DEN NORSKE KYRKJA Stangvik sokneråd Møtereferat for Stangvik sokneråd Møtestad: Møtedato: Møtetid: Prestekontoret i Stangvik Kyrkje Måndag 10. september Kl.19:00 Desse møtte: Berit Anne Røkkum, Martinus Ranheim, Eirik Gjeldnes, Ola Røe, Bjarne Røen, Anne Kristine Bævre og Per Arne Hyldbakk Godkjenning av møtereferat og møteinnkalling Sak 53/12 Kveldsmesse 16.oktober kl. 19.30 i Stangvik kyrkje Saksframstilling: I samband med gjennomføring av lokal grunnordning for hovudgudsteneste vil vi ha ei kveldsmesse i Stangvik kyrkje med dette innhaldet: 1) Presentasjon og gjennomføring av gudstenesta 2) Soknemøte etter gudstenesta Soknemøtet skal kunngjerast i god tid og på ein informativ måte. Vedtak: Stangvik sokneråd vedtek at det vert halde kveldsmesse i Stangvik kyrkje 16.oktober kl.19.30 med dei tilrådingane som er nemt i pkt.ovafor. Kunngjeringane må sendast ut saman med ein foldar med oversikt over gudstenestene og anna aktivitet for 2. halvår 2012. Sverre lagar foldar med plan for 2. halvår 2012, Per Arne skriv info om lokal grunnordning. Sak 54/12 Forandring av dato på konfirmant/foreldre/føresette samling Saksframstilling: Vi må endre denne datoen fordi Bernt Bøe skal ha ferie i dette tidsrommet og vi ynskjer at han skal vera med. Det har vore litt uklar også kven som skulle undervisa konfirmantane frå Stangvik. No blir det slik at Vidar Rygh skal ha undervisninga av dei fram til jul.
Vedtak: Stangvik sokneråd vedtek å flytta samlinga til 20.september. kl. 19.00. Samlinga skal vera i Stangvik kyrkje. Det skal også sendast ut invitasjon til konfirmantane om dette. Vi vil be kyrkjekontoret om å ordna det for oss i samråd med dei som er ansvarleg for samlinga denne kvelden. Sak 55/12 Julekonsert i Stangvik kyrkje 1. desember kl.17.00 med Kristiansund Kammerkor Innhaldet i denne konserten er forandra frå Bachs Juleoratorium til HANDELS MESSIAS. Vedtak: Stangvik sokneråd går inn for at Kristansund kammerkor og KKKKfestivalen får leige kyrkja til Handels Messias 1. desember kl. 17.00 Sak 56/12 Lokal grunnordning for hovudgudsteneste i Stangvik sokn. Framlagt skisse vart, med nokre små justeringar, vedteken som Stangvik sokneråd si tilråding til soknemøtet 16. oktober 2012. Tilråding ligg ved som eige dokument i saka. Drøfting: Tidspkt. for pynting av kyrkja til hausttakkefesta. Oppdatere gudstenestelista vår for 2.halvår. For Stangvik sokneråd Per Arne Hyldbakk Sekretær
Stangvik sokneråd Tilråding: Lokal grunnordning for hovudgudstenesta i Stangvik. Vedteken i soknerådsmøtet 10.09.12. Blir lagt fram for soknemøtet 16.10.12. Sjå tilleggsmerknader nedanfor. I Samling 1. Førebuing * Klokkeringing * Informasjon: (ved liturg/l eller medliturg/ml) - Velkomsthelsing - Litt om dagens og gudstenesta sitt preg og innhald - Namn på eventuelle dåpsbarn - Eventuelt annan informasjon som høver her - «Lat oss vera stille for Gud» Stille stund 3 slag med ei av kyrkjeklokkene 2. Preludium og Inngangssalme * Preludium med inngangsprosesjon er regelen - Evt. dåpsfølgje deltek i prosesjonen - Nattverdelement kan bli bore fram her * Inngangssalmen blir sungen umiddelbart etter preludium/prosesjon 3. Inngangsord * Ein prioriterer formulering 2: <Liturg:> «Vår Herre Jesu Kristi nåde, Guds kjærleik og Den heilage andens samfunn vere med dykk alle.» <Kyrkjelyden seier:> «Amen» 4. Samlingsbøn * Liturg eller medliturg innleier med «Lat oss be» * Følgjande formulering (alternativ 4) blir som regel nytta: «Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg.» <Andre alternativ (Gudst.boka s. 20-23) kan nyttast dersom liturg/medliturg finn det tenleg ut frå den aktuelle gudstenesta sitt preg eller av omsyn til hendingar o.a. som talar for ei anna formulering.> *Den som leier bøna, avrundar med «Gud, vi bed» *Kyrkjelyden syng «Amen» - det same som etter den tidlegare kollektbøna 5. Lovnadsord og Syndsvedkjenning * Lovnadsordet (frå Johannes 1.9) blir lese først og leier med ei kort tilføying (*) naturleg over til syndsvedkjenninga, der vi går inn for gudstenesteboka sitt alternativ 1. Leddet blir da slik: L/ML: «Guds ord seier: Dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. * Lat oss difor bøya oss for Gud og sanna syndene våre!» Kyrkjelyden: «Gud, ver meg nådig! Eg har synda mot deg og svikta min neste - med tankar og ord, med det eg har gjort og med det eg har forsømt. Tilgjev meg mi synd for Jesu Kristi skuld. Skap i meg eit reint hjarte og gjev meg kraft til nytt liv ved din heilage Ande.» 6. Bønerop Kyrie * Her nyttar vi det Kyrie som var vanleg i vår tidlegare gudsteneste 7. Lovsong Gloria * Også same Gloria som før, evt. i utvida form på høgtidsdagar og ved særlege høve
8. DÅP I: Mottaking til dåp * Dåpssalme <Viss fleire blir døypte, kan ein syngje vers av salmen mellom kvar dåp> * Innleiing * Tekstlesing (L/M eller nokon frå dåpsfølgjet) * Takkebøn (L, M eller nokon frå dåpsfølgjet)... Gud, høyr vår bøn. K (seier): Amen * Ordet om dåpen og trua (L, M:) «Eg har fått all makt.../...så lenge verda står.» * Forsaking Truvedkjenning (K) II: Dåpen *Ein heller vatnet i døypefonten *Bøn ved døypefonten <Liturgen vel eitt av 3 alternativ> *Kva heiter barnet? /Vil de at NN skal døypast...? * Gud vare din utgang... / (Krossmerket) /... døyper eg deg / Dåpshandling (vatnet) * Handspålegging / Den allmektige Gud har no gjeve deg.../ Fred vere med deg. <Eventuell «presentasjon» - etter samråd med familien: Dette er NN,... > III: Livet i dåpen *Tenner lys for barnet(a).../ sette lyset(a) i stake til gudstenesta er over *L: «Jesus seier: Eg er lyset...» *L: Kjære kyrkjelyd. Gjennom dåpen.../... forløyst ved vår frelsar, Jesus Kristus. *L: Vil foreldre og fadrar reise seg. De er vitne... /...leva og veksa i den kristne trua. *K: Fader vår (blir sagt fram her) *L: Lova vere Gud.../... ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde. <Dåpen kan avsluttast med Salme evt. siste del av Dåpssalmen> II Ordet 9. Første lesing frå Det gamle testamentet L: Lat oss høyra Herrens ord! Forsamlinga sit under lesinga. Tekstlesar (ML) innleier: «Det står skrive i / hos...» og avsluttar: «Slik lyder Herrens ord» 10. Salme eventuelt Bibelsk salme 11. Andre lesing frå Det nye testamentet (utanom evangelia) 12. Evangelium * Ein vanleg salme (gjerne kort) er regelen før lesing av evangeliet. L / ML les evangelieteksten. Innleiing: «Det står skrive i evangeliet etter...» / avslutning: «Slik lyder det heilage evangeliet» * Vi syng som regel eit Halleluja-vers/el. omkved etter lesinga <Inntil vidare S 97-nr.192, 3 gonger> 13. Preike Avsluttast med «Ære vere... /... éin sann Gud frå æve og til æve.» 14. Truvedkjenning <Dersom den ikkje alt er brukt under 8: Dåp> * Som regel nyttar ein den (vanlege) apostoliske truvedkjenninga og seier den fram 15. Salme
III - Forbøn 16. Kunngjeringar * Vanlege kunngjeringar kjem her (som før) 17. Forbøn for kyrkja og verda * Liturgen har ansvar for val og utforming av bøner, men bør samarbeide med fleire i kyrkjelyden, eventuelt soknerådet, om dette. Medliturg leier bøna, men fleire kan delta med lesing av bønene. Kvart bøneavsnitt sluttar med «Gud, vi bed» * Som tilslutning til bøneavsnitta syng vi som hovudregel «Herre, høyr vår bøn» (som før), men kan enkelte gonger bruke «Å Gud, høyr vår bøn» (S 97-nr.161) el. likn. 18. Takkoffer frå kyrkjelyden * Heile bøna for takkofferet blir lesen av liturgen åleine på vegner av forsamlinga, helst med formuleringa som er nemnt i ordninga: «Evige Gud, di er jorda og det som fyller henne. Alt vi eig, høyrer deg til. Av ditt eige gjev vi deg attende. Ta imot oss og gåvene våre i Jesu namn. Amen.» IV - Nattverd Det bør som regel bør vera nattverd i hovudgudstenesta 19. Førebuing av måltidet: * Salme 20. Takkseiing og bøn * Prefasjonsdialog (som før): L: Herren vere med dykk / K: Og med deg vere Herren L: Lyft dykkar hjarte / K: Vi lyfter våre hjarte til Herren L: Lat oss takka Herren, vår Gud / K: Det er verdig og rett *Innleiande lovprising: L: <I sanning.../... og tilbedande syngja:> / K: Heilag, heilag... /... Hosianna i det høgste *Nattverdbøn / Innstiftingsord <Ein meiner inntil vidare at kyrkjelyden ikkje treng delta verbalt her.> *Fadervår blir lese eller sunge, med følgjande (kjende) utforming: Fader vår, du som er i himmelen! Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen. Gjev oss i dag vårt daglege brød. Forlat oss vår skuld, som vi og forlet våre skuldmenn. Før oss ikkje ut i freisting, men frels oss frå det vonde. For riket er ditt, og makta og æra i all æve. Amen. 21. Nattverdmåltidet * Fredshelsing: L: Guds fred vere med dykk / K (seier): Guds fred vere med deg *Brødsbryting <eventuelt> L: Brødet... /... del i Kristi lekam. Vinen.../... del i Kristi blod. K (syng): Du Guds Lam, som bar all verdsens synder... (same som før) L: Kom, for alt er gjort ferdig! * Utdeling Utdelingsord: «Kristi lekam gjeven for deg / Kristi blod utrent for deg» <Som regel bør utdelinga skje framme i midtgangen>
*Velsigningsord når nokon kjem fram utan å ta imot brød/vin: L: «Gud velsigne deg og vare deg» Etter utdelinga seier Liturgen på vegner av alle: «Den krossfeste og oppstadne... /... til det evige livet» og «Fred vere med dykk.» 22. Avslutning av måltidet * Takkebøn: L/ML vel sjølve kva formulering han/ho vil nytte her ut frå framlegg i Gudst.boka V - Sending 23. Salme Slutningssalmen blir i regelen sungen ståande 24. (Lovprising og) Velsigning L/ML: Lat oss prisa Herren L:/ML: Herren velsigne deg... / K: Gud vere lova, Halleluja... (som før) / K: Amen, amen, amen (som før) 3 x 3 bøneslag med klokke(ne) 25. Utsending L/ML: Gå i fred. Ten Herren med glede. 26. Postludium <Dersom det ikkje er utgangsprosesjon, kan ein sitte i benken og lytte til postludiet> Tilleggsmerknader: * Generelt: Tilrådinga tek omsyn til at ny grunnordning ikkje må gjera folk flest usikre og framande i møte med gudstenesta. Såleis nyttar ein mykje kjend melodistoff. Ein er også forsiktig med å kreve deltaking i «talekor» og rørsler som kan vera unaturlege for mange. Soknerådet meiner at ein ikkje bør bruke mykje energi på å innføre element som kan skade oppslutninga om gudstenesta. Derimot vil ein satse på å aktivisere fleire til frivillig innsats i tråd med eigne ønske i oppgåver av liturgisk og praktisk karakter. Til ulike punkt i tilrådinga: 5. Lovnadsord og Syndsvedkjenning Vi meiner Lovnadsordet (Joh.1.9) bør koma FØR sjølve Syndsvedkjenninga og knytast naturleg til denne med orda «Lat oss difor bøya oss for Gud og sanna syndene våre». Dette vil begrunne Syndsvedkjenninga på ein fin, bibelsk og kanskje nødvendig måte slik at den får si rette forståing - og betydning. På denne måten kjem også Kyrie (6) og Gloria (7) naturleg inn i samanhengen. Dagens bøn (gudst.boka sitt ledd 8) blir sløyfa jf «kan utelatast».
8. DÅP I/Tekstlesing (og evt. Takkebøn): Soknerådet vil at dåpsfamilien på førehand blir oppmoda til å delta med tekstlesing (evt. lesing av bøn) her. II/Eventuell presentasjon: Dette bør skje etter samråd med familien. Etter dåpen kan det syngjast ein salme eventuelt siste del av Dåpssalmen. (Dette m.a. for å avrunde dåpsseremonien på ein høveleg måte og skape overgang til II Ordet / Tekstlesing. 9. Første lesing Når liturgen seier «Lat oss høyra Herrens ord!», vil mange i forsamlinga etter gammal vane reise seg. Soknerådet meiner ein difor i ein overgangsperiode kan sløyfe denne innleiinga. Like eins utelet ein tale-leddet «Gud vere lova» etter lesinga. 10. Salme Bibelsk salme Ein vanleg salme blir hovudregelen her. 12. Salme før evangelielesinga Soknerådet i Stangvik ønskjer rikhaldig bruk av salmeskatten i gudstenesta. Difor vil ein ha ein vanleg (gjerne kort) salme før evangelielesinga + eit 3-faldig Hallelujavers etter leseinga. 15. Salme (etter preika/truvedkjenninga) Også denne er lagt inn ut frå ønsket om rikeleg salmesong. 16. Kunngjeringar Informasjon om vesentlege ting i kyrkjelyden, også om liturgen i resten av gudstenesta t.d. om vi skal synge eller seie fram Fadervår, at vi står under sluttsalmen, osv. 20-21. Nattverd Soknerådet tilrår ikkje faste tale-ledd for kyrkjelyden i nattverdliturgien. I samband med brødsbryting og utdeling krev soknerådet at liturgen seier «Kristi lekam», ikkje «Kristi kropp» (som fleire opplever kjenslemessig vanskeleg). * Denne tilrådde gudstenesteliturgien vil bli bruka under Kveldsmessa i Stangvik kyrkje tysdag 16. oktober. Deretter vil soknemøtet ta stilling til vedtak. Prestekontoret, Stangvik Kyrkje 10.09.12 For Stangvik sokneråd, Per Arne Hyldbakk/skrivar