Bjerkreimsnytt. Desember 2013

Like dokumenter
Velkomen som konfirmant!

Velkomen som konfirmant

Bjerkreimsnytt Januar 2014

Bjerkreimsnytt. Desember 2012

JULEVARENE ER PÅ PLASS I BUTIKKEN.

Bjerkreimsnytt. Desember 2010

COOP EXTRA VIKESÅ MAN-FRE LØR COOP BYGGMIX MAN-TORS FRE LØRDAG

Lyssamlinga gjekk som smurt, barna syns det var kjempe kjekt. Dei dansa, svansa og lo som berre det. Dette hadde me øvd på ei heil veka på forhånd,

Til deg som går i 5.klasse!

Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN Rektor mobil: Assisterande rektor mobil:

VELKOMEN SOM KONFIRMANT

Bjerkreimsnytt. Desember 2014

VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN!

BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

DEN NORSKE KYRKJA Klepp sokneråd

Velkommen til songarstemne i Florø!

Hei! LysVaken i Myrbostad kyrkja. Vil du vere med på noko spanande? Tredje helga i november er du invitert til:

Bjerkreimsnytt Februar 2014

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

Bjerkreimsnytt JANUAR 2012

Bjerkreimsnytt. Januar Godt nytt år!

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626

Bjerkreimsnytt. Parade 12. januar. Januar 2016

Kalender desember januar 2015

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf mob

Veterinærer på Nytorget 3

aktivitetar for folk flest våren 2014

Onsdag 10. august 18:30-20:30 Fleirbrukshallen ÅIL: Fotball (frå 16 år)

Kalender desember januar 2016

Kommunestyret i Bjerkreim : Kjetil Bente Gro Haldis Karin Grude Marius Slettebø M. Slettebø Hagen Frøyland Solberg

Bjerkreims. Denne plassen kan bli din for kr 2200,- + mva. Veterinærer på Nytorget 3. Start nyåret med friske tenner. info til bjerkreimbuen

Periodeplan for Solsikkene. August 2014-Februar 2015

HÅ KOMMUNE Nymannsbråtet barnehage

Bjerkreimsnytt. November Årets gang. Ruta forbi Vikesdal ved leet mot Svelavatnet. Nyt hausten. Foto: Alf S. Ognedal

Bjerkreimsnytt Mars 2014

Bjerkreimsnytt. Oktober 2014

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar

INFORMASJON BJERKREIMS

Årsmelding for Vats sokn 2016

SEEK AND FIND PREMIE TIL DITT LAG? FREDAG 21. SEPTEMBER Påmeldingsfrist 15. september.

Bjerkreimsnytt Oktober 2012

BJERKREIMS NYTT 17. MAI I år er feiringa på Bjerkreim skule. Konferansierar: Maria Kydland og Årunn Henriksen

MÅNADSPLAN GRANAT- oktober 2019

SJØPOSTEN OKTOBER Hei!

Velkomen til konfirmanttida

Til deg som brukar: Her kjem Fritidskalendaren for juni 2007 i Lindås. Me vonar du har lyst å delta på dei aktivitetane me har sett opp.

Januar 2011 Godt nytt år!

SMÅPLUKK. Desember 2015

INFORMASJON BJERKREIMS

Nyhetsbrev for Glemmen menighet

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Informasjon frå Sula kyrkjelyd

Informasjon frå Sula kyrkjelyd

Nyhetsbrev for Glemmen menighet

Bjerkreimsnytt. September 2013

BJERKREIMS NYTT INFORMASJON. Veterinærer på Nytorget 3. Kraftverket i ok tober INFO TIL BJERKREIMBUEN OKTOBER 2017

VIKESÅ VEISERVICE AS

Nyhetsbrev for Glemmen menighet

Konf irmant Informasjon om konf irmasjonstida i Foldnes, Landro og Fjell kyrkje.

INFO TIL BJERKREIMBUEN OKTOBER

MÅNEDSBREV NORMISJON ASKIM

HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB MED JUNIORKLUBB

2. Soknerådsmøte februar Referat

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

Bjerkreimsnytt. Mai 2015

Plan for undervisning

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

BJERKREIMS NYTT INFO TIL BJERKREIMBUEN MARS

Bjerkreimsnytt. Oktober 2010

COOP EXTRA VIKESÅ MAN-FRE LØR COOP BYGGMIX MAN-TORS FRE LØRDAG

Månadsbrev for Blå, november 2015

Månadsbrev for Rosa september 2014

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

NY OPNINGSTID I SERVICETORGET

BJERKREIMS NYTT. Ragnar Bjerkreim, 30 år som komponist

Velkomen som konfirmant

UNG I RADØY SOMMARAKTIVITETAR 2015

Veterinærer på Nytorget 3

Nyhetsbrev for Glemmen menighet

Bjerkreimsnytt. Mars Kom deg ut! Nyt friluftslivets år 2015

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2017

MAI. Månadsskriv for Nøtteliten. Tilbakeblikk på april:

UNG I RADØY SOMMARCAMP FOR UNGDOM 2017

LINA SANDELL I ORD OG TONER

I november har me arbeida med mattebegrepa: Liten-mellomstor stor. Gjennom eventyrarbeid får barna «leika» inn nye begrep.

Vennatunet PROGRAM HØSTEN. Vennatunet tlf.:

Nyhetsbrev for Glemmen menighet

Då har august månad fyke forbi i stor fart med tilvenning av nye barn, og for dei barna som har gått her før. Etter ein lang sommarferie så treng dei

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato: 20. mai 2015

Nyhetsbrev for Glemmen menighet

HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE

Invitasjon til Elevbedriftsmesse Naustdal 2016

Konf irmant Informasjonshefte om konf irmasjon i Foldnes, Landro og Fjell kyrkjer.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Korpsnytt. Januar, Februar og Mars «Ingen kan legge noen annen grunnvoll enn den som er lagt, Jesus Kristus.» 1. Kor. 3,11

Boks 121, 6263 Skodje Tlf E-post: Org. nr

Transkript:

Bjerkreimsnytt Desember 2013

2 Kommunehuset Opningstider: Måndag- fredag kl 08-15 Tlf 51 20 11 00 www.bjerkreim.kommune.no DIM-renovasjon: Mottak av avfall frå hushaldningar og landbruk på Vikesdalsmoen gjenvinningsstasjon kvar onsdag kl 13-18. Dersom onsdag er heilagdag eller dag før heilagdag er gjenvinningsstasjonen stengd. Produksjonsavfall må leverast på Svåheia. Retur av glas og metall ved Coop på Vikeså og Bjerkreim. Biblioteket tlf 51 45 93 20 Biblioteket er stengt julafta og i romjula. Opningstider: Måndag-tysdag-onsdag 15.00-19.00 Torsdag-fredag 12.00-15.30 Laurdag Stengt Neste nummer: Stoff til januarnummeret må vere inne seinast 16. des. kl 08, men gjerne før. Skriv kort! Legg gjerne med bilete, helst i eiga fil. Innsendt stoff kan bli redigert. Send til: postmottak@bjerkreim.kommune.no Kva skjer? Skal du arrangere noko? Send ein epost til kommunen, så vert det lagt inn i kulturkalenderen. Framsidefoto: Måne med halo. Foto: Kai Tore Vik. Utgjevar: Bjerkreim kommune, e-post postmottak@bjerkreim. kommune.no Trykking: Jærprint Ansvarleg: Kulturkontoret Kontaktperson: Astrid Apalset Vassbø. Bladet kjem ut med ti nummer i året og kjem ut den 1. i kvar månad. Bjerkreimsnytt kan lastast ned frå kommunen sine heimesider: www.bjerkreim.kommune.no Ordføraren sitt hjørne Gode sambygdingar! Tida går fort. No er me snart i julamånaden igjen. Lysa i gata er opphengt og klare til å bli slått på. Dei skal tennast fredag 29. november. Møt opp og bli med på tenninga og gang rundt julatreet. Kulturdagen søndag 1. desember er ein fin tradisjonell start på advent. Det blir julemusikk frå brassbandet, dans, forteljarstund, utdeling av prisar og endå meir. Vel verd å få med seg! Me hadde opning av ny kraftstasjon i Lund. Haukeland kraft som i forhold til den gamle stasjonen har auka produksjonen med ca. 25-30 prosent. FN-dagen vart markert i FN-parken med blomsternedlegging og samling på kaféen med FN-veteranane. Har deltatt på mottaking på Statens hus der Tora Åsland blei takka av som Fylkeskåna og Magnhild Meltveit Kleppa ønska velkommen som ny. No er Bjordal kalkanlegg i drift. Svein Olav Tengesdal på landbrukskontoret har lagt ned eit kjempearbeid for å få dette på plass, så no håpar me at laksefisket tek seg opp i Ørsdalen. Og bonusen, straum til Tor Sigve, var òg kjempe å få på plass. Bjerkreim kommune har fått ei flott ny nettside. Her finn du all den informasjonen du måtte trenga om kommunen. Gå inn å sjå på www.bjerkreim.kommune.no Dalane Friluftsråd har oppretta utstyrsbank i sine lokale på Bakkebø. Her får du låna alt mulig til friluftsaktiviteter, enten det er ski, støvlar, ryggsekk, sovepose, ja, mest alt du kan ha behov for til friluftsformål. Flott tiltak. 6. november arrangerte Bygdekvinnene, Diabetesforeninga, Idrettslaget, Helselaget og Pensjonistforeninga (glimrande samarbeid) stormøte på samfunnshuset med tema Helse. Der var bra med folk og gode foredragshaldarar. Truls N. Mathisen er no 35 år, men har levd på terskelen til døden fram til han fylte 20. Då han var 17 blei han operert og skifta begge lungene, levra og hjartet i samme operasjon. Det må ha vore tøffe tak. Men en meir sprudlane foredragsholdar har eg aldri høyrt før. Halvard Hanevold var òg bra, men han brukte litt lang tid. En sangfugl frå Vinningland, Benedicte Tengesdal, med Trond Gudmestad og Kjetil Hetland fekk vist seg positivt fram. KRIK Bjerkreim hadde ei storhelg midt i november med konsertar med fire band og storturnering i fotball. Det er utruleg bra at eit slikt arrangement kan bli gjennomført heilt problemfritt med så mange deltakarar. Takk til alle frivillige som deltok i alle ledd. Me har eit NAV-kontor i Bjerkreim som me er godt fornøgde med. I sommar var dei med på ei brukarundersøking på service og brukarrettleiing. Då vart Bjerkreim-kontoret kåra til det beste i Rogaland. Budsjettet er framlagt av administrasjonen. Ikkje mykje å ropa hurra for. Nedskjering med 6 prosent over nesten heile fjøla. Helse og omsorg er skåna litt, her er forslaget 3 prosent. Dette kan verta tøft, men me gjer ikkje opp av den grunn. No er det opp til politikarane om dei vil flytta på penger i budsjettet som skal behandlast i kommunestyre 18. desember. Snøen kan snart vere her, men eg håpar at det ikkje blir for mykje. Me har ikkje brøytebudsjett til det. Så vil eg ønska alle ei fredfull og god jul. Politiske møte desember 2013 Kommunestyret: 18. des. (D) LMT-utvalet: 16. des. (D) Formannskapet: 9. des. Kommunestyremøta startar kl. 19.00. Dagmøta (D) i formannskapet, levekår og LMT startar vanlegvis kl. 13.00, og kveldsmøta (K) kl. 19.00. Møta i fellesrådet startar kl. 13.00, og møta i kontrollutvalet startar kl. 08.30. Innkallingar/protokollar finn du på kommunen sine heimesider: www.bjerkreim.kommune.no

Symjekurs våren 2014: Det er oppstart av symjekurs 7. januar. Påmelding til symjekurs frå søndag 1. desember kl 20. Meir om kvart kurs på nettsidene til kommunen. Symjekursoversikt: 1. Fredag kl 15.00-15.45 Vidaregåande 1 2. Fredag kl 15.45-16.30 Vidaregåande 1 3. Fredag kl 16.30-17.15 Nybyrjar (frå 5 år) 4. Fredag kl 17.15-18.00 Vassleik (frå 2,5 år) 5. Fredag kl 18.00-18.45 Nybyrjar (frå 5 år) 6. Tysdag kl 16.30-17.15 Trening og ballspel i vatn for 5-7. klasse 7. Tysdag kl 17.15-18.00 Symjekurs for barn som ikkje kan symje, 2-4. kl. 8. Tysdag kl 18.00-18.45 Vidaregåande 2 (maks 10) Må kunne symje med ansiktet i vatn. 9. Tysdag kl 18.45-19.30 Vidaregåande 2 (maks 10) Må kunne symje med ansiktet i vatn. 10. Tysdag kl 19.30-20.15 Vann-aerobic for vaksne: Styrketrening mm Instruktørar: Danute Vaitikene og Signe Egeland. Symjekursa går over åtte kveldar frå veke 2, fri i vinterferien. Siste kursdag er i veke 10. Deltakarar på kursa Vassleik og Nybyrjar må ha følje med i vatnet. Pris pr kurs: kr 650 for åtte kveldar, kr 100 i rabatt frå og med sysken nr to. Faktura vert sendt når kursa er i gang. Avgrensa tal deltakarar på kurs. Kurs kan bli slått saman eller avlyst dersom det er få påmelde. Påmelding kun via epost til postmottak@bjerkreim.kommune.no Ved påmelding treng vi: 1. Namn og fødselsår på kursdeltakar 2. Nummer på kva kurs ein ynskjer delta på 3. Namn/adresse, mobilnummer og e-postadresse til foreldre/føresette. All informasjon ang. kursdeltaking vert sendt ut via epost. Alle som søkjer plass får tilbakemelding. Offentleg symjing Det er ikkje offentleg symjing i romjula. Siste før jul er 21. desember, oppstart etter nyttår 2. januar. Prisar: Barn: kr 20 (1 klypp), Vaksne: kr 40 (2 klypp) Familie: kr 80 (4 klypp), Klyppekort: kr 300 Torsdagar: kl 19-20: Fødde 2003 el. før kl 20-21: Alle over 16 år Laurdagar (ekstra varmt vatn): kl 10.00-11.30: Reumatikarar/pensjonistar kl 11.30-12.15: Familiebading (garderobe frå kl 11.15) kl 12.15-13.00: Familiebading kl 13.00-13.45: Familiebading Det heng oppe lister frå kl 10.00 i gangen for å reservere plass på dei ulike fam.gruppene laurdag. Hugs badehette. Bleiebarn må bruke badebleie. Kulturkontoret Kommunal informasjon Laurdag 7. desember kl 19.30 i Bjerkreim kyrkje. Sal av nummererte bill. på kommunehuset. Pris kr 250. Bjerkreim sokn og Bjerkreim kommune Julegåvetips frå serviceavdelinga Hos oss får du kjøpt m.a. den nye boka Der korn sildrar av Helge Haugen ei flott bok om kverner og møller på Jæren og i Dalane, med eige kapittel og mange flotte bilete frå Bjerkreim kr 450. Elles sel vi fleire andre bøker, turkart og CDar m.a. - Bjerkreimsbøkene I IV - Gamalt frå Bjerkreim av Jørgen Skjæveland (nyopptrykk 2013) - På Stabburshella av Paul Tengesdal (2008) Velkommen innom kommunehuset! Skal du rydda i kjøkkenskapa til jul? Dersom du finn skåler, fat eller anna som høyrer til på kjøkkenet på omsorgssenteret, vert dei glade for å få tinga tilbake. På førehand takk! Avfallskvern Det har vært endel skriving i media den senere tid vedrørende bruk av avfallskverner. Bjerkreim kommune finner det derfor riktig å minne om at bruk av avfallskverner knyttet til avløp er forbudt. I tillegg til ulempene knyttet til miljø, skaper bruk av slike kverner problemer i pumpestasjoner og ledningsnett. Forbudet er generelt og gjelder for hele landet, med unntak av et fåtall forsøkskommuner. Dersom Bjerkreim kommune i fremtiden skulle velge å tillate nevnte kverner, vil dette bli gjort kjent. LMT-sjefen 3

4 Kva skjer? Desember 2013: Vikeså misjonshus www.misjonshus.no 04. kl 2000 Bønnesamvær 07. kl 1930 Bjerkreim kr. ungd.lag 08. kl 0900 Sønd.skulen julefrukost 09. kl 1900 Yngres og korvetten 10. kl 1930 Adventmøte 13. kl 2000 Fredagsklubben 15. kl 1700 G2 28. kl 1800 Juletrefest søndagsskulen og Normisjon 29. kl 1930 Juletrefest NLM Bjerkreim bedehus www.bjerkreimbedehus.no 01. kl 1030 Sundagsskulen 02. kl 1930 Yngres 06. kl 2100 Fredagstreff 08. kl 1400 Familiemøte 09. kl 1900 Gutte- og jentelaget 10. kl 1030 Juleavslutning med minsten 15. kl 1930 Julesongkveld 16. kl 1930 Yngres 20. kl 2000 Fokus julemiddag 26. kl 1900 2. dags juletrefest 28. kl 1400 Sundagsskulen sin juletrefest 31. kl 1900 Nyttårsfest med ungdomslaget Julemøte Bjerkreim pensjonistlag Tid: Laurd. 14. des. kl 13.00-16.30 Stad: Esso-kafeen Musikk Arild Øgreid. Helsing frå ordføraren og rådmannen. Sokneprest Leif Wikøren Nilsen talar. Song av Vilde Ege. God middag, dessert og kaffi. Gratis for medlemmer, kr 200 for ikkje-medlemmer. Påmelding innan 10. des. til Gunnhild Vassbø tlf 91837053. Velkomen til ein triveleg julefest! Styret i Pensjonistlaget Julebingo! Tid: Onsdag 11. des. kl 14.30 Stad: Børgestova, Bjerkreim omsorgssenter Kvar 2. onsdag i månaden arrangerer Bjerkreim helselag bingo i Børgestova. I desember er det gratis. Ekstra kos over bingobrettet denne månaden. Alle er hjarteleg velkomne! Julemøte i Ættesogelaget Tid: Torsdag 5. desember Stad: Kommunestyresalen Det blir servert historisk stoff av ymse art, slektsgransking, intervju, osv. Sjå meir i dagspressa. Julegraut og kaffi og julekaker. Alle velkomne! Julesongkveld på Bjerkreim bedehus Tid: sundag 15. des. kl 19.00. Kjellaug Bakke blir med. Me syng mange julesongar i lag. Servering av julegeiter og gløgg. Utlodding til drift av bedehuset. Alle er velkomne!! Julefest laurdag 28. des. På Vikeså Misjonshus kl 18.00 Desse vert med: Kåre Vølstad, Vikeså presoul Children, Bjerkreim brassband. Overrasking og kollekt. Vi ber om at kvar familie tek med eit fat med mat. Små og store er velkomne! Vikeså søndagsskule og Normisjon Vikeså Internasjonalt kvinnetreff Uformelt samvær for kvinner, med drøs, noko å bita i og høve til å få nye venner. Faste treff andre onsdagen i kvar månad, kl. 18.30 21.00, i underetasjen på Bjerkreim Samfunnshus. Datoar framover: 11. des, 15. jan. Treng nokon skyss, eller lurer på noko, ring: Kari Hvidsten Gjedrem 90500339, Marianne Vikeså Tørrisplass 48036663, eller Kari Tove Vikeså Bjørnsen 98825543. Velkommen! 3G Godt humør, Godt kledd, Godt miljø Tid: Kvar 1. onsdag i månaden. Oppmøte: Esso kl 09.30, tilbake kl 13.00. Desember: Onsdag 4. Tur frå Esso mot Gjedrem på sykkelstien. Juletallerken på Esso i etterkant. Merk: Januar: Onsdag 8. Vi reiser til Spødervoll og besøkjer Per Spødervoll som tek oss med på tur til kvernhuset. Gunhild Vassbø og Gaute Skretting er turleiarar og har med kaffi og noko å bite i. Alle er velkomne! Felles råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne i Bjerkreim Komande vår vert UKM arrangert fredag 14. februar i samfunnshuset. Påmelding på www.ukm.no Takk! Me vil med dette få takke ALLE som bidrog til årets Dansegalla for en flott dugnad av hele bygdå: Bondelaget som står for rigging av bord, scene og bar, og skilt ved veien. Bygdekvinnelaget som lager og selger god lapskaus og kaffi. Flinke, trofaste vakter fra Idrettslaget som blir styrt og håndtert på en mesterlig og kontrollert måte av vaktsjef Øyvind Søyland, Lions som har kontroll på baren, Norsk Folkehjelp som stiller seg til disposisjon hvert år, Børge Vassbø som legevakt, styret i hallen med sine faste folk som rydder på søndagen, alle sponsorer og ikke minst alle som deltok på festen med inngangsbillett. Tusen Takk! Årets overskudd fra Dansegalla gav Bjerkreimshallen en inntekt på 140 000 kr, og det er veldig bra! Dansegallakomiteen Sliter du med hørselen? Vi kan kanskje hjelpe deg! Siste onsdag i hver måned er vi å finne på sjukeheimens kantine i 1. etg fra kl 14.00-16.00. Der kan du òg få kjøpt batterier. Marit og Toril (likemenn HLF) Vikeså taxi: 51 45 19 00

Kva skjer? 5 Snart advent! Møt opp på tenning av julegata fredag 29. november kl 17 ved kulturbanken. Musikk og gang rundt juletreet Vel møtt! Klanger i julen Konsert med Valborg Bakke & band Ivesdal kapell 20. desember kl 1930 Fotballens grøtfest Tid: Søndag 8. des. kl. 15.00 Sted: På samfunnshuset Det blir utdeling av merker og pokaler til spillere. Servering av grøt, saft og kaffe. Vi avslutter kvelden med bingo og fine gevinster. Husk: Her kan du melde deg på Mestercupen 17-18. januar. Foreldregruppa i fotballen Ny mann på LMT-avdelinga Rune Hagen (35) frå Stavanger har byrja på LMT-avdelinga. Han skal mellom anna arbeide med byggesaker og andre tema som miljø, avløp og vatn. Han bur i Sandnes og har interesse for friluftsliv, fridykking og foto. Rune Hagen har bachelor i aquakultur og arbeidde tidlegare i brannvesenet i Sør-Rogaland. Velkommen til romjulsklang For 5. år på rad på Pittergarden. Lørdag 28. desember. Låvedøren på vid vegg fra kl 20.00. Stort artistgalleri. Inngang kr 200. Billettsalg kun ved døren. 20 år. Hvis det er kaldt i været - ta på litt varme klær. Klangfeel & Pittergarden Presentasjon av medlemmer i Bjerkreim næringsforening: Norodd Slettebø, Røyrleggjar / VVS ingeniør Stiftet: 1986 Antall ansatte: 1 Bedriftens virkeområde: Røyrlegging Virksomheten består i : Levering og montering av sanitærutstyr for hytter, bolig, driftsbygg og industri. Bedriften har også fokus på miljøriktige produkter som varmepumper for vannbåren varme samt renseanlegg for vann og avløp. Kulturdagen Søndag 1. desember kl 13-16 i samfunnshuset Kom og opplev: - Tenning av det fyste lyset - Bjerkreim brassband - Forteljar Marianne Stenerud: Julehistorier og vintereventyr. Magi inne og ute, dyr kan snakke og kaker vert levande... - Dansegrupper i kulturskulen - Olav Friestad og Marion Gåsland: Bjerkreim utanfrå og innanfrå - Linda Husveg fortel om arbeidet med dialektordbok frå Bjerkreim - Utdeling av innsatspremiar og kulturpris - Og endå meir Barneaktivitetar i kjellaren. Bjerkreim brukskunstforening stiller med ting til sals. Polen-komitéen i 9. klasse sel hamburgarar/pølser og kaffimat frå kl 12.30 til programmet byrjar og i pausen. Hugs å ta med pengar, vi har ikkje betalingsterminal. Voksen: 150,- Student/Barn: 100,- Velkomen til ei koseleg adventsstund.

6 Kyrkjenytt www.bjerkreimkyrkja.no Velkomen til gudsteneste Sundag 01. des. kl. 11.00. Familiegudsteneste i Ivesdal kapell. Utdeling av 6 års bøker. Takkoffer Undervisningsarbeidet. Teikningar til preika ved 5. klasse på Vikeså skule Sundag 08. des. kl. 19.30. Lysmesse i Bjerkreim kyrkje. Konfirmantane deltek. Laurdag 14.des. kl. 19.30. Ungdomsgudsteneste i Bjerkreim kyrkje Sundag 15. des. kl. 11.00 Høgmesse i Bjerkreim kyrkje. Dåp. Nattverd. Barnesamling. Takkoffer Sundag 15. des. kl. 17.00. G2 på Vikeså Misjonshus. Barnesaml. Offer Opne Dører Sundag 22. desember kl. 19.00: Julekonsert Tysdag 24. des., julaftan, kl. 13.00. Familiegudsteneste i Ivesdal kapell. Takkoffer Kirkens Nødhjelp. Song: Vikeså PreSoulChildren Tysdag 24. des., julaftan, kl. 14.30. Familiegudsteneste i Bjerkreim kyrkje. Takkoffer Kirkens Nødhjelp. Song: Bjerkreim Barnekor Sundag 24. des., julaftan, kl. 16.00. Familiegudsteneste i Bjerkreim kyrkje. Takkoffer Kyrkjelydsarb. Onsdag 25. des., juledag, Høgtidsgudsteneste i Bjerkreim kyrkje. Barnesamling. Ungdomskoret. Takkoffer Undervisningsarbeidet Sundag 29. des. kl. 19.30. Familiegudsteneste i Ørsdalen kapell. Utdeling bøker Dåpsskulen. Takkoffer Undervisningsarbeidet Tysdag 31. des. kl. 23.00 nyttårsaftan i Bjerkreim kyrkje. Døypte 20.10. Herman Skretting Skjæveland 20.10. Halvor Mortenssønn Gjedrem 20.10. Una Amalie Fuglestad Skutlaberg 10.11. Alida Helen Eikeland Auestad 10.11. Brian Versland Døde 23.10.13 Elling Hegelstad 02.11.13 Annstein Hovland Utdeling av 6-års-bøker Me deler ut bøker til 6-åringane på gudstenester 1. desember og 12. januar. Invitasjonar er sende i posten. Har du 6-åring (født 2007) som ikkje har fått invitasjon, men vil motta bok? Ta kontakt med kyrkjekontoret. Det blir dåpsskule for 1. og 2. klasse på Bjerkreim i januar, meir informasjon om dette kjem seinare. Skattefri gåve til trusopplæringa i Bjerkreim konto 3344.07.11257. Meir info på www.bjerkreimkyrkja.no. Julekonsert I Ivesdal kapell fredag 20. des. kl. 19.30 v/valborg Bakke m/band. Sjå eiga annonse s. 5 for meir info. Julekonsert II Bjerkreim kyrkje sundag 22. des. kl. 19.00. Bjerkreim barnekor, Vikeså SoulChildren, Bjerkreim ungdomskor, Bjerkreim brassband, elevar frå kulturskulen, orgelmusikk v/tim Rishton m.m. Offer til undervisingsarbeidet. Herren er nær Paulus brev til kyrkjelyden i Filippi er også kalla for gledens brev. Paulus besøkte byen då han hadde sin fyrste misjonsreise. Under sitt første besøk blei han fengsla og piska. I fengselet ba og song Paulus og Silas midt på natta, og mens dei ba, kom eit jordskjelv og skaka fengselet. Bøna, og så jordskjelvet, vart ei så sterk oppleving for fangevoktaren at han blei ein kristen. Kanskje var fangevoktaren ein av dei første lesarane av Paulus sitt brev? Apg 16, 16-40. Paulus skreiv brevet frå eit anna fengsel Fil 1, 12ff. Han hadde eit nært forhold til kyrkjelyden. Han festar bodskapen sin til uttrykket Herren er nær. Og kyrkjelyden hugsa sikkart godt at Paulus satt fengsla der for nokre år sidan. Det er merkeleg at det som er så vanskelig som det å sitta i fengsel og verta piska vert knytta saman med glede. Det var heilt naturleg for Paulus å knyte det saman slik. Også i alt julemas og kjas; midt i alle førjulsfestar og juleavslutningar; kan også me gleda oss over at Herren er nær. Det er eit gledesbodskap også til oss i dag. Gud er kjærleik. Han elskar alle. Ikkje minst dei som slit og har tungt å bere. Er ikkje det også den største gåva me kan få? Ubetaleleg er det at Gud har sett meg. Ja, sjølv meg. Med alle mine feil og manglar. I mitt ufullkomne liv. Så, gled dykk! Herren er nær! Me ønskjer alle ei god adventstid og ei velsigna julehøgtid!

Landbruksnytt 7 Storfesatsinga i Rogaland Produksjonen av storfekjøt har gått ned i fylket og i resten av landet, og ein må stadig importera meir for å dekka etterspørselen. Fylkesmannen og slakteria i Rogaland m.fl. har gått saman om eit bonderetta prosjekt fram til 2017, for å auka produksjonen av storfekjøt. Målgruppa er alle som driv eller vil driva med storfe, og som ynskjer hjelp med ulike utfordringar. Prosjektet starta med å ha kveldsmøte/ grillkveldar rundt i fylket med godt opp-møte. I vinter og framover vil det verta arrangert større informasjonssamlingar om tema som bønder etterspør; bl.a. fòring og stell, bygningar, dyrehelse, beitebruk, lønsam drift og investeringar m.m. Bønder kan også få individuell rettleiing kostnadsfritt, for å ta tak i sine utfordringar. Ta kontakt med ditt slakteri for meir informasjon. God jul! Landbruksavdelinga takkar for besøk og telefonar i 2013. Vi ynskjer alle ei fredeleg julehøgtid og eit fruktbart 2014. F.v. Svein Olav Tengesdal, Gerd Siqveland Engelsgjerd og Karsten Mydland.

Informasjon Husk å fylle opp BSU-kontoen din før nyttår Sparing Boligsparing For Ungdom gir deg som er under 34 år rett til sparing med skattefradrag på inntil 20% av sparebeløpet. Med Boligsparing For Ungdom kan du spare inntil kr 20.000 kroner årlig, og dermed få skatten din redusert med 4.000 kroner. Skattefradrag for sparingen får du til og med det året du fyller 33. Du kan spare inntil 150.000 kroner til sammen på BSU-kontoen. Om vinteren er dagene korte Det er bremselengdene våre også Revolusjonerende piggteknologi rå bremsekraft ContiIceContact er skodd med Brilliant Plus pigger, som tåler fem ganger så stor påkjenning som ordinære pigger uten å falle ut. Nytt piggdesign gir bedre grep og kortere bremselengde på is. Finn oss på Facebook! Norges mest kjøpte dekk Forhandler: S t a t o i l V i k e s å 51 45 23 23 Alltid gode tilbud på dekk. Sjekk pris. Matope Vikeså 0830-20 (09-18) Bjerkreim 09-18 (09-15) Coop MasterCard: 7 % utbytte på daglegvarer Spon rest fin/grov kr 82,50 Spon Fin 31 kg Max 11% fuktighet kr 99,50 Spon grov 31 kg Max 11% fuktighet kr 94,50 alle prisar inkl mva Huset sitt eige Pinnakjøt Bog Fenalår Persesylte er no klart Velkomen til ein hyggeleg julehandel! Veterinærer på Nytorget 3 Siril Nyland, Tore Malmei Maren Ommundsen 51 49 13 04 Vi ønsker alle to- og firbente en riktig god jul og et godt nytt år! Levende opptatt av det Dyrlege Marit Brevik Skjæveland, Vikeså Få kalv i kua! Sjekk av bør og eggstokker samt hormonbehandlinger utføres. Vi har spon på lager, be om pristilbud! Opningstider: Kvardagar 08.00-17.00 Laurdag 09.00-13.00 FK-butikken Vikeså 51 45 12 12 Timebestilling: tlf 95141920 www.dyrlegebrevik.wordpress.com