Gjennomgang Ungdata-statistikken 2014



Like dokumenter
Ungdata-undersøkinga i Bykle 2012

Ungdata-undersøkelsen i Froland 2016

Ungdata-undersøkinga i Volda 2013

Ungdata-undersøkelsen i Froland 2016

Ungdata-undersøkelsen i Fredrikstad 2016

Ungdata-undersøkelsen i Fredrikstad 2016

Ungdata-undersøkelsen i Froland 2016

Ungdomsundersøkelsen «Ung i Trondheim» Kghåpkdfgg. Foto: Carl-Erik Eriksson

Vidaregåandeelevar i Sogn og Fjordane. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Førde kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Vidaregåandeelevar i Gloppen kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Presentasjon av resultat frå Ungdataundersøkinga

Ungdomsskuleelevar i Granvin kommune. Kva driv ungdommane med? Korleis har dei det?

Ungdata-undersøkinga i Seljord FAKTA OM UNDERSØKINGA: Tidsput: Veke 36 Klassetrinn: klasse Antall: 89

Ungdata-undersøkelsene i Levanger 2012 og 2015

Ungdata-undersøkelsene i Gjesdal 2010, 2013 og 2016

Ungdata-undersøkelsen i Risør 2013

UNGDATA Averøy kommune 2015

Ungdata-undersøkelsen 2017 i Giske

Ungdata-undersøkelsen i Fredrikstad 2016

Ungdata-undersøkelsen i Lindesnes 2016

Ungdata-undersøkelsen 2017 for videregående skoler i Buskerud

Ungdata-undersøkelsen 2017 i Verdal

Ungdata-undersøkelsen i Lillehammer 2015

Ungdata-undersøkelsen i Levanger 2015

Ungdata-undersøkelsen 2017 i Verdal

Ungdata-undersøkelsen i Rælingen 2014

Ungdata-undersøkelsen Vest-lofoten vgs 2016

Ungdata-undersøkelsen 2017 i Sigdal

Ungdata-undersøkelsen i Røyken 2015

Ungdata-undersøkelsen i Tydal 2014

Ungdata-undersøkelsen i Meldal 2014

Ungdata-undersøkelsen i Fredrikstad 2016

Levekårsundersøkelse. FORELDRE OG VENNER Relasjoner mellom foreldre og barn Familieøkonomi Vennenettverk

Ungdomsundersøking Stord april 2015

Ungdata-undersøkelsen 2017 i Krødsherad

Ungdata-undersøkelsen 2017 i Sigdal

Ungdata i Nord-Norge: Hva sier resultatene om unges alkoholvaner og psykiske helse?

Ungdata-undersøkelsen i Gausdal 2016

Ungdata-undersøkelsen Vest-lofoten vgs 2016

Deltakelse og svarprosent i Bardu

Ungdata-undersøkelsen Vest-lofoten vgs 2016

Ungdata-undersøkelsen i Skodje 2014

Ungdata-undersøkelsen 2017 i Kvam

Trendrapport Aust-Agder og Vest-Agder 2019

Vedlegg til Ruspolitisk handlingsplan

Ungdata-undersøkelsen 2017 i Giske

Ungdata-undersøkelsen i Skodje 2014

Ung i Tønsberg. Forum for rus og psykisk helse 13.mars 2015 Birgitte Søderstrøm

UNGDATA Korleis har ungdommen i Hordaland det?

Ungdata-undersøkelsen 2017 i Verdal

Ungdata-undersøkelsen 2017 for Selsbakk skole

Ungdata-undersøkelsen 2017 ved ungdomsskoler i Sogn og Fjordane

Ungdata Ungdata Ungdata

Ungdata-undersøkelsene i Fusa 2011 og 2016

Ungdata-undersøkelsen 2017 i Verdal

Ungdata-undersøkelsen 2017 i Levanger

Ungdata-undersøkelsen 2017 ved ungdomsskoler i Sogn og Fjordane

Utfordringsdokument 2015

Ungdata Ungdata Ungdata

Antall besvarelser Gutt 50,0 % 65 Jente 50,0 % 65. Antall besvarelser Ungdomsskole 67,7 % 88 Videregående 32,3 % 42

Ungdataundersøkinga. Skuleleiarkonferansen Kva kan rektor/skuleeigar gjere med desse dataa? Loen, 4.oktober

Ungdata i Nord-Troms

Ungdata-resultater fra Sør-Helgeland

Ungdata-undersøkelsen i Finnmark 2014

Ungdata status og bruk i kommunene i Møre og Romsdal. Molde Rita Valkvæ

En presentasjon fra NOVA. Ungdataundersøkelsen - Hvordan er tilstanden i følge norsk ungdom?

Ungdomsundersøkelsen «Ung i Trondheim» Kghåpkdfgg. Foto: Carl-Erik Eriksson

Ungdata-undersøkelsen i Verdal 2013

Ungdata-undersøkelsen i Trondheim 2013

Ungdataundersøkelsen 2019 Moss

Det store bildet i Norge

Ungdata 2018 hovedfunn og utviklingstrekk

Brosjyre basert på Ung i Stavanger Ved Silje Hartberg Kristinn Hegna. NOVA, 1.juni 2013

Ungdata-undersøkelsen 2017 ved videregående skoler i Sogn og Fjordane

Ungdata-undersøkelsen i Sola 2010

Ungdata-undersøkelsen i Haugesund 2013

Videregåendeelever i Åfjord kommune. Hva driver ungdommene med? Hvordan har de det?

Videregåendeelever i ÅS kommune. Hva driver ungdommene med? Hvordan har de det?

Transkript:

Gjennomgang Ungdata-statistikken 2014 Innleiing Det vart gjennomført Ungdata-undersøkelse på ungdomsskulen i Skodje før påske i 2014. Svarprosenten for undersøkinga var på 91 %, noko som betyr at resultata i stor grad er representativ for ungdommen i Skodje. Formålet med undersøkinga var å kartleggje ulike sider ved livsstilen og levekåra til ungdommen. Denne rapporten vil vere eit element for å kunne utarbeide ein realistisk og framtidsretta samfunnsplan. Undersøkinga var delt inn i ulike tema. Rapporten vil formidle hovudfunna som var knytt til desse tema. Foreldre og vener Ungdommen i Skodje er tilnærma lik ungdommen på landsbasis når det gjeld å ha fortrulege venar, å vere fornøgd med venane og foreldra og kor god familieøkonomien blir opplevd å vere. Likevel er det forskjellige moment som kan vere verdt å framheve. Jentene opplever at foreldra har større oversikt over deira aktivitetar enn gutane. Jentene kranglar mindre med foreldra og gutane prøver meir enn jentene å halde mesteparten av fritida skjult for foreldra. Halvparten av alle ungdommane på alle trinna som vil ta opp personlege problem med foreldra. Det er om lag ¼-del av ungdommen som ikkje opplever at dei har minst ein ven dei kan stole fullstendig på og kan betru seg til om alt muleg. Dersom ungdom har eit personleg problem, føler seg utanfor og trist og trenger nokon å snakke med, så er det halvparten som vil snakke med vener, om lag same prosenten vil snakke med foreldra, men 19 % av jentene og 11 % av gutane har ingen dei vil snakke med om personlege problem. 9. trinn skil seg betrakteleg i frå dei andre klassetrinna ved at det på dette trinnet er færre som oppgir at dei har faste vener. Å drikke seg full og røyke hasj gir låg status, medan det å vere til å stole på er den faktoren som gjere at statusen aukar mest. 1

Skule og framtid Ungdommmen i Skodje er stort sett fornøgd med skulekvardagen. På lik linje med anna ungdom i Norge trivst dei godt på skulen. Dei fleste ungdommane opplever at lærarane deira bryr seg om elevane. Det er i liten grad mobbing ved Skodje ungdomsskule, nesten ingen (97%/96%) opplever at dei sjølv er med på å mobbe, og det er nesten like mange (90%/88%) som ikkje opplever mobbing. Til tross for dette rapporterar 6 % av ungdommen mobbing, plaging eller utfrysing kvar veke, men det er betydeleg færre som innrømmer at dei er med på denne typen mobbing kvar veke. Desse tala er omtrent lik når det gjeld digital mobbing. 12 % av gutane grur seg til å gå på skulen 6 % av jentene. Generelt sett brukar gutane mindre tid på leksene enn jentene. Over 60 % av jentene bruker meir enn ein time på skulearbeid kvar dag, medan over 60 % av gutane bruker mindre enn ein time på skulearbeid kvar dag. Nesten halvparten av jentene må ofte bruke helgene til å gjere skulearbeid, medan dette gjeld berre 27 % av gutane. Når det gjeld framtidig utdanning er det 68 % av jentene som trur dei vil ta høgare utdanning, medan berre 47 % av gutane trur det same. Til gjengeld er det 49 % av gutane som trur det vil kome til å ta fagbrev. Dette er lågare prosentdel enn ungdommen i Norge sett under eitt. Det er 67 % av jentene som trur dei vil få eit godt og lykkeleg liv, medan same resultat for gutane er 79 %. I Skodje er det berre 7 % som trur dei vil bli arbeidsledig ein eller anna gong, medan på landsbasis ligg dette talet på 14 %. Fritid Fritida til ungdom i Skodje blir brukt til same aktivitetar som ungdom elles i landet. Litt over halvparten av ungdommen i Skodje har siste månaden deltatt på fem eller fleire aktivitetar i ein eller anna fritidsorganisasjon. Dette er tilnærma likt med landsgjennomsnittet. Det er ein betydeleg større andel i 8. trinn som framleis er med i organiserte fritidsaktivitetar, og deltaking synk med alderen. Det er berre 1 % av gutane og 6 % av jentene som les bøker som ikkje er skulebøker på ein gjennomsnittsdag.?? 2

Tid brukt framfor skjerm aukar med alderen. Det er svært mange som er heime hos seg sjølv og er sosial på nett eller mobil. Det er færre gutar enn jenter som er aktiv på sosiale medier som facebook og instagram, men 75 % av alle gutane på ungdomsskulen spelar onlinespel med andre største delen av kvelden. Dette gjeld berre 18 % av jentene. Det er betydeleg færre som tilbringer fysisk tid saman med vener heime hos seg eller hos dei andre. Fleire tilbringer tid saman med vener ute minst ein gong i veka. Litt over ¼ del svarer at dei minst to gonger sist veke har shoppa eller rusla rundt i butikker for å sjå, medan over 1/3 del svarer at dei på ein gjennonsnittsdag brukar to timar eller meir på datamaskin utanom skuletida. Begge dele litt under landsgjennomsnittet. Nøkkeltala for Skodje skil seg signifikant frå landsstatistikken når det gjeld i kva grad ungdommen er fornøgd med lokalmiljøet. Medan 71 % av ungdom i Norge er svært fornøgd eller litt fornøgd med lokalmiljøet, så er berre 57 % av ungdom i Skodje svært fornøgd eller litt fornøgd med lokalmiljøet. Det vil seie at 43 % av ungdommen i Skodje ikkje er fornøgd med lokalmiljøet. Ungdommen blir mindre fornøgd med lokalmiljøet og kollektivtilbodet etter eldre dei blir.. Berre ein fjerdel av både gutar og jenter kan tenke seg å busette seg i Skodje kommune når dei blir vaksne. Ungdom føler seg i stor grad trygg når dei ferdast i nærmiljøet. Helse og trivsel Om lag 2/3 delar av ungdommen i Skodje er fornøgd med både helsa og utsjånaden. Ungdomstida er ei sårbar periode som byr på store omveltningar både kroppsleg og mentalt. Livsstilsvaner blir ofte etablert i ungdomsåra og kan ha betydning for helse både i ungdomstida og seinare i livet. I Skodje viser statistikken at 37% av gutane og 36 % av blir andpusten eller svett 1-2 gongar i veka eller sjeldnare/aldri. Jenter som trener deltek i større grad enn gutane i organisert trening. 9. trinn er minst fysisk aktiv av ungdomsskuleelevane. Berre om lag halvparten av elevane et mat når dei er på skulen. Litt under 40 % et ikkje frokost, og 15-20 % et ikkje middag. 3

Gutane er i betydeleg grad meir fornøgd med seg sjølv og korleis dei er meir enn det jentene er. 20 % av jentene ved Skodje ungdomsskule har høg grad av depressivt stemningsleie, dette inneber symptom som t.d. å vere ulykkeleg, trist, føle håplause for framtida, bekymring, søvnlause og har følt seg ensom i større grad enn gutane (6 %). Det same gjeld angstsymptom. Dei depressive symptoma minskar etter eldre ungdommane blir. Helsesøster, helsestasjon for ungdom og legetenesta blir brukt hyppig av begge kjønn. 8 % av gutane og 10 % av jentene har brukt psykolog eller psykiater minst ein gong siste året. Reseptfrie medikamenter (paracet, ibux o.l) blir brukt i stor grad, 24 % av jentene og 14 % av gutane brukar det minst ein gong i veka. 3 % brukar det dagleg, og dette er likt for begge kjønn. 6 % av gutane og 2 % av jentene pusser tennene annakvar dag eller sjeldnare. Tobakk og rus Ungdomstida er ei periode der dei unge prøver seg ut på nye arenaer. Andelen røykarar blant ungdom har gått markant ned frå årtusenskiftet til i dag. Samtidig har andelen unge som snusar, gått opp. I Skodje er det 98 % av gutane og 95 % av jentene som ikkje røyker. Same tal for snus er 95 % og 91%. Fleire jenter enn gutar røyker og snuser vekentleg eller sjeldnare enn ein gong i veka. 83 % av gutane og 84 % av jentene har aldri smakt alkohol eller smakt nokon få gonger. 81 % av gutane og 77 % av jentene har aldri vore berusa. 18 % del av ungdommen i Skodje kan skaffe seg hasj i løpet av to til tre dagar, men det er berre 2 % som har brukt hasj. I 10. klasse er det 70 % som seier dei ikkje får lov å drikke alkohol av foreldra. Det er om lag ¼-del på 10. trinn som har drukke så mykje at dei har følt seg tydeleg brusa. 4 % i 8. trinn har brukt hasj eller marihuana, tilsvarande tal for 9. trinn er 2 % og i 10. trinn er det 0 %. Om lag 5 % på alle klassetrinna har brukt dopingmidler det siste året. Å drikke seg full blir meir akseptert i 10. trinn. 4

Relativt stor andel av foreldre til ungdommen på Skodje som drikk alkohol vekentleg. Risikoåtferd og vald I ungdomstida er det fleire som deltek i handlingar som er på kant med lova eller på kant med det som er alminnelig sosialt akseptert. Tala knytt til risikoåtferd og vald i Skodje er ganske lik den nasjonale statistikken. Det er 5 % som har naska minst ein gong siste året. Berre 1 % har dei siste 12 månadane brote seg inn for å stele noko og spraya eller tagga ulovleg. 16 % har vore i slosskamp utan bruk av våpen siste 12 månadane. 13 % har vore utsett for truslar om vald siste 12 månadane, medan 10 % har fått sår eller skade på grunn av vald. Det er fleire gutar enn jenter som har fått skader av vald i ulik grad. 5