Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10
Velkomsthelsing. Leiar: Forsamlinga skal i dag ta imot dette barnet (bruk gjerne namnet). Vi gjer dette med glede og i bevissthet om det ansvaret dette legg på oss som kristen forsamling. Vi vil gjera det vi kan for å støtta foreldre og fadrar gjennom omsorg og forbøn, slik at barnet (bruk gjerne namnet) også kan bli verande hos Jesus når det veks opp. 1. Skriftlesing. Leiar: Lat oss høyra kva Bibelen seier om den situasjonen vi som menneske er i og den frelse vi døyper barnet til: o Rom 5:12 Difor, liksom synda kom inn i verda ved eitt menneske, og døden på grunn av synda, og døden såleis trengde igjennom til alle menneske, fordi alle synda o Rom 5:18 Altså, liksom éin manns brot vart til fordøming for alle menneske, såleis vart og éin manns rettferdige gjerning til livsens rettferdiggjering for alle menneske. o Rom 3:23 alle har synda og står utan ære for Gud. o Tit 3:4-7 Men då Gud, vår frelsar, openberra sin godleik og kjærleik til menneska, 5 frelste han oss, ikkje på grunn av rettferdige gjerningar som vi hadde gjort, men etter si miskunn, ved badet til atterføding og fornying ved Den Heilage Ande, 6 som han rikeleg har rent ut over oss ved Jesus Kristus, vår frelsar, 7 så vi, rettferdiggjorde ved hans nåde, skulle verta arvingar til det evige livet, som er vår von. Vi høyrer i Bibelen også om korleis Jesus tok imot dei små borna: o Mark 10:13-16 Og dei bar små born til han for at han skulle røra ved dei. Men læresveinane truga dei som bar dei. 14 Men då Jesus såg det, vart han harm og sa til dei: Lat dei små borna koma til meg, hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til. 15 Sanneleg seier eg dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal slett ikkje koma inn i det! 16 Og han tok dei på fanget og la hendene på dei og velsigna dei. o I tillit til at Jesus også vil ta imot våre born, ber vi dei no til den kristne dåpen, etter den befalinga som Jesus sjølv har gitt oss: Matt 28:18-20 Og Jesus steig
fram, tala til dei og sa: Eg har fått all makt i himmelen og på jorda! 19 Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, 20 og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står! 2. Forsaking og tru. Leiaren: o Lat oss saman vedkjenna forsamlinga si forsaking og tru, som dette barnet (bruk gjerne namnet) skal døypast til. Alle: o Eg forsakar djevelen og alle gjerningane og alt hans vesen. Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord. Eg trur på Jesus Kristus, Guds einbårne Son, vår Herre, som vart avla ved Den Heilage Ande, fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde ogvart gravlagd, for ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, for opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader, skal koma att derifrå og døma levande og døde. Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene, oppstoda av lekamen og evig liv. Amen. 3. Bøn: Leiaren: Lat oss be: Evige, allmektige Gud, du som elska verda slik at du gav Sonen din, den einbårne, for at kvar den som trur på han ikkje skal verta fortapt, men ha evig liv. Takk for at vi i tillit til di frelsa får bera dette barnet (namnet) til dåpen i Jesu Kristi namn. Vi ber deg at du vil ta hand om.(namnet) som vi no ber fram for deg, du som frir oss ut av mørkre si makt og set oss over i din son sitt rike. Bevar (namnet) i ei sann tru til det evige livet. Lær (namnet) å frykta og elska deg. Lei (namnet) gjennom livet ved din Ande, bevar han/ho frå det vonde og lat han/ho veksa opp som barn i din familie på jorda. Høyr oss i Jesu namn. Amen. 4. Dåpshandling. Foreldre og fadrar kjem fram saman med representantar frå leiarskapen.
Mor eller far ber barnet. Leiaren vender seg til foreldrene og spør: o Trur du/de på Gud, Skaparen av alle ting? o Trur du/de på Jesus, Kristus, Frelsaren? o Trur du/de på Den Heilage Ande, Livgjevaren? Leiaren stiller tre viktige spørsmål til foreldrene: o Vil de at skal døypast til namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande? o Vil de hjelpa. til å bli betre kjendt med Jesus og følgja han? o Så spør eg forsamlinga og fadrane til barnet: Vil de be for (namnet), og saman med foreldrene, hjelpa..(namnet) til å bli betre kjent med Jesus og følgja Han? Forsamling og fadrane svarar: Ja! Leiaren: Eg teiknar korset over deg.. som eit teikn på den nye pakta som Gud har gitt til frelse for alle menneske 1. Ved Full neddykking o Ein av foreldrene held barnet og sjølve dåpen vert gjort. o Leiaren: I Namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande er du no Krossfesta med Jesus Kristus Gravlagd med Jesus Kristus Oppreist med Kristus 2. Uten full neddykking o Ein av foreldrene held barnet:. o Leiaren auser vatn 3 gonger på barnets hovud: Eg døyper deg i namnet åt: Faderen Sonen Den Heilage Ande Leiar held handa på hovudet:...(barnets navn) er nå: Krossfesta med Jesus Kristus Gravlagd med Jesus Kristus Oppreist med Kristus 5. Bøn og handspålegging Representantar frå leiarskapen og andre ber: o At barnet skal bli fylt av Den Heilage Ande o At Guds namn skal haldast heilagt for barnet o At Guds rike skal koma i og gjennom barnet
o At Gud skal forsørgja barnet gjennom heile livet. o At barnet skal få leva i Guds nåde og tilgjeving o At Gud skal leia barnet gjennom heile livet o At Gud skal verna og varda barnet frå det vonde Leiaren lyser velsigninga over barnet (held handa på hovudet til barnet) og seier: Herren velsigne deg og varde deg. Herren late sitt ansikt lysa over deg og vere deg nådig. Herren løfte sitt åsyn på deg og gi deg fred. Amen. Leiaren ber saman med forsamlinga Fadervår: Fader vår, du som er i himmelen! Lat namnet ditt helgast. Lat riket ditt koma. Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen. Gjev oss i dag vårt daglege brød. Forlat oss vår skuld, som vi og forlet våre skuldmenn. Før oss ikkje ut i freisting, men frels oss frå det vonde. For riket er ditt, makta og æra i all æva. Amen. 6. Lovprising. o Foreldrene kler barnet. o Dersom foreldrene ønskjer det, kan dei som ønskjer koma fram og be for/velsigna barnet, eventuelt med lovsong parallellt. o Leiaren: 1Pet 1:3 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, som etter si store miskunn har atterfødt oss til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde, o Fil 1:6 Og eg er fullt viss på dette at han som tok til med ei god gjerning i dykk, vil fullføra henne heilt fram til Jesu Kristi dag. o Lovsong.