Ulstein kommune Oppvekst- og kulturetaten VEDTEKTER FOR SUNDGOTMARKA BARNEHAGE Gjeldande frå 01.08.2012 1: RAMME FOR DRIFTA Barnehagen skal drivast i samsvar med Lov 17.juni 2005 nr. 64 om barnehager (Lov om barnehager), med føreskrifter og departementet sine merknadar, samt kommunale vedtak, rammeplan for barnehagen og årsplan for barnehagen. Ulstein kommune er ansvarleg for drifta av Sundgotmarka barnehage, som er ein kommunal barnehage. 2: FØREMÅL Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barna sine behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal byggje på grunnleggande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet, verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane. Barna skal få utfolde skaparglede, undring og utforskartrang. Dei skal lære å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggjande kunnskapar og ferdigheiter. Dei skal ha rett til medverknad tilpassa alder og forutsetning. Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens eigenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i leik og læring, og være eit utfordrande og trygg stad for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremje demokrati og likestilling og motarbeide alle formar for diskriminering. 3: ADMINISTRASJON Levekårutvalet er næraste folkevalde organ som er ansvarleg for barnehagespørsmål. Administrativt er barnehagen lagt til Kommunalsjef for oppvekst- og kultur. Styrar i barnehagen har det administrative og faglege ansvaret for den daglege drifta. Innanfor ramma av lov og føresegner kan rådmannen gjere administrative endringar. 4 : SAMARBEIDSUTVAL Samarbeidsutvalet (SU) skal ha seks medlemar, alle med personleg vararepresentant. Foreldrerådet, dei tilsette og eigar vel kvar sine to representantar. Styrar er sekretær for samarbeidsutvalet og har møte-, tale- og forslagsrett. Styrar har ikkje stemmerett. Representantar for foreldre og dei tilsette vert valde for eit år om gongen. Funksjonstida til kommunen sine representantar følgjer kommunevalperioden. SU konstituerer seg sjølv. SU er eit rådgjevande, kontaktskapande og samordna organ for barnehagen. SU skal ha rett til å uttale seg i saker som er viktige for barnehagen sitt innhald, for verksemda og i høve til føresette. Utvalet skal fastsetje årsplan for barnehagen. Styrar, som har det daglege administrative og faglege ansvaret for barnehagen si drift, syter for å ha nær kontakt med SU i viktige driftsspørsmål for barnehagen Samarbeidet er elles nærare definerte i merknader til 4 i Lov om barnehager. Alle som handsamar saker etter Lov om barnehagar har teieplikt i samsvar med 20.
5 : FORELDRERÅD/FORELDRESAMARBEID Alle foreldre/føresette som har barn i barnehagen er med i foreldrerådet. Foreldrerådet skal fremje fellesinteresser og bidra til at samarbeidet mellom barnehage og foreldregruppa skapar eit godt barnehagemiljø. Ved røysting vert det gjeve ei stemme for kvart barn, og vanleg fleirtalsvedtak gjeld. Foreldrerådet kan be om å få lagt fram saker som er viktige for foreldra sitt tilhøve til barnehagen. Foreldrerådet har rett til å uttale seg i slike saker før avgjerd vert teke. Møte i foreldrerådet skal haldast minst 2 gonger i året. Styrar kallar inn til første møte i løpet av september månad. Foreldrerådet sine representantar til samarbeidsutvalet vert valde på dette møtet. Barnehagen vil ha eit nært samarbeid med foreldra/heimane. Føresette/foreldre forpliktar seg til å ta del i barnehagen sine aktivitetar/gjeremål/dugnad i inntil 4 timar for året. Dette skal skje i samarbeid med styrar. 6 : OPPTAK Søknad om plass skal fremjast på elektronisk søknadsskjema. Dette finn ein på Ulstein kommune si heimeside: www.ulstein.kommune.no. Nytt opptak vert årleg lyst ut i januar/februar, med søknadsfrist 1.mars. Barn som fyller 1 år innan utgangen av august det året det vært søkt om plass, eller er eldre, har rett til barnehageplass dersom dei søkjer til hovudopptaket 1.mars og ynskjer plass frå august. Det er høve til å søkje om plass utanom hovudopptaket. Barn som ynskjer overflytting til ein anna barnehage i kommunen, søkjer på elektronisk søknadskjema innan 1.mars. Overflytting må sjåast i samanheng med samordna opptak og nye barn som skal prioriterast. Ei opptaksgruppe samansett av barnehagekonsulent, styrar frå kommunal barnehage og to styrarar frå privat barnehage gjer det endelege opptaket, dette i samråd med innstilling frå styrar i kvar einskilde barnehage. Barn som har fått tildelt barnehageplass, er sikra plass fram til skulestart. Plass i kommunal barnehage vert berre tildelt barn som er busette i Ulstein kommune. Dersom ein flyttar til ein annan kommune i løpet av barnehageåret, vil ein miste plassen etter endt barnehageår. Barn som ikkje får plass ved hovudopptaket vert sette på venteliste. Supplerande opptak vert gjennomført dersom det dukkar opp ledige plassar. Følgjande prioritering gjeld for opptak i barnehagen: 1. Barn med nedsett funksjonsevne, med tilråding frå sakkunnig hald. 2. Barn som det er fatta vedtak om etter lov om barneverntenester 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd 3. 5-åringar 4. Søsken til barn som har plass frå før 5. Barn som vil skape ei god gruppesamansetning med høve til individuell utvikling og gjensidig stimulering i gruppa. Det skal her nyttast loddtrekning innan grupper av alder og kjønn. Til pkt. 1 og 2 må det sendast inn vurdering/tilråding frå ekstern sakkunnig (t.d. lege, barnevernsteneste, PPT). 7 OPPSEIING AV PLASS Barnehageåret startar andre veka i august. Barn som er tildelt plass og bur i Ulstein kommune, beheld plassen til 31.juli det året dei startar på skule.
Oppseiingstid er 2 månadar. Dersom eit barn skal slutte i barnehagen i løpet av barnehageåret, må skriftleg oppseiing sendast barnehagen innan den 1. to månadar før. Dette gjeld og for reduksjon av plass. Dersom barnehagen får fylt opp plassen før oppseiingstida er ute, opphøyre krav om betaling for meir enn ein månad. 8: TILVENNING Når barnet tek til i barnehagen må foreldre/føresette vere saman med barnet i tilvenningsfasen som kan vare frå 2-3 dagar til 14 dagar. Ein har 2 månaders prøvetid ved barnehagen for å sjå om barnet finn seg til rette. I tilfeller barnet ikkje finn seg til rette gjeld ikkje 2 månadar oppseiingsfrist. 9: FORELDREBETALING Statens maksimalpris for foreldrebetaling gjeld i alle barnehagar. Betaling av kost kjem i tillegg. Det skal betalast for 11 mnd., medan juli er betalingsfri månad. Det vert ikkje gjeve fråtrekk for fråver, heller ikkje for dei dagane barnehagen er stengd. Det vert gjeve 30% søskenmoderasjon for barn nr. 2 og 50% for barn nr. 3. Moderasjonen omfattar søsken som bur fast saman. Faktura på foreldrebetaling vert sendt ut kvar månad med forfall den 20., for den månaden betalinga gjeld. Manglande betaling etter purring vil føre til oppseiinga av plassen. Eventuelle tidlegare ubetalte rekningar for barnehageplass må betalast før ny plass vert tildelt. 10: HELSE Før eit barn startar i barnehage, skal det leggast fram erklæring om barnet si helse. Dersom barnet har møtt til ordinær kontroll på helsestasjonen, kan slik erklæring gis av barnets føresatte. Dersom ikkje, skal slik erklæring gis av lege. Sjuke barn skal ikkje møte i barnehagen. Dette gjeld av omsyn til det sjuke barnet og for å hindre smitte av dei andre barna og personalet i barnehagen. Med sjuke barn meiner ein: barn som har feber, omgangssjuke, utslett eller andre sjukdomar som gjer at barnet ikkje kan vere ute. I tvilstilfelle avgjer styraren dette. Dersom det er farleg smittsam sjukdom i heimen skal barnet heller ikkje møte. Vert eit barn borte frå barnehagen på grunn av sjukdom eller av andre grunnar må det meldast frå til personalet snarast råd og seinast innan 2 dagar. 11: OPNINGSTIDER Barnehagetilbodet gjeld alle yrkesdagar med unntak av dagar mellom jul og nyttår (24.12 tom 02.01) og påskeveka (måndag etter palmesøndag tom. 2.påskedag). I tillegg har barnehagen 5 planleggingsdagar i løpet av barnehageåret. Planleggingsdagane vert ikkje rekna som feriedagar. Opningstida i barnehagen er frå kl. 06.45 17.00. Opningstida kan etter nærare vurdering i Samarbeidsutvalet tilpassast brukarbehovet. 12: FERIE Alle barn skal ha minst 4 veker ferie i løpet av eit barnehageår. Tre av vekene skal vere samanhengande og avviklast i tidsromet 15.06-14.08. Den fjerde veka kan leggast til jul/påske når barnehagen har stengt. Barn som byrjar på skulen må ha avvikla ferie innan utgangen av juli. Barna sin sommarferie må vere fastsett innan 01.05 i inneverande år. Ved behov (minimum 8 barn) er barnehagen open i sommarferien.
13: ANSVAR/ FORSIKRING Personalet har ansvar for barna i barnehagen si opningstid. Foreldra har ansvar for barna i hente og bringe situasjon. Barna er forsikra i den tida dei oppheld seg i barnehagen, og på turar/utflukter i barnehagen sin regi. 14: LEIKE- OG OPPHALDSAREAL Ulstein kommune har følgjande norm for leike-og opphaldsareal pr barn i barnehage: 4 kvm. pr. barn over 3 år og 5,3 kvm. pr. barn under 3 år. Arealet tek utgangspunkt i dei romma som faktisk står til disposisjon for barna sine aktivitetar. 15: BEMANNING Rettleiande norm for bemanning i barnehagen: Det skal vere minst ein pedagogisk leiar pr 14-18 barn, når barna er over 3 år. Dersom barna er under 3 år, skal det vere minst ein pedagogisk leiar pr 7-9 barn. Ved utvida barnegrupper vil pedagogisk bemanning bli auka, for å sikre ei samla pedagogisk bemanning etter lova. Rettleiande norm for totalbemanning bør vere 1 personale i heil stilling pr. 6 plassar over 3 år eller 3 plassar under 3 år. Dei som skal arbeide i barnehage, må legge fram politiattest. 16: TEIEPLIKT For all barnehageverksemd gjeld reglane om teieplikt i forvaltningslova 13 til 13f. Alle tilsette skal skrive under erklæring om teieplikt når dei tek til i jobben. 17: OPPLYSNINGSPLIKT Barnehagepersonalet skal gi sosialtenesta bistand i klientsaker, jfr. 21 I Lov om barnehagar. 22 I Lov om barnehager understrekar at heile personalet har meldeplikt overfor barnevernstenesta i samband med mistanke om barnemishandling og alvorleg omsorgssvikt. 18: INTERNKONTROLL Ulstein kommune har utarbeidd eiga handbok for internkontroll. I tillegg til denne har kvar enkelt barnehage eigne rutiner for internkontroll. 19: TILSYN Kommunen sitt barnehagetilbod, godkjenningsansvar og tilsynsansvar er fastsett i 8, 10 og 16 i Lov om barnehagar. Kommunen skal føre tillsyn med både kommunale og ikkje-kommunal barnehagar. Kommunen kan gje pålegg om retting av uforsvarlege eller ulovlege tilhøve i den enkelte barnehage. Dersom fristen for å etterkome pålegget ikkje vert halden, eller om tilhøva ikkje let seg rette opp, kan kommunen vedta tidsavgrensa eller varig stenging av verksemda. Eit slikt vedtak skal sendast fylkesmannen til orientering. Vedtak om retting og stengig kan påklagast til fylkesmannen. 20: ÅRSPLAN Barnehagen skal utarbeide ein årsplan for drifta.
21 : MAT KLEDE Foreldre/barn må innrette seg etter ordning for mat i barnehagen. Barna må ikkje ta med snop, tyggegummi eller brus i barnehagen. Barna må vere reine og ha reine klede tilpassa ver og årstid. Det vert lagt stor vekt på fysisk utfalding og uteleik i barnehagen. Barna må ha eit sett reservekle, evt. bleier og lette innesko/tøfler liggande i barnehagen. 22: LEIKER Barnehagen held leiker. Private leiker som barna har med kan barnehagen ikkje ta ansvar for. Leiker som barna kan skade seg på (f.eks leiker med smådelar), og voldsrelatert leiker, er ikkje lov å ta med i barnehagen. 23: ENDRINGAR I VEDTEKTENE Endring i vedtektene skal leggast fram i Levekår utvalet for endeleg avgjerd etter å ha vore handsama i samarbeidsutvalet i barnehagen. Prinsipielle og vesentlege endringar skal handsamast av kommunestyret. Vedtektsendring krev vanleg fleirtal.