Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge fire småkraftverk ved Veitastrondsvatnet i Luster kommune
|
|
- Lene Ervik
- 5 år siden
- Visninger:
Transkript
1 Side 1av 8 Saksbehandlar: Idar Sagen Avdeling: Plan- og samfunnsavdelinga Sak nr.: 13/ Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge fire småkraftverk ved Veitastrondsvatnet i Luster kommune Fylkesrådmannen rår fylkesutvalet til å gjere slikt vedtak: 1. Fylkeskommunen vurderer fordelane ved Kjerringsnes kraftverk, Ugulsvik kraftverk og Storelvi Øvre kraftverk til å vere større enn ulempene for allmenne og private interesser. Fylkeskommunen rår til at det vert gitt konsesjon, på slike vilkår: 1.1. For Kjerringnes kraftverk skal det leggast vekt på støydemping slik at støy ikkje får bre seg utover vatnet Minstevassføringa for Ugulsvik kraftverk skal aukast til 110 liter/sek om sommaren og vassvegen skal byggast som fjellanlegg. Rørgate i dagen kan ikkje aksepterast Vassvegen til Storelvi Øvre kraftverk skal byggast i fjell. 2. Fylkeskommunen vurderer fordelane ved Storelvi Nedre kraftverk til å vere mindre enn ulempene og rår frå at konsesjon vert gitt. Det er lagt vekt på at tiltaket vil vere i konflikt med kulturmiljøet i stølsområdet og med landskaps- og brukarinteressene på begge sider av elva, m.a. ved at vassvegen er planlagt gjennom stølsområdet og på dei spesielle steinformasjonane og jettegrytene i elva på utbyggstrekninga. Om det likevel skulle bli gitt konsesjon for Storelvi Nedre kraftverk, må minstevassføringa aukast frå 2,5 m3/sek til om lag 7 m3/sek. Andre avbøtande tiltak er særleg varsemd i høve kulturmiljøet ved Vårstølen og særleg god opprydding og tilbakeføring av landskapet etter utbygging. Saksutgreiing for kvar enkelt søknad ligg under eigne (a-)saker: 13/5710 nr. 3: Saksutgreiing for Kjerringnes kraftverk 13/5710 nr. 4: Saksutgreiing for Storelvi Øvre og Storelvi Nedre kraftverk 13/5710 nr. 5: Saksutgreiing for Ugulsvik kraftverk Vedlegg til fellessaka: 1. Brev frå NVE Uttale frå Sogn og Fjordane Turlag til Storelvi Øvre og Storelvi Nedre kraftverk, Uttale frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane til fire søknader, brev til NVE Uttale frå Luster kommune, f-skapet Etterutsendt. (K-styret møtest ). Andre dokument som ikkje ligg ved: 1. Konsesjonssøknad Kjerringnes kraftverk. August Konsesjonssøknad for Storelvi Øvre og Storelvi Nedre kraftverk. Juni Konsesjonssøknad for Ugulsvik kraftverk. Juni 2013.
2 Side 2av 8 SAKSFRAMSTILLING 1. Kort omtale av dei fire prosjekta det er søkt om løyve til Frå NVE har fylkeskommunen fått til uttale søknader frå fleire søkjarar om å bygge fire småkraftverk ved Veitastrondsvatnet i Luster kommune. NVE ønskjer at høyringsinstansane vurderer kvar sak for seg, men også alle sakene samla. Kjerringnes Kraft SUS (selskap under skiping) søkjer om løyve til på byggje Kjerringnes kraftverk på vestsida av vatnet. Kraftverket vil nytte eit fall på 507 meter frå inntaket på kote 681 og kraftstasjon og avløp på kote 174. Vassvegen er planlagt som tunnel. Det skal ikkje byggast anleggsveg. Installert effekt vil bli 9,9 MW og venta produksjon 25,8 GWh. Planlagt minstevassføring er 5-persentil sommar og vinter. Utbyggingspris 3,60 kr/kwh. Storelvi Kraft SUS søkjer om løyve til å bygge Storelvi Øvre og Storelvi Nedre kraftverk. Storelvi har utløp ved nordenden av Veitastrondsvatnet. Det øvste kraftverket vil få inntak på kote 233,5 og kraftstasjon/avløp på kote 211. Det nedre kraftverket vil få inntak på kote 209 og kraftstasjon/ avløp på kote 183. Vassvegen er planlagt med rør i bakken. Årleg produksjon er berekna til 14,2 og 15,9 GWh. Planlagt minstevassføring er 2,5 m3/sek om sommaren (35% av 5-persentilen) og 0,67 m3/sek om vinteren for begge. Utbyggingspris: 2,78 kr/kwh for det øvre og 3,10 kr/kwh for det nedre prosjektet. Luster Småkraft AS søkjer om løyve til å byggje Ugulsvik kraftverk i Vikaelvi på austsida av vatnet. Selskapet er eigd av Småkraft AS og Luster Energi AS. Kraftverket vil få inntak på kote 830 og kraftstasjon/avløp på kote 176. Vassvegen er planlagt med rør i bakken og rør i dagen. Årleg produksjon er berekna til 9,9 GWh. Planlagt minstevassføring: 25 liter/sek som svarar til alminneleg lågvassføring. Saksutgreiing for kvar enkelt søknad er vedlagt. 2. Bakgrunn Samla plan for vassdrag Grenser for vurdering i Samla plan er 10 MW og 50 GWh. Dei fire prosjekta det her er tale om, er alle under grenseverdiane. Fylkesdelplan for arealbruk Dei fire vasskraftprosjekta det er søkt om, er ikkje direkte i konflikt med nasjonalt eller regionalt viktige friluftsområde.
3 Side 3av 8 Klipp frå fylkesatlas: Regionalt og nasjonalt viktige friluftsområde rundt Veitastrondsvatnet Kommunedelplan for små kraftverk, Luster kommune I planen er den nordlege delen av Veitastrondsvatnet med Storelvi plassert i grøn konfliktsone med slik tekst: Desse områda er prega av lite konfliktnivå og/eller store positive lokale ringverknadar. Her bør det planleggast med tanke på å få god teknisk og økonomisk utnytting av ressursane. I planen er det omtalt eit prosjekt i Kjerringneselva med to inntak i ulike høgder og to turbinar, middelproduksjon 36,7 GWh. Prosjektet er i planen plassert i gul konfliktsone med slik tekst: Desse områda har typisk nokre sterke interesser som det må takast omsyn til. Utbygging av kraftverk i desse delområda må ta omsyn til dei allmenne interessene og planleggast med avbøtande tiltak. Tiltakshavaren meiner å ha etterlevd dette og i nødvendig grad tilpassa prosjektet til dei landskaps-,natur- og friluftsverdiane som er i prosjektområdet Vikaelvi med Ugulsvik kraftverk ligg i delområdet Veitastrondsvatnet, nedre. Dette området er også vurdert til å vere i gul konfliktsone (middels konfliktnivå). Regional plan med tema knytt til vasskraftutbygging Fylkeskommunen har utarbeidd Regional plan med tema knytt til vasskraftutbygging, fylkestinget des I planen er det definert og markert fjordlandskap i heile fylket: fjordar/fjordløp og innsjøar større enn 7 km2. Veitastrondsvatnet er markert som i fjordlandskap. I delområdet Luster og Årdal er det markert 31 fossar/stryk som er eller har vore viktige landskapselement. Vikaelva ved Veitastrondsvatnet er med i fosselista. I retningslinjene til planen står det at fossar som er viktige landskapselement i fjordlandskap, skal ha prioritert 2: «Interesser av svært stor verdi. Føresetnader for positiv tilråding skal vere at søknadsmaterialet kan dokumentere stor verdiskaping og/eller at verdien til aktuelle arealinteresser kan oppretthaldast etter utbygging.» Desse retningslinjene vil gjelde i forhold til det planlagde Ugulsvik kraftverk i Vikaelvi.
4 Side 4av 8 Vassforskrifta Veitastrondsvatnet ligg i vassområde Indre Sogn i vassregion Sogn og Fjordane. Planprogrammet for området omtalar arbeidet og planprosessen fram mot ein godkjent forvaltningsplan for vassregionen i Gjennomføring av forvaltningsplanen skal skje i perioden Andre småkraftverk i området. Det er tidlegare gitt konsesjon for fem småkraftverk i området rundt Veitastrondsvatnet: Holen lengst sør, Utladøla, Eldeelvi, Vetle Svardalen og Svardøla kraftverk ved nordenden av vatnet. Jf. kartutsnitt. Ugulsvik kraftverk er planlagt på austsida av vatnet like nord for Holen kraftverk. Kjerringnes kraftverk er planlagt på vestsida lenger nord. Dei to prosjekta i Storelva vil ligge like nord Snauedøla kraftverk det tidlegere er søkt om. I oktober 2011 vart det gitt løyve til å bygge ei ny 66 kv linje mellom Veitastrond og Hafslo. Kartutsnitt frå NVE Atlas. Blå tekst viser småkraftverk i Veitstrond og ved Gaupne der det er gitt eller avslått konsesjon (Snauedøla og Engjadalselva har fått avslag). Svart tekst viser eksisterande kraftverk. Tungestølen er vist med raud prikk.
5 Side 5av 8 3. Søkjarane sine vurderingar av samla verknadar/sumverknader Berre i søknaden om Kjerringnes kraftverk er det gjort ei vurdering av samla verknad av mange småkraftverk rundt Veitastrondsvatnet, sitat: I forbindelse med arbeidet med kommunedelplan for småkraftverk i Luster kommune er det utarbeida en fagrapport av Clemetsen og Skjerdal (2006) som vurderer konfliktene for landskap, naturmiljø og kulturmiljø i 43 vassdrag i Luster kommune. Kjerringneselva er omtalt her, i likhet med 11 andre vassdrag innanfor hovedområdet Veitastrond. Clemetsen og Skjerdal (2006) vurderer at vassdraget har svært stor verdi og at konfliktpotensialet er stort. Begrunnelsen for dette er stor grad av urørthet og at Kjerringneselva vurderes å ha relativt stor inntrykkstyrke med stor eksponering. I rapporten til Clemetsen og Skjerdal (2006) er det også vurdert sumvirkninger i de ulike hovedområdene. I hovedområde Veitastrond vurderes Kjerringneselva å være en av 7 elver som vil ha størst visuell og opplevelsesmessig sumvirkning. Så langt er det ikke utbygd småkraftverk i vassdragene med tilrenning til Veitastrondvatnet (hovedområde Veitastrond i Clemetsen og Skjerdal (2006)). I følge NVE atlas er det pr. 19. april 2013 gitt konsesjon for 6 vannkraftverk og 1 konsesjonsavslag i dette området. Videre blir nå Kjerringnes kraftverk omsøkt sammen med Ugulsvik kraftverk og Storelvi kraftverk. Vi vurderer at Kjerringnes kraftverk isolert sett medfører liten negativ konsekvens for landskap, mens det for inngrepsfrie naturområder blir middels negativ konsekvens av det planlagte kraftverket. Den samlede konsekvensen for Veitastrondområdet vurderes derimot å bli stor negativ for både landskap, inngrepsfri natur og brukerinteresser dersom alle kraftverkene blir utbygd. 4. Andre sitt syn på dei fire søknadene Sogn og Fjordane Turlag, uttale til Storelvi Øvre og Nedre, samandrag, brev til NVE : Storelvi Øvre kraftverk: For dette kraftverket meiner vi at konfliktnivået med mellom anna friluftsliv er innanfor det som er akseptabelt. Vi aksepterer derfor denne utbygginga. Dette med atterhald om at eventuelle tilleggsundersøkingar om biologisk mangfald ikkje tilseier noko anna. Storelvi Nedre kraftverk: For dette kraftverket er konfliktane både med friluftsliv og landskap mykje større enn for Storelvi Øvre, noko vi har grunngitt tidlegare i fråsegna. Og så har ein dette med sumverknadane av alle utbyggingane i Veitastrond. Vi går mot denne utbygginga. Av desse to meiner vi det er nok å bygge ut Storelvi Øvre! Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, samandrag i brev til NVE : Fylkesmannen har vurdert om fire nye småkraftprosjekt i Årøyvassdraget i Luster kommune kan råke kjende allmenne interesser. Prosjekta er planlagde i eit område med store landskaps- og friluftsverdiar, men dei vil i ulik grad råke desse verdiane. Kjerringnes kraftverk vil medføre inngrep i eit urørt naturområde, men vi vil ikkje gå i mot prosjektet slik det er planlagd. Ugulsvik kraftverk vil, slik det er planlagt, få store konsekvensar for landskapet på grunn av tekniske inngrep ei bratt fjellside og låg minstevassføring. Prosjektet kan verte akseptabelt for dei allmenne interessene om vassvegen vert lagt i tunnel og det ikkje vert bygd veg, samt at minstevassføringa vert auke minst til 5-persentilnivå for sommarperioden. Storelvi øvre kraftverk er etter vår vurdering akseptabelt for dei allmenne interessene, under føresetnad av at det ikkje vert gjort inngrep i dei unike jettegrytene nedanfor inntaket og at elveøyra ovanfor vert ivareteke. Vi tilrår difor at ein del av vassvegen vert lagt i tunnel. Vi rår i frå at det vert gjeve konsesjon til Storelvi nedre kraftverk, fordi inntak, kraftverk og regulert elvestrekning vil vere svært synlege og vil etter vår vurdering råke landskapet og friluftsinteressene i stor grad. Vidare må det vurderast om den samla påverknaden av å byggje fleire nye kraftverk i Veitastrond-området vert så stor at prosjekt bør avslåast sjølv om dei kan aksepterast kvar for seg. Vi vurderer det som positivt at kraftutbygging i Storelvi kan gje sikrare straumforsyning i Veitastrond. Luster kommune, formannskapet vert etterutsendt (k-styret ):
6 Side 6av 8 Rådmannen si tilråding: Luster kommune syner til saksutgreiinga med vurdering og tilrår at det vert gjeve konsesjon for bygging av Kjerringnes Kraftverk med tilhøyrande elektriske anlegg. Av omsyn til landskapsbiletet og biologisk mangfald bør det setjast som vilkår for konsesjon slepping av minstevassføring lik 5- persentilen sommar for perioden 1/5 30/9 og 5-persentilen vinter for perioden 1/10 30/4. Det må setjast krav til støydempande tiltak ved val av byggjematerialar og isolasjon av kraftstasjonen. Avlaupet må utførast med vasslås. Luster kommune syner til saksutgreiinga med vurdering og tilrår at det vert gjeve konsesjon for bygging av Ugulsvik Kraftverk med tilhøyrande elektriske anlegg. Av omsyn til landskapsbiletet bør det setjast som vilkår for konsesjon slepping av minstevassføring lik 5-persentilen både sommar og vinter. Luster kommune syner til saksutgreiinga med vurdering og tilrår at det vert innvilga konsesjon for bygging av Storelvi Øvre og Storelvi Nedre kraftverk på Veitastrond med tilhøyrande elektriske anlegg på følgjande vilkår: 1. For begge kraftverka skal minstevassføringa i perioden 1/10 30/4 setjast lik 5-persentilen vinter, dvs. 0,67 m3/s. 2. For Storelvi Øvre kraftverk skal minstevassføringa i perioden 1/5 30/9 setjast til 2,5 m3/s. 3. For Storelvi Nedre kraftverk skal minstevasssføringa i perioden 1/5 30/9 setjast lik 5- persentilen sommar, dvs. 7,15 m3/s. 4. Kraftverka må byggjast på ein måte som tek vare på jettegrytene i området. 5. Det må setjast krav til støydempande tiltak ved bygging av kraftstasjonane og val av utsleppsløysing slik at støynivået held seg innanfor tilrådde støygrenser i T Utbyggingane må elles utførast med dei avbøtande tiltaka som går fram av søknaden 5. Fylkesrådmannen har konkludert slik i saksutgreiingane for dei fire prosjekta. Kjerringnes kraftverk Fylkesrådmannen vil rå til at konsesjon vert gitt. Det må leggast vekt på støydemping, slik at støy ikkje får bre seg utover vatnet. Ugulsvik kraftverk Fylkesrådmannen meiner at ulemper i forhold til landskap og brukarinteresser ved det planlagde tiltaket tilseier at det må gjerast endringar om det skal gjevast konsesjon. Minstevassføringa om sommaren må aukast frå alminneleg lågvassføring 25 l/sek til 5-persentilen på 110 liter/sek og vassvegen må leggast i fjell i staden for som nedgravd rørgate og delvis rørgate i dagen. Med vassvegen i fjell legg fylkesrådmannen til grunn at anlegget kan byggast veglaust. Storelvi Øvre og Nedre kraftverk Fylkesrådmannen meiner at det øvre prosjektet kan aksepeterast under føresetnad av at vassvegen vert lagt i fjell for heile utbyggingstrekninga. Det nedre prosjektet er i konflikt med kulturmiljøet i stølsområdet og med landskaps- og brukarinteressene for området rundt Vårstølen på begge sider av elva. Fylkesrådmannen vil rå i frå at det vert gitt konsesjon til dette prosjektet. Om det likevel skulle bli gitt konsesjon, meiner fylkesrådmannen at minstevassføringa må aukast frå 2,5 m3/sek til om lag 5-persentilen, dvs. 7,15 m3/sek. Andre avbøtande tiltak er særleg varsemd i høve til kulturmiljøet ved Vårstølen og god opprydding og tilbakeføring av landskapet etter utbygging. 6. Fylkesrådmannen si vurdering av samla verknader/sumverknader Fylkesrådmannen har vurdert dei fire prosjekta kvar for seg, jf. avsnitt 5 framafor og dok. 3-5 som følgjer saka. I sluttfasen av arbeidet er det gjort nokre generelle og samla vurderingar.
7 Side 7av 8 Kulturminne I området rundt Vårstølen, finn vi eit gamalt kulturlandskap med gamle tufter, bygningar, og andre registrerte kulturminne knytt til beite- og landbruksaktivitet. Samla utgjer området eit kulturmiljø, der sjølve elva utgjer eit viktig opplevings- og landskapselement både for tilreisande og fastbuande. Med redusert vassføring i elva, vil utbygging av Storelvi Nedre innebere eit stort inngrep i dette landskapsbiletet, og i sterk grad kunne påverke dei opplevingsverdiane som er knytte til kulturlandskapet, slik vi ser det i dag. Dette har verknader også for eit større område. Når det gjeld automatisk freda kulturminne, er det viktig at tiltakshavarar tek kontakt med fylkeskommunen slik at 9 undersøkingar, jamfør lov om kulturminne, kan gjennomførast så tidleg som mogeleg i prosessen. Dersom det vert påvist viktige funn av nasjonal interesse, kan det bli aktuelt å gjere justeringar av tiltaka. Fylkeskommunen bør i den samanhengen få oversendt kartmateriale som viser alle tiltak som er knytt opp mot vasskraftprosjekta, t.d. massedeponiområde, anleggsvegar, riggområde m.m. Fylkeskommunen ber NVE om at det vert sett som vilkår i sakene at 9 undersøkingane skal gjennomførast i god tid før anleggsstart. Landskap og friluftsliv/brukarinteresser Frå før er det gitt konsesjon til fem småkraftverk rundt Veitastrondsvatnet. No er det planlagt fire nye. Det øvre prosjektet i Storelvi vil bety store inngrep lokalt langs elva, om vassvegen skal leggast i rør. Her legg fylkesrådmannen til grunn at vassvegen vert lagt i fjell. Det nedre prosjektet med redusert vassføring i ei godt synleg elv med spesielle steinformasjonar og jettgryter og store inngrep ved sprenging og graving for å få fram vassvegen, vil få store konsekvensar for Vårstølen og dei næraste områda rundt. Auka minstevassføring saman med god opprydding og tilbakeføring av landskapet etter utbygging, vil kunne dempe konsekvensane for landskapsrommet i stort, men ikkje lokalt. Vikaelvi er markert som eit viktig landskapselement i den regionale planen for småkraftutbygging og Veitastrondsvatnet er markert som fjordlandskap. Det må difor settast visse krav til avbøtande tiltak om det skal gjevast konsesjon. Rørgate i dagen kan ikkje aksepterast. Vassvegen til Ugulsvik kraftverk må heilt eller delvis byggast som fjellanlegg. Minstevassføringa om sommaren må aukast til 5-persentilen, 110 liter/sek. Fylkesrådmannen meiner at alle prosjekta, bort sett frå dei to i Storelva, ligg i så pass god avstand frå kvarandre i det store landskapsrommet rundt vatnet, at konsekvensane for landskap og brukarinteresser i sum kan aksepterast. Det er her lagt til grunn at vassvegen til Ugulsvik kraftverk vert lagt i fjell og at minstevassføringa vert auka til 5-persentilen. Økonomiske tilhøve Det er opp til den enkelte søkjaren å vurdere framtidig lønsemd knytt til sitt prosjekt. Det er mange faktorar som påverkar resultatet over kraftveret si levetid. Ein indikator på om eit prosjekt er dyrt eller billeg å bygge ut er utbyggingsprisen = utbyggingskostnad / årleg middelproduksjon i kr/kwh. Nedanfor er det sett opp ein tabell som viser aktuelle tal for dei ulike prosjekta Prosjekt Utbyggingskostnad mill. kroner Årleg produksjon GWh Utbyggingspris Kr/kWh Kjerringnes 93,0 25,8 3,6 Storelvi Øvre 39,5 14,2 2,78 Storelvi Nedre 49,3 15,9 3,1 Uggulsvik 34,8 9,9 3,52 Gjennomsn. utb. pris (ikkje vekta etter prod.) 216,6 65,8 3,25
8 Alle prosjekta, slik dei er framstilt, har ein utbyggingspris rundt middels eller under. Det vil difor vere rom for avbøtande tiltak som vil innebere redusert produksjon. Side 8av 8 7. Samla konklusjon/tilråding Fylkesrådmannen gjer framlegg om å tilrå konsesjon på visse vilkår for tre av dei fire anlegga det er søkt konsesjon for. For Kjerringnes kraftverk skal det leggast vekt på støydemping slik at støy ikkje får bre seg utover vatnet. Av omsyn til landskap og brukarinteresser må minstevassføringa for Ugulsvik kraftverk aukast til 110 liter/sek om sommaren og vassvegen må leggast i fjell i staden for nedgravd rørgate og delvis rørgate i dagen. Av tilsvarande omsyn skal vassvegen til Storelvi Øvre kraftverk byggast i fjell langs heile eller det meste av utbyggingstrekninga. Det planlagde Storelvi Nedre kraftverk vil vere i konflikt med kulturmiljøet i stølsområdet og med landskaps- og brukarinteressene for området rundt Vårstølen på begge sider av elva. Fylkesrådmannen vil rå i frå at det vert gitt konsesjon til dette prosjektet. Det lagt særleg vekt på at vassvegen er planlagt gjennom eit stølsområde og på dei spesielle steinformasjonane og jettegrytene i elva på utbyggstrekninga. Om det likevel skulle bli gitt konsesjon, meiner fylkesrådmannen at minstevassføringa må aukast frå 2,5 m3/sek til om lag 5-persentilen, dvs. 7,15 m3/sek. Andre avbøtande tiltak er særleg varsemd i høve til kulturmiljøet ved Vårstølen og særleg god opprydding og tilbakeføring av landskapet etter utbygging.
Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge fem småkraftverk i Luster kommune
Side 1 av 8 Saksframlegg Saksbehandlar: Idar Sagen, Plan- og samfunnsavdelinga Sak nr.: 14/8356-5 Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge fem småkraftverk i Luster kommune Fylkesrådmannen rår
DetaljerHøyringsuttale til søknader om løyve til å bygge sju småkraftverk i Sogndal kommune - Sogndalspakken
Side 1 av 9 Saksbehandlar: Idar Sagen Avdeling: Plan- og samfunnsavdelinga Sak nr.: 13/4617-3 Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge sju småkraftverk i Sogndal kommune - Sogndalspakken Fylkesrådmannen
DetaljerVedlegg til sak: Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge fire småkraftverk ved Veitastrondsvatnet i Luster kommune
Side 1 av 6 Plan- og samfunnsavdelinga Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 57 88 47 54 Vår ref. Sak nr.: 13/5710-3 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 27865/13 Dykkar
DetaljerHøyringsuttale til søknader om løyve til å bygge fire minikraftverk i det verna Guddalsvassdraget i Fjaler kommune
Side 1 av 7 Saksframlegg Saksbehandlar: Idar Sagen, Plan- og samfunnsavdelinga Sak nr.: 15/12311-3 Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge fire minikraftverk i det verna Guddalsvassdraget i Fjaler
DetaljerSøknad om løyve til å byggje fire kraftverk i Eid og Bremanger kommunar
Side 1 av 9 Saksframlegg Saksbehandlar: Idar Sagen, Plan- og samfunnsavdelinga Sak nr.: 15/8149-3 Søknad om løyve til å byggje fire kraftverk i Eid og Bremanger kommunar Fylkesrådmannen rår fylkesutvalet
DetaljerTittel: Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge 12 småkraftverk i Askvoll, Førdeog Naustdal kommunar, Sunnfjordpakken
Saksprotokoll Organ: Fylkesutvalet Møtedato: 25.02.2015 Sak nr.: 14/5094-20 Internt l.nr. 7776/15 Sak: 14/15 Tittel: Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge 12 småkraftverk i Askvoll, Førdeog
DetaljerNATURVERNFORBUNDET I SOGN OG FJORDANE
NVE, Postboks 5091 Majorstuen 0301 Oslo Dykkar dato: 12.01.2015. Vår dato: 18/4.2015 FLEIRE SØKJARAR- SØKNADER OM LØYVE TIL Å BYGGJE 7 SMÅKRAFTVERK I AURLAND,VIK, HØYANGER OG BALESTRAND KOMMUNAR Merknad
DetaljerHøyringsuttale til søknad om løyve til å bygge Brattejølet kraftverk i Hornindal kommune
Side 1 av 8 Plan- og samfunnsavdelinga NVE nve@nve.no Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 57 88 47 54 Vår ref. Sak nr.: 13/3757-5 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr.
DetaljerSøknad om auka slukeevne ved Grøvla kraftverk
NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 Oslo 26.06.2019 Søknad om auka slukeevne ved Grøvla kraftverk Grøvla Kraft AS ønskjer å auke slukeevna ved eksisterande anlegg elva Grøvla i Førde kommune
DetaljerSaksutgreiing for Storelvi Øvre og Storelvi Nedre kraftverk i Luster kommune
Side 1 av 9 Plan- og samfunnsavdelinga Vedlegg til sak: Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge fire småkraftverk i Luster kommune Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 57
DetaljerSaksframlegg. Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge sju småkraftverk i kommunane Jølster og Gloppen - Jølsterpakken
Side 1 av 10 Saksframlegg Saksbehandlar: Idar Sagen, Plan- og samfunnsavdelinga Sak nr.: 14/492-2 Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge sju småkraftverk i kommunane Jølster og Gloppen - Jølsterpakken
DetaljerSAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Steinulf Skjerdal Arkivsaksnr.: 13/2245. Søknad om løyve til bygging av Kjerringnes Kraft
SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Steinulf Skjerdal Arkivsaksnr.: 13/2245 Arkiv: S11 Søknad om løyve til bygging av Kjerringnes Kraft Rådmannen si tilråding: ::: Sett inn innstillingen under denne linja Luster
DetaljerHøyringsuttale til søknader om løyve til å byggje tre småkraftverk i Lærdal kommune
Side 1 av 7 Saksframlegg Saksbehandlar: Idar Sagen, Plan - og samfunnsavdelinga Sak nr.: 16 / 1341-2 Høyringsuttale til søknader om løyve til å byggje tre småkraftverk i Lærdal kommune Fylkesrådmannen
DetaljerHøyringsuttale til søknader om løyve til å bygge 7 småkraftverk i Aurland, Vik, Høyanger og Balestrand kommunar, "Sognefjordpakken"
Side 1 av 11 Saksframlegg Saksbehandlar: Idar Sagen, Plan- og samfunnsavdelinga Sak nr.: 15/214-2 Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge 7 småkraftverk i Aurland, Vik, Høyanger og Balestrand
DetaljerSaksnr. Utval Møtedato 020/15 Formannskapet /15 Kommunestyret
AURLAND KOMMUNE Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 020/15 Formannskapet 11.03.2015 018/15 Kommunestyret 19.03.2015 Arkivsaknr.: Arkiv Sakshandsamar Dato 15/25-15/2343 K2 - S11, K3 - &13 Magnhild Aspevik
DetaljerHøyringsuttale til søknad om løyve til å bygge Kvernfossen kraftverk i Hyllestad kommune
Side 1 av 6 Saksframlegg Saksbehandlar: Idar Sagen, Plan- og samfunnsavdelinga Sak nr.: 15/4079-2 Høyringsuttale til søknad om løyve til å bygge Kvernfossen kraftverk i Hyllestad kommune Fylkesrådmannen
DetaljerØrsta kommune. Søknad om løyve til å byggje Nøvedalselva kraftverk. Fråsegn til søknad om konsesjon.
Vår dato 30.08.2018 2016/6333/LAKR/561 Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkar dato Dykkar ref. Senioringeniør Lars Kringstad, 71 25 84 50 07.06.2018 Vår ref. NORGES VASSDRAGS- OG ENERGIDIREKTORAT (NVE) Postboks
DetaljerSAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Steinulf Skjerdal Arkiv: S11 Arkivsaksnr.: 13/2245
SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Steinulf Skjerdal Arkiv: S11 Arkivsaksnr.: 13/2245 Søknad om løyve til bygging av Ugulsvik Kraftverk Rådmannen si tilråding: ::: Sett inn innstillingen under denne linja Luster
DetaljerSaksutgreiing for Klauva kraftverk i Flora kommune
Side 1 av 6 Plan- og samfunnsavdelinga Vedlegg til sak: Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge 10 småkraftverk i Flora kommune Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 57 88
DetaljerArbeidsverkstad fylkesdelplan med tema knytt til vasskraftutbygging
Arbeidsverkstad fylkesdelplan med tema knytt til vasskraftutbygging Gruppe 3 og 4 Landskap reiseliv og friluftsliv: Spørsmål til vurdering: A. Skal fylkesdelplanen peike ut område der det ved handsaming
DetaljerSAKSFRAMLEGG. Søknad om løyve til bygging av Storelvi Øvre og Storelvi Nedre kraftverk
SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Steinulf Skjerdal Arkivsaksnr.: 13/2245 Arkiv: S11 Søknad om løyve til bygging av Storelvi Øvre og Storelvi Nedre kraftverk Rådmannen si tilråding: ::: Sett inn innstillingen
DetaljerHøyringsuttale til søknader om løyve til å bygge 12 småkraftverk og opprusting/utviding av tre kraftverk i Gloppen kommune
Side 1 av 5 Plan- og samfunnsavdelinga Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 41530964 Vår ref. Sak nr.: 15/13110-7 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 771/16 Dykkar ref.
DetaljerFylkesdelplan med tema knytt til vasskraftutbygging Presentasjon for Fylkesutvalet
Fylkesdelplan med tema knytt til vasskraftutbygging Presentasjon for Fylkesutvalet 28.10.2009 Mål og avgrensing Innhald Aktuelle problemstillingar Innspel og spørsmål (joar.helgheim@sfj.no el. Idar.sagen@sfj.no)
DetaljerHøyringsuttale til søknader om løyve til å bygge fire småkraftverk i Eid og Bremanger kommunar.
Side 1 av 5 Plan- og samfunnsavdelinga Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 41530964 Vår ref. Sak nr.: 15/4035-6 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 22482/15 Dykkar ref.
DetaljerHøyringsuttale til søknad om konsesjon for Mjølsvik kraftverk, Høyanger kommune.
Fylkesutvalet Side 1 av 6 Høyringsuttale til søknad om konsesjon for Mjølsvik kraftverk, Høyanger kommune. Fylkesrådmannen rår fylkesutvalet gjere slikt vedtak: 1 Sogn og Fjordane fylkeskommune rår til
DetaljerHøyringsuttale til søknader om løyve til å bygge 12 småkraftverk i kommunane Askvoll, Førde og Naustdal. «Sunnfjordpakken»
Side 1 av 12 Saksframlegg Saksbehandlar: Idar Sagen, Plan- og samfunnsavdelinga Sak nr.: 14/5094-3 Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge 12 småkraftverk i kommunane Askvoll, Førde og Naustdal.
DetaljerSkjåk kommune Plan, samfunn og miljø
Skjåk kommune Plan, samfunn og miljø Norges vassdrags- og energidirektorat Region Øst Konsesjonsavdelinga, Postboks 5091 0301 OSLO Melding om vedtak Vår ref Dykkar ref: Saksbehandlar Dato 2007/320/8/ Tor
DetaljerVedlegg til sak: Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge 12 småkraftverk i Førde, Askvoll og Naustdal kommunar Sunnfjordpakken
Side 1 av 6 Plan- og samfunnsavdelinga Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 57 88 47 54 Vår ref. Sak nr.: 14/5094-9 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 38138/14 Dykkar
DetaljerHøyringsuttale til søknader om løyve til å bygge fem småkraftverk i Luster kommune, «Lusterpakken».
Side 1 av 7 Plan- og samfunnsavdelinga Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 41530964 Vår ref. Sak nr.: 14/8356-9 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 14853/15 Dykkar ref.
DetaljerFråsegn til fire søknader om å byggje småkraftverk ved Veitastrondsvatnet, Luster kommune
Sakshandsamar: Eyvin Sølsnæs Vår dato Vår referanse Telefon: 57643135 21.10.2013 2013/3602-561 E-post: fmsfes@fylkesmannen.no Dykkar dato Dykkar referanse 21.08.2013 201103007- Noregs vassdrags- og energidirektorat
DetaljerUtdrag kart frå fylkesdelplan små vasskraftverk for delområde Masfjorden
Utdrag kart frå fylkesdelplan små vasskraftverk for delområde Masfjorden Kraftverk eksisterande, planar og potensial Biologisk mangfald Sårbart høgfjell Utdrag kart frå fylkesdelplan små vasskraftverk
DetaljerSolheimsdalen kraftverk i Tysnes kommune. Administrative merknader til endringssøknad.
REGIONALAVDELINGA Seksjon for klima- og naturressursforvaltn - REG AVD Noregs vassdrags- og energidirektorat Postboks 5091 Majorstua 0301 Oslo Dato: 17.10.2017 Vår ref.: 2017/3558-10 Saksbehandlar: jannor
DetaljerSaksutgreiing for Langedal kraftverk i Flora kommune
Side 1 av 6 Plan- og samfunnsavdelinga Vedlegg til sak: Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge 10 småkraftverk i Flora kommune Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 57 88
DetaljerNorges vassdrags- og energidirektorat Postboks 5091, Majorstuen 0301 OSLO. Vedr. Saknr Dokumentnr
Telemark fylkeskommune Postboks 2844 3702 Skien Norges vassdrags- og energidirektorat Postboks 5091, Majorstuen 0301 OSLO Vedr. Saknr. 15-15956 Dokumentnr. 15-15956-6 På side 3 følger brev fra Telemark
DetaljerSaksnr. Utval Møtedato 031/16 Kommunestyret Tynjadalen kraftverk, Fosseteigen kraftverk og Øvre Kvemma kraftverk- uttale frå
Lærdal kommune Sakspapir Saksnr. Utval Møtedato 031/16 Kommunestyret 26.05.2016 Sakshandsamar: Marte Bergum Hansen Arkiv: K1 - S90, K2 - S05 Arkivsaksnr. 16/121-3 Tynjadalen kraftverk, Fosseteigen kraftverk
DetaljerVedlegg til sak: Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge sju småkraftverk i Jølster og Gloppen kommunar - Jølsterpakken
Side 1 av 6 Plan- og samfunnsavdelinga Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 57 88 47 54 Vår ref. Sak nr.: 14/492-7 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 5957/14 Dykkar
DetaljerVedlegg til sak: Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge sju småkraftverk i Sogndal kommune - Sogndalspakken
Side 1 av 6 Plan- og samfunnsavdelinga Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 57 88 47 54 Vår ref. Sak nr.: 13/4617-10 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 1993/14 Dykkar
DetaljerGLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr MULTEK-utvalet 04.02.2016 023/16 MULTEK-utvalet 09.02.2016 038/16 Kommunestyret 22.02.2016 025/16 Avgjerd av: Kommunestyret
DetaljerSaksutgreiing for Steindal kraftverk Flora kommune
Side 1 av 5 Plan- og samfunnsavdelinga Vedlegg til sak: Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge 10 småkraftverk i Flora kommune Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 57 88
DetaljerFråsegn om Lussand kraftverk i Granvin kommune
REGIONALAVDELINGA Arkivnr: 2014/20310-3 Saksbehandlar: Tale Halsør og Lars Øyvind Birkenes Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Kultur- og ressursutvalet 02.12.2014 Fylkesutvalet 04.12.2014 Fråsegn
DetaljerNVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO
NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO 30.04.2014 Att: Siri Merethe Fagerheim Svar på høyringsfråsegner til konsesjonssøknad for Mundalselvi kraftverk Sognekraft AS har no gått gjennom
DetaljerVEDLEGG 4. Grøno kraftverk (konsesjonssøknaden s. 18):
a) VEDLEGG 4 Figur 1. Oversikt over dei fem planlagde utbyggingane i Valldalen. Lysegrøn line syner grensa for Hardangervidda nasjonalpark. (Kjelde: Søknad om konsesjon for Holdøla kraftverk, Småkraft
DetaljerTålegrensa er nådd. Sei nei til 6 småkraftverk i Masfjorden.
Naturvernforbundet Nordhordland Hoplandsjøen 74 5943 Austrheim 19. mai 2015 NVE Postboks 5091 Majorstua Oslo 1 Tålegrensa er nådd. Sei nei til 6 småkraftverk i Masfjorden. NVE har motteke søknader frå
DetaljerVedlegg til sak: Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge 12 småkraftverk i Førde, Askvoll og Naustdal kommunar Sunnfjordpakken
Side 1 av 5 Plan- og samfunnsavdelinga Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 57 88 47 54 Vår ref. Sak nr.: 14/5094-12 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 38146/14 Dykkar
DetaljerVedlegg til sak: Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge 12 småkraftverk i Førde, Askvoll og Naustdal kommunar Sunnfjordpakken
Side 1 av 6 Plan- og samfunnsavdelinga Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 57 88 47 54 Vår ref. Sak nr.: 14/5094-7 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 38104/14 Dykkar
DetaljerReferanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Maud Sleire Holmaas Fråsegn til søknader om å byggja seks kraftverk i Masfjorden kommune
Masfjorden kommune NVE Referanser: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Maud Sleire Holmaas 22.06.2015 Vår: 15/186-15/2932 maud.sleire.holmaas@masfjorden.kommune.n o Fråsegn til søknader om å byggja seks kraftverk
DetaljerSøkjaren, Torvik Kraft AS, er eigd av grunneigarane som har fallrettane mellom kote 125 og 0 i Ervikselva.
Side 1 av 6 Plan- og samfunnsavdelinga Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 57 88 47 54 Vår ref. Sak nr.: 14/5094-4 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 38084/14 Dykkar
DetaljerSAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2016 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2016 Kommunestyret PS
Vaksdal kommune SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 47/2016 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS 02.05.2016 40/2016 Kommunestyret PS 23.05.2016 Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Sveinung Klyve FA - S10 16/208
DetaljerUttale til planendringssøknad for bygging av Askjelldalen pumpekraftverk i Vaksdal kommune, Hordaland fylke
Side 1av 5 Saksbehandlar: Idar Sagen Avdeling: Plan- og samfunnsavdelinga Sak nr.: 13/3306-2 Uttale til planendringssøknad for bygging av Askjelldalen pumpekraftverk i Vaksdal kommune, Hordaland fylke
DetaljerHøyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune.
Førde, 26.02.2015 NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 OSLO Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Bakkeelva kraftverk i Askvoll kommune. Vi viser til NVE sitt høyringsbrev av
DetaljerSaksnr Utval Møtedato 056/10 Formannskapet /10 Kommunestyret
Årdal kommune.. Sakspapir Saksnr Utval Møtedato 056/10 Formannskapet 18.05.2010 036/10 Kommunestyret 27.05.2010 Sakshandsamar: Stine Mari Måren Elverhøi Arkiv: K2-S10 Arkivsaksnr. 08/1064 Uttale til melding
DetaljerVedlegg til sak: Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge sju småkraftverk i Sogndal kommune - Sogndalspakken
Side 1 av 5 Plan- og samfunnsavdelinga Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 57 88 47 54 Vår ref. Sak nr.: 13/4617-8 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 640/14 Dykkar
DetaljerSøkjaren, NK Småkraft AS, 5231 Paradis, har inngått avtale med grunneigarar/fallrettseigarar.
Side 1 av 7 Plan- og samfunnsavdelinga Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 57 88 47 54 Vår ref. Sak nr.: 14/5094-5 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 38096/14 Dykkar
DetaljerHøyringsuttale til søknad om løyve til bygging av Trolleholselva kraftverk i Høyanger kommune
Side 1 av 11 Plan- og samfunnsavdelinga NVE Postboks 5091, Majorstua Konsesjonsavd. 0301 Oslo Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf: 57 88 47 54 Vår ref. Sak nr.: 12/6245-6 Gje alltid
DetaljerFråsegn om Lussand kraftverk i Granvin herad
REGIONALAVDELINGA Norges vassdrags- og energidirektorat Dato: 11.12.2014 Vår ref.: 2014/20310-5 Saksbehandlar: talhals Dykkar ref.: Fråsegn om Lussand kraftverk i Granvin herad Vi viser til brev dagsett
DetaljerKommentarar frå Røyrvik Kraft til høyringsfråsegner for Røyrvik og Øyrane kraftverk i Gloppen kommune
29.05.2016 Kommentarar frå Røyrvik Kraft til høyringsfråsegner for Røyrvik og Øyrane kraftverk i Gloppen kommune RØYRVIK KRAFT SUS NVE Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstua 0301 Oslo Dykkar ref.:
DetaljerSøkjaren, Vassbrekka Kraft AS, er eigd av grunneigarane som har fallrettar i området.
Side 1 av 5 Plan- og samfunnsavdelinga Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 57 88 47 54 Vår ref. Sak nr.: 14/5094-8 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 38132/14 Dykkar
DetaljerSaksframlegg. Saksnr Utvalg Type Dato 007/16 Areal- og forvaltningsutvalet PS
Saksframlegg Saksbehandler Arkiv ArkivsakID Kleppa, Torborg K2 - M12 15/1382 Saksnr Utvalg Type Dato 007/16 Areal- og forvaltningsutvalet PS 11.02.2016 HØYRING - SØKNAD OM LØYVE TIL Å BYGGJE SMÅKRAFTVERK
DetaljerHøyringsuttale til søknader om løyve til å bygge 12 småkraftverk og opprusting/utviding av tre kraftverk i Gloppen kommune.
Side 1 av 5 Plan- og samfunnsavdelinga Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 41530964 Vår ref. Sak nr.: 15/13110-15 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 3446/16 Dykkar
DetaljerHøyringsuttale til søknader om løyve til å bygge fire mini kraftverk i Fjaler kommune.
Side 1 av 7 Plan - og samfunnsavdelinga Sakshandsamar: Idar Sagen E - post: idar.sagen@sfj.no Tlf. : 41530964 Vår ref. Sak nr.: 15 / 12311-7 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 51437 / 15
DetaljerHauge kraftverk i Stranda kommune i Møre og Romsdal - klagesak
Sunnmøre Ringmerkingsgruppe v/ Kjell Mork Soot Hareidsvegen 234 6060 HAREID Dykkar ref Vår ref 18/28- Dato 29. mars 2019 Hauge kraftverk i Stranda kommune i Møre og Romsdal - klagesak Noregs vassdrags-
DetaljerVedlegg til sak: Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge sju småkraftverk i Sogndal kommune - Sogndalspakken
Side 1 av 7 Plan- og samfunnsavdelinga Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 57 88 47 54 Vår ref. Sak nr.: 13/4617-5 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 39294/13 Dykkar
DetaljerHøyringsuttale til søknader om løyve til å bygge 12 småkraftverk og opprusting/utviding av tre kraftverk Gloppen kommune.
Side 1 av 5 Plan- og samfunnsavdelinga Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 41530964 Vår ref. Sak nr.: 15/13110-13 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 2165/16 Dykkar
DetaljerGLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR
GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr MULTEK-utvalet 04.02.2016 021/16 MULTEK-utvalet 09.02.2016 036/16 Kommunestyret 22.02.2016 023/16 Avgjerd av: Kommunestyret
DetaljerHøyringsuttale til søknader om løyve til å bygge fire småkraftverk i Eid og Bremanger kommunar.
Side 1 av 6 Plan- og samfunnsavdelinga Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 41530964 Vår ref. Sak nr.: 15/4035-3 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 21729/15 Dykkar ref.
DetaljerHøyringsuttale til søknader om løyve til å bygge fire småkraftverk i Eid og Bremanger kommunar.
Side 1 av 5 Plan- og samfunnsavdelinga Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 41530964 Vår ref. Sak nr.: 15/4035-4 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 21935/15 Dykkar ref.
DetaljerTilleggsuttale til 4 søknadar om småkraftutbygging i Fjaler, Sogn og Fjordane.
NVE Leikanger 06.06.2016 nve@nve.no Tilleggsuttale til 4 søknadar om småkraftutbygging i Fjaler, Sogn og Fjordane. Tjøredalselva og Svartefoss Alternativ 3 med Coandainntak, smal røyrgate på 3-4 meter
DetaljerSaksutgreiing for Hundsåna kraftverk i Førde og Askvoll kommunar
Side 1 av 6 Plan- og samfunnsavdelinga Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 57 88 47 54 Vår ref. Sak nr.: 14/5094-11 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 38142/14 Dykkar
DetaljerSØKNAD OM BYGGJING AV TESGJOLO SMÅKRAFTVERK, VOSS - SUPPLERANDE BIOLOGISK UTGREIING. FRÅSEGN
REGIONALAVDELINGA Arkivnr: 2014/294-1 Saksbehandlar: Kjetil Sigvaldsen Saksframlegg Saksgang Utval Saknr. Møtedato Kultur- og ressursutvalet 21.01.2014 Fylkesutvalet 30.01.2014 SØKNAD OM BYGGJING AV TESGJOLO
DetaljerHøyringsuttale til søknad om løyve til å bygge Høgelida kraftverk i Vågsøy og Vanylven kommunar
Side 1 av 8 Plan- og samfunnsavdelinga Til NVE Postboks 5091, Maj. 0301 Oslo nve@nve.no biwi@nve.no dkj@nve.no Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 57 88 47 54 Vår ref. Sak nr.: 13/1769-5
DetaljerTilleggsutgreiing. for. Geitåni kraftverk. Voss kommune. Hordaland fylke
Tilleggsutgreiing for Geitåni kraftverk Voss kommune Hordaland fylke Voss 30.12.08 Innhald 1. Innleiing... 2 2. Alternativ utbyggingsløysing... 3 3. Alternativ vegløysing... 6 4. Anleggsdrift Ørevikelvi...
DetaljerFråsegn til høyring av søknad om konsesjon til bygging av Øvre og Nedre Lanes kraftverk, Bjerkreim kommune
Dykkar ref.: Vår dato: 31.03.2017 Vår ref.: 2017/1618 Arkivnr.: 562 Norges vassdrags- og energidirektorat, Konsesjonsavdelinga Postboks 5091 Majorstuen 0301 Oslo Postadresse: Postboks 59 Sentrum, 4001
DetaljerTokheimselva kraftverk i Odda kommune - klagesak
Bergen og Hordaland Turlag Tverrgt. 4/6 5017 BERGEN Dykkar ref Vår ref 18/109- Dato 19.12.2018 Tokheimselva kraftverk i Odda kommune - klagesak Bergen og Hordaland Turlag klagar 19.1.2018 på Noregs vassdrags-
DetaljerETNE KOMMUNE Tenestetorget
ETNE KOMMUNE Tenestetorget NVE Etne, 19.10.2017 Dykkar ref.: Vår ref.: Arkiv: Sakshandsamar: 17/1121/17/1024 6 N - 654 BEH Kambo Energi AS - Valdra Kraftverk. Fråsegn frå Etne kommune. Etne kommunestyre
DetaljerKONSESJONSSØKNAD FOR KOLÅSÅNA KRAFTVERK I ODDA KOMMUNE - FRÅSEGN
HORDALAND FYLKESKOMMUNE Regionalavdelinga Klima- og naturressursseksjonen Arkivsak 201302976-3 Arkivnr. 344 Saksh. Tale Halsør og Elizabeth Warren Saksgang Kultur- og ressursutvalet Fylkesutvalet Møtedato
DetaljerOFFENTLEG MØTEBOK. Fylkesutvalet. Fylkehuset - møterom Sygna. Møtedato Kl
OFFENTLEG MØTEBOK Organ Møtestad Fylkesutvalet Fylkehuset - møterom Sygna Møtedato 06.05.2015 Kl. 13.40 14.30 Faste medlemer til stades: Åshild Kjelsnes, Ap Nils P. Støyva, Ap Jenny Følling, Sp Anders
DetaljerTilleggsoverføring til Evanger kraftverk og utbygging av Tverrelva og Muggåselva
Tilleggsoverføring til Evanger kraftverk og utbygging av Tverrelva og Muggåselva Utbyggingsplan og framlegg til konsekvensutgreiingsprogram Folkemøte Voss kulturhus, 20. januar 2011 Ingvill Stenseth, prosjektleiar
DetaljerSakspapir. Saksnr Utval Møtedato 021/15 Formannskapet /15 Kommunestyret
Vik kommune Sakspapir «Sgr_Beskrivelse» «Spg_Beskrivelse» Saksnr Utval Møtedato 021/15 Formannskapet 05.03.2015 009/15 Kommunestyret 12.03.2015 Sakshandsamar Arkiv Arkivsaksnr. Norvald Aase K2 - S11 14/772
DetaljerSmåkraft AS - Vedtak i forbindelse med klage på løyve til bygging av Øvre Alsåker kraftverk i Ullensvang herad i Hordaland
Fra: Postmottak@OED.DEP.no Sendt: 1. desember 2015 14:22 Kopi: NVE Emne: Småkraft AS - Vedtak i forbindelse med klage på løyve til bygging av Øvre Alsåker kraftverk i Ullensvang herad i Hordaland Småkraft
DetaljerSaksutgreiing for Litlevatnet kraftverk i Flora kommune
Side 1 av 6 Plan- og samfunnsavdelinga Vedlegg til sak: Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge 10 småkraftverk i Flora kommune Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 57 88
DetaljerBlåfall AS Søknad om planendring for bygging av småkraftverk i Bergselvi i Luster kommune, Sogn og Fjordane - NVEs vedtak
Blåfall AS Postboks 61 1324 LYSAKER Att: Åsmund Ellingsen Vår dato: 19.12.2014 Vår ref.: 200702303-129 Arkiv: 312 Saksbehandler: Deres dato: Helén Nathalie Liebig-Larsen Deres ref.: Tlf. 22959895 Blåfall
DetaljerVedlegg til sak: Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge 12 småkraftverk i Førde, Askvoll og Naustdal kommunar Sunnfjordpakken
Side 1 av 5 Plan- og samfunnsavdelinga Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 57 88 47 54 Vår ref. Sak nr.: 14/5094-15 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 38162/14 Dykkar
DetaljerHøyringsuttale til søknader om løyve til å bygge fire minikraftverk i Fjaler kommune.
Side 1 av 7 Plan- og samfunnsavdelinga Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 41530964 Vår ref. Sak nr.: 15/12311-5 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 51419/15 Dykkar
DetaljerFRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE
Side 1 Tingvoll, 3. september 2013 NVE FRÅSEGN HENNAELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått ein mindre bit av den planlagde utbyggingsstrekninga 24.8.2013. Sjølv om vi ikkje gikk så
DetaljerSaksutgreiing til folkevalde organ
Side 2 av 6 Saksutgreiing til folkevalde organ Dato: Arkivref: 03.10.2018 2018/318 24067/2018 / 504 Saksbehandlar: Linda Djuvik 53423156 linda.djuvik@bomlo.kommune.no Sak nr i møte Utval Møtedato 139/18
DetaljerBordalselva kraftverk i Molde kommune i Møre og Romsdal - klagesak
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal v/øystein Folden Rasta 4 6630 TINGVOLL Dykkar ref Vår ref 17/1215- Dato 20. mars 2018 Bordalselva kraftverk i Molde kommune i Møre og Romsdal - klagesak Naturvernforbundet
DetaljerStryn kommune Servicekontoret
Stryn kommune Servicekontoret Sogn og Fjordane fylkeskommune Vår ref: Dykkar ref. Dato: 16/2294-2/ FA-S11, HIST-10/1320 KAS 09.09.2016 Søknad om dispensasjon frå kommuneplanen sin arealdel for oppgradering
DetaljerGimsdalen småkraftverk - Høyringsuttale til NVE
Sykkylven kommune Saksframlegg Dato: Arkivref: 20.05.2014 2013/945-5566/2014 Saksbeh.: Karl Johan Stadsnes Saksnr Utval Møtedato 40/14 Nærings- og utviklingsutvalet 02.06.2014 52/14 Kommunestyret 17.06.2014
DetaljerFRÅSEGN STOKKELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE
Side 1 Tingvoll, 2. september 2013 NVE FRÅSEGN STOKKELVA KRAFTVERK I HALSA KOMMUNE Naturvernforbundet har gått langs mesteparten av den planlagde utbyggingsstrekninga 24.8.2013. Vi har ei klart anna oppfatning
DetaljerVik kommune Plan/forvaltning
Vik kommune Plan/forvaltning NVE Vår ref. Dykkar ref. Sakshandsamar Direktenr. Dato 14/772-7 Norvald Aase 90 73 26 35 13.03.2015 MELDING OM VEDTAK Høyringsuttale konsesjonssøknad - Tura kraftverk og TVK
DetaljerUllensvang herad Sakspapir
Ullensvang herad Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, del. vedtaksmynde. Møtedato Saksnr Sakshands. Plan- og ressursutval 28.05.2013 033/13 KHAK Heradsstyret 17.06.2013 051/13 KHAK Endeleg vedtak i: Heradsstyret
DetaljerSøkjaren, Helgheim Kraft SUS, er eigd av grunneigare som har fallrettar i området.
Side 1 av 5 Plan- og samfunnsavdelinga Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 57 88 47 54 Vår ref. Sak nr.: 14/492-4 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 4838/14 Dykkar
DetaljerSaksutgreiing for Løkkebø kraftverk i Flora kommune
Side 1 av 6 Plan- og samfunnsavdelinga Vedlegg til sak: Høyringsuttale til søknader om løyve til å bygge 10 småkraftverk i Flora kommune Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 57 88
DetaljerHøyringsuttale til søknader om løyve til å bygge 12 småkraftverk og opprusting/utviding av tre kraftverk i Gloppen kommune
Side 1 av 7 Plan- og samfunnsavdelinga Sakshandsamar: Idar Sagen E-post: idar.sagen@sfj.no Tlf.: 41530964 Vår ref. Sak nr.: 15/13110-9 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 2148/16 Dykkar ref.
DetaljerHøyringsuttale til søknader om løyve til å bygge fire mini kraftverk i Fjaler kommune.
Side 1 av 5 Plan - og samfunnsavdelinga Sakshandsamar: Idar Sagen E - post: idar.sagen@sfj.no Tlf. : 41530964 Vår ref. Sak nr.: 15 / 12311-4 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt l.nr. 51411 / 15
DetaljerUttale om alternativ inntaksløysing i Onarheim kraftverk
Uttale om alternativ inntaksløysing i Onarheim kraftverk Viser til synfaring langs Hellandselva 28.juni 2018 og SKL sitt notat med alternativ inntaksløysing sendt på e-post frå NVE 10.august 2018. Kvinnherad
DetaljerMøteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU
Møteinnkalling Nærøyfjorden verneområdestyre - AU Utval: Møtestad: Aurland Fjordsenter, e-post Dato: 20.03.2015 Tidspunkt: 09:00 Eventuelt forfall må meldast snarast på tlf. 99499753 eller e-post fmsfano@fylksmannen.no.
Detaljer