Roleg fjordvandring i UNESCO verdsarvområdet. Vandring, sightseeing på Geirangerfjorden og ein smak av lokal produsert mat!



Like dokumenter
15-30 personar i enkle og doble rom Vi har pr. dato ikkje reservert rom for gruppa dykkar.

NSK s vårtur 2010 Nordvestlandet. 28. til 30.mai 2010

Juvet Landskapshotell

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Opplev fjordane og norsk natur på sitt beste. Spesialpris overnatting. Organisering av transport

Tur til det vakre. DUBROVNIK-området. Ver med oss til ei av dei vakraste perlene i Europa landsbyen. Cavtat i Kroatia

Vestnorske fjordlandskap UNESCO-status Lokalsamfunnsutvikling. Kommuneplankonferansen 2008 Arne Sandnes

VAKRE FOTTURER TYROL

VAKRE VANDRINGER PÅ AMALFI-KYSTEN

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

Sommartur til Sverige,

FOTTURER OG KULTUR I TOSCANA

Å vandre i kulturlandskapet er en opplevelse du kan leve lenge på Fysisk utladet og mentalt fornyet

Tur til Geiranger september 2018

Velkommen til songarstemne i Florø!

VELKOMMEN TIL EGER, EUROPAS HEMMELIGE PERLE!

Opplev toppen av Fjord Norge!

Gruppereiser for seniorer. Opplevelseshotell i Hallingdal

VELKOMMEN TIL EGER, EUROPAS HEMMELIGE PERLE!

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

LISBOAKYSTEN: VANDRING OG KULTUR

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

CHRISTMAS DINNER & SHOW

Budapest- kultur og historie

EINHAUGEN Ein bit av Halsa kan bli din!

Dublin juli 2018

SJARMERENDE GDANSK MED ANDREA BOCELLI

Hytte på høgfjellet så nær at du får tid til å nyte naturen og dei nære ting så ofte du vil.

Fra tare til tind. m/ HEMO Travels Vårskitur 2012

FOTTURER OG KULTUR I TOSCANA

Tomannsbustad på Hotelltoppen. i Førde med 4 soverom, 2 stover og 2 bad m.m.

Europas ukjente Mat & vintur til Budapest og Eger

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Gdansk julemarked

VANDRETUR CINQUE TERRE

VELKOMMEN TIL EGER, EUROPAS HEMMELIGE PERLE!

kulturmix CUBA!!!!!!!!! 27. sept okt 2014

Forsvarets Seniorforbund Oslo Gardasjøen

Gladkjøkkenet - Kurs i matgleder

WIEN- MUSIKKENS OG ROMANTIKKENS HOVEDSTAD

MARIBOR- VED DRAVAS BREDDER

Opplev Svalbard et av verdens mest eksotiske reisemål

VINTERFJELLSKULE I EVENTYRLEGE MYRKDALEN

Nasjonalpark FESTIVALEN. i Skjåk PROGRAM

MADEIRA ATLANTERHAVETS BLOMSTERBUKETT

Sølvgarden Hotell og Feriesenter AS

SINGELTUR TIL SARVAR

Rapport resultat spørjeundersøking

Sporty vandringstur på Kreta 30 mai-6 juni 2015

Beit Shalom Zion. Herzliya, Israel. Bu rimeleg og komfortabelt i nærleiken av stranda i Herzliya. Du kan også læra hebraisk

UTENDØRS OPERETTE I WIEN

Honne Hotell og Konferansesenter. Skogbrukets Kursinstitutt

I Sauda er du i takt med naturen. Her kan du gripe mulighetene naturen gir. og oppleve hele spekteret mellom fjord og fjell.

VAKRE FOTTURER I SVEITS

Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august Epost:

Røros ble kåret til verdens beste destinasjon på Virgin Holidays Responsible Tourism Award

Firmareiser og gruppeturer til Tallinn

VANDRING OG KULTUR I DET SAKSISKE SVEITS

ØLFESTIVAL I PILSEN - MED PETTER NOME

OPERA I BERLIN ANDREA BOCELLI!

Arbeid med sikring av friluftsområde i Stranda kommune

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

MANGFOLDIGE BERLIN. Velkommen på tur med ALLER TRAVEL! Bli med oss på en innholdsrik og spennende reise til Berlin!

SORRENTOS PERLER. Opplev Sorrento-halvøyas vakre perler med oss!

JULEMARKED I WARSAWA

Beit Shalom Zion. Herzliya, Israel. Bu rimeleg og komfortabelt i nærleiken av stranda i Herzliya. Du kan også læra hebraisk

Aktiv i Øst-Canada ,- 8 dager. Ring

HOTELL & RESTAURANT KURS & KONFERANSE

TORREMOLINOS Andalusias solkyst

WIEN MUSIKKENS OG ROMANTIKKENS HOVEDSTAD

Trekking i Dolomittene 5-12 september 2015

Kultur og vandringer i Makedonia

Fagkurs og seminar for ungdomslaga på Vestlandet. Storkurs i Førde! oktober På rett kurs med Sogn og Fjordane Ungdomslag -

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

En samarbeidspartner på vegen året rundt

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv

Sommerfest. i skjærgården. Gladkjøkkenet

VAKKER TRENING I NORDFJORD

Opplevelsestur til Tyskland, Belgia og Nederland!!

EIT TILBOD TIL STUDENTAR VED HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE.

Haglebu Fjellstue - et feriested for alle. En aktiv ferie for funksjonshemmede

VOKSENÅSEN KULTUR- & KONFERANSEHOTELL

Velkommen til mestringskurs på Innvik Fjordhotell november 2013!

Bjørgvin Seniorklubb CINQUE TERRE mai 2013

Reise med Bondebladet til Internationale Grüne Woche i Berlin januar 2015

UNGARN FOR LIVSNYTERE SÀRVÀR

Reise med Bondebladet til Internationale Grüne Woche i Berlin januar 2016

Margretetorp Gästgifvaregård Hotell & Möten På Margeretetorp Gästgifaregård kan dere koble av midt i Skånes vakre natur.

WALES Storbritannias gjemte perle

KRAKOW MED ZAKOPANE Fra tirsdag 2.juni til tirsdag 9.juni dager

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Månadsbrev for Rosa september 2014

Hotel Vinhuset. Bo godt og opplev de mange interessante utfluktene i Næstved og omegnen. Hotel Vinhuset. Hotellet

KROATIA SPLIT, TROGIR OG ZADAR MAI 2018

NSK : Velkommen til vårens sportsvogntur 2014

EGER Europas ukjente perler

Kontaktperson og bestilling rettast til Hans Einar Kristoffersen, ein treff han på telefon

Transkript:

Roleg fjordvandring i UNESCO verdsarvområdet Vandring, sightseeing på Geirangerfjorden og ein smak av lokal produsert mat! Dag 1: 15.00: Innsjekk på Petrines Gjestgiveri. Gjestgiveriet ligg i bygda Norddal, som ligg ein kort avstikkar frå den tradisjonelle turistruta Geiranger-Trollstigen. Her overnattar ein i trivelege rom med god komfort i nostalgisk Carl Larsson stil. Ein perfekt stad for å kunne slappe av og nyte stillheita, smake på den lokalproduserte maten, og skue mot fjella, fjorden og bygda. 17.00: Roleg vandring i det historiske kulturlandskapet i Norddal. Eige kart over området The Happy Norddal vert utlevert ved innsjekk. 19.00: Det vert servert 3-rettars middag i den heimekoselege restauranten. Rettar av hjort, kjekjøt (geitekilling), herdalskre (småaure frå Herdalsvatnet), laks samt freistande dessertar som heimelaga karamellpudding, eplekake og jordbærkake står på menyen. Til maten kan ein få heimelaga eplesaft, men Petrines Gjestgiveri har også alle rettar i baren, om ein skulle ønskje edlare dråpar. Dag 2: 09.00: Frukostbuffet på Petrines Gjestgiveri. 11.30: Avgong frå kaia i Geiranger for eit eksklusivt fjordcruise på den berømte Geirangerfjorden, kombinert med ein fottur til fjellgarden Skageflå. Skageflå ligg på ei fjellhylle om lag 270 meter over havet. Dette er den mest kjende fjordgarden i geirangerfjorden, mykje på grunn av at Kong Harald og Dronning Sonja feira sølvbryllaupet sitt her i 1993.

Det er også her på Skageflå den offisielle plaketten frå UNESCO er plassert. Oppstiginga startar ved Skagehola, der M/S Geirangerfjord slepp dykk av, og hentar dykk igjen etter turen opp til fjellgarden. Ein går på eige ansvar på oppmerka sti. Vis hensyn til naturen og omgivnadane. Hugs godt fottøy, drikke og ver varsam! 19.00: Det serverast 3-rettars middag på Petrines Gjestgiveri. Dag 3: 09.00: Frukost og avreise frå Petrines Gjestgiveri Geirangerfjorden er ein av Noregs einaste naturarvområde på den prestisjetunge lista over verdas kultur- og naturarv. Naturområdet vart innskrive 14. juli 2005 og femnar noko av dei lengste, djupaste, smalaste og vakraste fjordane i verda! Pris pr. person kr 2295,- Overnatting i dobbeltrom med dusj og WC ( 2 netter) Frukost og 3 retters middag 2 dagar Lunchpakke til utflukt; Fjordcruise / Skageflå Vandrekart The Happy Norddal Tilgong til trådlaust internett.

Opplev Geirangerfjorden med omland - UNESCO Verdsarvområdet Overnatting på historiske Hotel Union i Geiranger. Her vil du oppleve ypperleg service, god, lokal mat laga av utsøkte råvarer, spa for velvære og ro, og verdas vakraste fjord rett utanfor vindauga. Inngong til Geiranger Fjordsenter, som bla. Byr på: Verdsarvinformasjon, historisk utstilling, multimediashow, kunstutstilling, butikk og kafè. Ferjetur med Fjord 1, på Geirangerfjorden, kombinert med besøk til Peer Gynt Galleriet på Hellesylt. Galleriet er det nye, store kunstsenteret på Vestlandet. Her kan du oppleve dei makelause utskjæringane til den kjente, norske treskjæraren Oddvin Parr, med scener fra Henrik Ibsens "Peer Gynt". Treskjæraren har sidan tenåra via livet sitt til å formidle historia om Peer Gynt, og har brukt dei siste ti åra til å skjere ut scener frå skodespelet i tre. Leige av nordic walking stavar, samt kartpakke med ulike turforslag frå området, bla. til Storseterfossen og Vesteråsfjellet. Dersom de ynskjer eigen nordic walking guide kan dette bestillast mot eit lite tillegg. Pris kr 2685,- Overnatting med halvpensjon på Union Hotel, 2 netter Inngong til bad og spa avdelinga på Union Hotel Inngong til Geiranger Fjordsenter Ferjetur t/r Geiranger/Hellesylt Leige av Nordic Walking stavar og kartpakke

Fjord og Fjell hotellpakke i Geiranger Her kan ein kose seg med halvpensjon på Hotell Geiranger, som ligg idyllisk plassert heilt nede i fjordkanten. Hotellet har tradisjonar tilbake til 1860- talet, men framstår i dag som eit moderne hotell. Kombiner det store aktivitetstilbodet vi kan by på i området, med nokre av Verdsarvområdets høgdepunkt. 2 netter i dobbeltrom, med halvpensjon på Hotell Geiranger Ekslusivt fjordcruise på Geirangerfjorden kombinert med fottur til Skageflå (lunchpakke frå Hotell Geiranger) Inngong til Geiranger Fjordsenter, der de bla. får ei innføring i fjordfolket si historie og sjå eit flott multimediashow. Vi inkluderar også vår eigen kartpakke der de finn ulike turforslag de kan ta på eigahand i nærområdet som bla. Dalsnibba, Trollstigen, Storseterfossen osv. Pris frå Kr 1950,- per person i dobbeltrom (Gyldig i perioden frå 1. mai 1. september) Overnatting med halvpensjon på Hotell Geiranger, 2 netter Fjordcruice på Geirangerfjorden Inngong til Geiranger Fjordsenter Lunchpakke Kartpakke

Familieopplevingar Fjord og Fjell Overnatting i høgstandardhytte i verdsarvområdet (3 netter) Besøk på Hotel Union Her kan de nytte dykk av barnebasseng, utandørs terapibasseng, innandørs symjebasseng og leikeland. Fjordcruise på den berømte Geirangerfjorden, kombinert med ein fottur til fjellgarden Skageflå. Fjellgarden ligg på ei fjellhylle om lag 270 meter over havet. Besøk på Herdalssetra. Her kan ein bla. oppleve moderne mjølkeproduksjon i eit over 300 år gamalt stølsmiljø eit levande museum. Setra ligg om lag 500 m.o.h, like ved det vakre Herdalsvatnet. Setra er opa for drift i tre månader, frå jonsok til september. Inngong til Geiranger Fjordsenter, som bla. byr på: Verdsarvinformasjon, historisk utstilling, multimediashow, kunstutstilling, butikk og kafè Kartpakke med ulike turforslag frå området, bla. til Storseterfossen og Vesteråsfjellet. Ta med borna på ei vandring i verdsarven vår! Familietilbod frå kr 3500,- (2v + 2B) Overnatting i hytte, 3 netter (uspes.) Fjordcruice på Geirangerfjorden Inngong til Geiranger Fjordsenter Inngong til bad og spa avdelinga på Union Hotel Besøk på Herdalssetra Kartpakke

Adrenalin i UNESCO Verdsarvområdet Geirangerfjorden Overnatting (3 døgn) i heilt nye hytter på Kragebakk i Valldalen,- midt mellom Trollstigen og Geiranger. Her bur de i ein spektakulær natur, i førsteklasses hytter. Gubrandsjuving juvinga foregår rett ved Gubrandsjuvet, 15 km frå Valldal i retning Trollstigen. Gubrandsjuving byr på leik og utfordringar i og rundt juvet. Hopping og stuping ned i juvet frå høgder opp mot 10 m, rappelering og taubane ned i elva er noko ein kan få utfordre seg på. Rafting i Valldøla - raftinga startar frå Hoel bru. Der vert ein fordelt i flåtar og instruert i teknikken, før ein startar ferda nedover Valldøla. Etter omlag 12 km med vakker natur, opplevingar og spenning, flyt flåtane roleg ut i den vakre Nordalsfjorden ved Valldal sentrum. Ein fantastisk sykkeldag på landevegen Heile 3500 høgdemeter vert forsert denne dagen. Vi syklar Ørnevegen, ned til Geiranger, og frå Geiranger t/r Dalsnibba. Dei som ikkje vil sykle heile vegen, får sitje på med vår service bil. Ta med vener, kollegaer og familie til nokre fartsfylde og spanande dagar i fjordane! Pris kr 2900,- pr. person Overnatting i høgstandardhytte på Kragebakk, 3døgn. (3 soverom i kvar av hyttene. Kjøken, bad, ekstra WC, TV og breiband). Gubrandsjuving Rafting Landevegssykling Alt utstyr ein treng til dei ulike aktivitetane

Opplev vinterparadiset i Fjord Norge - Strandafjellet Vi tek deg med på skiopplevingar i eit av Norges mest spektakulære alpin anlegg. Våre erfarne guider tek deg med på ein skidag tilpassa dine ferdigheiter. På Strandafjellet byr vi på gode snøforhold og herleg utsikt over fjell som stuper ned i ein blå fjord. Her byr vi på alt frå rolege bakker med perfekt underlag til bratte skrentar med pudder under skia eller brettet. Kombiner den perfekte skidagen med varm lunsj i den nye paviljongen, som ligg ved toppenstasjonen til stolheisen på 786 moh. Her kan de nyte ei fantastisk utsikt og nydeleg mat og drikke. Pris kr 780,- pr. person Heiskort (1 dag) Guiding i skianlegget Lunch i paviljongen

Informasjon: Lake tilrettelegg heile eller deler av din reiselivsopplevelse i Fjord regionen. Vi kjenner til dei små stadane med dei lokale hemmeligheitene, samt våre kjende og kjære turistattraksjonar. Vi kan skreddersy ei reise som inkluderar overnatting, servering, spanande aktivitetar og attraksjonar. Regionen har alt du treng for eit vellukka opphald med minnerike opplevingar! Kontakt oss for bestilling av våre ferdige pakkar - eller for ei reise spesielt laga for dykkar behov. For ytterlegare informasjon ver venleg å ta kontakt med: Lake DA Tinggt. 3 N- 6783 Stryn Tlf.: +47 400 70 666 info@lake.no www.lake.no Destinasjon Geirangerfjord er reisemålselskapet som dekkjer heile det attraktive området frå Geirangerfjorden til Trollstigen. Hovudformålet til selskapet er å fremje reiselivet i området og utføre marknadsaktivitetar, stimulere til produktutvikling og løyse andre fellesoppgåver for reiselivsnæringa innanfor selskapet sitt aktivitetsområde. For ytterlegare informasjon om reisemålselskapet ver venleg å ta kontakt med: Destinasjon Geirangerfjord-Trollstigen AS N-6216 Geiranger Tel.: 70 26 38 00 info@visitgeirangerfjord.com www.visitgeirangerfjord.com