Bolung - Bulung (gnr. 29)
|
|
|
- Gunhild Berge
- 9 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Bolung - Bulung (gnr. 29) Bolung: Gardnamn som høgst truleg kjem av bolungr, lunne av stokkar, og som tydeleg fortel at tømmerrenna ved garden kan vera heilt frå alders tid. Skrivemåten av namnet har vore ustø og skiftande. I skrivne kjelder vil ein finne garden omhandla i eit diplom av år 1383, og gardnamnet er da i ei bøyingsform skrive i Bulunghum. Ein merker seg elles at garden alt da var delt, og at handelen i 1383 gjaldt sydra garden i Bulunghum. Frå kring 1450 er Bulunghe nemnt i Aslak Bolts jordebok saman med fleire andre Vingrumsgardar som da låg til erkebispesetet i Nidaros. Her i jordeboka av 1450 er det elles fortalt at bisp Eskil og hadde fått lagt engelandet Skagastad til Bulung. Ved reformasjonen i 1536 kom så bispegodset under Kongen, og vart snart etter administrert saman med Akershus len. I Akershus lensrekneskap frå den tid kan ein difor finne både mangt og mye om mange av Fåberg-gardane. Her tek vi elles først med at når det gjeld Bulung, er garden og nemnt i 1528, og brukaren der Asmund Bolang svara da sin part av ektraskatten Gjengjerden med 1 lod sølv, som var den vanlege utlikning for større gardar. I Akershus lensrekneskap for er gardnamnet skrive Bolunge, og garden svara da landskyld med 1 hud 3 bismarpund fisk, så det var kjent til topps at Bulung alt da hadde eit årvisst og godt fiske. Tre år seinare er det i fortalt at ein brukar på garden ved namn Gullik Bullung vart dømt til å betale ei bot til Gudbrandsdal provsti med 1 ku for han dulde 3 kalvskind aff Rønno Kircke att giffue skatt aff. I skattelista for bygningsskatten 1594 er derimot gardnamnet skrive Bolling, og garden er ført i gruppa med dei 28 største gardane i bygda. I lista over tiendekorn for 1604 er derimot namnet skrive Bullung, og garden svara da 2½ tønne som t.d. Nordhove, Dal og Tråset. Frå Bolung i Rasmus Bolung si tid er det elles vidare fortalt at han i 1611 var Leylending, og at han i og fekk 1. bygsel på 9 skind krongods i en ødegaard Wingnes som ligger udi floomaall. Året etter går det elles fram at same Rasmus Bolung i den tid og hadde bygsla over 2 huder krongods i Bolung og ½ hud i ødegrd. Rafneberg som bruges derunder. At same Rasmus Bolung var ein vørd mann i bygda, går tydeleg fram av at han i 1615 vart vald som lagrettesmann i saka etter Anders Svenske som slo i hjel Peder Gustum og var undveget og rømt. Skrivemåten Bollung er brukt i Det er da fortalt at Hans Rasmussen fekk 1. bygsel på 2 ødegarder Vingenes og Raffneberig som før har været brukt under Bollung, og som hans mor avstod for ham. Med det same svara den nye bygslaren 13 rd. i bygselspengar. Derimot var mora Sønnøv Bollung framleis bygslar og brukar av hovedbruket Bolung og dessutan 3 skinn kyrkjegods til i , da sonen Peder Rasmussen leigde Bollung, som mor hans avstod, og som framleis hadde ei landskyld på 1 hud ½ pd. fisk krongods og 3 skinn kyrkjegods. Frå ein halv mannsalder seinare er manntalet for Kopskatten Anno Der er det så vidare oppgitt at Peder Rasmussen, også da var bygslar og brukar på Bollung, og at han Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 7
2 betalde den utskrivne skatten for 1 mannfolk og 1 kvinnfolk med tilsaman 1 mark 8 skl. i pengar. Dette var i dei lange krigane på 1600-talet, og i 1657 kom det ein annan ekstra krigsskatt: Kvegskatten 1657, som vart kalla slik fordi den vart utrekna etter krøtertalet på gardane. Her er det så i skattelista for 1657 vidare oppgitt at Peder BolsEng framleis var bygslar og brukar på BolsEng, og at buskapen hans der i den tid var: 1 hoppe, 16 naut, 6 geiter, 16 sauer og 3 griser. Den her framande skrivemåten BolsEng med variasjonar vann så etter kvart hevd og vart ei vanleg brukt form. Etter atter 7-8 år var det i 1665 også andre store forandingar på garden: Bolung var da lagt under kaptein Reichwein, og Christopher Pedersen, som da var 30 år, hadde tatt over som bygslar og brukar av garden. År 1668 kom den første norske matrikkelen med nemnande opplysningar om gardane. Der er det om Boeleng så vidare fortalt at det da var matrikulert 2 bruk av dette namnet. Dei to bruk var: a. Boeleng av skyld 1 hud 1½ pd. fisk, som framleis var Kongens Aleene, og som Christopher framleis var bygslar og brukar av. Buskapen av store husdyr på garden var da 3 hestar og 20 naut, og korntienda vart utreidd med 3 tønner, som altså svara til ei årsavling på 30 tønner. Vidare er det om garden og gardsbruket fortalt at enga, innmarka var temmelig goed, at det var skog nok til gjerdefang og brenneved, og at garden alt da hadde seter og sommarbeite for krøtera på Loerthoell Setter. Dessutan var det til garden og En Engeplads under Boelung av skyld 3 skinn, som var kyrkjegods, men som Christopher og var bygslar og brukar av. I Rulle over Gudbrandsdalen fogderis soldatlegder 1693, Faaberg Sogn er det elles opplyst at Boleng hørde med i 4. legd saman med Boro, Mellum i Vingrum og Bratberg, og at dei rulleførde soldater frå Boleng da var: Peder Christophersen, bundens søn, 19 år, og Amund Knudsen, tjenestedreng, 15 år. Tre år seinare var det i 1696 ting på Bolling i Faaberg, som gardnamnet der er skrive. Ei av sakene ved tinget gjaldt skjøte på garden til Nils Christophersen. Men tre år seinare fekk i 1708 Peder Christophersen, som vi kjenner litt til fra før, skadesløsbrev fra hr. major Reichwein på odels- og åsetesretten til grd. Buleng. Saka var elles atter fore ved tinget på Tollersrud i 1721, og det er da fortalt at Peder Christophersen hadde betalt 150 rd. for odelsretten til Bulung. Ein merker seg elles at alt i 1705 hadde dessutan Peder Christophersen fått bygselseddel på Bøllaug i Faaberg, Lillehammer annekskirke tilhørende, utgitt af stiftsskriver sr. Rasmus Broholm. Bygsla gjaldt sikkert den same Engepladtz under Boeleng av skyld 3 skinn som faren Christopher hadde bygsla på i Fleire nyare opplysningar om gardane kom med matrikkelframlegget av Der er det om Boeleng fortalt at Peder Christophersen framleis var oppsittar på garden. Elles er det vidare oppgitt at Bullung ligg i sollia og er lettbrukt, og at jordarten der er temmelig god og frugtbar. Buskapen på Bulung var da 4 hester, 20 naut, 20 sauer og 12 geiter, og den årlege utsæd av korn var kring 7 tønner bygg og 1 skjeppe rug. Den samla landskyld av garden utgjorde enda 1 hud, 3 skinn, 1½ pd. fisk, men matrikkelkommisjonen gjorde framlegg om at landskylda burde høgdast med 9 skinn. Her tek vi elles med ei sak av 17. febr som vedkjem mange gardar i Faaberg, og som etter utskrift av tingboka skal vera bokført slik: Faaberg 17. febr Odels- og pengemangelslysning fra madame Knoph på hennes bror generalmajor Lorentz Reichweins vegne, til det gods i Gudbrandsdalen som har tilhørt deres far, deriblant i Faaberg: Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 2 av 7
3 Boleng, Rafnum, Vingnes, Bierche, Suttestad, Kolleberg, Studtshoved, Uland, Torgersrud, Mellum, Sundpladsen, Skieggestad, Diserud, tre Jørstadgårder, Smestad, Lillehammer, Sulstad, Kindshaugen, Øyjordet, Høstmælingen, Lien, Michelsvarpet m.v. Dat. Bollerud, 3. febr År 1736 var husbonden Peder Christophersen død og det var arveskifte på Boleng i Faaberg. Ved dette skiftet utgjorde dødsbuet med jordegodset medrekna brutto 2034 rd. og netto 1968 rd., så det var framleis stor velstand på Bulung. Arvingane ved skiftet var forutan enka Sønnøv Amundsdtr. f. Onsum dei 5 borna i ekteskapet, nemleg: a. Christopher f. 1718, b. Anne f. 1707, gift 1762 med Iver Ø. Traaset, c. Beret f. 1713, gift 1738 med Erich Pedersen Hov, d. Eli f. 1723, gift 1739 med Torger Iversen Ersgaard, e. Randi f. 1724, gift 1742 med Elling Seielstad. Sonen Christopher Pedersen som dermed tok over som husbond på Bulung, gifta seg i 1744 med Marit Henningsdtr. Skog f. 1726, og dei fekk i sitt ekteskap 7 born. Det var: a. Per f. 1726, død same året, b. Peder f. 1747, gift 1773 med Marit Jonsdtr. Engeland, c. Sønnøv f. 1750, gift 1767 med Ole Boro, d. Kjersti f. 1753, gift 1774 med Ole Halvorsen Hauger, e. Henning f. 1756, død 1770, f. Sessel, f. 1761, gift 1784 med Simen Kr. Fliflet, g. Amund f I Christopher Pedersen si brukartid kjøpte han elles ved auksjonsskjøte den engeplassen Bulung av skyld 3 skinn, som vi alt kjenner litt til fra før. Fleire opplysningar går fram av skjøtet dat. 14. april 1745, og som etter utskrift av panteprotokollen har denne ordlyden: Boleng Engeland. Auksjonsskjøte dat. 14 april 1745 tgl. 16. juni s.å. Hvorved Boleng Engeland skyldende 3 skind med bøxel beliggende i Faaberg prestegjeld, tilhørende kirken, selges til leilendingen Christopher Pedersen Boleng for sum 60 rd. Av disse er betalt kontant 20 rd. og for de øvrige 40 rd. har kjøperen utgitt sin obl. av D.D. hvorved kirken og dens eiere er med 1. pr.s ret stillet til underpant det herved solgte engeland. Pantebrevet som det her er vist til, er vidare etter utskrift sålydande: Boleng. Pantebrev dat. 14. april 1745, tgl. 16. juni s.å. Christopher Pedersen Boleng av Fåbergs prestegjeld er til Fåbergs hoved- og Lillehammer annekskirker deres eiere som er den menige almue i Fåberg skyldig 40 rd. med årlig, lovlig rente 5% for hvilke han med 1.ste pr. pantsetter sin ved skjøte av dags dato hjemlede engeplads Boleng, der skylder 3 skind med bøxel. Husmannsplassen Geitsvea ved Bulung er omhandla i ein bygselseddel av 1751, som etter utskrift er referert slik: Giedsveen: Bøxelseddel dat. og tinglest 4. oktober Fra Christopher Pedersen Boleng av Fåberg prestegjeld til Baard Baardsen på en under hans gård Boleng til underliggende husmandsplads Giedsveen kaldet beliggende oven gården mot årlig husleie. Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 3 av 7
4 Om folka her på Geitsveen i den tid veit vi elles at Bård Bårdsen da var enkemann, at han hadde vore gift med Marit Andersdtr., og at dei hadde ein son, Nils Bårdsen, som da var 18 år. Husbonden Christopher Pedersen brukte Bulung til han døde i 1781, da enka Marit Henningsen inntil videre tok over. Men i 1786 skjøta så mora og husfrua Marit Boleng atter garden over til sonen Amund Christophersen f på garden Boleng av skyld 1 hud 3 skinn 1½ bpd. fisk for kjøpesum 1499 rd. + eit føderåd taksert til 80 rd. årleg. Frå denne tid er elles den merkelege sak at det på forespurnad av fogden vart opplyst at på grannegardane Bolleng og Øre hadde brukarane da same både fornamn og farsnamn: Amund Christophersen. Om sterke og livskraftige enka husfru Marit Henningsdtr. f. Skog 1726 er elles å fortelja at ho i 1790 gifta seg oppatt til sitt 2. ekteskap, nemleg med enkemannen Ellef Asbjørnsen Skaarset, men dei to aldruge ektefolka fekk visstnok ingen born. Same året som den aldruge husfrua Marit Henningsdtr. i 1790 gifta seg oppatt, hadde ho elles ordna det slik at det den 27. sept. var arveskifte etter henne på Bolleng i Faaberg. Serleg å legge merke til ved dette skiftet er vidare at Formuen, som her truleg er det same som arvebuet netto, utgjorde 8060 rdl. Sonen Amund Christophersen, som i 1786 tok over som eigar og brukar av ættegarden, gifta seg i 1787 med Eli Kristensdtr. Fliflet f. 1766, og dei fekk 3 born, nemleg sønene: a. Christopher f. 1788, gift 1815 med enka Eline Olsdtr. Traaset, b. Christian f. 1801, gift 1834 med Marte Jørgensdtr. Sorgendal, c. Andreas f. 1809, gift 1846 med Sessel Christophersdtr. Fliflet. Av år er døme på ei sak mellom stefar og steson. Saka er elles etter utskrift av tingboka referert slik: Bulung i Fåberg. 9. oktb Amund Christophersen, eier av grd. Boleng har innstevnt Ellef Asbjørnsen Schaarset fordi han har solgt et lagesildfiskeri tilhørende citanten, hvorfor han under 18. juni 1792 har gitt skjøte og hevet kjøpesummen 399 rd. Efter begjæring fra innstevntes sakfører, utsettes saken til neste ting. 17. febr Efter innstevntes begjæring utsattes saken til neste ting. 19. juni Med begge parters samtykke opptas saken til domsavsigelse på høsttinget. 7. desb Amund Christophersen Boleng kontra Ellef Schaarset. Prok Wiborg møtte og sa at det spørges at parterne har forenet sig i denne sak og han fandt sig derfor beføiet til å begjære utsættelse til vårtinget. 18. febr Dom i dompr. 2 fol.105 a: Kontracitanten Ellef Asbjørnsen Schaarset bør til sin stedsøn Amund Christophersen Boleng betale den påstevnte kjøpesum for 1/6 part i fiskeriet Brøttet, tilhørende citantens gård Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 4 av 7
5 Boleng, med 399 rd. med renter fra påstevningen til betaling sker. Prosessens omk. oppheves. Ein merkar seg at 1/6 av Brøttet framleis vart rekna for å vera eit verdfullt fiskeri. År 1801 kom påbodet om folketelling, og det budde da 4 familiar på og/eller ved Boleng. Dei 4 familiane var: 1. familie: 1. Amund Christophersen, husbonden, 35 år, 2. Eli Christensdtr., kona hans, 34 år 3. Christopher Amundsen, son deira, 10 år 4. Syver Pedersen, tenestkar, 23 år 5. Peder Larsen, tenestkar, 17 år 6. Anne Jacobsdtr., tenestkvinne, 34 år 7. Berit Halvorsdtr., 20 år 8. Sidsill Iversdtr., tenestkvinne, 15 år 2. familie: 1. Lars Baardsen, husmann med jord, 50 år 2. Goroe Nielsdtr., kona hans, 45 år 3. Anne Larsdtr., dotter deira, 21 år 4. Berit, dotter deira, 13 år 5. Nils Larsen, son deira, 9 år 3. familie: 1. Niels Svendsen, National Soldat, husmann med jord, 31 år 2. Gunnild Pedersdtr., kona hans, 40 år 3. Anne Svendsdtr., søster til mannen, Gaaer i Dagleie 4. familie: 1. Jon Olsen, husmann med jord, 26 år 2. Sønnøv Olsdtr., kona hans, 33 år 3. Goro Jonsdtr., dotter deira, 4 år 4. Marit Nielsdtr., Inderste gaaer i Dagleie Frå åtte år seinare er ei tinglyst delekontrakt mellom gardane Vingnes, Øhre, Wottestad, Bolleng, Bratberg, Mælum og Furu vedr. skoghugst i sameiemark, og hvorved enhver gårds strekning blev bestemt. Fleire nyare opplysningar om gardane kom med matrikkelframlegget for Fåberg av Der er det om Boleng fortalt at buskapen av store husdyr i den tid var 5 hestar og 24 naut, og at den årlege kornavlinga utgjorde kring 95 tønner. Husbonden Amund Christophersen f brukte Boleng til i 1823, da han skjøta garden over til sonen og odelsarvingen Christoffer Amundsen f. 1788, som samtidig gav føderådsbrev til foreldra. Den nye eigaren og brukaren av Boleng, Christoffer Amundsen, gifta seg i 1815 med enka Eline Olsdtr. Traaset, men dei fekk visstnok ingen born, og i 1831 skjøta så Christoffer Amundsen garden over til broren Christian Amundsen f Ved matrikuleringa av gardane i 1838 var den gamle landskyld i huder og skinn og fisk og smør skifta ut i ei matrikkelskyld uttrykt i skylddalar, ort og skilling. Løpenr. 54 Buleng (Bulung), som ein da atter finn gardnamnet skrive, fekk da som si nye matrikkelskyld: 13 skylddalar 0 ort 11 skilling, og det var da framleis Christian Amundsen som var eigar og brukar av Bulung. Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 5 av 7
6 I samband med folke- og jordbrukstellingane i 1865 vart det publisert fleire nyare opplysningar om gardane. Der er det såleis om Boleng oppgitt at det samla jordbruksareal av åker, eng og seterlykkjer i den tid utgjorde 414 mål, og dette var 173 mål jord av 1. klasse. Samtidig er det vidare oppgitt at buskapen på sjølve Bolleng gard var: 5 hestar, 26 naut og 18 sauer, men dertil var det på husmannsplassane til garden tilsm. 10 naut og 19 sauer. Ført på same måten var utsæden i den tid på sjølve Bulung gard: 13 tønner korn og 10 tønner settepoteter, men dertil var utsæden på husmannsplassane tilsm. ca 4½ tønner korn og 9 tønner settepoteter. Tre år seinare gav i 1868 Christian Amundsen skjøte til broren Andreas Amundsen for kjøpesum 1600 spd. + eit føderåd til broren Christian Amundsen, eit føderåd som var verdsett til 400 spd. Den nye eigaren og brukaren av Bulung, Andreas Amundsen f. 1809, var som før nemnt, gift med Sessel Kristofersdatter Flilfet, og dei hadde i sitt ekteskap 3 born, nemleg: a. Kristian f. 1850, b. Anna Elisa f. 1855, c. Agnete f I Andreas Boleng si brukartid var elles den omstridde fredinga av ein sameige-hamnegang i Vestfjellet. Fredlysingskontrakten skal vera tinglese 19. novbr Andreas brukte elles garden sjølv til i 1885, da han gav skjøte til sonen Kristian f på Boleng og hans halvdel af Knippen for kjøpesum kr ,- og et føderåd af 5 aarlig verdi kr 3.000,- Med i handelen følgde elles lausøyre for kr 2.200,-. År 1886 kom den lenge førebudde nye norske matrikkelen, og gardane fekk nye gards- og bruksnummer og ny matrikkelskyld rekna i skyldmark og øre, og slik at det var 100 øre i 1 mark. I denne vår nyaste matrikkel vart så gardnamnet atter skrive Bulung, og den nye matrikkelskylda vart sett til 23,66 mark. Etter ajourført matrikkel av 1904 var da vidare skjedd dei skifte at gardsnr. 29 bruksnr. 1 Bulung av skyld 23,66 mark var overtatt av Jørgen Ouren, og det var enda berre eit bruksnr. under gardnr. 29 Bulung. Som eit streif frå nyare tid tek vi her elles med at ved kommunevalet i 1907 budde det etter dette 11 personar med røysterett på og/eller ved Bulung: Dei 11 personar var: 1. gardbr. Jørgen T. Ouren,36 år 2. husmor Borghild T. Ouren f. Rindal, 29 år 3. føderådsmann Kristian A. Bolleng, 4. husmor Matia T. Bolleng, 49 år 5. stallkar Kristen Kristensen, 79 år 6. husmann Kristian Olsen, Gjeitsveen, 78 år 7. husmor Pernille Gjeitsveen, 75 år 8. tømmermann Even Larsen, 42 år 9. Pauline Kristiansdtr., kona hans, Gjeitsveen, 42 år 10. husmann Simen Samuelsen, Stykket, 41 år 11. inderst Kristen Mortensen, Bolongslien, 81 Av handlar i seinare tid med grn. 29 Bulung eller parsellar av garden tek vi her elles med at i 1909 var det så skylddeling, og bruket grn. 29 brn. 2 Gjeitsveen av skyld 0,47 mark vart Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 6 av 7
7 fråskilt garden og selt til Edvard Mathiasen. Thor Ouren tilhandla seg brn. 3 Skogstad av skyld 1,00 mark. og brn. 5 Aspeli vart selt til Anton H. Bretingen. Vidare selde så Jørgen Ouren i 1925 grn. 29 brn. 1 Bulung til Ole A. Rolstad, Fron, som var gift med Kristiane A. Ouren, ei brordotter av seljaren, husbonden Jørgen Ouren. Kjøparen Ole A. Rolstad, som er landbrukskandidat, vil elles vera godt kjent som disponent for Mjøsen Tømmersalgsforening. Ole Rolstad og fru Kristiane f. Ouren har 3 born, nemleg sønene: Arve f. 1925, Egil Andreas f. 1928, Tore f Ved jordbruksregistreringa av 1939 var det under grn. 29 Bulung fire bruk med kvar for seg eit jordbruksareal av åker, hage og eng på meir enn 10 mål (dekar). Dei 3 bruk var: a. Grn. 29 brn. 1 Boleng med eit jordbruksareal på ca. 245 dekar, som O. A. Rolstad var eigar og brukar av. b. Grn. 29 brn. 1 Bolengsødegården, jordbruksareal ca. 15 da, som O. A. Rolstad var eigar og Marcus Danielsen var brukar av. c. Grn. 29 brn. 2 Gjeitsveen, jordbruksareal ca. 15 da, som Herman Andersson var eigar og brukar av. d. Grn. 29 brn. 3 Skogstad meit eit jordbruksareal på ca. 40 dekar, som Mathias O. Holen var eigar og brukar av. Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 7 av 7
Nørstelid Nordlia (gnr. 118)
Nørstelid Nordlia (gnr. 118) Nordlia og Sørlia er grannegardar i det gamle Strandens bygdelag i Fåberg. Nordlia og Sørlia må og ha vorte rydda samtidig. I Akershus lensrekneskap for 1621-22 er det såleis
Børke (gnr. 36) Birki: Gamalt namn som viser til ein stad der det veks bjørk, ein bjørkelund.
Børke (gnr. 36) Birki: Gamalt namn som viser til ein stad der det veks bjørk, ein bjørkelund. I gamle skrivne kjelder finn ein gardane Birki i Fåberg omhandla i 2 diplom fra 1300-talet. Det eine er eit
I Hualle Qval - Kval (gnr. 114)
I Hualle Qval - Kval (gnr. 114) I Hualle: Namn i bøyningsform som truleg kjem av hvall, liten haug. Skrivemåten av namnet har vore ustø og skiftande. Der vart lenge skrive med forbokstaven Q. Namnet har
Rind - Aamot (gnr. 9)
Rind - Aamot (gnr. 9) Rind: Namn som sikkert kjem av elvenamnet R i n. Aamot: Namn som tyder møtestad for to åer, her møtestaden for Rinna og Åmotbekken, som i flomtida kan vera som ei lita å. Det er i
Grønlia Grønlien (gnr. 134)
Grønlia Grønlien (gnr. 134) Grønlia: Gardsnamn som i dette tilfelle mest sikkert kjem av fargenamnet grønn, grøn, grøn li. Skrivemåten av namnet har vore uvanleg stø og så å seia utan avvik dei siste 3-400
Ranngard - Randgård (gnr. 51)
Ranngard - Randgård (gnr. 51) Kommentar fra Opplandsarkivet: Gard nummer 62 Nyhus ble i gammel tid kalt Lillebreiseth og finnes så vidt omtalt under Breiseth. Senere ble Nyhus et underbruk under gnr. 51
Ormerud, Svea - Sveen (gnr. 104)
Ormerud, Svea - Sveen (gnr. 104) Ormerud: Namn der førsteleden viser til dyrenamnet orm. I skrift har garden det aller lengste av si tid vore kalla Ormerud. Skrivemåten av namnet har vore stø og med fåe
Myra - Myren (gnr. 102)
Myra - Myren (gnr. 102) Myra Myren i Saksumdalen er av dei gardane ein først finn noko nemnande om i matrikkelen av 1668. Der er det så fortalt at gardsbruket Myren da var krongods, som det truleg hadde
Presterud (gnr. 146)
Presterud (gnr. 146) Presterud: Namn som viser til at garden før låg til Prestegarden eller privat har tilhørt ein prest. I bygdemålet har namnet lenge vore uttala Prestrud. Skrivemåten av namnet har i
Høckelien Hauklia (gnr. 127)
Høckelien Hauklia (gnr. 127) Høckelien: Gardnamn som sikkert ikkje kjem av høg, men av hauk. Skrivemåten av namnet har vore ustø og med fleire ulike avvik. Garden finst først nemnt i matrikkelen av 1660
Haustmælingen (gnr. 85)
Haustmælingen (gnr. 85) Haustmælingen: Gardnavn som frå først av var brukt som namn berre på ein mindre del av garden. I skrivne kjelder vil ein kunne finne garden nemnt i eit diplom av 1471. Dokumentet
Rindal øvre i Vingrom (gnr. 12)
Rindal øvre i Vingrom (gnr. 12) - - For tidligere historie, se gnr. 11 Rindal nedre År 1668 kom som før nemnt den første norske matrikkelen med nemnande opplysningar om gardane. Der er det vidare fortalt
Hov i Vingrom (gnr )
Hov i Vingrom (gnr. 27-28) Hov: Namn som viser til det førkristne gudehuset hovet, som låg her ein stad. Sikkert var det da fleire gardar og grend her. Skrivemåten av namnet har vore ustø og skiftande,
Vingnes (gnr. 31) Av andre fornminne om manns ferd her på garden Vingnes er elles gravfunn frå vikingetida. Gravgodset var m.a. spjut, dolk og økser.
Vingnes (gnr. 31) Her i Fåberg er det som kjent ei grend som heiter Vingrom og i grenda ein gard av namn Vingnes. Førsteleden i båe desse namna er truleg det gamle elvenamnet Ving. Elva som renn like forbi
Gurustad Skog (gnr. 176)
Gurustad Skog (gnr. 176) Gurustad: Opphavet til namnet er ei samansetting av kvinnenamnet Gudrun og rudstadr: Gudrunarudstaden. slik er namnet skrivi i eit Fåbergbrev frå 1440: Tore Brynjulfsson erkjenner
Skikstad - Skjeggestad (gnr. 40)
Skikstad - Skjeggestad (gnr. 40) Namnet er i eldre tid skrive på fleire måtar. I eit diplom av 1517 er skrivemåten Skykelstadt, i jordbok for Hamar bispegods 1557: Skiggestadt, i jordbok for Fåberg prestebolig
Hoffuen Sørhove - Storhove (gnr. 184-186)
Hoffuen Sørhove - Storhove (gnr. 184-186) Kring 1650 var det vorte to grannegardar som i matrikkelen av 1668 båe har den framande skriveforma Hoffuen. I bygdemålet vart det eine kalla Sørhove Ner i Gard
Sæter i Saksumsdalen (gnr. 110)
Sæter i Saksumsdalen (gnr. 110) Sæter: Namn som tydeleg fortel at garden frå først av vart brukt som sæter; og dette tilfelle truleg av ein enda eldre gard i Saksumdalen. I skrivne kjelder finn vi garden
Torgersrud (gnr. 147)
Torgersrud (gnr. 147) Torgersrud: Gardsnamn som sikker kjem av mannsnamnet Torgeir. Skrivemåten av namnet må seiast å ha vore stø og lite skiftande. Namnegranskarane går ut frå at eit utydeleg namn i eit
Vnisæimi - Onsum (gnr. 122)
Vnisæimi - Onsum (gnr. 122) a Vnisæimi: Gardnamn som i dette tilfelle vanskelig let seg tyde. Namnegranskaren O. Rygh går ut frå at namnet i tilfellet Onsum i Fåberg intet har å gjøre med gudenavnet Odin.
b. Kari, døypt 1734, c. Ole, døypt 1736, d. Sessel, døpt 1738, e. Mons (Mogens), døypt 24.04.1740.
Ravnum (gnr. 35) Ravnum. Truleg den eldste av dei 3 gardane her i ein krins som alle opphaveleg hadde fuglenamnet hrafn som førsteled i namnet. Skrivemåten av namnet har vore ustø og skiftande, men som
De øvrige penger skylder Peder Fagstad for 200 pund tobak og 1 dusin piper. Han er ikke stevnt.
Lunde (gnr. 39) Lunde: gardnamn av naturnamnet lundr, lund, holt liten skog. I Fåberg har skrivemåten av namnet vore stø og historisk kjenneleg gjennom lange tider. Det eldste minne om manns ferd her på
Dalby (gnr. 101) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 9
Dalby (gnr. 101) Dalby: Gamalt gardnamn som direkte kan oversettest til Dalgarden. Namnet fekk i skrift tidleg dei stumme lydanen e og h, Dahlbye, men har elles hatt ei stø og lite avvikande skriveform.
Rindal i Saksumdalen (gnr. 105)
Rindal i Saksumdalen (gnr. 105) Rindal: Gardnamn av same opphav som Rindal i Vingrom: elvenamnet Rind, Rinna, dativ: Riin. I skrift har Rindal i Saksumdalen og vore kalla Rindal Lille. Under dette Rindal
Om brøde og straf handlar ei leiermålssak fra Gaustum i 1670. Saka er i ei utskrift av tingboka referert slik:
Gaustum (gnr. 161) Gaustum skal vera eit svært sjelda gardnamn, og det ligg nær å tru at opphavet til namnet har noko med dei naturlege tilhøve å gjera. Ein merker seg at grunnorda i namnet kan vera gustr,
Lundergarde Lundgård (gnr. 123)
Lundergarde Lundgård (gnr. 123) Lundergarde: Namn der forleden sikkert er naturnamnet L u n d r, lund. Skriveforma av gardnamnet her i Fåberg vart tidleg Lundgaard, og denne skrivemåten har i det heile
Fliflet (gnr. 129) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 5
Fliflet (gnr. 129) Fridaflet: Gardnamn som Oluf Rygh tyder, og sikkert med rette, til Vakkersletta. Fornfunn er ikkje registrerte på Fliflet, men garden er sikkert av dei eldste i bygda. han er såleis
Tråset (gnr. 115) I skrivne kjelder fra mellomalderen er Tråset ofte nemnt alt på 1300-talet.
Tråset (gnr. 115) Tråset er ein av dei gamle store gardane ved nordenden av Mjøsa. Namnet er eit typisk setr namn, men kva det elles tyder, kan ingen seia heilt visst. Skrivemåten av namnet har lenge vore
Dal øvre (gnr. 170) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 6
Dal øvre (gnr. 170) Dalgardane. Dei tri gardane Dal øvre, Dal nedre og Øvstedal har sikkert vokse fram av ein og same opphavsgarden. Kvar denne opphavsgarden låg, kan ingen seia heilt visst, men fleire
Oudenhuuss nordre (gnr. 2)
Oudenhuuss nordre (gnr. 2) I matrikkelen av 1668 er det 3 bruk som alle er skrive Oudenhuuss. Av desse fekk garden til Jens snart kjenningsnamnet Odenhus nordre, og det er denne garden vi her skal sjå
Gellobergie Gilberg (gnr. 14)
Gellobergie Gilberg (gnr. 14) i Gellobergie: Namn der førsteleden høgst truleg opphavleg var gildra. Her på garden har ein og gildre-berg like ved. Av andre gamle minne om manns ferd her på Gilberg er
Øvstedal (gnr. 168) Dalgardane.
Øvstedal (gnr. 168) Dalgardane. Dei tri gardane Dal øvre, Dal nedre og Øvstedal har sikkert vokse fram av ein og same opphavsgarden. Kvar denne opphavsgarden låg, kan ingen seia heilt visst, men fleire
Ulland (gnr. 103) Gardnamn som truleg kjem av gardenamnet Ullr. Skrivemåten av namnet var i den eldste tid ustø og skiftande.
Ulland (gnr. 103) Ulland: Gardnamn som truleg kjem av gardenamnet Ullr. Skrivemåten av namnet var i den eldste tid ustø og skiftande. I skrivne kjelder finn vi garden ført i skattelista for Bygningsskatten
Kinnlia Kinnlien (gnr. 20)
Kinnlia Kinnlien (gnr. 20) Kinnli: Namn der førsteleden opphaveleg kan ha vore kinn, fjellside eller tjarn, tjern, som i bygdemålet blir uttala tjinn. Skrivemåten av namnet har vore skiftande, men som
Ersgard (gnr. 49) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 9
Ersgard (gnr. 49) Kommentar fra Opplandsarkivet: Gard nummer 57 Bu ble i gammel tid brukt under Ersgård og ble i perioder kalt Nedre Ersgård. Dette siste navnet kan også forveksles med en del av Ersgård
Dei 6 familiene på nedre Smestad var i same tid:
Smestad (gnr. 41) Smestad er ein av dei gamle sentrale gardar i Fåberg. Namnet blir uttala Smestad, og tydinga av namnet må seiest å vera uviss. Nå er storgarden Smestad delt i eit øvre og eit nedre Smestad
Hattestad med Høgsveen (gnr. 17 og 18)
Hattestad med Høgsveen (gnr. 17 og 18) Hattestad: Gardnamn som O. Rygh tolkar slik: Hattarstadir, hvori 1ste Led sandsynlig er Hattar,Gen. af et gammelt Mandsnavn Hattr. Der gives flere Stedsnavne, som
Rånerud (gnr. 121) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 6
Rånerud (gnr. 121) Ranarud: Gardnamn som mest sikkert kjem av det før nokså vanlege mannsnamnet Rani (Hrani). Skrivemåten av gardnamnet har elles vore svært ustø. Især på 1600-talet var skrivemåten den
Hamarr - Lillehammer (gnr. 60)
Hamarr - Lillehammer (gnr. 60) Hamar: Gardnamn som kjem av naturnamnet h a m a r r, ein bratt bergpall. Lillehammer: Namn som fekk den særoppgave å skilja ein mindre kjøpstad frå ein større Uttalen av
Lexhus - Lekshus (gnr. 4)
Lexhus - Lekshus (gnr. 4) Lexhus: Gardnamn der første-leden er mannsnamnet Leikr eller i dansk oversetting Leg. Skrivemåten av namnet har vore skiftande, men Som regel slik at det var godt kjennelag. Det
Aspaasen Åsen (gnr. 99)
Aspaasen Åsen (gnr. 99) Åsen har namnet sitt etter åsen mellom Døsgrenda og Saksumdalen. I skrift vart garden lenge kalla Aspaasen. Forstavinga er sikkert den brukte skriftform for osp. Det er mye osp
Sustad (gnr. 61) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 5
Sustad (gnr. 61) Suterastadir: Namn som kjem av sutari, skomaker. Eit merkeleg prov for dette har ein i manntalet for Gjengjerden 1528. Ein ventar i Fåberg å finne eit gardnamn Sudestad eller Suestad,
Hindklev (gnr. 97) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 5
Hindklev (gnr. 97) Hinkleiv: Namn som opphavleg kjem av hyrne, hjørne, Hyrnekleiv. Skrivemåten av namnet har vore ustø og er nå historisk lite kjenneleg. Det eldste vi finn om garden i skrivne kjelder
Rindal nedre i Vingrom (gnr. 11)
Rindal nedre i Vingrom (gnr. 11) Rindal: Gardnamn som sikkert kjem av elvenamnet Rind eller Ria, som det lyder i dativ i bygdemålet. Døme på elvenamnet brukt i dativ: Jordveigen rekk frå Rin, som her blir
Bjørstad (gnr. 188) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 5
Bjørstad (gnr. 188) Bjórstadir: Av mannsnamnet eller tilnamnet Bjórr. Rygh tidfester namnet til sein mellomalder. Det er eit sjeldant gardnamn, men finst i nokre tilfelle, især på Austlandet. Skrivemåten
Langseth (gnr. 65 66)
Langseth (gnr. 65 66) Langseth: gardnamn samansat av langr, lang og setr, seter. Garden var truleg først seter for ein enda eldre gard i nordre Ål. Uttalen av gardsnamnet Langseth i Fåberg har i bygdamålet
Bore Borud - Boro (gnr. 26)
Bore Borud - Boro (gnr. 26) Bore: Namn som med sitt alderdomlege særpreg truleg fortel at Boro er opphavsgarden i Vingrumsgrenda. Sentral som garden ligg i grenda talar det for det same. Grenda og garden
Røyni Røyne (gnr. 25)
Røyni Røyne (gnr. 25) Røyni: Gamalt gardnamn som etter denne eldste kjente form truleg viser tilbake til røyni, ein lund av rognetre. Skrivemåten av namnet har vore skiftande, men som regel godt kjenneleg.
Hovland (gnr. 113) Hovland: Namn som truleg viser til eit jordstykke som hørde til hovet, gudehuset, eller som hovet låg på.
Hovland (gnr. 113) Hovland: Namn som truleg viser til eit jordstykke som hørde til hovet, gudehuset, eller som hovet låg på. Av andre minne om manns ferd her på Hovland er elles fleire fornminne frå eldre
Holme (gnr. 52) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 7
Holme (gnr. 52) Holme: Gardnamn som kjem av naturnamnet holme, fleirtal: holmar. Det eldste ein finn namnet i skrivne kjelder frå Fåberg er i eit diplom av 1339 (avskrift av 1439). Der er det nemnt ein
Midtjørstad (gnr. 166)
Midtjørstad (gnr. 166) Midtjørstad var ein tvibølt gard med ei lang fortid alt i 1657. Da var Amund vorte brukar på øvre Midtjørstad; på nedre Midtjørstad heitte brukaren Oluf. Oluf hadde største garden,
Kirkerud med Flokeli (gnr. 159)
Kirkerud med Flokeli (gnr. 159) Kirkerud: Flokeli: Gardnamn som tydeleg fortel om fordoms samliv med kyrkja. Namn der førsteleden er floke, noko som har med ein vanske å gjera. I skrivne kjelder finn vi
Berg i Saksumdalen (gnr. 106 og 107)
Berg i Saksumdalen (gnr. 106 og 107) Berg: Namn på gardar som ofte er av dei eldste i dei grender der dei finst. Skrivemåten av namnet var i eldre tid ofte Berrig eller Berig, men var elles som regel stø
A Vidhæimea Vedum (gnr. 124)
A Vidhæimea Vedum (gnr. 124) a Vidhæime: Gamalt gardnamn som mest truleg kjem av naturnamnet vidr, skog. Skrivemåten av namnet har også her vore ustø og med mange ulike avvik. I skrivne kjelder finn ein
Tollersrud - Thorlæifsrud (gnr. 152)
Tollersrud - Thorlæifsrud (gnr. 152) Thorlæifsrud: Gamal namneform der forleden sikkert er mannsnamnet Torleifr. Skrivemåten især av forleden har vore skiftande og med fleire ulike avvik. Garden er fleire
Eyre Øhre - Øyre (gnr. 30)
Eyre Øhre - Øyre (gnr. 30) Eyre: Gardnamn som tydeleg viser til eyrr, sandøyr opplagd ved ein elve-os. Elva det her gjeld er Øyreselva, i fjern fortid truleg kalla Ving. Gard-namnet er av dei som fekk
SANDVIKEN Av Knut Raastad, skrivi i 2004
SANDVIKEN Av Knut Raastad, skrivi i 2004 Sandviken gnr. 100 bnr. 1 er nørdste garden i Nordherad. Tosten Håkenstad hadde ca. 1750 gjerda inn ei englykkje nord for Trælviken på 620 alen lang og 310 alen
Kastrud (gnr. 119) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 6
Kastrud (gnr. 119) Kastarud: Namn det 1.leden truleg er gmn. Kast, varp, ein fiskestad. Skrivemåten av namnet har i det heile vore stø og med fåe avvik. Kastrud er ein av dei gamle gardane i Fåberg som
Dal nedre (gnr. 169)
Dal nedre (gnr. 169) Dalgardane. Dei tri gardane Dal øvre, Dal nedre og Øvstedal har sikkert vokse fram av ein og same opphavsgarden. Kvar denne opphavsgarden låg, kan ingen seia heilt visst, men fleire
Sør-Hove - Hoffuen (gnr. 186)
Sør-Hove - Hoffuen (gnr. 186) Sør-Hove var tidleg delt mellom fleire brukarar. Det kunne føre til at jorda og skogen, fiske og beite vart godt utnytta. Men sameige og samdrift kunne og føre til misunning
Døsa Døsen (gnr. 19)
Døsa Døsen (gnr. 19) Døsini:Namn som opphavleg er den bundne form av d y s, steinrøys, liten gravhaug. I bygdemålet blir namnet ennå bøygt i dativ. Døme: D ø s a namnet. Han kjøpte D ø s a, men han dyrka
Lysgård (gnr. 50) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 8
Lysgård (gnr. 50) Liosgardhen: Gardnamn som truleg kjem av det før nytta mannsnamnet Ljot, Ljotr. I Fåberg finn ein namnet skrive: I 1442: Liosgardhen, i 1528 Liusgar, i 1578 Lysegaardt, i 1604 og 1723:
I mellomtida er det elles opplyst t Christen Tråseth hadde fått skjøte på grd. Mælum for kjøpesum 600 rd. Det galdt truleg ein handel med
Mælum (gnr. 165) Namnet Medaleimr leier ein inn på tankar om den eldste busetting i Jørstadgrenda. Kristofer Fliflet kom til at mest truleg heitte opphavsgarden her Berg. På Bergs grunn kom så seinare
Søgarden Jørstad (gnr. 164) (For tidligere historie se Nordgarden Jørstad gnr. 163)
Søgarden Jørstad (gnr. 164) (For tidligere historie se Nordgarden Jørstad gnr. 163) Etter matrikkelen av 1668 var det i den tid i Fåberg også ein gard Jørstad av skyld 1 ½ hud 2 bpd. 6 mrk fisk. Eigar
Smedsrud (gnr. 148) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 6
Smedsrud (gnr. 148) Smidszrud: Navn der 1. leden sikkert er mannsnamnet. SMIDR eller samnamnet smidr. I skrivne kjelder vil ein finne garden Smedsrud i Fåberg nemnt i Stiftsboka av 1578. Navnet er skrive
Sjulerud - Sighurdrrudi (gnr. 154)
Sjulerud - Sighurdrrudi (gnr. 154) Sighurdrrudi: Gardnamn som tydeleg kjem av mannsnamnet Sigurdr. Skrivemåten av namnet har i det heile vore skiftande og med fleire ulike avvik. Former som Siverud og
Frå tre år seinare er eit bygselbrev av 1795 som m. a. handlar om plassen Knipen. Om dette let vi og ei utskrift av tingboka fortelja:
Fakstad (gnr. 42) Faxastadir: Gardnamn som høgst truleg kjem av mannsnamnet Faxi. I Fåberg er namnet i 1442 skrivi Faxastader, i 1528 (sikkert feilskrivi) Saxestad. Elles har skrivemåten skifte mellom
Gnr. 12 Bnr. 1: Åbotsvik
Gnr. 12 Bnr. 1: Åbotsvik Bidrag fra fra "Gård og grend i Meløy" (1981) onsdag 05. mars 2008 Sist oppdatert lørdag 11. oktober 2008 Fra "Gård og grend i Meløy" (1981): Gnr. 12, bnr. 1, Åbotsvik, skyld 1,80
Balberg (gnr. 181) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 5
Balberg (gnr. 181) Balberg: Namn der første leden høgst truleg kjem av bard, kant, rant, brot, Bardaberg, der konsonantsamstellinga rd gav uttalen tjukk l: Balberg Som garden Balberg i Fåberg ligg til,
Flygstad (gnr. 139) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 7
Flygstad (gnr. 139) Eit av dei gamle, gode gardnamn som vanskeleg let seg tyde. Det ligg nær å tru det kan koma av eit mannsnamn Fljugr, men det må og seiast å vera uvisst. Ein merkar seg at i skrift var
Berge - Storberge (gnr. 43)
Berge - Storberge (gnr. 43) Namnet viser tilbake til ein gamal stor opphavsgard Berg dativ Berge, uttala Berje. For opphavsgarden talar, forutan namnet, det store samla jordbruksarealet som lenge låg til
Dallerud (gnr. 94) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 6
Dallerud (gnr. 94) Dallarud: Av det gamle mannsnavnet Dalli+rud, rudning. Gardnamnet Dallerud er elles kjent frå Askim og Rakkestad. Namnet skal og ha vore brukt i Sverike og på Island. I Fåberg finn ein
Huse (gnr. 173) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 8
Huse (gnr. 173) Namnet Huse som gardnamn er eit namn som kan passe for all tid. Det er eit godt namn på ein gamal gard, og det kan vera eit velvalt namn på ei ny bustad. Når det gjeld gr.nr. 173 her nørdst
Aurlia Aurlien (gnr. 131)
Aurlia Aurlien (gnr. 131) Aurlia: Namn der 1. leden truleg kjem av aurr, væte, våt sand, aur. Skrivemåten av namnet har elles vore svært ustø og med mange ulike avvik, så tydinga må seiast å vera uviss.
Sorgendal (gnr. 59) Men striden mellomde to partane gjekk vidare, og av 1742 finn ein ei sak som i samatrengt utskrift er referert slik:
Sorgendal (gnr. 59) Sorgendal er som gardsbruk gått ut av opphavsgarden Hamarr og har si eldste soga saman med den. Ved skjøte av 20. mars 1719 selde oberst Reichweins arvinger Lillehammer og Sorgendal
Foreldre. Besteforeldre
1. Elisabeth Eliasdtr, f. 7.7.1870 i Valnes, Stryn, 1 d. 10.9.1956 i Skåre, Oppstryn. Gift med Ole Pedersen Skåre, 22.4.1895 i Not. Publ. Nordfjordeid (borgerlig gift), 2 f. 22.7.1865 i Skåre, Stryn, 1
Bleiken (gnr )
Bleiken (gnr. 144-145) Bløykin: Namn som sikkert kjem av bleikr, bleik, lys av farge, samansett med vin, eng, engvoll. Skrivemåten av namnet har vore svært skiftande. Det eldste minne om manns ferd på
Skjedsvold nordre. Av Eirik Haugen, skrivi i 2017
Skjedsvold nordre Av Eirik Haugen, skrivi i 2017 Skjedsvold nordre er innerste garden i Skogbygda. Gammelt matrikkelnr. 45 og løpenr. 58a. I dag er garden delt i øvre og nedre, og det er fradelt to husmannsplasser.
Familierapport for Ole Pedersen Reskalvhagen og Marit Rasmusdatter Ree
Familierapport for Ole Pedersen Reskalvhagen og Marit Rasmusdatter Ree Ektemann: Ole Pedersen Reskalvhagen Også kjent som: Ole Pedersen Grut 1, Ole Pedersen Ree 2 1762 - Gudbrandsdalen Døpt: 1797 - Meldal,
Familierapport for Thore Olsen Reesmoen og Gurru Iversdatter
Familierapport for Thore Olsen Reesmoen og Gurru Iversdatter Ektemann: Thore Olsen Reesmoen Også kjent som: Thore Olsen Aaremmen 1, Thore Olsen Aaremsneset 2 1791 - Meldal, Sør-Trøndelag, Norge Døpt: 2.
Gravfestede Norddal Norddal kirke Døving kapell 1736 1750
Gravfestede Norddal Norddal kirke Døving kapell 1736 1750 Dato: Fornavn Patronym Gårdsnavn Q=Kvinne,H=Hustru, Fornavn Patronym aaaammdd PB=Pikebarn, GB=Guttebarn 17370212 Anne Jacobsdtr. Q 17370212 Tosten
Uppsalir Fryjordet (gnr. 16)
Uppsalir Fryjordet (gnr. 16) Fryjordet i Fåberg er ein av dei gardane som det ser ut mest sikkert må ha skifta namn. Vi skal her sjå litt nærare på dei historiske opplysningane som talar for dette. Av
Grønn tur på Månen. Kulturminner og kulturhistorier. 19. mai 2016 21. okt 2016 6 poster. Dette er en grønn tur for nybegynnere.
Grønn tur på Månen 19. mai 2016 21. okt 2016 6 poster Dette er en grønn tur for nybegynnere. Postene inngår i den tradisjonelle turorienteringen, og er en del av kartet Månen. Tilbudet er for de som har
Ev. referanse til Kolltveit
Spørjeskjema for dei nye bygdebøkene for Ullensvang herad 1. Bustaden Gardsnamn namn på bruket/bustaden Gardsnr. Bruksnr. festenr Bustadtype Bustaden er Bustaden vart bygd (år) adresse tidl. namn på bruket/bustaden
Notat om historie og kulturlandskap
Notat om historie og kulturlandskap på del av g.nr. 40, br.nr. 1 og 13 Hauge i Kvinnherad planlagt regulert til bustadføremål. Tunet 2012 Hatlestrand november 2012 Karin Rabben Vangdal og Svein-Åge Vangdal
Litt om slekta til Ole Paulsen Avkjærn
Litt om slekta til Ole Paulsen Avkjærn Samlet og nedskrevet av Ole Arild Vesthagen Oslo, februar 1997 Ole Paulsen Avkjærn (1) Ole Paulsen Avkjærn ble født 13.1.1848 på Sørumseie i Gran. Ole ble gift første
