Uppsalir Fryjordet (gnr. 16)
|
|
|
- Anne Aas
- 7 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Uppsalir Fryjordet (gnr. 16) Fryjordet i Fåberg er ein av dei gardane som det ser ut mest sikkert må ha skifta namn. Vi skal her sjå litt nærare på dei historiske opplysningane som talar for dette. Av stor interesse er da eit diplom av 1381 der det er fortalt at det var eit større makeskifte av jordegods slik at Berdor Ivarson gav Ivar Bjørnson 14 øresbol i nordre Birke mot 12 øresbol i Upsalum. Der er vidare fortalt at båe desse gardane låg i Vingharæimi. Ein merker seg vidare at båe desse gardane og måtte vera heller store gardar. Kvar var det da plass til ein såvidt stor gard som dette Uppsalir, som skulle liggje høgt over dalbotnen, etter det som namnet tyder? Ein merker seg og at dette Uppsalir var bytehandla med eit nordre Birke Tråset? Mange, mange år seinare var i desse gardane vorte krongods og var administrert under Akershus len. Da finn ein så blant det mangt og mye som er fortalt i Lensrekneskapen at det og var ein Elløff Knudson som fekk 1. bygsel på en rydningsplass før brukt under Troset og Bierke til slåttehede og nu for ham opladt at bygge på. Da Elløff seks år seinare svara Holding av bygsla si, skriv han seg ikkje lenger for Elløff Knudson, men for Elløff Fruegiord. Etter nye 3 år er namnet hans i 1634 skrive Elleff Fruegiord, og lanskylda av garden vart da høgda til 3 skinn. Av manntalet for Kopskatten 1645 går det fram at Elleff Fruegiorde var gift. Han betalde da den utlikna ekstraskatten for kona si og seg sjølv med ½ mark i pengar. År 1668 kom den første norske matrikkelen med nemnande opplysningar om gardane. Der er det om Frujorde vidare fortalt at av den samla landskylda, som da var høgda til 6 skinn, låg 3 skinn til Kongen, og dei andre 3 skinn til Ringsaker prestebol. Der er elles fortalt at Engen, innmarka var temmelig god, og at det var jord meir som kunne dyrkast. Buskapen av store husdyr var da 2 hestar og 10 naut, og korntienda vart utreidd med 1 tønne, som altså svara til ei årsavling på 10 tønner. Når det er oppgitt at det i Frujorde var ein liten humlehage, tyder det på at vi her ferdest på ein gard der det ofte vanka tilreisande eller andre gjester som var vant til å bruke øl til maten. Når namnet på setra til garden er skrive Dødsetter, er dette truleg ei feilskriving for Døsseter. Ein merker seg og at bygslaren og brukaren på garden også i 1668 er kalla Einluff, som namnet da vart skrive. Av Rulle over Gulbrandsdalen fogderis soldatlegder 1693 går det dessutan fram at Fruiorde hørde med i Faaberg Sogns 2. Legd saman med nedre og øvre Rindal, Gilberg og Ovren, men det var da ingen rulleført soldat frå Fryjordet, heller ikkje husbonden Ole. Om den Ole vi her har for oss kan andre kjelder elles fortelja at han var gift med Sigri Tommesdtr., og at dei hadde 2 born, nemleg: a. Ingri Olsdtr. f. kring 1680, b. Sidsel Olsdtr. f. 1682, død Ingrid Olsdtr. Fryjordet gifta seg visstnok med Iver Christensen i hans 2. ekteskap, og dei fekk isaman 6 born. Dei var: a. Ole f. 1700, gift 1735 m. Eli Pedersdtr. Hattestad, b. Christen, c. Sigrid, gift med Christen Larsen v/fosseødegården,, Øyer, d. Gunhild, g m. Even Olsen v/berg, Øyer, e. Marit f. 1707, død 1731, f. Maren, konfirmert Fleire opplysningar om gardane går fram av matrikkelframlegget frå Der er det om Fruiordet vidare oppgitt at oppsittaren der i den tid og heitte Iver Christensen, og at han sjølv var eigar av jordegods til 3 skinn i garden, men at dei andre 3 skinn framleis låg til Ringsaker prestebol. Husdyrhaldet på garden var da 2 hestar, 12 naut, 11 sauer og 8 geiter, og den årlege utsæd av korn utgjorde kring 3 tønner bygg og litt rug. Vidare er det om garden og Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 8
2 gardsbruket fortalt at Fryjordet ligg i sollia, og at jordarten der er temmelig god, dog noget koldlent. Ein merker seg elles at garden da hadde eiga bekkekvern, truleg i Beinstigbekken eller Døselva, at det var rikeleg med skog, og at setra hadde god hamn. Ni år seinare var det i 1732 synfaring og skyldsetting i Fryjordet, og om dette fortel ei utskrift av tingboka slik: Frujordet i Faaberg. 8. oktb Besiktigelse. Frujordet skylder 6 skind hvorav oppsidderen eier 3 skind med bøksel og Ringsaker prestebol beneficeret 3 skind m.b. Besidderen Iver Christensen angir at han årlig kan så 3 td. bygg og holder 3 herster, 14 nøt, 14 sauer og 12 gjeter. Sæterbol i almindingen og skog til husnytte i sameie med andre. Akeren befandtes i temmelig god stand ved oppsidderens møisomme arbeide. Skylden forhøies med 3 skind. Etter atter ni år var det i 1741 dødsbuskifte på Fryjordet i Faaberg. Den døde der var da Iver Christensen, og arvebuet utgjorde brutto 520 rd. og netto 506 rd. Arvingane ved skiftet var forutan enka Ingri Olsdtr. dei 6 borna etter husbonden, som alle framleis var i live. Så å seia samtidlig fekk og eldste sonen, Ole Iversen Fryjordet, søskenskjøte på farsgarden Frujordet da av skyld 4½ skinn og bygselseddel på prestebolsgodset Engerum da også av skyld 4 ½ hud. Dei nye husbondsfolka Ole Iversen og Eli Pedersdtr. skulle elles råkast av den store sorg at husbonden Ole Iversen døde alt året etter, i 1742, og at det var da atter dødsbuskifte i Fryjordet i Faaberg. Ved dette skifte viste det seg elles at arvebuet utgjorde brutto 338 rd. og netto 323 rd. Arvingane ved skiftet var forutan enka Eli Pedersdtr. dei 3 borna i ekteskapet, nemleg: 1. Iver, som da var 6 år, 2. Peder, 4 år, 3. Ingri, 2 år. Enka Eli Pedersdtr. gifta seg oppatt med Iver Christensen Ulland f. 1701, og dei fekk i sitt samliv 6 born. Dei var: a. Marit f. 1743, g m. Amund Jonsen Borud, b. Christen f. 1745, c. Beret f. 1746, g m. Even Johansen Hovland, d. Arne f. 1751, g m. anka Ane Olsdtr. Myren, Saksumdalen, e. Anne, f. 1754, g m. Christen Ravneberg, f. Ole f. 1760, g m. Marit Amundsdtr. Frå Iver Fryjordet si brukartid er ei tinglyst sak av 1753, som etter utskrift av tingboka har denne ordlyden: Fåberg 16. febr En delekontrakt om skogen Skuggerud ved elven Rinden, mellem Anders Moug med interessenter på den ene side og Iver Frujordet med Lars Døsen på den annen side. Dat. 7. febr Mot denne kontrakt protesterte elles Lars Ovren, Peder Rønne, Jon Borud og fl. frå Vingrum, da kontrakten deler skog og mark hvor de har sitt bruk. Av åtte år seinare er ei sak av 1761 som i enda sterkare grad handlar om folk og tilhøve på Fryjordet. Saka er elles etter utskrift av tingboka referert slik: Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 2 av 8
3 Fryjordet i Fåberg. 16. febr Iver Frujordet meldte at hans stifsøn Iver Olsen er odelsmann til gården Frujordet. Han er utkommanderet i Kongens tjeneste som soldat, men er besværet med døvhet særlig på det ene øre og med bræk og meen på sin ene fot, hvilket gjør ham ubekvem til soldattjeneste. Ovenstående ble bekreftet av 2 vidner, hvorom begjærtes tingsvidne. To år seinare gav i 1762 Iver Christensen Fryjordet skjøte til stesonen Iver Olsen, f. 1735, på grd. Fryjorde av skyld 4½ skinn med bygsel og 4½ skinn for den under meldte gård fra gammel tid underliggende Engerum kaldet som Ringsaker Prestebol er Allernådigst beneficeret, for sum 200 rd. Iver Olsen f. 1735, som dermed tok over som eigar og brukar av grd. Fryjordet, hadde i 1758 gifta seg med Berit Jonsdtr. Borud, og dei fekk 2 born, som båe vart døypt Ole, men som ble døde i ung alder. Da husmora Berit Jonsdtr. og døde i 1763, gifta husbonden Iver Olsen seg i 1765 oppatt med Kari Jonsdtr. Hammershaug, og dei hadde isaman 3 born. Dei var: 1. Jon f. 1768, g m. Berte Olsdtr. Bjørstad, 2. Berit f. 1771, død 1774, 3. Eli f. 1775, g m. Ole Stubberud. Iver Olsen Fryjordet var framleis brukar av garden i Av 5. oktbr. same året, er atter ei kontrakt om hogst og hamning i utmark. Saka skal elles etter utskrift av panteprotokollen vera ref. slik: Fryjordet. Kontrakt Dat. 1797, oktbr. 5. Tgl febr. 15. og 16. mellem Iver Fryjordet, Even Gielberg og Christen Neersveen ang. skoghugst og havnegang, at samme er bleven af os udmærcket, hvorefter enhver af os haver at rette sig og som ved en haffeld ere udmærcket, som af os paa begge sider i Standholdes, samme Haffelde tager sin Begyndelse fra et Kiend, kaldes Røn- Kiændet, som stræker sig ned til Rindahls-Samejen. Året etter gav så i 1798 faren Iver Olsen Frujorde skjøte til sonen Jon Iversen f på 4½ skind i Frujorde med bruksretten over Engerum, av skyld 4½ skind for 250 rd. samt føderåd. Så å seia samtidig fekk og den nye brukaren bygselseddel frå sokneprest Henrich Ancher på bruken av 4½ skinn i Frujordet kaldet Engerum. År 1801 kom påbodet om folketelling, og det budde da 2 familiar i Fryjordet. Dei var: 1. familie: 1. Jon Iversen, husbonden, 33 år, 2. Berthe Olsdtr. kona hans, 22 år, 3. Karen Jonsdtr. dotter deira, 1 år, 4. Jon Christensen, tenestkar, 36 år, 5. Jens Christensen, tenestkar, 15 år, 6. Kirsti Christensdtr., tenestkvinne, 38 år, 7. Sønnøv Rasmusdtr., tenestkvinne, 18 år, 8. Berit Rasmusdtr., tenestkvinne, 12 år, 9. Kari Jonsdtr., føderådskone, 56 år, 10. Ingebor Pedersdtr., Nyder Lægd, 72 år. 2. familie: 1. Svend Pedersen, husmann med jord, 52 år, 2. Beret Olsdatter, kona hans, 58 år, 3. Christen Svendsen, son deira, 12 år, 4. Berit Larsdatter, pleiebarn, 9 år. Husbonden Jon Iversen f og Berte Olsdtr. f fekk i sitt ekteskap 3 born. Dei var: a. Karen f. 1800, g.1819 med Erik Amundsen Olstad, b. Anne f. 1803, g m. Erik Olsen Bratberg, c. Johanne f. 1807, g m. Erik Pedersen Bliberg. Frå Jon Iversen si brukartid er vidare eit tinglese kommissjonsforlik, som på sin måte er opplysande, og som etter utskrift har denne ordlyden: Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 3 av 8
4 Fryjordet. Kommissjonsforlik Dat. 1809, juni 1. Tgl. 1809, juli 26. Jens Skjeggestad indkaldte Jon Frujordet fordi han lader havne med sine Kreature paa RindahlsØdegaarden, som er Rindals retmessige Ejendom. Jon Frujordet mødte og forbandt sig til ikke af ham eller hans Folk nogensinde vil eller skal med sine eller fremmede Kreature havne paa RindahlsØdegaarden eller dennes Ejendom og det slet ikke mod nogen Villie. Ein gjer merksam på at den RindahlsØdegaarden det her gjeld låg like inn til jordet i Fryjordet på sør-østre sida. Året etter denne saka var den 24. august 1810 husbonden Jon Iversen alt død, og det var da atter arveskifte i Frujordet i Lillehammer, Faaberg. Ved dette skiftet vart eiendomsgodset av Boets gaard Frujordet taksert for 2000 rd., og arvebuet utgjorde brutto 4660 rd. og netto 3168 rd., så det var framleis velstand i Fryjordet. Enka Berte Olsdtr. Frujordet gifta seg snarest etter oppatt med Christen Jacobsen Reistad, som så overtok bruken av garden. Den 1.desbr fekk Christen Jacobsen og bygselseddel frå presten Bergh på bruken av gaardepl. Engerum, som altså framleis var benefisert gods. Litt meir om storleiken på gardane i den tid går fram av matrikkelframlegget for Fåberg av Der er det om Frujordet oppgitt at buskapen av store husdyr i den tid var 3 hestar og 18 naut, og at den årlege kornavlinga utgjorde ca. 55 tønner. Det er vidare opplyst at garden da hadde 2 husmannsplassar. Just same året, altså i 1819, skjøta og brukaren Christen Jacobsen grd. Frujordet over til Erik Amundsen Olstad, som var gift med odelsarvingen Karen Jonsdtr. Frujordet f Karen Jonsdtr. Frujordet og Erik Amundsen fekk i sitt ekteskap fleire born. Dei var: a. Johan f. 1819, b. Amund f. 1822, død same året, c. Amund f. 1823, g.m. Oline Andersen, d. Iver f. 1826,død s.å., e. Berte f. 1827, f. Eli f. 1829, g. 1901? m. Mons Hansen Suttestad g. Kristine f. 1832, g.m. Mathias Glemmestad, h. Iver f. 1835, død same året, i. Johanne f. 1836, g.m. Ole Kindlien. Ved matrikuleringa av gardane i 1838 var den gamle landskylda i huder og skinn skifta ut med ei matrikkelskyld uttrykt i skylddalar, ort og skilling. Fruejordet fekk da som si nye matrikkelskyld: 7 skylddalar 4 ort og 20 skilling, og det var da framleis Erik Amundsen som var brukar av garden. Erik Amundsen brukte så Fryjordet vidare til i 1845, da han skjøta ættegarden over til sonen Johan Eriksen f Den nye husbonden, Johan Eriksen Frujordet, gifta seg i 1846 med Ingeborg Marie Sollien, Torpa, og dei fekk 5 born, nemleg: a. Erik f. 1846, b. Andreas f. 1850, ugift, kjøpte Li, Nes Hedmark, c. Karen f. 1856, g.m. Even Flugstad, d. Anne f. 1859, g.m. Peder Nilssen Steel, e. Elise f. 1863, g m. lærar Andreas Ulsaker. I samband med folke- og jordbrukstellingane i 1865 vart det publisert fleire nyare opplysningar om gardane. Om Frujordet med Engrum er det der opplyst at det samla jordbruksareal av åker, eng og seterlykkjer tilsaman utgjorde 351 mål, og av dette var 87 mål jord av 1. klasse. Samtidig er det oppgitt at buskapen på sjølve garden Frujordet da var 4 hestar, 19 storfe og 35 småfe, men dertil var det på husmannsplassane til garden tilsaman 8 storfe og 25 småfe. Ført på same måten var den årlege utsæden på sjølve garden det året: Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 4 av 8
5 kring 12 tønner korn og 11 tønner settepoteter, men dertil var utsæden på plassane tilsm.: kring 3 tønner korn og 7 tønner settepoteter. Fire år seinare var det i 1869 fleire handlar som vedkom Fryjordet. Eigaren og brukaren i den tid kjøpte da ein del av Haugerøgarden (grn. 15 brn. 9) av skyld 1,10 mark; samtidig kjøpte og Johan Fryjordet halvparten av Stillia skog, grn. 19 brn. 4. I samband med dette lånte Johan Frujordet 800 spd. i Norges Bank og 1000 spd. i Pensjonsfondet for Geistliges Enker, alt mot pant i grd. Frujordet. Desse obligasjonane vart elles avlese alt i Faren Johan Eriksen Frujordet brukte garden til i 1879, da han skjøta ættegarden Fryjordet over til sonen Erik Johansen Fryjordet for kjøpesum kr. 6000,- + føderåd av 5-årleg verdi kr ,-. Erik Fryjordet og hustru Juleane f. Flugstad, som dermed tok over som oppsittarar på Fryjordet vart i sitt ekteskap foreldre til 4 born. Det var: 1. Johan f. 1883, 2. Ingeborg Marie f. 1885, g m. Karl Bakken, 3. Arne f. 1887, g m. Gunvor Bruun, 4. Oleane f År 1886 kom den lenge førebudde nye norske matrikkelen, og gardane fekk nye gards- og bruksnummer og ny matrikkelskyld rekna i skyldmark og øre og slik at det var 100 øre i 1 mark. Fryjordet, som namnet der er skrive, fekk da som sitt nye gardsnummer nr. 16 av samla skyld 13,27 mark, og det var da 2 bruksnummer under gardsnummer 16 Fryjordet. Dei var: a. Grn. 16 brn. 1 Fryjordet av skyld 12,21 mark, som Erik Johansen framleis var eigar og brukar av, b. grn. 16 brn. 2 Engrum av skyld 1,06 mark, som Johan Eriksen der er oppført som eigar ell. brukar av. Erik Fryjordet f. 1846, som i den tid var eigar og brukar av Fryjordet, var forutan å vera ein driftug og dugande jordbrukar, og ein aktiv kristen. Han opna heimen sin for religiøse møte, og han var i og formann for Indremisjonen i Gudbrandsdalen. Han hadde og kunstnarleg givnad og sysla ikkje så lite med rosemåling. Faren Erik Fryjordet f brukte så garden til i 1908, da han skjøta grn. 16 brn. 1 og 2 Fryjordet og grn. 15 brn. 9 Øvre-Ødegaarden over til eldste sonen Johan Fryjordet, f. 1883, for samla kjøpesum kr ,- + føderåd til foreldra av 5-årleg verdi kr ,-. Den nye eigaren og brukaren av garden, Johan E. Fryjordet f. 1883, gifta seg i 1907 med Ragnhild Jørstad, dotter av kontrollør Thomas Jørstad i Døsen, og dei fekk 3 born, nemleg sønene: 1. Erik f. 1908, 2. Torgeir f. 1918, g m. Eldrid Hattestad, 3. Jon f. 1923, g m. Jacueline René Gibassier. Husbonden Johan E. Fryjordet var ein typisk representant for ætta. Han hadde stor interesse for og lett for å fatte det nye. Han arbeidde raskt og sikkert både med plog og penn og vart mye med i det faglege og kommunale liv. Han var og i ei årrekke medlem av styret for Fåberg Brannkasse. Johan E. Fryjordet brukte garden til i 1932, da han skjøta Fryjordet over til sonen Erik J. Fryjordet f Erik Fryjordet f.1908, som er representanten for det 10. ættled av slekta i Fryjordet, gifta seg i 1955 m. Ingeborg Malme f. 1920, og dei har som sine barn: 1. Inger Elisabeth f. 1956, 2. Johan f For tida er det den nåverande brukar i Fryjordet, eigaren og brukaren Erik Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 5 av 8
6 Fryjordet f. 1908, som er medlem av skulestyre i si bygd, som nå altså er storkommunen Fåberg-Lillehammer. Tilslutt let vi så den nåverande husbond ut frå sitt nære og rike kjennskap til garden fortelja om Fryjordet med sine eigne ord; Ein gjer elles først merksam på at tala ved dei ymse avsnitt viser til tilsvarande spørsmål på dei utsendte spørjeskjema: 1. Dyrka mark er nå 148 da, slåttmark og beite 70 da, 20 da seterløkke bortleid på Ålkjern, 2 ubrukte husmannsplasser, skog ca da produktiv. 2. I fogderegnskapet for 1725 er Vismoen etter avholdt tingsvitne satt til 8 skillings betaling og til bruk for Fryjordet og Ovren. I skiftebrev av 1742 er nevnt ½ parten av en åfløye i fiskevatnet Lunchen. Ellers er fisket i Båntjernet nær garden. 3. Intet av skogen er unnasolgt. 4. Høgd over havet ca. 400 m. 5. Den eldste delen av hovedbygningen er fra 1796, og den eldste delen av låven (trefagslåve) fra samme tid, og ble bygget av daværende bruker Iver Olsen Fryjordet. Kårbygningen er bygget (flyttet?) i Et gammelt stabbur brukes til kornstabbur. Hovedbygningen ble påbygget i ca. 1905, og uthuset (låven) påbygget i Her er framskap fra Hjørneskap fra Stor Bærumsovn fra Flere dragkister bl.a. en stor pen en fra Iver Olsens ferdaskrin. Pen herre- og damesal. Gammel veveredskap, rokker, hekler, bråkstoler for lin. En gammel handkvern (nevnt i 1742?). Gammel spisslede, seler og kløvredskap. Tømmermanns- og snekkerredskap. Redskap for melkestell, koller, kjerner, kakker, smørbutter, mysuflasker o. l. En del gamle ploger og arder. En Lomsk radsmaskin. Rester fra opgangssaga ved Stilbruberget. En innretning muligens brukt ved tvinning av reip. 7. Det er hustufter på den nedlagte Ovren Ødegård (Haugerødegården) og i Nilslykkja (Nysvea) og i Torkildsvea. (Det var truleg der han budde den Torkild Fryjordet som i 1819 var leverandør ved Jevne Glasverk, A.H.) Det er slagg etter myrmalmbrenning ved Storbekken ved Nydøssetra. Tomt etter kolbrenning funnet ved et tilfelle i Stillia. Oldfunn kjennes ikke. Av stedsnavn nevnes: Hommelgardsroa, Gjertrudbakken, Monson, Mælingen, Beinstigen, Bessmoråkeren og nede ved elva Rinna har vi Døsvaet og Stilbruberget, hvor det var en opgangssag visstnok tilhørende Fryjordet og Døsen. 8 Ved utskifting av sameieskog i Fåberg Vestfjell ble garden tildelt såkalte sameiestykker i Svartdalen. Sameiestykket ved Nydøssetra fulgte med setra ved handelen i Det kan nevnes at min far Johan Fryjordet fikk dyrket opp mye jord i sin brukstid, anslagsvis ca. 40 da. Dessuten bygget og restaurerte han mange av husene på garden. 12. I Torkildsvea bodde i sin tid Andreas Jensen (Midthaugen) som var kjent som en dyktig lagger. Ellers tror jeg at det på garden i 1750-årene var habile tømmermenn. 13. I 1960 ble det brukt ca. 10 da til poteter, 4 da til neper, 40 da til korn, 15 da til silofor, 75 da til eng samt skrapslått. Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 6 av 8
7 I 1900 ble antagelig brukt ca. 4 da til poteter, 40 da til åker, 60 da til eng + ganske mye skrapslått. I skogbruket ble den gamle stuttingen med pjekser kassert til fordel for den nyere bjelkestuttingen, rustning og nyere lunnedrag. Traktor med redskaper forsokt i skogen, motorsag er blitt vanlig. Høivogn og stuttkjerre brukes fremdeles en del i jordbruket, men er for det meste avløst av høisvans og silosvans og andre traktorredskaper. Traktor med redskaper ble kjøpt i , varebil i Til skuronna brukes nå selvbinder. Hesteslåmaskinen er ennå i bruk. I fjøset er kommet melkemaskiner. 14. I 1960 var besetningen: 3 hester, 14 kuer + 7 ungdyr, 22 sauer, 3 grispurker + noen slaktegriser samt 20 høner. I år 1900 var besetningen: 4 hester, 16 kuer + ungdyr, ca. 30 geiter og 1 a 2 grispurker. Avdråtten fra seterbruket før kjennes ikke sikkert, men etter at vi begynte å yste rauost, muligens noen år etter århundreskiftet, hadde vi en 2 a 3 oster for dagen på setra den tida det var mest mjølk. Prisen på rauosten var da ca 1 kr pr. kg. I 1960 ble all melk fra setra levert på meieriet. Det ble det året levert godt kg a ca. kr. 0,60 pr kg. Det ble ystet bl. geitmyseost på setra helt til Torpavegen ble tatt i bruk i Omkring 1900 var det 2 husmenn, 2 faste tjenestekarer, 1 a 2 tjenestejenter foruten familien. I skuronna og potetonna var det enda flere. I 1960 var foruten eieren og kona 2 faste karer til hjelp i sommerhalvåret. Om vinterene 1 fast kar eller ingen. Budeie eller sveiser var det selvsagt. 17. I kostholdet omkring 1900 ble det nok brukt mye mer graut og mjølkemat enn nå tildags, mere spekesild, mer spekemat og saltet kjøttmat. Nå brukes mere kakubrød og margarin, innkjøpt pålegg og sikkert mere kaffe. Spekemat brukes mye fremdeles, men blir nå mer avløst av dypfrosset vare. Den gamle gode seterkosten, fjellsmøret, kvitosten og geitosten er selvsagt en saga blott. Ellers brukes fremdeles mye mat i gammel stil på garden. I onnetider, og da serskilt i potetonna kunde det ofte være mange til bords, kanskje en 15 stykker med smått og stort. I slåttonna var det vanlig at slåttefolket fikk med sig mjølkeblanding ut på jordet. Dessuten var det vanlig med eftasvæl. Det var jo lengre arbeidstid om dagen. 18. Ingen naturskade av betydning er kjent. 20. De store og mange steinrøyser og flere store åkerbakker vitner om generasjoners slit og en sterk tro og kjærlighet til jordbruket.det var selvforsyningsjordbruket som var rådende. Det gjaldt å skaffe mest mulig for til berging for feet, og råstoff til redskap, klær og sko. Nesten alt på garden var heimegjort. Veiløst som det omtrent var, var det sleden som ble mest brukt. Trestangsslede til høikjøring, det var lettvint, det var ikke langt til en liten låve. Det var ei lita lyu for hver slåtteteig. Jeg vet om tufter etter 7 utlåver. Høikjøring heim til låven på garden var vinterarbeid. Treskingen foregikk med tust, senere med hestevandring. En vindmølle-innretning ble også engang prøvd. All transport til setra gikk med kløvgamper den lange veien til Ålkjernsetra. På setra hadde nok Fryjordskara den tida det fint. Det var fisk å få både i Vismen og i Lunchen. Det ble nok fyllt mange fiskebutter. Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 7 av 8
8 Heime på garden stod barkekaret i stallskuten. Det skulle bli lær til sko og seler. Kvinnene i huset sat ofte ved rokken og veven, og om høsten ble støpt lys til den lange vinteren. I trystua ble bråket lin, og i smiua stod gamlefar og smidde. Generasjon fulgte generasjon. Barna ble voksne og dro ut. De fleste gjentene ble gifte, somme i bygda, andre utenbygds. Vi vet hvor de fleste havnet. En Peder Olsen Frujordet født i 1837, kjøpte Moe i Vingerum. I året 1800 ble født en jente Karen. Hun giftet sig i 1819 med handelskar Erik Amundsen Olstad fra Venstre Gausdal. Karen og Erik hadde visstnok 11 barn. Eldstegutten var min oldefar Johan Frujordet. Hans bror Amund var orgelbygger og reparatør og hadde en tid alle kirker i Oslo. En søster Kristine giftet sig og drog til Iova i U.S.A. Johan Fryjordet hadde 5 barn. En datter Anne reiste også til U.S.A. På Johans tid ble skogen mere verd, og det ble mer almindelig med skogsdrifter. I 1914 ble ny vei åpnet fra Vingrom til Døsgrenda. Min bestefar og far var ivrige etter å få denne veien i stand. En ny tid var i emning. Det gamle selvforsyningsjordbruket måtte vike for handelsjordbruk med de forandringer som dette måtte føre med sig både av godt og vondt. Vedlegg 1: Erik Fryjordet. Ein merker seg uttrykket slåttehede, slåttehei. Det må her vise til at dei areal det gjeld, var ei heller stort slåttearal. Ein minnest med det same at i bygdemålet hadde gardnamnet frå gamalt av fleirtalsendinga - om, døme: Her i Fryjordom. Han var frå Fryjordom. Kvart av jordom hadde så eit eige kjenningsnamn. Her var: Nordenga og Midtenga, Lykja og Engrom. Ein kan undrest over at eit gamalt godt gardnamn som Opsal så reint kunne gå i gløymsle. To grunnar er her sikkert dei avgjerande. Det eine er avfolkinga under svartedauden med dei mange tradisjonsbrot som dermed følgde. Det andre er at Fryjordet i mellomtida var vorte enkesete under Ringsaker presteombod. Da var det nye namnet Frujordet slett ikkje noko uhøveleg namn. - - Denne stadfestinga av det gamle bortkomne Uppsalir fører vidare med seg at ein truleg heilt visst kan fastslå at same gamle Uppsalir nok er opphavsgarden her i Øverbygda Vingrum. Som garden Uppsalir Fryjordet ligg til peikar han seg framleis ut som opphavsgarden der i grenda. Med dette vender vi så tilbake til bygslaren og brukaren av 1625 Elløff Knudsen. Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 8 av 8
Rind - Aamot (gnr. 9)
Rind - Aamot (gnr. 9) Rind: Namn som sikkert kjem av elvenamnet R i n. Aamot: Namn som tyder møtestad for to åer, her møtestaden for Rinna og Åmotbekken, som i flomtida kan vera som ei lita å. Det er i
Myra - Myren (gnr. 102)
Myra - Myren (gnr. 102) Myra Myren i Saksumdalen er av dei gardane ein først finn noko nemnande om i matrikkelen av 1668. Der er det så fortalt at gardsbruket Myren da var krongods, som det truleg hadde
Nørstelid Nordlia (gnr. 118)
Nørstelid Nordlia (gnr. 118) Nordlia og Sørlia er grannegardar i det gamle Strandens bygdelag i Fåberg. Nordlia og Sørlia må og ha vorte rydda samtidig. I Akershus lensrekneskap for 1621-22 er det såleis
I Hualle Qval - Kval (gnr. 114)
I Hualle Qval - Kval (gnr. 114) I Hualle: Namn i bøyningsform som truleg kjem av hvall, liten haug. Skrivemåten av namnet har vore ustø og skiftande. Der vart lenge skrive med forbokstaven Q. Namnet har
Grønlia Grønlien (gnr. 134)
Grønlia Grønlien (gnr. 134) Grønlia: Gardsnamn som i dette tilfelle mest sikkert kjem av fargenamnet grønn, grøn, grøn li. Skrivemåten av namnet har vore uvanleg stø og så å seia utan avvik dei siste 3-400
Rindal i Saksumdalen (gnr. 105)
Rindal i Saksumdalen (gnr. 105) Rindal: Gardnamn av same opphav som Rindal i Vingrom: elvenamnet Rind, Rinna, dativ: Riin. I skrift har Rindal i Saksumdalen og vore kalla Rindal Lille. Under dette Rindal
b. Kari, døypt 1734, c. Ole, døypt 1736, d. Sessel, døpt 1738, e. Mons (Mogens), døypt 24.04.1740.
Ravnum (gnr. 35) Ravnum. Truleg den eldste av dei 3 gardane her i ein krins som alle opphaveleg hadde fuglenamnet hrafn som førsteled i namnet. Skrivemåten av namnet har vore ustø og skiftande, men som
Torgersrud (gnr. 147)
Torgersrud (gnr. 147) Torgersrud: Gardsnamn som sikker kjem av mannsnamnet Torgeir. Skrivemåten av namnet må seiast å ha vore stø og lite skiftande. Namnegranskarane går ut frå at eit utydeleg namn i eit
Presterud (gnr. 146)
Presterud (gnr. 146) Presterud: Namn som viser til at garden før låg til Prestegarden eller privat har tilhørt ein prest. I bygdemålet har namnet lenge vore uttala Prestrud. Skrivemåten av namnet har i
Børke (gnr. 36) Birki: Gamalt namn som viser til ein stad der det veks bjørk, ein bjørkelund.
Børke (gnr. 36) Birki: Gamalt namn som viser til ein stad der det veks bjørk, ein bjørkelund. I gamle skrivne kjelder finn ein gardane Birki i Fåberg omhandla i 2 diplom fra 1300-talet. Det eine er eit
Ranngard - Randgård (gnr. 51)
Ranngard - Randgård (gnr. 51) Kommentar fra Opplandsarkivet: Gard nummer 62 Nyhus ble i gammel tid kalt Lillebreiseth og finnes så vidt omtalt under Breiseth. Senere ble Nyhus et underbruk under gnr. 51
Haustmælingen (gnr. 85)
Haustmælingen (gnr. 85) Haustmælingen: Gardnavn som frå først av var brukt som namn berre på ein mindre del av garden. I skrivne kjelder vil ein kunne finne garden nemnt i eit diplom av 1471. Dokumentet
Gellobergie Gilberg (gnr. 14)
Gellobergie Gilberg (gnr. 14) i Gellobergie: Namn der førsteleden høgst truleg opphavleg var gildra. Her på garden har ein og gildre-berg like ved. Av andre gamle minne om manns ferd her på Gilberg er
Høckelien Hauklia (gnr. 127)
Høckelien Hauklia (gnr. 127) Høckelien: Gardnamn som sikkert ikkje kjem av høg, men av hauk. Skrivemåten av namnet har vore ustø og med fleire ulike avvik. Garden finst først nemnt i matrikkelen av 1660
Dalby (gnr. 101) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 9
Dalby (gnr. 101) Dalby: Gamalt gardnamn som direkte kan oversettest til Dalgarden. Namnet fekk i skrift tidleg dei stumme lydanen e og h, Dahlbye, men har elles hatt ei stø og lite avvikande skriveform.
Aspaasen Åsen (gnr. 99)
Aspaasen Åsen (gnr. 99) Åsen har namnet sitt etter åsen mellom Døsgrenda og Saksumdalen. I skrift vart garden lenge kalla Aspaasen. Forstavinga er sikkert den brukte skriftform for osp. Det er mye osp
Rindal nedre i Vingrom (gnr. 11)
Rindal nedre i Vingrom (gnr. 11) Rindal: Gardnamn som sikkert kjem av elvenamnet Rind eller Ria, som det lyder i dativ i bygdemålet. Døme på elvenamnet brukt i dativ: Jordveigen rekk frå Rin, som her blir
Oudenhuuss nordre (gnr. 2)
Oudenhuuss nordre (gnr. 2) I matrikkelen av 1668 er det 3 bruk som alle er skrive Oudenhuuss. Av desse fekk garden til Jens snart kjenningsnamnet Odenhus nordre, og det er denne garden vi her skal sjå
Hindklev (gnr. 97) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 5
Hindklev (gnr. 97) Hinkleiv: Namn som opphavleg kjem av hyrne, hjørne, Hyrnekleiv. Skrivemåten av namnet har vore ustø og er nå historisk lite kjenneleg. Det eldste vi finn om garden i skrivne kjelder
Ulland (gnr. 103) Gardnamn som truleg kjem av gardenamnet Ullr. Skrivemåten av namnet var i den eldste tid ustø og skiftande.
Ulland (gnr. 103) Ulland: Gardnamn som truleg kjem av gardenamnet Ullr. Skrivemåten av namnet var i den eldste tid ustø og skiftande. I skrivne kjelder finn vi garden ført i skattelista for Bygningsskatten
Dal øvre (gnr. 170) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 6
Dal øvre (gnr. 170) Dalgardane. Dei tri gardane Dal øvre, Dal nedre og Øvstedal har sikkert vokse fram av ein og same opphavsgarden. Kvar denne opphavsgarden låg, kan ingen seia heilt visst, men fleire
Berg i Saksumdalen (gnr. 106 og 107)
Berg i Saksumdalen (gnr. 106 og 107) Berg: Namn på gardar som ofte er av dei eldste i dei grender der dei finst. Skrivemåten av namnet var i eldre tid ofte Berrig eller Berig, men var elles som regel stø
Lexhus - Lekshus (gnr. 4)
Lexhus - Lekshus (gnr. 4) Lexhus: Gardnamn der første-leden er mannsnamnet Leikr eller i dansk oversetting Leg. Skrivemåten av namnet har vore skiftande, men Som regel slik at det var godt kjennelag. Det
Hov i Vingrom (gnr )
Hov i Vingrom (gnr. 27-28) Hov: Namn som viser til det førkristne gudehuset hovet, som låg her ein stad. Sikkert var det da fleire gardar og grend her. Skrivemåten av namnet har vore ustø og skiftande,
Tråset (gnr. 115) I skrivne kjelder fra mellomalderen er Tråset ofte nemnt alt på 1300-talet.
Tråset (gnr. 115) Tråset er ein av dei gamle store gardane ved nordenden av Mjøsa. Namnet er eit typisk setr namn, men kva det elles tyder, kan ingen seia heilt visst. Skrivemåten av namnet har lenge vore
Vingnes (gnr. 31) Av andre fornminne om manns ferd her på garden Vingnes er elles gravfunn frå vikingetida. Gravgodset var m.a. spjut, dolk og økser.
Vingnes (gnr. 31) Her i Fåberg er det som kjent ei grend som heiter Vingrom og i grenda ein gard av namn Vingnes. Førsteleden i båe desse namna er truleg det gamle elvenamnet Ving. Elva som renn like forbi
Om brøde og straf handlar ei leiermålssak fra Gaustum i 1670. Saka er i ei utskrift av tingboka referert slik:
Gaustum (gnr. 161) Gaustum skal vera eit svært sjelda gardnamn, og det ligg nær å tru at opphavet til namnet har noko med dei naturlege tilhøve å gjera. Ein merker seg at grunnorda i namnet kan vera gustr,
Kinnlia Kinnlien (gnr. 20)
Kinnlia Kinnlien (gnr. 20) Kinnli: Namn der førsteleden opphaveleg kan ha vore kinn, fjellside eller tjarn, tjern, som i bygdemålet blir uttala tjinn. Skrivemåten av namnet har vore skiftande, men som
SANDVIKEN Av Knut Raastad, skrivi i 2004
SANDVIKEN Av Knut Raastad, skrivi i 2004 Sandviken gnr. 100 bnr. 1 er nørdste garden i Nordherad. Tosten Håkenstad hadde ca. 1750 gjerda inn ei englykkje nord for Trælviken på 620 alen lang og 310 alen
Rånerud (gnr. 121) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 6
Rånerud (gnr. 121) Ranarud: Gardnamn som mest sikkert kjem av det før nokså vanlege mannsnamnet Rani (Hrani). Skrivemåten av gardnamnet har elles vore svært ustø. Især på 1600-talet var skrivemåten den
Smedsrud (gnr. 148) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 6
Smedsrud (gnr. 148) Smidszrud: Navn der 1. leden sikkert er mannsnamnet. SMIDR eller samnamnet smidr. I skrivne kjelder vil ein finne garden Smedsrud i Fåberg nemnt i Stiftsboka av 1578. Navnet er skrive
Hoffuen Sørhove - Storhove (gnr. 184-186)
Hoffuen Sørhove - Storhove (gnr. 184-186) Kring 1650 var det vorte to grannegardar som i matrikkelen av 1668 båe har den framande skriveforma Hoffuen. I bygdemålet vart det eine kalla Sørhove Ner i Gard
Øvstedal (gnr. 168) Dalgardane.
Øvstedal (gnr. 168) Dalgardane. Dei tri gardane Dal øvre, Dal nedre og Øvstedal har sikkert vokse fram av ein og same opphavsgarden. Kvar denne opphavsgarden låg, kan ingen seia heilt visst, men fleire
Fliflet (gnr. 129) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 5
Fliflet (gnr. 129) Fridaflet: Gardnamn som Oluf Rygh tyder, og sikkert med rette, til Vakkersletta. Fornfunn er ikkje registrerte på Fliflet, men garden er sikkert av dei eldste i bygda. han er såleis
Døsa Døsen (gnr. 19)
Døsa Døsen (gnr. 19) Døsini:Namn som opphavleg er den bundne form av d y s, steinrøys, liten gravhaug. I bygdemålet blir namnet ennå bøygt i dativ. Døme: D ø s a namnet. Han kjøpte D ø s a, men han dyrka
Bjørstad (gnr. 188) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 5
Bjørstad (gnr. 188) Bjórstadir: Av mannsnamnet eller tilnamnet Bjórr. Rygh tidfester namnet til sein mellomalder. Det er eit sjeldant gardnamn, men finst i nokre tilfelle, især på Austlandet. Skrivemåten
Vnisæimi - Onsum (gnr. 122)
Vnisæimi - Onsum (gnr. 122) a Vnisæimi: Gardnamn som i dette tilfelle vanskelig let seg tyde. Namnegranskaren O. Rygh går ut frå at namnet i tilfellet Onsum i Fåberg intet har å gjøre med gudenavnet Odin.
Ersgard (gnr. 49) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 9
Ersgard (gnr. 49) Kommentar fra Opplandsarkivet: Gard nummer 57 Bu ble i gammel tid brukt under Ersgård og ble i perioder kalt Nedre Ersgård. Dette siste navnet kan også forveksles med en del av Ersgård
Skikstad - Skjeggestad (gnr. 40)
Skikstad - Skjeggestad (gnr. 40) Namnet er i eldre tid skrive på fleire måtar. I eit diplom av 1517 er skrivemåten Skykelstadt, i jordbok for Hamar bispegods 1557: Skiggestadt, i jordbok for Fåberg prestebolig
De øvrige penger skylder Peder Fagstad for 200 pund tobak og 1 dusin piper. Han er ikke stevnt.
Lunde (gnr. 39) Lunde: gardnamn av naturnamnet lundr, lund, holt liten skog. I Fåberg har skrivemåten av namnet vore stø og historisk kjenneleg gjennom lange tider. Det eldste minne om manns ferd her på
A Vidhæimea Vedum (gnr. 124)
A Vidhæimea Vedum (gnr. 124) a Vidhæime: Gamalt gardnamn som mest truleg kjem av naturnamnet vidr, skog. Skrivemåten av namnet har også her vore ustø og med mange ulike avvik. I skrivne kjelder finn ein
Røyni Røyne (gnr. 25)
Røyni Røyne (gnr. 25) Røyni: Gamalt gardnamn som etter denne eldste kjente form truleg viser tilbake til røyni, ein lund av rognetre. Skrivemåten av namnet har vore skiftande, men som regel godt kjenneleg.
Bore Borud - Boro (gnr. 26)
Bore Borud - Boro (gnr. 26) Bore: Namn som med sitt alderdomlege særpreg truleg fortel at Boro er opphavsgarden i Vingrumsgrenda. Sentral som garden ligg i grenda talar det for det same. Grenda og garden
Skjedsvold nordre. Av Eirik Haugen, skrivi i 2017
Skjedsvold nordre Av Eirik Haugen, skrivi i 2017 Skjedsvold nordre er innerste garden i Skogbygda. Gammelt matrikkelnr. 45 og løpenr. 58a. I dag er garden delt i øvre og nedre, og det er fradelt to husmannsplasser.
Midtjørstad (gnr. 166)
Midtjørstad (gnr. 166) Midtjørstad var ein tvibølt gard med ei lang fortid alt i 1657. Da var Amund vorte brukar på øvre Midtjørstad; på nedre Midtjørstad heitte brukaren Oluf. Oluf hadde største garden,
Dei 6 familiene på nedre Smestad var i same tid:
Smestad (gnr. 41) Smestad er ein av dei gamle sentrale gardar i Fåberg. Namnet blir uttala Smestad, og tydinga av namnet må seiest å vera uviss. Nå er storgarden Smestad delt i eit øvre og eit nedre Smestad
Hamarr - Lillehammer (gnr. 60)
Hamarr - Lillehammer (gnr. 60) Hamar: Gardnamn som kjem av naturnamnet h a m a r r, ein bratt bergpall. Lillehammer: Namn som fekk den særoppgave å skilja ein mindre kjøpstad frå ein større Uttalen av
Gnr. 12 Bnr. 1: Åbotsvik
Gnr. 12 Bnr. 1: Åbotsvik Bidrag fra fra "Gård og grend i Meløy" (1981) onsdag 05. mars 2008 Sist oppdatert lørdag 11. oktober 2008 Fra "Gård og grend i Meløy" (1981): Gnr. 12, bnr. 1, Åbotsvik, skyld 1,80
Forfedre til: Side 1 av 6 Torgrim Nyland
Forfedre til: Side 1 av 6 1. Generasjon 1. ble født i Mar. 5, 1917 i 69/44, Vardal, Oppland, Norge og døde i Mar. 29, 1993 i 14/73, Nord Aurdal, Oppland, Norge. Andre begivenheter i livet til Gravlagt
Rindal øvre i Vingrom (gnr. 12)
Rindal øvre i Vingrom (gnr. 12) - - For tidligere historie, se gnr. 11 Rindal nedre År 1668 kom som før nemnt den første norske matrikkelen med nemnande opplysningar om gardane. Der er det vidare fortalt
Huse (gnr. 173) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 8
Huse (gnr. 173) Namnet Huse som gardnamn er eit namn som kan passe for all tid. Det er eit godt namn på ein gamal gard, og det kan vera eit velvalt namn på ei ny bustad. Når det gjeld gr.nr. 173 her nørdst
Ormerud, Svea - Sveen (gnr. 104)
Ormerud, Svea - Sveen (gnr. 104) Ormerud: Namn der førsteleden viser til dyrenamnet orm. I skrift har garden det aller lengste av si tid vore kalla Ormerud. Skrivemåten av namnet har vore stø og med fåe
Litt om slekta til Ole Paulsen Avkjærn
Litt om slekta til Ole Paulsen Avkjærn Samlet og nedskrevet av Ole Arild Vesthagen Oslo, februar 1997 Ole Paulsen Avkjærn (1) Ole Paulsen Avkjærn ble født 13.1.1848 på Sørumseie i Gran. Ole ble gift første
Sjulerud - Sighurdrrudi (gnr. 154)
Sjulerud - Sighurdrrudi (gnr. 154) Sighurdrrudi: Gardnamn som tydeleg kjem av mannsnamnet Sigurdr. Skrivemåten av namnet har i det heile vore skiftande og med fleire ulike avvik. Former som Siverud og
JOHANNA NILSDATTER FØDT 14. MARS 1849 I HAFSLO I SOGN, DØPT 5. APRIL I HAFSLO, KONFIRMERT 1. OKTOBER 1865 I MÅLSELV.
JOHANNA NILSDATTER FØDT 14. MARS 1849 I HAFSLO I SOGN, DØPT 5. APRIL I HAFSLO, KONFIRMERT 1. OKTOBER 1865 I MÅLSELV. Johanna giftet seg 13. juni 1873 med Paul Olsen Djupvik fra Tullut i Sel, Gudbrandsdalen.
Eyre Øhre - Øyre (gnr. 30)
Eyre Øhre - Øyre (gnr. 30) Eyre: Gardnamn som tydeleg viser til eyrr, sandøyr opplagd ved ein elve-os. Elva det her gjeld er Øyreselva, i fjern fortid truleg kalla Ving. Gard-namnet er av dei som fekk
Anetavle for Anders Hauknes født død
Anetavle for Anders Hauknes født 10.6.1918 død 28.7.2002 Forfedre på morsiden: Mor: Olga Katinka Juul Martinsen Hauknes Født: 7.5.1890 Død: 25.12.1924 på Hauknes Anders - med hår Olga er født på Herset
3-5 Opsal Opsal-gårdene. Gårdene. Opsal
Gårdene Opsal Den gammelnorske navneformen er Uppsalir. Gårdsnavnet kan bety enten den høytliggende gården eller den øvre gården. Navnet på gården var Uppsal helt til etter 1900-tallet. Opsal ligger der
Litt historien om MARKAHAUGPLASSEN. En husmannsplass til Marken gård i skogene mellom Byåsen og Byneset
Litt historien om MARKAHAUGPLASSEN En husmannsplass til Marken gård i skogene mellom Byåsen og Byneset Ved Kjell Ivar Aune 10. oktober 2016 GÅRDEN MARKEN I boka Nes eller Bynes fra 1894 har O.J. Høyem
Dal nedre (gnr. 169)
Dal nedre (gnr. 169) Dalgardane. Dei tri gardane Dal øvre, Dal nedre og Øvstedal har sikkert vokse fram av ein og same opphavsgarden. Kvar denne opphavsgarden låg, kan ingen seia heilt visst, men fleire
Tollersrud - Thorlæifsrud (gnr. 152)
Tollersrud - Thorlæifsrud (gnr. 152) Thorlæifsrud: Gamal namneform der forleden sikkert er mannsnamnet Torleifr. Skrivemåten især av forleden har vore skiftande og med fleire ulike avvik. Garden er fleire
Norsk etnologisk gransking Bygdøy, august 1963 HEIMANFYLGJE OG BRYLLAUPSGÅVER
Norsk etnologisk gransking Bygdøy, august 1963 Emne nr. 95 HEIMANFYLGJE OG BRYLLAUPSGÅVER 1. Kva slag ord brukar dei i Dykkar bygd for heimanfylgje; brukar dei også orda medgift og utstyr, og tyder desse
Foreldre. Besteforeldre
1. Elisabeth Eliasdtr, f. 7.7.1870 i Valnes, Stryn, 1 d. 10.9.1956 i Skåre, Oppstryn. Gift med Ole Pedersen Skåre, 22.4.1895 i Not. Publ. Nordfjordeid (borgerlig gift), 2 f. 22.7.1865 i Skåre, Stryn, 1
Kirkerud med Flokeli (gnr. 159)
Kirkerud med Flokeli (gnr. 159) Kirkerud: Flokeli: Gardnamn som tydeleg fortel om fordoms samliv med kyrkja. Namn der førsteleden er floke, noko som har med ein vanske å gjera. I skrivne kjelder finn vi
Historien om Rostadmofamilien
Historien om Rostadmofamilien Denne historien starter i Stor-Elvdal og Rendalen. Det er familiene til Tollef Olsen Sletten, Anders Thomassen Frami og Knut Bersvendsen Messelt som tar over og videreutvikler
Flygstad (gnr. 139) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 7
Flygstad (gnr. 139) Eit av dei gamle, gode gardnamn som vanskeleg let seg tyde. Det ligg nær å tru det kan koma av eit mannsnamn Fljugr, men det må og seiast å vera uvisst. Ein merkar seg at i skrift var
Søgarden Jørstad (gnr. 164) (For tidligere historie se Nordgarden Jørstad gnr. 163)
Søgarden Jørstad (gnr. 164) (For tidligere historie se Nordgarden Jørstad gnr. 163) Etter matrikkelen av 1668 var det i den tid i Fåberg også ein gard Jørstad av skyld 1 ½ hud 2 bpd. 6 mrk fisk. Eigar
Berge - Storberge (gnr. 43)
Berge - Storberge (gnr. 43) Namnet viser tilbake til ein gamal stor opphavsgard Berg dativ Berge, uttala Berje. For opphavsgarden talar, forutan namnet, det store samla jordbruksarealet som lenge låg til
Familierapport for Thore Olsen Reesmoen og Gurru Iversdatter
Familierapport for Thore Olsen Reesmoen og Gurru Iversdatter Ektemann: Thore Olsen Reesmoen Også kjent som: Thore Olsen Aaremmen 1, Thore Olsen Aaremsneset 2 1791 - Meldal, Sør-Trøndelag, Norge Døpt: 2.
Notat om historie og kulturlandskap
Notat om historie og kulturlandskap på del av g.nr. 40, br.nr. 1 og 13 Hauge i Kvinnherad planlagt regulert til bustadføremål. Tunet 2012 Hatlestrand november 2012 Karin Rabben Vangdal og Svein-Åge Vangdal
Bleiken (gnr )
Bleiken (gnr. 144-145) Bløykin: Namn som sikkert kjem av bleikr, bleik, lys av farge, samansett med vin, eng, engvoll. Skrivemåten av namnet har vore svært skiftande. Det eldste minne om manns ferd på
Foreldre. Besteforeldre. Oldeforeldre
1. Martin Johansen, født 10 okt 1878 i Arnebergseie, Romedal, Hedmark, 1 død 1966 i Hurdal, 1 gravlagt i Hurdal krk., Hurdal. 1 Gift 13 apr 1903 i Romedal, Hedmark, 2 med Petronelle Olava Nilsdatter, født
BOKA OM LAND IX TORPA A. Gardsnummer 46-76 («Vest-Torpen» til 1800) GREND - BOSTED - FAMILIE UTGITT AV NORDRE LAND KOMMUNE 2002
BOKA OM LAND IX TORPA A Gardsnummer 46-76 («Vest-Torpen» til 1800) GREND - BOSTED - FAMILIE UTGITT AV NORDRE LAND KOMMUNE 2002 Av Svein-Erik Ødegaard (andm/j: Innhold PRESENTASJON AV TORPA 13 Navnet Torpa
Dallerud (gnr. 94) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 6
Dallerud (gnr. 94) Dallarud: Av det gamle mannsnavnet Dalli+rud, rudning. Gardnamnet Dallerud er elles kjent frå Askim og Rakkestad. Namnet skal og ha vore brukt i Sverike og på Island. I Fåberg finn ein
Balberg (gnr. 181) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 5
Balberg (gnr. 181) Balberg: Namn der første leden høgst truleg kjem av bard, kant, rant, brot, Bardaberg, der konsonantsamstellinga rd gav uttalen tjukk l: Balberg Som garden Balberg i Fåberg ligg til,
Sorgendal (gnr. 59) Men striden mellomde to partane gjekk vidare, og av 1742 finn ein ei sak som i samatrengt utskrift er referert slik:
Sorgendal (gnr. 59) Sorgendal er som gardsbruk gått ut av opphavsgarden Hamarr og har si eldste soga saman med den. Ved skjøte av 20. mars 1719 selde oberst Reichweins arvinger Lillehammer og Sorgendal
Lysgård (gnr. 50) Originalene finnes på Opplandsarkivet avd. Maihaugen i Lillehammer Side: 1 av 8
Lysgård (gnr. 50) Liosgardhen: Gardnamn som truleg kjem av det før nytta mannsnamnet Ljot, Ljotr. I Fåberg finn ein namnet skrive: I 1442: Liosgardhen, i 1528 Liusgar, i 1578 Lysegaardt, i 1604 og 1723:
Ei sann (Sand) historie
Ei sann (Sand) historie Mine oldeforeldre på Hustoft kjøpte garden der i 1881. Tollef var født i 1839 på Mæland i Ulladalen, flytta til Rød i Erfjord då foreldra kjøpte gard der i 1841. Oldemor, Inger
Notodden. Oversiktsbilde over husmannsplassane Notodden og Teksten og Hotell Victoria. F.v.: Victoria, Notodden, Teksten)
Notodden Oversiktsbilde over husmannsplassane Notodden og Teksten og Hotell Victoria. F.v.: Victoria, Notodden, Teksten) Husmannsplassen Notodden var i bruk frå 1700-talet til ca. 1900. Plassen låg der
Monset Storstuggu. Kilde: Skrondal (1966) Orkdalsboka III, s Side 1
Monset Storstuggu I 1733 var Anders Olsen (f. 1695) bosatt på Monsetjåren, på den gården som - i alle fall senere - ble omtalt som Storstuggu. Anders var fra Reinskleiv, og var den eldste i en stor søskenflokk.
TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?
Norsk etnologisk gransking Desember 1955 Emne nr. 53 TRESKING II I 1. Kva tid på året var det dei til vanleg tok til å treskja? Var det visse ting dei i så måte tok omsyn til, t. d. om kjølden var komen?
Foreldre. Besteforeldre. Oldeforeldre
1. Marit Andersdatter, f. 17 JUL 1830 på Ribakken i Børsa. gift 02 OKT 1855 på Ørlandet 1 med Iver Andersen, f. 15 SEP 1803 på Fevåg i Stjørna, 2 dåp 16 OKT 1803 på Ørlandet. Foreldre 2. Anders Eriksen,
Bringsen. Klaver. Note Fra koral til barcarole, s.82. CD Tonar frå Trøndelag, spor 19 Eg veit ei lita gjente, spor 15
Bringsen 1930 Klaver Note Fra koral til barcarole, s.82 CD Tonar frå Trøndelag, spor 19 Eg veit ei lita gjente, spor 15 Manuskripter i Nasjonalbiblioteket Mus.ms. 9670 "Bringsen". [4] s. Springar nedtegnet
Torsten Adriansen & Elen Johanna Jacobsdatter
Torsten Adriansen & Elen Johanna Jacobsdatter Torsten ble født den 11. mai 1824 på Vikna 1. Foreldrene var Adrian Jensen (slektsledd 140) og Marit Mikkelsdatter (141) på Ofstad. Elen Johanna ble født den
Emigranter fra Austmarka til Amerika Av Vidar Pedersen
Emigranter fra Austmarka til Amerika Av Vidar Pedersen I en serie medlemsblader har jeg satt fokus på enkeltpersoner og familier fra Austmarka som, av ulike årsaker, har søkt et bedre liv i Amerika. Dette
RJUKAN-NOTODDEN INDUSTRIARV
Liv Vollane fjellets dronning Anne Haugen Wagn Dette er historia om ei uvanleg tøff og hardfør kvinne. Ho heitte Liv Vollane og budde saman med dei små borna sine i ei steinbu ved elva Kvenna på Hardangervidda.
Minner fra Mariholtet
Her sees fjøset, låven, kjelleren og bikubene på Mari holtet. Bildet er tatt siste våren familien Stang bodde på Mari holtet. Den lange skogkledte åsen i bakgrunnen er Lørenskog, altså på andre siden av
