NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10



Like dokumenter
Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Plan for Liabygda SFO

10/60-14/N-211//AMS

Sandeid skule SFO Årsplan

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

Vedtekter for SFO - Skolefritidsordninga

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

SKULEFRITIDSORDNINGA I SVEIO

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre»

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

Høyanger kommune. Plan for tilsyn med barnehagane i

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning i

KVALITETSPLAN FOR SKULEFRITIDSORDNINGA I TIME

Vedtekter for skolefritidsordning (SFO) i Agdenes. Forslag

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

2. Godkjenning Fusa kommune si rettleiande norm for netto leike- og opphaldsareal : 4 kvm. pr. barn over 3 år og 5,33 kvm pr.

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Samnanger kommune VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR. Vassloppa barnehage. Dråpeslottet barnehage SAMNANGER KOMMUNE

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

Revidert Oppvekst og omsorg,

T I L B O D SKULEFRITIDSORDNING

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

STRANDA KOMMUNE SØKNAD OM PLASS I SKULEFRITIDSORDNING (SFO)

Kviteseid kommune. Møteinnkalling

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

Skulefritidsordninga i Kvinnherad gjev følgjande tilbod:

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune

Nissedal kommune Kommunal plan for tilsyn med barnehagane i Nissedal kommune etter Barnehagelova

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Gunnvor Linde Gudvin Haraldsson Kari Bolstad Kjetil Nesse Anne Margrethe Kråvik

VEDTEKTER FOR SKOLEFRITIDSORDNINGE (SFO) I RISSA

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE. Jfr. Lov 17. juni 2005 nr 64 om barnehagar, 7 (Barnehagelova)

Lisjebøvegen 39, 6091 Fosnavåg, tlf: , e-post:

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Ann Margrethe Kråvik Kari Bolstad Gunnvor Linde Kjetil Nesse Gudvin Haraldsson

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE

SFO BØ SKULE SKULEÅRET

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE

Vedtekter kommunale barnehagar

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/ juni 2009

2009/2010. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Vanylven

Revidert - Formannskapet, Vedtekne Kommunestyret,

Barnehagebruksplan

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Kviteseid kommune. Møteinnkalling. Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 09:30

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

SØKNAD OM HJELPETILTAK FOR BORN OG UNGE 0-18 ÅR.

Alversund skule. Systematisk arbeid med eit godt skulemiljø etter 9a. Retningslinjer og Rutineskildring

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

Satser for egenbetaling i barnehage er hjemlet i Lov om barnehager, 15. foreldrebetaling:

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Vedtatt av Trondheim bystyre , endret av Bystyret i mai 2005, august 2007 og i september 2013.

KVALITETSPLAN OLWEUS ÅGOTNES SKULE 2014

VEDTEKTER FOR. Elvetun Barnehage AS

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

T I L B O D SKULEFRITIDSORDNING

Årsplan for SFO. Sandnes skule. Skuleåret

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Handlingsprogram og økonomiplan

Transkript:

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m. 15.02.10 1. FØREMÅL Det skal vere ein SFO i kommunen. Skulefritidsordninga skal leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hjå barna. Skulefritidsordninga skal gje barna omsorg og tilsyn og fremje sosial læring. Funksjonshemma barn skal gjevast gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal vera eigna for føremålet. Skulefritidsordninga skal vera eit tilbod før og etter skuletid og på eventuell fridag til barn frå 1.- 4.klasse og for funksjonshemma barn frå 1.- 7.klasse. Dei overordna måla for skulen vil og gjelde for fritidsordninga. 2. EIGAR Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol. SFO vert driven etter vedtekter godkjende i kommunestyret og etter sentrale pålegg. Utval for Kultur og Levekår er det politiske fagutvalet for SFO. Samarbeidsutvalet (SU) ved skulen, supplert med leiar av SFO, fungerer som styre for SFO. Foreldra tilknytta SFO, vel ein representant til SU ved Gol skule. Denne møter når saker som gjeld SFO, skal handsamast. 3. ORGAN FOR BRUKARMEDVERKNAD: FORELDRERÅD Foreldrerådet består av alle foreldre/føresette til alle barn i SFO. Foreldrerådet skal fremje samarbeidet mellom heimen og SFO. Det skal haldast minst to foreldremøte i året, eitt i haust- og eitt i vårhalvåret. På haustmøtet vel foreldrerådet ein representant til SU. Leiar av SFO kallar inn til desse møta. 1

4. INNTAK AV BARN Inntaksmynde Målsetjinga må vere at alle barn som ynskjer eit tilbod i SFO, får det. Rektor og leiar av SFO avgjer inntaket. Klage på inntak I fylgje Forvaltningslova 29 er fristen for å klage 3 veker frå det tidspunktet søkjaren mottek vedtaket. Klaga skal vera skriftleg og skal sendast rektor. Klageutvalet er endeleg klageinstans. Kunngjering Skulen kunngjer opplysningar om søknad til SFO gjennom annonse i lokalavisa. Søknad Føresette må søkje via elektronisk søknadsskjema som ligg på heimesida til Gol kommune. Søknadsfrist er 1. mars. Skulen sender skriftleg svar på mottatt søknad, og føresette må skrive under på at dei tar imot plassen. Inntaksperiodar Hovudinntak av barn i SFO skal skje i mars og gjeld eitt skuleår i gongen. Alle som søkjer innan fristen får plass. Inntak i løpet av skuleåret kan skje etter nærare vurdering og dersom det ikkje fører til behov for auka bemanning. Dersom det er fleire søkjarar enn det er plass til, vert inntaket gjort etter fylgjande vilkår: Barn av einslege foreldre i arbeid eller under utdanning, og som åleine fører tilsyn med barnet/barna. Barn som har begge foreldre/føresette i arbeid eller under utdanning. 6-åringar skal prioriterast, men det skal likevel leggjast vekt på å oppnå ei viss aldersspreiing. Barn med særlege vanskar kan takast inn føre andre søkjarar når det ligg ei fagleg vurdering til grunn for vurderinga av situasjonen og tilråding om inntak. Dersom det er plass, kan skulefritidsordninga ta mot barn for kortare periodarder det er særleg grunnar til det(sjukdom i heimen o.a ). 2

Auke eller reduksjon av opphaldstida må meldast på elektronisk skjema på heimesida til Gol kommune. 5. OPPSEIING AV PLASS Oppseiing av plass i SFO skal gjelde frå og med den 1. eller frå og med den 15. i månaden. Oppseiingstida er 1 månad. Oppseiinga skal vera skriftleg via brev eller e-post, og skal sendast skulen som vidaresender opplysningane til faktureringspersonalet i kommunen. Skulen kan også seie opp plassen med same fristar dersom betalingsterminane vert overskridne med meir enn 2 månader. 6. FORELDREBETALING Tilbodet i SFO skal finansierast gjennom kommunalt tilskot og eigenbetaling frå foreldra. Kommunestyret gjer vedtak om betalingssatsar for SFO ved budsjetthandsaminga kvart år. Betalinga skjer fast kvar månad ved bank- eller postgiro utsend frå kommunen. Eventuelle matpengar kjem i tillegg til gjeldande satsar. Eitt år i SFO vert rekna til 10 månader. Det skal betalast for påmeld plass sjølv om tilbodet ikkje vert nytta fullt ut (feriar, fridagar, sjukedagar o.l.). Sats for kjøp av enkeltdagar i skuleåret og i skuleferiane blir utrekna etter minste timesats i det ordinære SFO-tilbodet ganga med 9 timar. For elevar som ikkje har fast SFO-plass, skal sats for kjøp av enkeltdag liggje 25 % over sats for elevar som har fast plass. Det kan kjøpast halv enkeltdag/ ettermiddag i skuleåret, men ikkje i feriane. Satsen for dette er halvparten av ein heil enkeltdag. 7. TILHALDSSTAD, LEIKE- OG OPPHALDSAREAL SFO disponerer 1.høgda i det tidlegare internatbygget på Glitrehaugområdet, totalt om lag 150 m 2. I tillegg disponerer SFO om lag 10 mål uteområde med park, ballbane, skog- og hageområde og annan plass for leikeaktivitetar. Gol Kulturskule har tilhaldsstad i 2.høgda i same bygget. Herad skule (morgo-tilbod): SFO har lokale i sambruk med Herad Vel m.v. og held til i Grendalagsstugu i sokkelhøgda. Lokala blir også brukt av klassar ved skulen. 3

Inneområdet består av eit stort rom, 95,7m 2, kjøkken, eit vanleg klasserom og ein lang gang. SFO har også tilgang til sløydrom. Uteområdet er omlag 8 mål med fotballbane, leikeplass med leikeapparat, skogområde, grasbakkar og noko asfaltert område. Uteområdet vert brukt saman med skulen. 8. OPNINGSTIDER Skulefritidsordninga skal vera open frå kl.7.30 til kl.16.30. Tilbodet gjennom året er elles i fire alternativ: Alt. I: Inntil 6 timar i veka. Alt.II: Inntil 10 timar i veka. Alt. III: Inntil 16 timar i veka. Alt. IV: Inntil 25 timar i veka. Skulefritidsordninga held stengd laurdagar og i skulen sine feriar. Dersom det er færre enn 5 påmelde barn til eitt av morgo-eller ettermiddagstilboda, må andre organiseringsformer vurderast. Elles må tilbodet og bemanninga tilpassast elevane sin timeplan og behovet dei har for slik ordning. 9. FRÅVERE Foreldre/føresette gjev melding til SFO når eleven er sjuk, har bede seg fri frå skulen og elles når barnet ikkje kan vera i SFO til avtala dag og tid. 10. BEMANNING OG LEIING SFO skal ha ein leiar. Leiaren bør ha pedagogisk utdanning. Det skal vera utarbeidd arbeidsbeskriving for denne stillinga. Stillingsstorleik og administrasjonstid skal vere i samsvar med gjeldande regelverk.. Rektor har det overordna administrative, personalmessige og pedagogiske ansvaret for SFO, og avtaleverket føreset ein administrasjonsressurs for rektor til SFO på 8% av eit årsverk. Det skal vera følgjande rettleiande norm for bemanning: 1 vaksen tilstades i gruppe med 1-9 barn. 2 vaksne tilstades i gruppe med 10-24 barn. 3 vaksne tilstades i gruppe med 25-36 barn. 4

Vaksentettleiken aukar vidare med 1 vaksen pr. påbegynte 12 barn. Elevar med store spesial-pedagogiske behov utløyser tillegg i bemanninga. Etter vurdering kan personalet organiserast i forhold til det som er føremålstenleg sjølv om det avvik frå normen. 11. BUDSJETT Rektor har ansvar for å utarbeide budsjettframlegg. Styret for SFO gjev uttale om framlegget. 12. VERKSEMDSPLAN / ÅRSPLAN Leiar i samarbeid med rektor utarbeider verksemdsplan/ årsplan med overordna mål for verksemda. Denne planen skal skissere innhald i og mål for drifta og vise eventuelle satsingsområde. Det må takast omsyn til at barna har ulike behov for ro og kvile etter skuledagen. Planen bør innehalde oversikt over aktuelle samarbeidspartnarar og leggje grunnlaget for utvikling av gode samarbeidsformer. Konkrete aktivitetstilbod skal stette barna sine behov og inngå i den langsiktige målsetjinga. 13. SKYSS Skulefritidsordninga er friviljug, og foreldre/føresette må sjølve syte for å bringe og hente barna når ordinær skuleskyss ikkje kan nyttast 14. TEIEPLIKT Personalet ved SFO har teieplikt i alle forhold som vedrører barna og heimemiljøet deira; jf. lov om teieplikt av 10.2.1967 i forvaltningslova. 15. ENDRINGAR I VEDTEKTENE Endringar i desse vedtektene kan gjerast ved vedtak i Kommunestyret. 5