oppføre Slovakia på listen over regioner som er fri for pseudorabies og regioner i Spania på listen over regioner der det er iverksatt godkjente programmer for bekjempelse av pseudorabies( 8 ) skal takast inn i avtala. 9) Denne avgjerda gjeld ikkje for Liechtenstein og Island TEKE DENNE AVGJERDA: Artikkel 1 Vedlegg I kapittel I i avtala vert endra slik det er fastsett i vedlegget til denne avgjerda. Artikkel 2 Teksta til vedtak 2007/399/EF, 2007/522/EF, 2007/559/EF, 2007/584/EF, 2007/590/EF, 2007/598/EF og 2007/603/EF på norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske union, skal verte gyldig. Artikkel 3 Denne avgjerda tek til å gjelde 26. april 2008, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala( * ). Artikkel 4 Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske union. Utferda i Brussel, 25. april 2008. For EØS-komiteen ( 6 ) TEU L 222 av 28.8.2007, s. 16. ( 7 ) TEU L 230 av 1.9.2007, s. 20. ( 8 ) TEU L 236 av 8.9.2007, s. 7. ( * ) Ingen forfatningsrettslege krav oppgjevne. 2
Alan Seatter Formann 3
VEDLEGG til EØS-komiteens beslutning nr. 40/2008 I vedlegg I kapittel I i avtala vert det gjort følgjande endringar: 1. Etter nr. 38 (kommisjonsvedtak 2007/268/EF) i del 3.2 skal nytt nr. 39 lyde: 39. 32007 D 0598: Kommisjonsvedtak 2007/598/EF av 28. august 2007 om tiltak for å hindre spreiing av sterkt sjukdomsframkallande aviær influensa til andre fuglar i fangenskap som vert haldne i zoologiske hagar og ved godkjende organ, institutt eller stasjonar i medlemsstatane (EUT L 230 av 1.9.2007, s. 20). Denne rettsakten får ikke anvendelse for Island. 2. I del 3.2 under overskrifta RETTSAKTER SOM EFTA-STATENE OG EFTAs OVERVÅKNINGSORGAN SKAL TA TILBØRLIG HENSYN TIL i nr. 37 (kommisjonsvedtak 2006/802/EF) vert følgjande lagt til:, endret ved: 32007 D 0522: Kommisjonsvedtak 2007/522/EF av 18. juli 2007 (EUT L 193 av 25.7.2007, s. 23). 3. I del 3.2 under overskrifta RETTSAKTER SOM EFTA-STATENE OG EFTAs OVERVÅKNINGSORGAN SKAL TA TILBØRLIG HENSYN TIL etter nr. 40 (kommisjonsvedtak 2007/24/EF) skal nytt nr. 41 lyde: 41. 32007 D 0590: Kommisjonsvedtak 2007/590/EF av 27. august 2007 om innføring av førebyggjande vaksinasjon mot sterkt sjukdomsframkallande aviær influensa og tilhøyrande føresegner om flytting av vaksinerte fuglar i Nederland (EUT L 222 av 28.8.2007, s. 16). Denne rettsakten får ikke anvendelse for Island. 4. I del 4.2 nr. 14 (kommisjonsvedtak 93/52/EØF) skal nytt strekpunkt lyde: 32007 D 0399: Kommisjonsvedtak 2007/399/EF av 11. juni 2007 (EUT L 150 av 12.6.2007, s. 11). 5. I del 4.2 nr. 64 (kommisjonsvedtak 2001/618/EF) skal nytt strekpunkt lyde: 32007 D 0603: Kommisjonsvedtak 2007/603/EF av 7. september 2007 (EUT L 236 av 8.9.2007, s. 7). 4
6. I del 4.2 nr. 70 (kommisjonsvedtak 2003/467/EF) skal nye strekpunkt lyde: 32007 D 0399: Kommisjonsvedtak 2007/399/EF av 11. juni 2007 (EUT L 150 av 12.6.2007, s. 11), 32007 D 0559: Kommisjonsvedtak 2007/599/EF av 2. august 2007 (EUT L 212 av 14.8.2007, s. 20). 7. I del 4.2 nr. 80 (kommisjonsvedtak 2004/558/EF) vert følgjande lagt til:, endret ved: 32007 D 0584: Kommisjonsvedtak 2007/584/EF av 21. august 2007 (EUT L 219 av 24.8.2007, s. 37). 5