Informasjon frå Den norske kyrkja SJÅ FILM

Like dokumenter
Prosti, fellesråd og sokn i Bjørgvin pr. 1. januar 2018

Prosti, fellesråd og sokn i Bjørgvin pr. 1. januar 2016

Informasjon frå Den norske kyrkja Konfirmant. konfirmant.no

Konfirmant Den norske kyrkja

Velkomen som konfirmant i kyrkja!

Velkommen som konfirmant i kirken!

Informasjon frå Den norske kyrkja SJÅ FILM

Konfirmant Den norske kyrkja

Til deg som er født i 2003 *) Invitasjon fra Den norske kirke. Se forklaring på baksiden

Velkomen som konfirmant i kyrkja!

SJÅ FILM. konfirmant.no. Informasjon frå Den norske kyrkja

Informasjon frå Den norske kyrkja. Invitasjon til ein viktig del av livet.

DOKUMENTASJON AV KIRKER I HORDALAND, SOGN OG FJORDANE OG SUNNMØRE. Frå arkivet etter Distriktsantikvaren på Vestlandet.

SE FILM. konfirmant.no. Informasjon fra Den norske kirke

Konfirmant Den norske kirke

Informasjon fra Den norske kirke SE FILM

KIRKE OPPFØRT ARKITEKT/BYGGMESTER YTTERÅR- KORRESPONDANSE. Herman Major Backer/Schak Bull Ole Landmark Sverre Losnedal/

Informasjon fra Den norske kirke SE FILM

Informasjon fra Den norske kirke SE FILM

Velkommen som konfirmant i kirken!

Informasjon frå Den norske kyrkja. Invitasjon til ein viktig del av livet.

Dagens kommune Tidlegare inndeling Sorenskrivarembete Pantebøker i Statsarkivet i Bergen fram til 1951 dersom ikkje anna er oppgjeve her

SE FILM. konfirmant.no. Informasjon fra Den norske kirke

Konfirmant Den norske kyrkja

Informasjon fra Den norske kirke. Invitasjon til en viktig del av livet.

Konfirmant Den norske kirke

Sjå forklaring på baksida

Velkomen som konfirmant i kyrkja!

SE FILM. konfirmant.no. Informasjon fra Den norske kirke

Hovedtall om arbeidsmarkedet. Vestland. En måned

Hovedtall om arbeidsmarkedet. Vestland. En måned

Om tabellene. Mars 2019

Hovedtall om arbeidsmarkedet. Vestland. jan19

Om tabellene. Februar 2019

Velkomen som konfirmant

Velkomen som konfirmant!

Konfirmant Den norske kyrkja

Informasjon fra Den norske kirke

Informasjon frå Den norske kyrkja. Invitasjon til ein viktig del av livet.

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar

Produksjon av oppdrettsfisk i Hordaland og Sogn og Fjordane

Konfirmant Den norske kyrkja

Informasjon fra Den norske kirke. Invitasjon til en viktig del av livet.

SE FILM. konfirmant.no. Informasjon fra Den norske kirke

Konfirmant Den norske kirke

Plan for undervisning

SE FILM. konfirmant.no. Informasjon fra Den norske kirke

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Informasjon fra Den norske kirke. Invitasjon til en viktig del av livet.

Konfirmant Den norske kirke

Dyrevelferd. Samarbeid mellom Mattilsynet og andre etater. Geir Jakobsen Underdirektør Mattilsynet, Regionkontoret for Hordaland og Sogn og Fjordane

SE FILM. konfirmant.no. Informasjon fra Den norske kirke

Rang fylket FASTLEGEKONTOR Kommune. Konkret info. Antall leger. Rang landet. Snitt pr liste. Konkret service. Generell info.

Konfirmant Den norske kyrkja

Skulebruksplan Hordaland fylkeskommune Hordaland fylkeskommune prognosar Vedlegg 4

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

Konfirmant Den norske kirke

Sjå forklaring på baksida

Velkomen som konfirmant i kyrkja!

Foto: Ina Lillegård Marchesan KONFIRMANT 2010 Informasjon fra Den norske kirke

Konfirmant Den norske kyrkja

VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN!

Befolkningsutvikling i helseforetakene i Helse Vest Fra 2005 til 2025 Middels scenarium

VELKOMEN SOM KONFIRMANT

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

Informasjon fra Den norske kirke. Invitasjon til en viktig del av livet.

Velkommen som konfirmant i kirken!

Bergen Lekeklossen barnehage AS Avd Storhammeren 6,5 Bergen Liten og Stor Åpen barnehage 0,9

Informasjon frå Sula kyrkjelyd

Landsomfattende kartlegging av bostedsløse personer Bostedsløse i Hordaland og Sogn og Fjordane Bergen 17. januar 2018

Konfirmant Den norske kirke

Velkommen som konfirmant i kirken!

Gudstenesteliv. OVF 2015 Bispedøme: Bjørgvin Samlet søknadssum:

Konfirmant Den norske kyrkja

Vi inviterer. Voss, Evanger og Raundalen kyrkjelydar

Informasjon fra Den norske kirke Konfirmant. konfirmant.no

Virkestatistikk fra SKOG-DATA AS

Informasjon fra Den norske kirke SE FILM

Nødvann-samarbeid. Innlegget bygger på innlegg , sonderingsmøte

Konfirmant Den norske kirke

Status beredskap per Mattilsynet, region Hordaland og Sogn & Fj. Geir Jakobsen Underdirektør

Fjell kommune si personaloppfølging

Politireformen i Vest pd

Konf irmant Informasjon om konf irmasjonstida i Foldnes, Landro og Fjell kyrkje.

Velkomen som konfirmant i kyrkja!

SE FILM. konfirmant.no. Informasjon fra Den norske kirke

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Kommunestruktur i Sogn og Fjordane Fylkesmannen si tilråding

Velkommen til informasjonsmøte om konfirmasjon 06. juni kl på Smia flerbrukshus!

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Informasjon frå Sula kyrkjelyd

Høyring av forskrift om regionale miljøtilskot i jordbruket, Vestland

Kommune BARNEBØKER Tilvekst Avgang Totalbestand - barnebøker Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Fag Skjønn Totalt Askvoll

Konfirmant Den norske kirke

Om tabellene. Februar 2017

Om tabellene. November 2016

Konf irmant Informasjonshefte om konf irmasjon i Foldnes, Landro og Fjell kyrkjer.

Om tabellene. August 2016

Transkript:

Informasjon frå Den norske kyrkja SJÅ FILM

Finn ut meir på konfirmant.no INVITASJON TIL DEG SOM FYLLER 14 I ÅR Kyrkja inviterer deg til å vere konfirmant. No er valet ditt. Kyrkja du høyrer til i vil sende ut meir informasjon om påmelding. På side 15 finn du meir om dette. Bli med på ei spennande reise fram til den høgtidelege konfirmasjonsdagen. Enten du trur, tvilar eller berre er nyfiken, er du velkomen til konfirmasjon i kyrkja. I konfirmasjonstida får du lære meir om deg sjølv og Gud. Du får høve til å utforske nokre av dei mange spørsmåla i livet saman med andre. Vi snakkar om livet på godt og vondt, om kjærleik og om Gud. Samstundes får du oppleve mykje nytt. Konfirmasjonstida i kyrkja gir deg høve til å finne ut kva du trur på lære meir om Bibelen samtale om kristen tru bli kjend med kyrkja få nye tankar om livet engasjere deg i kyrkja sitt arbeid for miljø og solidaritet 3

KVA SKJER I KONFIRMASJONSTIDA? KONFIRMASJONSDAGEN Sjølve konfirmasjonsdagen er ein festdag for deg, familien og kyrkjelyden. Den er eit høgdepunkt i ei spennande tid der du har vore saman med andre for å snakke, lytte og lære, skape og erfare. Konfirmasjonstida Opplegget for konfirmasjonstida varierer frå stad til stad. Men denne tida vil alltid innehalde ulike opplevingar, undervisning og samtalar om kristen tru og utfordringane i livet. Du vil også bli kjend med kyrkjeromet og vere med på gudstenester. Ein viktig del av konfirmasjonstida er å dele erfaringar med andre. Difor reiser dei fleste konfirmantgrupper på turar eller arrangerer andre aktivitetar. For mange er konfirmantleiren den store opplevinga dette året. Korleis registrerer du deg? Alle kyrkjelydar sender ut eigne brev som omtaler det lokale opplegget for konfirmasjonstida. Der får du også greie på korleis du kan melde deg på. Dersom du lurer på kva for ei kyrkje du høyrer til, kan du sjekke det på konfirmant.no eller kyrkja.no. Eg hadde bestemt meg for å konfirmere meg i kyrkja. Det var kjempeinteressant å lære meir om den kristne trua. Det var òg veldig kjekt med fellesskapet og dei ulike aktivitetane. Særleg var skihelga kul!! Harald Andrè, tidlegare konfirmant Opplevingar og fellesskap er ein viktig del av konfirmanttida. Mange reiser på leir eller helgetur i konfirmanttida. Kva handlar Bibelen eigentleg om? 4

MI KONFIRMASJONSTID Dette er noko av det vi jobbar med i konfirmanttida: Vennskap og relasjonar Gudstenesta og nattverd Sorg og glede, godt og vondt Gud, Jesus og Den heilage ande Kjærleik, seksualitet og samliv Bibel og bøn Menneskeverd og menneskesyn Miljø og klima Ei konfirmanttid for alle Ole Martin, tidlegare konfirmant Eg ville konfirmere meg fordi eg er litt nysgjerrig på Gud og på livet. Og så synest eg det er litt trygt å tru på Gud. Det er spennande å lære meir om Gud og Jesus. Eg valde å konfirmere meg i kyrkja fordi bror min hadde gjort det og han sa at det var veldig bra. Konfirmanttida har vore heilt fantastisk og leiren var høgdepunktet. Siri-Kirsti, tidlegare konfirmant Alle har rett til ei god konfirmanttid. Dersom du har behov for tilrettelegging, tek du og familien kontakt med kyrkja di. Ola, tidlegare konfirmant Ei heilt spesiell konfirmanttid, som var tilrettelagt på ein fantastisk måte. Eg tek ikkje for hardt i om eg seier at konfirmasjonen var ein av dei beste dagane i Ola sitt liv, så langt. Tommy, far 6 7

ER DU IKKJE DØYPT? KVA ER KONFIRMASJON? Bibelen fortel at dåpen er Guds gåve til oss. Dåpen er eit synleg teikn på Guds kjærleik, og på at den døypte er ein del av kyrkja. I Den norske kyrkja er konfirmasjonen ei forbønshandling. Ordet konfirmere tyder å stadfeste eller styrke. Det er ikkje ein føresetnad for konfirmasjonen at konfirmanten skal stadfeste noko, det er Gud som stadfestar lovnadene sine slik dei første gongen vart gitt i dåpen. Konfirmasjonstida gir deg eit høve til å bli kjend med trua. Konfirmasjonsgudstenesta er høgtideleg, og alle konfirmantane kjem fram og kneler ved alterringen. Presten eller konfirmantleiaren din ber for deg. På konfirmasjonsdagen går du ut av kyrkja med Guds velsigning over deg og over livet som ligg framfor. Berit Roald/NTB Scanpix Mine kjære, lat oss elska kvarandre, for kjærleiken er frå Gud og kvar den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. Johannes fyrste brev 4,7 Om lag 43 000 ungdomar blir konfirmerte i Den norske kyrkja kvart år. 1400 av desse blir døypte under konfirmasjonstida. Alle kan delta i konfirmasjonstida. Dåpen er ein føresetnad for å ta del i den avsluttande forbønsgudstenesta. Dersom du ikkje er døypt, kan du vere med i konfirmasjonstida, bli kjend med trua og velje om du vil bli døypt undervegs. 8 9

Vi og verda Møte med ungdom som driv radio i ein bydel i Nairobi viste oss at vi er meir lik kvarandre enn vi trur, seier Mari (15). Jesus lærte oss mykje om korleis vi menneske skal leve saman, og korleis vi skal ta vare på kvarandre og den verda vi lever i. Dette tek vi på alvor i konfirmasjonstida. Solidaritet og nestekjærleik, engasjement og omsorg er viktige tema. Omsorg for andre, fredsarbeid og vern av klima og miljø er mellom oppgåvene våre. Desse utfordringane treng engasjerte unge som kan jobbe for å skape ei meir rettferdig verd lokalt og globalt. Othilia, tidlegare konfirmant Ved sida av å lære om Gud, Jesus og Bibelen, lærte vi om menneskerettane og om rettferd i verda. Vi hadde og ein fasteaksjon. Noko av det finaste med konfirmanttida var fellesskapet. Om Kirkens Nødhjelp Kirkens Nødhjelp er ein felleskyrkjeleg organisasjon for global rettferd. Vi kjempar saman med menneske over heile verda for å avskaffe fattigdom og urett. Kirkens Nødhjelp gir naudhjelp i katastrofar og jobbar på lang sikt for utvikling i lokalsamfunn. Kirkens Nødhjelp påverkar styresmakter, næringsliv og religiøse leiarar til å fjerne grunnar til fattigdom. I konfirmanttida er det mogleg å vere med på fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp. Ja, det er så tilfeldig kor vi blir fødde, legg Nora (15) til. Dei to har vitja Kirkens Nødhjelp sitt arbeid i Kenya og oppmodar norske ungdomar til å engasjere seg: Vi må lære av dei kenyanske ungdomane. Dei trur dei kan gjere ein forskjell. Og det gjer dei. Det kan vi også! www.kirkensnodhjelp.no 10 11

Ung i kyrkja Du vel korleis du skal engasjere deg i kyrkjelyden etter konfirmasjonen. Du høyrer alltid til i kyrkja enten du vel å bli med i ungdomsarbeidet, eller du vel å kome til kyrkja ved dei store høgtidene. Dei fleste stader finst tilbod til unge i kyrkja og i organisasjonar som driv kristent ungdomsarbeid. Vi håper det du får oppleve i konfirmasjonstida kan hjelpe deg når du gjer viktige val i livet. Kva gjer vi i Changemaker? Vi påverkar dei som har makt til å gjere verda meir rettferdig Vi lagar kreative kampanjar om mellom anna klima og fred Vi arrangerer leir tre gonger i året der vi diskuterer utviklingspolitikk og saman forandrar verda Vi har lokale grupper over heile landet Vi er opne for alle mellom 13 og 30 år Synest du verda er urettferdig? Bli med i Kirkens Nødhjelp sin ungdomsorganisasjon, Changemaker! www.changemaker.no Velkomen som konfirmant! 12 Når du fyller femten år, er du religiøst myndig. Då kan du mellom anna bruke den kyrkjelege stemmeretten din ved kyrkjeval. Dette er ein av måtane du kan nytte for å påverke det som skjer i kyrkja. Har du lyst til å vere med og endre verda? Sjekk www.changemaker.no/intro og bli med, då vel! KLART VI KAN ENDRE VERDA! 13

Tru og liv Den kristne trua handlar om vennskap. Eit vennskap som varer livet ut og heilt inn i evigheta. Du har ein venn som alltid vil vere der for deg. Han er ikkje opptatt av kor mange «likes» du får på facebook eller instagram, men han LIKAR deg! Han ser deg, han bryr seg og han vil aldri svikte deg, sjølv om andre gjer det. Konfirmanttida er eit år for å bli betre kjent med denne vennen. I kyrkja vil du få bli betre kjent med Jesus og kva slag venn han er. Du er velkommen inn i fellesskapet som kyrkja er. Velkommen som konfirmant! Vennleg helsing Halvor Nordhaug biskop i Bjørgvin bispedøme Lurer du på kven du skal ta kontakt med? Kyrkja der du høyrer til sender òg ut informasjon om konfirmantopplegget. Her finn du telefonnummeret til kyrkjekontoret der du bur. Der vil dei også kunne svare deg på når og kvar du kan melde deg inn. Dersom du ikkje veit kva for kyrkjelyd du høyrer til i, kan du gå inn på konfirmant.no eller kyrkja.no og søkje under «Finn menighet». Alversund 56 35 73 70 Arna 55 36 22 70 Arnafjord 57 69 82 91 Ask 56 15 71 00 Askvoll 57 73 06 02 Askøy 56 15 71 00 Aurland 57 63 29 95 Austrheim 56 16 72 90 Austevoll 55 08 26 00 Balestrand 57 69 16 80 Bergen domkirke 55 59 32 73 Bergsdalen 56 59 39 20 Berle 91 70 65 95 Birkeland 55 36 22 87 Biskopshavn 55 36 22 30 Bjordal og Ortnevik 57 71 41 10 Blomvåg 56 38 22 40 Breim 57 86 56 16 Brekke 57 78 20 70 Bremanger 91 70 65 95 Bremnes 53 42 32 89 Bru 57 75 25 30 Bruvik 56 19 22 80 Bømlo 53 42 32 89 Bønes 55 30 81 71 Dale/Luster 57 68 56 40 Dale/Vaksdal 56 59 39 20 Davik 91 70 65 95 Eid 57 86 17 55 Eidfjord 53 66 52 51 Eidsvåg 55 30 81 90 Eikefjord 57 75 25 30 Eksingedalen 56 59 39 20 Erdal 56 15 71 00 Ervik (Selje) 97 99 04 49 Etne 53 77 11 70 Evanger 56 52 38 80 Fana 55 59 32 63 Fedje 56 16 43 35 Feios 57 69 15 48 Fet og Joranger 57 68 56 41 Fitjar 53 45 85 00 Fjaler 57 73 97 70 Fjelberg og Eid 53 46 13 13 Fjell 55 09 74 40 Fjærland 57 67 99 85 Fortun 57 68 56 40 Fresvik 57 69 15 48 Fridalen 55 30 81 20 Frøya 91 70 65 95 Frøyset 56 16 62 61 /2 /3 Fusa 56 58 01 81 Fyllingsdalen 55 59 71 43 Førde 57 82 81 80 Førde/Sveio 53 74 84 20 Gaular 57 71 63 33 Gaupne 57 68 56 40 Gimmestad 57 86 56 16 Gjerstad 56 19 22 80 Granvin 56 52 40 14 Gulen 57 78 20 70 Hafslo 57 68 56 41 Hatlestrand 53 46 13 00 Hamre 56 19 22 80 Haus 56 19 22 80 Helgheim 57 72 85 06 Herdla 56 15 71 00 Hjelme 56 38 22 40 Holmedal/Husnes 53 48 27 40 Holsen og Haukedalen 57 82 81 80 Hosanger 56 19 22 80 Hornindal 57 87 48 13 Hundvin 56 36 95 30 Husnes 53 48 27 40 Hyen 57 86 56 16 Hyllestad 57 78 85 65 Høyanger 57 71 41 00 Innvik 57 87 48 13 Jondal 53 66 84 37 Jostedal 57 68 56 40 Kaupanger 57 67 99 85 Kinn 57 75 25 30 Kinsarvik 53 67 15 40 Kjølsdalen 57 86 17 55 Kvinnherad 53 46 13 00 Kyrkjebø 57 71 41 00 Laksevåg 55 59 32 30 Landås 55 36 22 00 Lavik 57 71 41 10 Leikanger i Sogn 57 67 99 85 Leikanger (Selje) 97 99 04 49 Lindås 56 37 59 20 Loddefjord 55 30 81 28 Loen 57 87 48 13 Lygra 56 35 73 70 Lykling 53 42 32 89 Lærdal 57 64 12 41 Løvstakksiden 55 30 81 30 Meland 56 17 14 80 Midtgulen 91 70 65 95 Mjømna 57 78 20 70 Mo 56 59 99 61 Moster 53 42 32 89 Myking 56 36 95 30 Naustdal 57 81 82 40 Nedre Årdal 57 66 51 80 Nedstryn 57 87 48 13 Nes 57 68 56 40 Nesheim 56 59 39 20 Nordal 57 75 25 30 Nordsida 57 87 48 13 Norum 57 67 99 85 Nygård 55 30 81 80 Nysæter 53 40 34 30 Odda 53 65 09 00 Olden 57 87 48 13 Olsvik 55 30 81 76 Onarheim 53 43 71 20 Oppheim 56 52 24 73 Oppstryn 57 87 48 13 Os 56 57 24 00 Ostereidet 56 35 72 30 Radøy 56 34 98 40 Randabygd 57 87 48 13 Raundalen 56 52 38 80 Reksteren 53 43 71 20 Rugsund 91 70 65 95 Røldal 53 64 71 40 Salhus 55 36 22 40 Samnanger 56 58 90 10 Sandnes 56 16 62 61 /2 /3 Sandviken 55 59 71 30 Seim 56 35 73 76 Selje 97 99 04 49 Skare 53 64 71 40 Skjold 55 59 71 11 Skånevik 53 77 11 70 Slettebakken 99 48 38 04 Solheim 56 16 62 61 /2 /3 Solund 47 66 96 20 Solvorn 57 68 56 41 Stamnes 56 59 39 20 Stedje 57 67 99 85 Stord 53 40 34 30 Storetveit 55 30 81 18 Strandebarm 56 55 18 88 Strusshamn 56 15 71 00 Stårheim 57 86 17 55 Sund 56 31 90 80 Sveio 53 74 84 20 Sælen 55 59 71 95 Særdal 57 64 12 00 Påmelding Søreide 55 59 71 84 Tveit 56 15 71 00 Tyssedal 53 65 09 00 Tysnes 53 43 71 20 Uggdal 53 43 71 20 Ullensvang 53 67 15 40 Ulvik 41 50 27 43 Uskedalen 53 48 27 40 Utne 53 67 15 40 Utvik 57 87 48 13 Vaksdal 56 59 39 20 Valestrand 53 74 84 20 Vangsnes 57 69 82 91 Varaldsøy 53 46 13 00 Vereide 57 86 56 16 Vevring 57 81 82 40 Vik 57 69 82 91 Vike 56 35 72 30 Vikøy 56 55 18 88 Vinje 56 52 24 73 Voss 56 52 38 80 Vågsøy 57 84 51 70 Ytre Arna 55 36 22 70 Ænes 53 46 13 00 Ølve 53 46 13 00 Øvre Årdal 57 66 53 78 Øystese 56 55 18 88 Åkra 53 46 13 00 Ålfoten 91 70 65 95 Ålhus 57 72 85 06 Ålvik 56 55 18 88 Årstad 55 59 32 93 Åsane 55 36 22 50 Døves menighet i Bergen 55 56 41 40 SMS 91 69 08 63 14

Avsendar: Bjørgvin bispedøme, Postboks 1960 Nordnes, 5817 Bergen, tlf. 55 30 64 70, e-post: bjoergvin.bdr@kyrkja.no, www.kyrkja.no/bjorgvin Løyve til at dette heftet kan sendast til alle som er fødde i 1999 og adresseopplysningar er gitt av Staten ved Skattedirektoratet/Folkeregisteret. Konfirmant 2014 er utgitt av Kyrkjerådet og bispedøma i Den norske kyrkja, i samarbeid med og med støtte frå Kirkens Nødhjelp. Døvekyrkjelydane Døvekyrkjelydane har eige konfirmanttilbod. Kontaktinformasjon Døves menighet i Bergen: Telefon: 55 56 41 40 SMS: 91 69 08 63 www.dovekirken.no/bergen Utanlands neste år? Du kan vere knytta opp til ei av sjømannskyrkjene rundt om i verda og ha konfirmasjon der eller i eigen kyrkjelyd i Noreg. Det er også mogleg å vere «nettkonfirmant». Sjå sjomannskirken.no eller nettkirken.no. Anna kyrkjesamfunn? Tilhøyrer du eit anna kyrkjesamfunn enn Den norske kyrkja? Dei fleste kyrkjesamfunn tilbyr opplæring for deg som er i konfirmantalderen. Ta kontakt med den kyrkja/kyrkjelyden du tilhøyrer, og spør om informasjon. Utgjevar: Den norske kyrkja, Kyrkjerådet. Design: Burson-Marsteller. Trykk: BK Grafisk. Foto: Torstein Ihle, JH Studios, Øivind Haug, Sveinung Bråthen, Robert Dreier Holand, Lillian Grumsgård, 10BjbdNN