VELKOMEN SOM KONFIRMANT 2016



Like dokumenter
VELKOMEN SOM KONFIRMANT 2015

VELKOMEN SOM KONFIRMANT 2020

Velkomen som konfirmant!

k o n f i r mant 2013

Velkomen som konfirmant

VELKOMEN SOM KONFIRMANT

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN!

Velkomen som konfirmant

Plan for undervisning

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar

Informasjon frå Sula kyrkjelyd. Kven er eg?

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Informasjon frå Sula kyrkjelyd

V e l k o m e n s o m. konfirm ant. Foto: Rune Sævig, Bergens Tidende VOSS EVANGER RAUNDALEN KYRKJELYDAR

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Konfirmant. Førde, Holsen, Haukedalen. Undervisning Nattcup Fasteaksjonen Gudsteneste Kristuskrans Nesholmen Aktivitet Felleskap Bibel Vener

Velkomen til konfirmanttida

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon: E-post: kyrkjekontoret@sula.kommune.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Til deg som bur i fosterheim år

Informasjon frå Sula kyrkjelyd

Velkomen som konfirmant

KonfirmantiKyrkja2018/19

Konf irmant Informasjon om konf irmasjonstida i Foldnes, Landro og Fjell kyrkje.

6. trinn. Veke 24 Navn:

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Konfirmant Informasjonshefte om konfirmasjon i Fjell, Foldnes og Landro kyrkje. Tema for året: "Loved"

Vi inviterer. Voss, Evanger og Raundalen kyrkjelydar

Vil du være konfirmant i Førresfjorden menighet?

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Semesterplan hausten 2016

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Vi inviterer. Voss, Evanger og Raundalen kyrkjelydar

Informasjon fra Olsvik menighet

Sandeid skule SFO Årsplan

Vi kan tilby et spennende opplegg som vi tror vil falle i smak hos de fleste. Ta en kikk og se om dette er noe for deg.

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

Informasjonshefte Tuv barnehage

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

VELKOMMEN SOM KONFIRMANT i Herøy, Indre Herøy og Leikanger kyrkje !

Konfirmanthefte. Bugården menighet

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Vi Os kyrkjelyd inviterer til. Konfirmantåret

Hugs fristen på registrering måndag 10. sept!

Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN Rektor mobil: Assisterande rektor mobil:

Konf irmant Informasjonshefte om konf irmasjon i Foldnes, Landro og Fjell kyrkjer.

Vi Os kyrkjelyd inviterer til. Konfirmantåret 2019/2020

Informasjon om konfirmasjonstida i Fjell sokn 2008 VEDLEGG 1 AVTALE OM DELTAKING I KONFIRMASJONSTIDA...11, 12 VEDLEGG 2 INNSKRIVINGSSKJEMA...

Brukarrettleiing. epolitiker

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Brukarrettleiing E-post lesar

Velkommen til konfirmasjon!

Månadsbrev for Rosa september 2014

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Informasjon fra Olsvik menighet

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Vi inviterer. Voss, Evanger og Raundalen kyrkjelydar

Vi Os kyrkjelyd inviterer til. Konfirmantåret

Informasjon fra Olsvik menighet

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Konfirmasjon i Kråkerøy menighet 2013 Spørsmål og svar for deg som vurderer å konfirmeres i kirken

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Konfirmantåret 2015/2016

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Velkommen til konfirmasjon!

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

KONFIRMANT Vågsøy sokn

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Plassebakken Barnehage

Velkomen til konfirmanttida

Konfirmant 2011? Informasjonsbrosjyre for deg som tilhører Bakkehaugen Kirke.

Velkomen som konfirmant i kyrkja!

INFORMASJONSMØTER torsdag 31.mai kl 1800 i Nordlyskatedralen Alta kirke og onsdag 6.juni kl 1800 i Elvebakken kirke.

K O NFIRMANT

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

V e l k o m e n s o m. konfirm ant. Foto: Rune Sævig, Bergens Tidende. VOSS, EVANGER og RAUNDALEN KYRKJELYDAR

INFORMASJON OM KONFIRMANTÅRET I HØYLAND KIRKE OG SVILAND KAPELL

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Konfirmant eit år du seint vil gløyma Informasjonshefte Velkommen til konfirmasjonstida i Fjell

Vekeplan for 5.klasse Veke 48

Konfirmasjon. i Kråkerøy menighet Til deg som vurderer å konfirmeres i kirken

Vi Os kyrkjelyd inviterer til. Konfirmantåret

Transkript:

VELKOMEN SOM KONFIRMANT 2016 HYEN, BREIM, GIMMESTAD OG VEREIDE SOKN/GLOPPEN

INNHALD InnhAld...3 KONTAKTINFORMASJON...3 INTRODUKSJON...4 PÅMELDING...4 Nettbasert påmelding...4 Underskrift...4 INNHALDET I KONFIRMANTTIDA...4 Undervisning...4 Gudstenester...5 Aktivitetar...5 Grupper...6 PRESENTASJON AV GRUPPENE...6-9 KONFIRMANTAR MED SÆRSKILDE BEHOV...9 ØKONOMI...10 FORELDREMØTER OG -ENGASJEMENT...10 AVTALE...16 KONTAKTINFORMASJON KYRKJELYDSKONTORET Tlf: 57 86 56 16 Sandane kyrkje Åsavegen 130 6823 SANDANE www.gloppen.kyrkja.no og kyrkja i gloppen (face) SOKNEPREST I BREIM OG HYEN SOKN: Tore Myklebust Tlf: 456 01 260 e-post: tore.myklebust@gloppen.kyrkja.no SOKNEPREST I GLOPPEN SOKN: Vidar Bjotveit Tlf: 958 80 030 e-post: vidar.bjotveit@gloppen.kyrkja.no Face: vidarprest HEIMESIDA TIL KYRKJA:

INTRODUKSJON Vi som er ansvarlege for konfirmasjonstida i Breim, Hyen, Vereide og Gimmestad (frå 1.1.2016 Gloppen og heretter brukt) kyrkjelydar vil gjerne gje deg som ynskjer å vera konfirmant, og dykk som konfirmantføresette, informasjon om konfirmantopplegget vårt. Konfirmasjon heng saman med dåpen. Dei aller fleste konfirmantar vart døypte som born. Då lova foreldre og fadrar at dei skulle få opplæring i den kristne trua. Konfirmasjonstida er ein del av denne opplæringa. Tema vi er innom er til dømes: Kven er eg?, Gud som Far, dåp og nattverd, bod og tilgjeving, misjon og teneste Alle tema hentar innhaldet frå Bibelen og frå livet vårt. Konfirmantlærarane er sokneprestane våre: Tore Myklebust og Vidar Bjotveit. Konfirmasjonstida er for alle som ynskjer å vera med. Det einaste kriteriet for å verte konfirmert er at ein er døypt. Vi har ofte nokre konfirmantar som ikkje er døypte som born. Dei fleste av dei vel å la seg døype før konfirmasjonen. Nokre ungdomar vel å vera med i konfirmanttida, men står over sjølve konfirmasjonsdagen. Etter at de har lest gjennom dette heftet veit de litt meir om kva konfirmantopplegget vårt går ut på. Skulle noko vere uklart eller det er noko du ynskjer å snakka med oss om, er du velkomen til å ta kontakt. PÅMELDING NETTBASERT PÅMELDING Påmelding til konfirmanttida skjer via nettsida vår: www.gloppen.kyrkja.no. I menyen til venstre klikkar de på Konfirmasjon. Her ligg link til innmeldingsskjemaet. Skriv inn opplysningane vi treng og kom med skjemaet til Innskrivingsdag 15.juni 2015 i Sandane kyrkje. Om ein ikkje kan møte, send inn skjemaet seinast 22.juni 2015. UNDERSKRIFT I tillegg til informasjonen i innmeldingsskjemaet må alle som vil være konfirmantar skrive under på ei avtale. De finn avtalen bak i dette heftet. Både konfirmant og føresette må skrive under. Klipp den ut og ta den med på innskrivingsdagen eller seinast første konfirmanttime onsdag 19. august på GU/onsdag 19. august i Hyen, eller send den i posten til kyrkjelydskontoret. INNHALDET I KONFIRMANTTIDA UNDERVISNING Konfirmantåret er den største og mest omfattande delen av trusopplæringa i kyrkja vår. Dette året skal ungdomane få ei grundigare innføring i kva det tyder å vera døypt og å vera medlem i Den norske Kyrkja. Mesteparten av dette skjer gjennom undervisningstimar på ungdomsskulane og i Sandane kyrkje.

Det blir undervisningstimar på skulane onsdagar omtrent annankvar veke, stort sett partalsveker. To gongar i halvåret har vi lengre samlingar i Sandane kyrkje. Nokre av dei startar rett etter skuletid, nokre startar kl. 13.20. Konfirmantane i Hyen er ikkje med på alle samlingane i Sandane kyrkje. Sjå kalenderen bak i heftet for fullstendig oversikt over undervisningstimane. GUDSTENESTER Alle konfirmantane skal vere med på minst 8 gudstenester i løpet av konfirmantåret, i tillegg til samtalegudstenesta og konfirmasjonsgudstenesta. TIL SAMAN 10. Men gjerne 12, ein for kvar av læresveinane til Jesus. Nokre av desse er obligatoriske, medan andre vel de sjølve. DEI OBLIGATORISKE ER: - Presentasjonsgudstenesta - Lysmesse i desember - Samtalegudstenesta på våren - Ei eller fleire gudstenester der konfirmanten hjelper til med oppgåver Aktuelle oppgåver for konfirmantane i gudstenester kan vere å ynskje folk velkommen og dele ut salmebøker, hjelpe til i barnekroken, bere prosesjonskorset, spele instrument eller synge, lese bøner eller bibeltekstar etc. På kvar gudsteneste fyller de ut ei side i heftet, og leverer til konfirmantpresten dykkar til slutt i konfirmantåret. Dei 8 gudstenestene skal vere gjennomførte før 1.mai. Resten av året vel de fritt kva gudstenester de ynskjer å gå på. Det er lurt å velje ei i jula og ei i påska! (påskeplask blir det om konfirmantane tør og vil!) Gudstenesta i samband med konfirmantleiren tel med som ei av dei 8 gudstenestene, saman med presentasjonsgudstenesta, lysmessa og samtalegudstenesta. AKTIVITETAR KONFIRMANTLEIR 26.-27. september reiser vi på leir til Nesholmen. Leiren varer frå laurdag morgon til søndag ettermiddag, og blir ei intens oppleving. Aktivitetar, seminar, leik, bading(for dei som vil), god mat og gudsteneste er nokre stikkord. Det blir mykje moro, og heile tida set vi fokus på å lære meir om kven Gud er og kva han vil med oss. Leiren blir avslutta med hentegudsteneste i Hyen kyrkje 27.september klokka 15. NATTCUP Nattcup i Nordfjordhallen, Måløy, er ei av de største sosiale hendingane for mange konfirmantar. Her samlast konfirmantar frå heile Nordfjord til ei natt med fotballcup, aktivitetar, gudsteneste, konsert, konkurransar og rangling! Dato: 20-21. nov. Vi reiser frå Sandane fredag kveld, og kjem tilbake tidleg laurdag morgon. Påmelding: Til konfirmantprest innan undervisningstimen 30. september.

FASTEAKSJON Alle konfirmantane tek del i Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon. Konfirmantane går frå dør til dør med innsamlingsbøssene ettermiddagen tysdag 15. mars. Denne dagen vil vi trenge foreldre som kan stille opp og køyre konfirmantane. De får vite meir om dette når det nærmar seg. GRUPPER Konfirmantgruppene er ein viktig del av konfirmantopplegget. Dei ulike gruppene ser ganske forskjellige ut, og held på med heilt ulike aktivitetar. Felles for alle er at ein har eit element av andakt/samtale i samlinga. Gruppa skal vere eit fellesskap der ein kan ha det kjekt saman, stille spørsmål om tru og liv, og diskutere og leite etter svar saman. Gruppene skal ha eit omfang på ca. 15-20 timar, fordelt på 6-10 samlingar gjennom konfirmantåret. Vi har som nemnt mange ulike grupper, og dei er leia av frivillege. I innmeldingsskjemaet får konfirmantane lov til å ynskje kva gruppe dei helst vil vere med på, i prioritert rekkefølgje. Så langt det er mogeleg prøver vi å plassere konfirmantane i den gruppa dei har mest lyst til å vere med i. PRESENTASJON AV GRUPPENE 1. MAT Leiar: Per Arne Bakke pabakke@hotmail.com 90771654 Max deltakarar: 7 Om gruppa: Dette er gruppa for deg som likar mat og sosiale kveldar. De lagar mat saman, og etterpå har de ei sosial stund der de et det de har laga. Her er det òg rom for ei lita andakt eller ein god samtale. Per Arne Bakke jobbar som kokk på Gloppen Omsorgssenter, og er aktiv i Krav til m.a. speidararbeidet til Gloppen KFUK/M. Konfirmantane møter på alle samlingane, ca. 8 til saman gjennom året. Alle er positive og gjer sitt for at samlingane skal bli kjekke. 2. AKTIVITETSGRUPPE Leiar Audhild Bogstad 97024913 Max deltakarar: 8 I Om gruppa: I denne gruppa vil vi arbeide med ulike teknikkar for å lage t.d.kort. Konfirmasjonskort,dåpskort, bursdagskort. Eller kanskje eit spanande Krav til Valentines-kort? Det vil bli 6-8 samlingar, hovedsakleg i Sandane kyrkje. At du møter opp på dei samlingane vi planlegg(ca 4-5 til saman), og at du seier i frå dersom du ikkje har høve til å møte. Gjerne ha litt skrapesjuke 3. OMSORGSGRUPPE: GLOPPEN OMSORGSSENTER Leiar: Asbjørn Gjengedal asbjorn.magne.gjengedal@enivest.net 90173631 Max antal: 10 Om gruppa: Annankvar torsdag held Eide og Evebø misjonsforeining hyggestund på Gloppen Omsorgssenter. Programmet omfattar song og musikk, andakt,

Krav til misjonsinformasjon og kollekt, samt servering av vaflar, kaffi og saft. Konfirmantgruppa møter kl.15.30 og hjelper til med å hente dei eldre til kantina og bringe dei tilbake til romma sine etterpå. Dei sit saman med dei eldre og pratar med dei. Servering, rydding og oppvask høyrer òg med. Dersom nokon kan spele eller synge for dei, blir det sett stor pris på. Konfirmantane skal vere med på minst 7 av samlingane gjennom året, og gjere sitt for at desse samlingane blir gode for alle. Før oppstart blir det ei felles samling for begge omsorgsgruppene. 4. AKTIVITETSGRUPPE: KRIK Leiar: Steinar Saltbones med elevar frå NFHS Max deltakarar:? Om gruppa: Krik-gruppa har samlingar søndag kveld. Etter avtale er konfirmantane med Krav til på 6-8 samlinger på Sandane skule. Alminneleg interessert i å vere aktiv. 5. TENSING-KONFIRMANT Leiar: Eli Myrhol Devik 95873429 Max deltakarar: 8 Om gruppa: TenSing er eit kor-konsept med mykje leik, moro og artige songar. Miljøet er kjempegodt ein stad der alle kan ha det kjekt! TenSing-koret på Sandane heiter JoySing, og ei øving består normalt av leik, øving på songar, andakt og ei lita matøkt. Koret øver ca. annankvar måndag. Eli Myrhol Devik er vaksenleiar og kontaktperson for konfirmantgruppa. Dei som leier TenSing i praksis er Ingrid Storehaug og Elise Myrhol Devik. Krav til Dei som allereide er medlemmar av TenSing vil bli prioritert. Som TenSing-konfirmant skal du vere med på minst 7 TenSing-øvingar, og du må prioritere koret dersom det skal opptre eller liknande. Og så må du ha det kjekt! 6. TERRENGSYKKEL Leiar: Arne Nesgård arne.nesgard@enivest.net 41458803 Max deltakarar: 5 Om gruppa: Terrengsykkel om du tør! Dette er gruppa for deg som likar fart og spenning, og som tåler å vere ute og bli våt og sliten. Vi skal ut og sykle på stigar i skogen, ha sportsandakter, og kanskje arrangere eit sykkelritt? Gruppa har base på Vereide. Det blir ca. 8 samlingar til saman, mest på Krav til hausten og våren og ikkje noko særleg om vinteren. Du treng ikkje forkunnskapar om terrengsykling, men du må disponere ein eigen sykkel som har dempegaffel framme. Du bør ha litt kondisjon.

7. MEDIA Leiar:? Max deltakarar: 8 Om gruppa Dette er gruppa for deg som er interessert i foto og media. Vi startar med nokre samlingar der vi blir kjende med kvarandre og lærer grunnleggjande foto- og skriveteknikk. Deretter blir to og to konfirmantar sende ut på oppdrag for å dokumentere aktiviteten i dei andre konfirmantgruppene. Resultatet skal vi få ut i media, anten Kyrkjebladet, Firda Tidend e.a. Alternativt opplegg kan bli, multimedia bruk tilknytta gudsteneste. Krav til Reklame,prosjektoppgåve og media-handtering av gudsteneste Du må møte på fellessamlingane og gjennomføre oppdraget du får. Du treng ikkje forkunnskapar, men du bør vere interessert i å lære noko nytt. 8. KUNSTGRUPPE Leiar: Aud Marit Skarrebo Holmen amsholmen@gmail.com 91167531 Max. deltakarar: 8 Om gruppa: Aud Marit er utdanna biletkunstnar og har blant anna undervist i fleire kulturskular i visuelle kunstfag. Ho vil lage eit lite opplegg som passar for dei som likar å teikne, måle og skape bilete. Inga forkunnskapar trengst. Det vil bli gruppeundervisning og individuell rettleiing. Materialar deltakarane vil få bruke er blant anna blyant, kolstift, akrylmåling og forskjellige typar papir. Det blir 8 samlingar i løpet av konfirmantåret, og Krav til dei vil stort sett vere i Sandane kyrkje. Denne gruppa vil bli lagt opp som eit lite teikne- og malekurs. Ingen forkunnskapar trengst. Du må møte på samlingane, gjere ditt for at det skal bli kjekt for alle, og gi beskjed til leiar dersom du ikkje har høve til å møte. 9. FRILUFTSLIV Leiarar: Leidulf R. Bogstad m fl Max deltakarar: 10 Om gruppa: Krav til 458 75 090 Fjellturar, skiturar, overnatting ute, klatring, kajakk, bålkos og sportsandakt er gode stikkord for denne gruppa. Vêr og vind er med på å bestemme planen og kva aktivitetar som faktisk vert gjennomførte, men friluftsliv og aktivitet skal det bli uansett. NB: Her kan bli litt ekstra utgifter i samband med mat og transport til turar. Du treng ikkje ha erfaring med alle aktivitetane vi skal gjennomføre, men du må like å vere ute og å vere aktiv. Du må møte opp på aktivitetane leiarane planlegg, og gjere ditt for at det skal bli kjekt for alle! 10. OPE HUS Leiar: Asbjørn Gjengedal asbjorn.magne.gjengedal@enivest.net 90173631 Max deltakarar: 10

Om gruppa: Ope Hus er eit fritidstilbod som Gloppen KFUK-M held for ungdom frå 8. klasse og oppover, kvar måndag kl.19.30-22 (utanom feriar) i Sandane kyrkje. Her er aktivitetar som bordtennis, biljard, air hockey og luftgever. Kiosk og felles andakt. Dei som allereie er aktive i Ope Hus vil bli prioritert. Krav til Konfirmantgruppa møter 7 gonger: Fyrste måndagen i kvar månad kl.20-21.30. Dei hjelper til med sal i kiosken og er til stades på andakten kl.21. Elles tar dei del i fritidstilboda som er nemnde ovanfor. KONFIRMANTAR MED SÆRSKILDE BEHOV Vi ynskjer at konfirmasjonstida skal vera for alle. Difor treng vi å vite om nokon av konfirmantane har behov for tilrettelegging på eit aller anna vis. Då kan me unngå situasjonar som kan øydeleggja opplevinga for ungdomane. Vi har ikkje tilgang til den informasjonen skulen har. Bruk feltet på innskrivingsskjemaet de finn på www.gloppen.kyrkja.no til å fortelje oss dette, eller ta kontakt med din konfirmantprest: Tore eller Vidar. Sjølvsagt er all slik informasjon omfatta av teieplikta til oss som er tilsett i kyrkja. ØKONOMI Konfirmantane skal betale ein eigenandelen for konfirmantåret på kr 1500,- Denne skal betalast til kontonummer: 3710.15.85388. Merk betalinga «Konfirmant 2015» Denne eigenandelen inneber at alle utgifter til undervisningsmateriell, leir, transport til leir, nattcup, transport til nattcup og konfirmantgrupper er betalte. All deltaking i konfirmantopplegget er obligatorisk, men dersom nokon ikkje har høve til å vere med på leir eller nattcup vil det bli refundert seinare. Konfirmantleir blir refundert med kr 500,- Nattcup blir refundert med kr 300,- Pengar skal IKKJE hindre nokon i å vere konfirmant. Dersom pengar er eit problem, ta kontakt med kyrkjelydskontoret så vi kan finne ei løysing. FORELDREMØTER OG -ENGASJEMENT Det er kjekt å bli kjend med konfirmantane, men det er òg kjekt å bli kjend med foreldra deira. Dessutan er det alltid nokre beskjedar som foreldra bør få direkte. Vi har foreldremøte ein gong i halvåret. Her vil de få ein del praktiske opplysningar om det som skal skje i konfirmanttida, og de vil få høve til å spørja om alt de vil. Siste møtet er for både konfirmantar og foreldre, dette gjeld Gloppen sokn. I Breim og Hyen er konfirmantane med på begge møta. Tid og dato for foreldremøta på Breim skule og i Sandane kyrkje finn de i kalenderen bak i heftet. Tid og dato for foreldremøte i Hyen vil bli avtala seinare. Av og til treng vi litt hjelp av foreldre, til oppgåver som: Vaksenleiarar/nattevakter på konfirmantleir Vaksenleiarar på nattcup Køyring fasteaksjon

Koke kaffi til kyrkjekaffi i samband med temagudsteneste/samtalegudsteneste Prøving av kapper før konfirmasjon De kan melde dykk som medhjelparar i det elektroniske påmeldingsskjemaet. De finn kalender for konfirmantåret og avtale som må leverast med underskrifter i denne brosjyra. Alt kan òg finnast på www.gloppen.kyrkja.no. Sjekk gjerne ut www.konfirmant.no. Her finn de svar på ein del vanlege spørsmål og mange generelle ting. Dato-oversikt

NB: Kalenderen finn de òg på www.gloppen.kyrkja.no. Det kan bli endringar i programmet, så de bør hente ut kalenderen frå heimesida på nytt i haust. AVTALE AVTALE OM DELTAKING I KONFIRMASJONSTIDA Det er frivilleg å vere konfirmant, men har du meldt deg på, er undervisinga obligatorisk. For at konfirmasjonstida skal verta ei fin tid for alle, er det viktig at alle gjer sitt for at det skal verte slik. Difor skriv vi under på ein avtale for å markera at vi vil gjera vårt beste. KONFIRMANTLÆRAREN SKAL SYTA FOR - godt førebudde samvær - å gje viktig informasjon skriftleg - at programmet ikkje blir endra utan gode grunnar KONFIRMANTEN SKAL - møta i tide til alle samvera som høyrer til i konfirmasjonsførebuinga - ha med seg konfirmantboka og skrivesaker på alle undervisningstimane - fylgja dei reglane som gjeld og gjera sitt for at alle skal trivast i konfirmanttida - gje melding dersom det er noko ein vil endra på, eller om ein er sjuk og ikkje kan møta Foreldre/føresette hjelper konfirmanten til å gjennomføra konfirmasjonstida. Vi tek kontakt med foreldre/føresette om nokon ikkje greier å fylgja opplegget. Stad og dato: Underskrifta til konfirmant: Klasse: Underskrifta til ein eller begge foreldre/føresette: KOPIER denne sida eller SKRIV DEN UT FRÅ NETTSIDA, SKRIV UNDER avtalen og enten TA MED arket på 3.juni innskrivingsdag Sandane kyrkje, 19.aug på GU og i Hyen. Eller send den i posten til: KYRKJELYDSKONTORET ÅSAVEGEN 130 6823 SANDANE

Eller legg den i postkassa ved Sandane kyrkje.