HÅ KOMMUNE MØTEINNKALLING Utval for levekår Møtestad: Hå rådhus Møtedato: 21.12.2006 Tid: Kl. 12.00 NB! Merk møtedato og tid. Eventuelt forfall må meldast til telefon 51793012/51793114. Vararepresentantar får eiga innkalling dersom dei skal møte. SAKLISTE Utvalsak Arkivsaksnr. Tittel 97/06 06/917 UTBETALING AV AVSETTE MIDLAR TIL PROSJEKTERING AV SYMJEANLEGG OG FLEIRBRUKSHALL 98/06 06/2295 KONTRAKTSVILKÅR OG VEDTEKTER FOR BARNEHAGEPLASS I HÅ KOMMUNE FRÅ 15.02.2007 Varhaug, 11.12.2006 Oddmund Gravdal leiar i utval for levekår
HÅ KOMMUNE Sak 97/06 UTBETALING AV AVSETTE MIDLAR TIL PROSJEKTERING AV SYMJEANLEGG OG FLEIRBRUKSHALL Saksbehandlar: Karen Marie Undheim Arkivkode: 223 D11 Arkivsaksnr.: 06/917 Utvalsak Utval Møtedato 97/06 Utval for levekår 21.12.2006 Rådmannen si innstilling: Vedlegg: Skriv frå Varhaug IL datert 040906 m/fakturakopi Svar frå Hå kommune datert 120906 Skriv frå Varhaug IL datert 201106 m/fakturakopi Bakgrunn for saka: I kommunestyremøte 15.12.2005, sak 0084/05 vart det sett av 1.000.000 til symjebasseng/fleirbruksanlegg på Varhaug. Varhaug IL sendt 040906 inn prospekt over planane og bad kommunen registrera dette som ein spelemiddelsøknad. Arkitektfirmaet Knut Kolstø as sendte 16.11.teikningar for teknisk godkjenning til Kultur- og kirkedepartementet. Kopi vart levert Hå kommune. Varhaug IL har i skriv av 04.09. og 20.11.bedt om å få utbetalt dokumenterte utlegg til prosjektering av svømmeanlegg og fleirbrukshall. Svar frå kommunen på brev av 04.09. var fyljande: Utbetaling vil finne stad når arbeidet er ferdig eller kome godt i gang. I samband med prosjektet nye Loen vart det ikkje utbetalt frå avsette midlar før Hå kommune hadde gjort endeleg vedtak om å støtta eit konkret prosjekt. Vurdering: Saka vert lagt fram for vurdering. Side 2 av 7
KONTRAKTSVILKÅR OG VEDTEKTER FOR BARNEHAGEPLASS I HÅ KOMMUNE FRÅ 15.02.2007 Saksbehandlar: Tove Valdeland Arkivkode: A10 Arkivsaksnr.: 06/2295 Utvalsak Utval Møtedato 98/06 Utval for levekår 21.12.2006 Rådmannen si innstilling: Vedtektene og kontraktsvilkåra vert vedteke som vist i saksførelegget. Bakgrunn for saka: a) Innhaldet i vedtekter og kontraktsvilkår er endra i tråd med 12 i barnehagelova av 17 juni 2005. Der heiter det mellom anna at kommunen skal leggja til rette for ein samordna opptaksprosess for å sikre likebehandling av barn og likebehandling av kommunale og private barnehager. b) Innhaldet i vedtekter pkt 5 og kontraktsvilkår pkt 22 er endra til tidlegare betalingsfrist mtp inkassovarsel. Dette fordi at når ein gjer foreldre 3 månader betalingsfrist, og det er sendt til inkasso så har dei allereie opparbeida seg ei stor gjeld. Ved å seia 1 månad, har dei fleste rimeleg muligheit til å gjera opp for seg. c) Endringar er og gjort i kontraktsvilkåra pkt 14. Brukaren har til nå hatt ei passiv rolle der kommunen kan henta inn opplysningar. Det vert endra til ei aktiv formulering der brukaren må skaffa fram eiga naudsynt dokumentasjon. Vurdering: VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I HÅ 1. Eigarforhold Hå kommune eig og driv Høyland, Vigre, Vibereiret, Urhei, Breidablikk, Loen, Trekløveren, Lensmannsgarden, Vigrestad, Askeladden og Måken barnehagar. Barnehagane vert drivne etter Lov om barnehagar og dei til ei kvar tid gjeldane planar og føresegner. 2. Formål Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar av 17. juni 2005 nr. 64. 3. Opptaksmyndighet Opptaksmyndighet er Etat for skule og kultur i Hå. 4. Opptakskriteriar Søkjarar må vera busette i Hå. Søkjarar får plass etter dato for søknad. Dersom barn skal takast opp etter 13 i barnehagelova må det skje etter tilråding frå PPT eller vedtak etter lov om barneverntjenester. Faggrupper kommunen har særskilt behov for kan etter vedtak i AMU få prioritert barnehageplass for barna sine uavhenig av bustadkommunen. 5. Opptaksperiode og oppseiingsfrist Side 3 av 7
Plassen barna får tildelt, får dei behalda til den vert sagt opp skriftleg av den/dei føresette eller til barna begynnar på skulen. Oppseiinga må skje seinast 1 månad før barnet skal slutta, gjeldande frå 1. eller 15. i kvar månad. Plassen kan ikkje seiast opp med verknad etter 1. mai utan at ein må betala for resten av barnehageåret. Ved manglande betaling mister ein barnehageplassen. Dersom ein brukar har mista plassen, gjort opp for seg kan ein søkja på ny å få barnehageplass. Alle barnehagerekningane må betalast innan forfall for å få behalda plassen når det vert inngått ny avtale om barnehageplass. 6. Foreldrebetaling. Satsar for foreldrebetaling vert fastsett av kommunestyret for kvart kalenderår. Det er 11 betalingsterminar i året med betalingsfri i juli månad. 7. Leike- og opphaldsareal Leike- og opphaldsarealet er 4m2 netto pr. barn over 3 år og 5,5m2 netto for barn under 3 år. 8. Opningstid. Barnehagane har heilårsdrift. Heildagsbarnehagar har ope inntil 9,5 timar pr. dag. Korttidsbarnehagane og dei opne barnehagane følgjer skuleruta. Julaftan og nyttårsaftan er barnehagane stengde. Onsdag før skjærtorsdag stengjer dei kl. 12. I tillegg kjem 5 planleggingsdagar gjennom året der barnehagen er stengd. Samarbeidsutvalet ved kvar barnehage vedtek lokale tilpasningar av opningstida. 9. Ferie Barna skal i løpet av året ha 4 veker ferie, 3 av dei samanhengjande om sommaren. Barnehagane har ope i ferien. Av omsyn til ferieavviklinga held berre ein av barnehagane på Nærbø, Varhaug, Vigrestad og Ogna skulekrins ope i juli. Barnehagane gir beskjed kvart år om kva for barnehage som har ferieope. Barn som ikkje skal fortsetja i barnehagen må ta ferie innan dei sluttar 31. juli. Eventuelle unntak frå denne regelen kan takast opp med styraren før 1.5. Barn med store funksjonshemmingar kan bruka eit tilpassa tilbod om sommaren. Føresette må ta dette opp med styraren før 1.5. 10.Ansvar og forsikring Personalet har ansvar for barna frå foreldra leverer dei i barnehagen om morgonen til dei vert henta om ettermiddagen. Dersom andre enn foreldra skal henta barna, må barnehagen ha beskjed. Foreldre/føresette kan ikkje gi muntlege beskjedar via barna. Personalet skal ikkje ta barna med som passasjerar i eigen bil utan skriftleg løyve frå foreldra. Det er teikna kollektiv ulukkesforsikring for barna i den tida dei er i barnehagen og på veg til og frå barnehagen. 11.Internkontrollsystem Barnehagane har system for: HMS og Miljøretta helsevern i skule og barnehage. 12.Antal medlemmer i samarbeidsutvalet Antal medlemmer i samarbeidsutvalet varierer etter storleiken på barnehagen. Samarbeidsutvalet i kvar barnehage avgjer kor mange medlemmar dei skal ha. Side 4 av 7
Det skal alltid vera likt antal medlemmer frå foreldra og dei tilsette. I tillegg kan styraren møta med tale- og forslagsrett. KONTRAKTSVILKÅR FOR BARNEHAGEPLASS I HÅ. OPPTAKSVILKÅR: 1. Opptak i barnehage skjer heile året. Det er eit hovudopptak frå 1. august. Det er ein samordna opptaksprosess for kommunale og private barnehager, jf barnehagelova 12. 2. Foreldre/føresette kan søkja barnehageplass heile året. Søkjarane får plass etter dato for søknad. Det kan søkjast om barnehageplass når barnet er født. Opptak skjer etter ansiennitet. Har to søkjarar same søkjardato, vert det trekt lodd mellom dei. Dersom ein har motteke skriftleg tilbod om barnehageplass og takkar nei til tilbodet, men ynskjer plass seinare, vert ny ansiennitetsdato rekna frå den dato svaret vert registrert. 3. Barna vert rekna som 3-åringar det året dei fyller 3 år. 4. Barn med funksjonshemming kan etter sakkunnig vurdering få prioritet ved opptak, jf barnehagelova 13. Barn som har vedtak etter lov om barnevernsteneste har og prioritet ved opptak. 5. Innvandrarbarn over 3 år har fortrinn til barnehageplass. 6. For å få plass i barnehagane i Hå, må ein vera busett i kommunen. Etter vedtak i AMU kan fagpersonar som kommunen har særskildt behov for, få prioritert barnehageplass for sine barn utan omsyn til bustadkommune. 7. Dersom det i løpet av året blir ledige plassar i barnehagen, vil dei som alt har plass og har søkt om endring ha fortrinn. 8. Foreldre som tek imot barnehageplass ved hovudopptaket får krav om eit depositum som tilsvarar ei månadsbetaling. Plassen er ikkje gyldig før depositumet er betalt. 9. Etter 28 i forvaltningslova kan ein klaga på avslag på søknad om barnehageplass. Klagefristen er 3 veker. Klagen kan sendast til kommunen sitt klageorgan. BETALINGSVILKÅR: 11. Utgiftene til barnehagedrift blir fordelt mellom stat, kommune og foreldre. 12. Kommunestyret vedtek betalingssatsar for kvart kalenderår i samband med den årlege budsjettbehandlinga. Kostpengar kjem i tillegg. Det er 11 betalingsterminar i året med betalingsfri i juli månad. Side 5 av 7
13. Foreldrebetalinga blir fastsett etter foreldra/sambuarane si samla pensjonsgjevande inntekt, samt stønader frå folketrygda slik som overgangsstønad, barnebidrag, etterlattepensjon og uføretrygd. 14. Dei som har meir i samla årsinntekt enn det som gir høgaste betalingssats treng ikkje senda inn dokumentasjon. Dei som har lågare inntekt enn det som gjer høgaste betalingssats, får fastsett betalingssatsen etter hushaldet sine samla inntekter, jf punkt 13. Samstundes med at ein skriftleg tek imot barnehageplassen, må ein levera inn gjeldandre dokumentasjon på pensjonsgjevande inntekter, evt stønader frå folketrygda og avtalar om barnebidrag. 15. Dersom hushaldet får vesentlege endringar av inntekta, anten vesentleg meir eller vesentleg mindre, kan ein få endra betalingsats. Slik vesentleg endring kan vera: * arbeidsledighet eller opphør av arbeidsledighet. * går frå inntektsgjevande arbeid til studieplass eller omvendt. * hushaldet går frå ei til to inntekter. * vert einsleg forsørgjar * ved separasjon vert grunnlaget for foreldrebetalinga endra frå bevillingsdatoen Foreldra må uoppfordra gi skriftleg dokumentasjon på endring i inntekta, frå t d arbeidskontoret, skule, arbeidsgjevar. Ny månadsinntekt vert utrekna til årsinntekt som grunnlag for ny barnehagesats. 16. Den som har fast plass og som ikkje er i høgaste betalingsats må kvart år innan 15.12. levera dokumentasjon på inntekter og eventuelle stønader, ellers blir vedkomande plassert i høgaste betalingssats. Dersom ein leverer dokumentasjon på eit seinare tidspunkt, har ikkje denne tilbakeverkande kraft. 17. Innlevert dokumentasjon for lågare betalingssats gjeld berre for eit kalenderår. 18. Inntektsgrunnlaget blir justert pr. 01.01. 19. Depositum (gjeld tildelte plassar ved hovudopptak) Depositumet blir ikkje tilbakebetalt ved eventuell oppseiing av plass før barnet har begynt i barnehage. Innbetalt depositum blir fråtrekt på første barnehagerekning. 20. Reglar for redusert betaling for barn i barnehagar: a. Alle skal betala for barnehageplass i Hå kommune. Side 6 av 7
b. Foreldre/føresette må søkja om reduksjon av betalinag. c. Den delen av tilbodet som er gitt etter opplæringslova er gratis. Barn med behov for større grad av tilrettelagt opplegg kan etter søknad få inntil 50 % reduksjon i prisen. d. Det vert dessutan gitt syskenmoderasjon med 30 % for barn nr to, 50 % for barn nr tre og 75 % for barn nr fire. Det yngste barnet betaler 100 %, nest yngst 70 % osv. Dessutan kan det gjerast fritak for betaling ved langvarig sjukdom hos barnet: Ved samanhengande sjukdom over 40 kalendardagar, blir det gitt refusjon for foreldrebetaling i barnehage frå og med 41. dag. 21. Barnehagerekninga har forfall 20. kvar månad. 22. Misleghald av betaling Purring vert sendt 14 dg. etter betalingsfristen. Første purring er med inkassovarsel. Dersom rekninga då ikkje blir betalt, går den til inkasso. Ved manglande betaling for mister ein barnehageplassen. Dersom ein brukar mistar plassen, kan den gjera opp for seg, og kan søke på nytt for å få ny barnehageplass. Alle barnehagerekningane må betalast innan forfall for å få behalda plassen når det vert inngått ny avtale om barnehageplass. OPPSEIINGSVILKÅR: 24. Plassen barna får tildelt, får dei behalda til den vert sagt opp skriftleg av den/dei føresette eller at barnet begynner på skulen. 25. Oppseiinga må skje seinast 1 månad før barnet skal slutta, gjeldande frå 1. eller 15. i kvar månad. Plassen kan ikkje seiast opp med verknad etter 1. mai utan at ein må betala for resten av barnehageåret. 26. Ved flytting frå kommunen kan barnet behalda barnehageplassen ut semesteret. Side 7 av 7