VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE



Like dokumenter
VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Barnehagebruksplan

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR. Underlagt lov : Lov om barnehage, og til ei kvar tid gjeldane forskrifter og rammeplan for barnehage

Vedtekter for kommunale barnehager i. Nore og Uvdal

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

10/60-14/N-211//AMS

VEDTEKTER FOR RAKKERUNGAN BARNEHAGEDRIFT AS

VEDTEKTER 2015/

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGER I STEINKJER GJELDENDE FRA

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

VEDTEKTER DE FOR KOMMUNALE BARNEHAGENE I MIDTRE GAULDAL

HVITSTEN NATURBARNEHAGE SA GRENDEHUSET, THOMAS OLSENSVEI HVITSTEN TLF.: /

Vedtekter. 1. Eierforhold. 2. Formål

VEDTEKTER FOR DE KOMMUNALE BARNEHAGENE I RINGSAKER

Vedtekter for AKASIA BARNEHAGENE

Vedtekter for barnehagene i Orkland

Vedtekter for de kommunale barnehagene i Nordreisa kommune

Vedtekter for Akasia sine barnehager

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEDRIFTA I NAMDALSEID KOMMUNE

VEDTEKTER FOR ALVDAL KOMMUNALE BARNEHAGER.

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGER I STEINKJER GJELDENDE FRA

RISØR KOMMUNE Enhet for barnehager og barneskoler

Velkommen til foreldremøte

VEDTEKTER FOR BARNEHAGENE I BERGEN RACKETSENTER

4 Opptaksregler Søknad Søknadsfrist 1. mars Opptak Opptakskrets Tildeling av plass Supplerende opptak Annet

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGER I SKIEN

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Vedtekter for Nydammen familiebarnehage

Vedtekter for kommunale barnehagar

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGENE FAUSKE

VEDTEKTER FOR Rådyrhagen. FAMILIEBARNEHAGE Vedtatt av eier den Versjon 4. Endret: Side 1 av 7

Trøgstad kommune VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGER I TRØGSTAD

VEDTEKTER FOR DE KOMMUNALE BARNEHAGENE I TINN KOMMUNE

VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN

Vedtekter for Nydammen familiebarnehage. Nydammen familiebarnehage er en privateid barnehage med 5 plasser i alderen 0-6 år.

Vedtekter for Furumoen Barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGENE I BIRKENES

VEDTEKTER FOR DE KOMMUNALE BARNEHAGENE I TINN KOMMUNE

Barnehagen skal være en pedagogisk virksomhet. Rammeplanen for barnehager gir retningslinjer for barnehagens innhold og oppgaver.

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Vedtekter SKAUGDALEN BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR HUSEBYGRENDA FAMILIEBARNEHAGE

VEDTEKTER FOR DE KOMMUNALE BARNEHAGENE I HOL KOMMUNE.

Tusseladden familiebarnehage er en privateid barnehage for barn i alderen 0-3 år.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGER SOM EIES AV HOLMESTRAND KOMMUNE Vedtektene endret på bakgrunn av vedtak i Holmestrand bystyre

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Minoritetsspråklige barn i barnehage regelverk og veiledere

VEDTEKTER for Læringsverkstedet barnehage Trones, Verdal

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGER

VEDTEKTER FOR DE KOMMUNALE BARNEHAGENE I HOL KOMMUNE.

Vedtekter for den kommunale barnehage i Dyrøy

VEDTEKTER FOR GULSPURVEN FAMILIE BARNEHAGE, Hartmansvei 36, 0284 Oslo pr.3. februar 2014

ÅNNERUDTOPPEN BARNEHAGE

Barnehagevedtekter for Nesbru barnehage

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

VEDTEKTER FOR PETRINE BARNEHAGE I ØVRE RÆLINGEN KIRKE.

Transkript:

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE NISSEDAL KOMMUNE

Vedtekter for barnehagane vedteke i k-sak 16/16 VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I NISSEDAL KOMMUNE 1. Eigar og driftsforhold. Nissedal kommune eig og driv Treungen barnehage, Haugsjåsund barnehage, Felle barnehage og barnehagen ved Kyrkjebygda oppvekstsenter. Barnehagane er administrativt underlagt rådmannen. 2. Grunnlag for barnehagedrifta. Dei kommunale barnehagane vert drivne i samsvar med Lov om barnehagar med forskrifter, rammeplan for barnehagen og kommunale vedtak. Barnehagane skal ha samarbeidsorgan i samsvar med Lov om barnehagar. 3. Barnehagen si oppgåve Føremål. Barnehagen skal gje barna eit godt miljø med vekt på leik og samvær med andre barn og vaksne. Saman med heimen skal barnehagen skape eit miljø som sikrar barnet individuell og gruppevis omsorg og støtte, stimulering, læring og etisk rettleiing. Barnehagen skal vere ein del av bygdemiljøet og ta vare på kulturverdiane i bygda, talemål, sed og skikk. Barnehagane skal byggje verksemda på dei etiske grunnverdiane som er forankra i lov om barnehage 1. Denne lyder slik: Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik at respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solodaritet, verdier som kommer til uttrykk i ulike relgioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene. Barn skal få utfolde seg skaperglede, undring og utforskertrang. De skal lære å ta vare på seg sjølv, hverandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggende kunnskaper og ferdigheter. De skal ha rett til medvirkning tilpasset alder og forutsetninger. Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne bardommens egenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i lek og læring, og være utfordrende og trygt sted for fellskap og vennskap. Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering. 4. Samarbeidsutval For å sikre samarbeidet med heimen skal kvar barnehage ha foreldreråd og samarbeidsutval. Foreldrerådet er sett saman av alle foreldra/føresette i barnehagen. Samarbeidsutvalet er sett saman av tilsette og foreldre i barnehagen slik at kvar gruppe er likt representert. Barnehagen sin eigar kan delta, men ikkje ha fleire representantantar enn kvar av dei andre gruppene.

Kommunen kan bestemme om det skal vera eit felles samarbeidsutval for kommunal barnehage og grunnskule som blir organisert på same vis med omsyn til representantar. Treungen, Haugsjåsund og Felle barnehage har samarbeidsutval i kvar barnehage. Kyrkjebygda barnehage har felles samarbeidsutval med Kyrkjebygda skule. Samarbeidsutvala konstituerer seg sjølv. For kvar representant skal det veljast ein personleg vararepresentant. Samarbeidsutvalet skal vere eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ for føresette og tilsette i barnehagane. 5. Barnehagetilbodet. Kommunen godkjenner antal barnehageplassar i dei ulike barnehagane. Barnehagane i Nissedal kommune gjev fylgjande tilbod: 2, 3, 4 og 5 dagar i veka. Kommunestyret vedtek opningstidene i dei ulike barnehagane. Alle barnehagane er godkjent for barn frå 1 år, og dermed må barn ha fylt 1 år før dei kan få plass i barnehagen. Personalet har 5 planleggingsdagar i året. Barnehagane er stengt desse dagane. Barnehagane er stengt i romjula og i dagane mellom palmesøndag og skjærtorsdag. Ferie. Eit barnehageår tek til i veke 34 og går ut t.o.m i veke 33 i etterfylgjande år. Barna skal i løpet av barnehageåret ta ut 4 vekers ferie. Tre veker skal vera samanhengande. Barnehagane er stengt i veke 29 og 30. Foreldre kan velge å ta ut ferie for barnet minimum veke 28-29- og 30 eller 29, 30 og 31. Ferien skal meldast barnehagen før 20 april i ferieåret. I veker med få påmeldte kan barnehagane bli slått saman. 6. Søknad om plass/opptak i barnehagen/ Oppseiing av barnehageplass Søknad om plass. Det kan søkjast om plass for alle barn som er busette i Nissedal kommune. Søknad om barnehageplass skjer på fastsett skjema. I samband med hovedopptaket i mars skal Treungen barnehage ha 2-3 ledige barnehageplassar for å kunne imøtekoma eventuelle behov i løpet av året. Foreldre som ynskjer at barnet skal bytte barnehage eller endre opphaldstid, må søkje om dette. Slike søknader blir handsama i samband med hovedopptaket. Søknader som kjem inn etter søknadsfristen, vert handsama fortløpande. Dersom det er ledige plassar etter at heile hovudopptaket er avslutta, kan opptak av barn frå andre kommunar bli vurdert. Dei får då barnehageplass for eitt år om gongen. Det må ikkje medføre ekstra kostnader for Nissedal kommune. Opptak av barn til barnehagen. Alle godkjente barnehagar i kommunen skal ha samordna opptak av barn.

Hovudopptaket skjer om våren. Tildela plass i kommunal barnehage gjeld til barnet tek til på skulen. Opptak av barn til barnehagen skjer administrativt, jfr. delegasjonsreglement for Nissedal kommune. Rådmannen har delegert oppgåva til einingsleiar for barnehage. Einingsleiar for barnehage og styrarane i dei ulike i barnehagane innstiller til hovudopptaket. Opptak til ledige plassar i løpet av året blir gjort av einingsleiar for barnehage i samarbeid med styrarane i den aktuelle barnehage. Formannskapet er klageorgan. Oppseiing av barnehageplass. Barnehageplassen gjeld frå det tidspunkt plassen er tildela frå. Plassen i barnehagen kan seiast opp med ein månads varsel gjeldande frå fyrste i fylgjande månad. Ein må betale for plassen i oppseiingstida. Oppseiinga skal vere skrifteleg. 7. Opptakskriterier. Barn som fyller eitt år i løpet av august månad det året hovedopptaket skjer har lovfesta rett til barnehageplass. Utover lovfesta rett til barnehageplass vert fylgjande kriterier lagt til grunn: a. Barn med nedsett funksjonsevne, jfr. 13 i Lov om barnehagar og sakkunnig tilråding b. Barn som er tilrådd av faginstans c. Barn av nye flyktningar skal prioriterast i Treungen barnehage så lenge føresette fylgjer introduksjonsprogrammet i kommunen. d. Barn av einslege forsørgjarar e. Barn som er 5 år i inneverande år f. Born frå krinsar som ikkje har eigen barnehage, skal ha høg prioritet ved opptak i den mest nærliggande barnehagen. g. Under elles like forhold blir søsken til barn som alt har plass prioritera, og vidare etter det får det eldste barnet plass 8. Betaling Satsane for foreldrebetalinga blir rekna ut etter maksimalgrense for foreldrebetaling sett av Stortinget i det årlege budsjettvedtaket. Nissedal kommunestyre vedtek foreldrebetalinga for deltidstilbodet. Foreldrebetalinga skal betalast ein gong pr.mnd. Det skal betalast for 11 månader i året. Utgifter til kost kjem i tillegg, og er etter sjølvkostprinsippet. Barn som får spesialpedagogisk hjelp etter Opplæringslova 5-7, får reduksjon i foreldrebetalinga i høve til tida som barnet får spesialpedagogisk hjelp. Det blir gjeve syskenmoderasjon etter statlege reglar. Dersom det er ledig kapasitet i barnehagen kan føresette som nyttar deltidsplass kjøpe ekstra dag etter fastsette gebyrreglar. Dette må avtalast med den aktuelle barnehage. Det er ikkje fråtrekk i foreldrebetalinga for feriar, planleggingsdagar og liknande. Manglande betaling kan føre til at plassen blir sagt opp, og barnet mister plassen i barnehagen.

9. Oppretting/avvikling av barnehagetilbod. Dersom det vert meldt eit behov for eit barnehagetilbod for min. 6 barn i ein krins, kan kommunen vurdere oppretting av eit tilbod. Dersom det vert mindre enn 6 barn i eit eksisterande barnehagetilbod, skal kommunen vurdere vidare barnehagedrift. 10. Arealutnytting Nissedal kommune har fylgjande norm for arealutnytting: 4,0 m2 leike- og opphaldsareal pr. barn over 3 år og 5,5 m2 leike- og opphaldsareal for barn under 3 år. 11. Internkontroll. Barnehagane følgjer Nissedal kommune sine vedtekne internkontrollrutiner, med tilpassing til barnehagane si verksemd. 12. Delegering. Rådmannen kan gjere endringar i vedtektene som er av administrativ karakter. Vedtektene er gjeldande frå 01.03.16.