Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage



Like dokumenter
Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Informasjonshefte Tuv barnehage

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

10/60-14/N-211//AMS

Sandeid skule SFO Årsplan

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

VEDTEKTER FOR VILLVETTENE FRILUFTSBARNEHAGE DA Org.nr:

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Lisjebøvegen 39, 6091 Fosnavåg, tlf: , e-post:

Bli kjent med Orre Barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Månadsbrev for Rosa september 2014

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar

Plan for Liabygda SFO

VEDTEKTER FOR. Elvetun Barnehage AS

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

Informasjon til foreldre

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN

INFORMASJONSHEFTE A TIL Å

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

INNHOLD. Innleiing. Foreldresamarbeid. Pedagogikken i SFO. Målsetting for SFO. Aktiviteter inne/ute. Oversikt over aktivitetar hausten 2014.

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

VELKOMEN SOM BRUKAR I STOKKALANDSMARKA BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Plan for overgangar. for barn og unge

Du kan kontakte oss på denne måten: Askedalen barnehage Askedalen Leikanger.

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SANDE KOMMUNE

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE. Jfr. Lov 17. juni 2005 nr 64 om barnehagar, 7 (Barnehagelova)

Bjørnehiet SFO - informasjon

INFOHEFTE ASKEDALEN BARNEHAGE AS

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Plassebakken Barnehage

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

Månadsbrev for ROSA mars 2015

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Rettleiing ved mistanke om vald i nære relasjonar - barn

2. Godkjenning Fusa kommune si rettleiande norm for netto leike- og opphaldsareal : 4 kvm. pr. barn over 3 år og 5,33 kvm pr.

INFORMASJON BARNEHAGEN

Velkommen til nytt barnehageår!

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

SFO BØ SKULE SKULEÅRET

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

Du kan kontakte oss på denne måten: Askedalen barnehage Askedalen Leikanger.

Høyanger kommune. Plan for tilsyn med barnehagane i

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

INFORMASJON SUNDE BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Vedtekter for SFO - Skolefritidsordninga

SEIM BARNEHAGE Velkomen til nytt barnehageår

Maurtuå Barnehage. SAMAN SET ME SPOR

Transkript:

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Kjære foreldre/føresette Me ynskjer dykk og barnet dykkar hjarteleg velkomen til Lonevåg barnehage! Barnet dykkar har no fått barnehageplass i Lonevåg barnehage dei fastsette dagane fram til skulestart. Me gler oss til å ta imot dykk, og ser fram til å verta kjent med dykk. For at opphaldet i barnehagen skal verta til barnet sitt beste må me personalet i barnehagen og de foreldre samarbeide om oppgåvene. Det å ha barnet i barnehage er kan hende nytt for dykk, og me vil her gje litt informasjon om rutinar og reglar, og korleis barnehagen fungerer. Om Barnehagen Lonevåg barnehage har fem avdelingar. Me kan ta imot born i alderen 1-5 år. Barnehagen er ein heildagsbarnehage med opningstid frå kl. 7.00-16.30 kvar dag. Osterøy kommune opna barnehagen i januar 2005, tidlegare var det sjukeheim i lokala. Fossen og Solbjørghagen barnehage flytta inn på kvar si avdeling, etter kvart har barnehagen vorte utvida. Inneareal Barnehagen har to fløyer, med to avdelingar på kvar fløy. Den femte avdelinga er i kjellaren. Me har romslege og gode lokale, ca. 500 m2 til saman. Uteareal Uteplassen ligg i nær tilknyting til lokala inne. Den er stor, med variert terreng og fine klatretre. Nærmiljøet Me har svært gode høve til turar og leik nær barnehagen, så me prøver å vera mykje ute året rundt. Me kan nytta områda i Åsdalen, Kråkedalen eller ved Husavatnet, og det hender me nyttar idrettsanlegget til idrettsdagar eller som eit turmål. Lonevåg sentrum med t.d. bibliotek ligg ein gåtur unna. Grunnbemanning Me har Styrar i 100 % stilling, pedagogisk leiarar, barne- og ungomsarbeidarar, barnepleiarar, hjelpepleiar og assistentar. Til saman ei grunnbemanning på 18 heile stillingar. I tillegg kan me søkja om ekstrahjep til born med behov for særleg hjelp og støtte. Særleg hjelp og støtte Barnehagen vil m.a. ha kontakt med Pedagogisk psykologisk teneste ( PPT) og Familiens hus, slik at foreldre og barnehagen kan søkja råd og hjelp dersom det skulle vera naudsynt. Teieplikt Alle fast tilsette og vikarar i barnehagen har gjort seg kjend med, og underteikna teieplikt. Dette inneber at uvedkommande ikkje får kjennskap til personlege og private tilhøve som vedgår foreldre og born som går i barnehagen. Øvingsopplæring Barnehagen har tatt imot lærling når dette har vore aktuelt. Me er og praksisbarnehage for studentar frå Norsk lærarakademi. Ofte har me òg elevar frå ungdomsskulen og vidaregåande her i korte og lenge periodar. Alle som av ein eller anna grunn er innom barnehagen for å læra, observera eller arbeida skriv under på teieplikt.

Praktiske opplysningar Tilvenningstid Me ynskjer at borna skal få så god start i barnehagen som mogleg. Dei fyrste dagane er det trygt og godt å ha mor eller far med når dei skal bli kjende med personalet og dei andre borna. Me her i barnehagen vil prøve å få borna med i leiken, og ynskjer å skape gode relasjonar til borna slik at dei kan kjenna seg trygg utan foreldra. Nokre born finn seg fort til rette medan andre born brukar lengre tid. Dei fyrste dagane vil vera korte dagar slik at dei ikkje skal verta trøytte og leie. Me ynskjer at opphaldet i barnehagen skal kjennast positivt, slik at dei ynskjer å koma igjen neste dag. Når borna har starta i barnehagen er det viktig at dei kjem regelmessig slik at dei blir kjende med dei andre borna og kjenner samhald med dei. Borna får ein fast vaksenkontakt som står ekstra nær og kan hjelpa i byrjinga. De foreldre vil få tilbod om foreldresamtale med barnet sin vaksenkontakt i løpet av den fyrste tida. Dette møtet vert ei utveksling av informasjon, synspunkt og spørsmål i samband med barnet og barnehagen. Frammøte Når borna av ulike grunnar ikkje kjem i barnehagen ein dag er det viktig at de gjev beskjed om dette dagen før eller same morgon. Dersom borna skal koma seinare vil me gjerne ha beskjed om dette før kl. 9.30. Det same gjeld dersom dei skal hentast før 14.30. Foreldra har det fulle ansvar for transport til og frå barnehagen for borna sine. Borna skal fylgjast inn i garderoben og hjelpast med kleda når dei kjem, det same gjeld ved henting. Dersom andre enn foreldra skal hente borna må dette avtalast med barnehagen på førehand. ( sjå eige vedlegg) Me vil be dykk være nøye med tidene for henting. Barnehagen stenger kl. 16.30, då er personalet ferdig med sin arbeidsdag, og alle borna må vera ute av barnehagen. Ferie Lonevåg barnehage er til vanleg stengt 3 veker i juli. Alle borna må ha minst 4 veker ferie i løpet av året. Den 4. ferieveka må vera planlagt og takast ut heil, eller delast på romjula og påskeveka. Jfr. vedtektene Sjukdom Dersom borna vert sjuke slik at allmenntilstanden er dårleg, og / eller dei ikkje kan vera ute, skal dei haldast heime. Ved at sjuke born blir heime, er faren for at andre vert smitta mindre, og ein unngår sjukefråver både for born og personale. Dersom borna vert sjuke eller skadar seg medan dei er i barnehagen, vil de foreldre straks få melding om dette slik at de kan få henta borna heim så snart som mogeleg. (Vedlagt finn de retningsliner vedr. sjuke barn og barnehagar.) Utstyr til barnet Borna må ha med klede som høver for leik ute i allslags vær. Borna bør ha minst eit heilt klesskift i barnehagen, og alle bør ha tøflar/innesko. Foreldra har ansvaret for at borna har alt dei treng i korgene sine, og å halde orden på barnet sin plass i garderoben.. Hugs å merka klede, sko, o.a. med barnet sitt namn! Bruk merkelappar (det heng brosjyre over slike merkelappar på oppslagstavla), eller tusj til å merka med. Skitne/våte klede må de ta med heim. Måltid Borna får all mat i barnehagen i staden for å ha med seg matpakke. For dette betalar de matpengar i tillegg til fast foreldrebetaling på rekning frå kommunen. Den dekkjer også frukt, drikke, baking og tilstellingar for born og vaksne.

Me har smørjemåltid til frukost, og smørjemåltid eller varm mat til lunsj. Lunsj og frukt er obligatorisk for alle, medan de kan velja om borna skal eta frukost i barnehagen eller heime. Frukosten i barnehagen varar fram til 08.30 Turar i privatbilar Det hender at me tar turar ut av barnehagen i privatbilar. Me ber dykk difor å skrive under på vedlagte skriv og returnera det til barnehagen dersom de gjev løyve til dette. Endring av tid/oppseiing av plass Dersom de ynskjer å auka opp, redusera eller sei opp barnehageplassen skal dette gjerast skriftleg til styrar ved barnehagen. Oppseiingstida er ein månad, rekna frå den 1. i kvar månad. Kommunale vedtekter Osterøy kommune har eigne vedtekter for dei kommunale barnehagane i Osterøy. Gjeldande vedtekter finn de vedlagt. Pedagogisk årsplan Barnehagen vil kvar haust utarbeida ein pedagogisk årsplan. Årsplanen gjev ei oversikt over barnehagen si drift, mål og metodar. Barnehagen sitt samarbeidsutval skal godkjenna denne planen. Styrande organ Foreldreråd Foreldrerådet er samansett av foreldre/føresette til alle borna i barnehagen. Styrar kallar inn til foreldremøte kvar haust. Ein vel då representant og vararepresentant til samarbeidsutvalet for barnehagen. Foreldrerådet kan halda møter på eige initiativ utan at personalet er med. Foreldra har ei stemme for kvart barn dei har i barnehagen. Foreldrerådet har til oppgåve: - å vera det formelle organet som gjev foreldra rett til medbestemming på verksemda i barnehagen - å fremje samarbeid mellom heim og barnehage - å drøfta og uttale seg i saker som angår foreldre og born i høve til barnehagen. Samarbeidsutval Barnehagen sitt samarbeidsutval trer i kraft ved byrjinga av barnehageåret, og er samansett av valde representantar frå foreldrerådet, dei tilsette og eigar - Osterøy kommune. Desse vert vald for eit år om gongen. Samarbeidsutvalet skal verta førelagt og har rett til å uttale seg i saker som er viktig for barnehagen sitt innhald, drift og forhold til foreldra. Slike saker er m.a. forslag til budsjett, driftsendringar, utnytting av ute- og inneareal m.m. Samarbeidsutvalet skal fastsetja ein årsplan for den pedagogiske drifta. Styrar lager sakliste og kallar inn til møte. Styrar deltek som skrivar, men har ikkje røysterett med mindre styrar er vald medlem.

Informasjon Foreldremøte Foreldremøte vert de skriftleg innkalla til to gonger årleg. På foreldremøta vert det gjeve viktig informasjon, og der kan de vera med å påverka innhaldet i barnehagen. Me prøver å variera innhaldet på møta. Foreldresamtalar Ikkje alle saker kan diskuterast på foreldremøte eller i garderoben. De vert difor invitert til til foreldresamtalar haust og vår. Dette er ein samtale mellom foreldre og pedagogisk leiar vedrørande ting som har med ditt barn og barnehagen å gjera. Oppslagstavle Me ber dykk fylgja med på oppslagstavla i garderoben der me informerer om kva som skal skje i barnehagen, og saker som me meiner er viktig for dykk å få kjennskap til. I tillegg vert det sendt ut informasjon på epost eller i papirform når det er særlege ting me vil informera om. Planleggingsdagar barnehageåret 2014/2015 Barnehagen har fem planleggingsdagar i året, då er barnehagen stengd. Måndag 11. august 2014 Tysdag 12 august 2014 Fredag 02. januar 2015 Fredag 06. februar 2015 Fredag 15. mai 2015 I romjula og på måndag, tysdag og onsdag før skjærtorsdag er barnehagen open. Vi gjer merksam på at barnehagen er stengd jule- og nyttårsafta, og onsdag før skjærtorsdag stenger me kl. 12.00. Satsar for foreldrebetaling 3 dagar pr. veke 1920,- 4 2180,- 5 2405,- Syskenmoderasjon 30 % for 2. barn 50 % frå og med det 3. barnet Satsar for matpengar: Frukost, lunch og frukt dagar pr. veke 3 kr. 200,- 4 kr. 250,- 5 kr. 300,-