Midsund kommune Møteprotokoll Utval: Kommunestyret Møtestad: Møterom, Midsund omsorgssenter Dato: 15.10.2015 Tid: 12:00 Faste medlemmar som møtte: Namn Funksjon Parti Frits Inge Godø NESTL V Arnstein Misund MEDL KRF Odd Helge Gangstad LEIAR SP Magne Reiten MEDL SP Anette Giæver Hoel MEDL SP Inger Lise Trønningsdal MEDL H Bjørn Wang MEDL V Adrian Sørlie MEDL H Randi Anna Hånes MEDL H Lars Joar Hagseth MEDL AP Nora Helene Dyrseth Blø MEDL AP Oline Dyrseth Blø MEDL AP Ann Kristin Holten MEDL V Liv Sissel Fanum MEDL SP Rolf Kristiansen MEDL FRP Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Parti Kolbjørn Ove Stølen MEDL H Robin Mikal Sørlie MEDL H Varamedlemmar som møtte: Namn Vara for: Parti Aslaug Jenset Sanden Kolbjørn Ove Stølen H Hallstein Solvang Robin Mikal Sørlie H Frå administrasjonen møtte: Namn Ketil Ugelvik Arild Sjøvik Astrid Abelseth Stilling Rådmann Økonomisjef Utvalsekretær
Underskrift: Vi stadfestar med underskriftene våre at møteboka er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Odd Helge Gangstad Ann Kristin Holten Rolf Kristiansen
SAKSLISTE Saksnr Innhald Arkivsaknr PS 15/62 PS 15/63 Underskrift Referatsaker Open post PS 15/64 Inneklima på kommunehuset 2015/25 PS 15/65 Nytt Administrasjonsbygg på kommunens tomt mellom Best og tomten tilhørende Ingemar Misund. G nr. 48. Bnr. 129 2014/513 PS 15/66 Oppmoding om busetting av flyktningar 2014/2 PS 15/67 Økonomirapport 2. tertial 2015 2015/486 Den 15. oktober vart det halde møte i Midsund kommunestyre på møterommet ved Midsund omsorgssenter. Frå kl 12.00 til 14.00 var det gjennomgang av budsjettarbeid ved økonomisjef Arild Sjøvik. Frå 14.00 til 14.30 informerte rådmann Ketil Ugelvik om innbyggjarundersøkinga i Midsund kommune utført mellom 26. september og 6. oktober. Frå 14.30 til 15.00 var det matpause. Møtet tok til 15.00. Møtet vart leia av ordførar Odd Helge Gangstad (SP) Kolbjørn Ove Stølen (H) og Robin Mikal Sørlie (H) hadde meldt forfall. Aslaug Jenset Sanden (H) og Hallstein Solvang (H) møtte som vararepresentantar. 17 voterande. Det var ingen merknader til innkallinga. Sakslista vart samrøystes godkjent. PS 15/62 Underskrift Samrøystes vedtak i Kommunestyret - 15.10.2015 Til å skrive under protokollen saman med ordføraren vert valt Ann Kristin Holten (V) og Rolf Kristiansen (FRP).
PS 15/63 Referatsaker Vedtak i Kommunestyret - 15.10.2015 Protokoll frå møte i Midsund kommunestyre 02.10.2015 vert godkjent. OPEN POST: Ordføraren informerte om: Som ei prøveordning ut året vil kommunestyremøta starte kl 12.00 og formannskapsmøta kl. 09.00. Det vil gje ei oversikt over meirkostnadane i forkant av ei saksutgreiing. Invitasjon til felles møte med formannskapet i Aukra kommune den 9. november 2015. Dette vert aktuelt dersom kostnadane på Kjerringsundet har kome. Rådmannen informerte om: Det er tilsett rådgjevar for oppvekstområdet: Siv Janne Håseth Eik. Logoped Barneverntenesta for Aukra, Midsund, Eide og Molde får utvida tilbod om helgevaktordning. Sak med avtale vil kome i november. Stamina vil leggje fram ein handlingsplan for inneklima på kommunehuset - den vert konkret og forpliktande og må vere politisk bindande. Oppsummering frå ROR sitt arbeid med kommunereformen. Inger Lise Trønningsdal (H) informerte om at ho vil vere representant frå Høgre i Forhandlingsutvalet for kommunereformen. Arnstein Misund (KRF) ynskjer ikkje å vere nestleiar til Kontrollutvalet og ba om at det vert gjort nyval. PS 15/64 Inneklima på kommunehuset På AMU-møte 17.09.2015 vart det gjort slikt vedtak: Viser til vedtak i AMU 05.02.2015 som vart lagt fram for kommunestyret 12.02.2015. AMU ber om at arbeidet med å skaffe nye kontor til administrasjonen får fortgang. Ordføraren la fram forslag til vedtak: Tas til etterretning. Samrøystes vedtak i Kommunestyret - 15.10.2015 Tas til etterretning.
PS 15/65 Nytt Administrasjonsbygg på kommunens tomt mellom Best og tomten tilhørende Ingemar Misund. G nr. 48. Bnr. 129 Forslag til vedtak: Midsund kommunestyre går ikkje vidare med nytt Administrasjonsbygg på G nr. 48. Bnr. 129. Behandling i Formannskapet - 12.10.2015 Rådmann orienterte om status i forhald til arbeidsmiljøet ved kommunehuset, i forhald til rapport fra Arbeidstilsynet og pålegg om utarbeiing av handlingsplan. Det ble votert over administrasjonen sitt forslag til vedtak om å ikkje gå vidare med nytt administrasjonsbygg på G nr 48. Bnr. 129 med 3 mot 2 stemmer. Det vart då fremma nytt forslag til vedtak fra SP ved ordførar Odd Helge Gangstad: 1. Formannskapet ber rådmann utrede administrasjonsbygg på Bøen. 2. Formannskapet ber rådmann utrede sentrumstomt på tomt G.nr 48 Bnr. 7. Kan hele eller deler av tomta nyttast til administrasjonsbygg. Nytt forslag til vedtak vart einstemmig vedteke. Vedtak i Formannskapet 12.10.2015 Midsund kommunestyre går ikkje vidare med nytt Administrasjonsbygg på G nr. 48. Bnr. 129. 1. Formannskapet ber rådmann utrede administrasjonsbygg på Bøen. 2. Formannskapet ber rådmann utrede sentrumstomt på tomt G.nr 48 Bnr. 7. Kan hele eller deler av tomta nyttast til administrasjonsbygg. Høgre ba om å få vise flyfoto over området, og la deretter fram forslag: Foreslår utredning av Midtbøtomta Gnr 48 Bnr 129 Forslag frå Midsund KRF: Ein vil la rådmannen også ta med Lyngja -tomta i utredningen for plassering av nytt kommunehus. Etter diskusjon vart det halde gruppe møte frå 16.40 til 16.55. KRF trekte sitt forslag. Høgre trekte sitt første forslag og la fram nytt forslag: Foreslår utredning av Midtbøtomta Gnr 48 Bnr 129 og av Lyngjatomta Gnr 48 Bnr 82 til tomt for nytt adm.bygg for kommunen. Rådmannen får mandat til å gå i dialog med naboar for å finne hensiktsmessige løsninger. KRF og SP la fram nytt forslag: 1. Midsund kommunestyre går ikkje vidare med nytt administrasjonsbygg på gnr 48, bnr 129
2. Midsund kommunestyre ber rådmannen planlegge administrasjonsbygg på Lyngja eiendommen. Etter diskusjon og gruppemøte frå 17.05 til 17.10 vart det prøvevotering: A. Fleirtalsforslaget frå formannskapet samrøystes nedstemt B. SP og KRF sitt forslag til vedtak 6 mot og 11 for C. Høgre sitt forslag til vedtak 11 mot og 6 for Ved votering A mot B, vart det samrøystes for B Ved votering B mot C vart det 11 for og 6 mot B vart vedteke med 11 mot 6 røyster Vedtak i Kommunestyret - 15.10.2015 1. Midsund kommunestyre går ikkje vidare med nytt administrasjonsbygg på gnr 48, bnr 129 2. Midsund kommunestyre ber rådmannen planlegge administrasjonsbygg på Lyngja eiendommen. PS 15/66 Oppmoding om busetting av flyktningar Forslag til vedtak: 1. Midsund kommune seier ja til å busetje 10 flyktningar i 2016. 2. Busetjinga i 2016 kan tidlegast skje i mars/april. 3. Midsund kommune vil på eit seinare tidspunkt gi svar på kor mange flyktningar vi vil busetje i planperioden 2017-2019. 4. Det vert oppretta 100 % stilling som integreringskonsulent frå 01.01.2016. 5. Midsund kommune startar planlegging av bygging av boligar/husvære. 6. Nye stillingar og nye tiltak knytta til busetjinga vert finansiert ved bruk av intergreringstilskotet. Samrøystes vedtak i Formannskapet - 12.10.2015 1. Midsund kommune seier ja til å busetje 10 flyktningar i 2016. 2. Busetjinga i 2016 kan tidlegast skje i mars/april. 3. Midsund kommune vil på eit seinare tidspunkt gi svar på kor mange flyktningar vi vil busetje i planperioden 2017-2019. 4. Det vert oppretta 100 % stilling som integreringskonsulent frå 01.01.2016. 5. Midsund kommune startar planlegging av bygging av boligar/husvære. 6. Nye stillingar og nye tiltak knytta til busetjinga vert finansiert ved bruk av intergreringstilskotet. Senterpartiet v/magne Reiten la fram forslag til nytt pkt 3 i formannskapet si tilråding: 3. Midsund kommune vil vidare busetje 14 flyktningar i 2017, og 10 flyktningar i 2018 og i 2019, jf. IMDI sitt brev av 27.07 2015. Ved votering vart SP sitt forslag til vedtak vedteke med 10 mot 7 røyster.
Vedtak i Kommunestyret - 15.10.2015 1. Midsund kommune seier ja til å busetje 10 flyktningar i 2016. 2. Busetjinga i 2016 kan tidlegast skje i mars/april. 3. Midsund kommune vil vidare busetje 14 flyktningar i 2017, og 10 flyktningar i 2018 og i 2019, jf. IMDI sitt brev av 27.07 2015. 4. Det vert oppretta 100 % stilling som integreringskonsulent frå 01.01.2016. 5. Midsund kommune startar planlegging av bygging av boligar/husvære. Nye stillingar og nye tiltak knytta til busetjinga vert finansiert ved bruk av intergreringstilskotet PS 15/67 Økonomirapport 2. tertial 2015 Forslag til vedtak: 1. Økonomirapporten per 2.tertial vert tatt til orientering. 2. Finansrapporten per 2.tertial vert tatt til orientering. Samrøystes vedtak i Formannskapet - 12.10.2015 1. Økonomirapporten per 2.tertial vert tatt til orientering. 2. Finansrapporten per 2.tertial vert tatt til orientering. Økonomisjef Arild Sjøvik orienterte om Økonomirapporten for 2. tertial. Vedtak i Kommunestyret - 15.10.2015 1. Økonomirapporten per 2.tertial vert tatt til orientering. 2. Finansrapporten per 2.tertial vert tatt til orientering. Møtet vart heva kl 18.25.