Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Like dokumenter
Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Tysvær kommune eig og driv følgjande barnehagar: Aksdal, Fjellhaug Friluftsbarnehage, Førresdalen, Førresfjorden, Nedstrand, Førland og Tysværvåg.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR. Underlagt lov : Lov om barnehage, og til ei kvar tid gjeldane forskrifter og rammeplan for barnehage

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

Kvinnherad kommune Vår ref: 2016/679 Dato: Kvinnherad kommune BARNEHAGETILBODET

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

Barnehagebruksplan

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

SURNADAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

Vedtekter kommunale barnehagar

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016

Lisjebøvegen 39, 6091 Fosnavåg, tlf: , e-post:

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

VEDTEKTER FOR HORNINDAL BARNEHAGE (gjeldande frå )

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE

3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.

Austevoll kommune. Retningsliner for samordna opptak i barnehagar i. Gjeldande frå Vedteke i tenesteutvalet i sak 008/15.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Vedtekter for. Fyresdal barnehage. Vedteke i kommunestyresak 3/13 med endringar i RS 43/13

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185

Vedtekter for Velledalen Naturbarnehage SA i henhald til Barnehagelova 7 2. Innhaldsfortegning.

10/60-14/N-211//AMS

TIME KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

VEDTEKTER FOR. Elvetun Barnehage AS

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret

VEDTEKTER FOR VILLVETTENE FRILUFTSBARNEHAGE DA Org.nr:

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

Vedtekter for SFO - Skolefritidsordninga

VEDTEKTER for Læringsverkstedet Eid barnehage AS, i Eid kommune

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

Vedtekter for kommunale barnehagar

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

Skulefritidsordninga i Kvinnherad gjev følgjande tilbod:

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR revidert 2013

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I FINNØY.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDT - TELEMARK KOMMUNE

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

INNHALD: Side 2 av 9 Vår ref.: 2019/ Vedtekter for Åmli kommunale barnehagar

VEDTEKTER FOR KOMMUNALT EIGDE BARNEHAGAR I SVEIO KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

Innhold VEDTEKTER Formål Formål og forvaltning Barnehagens areal Opningstid Ferie Betaling

SKULEFRITIDSORDNINGA I SVEIO

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE

Vedtekter for kommunale barnehagar i Vik kommune Gjeldande frå. HØYRINGSFRAMLEGG. HØYRINGSFRIST Høyringsutkast frist

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE

Samnanger kommune VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR. Vassloppa barnehage. Dråpeslottet barnehage SAMNANGER KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

2. Godkjenning Fusa kommune si rettleiande norm for netto leike- og opphaldsareal : 4 kvm. pr. barn over 3 år og 5,33 kvm pr.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE. Gjeldande frå Vedteke i kommunestyret , sak: 070/17.

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning i

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN

Vedtekter for barnehagane i Suldal kommune

Samnanger kommune VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR. Vassloppa barnehage. Dråpeslottet barnehage SAMNANGER KOMMUNE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre»

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I FUSA KOMMUNE GJELDANDE FRÅ

Årsplan for SFO. Sandnes skule. Skuleåret

Retningsline for samordna opptak i barnehagar i Stord kommune

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE. Jfr. Lov 17. juni 2005 nr 64 om barnehagar, 7 (Barnehagelova)

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SANDE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE

Revidert Oppvekst og omsorg,

T I L B O D SKULEFRITIDSORDNING

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS

Transkript:

Bokn kommune Bokn barnehage. Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret 21.03.2006 Endra av formannskapet 03.02.2015 Kommunestyret har delegert ein del avgjerder til rådmannen, som har delegert vidare til Kommunalsjef tenester. Teksten i vedtektene er justert i samsvar med dette. Dei endra vedtektene blir brukt ved hovudopptaket i 2015 og gjeld frå 15.08.2015. 1. Eigar. Bokn kommune er eigar. Formannskapet er eigarstyre. 2. Formål. Barnehagen blir driven i samsvar med a. Lov om barnehagar med forskrifter b. Rammeplan for barnehagar c. Kommunale vedtak. d. Årsplan for barnehagen vedteke av samarbeidsutvalet. 3. Samarbeidsutval. Barnehagen har foreldreråd og samarbeidsutval med arbeidsområde og avgjerdsmynde slik Barnehagelova tilseier. Foreldrerådet vel foreldrerepresentantane til samarbeidsutvalet. Samarbeidsutvalet består av 2 foreldre, ein av dei tilsette og barnehagestyrar. Ein representant frå formannskapet møter som eigars representantar i samarbeidsutvalet. Vala er for 2 år om gongen. Eigars representant frå formannskapet blir vald for heile valperioden på 4 år. 4. Opptaksmynde. Hovudopptaket til barnehagen, og opptak til eventuelle ledige plassar utanom hovudopptaket, blir gjort av Kommunalsjef etter innstilling frå barnehagestyrar. 5. Søknad og klage. Søknadsfrist for hovudopptak er 1. mars. Hovudopptaket byggjer på det skjønn Kommunalsjef gjer. Det vert praktisert løpande opptak gjennom barnehageåret om det er ledige plassar. Formannskapet er klagenemnd. Klage på vedtak må sendast kommunen ved Kommunalsjef seinast 3 veker etter at melding om opptak er mottatt. 6. Reglar for opptak. Opptaket skjer til heil plass 5 dagar i veka, eventuelt 4 eller 3 dagar. Opptaket skal, så langt det er mogleg med omsyn til utnytting av kapasiteten, vere fleksibelt når det gjeld val av vekedag. Ved opptaket skal Kommunalsjefen mellom anna leggje vekt på følgjande (rekkjefølgja er ikkje ei prioritering): a. Barn med dokumentert funksjonshemming skal prioriterast. Det same gjeld barn med tilråding frå PPT, helsesyster, barnevernstenesta, sosialtenesta eller anna fagorgan. b. Barn av einslege forsytarar. c. Barn frå heimar som ligg slik til at det er lite høve til å leike med andre barn. d. Barn i familiar som er ramma av alvorleg sjukdom. e. Barn i tospråklege familiar. f. Barn frå heimar der begge foreldre er i arbeid eller under utdanning. g. Eldre barn går under elles like tilhøve framfor yngre. h. Barnet må minst vere 6 månader når barnet tek til å gå i barnehagen. i. Ved ledig plass kan barn som ikkje er busette i kommunen få plass. Slik plass blir bare tildelt for eitt år om gongen. Side 1 av 5

7. Opptaksperiode, oppseiing av plass og ferie. a. Barnehageåret byrjar 15. august. For barn busett i Bokn kommune blir plass i barnehagen tildelt frå opptaksdato og fram til og med 14. august det året barnet skal byrje i skulen. Barn som skal byrje på skulen kan søkje plass i SFO frå og med 15. august. b. Barna skal ha 4 veker ferie i løpet av barnehageåret. Ferien kan delast i to, men minst 3 veker skal vere samanhengande og innanfor Bokn skule sin sommarferie. (Barn som skal byrje på skulen kan gjerne la ferien gå fram til skulestart.) Kommunalsjefen kan i heilt spesielle tilfelle, og etter søknad, gjere avvik frå regelen om plassering av ferie. Slik søknad må vere motteke før 1. mai. c. Barnehagestyrar skal ha melding om når barnet skal ha sommarferie så snart som mogleg og seinast 1. mai. Dersom barnet skal ha den fjerde veka ferie utanom skulen si sommarferie, skal barnehagestyrar varslast minst ei veke før ferieveka startar. Dersom slikt varsel ikkje er gitt og barnet ikkje er i barnehagen, blir det ikkje godtatt at dette fråveret skal reknast som ferie. d. Når ein har fått melding om opptak, og har bekrefta at ein tek i mot plassen, kan plassen ikkje seiast opp anna enn ved årsskiftet og ved starten av nytt barnehageår (15. august), dersom oppseiingsgrunnen ikkje er flytting ut av kommunen. Kommunalsjefen kan likevel godkjenne oppseiing til anna tidspunkt dersom det føreligg heilt særskilde årsaker. Ved oppseiing må det alltid gjevast minst ein månads varsel, og oppseiing kan uansett årsak bare skje i eit månadsskifte. 8. Betaling og betalingsreduksjon. a. Foreldrebetalinga blir fastsett av kommunestyret etter framlegg frå rådmannen i gebyrregulativet, til vanleg for eitt barnehageår om gongen. Ved auke i pris skal foreldre / føresette alltid varslast minst tre månader før prisendringa blir sett i verk. b. Det må betalast for plassen barnet opptek sjølv om barnet ikkje er til stades alle timane. c. Det blir gitt 30% søskenmoderasjon i foreldrebetalinga (opphaldsdelen, ikkje matpengane) for søsken nr. 2 og 50% for eventuelt fleire søsken i barnehagen. d. Det blir gitt 30% søskenmoderasjon i foreldrebetalinga (opphaldsdelen, ikkje matpengane) for søsken nr 2 og eventuelt fleire søsken, når barn i barnehagen har søsken i SFO. Dei to moderasjonsordningane blir samordna og betalingsreduksjon gitt på dei rimelegaste tilboda. e. Det skal betalast for 11 månader i året. I juli er det ikkje foreldrebetaling. f. Betalingsfristen er den 20. kvar månad. g. Dersom det manglar betaling for 2 månader kan Kommunalsjefen vedta at barnet må slutte i barnehagen. Foreldra skal ha 14. dagars varsel om slikt vedtak. h. Foreldra kan få redusert foreldrebetalinga når det føreligg spesiell årsak til at barnet går i barnehagen. Slik spesiell grunn vil normalt vere heimla i lovverket, som til dømes hjelpetiltak etter Opplæringslova. Kommunalsjefen har vedtaksmynde i dei tilfella slik vedtaksmynde ikkje er tillagt andre gjennom særlov. 9. Opphaldstid. Barnehagen vil halde open kvardagar innan ei tidsramme frå kl 0700 til kl 1630. Foreldre som har behov for tilsyn utanom desse tidene kan søkje Kommunalsjefen. Formannskapet er klageinstans. Barnehagen er stengt julaftan, nyttårsaftan, frå kl 1200 onsdag før skjærtorsdag og på avtalefesta plandagar for personalet. 10. Plandagar. Barnehagepersonalet har for tida 5 avtalefesta plandagar i løpet av barnehageåret. Foreldra skal ha minst 1 månad skriftleg varsel om dato for plandag. 11. Frammøte, henting. Når barna er sjuke, eller foreldra av andre grunner ikkje ønskjer å sende barnet til barnehagen, skal foreldra varsle barnehagen. Det skal vere avtala skriftleg før barnet startar i barnehagen kven som har mynde til å hente barnet. Side 2 av 5

12. Areal, plasstal. Opptak til barnehagen blir gjort ut frå ei norm der det blir rekna 4,0 m2 leikeareal for kvart barn i alderen 3-5 år, og 5,4 m2 for dei yngste. Plasstalet i barnehagen er sett til 84, der det blir rekna 2 plassar for kvart barn i gruppa 0-3 år. Bokn barnehage har eit leikeareal inne på 300kvm, og eit uteareal på 2400kvm. Ved heil eller delvis drift av barnehagen som friluftsbarnehage for dei eldste barna, kan arealkravet for gruppa som det meste av dagen er ute, reduserast til 3,0 kvm. Kommunalsjefen kan redusere eller auke plasstalet skjønnsmessig ved opptak etter innstilling frå barnehagestyrar. 13. Helsetilsyn. Når barnet byrjar i barnehagen skal det leggjast fram skriftleg erklæring om barnet si helse. Dersom barnet har møtt til ordinære undersøkingar på helsestasjon, kan slik erklæring bli gitt av foreldra/føresette. 14. Ansvar. a. Alle barn i barnehagen er ulykkesforsikra gjennom kommunen si forsikringsordning. b. Personalet har ansvar for barna i barnehagen si opningstid. Bringing og henting er foreldra sitt ansvar. Barnehagen kan ikkje la andre hente barnet enn det som er avtala skriftleg. c. Barnehagen har ikkje ansvar for klede eller andre eigendelar som barnet har med seg. d. Tilsette i barnehagen kan ikkje ta barna med seg som passasjerar i eigen bil eller på offentleg transportmiddel utan skriftleg samtykke frå foreldre/ føresette. Barn som blir tatt med i privatbil (eller offentleg transportmiddel) skal vere sikra i samsvar med gjeldande forskrifter, og bilen må vere i forskriftsmessig stand. e. Barnehagen må ha skriftleg samtykke frå foreldra/føresette før det blir tatt bilde/film/videoopptak av barnet. Det gjeld uansett kva opptaka skal brukast til. Ved bruk av bilde i brosjyrar, på heimesider på internett eller liknande, skal foreldra gi skriftleg samtykke. Når bilde blir brukt utan skriftleg samtykke frå foreldra, skal barnehagen sjå til at det ikkje det ikkje blir brukt namn eller anna som kan identifisere barn. f. Barnet kan ikkje vere med i symjehall, delta på badeturar eller vere med i båt/kano utan skriftleg samtykke frå foreldra/føresette. På slike turar skal ein tilstrekkeleg del av barnehagepersonalet som er med ha godkjent livredningskurs. 15. Ledige plassar Dersom barnehagen grunna fråver, eller av annan grunn, har ledig plass, kan Kommunalsjefen stille plassen til disposisjon for barn som har behov ut over fast tildelt plass, eller som har søkt men ikkje fått fast plass. Kommunalsjefen fastsett foreldrebetaling og retningsliner. 16. Endring av vedtektene. Formannskapet har mynde til å endre vedtektene. Foreldrerådet og samarbeidsutvalet skal alltid ha høve til å uttale seg før formannskapet gjer vedtak om endring av vedtektene. Side 3 av 5

Søknad om plass i Bokn barnehage frå 15.08.2015 Lovfesta rett til barnehageplass: Eit barn har rett til barnehageplass i Bokn barnehage frå 15.08.2015 dersom tre vilkår er oppfylt: Barnet må vere busett i Bokn. (Ved tilflytting er det tilstrekkeleg at barnet bur i kommunen når barnehagen startar i august. Det er ikkje krav om at barnet skal vere registrert i folkeregisteret.) Barnet må fylle eitt år seinast 31. august 2015. Søknaden om plass må vere levert kommunen seinast 1. mars 2015. (Dersom søknaden er levert for seint gjeld retten først frå 15. august 2016.) (Barn som ikkje bur i kommunen kan etter søknad få tildelt plass dersom det er noko ledig. Tildelinga skjer for eitt år om gongen.) Søknadsskjema og vedtekter: Det ligg ved søknadsskjema og vedtekter. Les vedtektene grundig før du fyller ut søknadsskjemaet. Søknadsskjema får du elles i barnehagen, i kundetorget på Boknatun, og på skulekontoret. Det ligg også på nettet på adressa www.bokn.kommune.no. Dersom du søkjer om plass 4 eller 3 vekedagar Dersom du søkjer om plass 4 eller 3 vekedagar, og det er viktig for deg å få akkurat dei vekedagane du har kryssa av på søknadsskjemaet, bør du skrive ei grunngjeving. Dersom du kan vere godt nøgd med alternative dagar, er det fint om du også fyller ut ønske nr 2 og eventuelt nr 3. Grunnen er at me kan måtte prioritere mellom søkjarane dersom for mange vil ha dei same 2-3 dagane. Må du søkje på nytt dersom barnet ditt har plass i barnehagen frå før? Barn som ikkje er busette i Bokn får bare plass for eitt år om gongen og foreldra må søkje på nytt. Barn som er busette i Bokn er tildelt plass fram til 14. august det året dei startar på skulen. Foreldra treng ikkje søkje på nytt, anna enn dersom dei ønskjer å utvide eller redusere plassen. Bruk då endringsmeldinga som du kan få i barnehagen, og lever før 1. mars 2015. Bokn, februar 2015 Ingunn Toft Kommunalsjef tenester Side 4 av 5

Betalingssatsane i 2015/2016: Betalingssatsane er som inneverande år (månadsbetaling, 11 betalingsterminar): Opphald Kost 5 vekedagar kr 2580 kr 250 4 vekedagar kr 2064 kr 225 3 vekedagar kr 1436 kr 200 KJØP AV LEDIG PLASS I BARNEHAGEN I vedtektene pkt 15 står det: Ledige plassar Dersom barnehagen grunna fråver, eller av annan grunn, har ledig plass, kan Kommunalsjefen stille plassen til disposisjon for barn som har behov ut over fast tildelt plass, eller som har søkt men ikkje fått fast plass. Når barnet har fast plass 3 eller 4 dagar i veka, kan foreldra ved behov spørje styraren om å få ha barnet i barnehagen ein eller fleire fridagar. Det er styraren som avgjer om det er forsvarleg å seie ja ut frå bemanningssituasjonen. Det er ein føresetnad at barnet blir levert og henta på tider som passar inn i rytmen til barnehagen. Prisen er sett til kr. 200 pr dag for opphald og kr. 13 for kost. Styraren melder frå til skulekontoret om slike ekstra dagar. Skulekontoret sender faktura. Bokn, februar 2015. Ingunn Toft Kommunalsjef tenester Side 5 av 5