SAMNANGER KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Utval: Utvalet for oppvekst og omsorg Møtedato: 29.11.2011 Møtetid: 15.00-17.45 Møtestad: Kommunehuset Av 5 medlemmer møtte 5, inkludert 2 varamedlemmer. Desse medlemene møtte ikkje: Liv Berit K. Befring Karl Bård Kollbotn I staden møtte: Odd Lønnebakken Jon Magne Bogevik Andre som var til stades på møtet: PLO-leiar Grete Lill Hjartnes under orientering. Folkehelsekoordinator Aina Haugstad under sak 25/11. Ass.rådmann Våge under heil møtet. Merknader: Jon Magne Bogevik var ikkje tilstades under orienteringa frå PLO-leiar. Orienteringar/meldingar: Utvalet sitt kvarter: Dokument utlevert i møtet: Pleie og omsorgsleiar (PLO), Grete Lill Hjartnes, orienterte om status i eininga, og gjekk igjennom med utvalet lover og reglar tenesta utøvar. Odd Lønnebakken stilte spørsmål om skilt for handikapparkering på helsetunet. Spørsmålet vert sendt over til teknisk avd. for vegar. Heidi Totland stilte spørsmål om det vert lagt opp til å nytte Coach i samband med å få ned sjukefråværet på Samnangerheimen. Ordførar orienterte om at det er det ikkje lagt opp til og at det evt. må takkast opp i samband med budsjettet for 2012. Jon Magne Bogevik stilte spørsmål om kva som er postadressa til omsorgsbustadane på Hamnahaugen. Administrasjonen orienterer om at det er: Tyssevegen 88-104. Ingen Evt. merknader til protokollen må sendast Samnanger kommune innan 3 dagar. Tysse, 07.12.2011
Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 024/11 11/593 Faste saker 025/11 11/339 Plan for folkehelsearbeid i Samnanger kommune 026/11 11/18 Handlingsplan mot mobbing
SAKNR. 024/11 FASTE SAKER Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Møteinnkallinga og saklista vert godkjent Protokollen frå førre møte vert godkjent Delegerte vedtak/referatsaker vert tekne til orientering Handsaming i møtet: Pleie og omsorgsleiar (PLO), Grete Lill Hjartnes, orienterte om status i eininga, og gjekk igjennom med utvalet lover og reglar tenesta utøvar. Utvalet sitt kvarter: Odd Lønnebakken stilte spørsmål om når det kjem parkeringsskilt for rørslehemma på helsetunet. Spørsmålet vert sendt over til teknisk avd. for vegar. Heidi Totland stilte spørsmål om det vert lagt opp til å nytte Coach i samband med å få ned sjukefråværet på Samnangerheimen. Ordførar orienterte om at det er det ikkje lagt opp til og at det evt. må takkast opp i samband med budsjettet for 2012. Jon Magne Bogevik stilte spørsmål om kva som er postadressa til omsorgsbustadane på Hamnahaugen. Administrasjonen orienterer om at det er: Tyssevegen 88-104. OO-024/11 VEDTAK: Møteinnkallinga og saklista vert godkjent Protokollen frå førre møte vert godkjent Delegerte vedtak/referatsaker vert tekne til orientering SAKNR. 025/11 PLAN FOR FOLKEHELSEARBEID I SAMNANGER KOMMUNE Saka vert lagt fram til drøfting der fokus vert sett på visjon, prioriterte område og mål. Handsaming i møtet: Utvalet fekk orientering frå folkehelsekoordinator om arbeidet og drøfta visjon, område og mål for arbeidet. Visjon: Kommuneplanen og dei 6 satsingsdråpane er målsettinga for arbeidet. Det er viktig med ein rød tråd frå kommuneplanen til denne planen, og ein heilskap i dei kommunale planane. Visjonen må vera kort og lett å huska. I denne samanhangen blei ordet ENERGI dregen fram det blir brukt i planen. Utvalet hadde følgjande assosiasjonar til folkehelse; EnerSKI mtp skibygda Samnanger, FriluftsLIV, Sunn mat - 5 om dagen, Meiningsfylt kvardag, Å ta vare på kvarandre, Ut på tur opp av stolen, Å vere aktiv (i hovud, i kropp, sosialt..), Fellesskap, Tilpassa krav til evner i skule og i arbeid, Litt av alt balansert sunnheit, For folk flest, Trivnad, Meistring blei ikkje nemnd direkte, men mykje av samtalen dreidde seg om høve som kan beskrivast som meistring. Mål: Utvalet drøfta ulike tema. Satsing på barn og unge er vedteken i kommuneplanen og det vart framheva. Psykisk helse vart og nemnt. Det å gi barn og unge Gode bein å stå på i livet og hjelpa barn og unge til å finna fram til kva dei er gode på og å dyrka fram det. Å skape arenaer og gode møteplassar der det går an å treffe folk vart også nemnd. Kafear har vore
prøvd fleire gonger utan suksess, men kaia på Tysse og paviljongen har vore stor suksess. Det går an å vera aleine utan å vere aleine har vore sagt. Frivilligheit og bruk av denne vart nemnd. Kamp mot fattigdom vart og dregen fram. Spesielt i høve til barn og det at det er skambelagt å vere fattig og at dette er noko barn og unge skjule på foreldra sine vegne. OO-025/11 VEDTAK: Oppvekst og omsorg ønskjer at folkehelsekoordinator tek med følgjande drøftingar i sitt planarbeid; Visjon: Kommuneplanen og dei 6 satsingsdråpane har målsetting for folkehelsearbeidet. Visjonen må vera kort og lett å huska. Ordet ENERGI bør bli brukt. Utvalet assosierte folkehelse med; EnerSKI mtp skibygda Samnanger, FriluftsLIV, Sunn mat - 5 om dagen, Meiningsfylt kvardag, Å ta vare på kvarandre, Ut på tur opp av stolen, Å vere aktiv (i hovud, i kropp, sosialt..), Fellesskap, Tilpassa krav til evner i skule og i arbeid, Litt av alt balansert sunnheit, For folk flest, Trivnad og Meistring. Mål: Satsing på barn og unge, jfr kommuneplanen. Psykisk helse er eit viktig mål. Det å gi barn og unge Gode bein å stå på i livet og hjelpa barn og unge til å finna fram til kva dei er gode på og å dyrka fram det. Å skape arenaer og gode møteplassar der det går an å treffe folk. Frivilligheit og kamp mot fattigdom er og tema. SAKNR. 026/11 HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Utvalet for oppvekst og omsorg er styringsgruppe for handlingsplan mot mobbing. Val av 2 representantar til arbeidsgruppa. Handsaming i møtet: Fellesframlegg: Utvalet for oppvekst og omsorg er styringsgruppe for handlingsplan mot mobbing. Sigmund Dyrhovden og Liv Berit K. Befring er politiske representantar til arbeidsgruppa. OO-026/11 VEDTAK: Utvalet for oppvekst og omsorg er styringsgruppe for handlingsplan mot mobbing. Sigmund Dyrhovden og Liv Berit Befring er politiske representantar til arbeidsgruppa.
5