Årsmelding 2014. Sogn og Fjordane Bondelag

Advertisement


Advertisement
Like dokumenter
Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

DIS- Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane Bondelag

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Styremøte Sogn og Fjordane Sau og Geit på Reset

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Prosjektretta tiltak innan rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Sogn og Støtteordning

ARBEIDSPLAN

Landbruk og jordvern i plansaker

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

HØYRING OM OPPHEVING AV KONSESJONSLOVA OG BUPLIKT

Styremøte i Sogn og Fjordane Sau og geit april på Quality Hotell Sogndal

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Ny GIV. (= gjennomføring i vidaregåande skule)

Handlingsprogram

Møteprotokoll for møte i

HAGESELSKAPET SOGN OG FJORDANE

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Saman for framtida (Ref # )

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

ORGANISATORISK PLATTFORM FOR UNGE VENSTRE

Saman for framtida (Ref # )

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Gunnar Steine Arkiv: G21 Arkivsaksnr.: 14/745-7

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

Handlingsprogram Høyringsperiode 1. april 30. juni Regional plan for vassforvaltning Foto: Merete Farstad

Fordeling av hovudansvar for utvala mellom tilsette i sekretariatet

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Kap 1 Innleiande fastsettingar

MIDLAR TIL REKRUTTERING, LIKESTILLING OG KOMPETANSEHEVING I LANDBRUKET - FORVALTNING

Vi må ta vare på matjorda. Om jordvern og eigedomspolitikk

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Sak Organisering, vidareføring av prosjekt og prosjektleiarstilling. Bakgrunn

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

Møteprotokoll. Stølsheimen verneområdestyre

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

SKAP ak t iv i t et i huset di t t! Aktivitetskart for. Huset i. bygda

PROTOKOLL. Landsmøte Norsk Fyrhistorisk Foreining 2009 Brekstad, Sør-Trøndelag 5. september 2009

Frå flyktning til arbeidstakar meir arbeid og betre norsk i introduksjonsprogrammet

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Styremøte 9. og 10. februar i Bergen

Informasjonshefte Tuv barnehage

Unge, bygda og landbruket prosjekt ( )

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

ARBEIDSPLAN HORDALAND NEI TIL EU. Mars 2019 februar 2020

Kontrollutvalet. Målet i dag

Referat. -- Harald Lie, Jorulf Refsnes, Bodil Mannsverk, Elin R. Haugen, Gjermund Stuve, Finn Egil Adolfsen

Tilskot til rekruttering, likestilling og kompetanseheving i landbruket - 2. utlysing 2015

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

HANDLINGSPROGRAM

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Dialogmøte Hafs. Korleis arbeider vi med kvaliteten i grunnopplæringa i Sogn og Fjordane?

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Sognekraft, Vik Møtedato: Tid: 09:30-13:45. A.

INTERNASJONAL STRATEGI

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: UTVAL FOR PLAN OG UTVIKLING Møtestad: Telefonmøte Møtedato: Tid: 12.30

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Huset i Bygda. Ein kulturarena der du bur «Hus som skaper landet» Ungdomshuskonferansen, Oslo

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

Regulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 11/387 12/ MAC Innkalling til møte i vassområdeutvalet Ytre Sogn

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Referat. Finn Hoff, Liv-Julie Wågan, Jørn Haugli Lunde, Jorulf Refsnes, Gjermund Stuve og Elin R. Haugen.

Vedtekter for nasjonalparkstyret for Jostedalsbreen nasjonalpark i Sogn og Fjordane fylke

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

SEKOM-sekretariat Arbeidsplan 2017 og 2018

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Hotell Scandic Byparken, Bergen Møtedato: Tid: 12:00-16:30. A.

Reglement for Naustdal kontrollutval Vedteke av kommunestyret i sak 20/15 den

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Per Øyvind Tveiten - leiar, Mari Skeie Ljones nestleiar, Helene M. Bolstad - nestleiar, Jan Heier, Olav Luksengård Mjelva, Tove Leinslie, 1.

HAGESELSKAPET SOGN OG FJORDANE

Rapport om bruk av vikarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande skule

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Kommunestruktur i Sogn og Fjordane Fylkesmannen si tilråding

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Lønnsundersøkinga for 2014

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Postboks SOGNDAL - Tlf: MØTEPROTOKOLL

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Innkalling til møte i arbeidsutvalet for vassregion Sogn og Fjordane

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Prosjektplan. Utgreiing av «kystkommunealternativet» Bremanger kommune Flora kommune Vågsøy kommune

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Møteprotokoll. Sogn regionråd. Utval: SOGN REGIONRÅD Møtestad: Kviknes Hotel, Balestrand Møtedato: Tid: A.

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Advertisement
Transkript:

Årsmelding 2014 Sogn og Fjordane Bondelag 1

Politiske utfordringar i eit år med veret på bonden si side Ein mild og fin vinter med tidleg vår og ein påfølgande god sommar som gav gode avlingar noko som gjorde godt for oss alle. Regjeringa var ikkje like gåvmild i sin vilje til å prioritere inntektsvekst for gjennomsnittsbonden. Våren kom og me gjekk inn i for mange av oss vårens mest spennande tema, jordbruksforhandlingane. Det var knytt stor interesse og spenning til kva regjeringa ville tilby oss bønder. Tilbodet frå regjeringa hadde ein slik innretning og eit så lågt økonomisk nivå at brotet var uunngåeleg. I etterkant av brotet greip Stortingsfleirtalet inn og påla regjeringa å gje næringa 250 ekstra millionar i høve til det regjeringa hadde kome med. Det gav ei viss betring, men det rokka ikkje ved innretninga der ein tek frå dei mange for å gje inntektsvekst til dei få. Regjeringa må framover ta inn over seg at den landbrukspolitikken dei ynskjer å føre ikkje har fleirtal på Stortinget. Eg vil få takka alle som deltok i dei ulike aksjonane rundt i lokallaga og på stormønstring i Oslo i høve brote i forhandlingane. Men året har også bydd på dramatiske utfordringar av store dimensjonar. Storbranden i Lærdal i Januar som førte til store skader. Innsatsen som vart utøvd av bøndene i Lærdal for å avgrense skadeomfanget var heilt avgjerande at dette ikkje vart meir dramatisk. Dette viser tydeleg kor viktig norsk landbruk er i krise og beredskapsamanheng. Norsk landbruk med sin desentraliserte profil med gardsbruk og produksjon over heile landet er viktig å ta vare på. Storflaumen som me opplevde i haust der Lærdal og Aurland vart spesielt hardt råka viser kor lite som skal til før me får store øydeleggingar på eigedommar, matjord og bygningar. Under synfaringa i Lærdal og Aurland som Landbruksministeren hadde i saman med Leiaren i Norges Bondelag vart det tydleg streka under kor viktig det er at NVE får nok resursar til å drive førebyggande arbeid som sikrar vassdraga mot slik flaum. Det er også eit varsko til oss alle at vi må ta endringane i klima på alvor for å sikre tryggleiken til våre etterkommarar. Me lever i ei tid med stor spenning om korleis framtida til norsk landbruk vil verte. Det er nok å nemne ord som konsesjonslova, artikkel 19, forenklingsgruppa, marknadsbalansering, og kvoteregionar saman med ein manglande vilje til å bruke meir pengar. Dei siste dagane registrerer vi også at regjeringa tek til sin gevinst resultatet av førre regjering sin politikk. Vi kan garantert vente oss ein vår der Ministeren gong etter gong vitjar utvalde bønder som talar godt om hennar politikk. Det er flott for dei få som får ein positiv inntektsvekst gjennom satsinga på dei aller største, men i arbeidet med å nå det overordna målet om ein auka norsk matproduksjon må det leggast til rette for ein politikk som vil sikre at areal over heile landet vert brukt. Då må verkemiddelbruken vere differensiert! Kva verknader denne regjeringa sin politikk vil få vil me ikkje sjå før om nokon år. Politikken deira vart sett ut i livet frå januar i år. Til hausten skal me velja nye Kommune og Fylkesting. Det er viktig at Bondelaget er ei tydleg røyst og kommentator i denne valkampen. Bondelaget skal bidra til ansvarleg gjera politikarane om deira tankar og vilje for matproduksjonen i Sogn og Fjordane. Helsing Per Hilleren, fylkesleiar 2

Innhaldsliste 1 Arbeidsplan for 2014/2015 5 2 Møte, kurs og aktivitetar 7 Regionsamlingar 7 Fylkesårsmøtet 7 Bondelagskokk frå Sogn og Fjordane 10 Bondevenn 10 Landbruks- og Matminister på besøk 14 Årsmøte i Norges Bondelag 17 Jubileumsutstilling på Mo 17 Open Gard 17 Prosjekt rekruttering til landbruksnæring og naturbruksutdanning 18 Innsamling av landbruksplast og metallskrot 19 Leiarmøtet samstundes med AgroNordVest 19 Nettverkssamling for yngre bønder 19 Rekneskapsførarkurset 21 Fiskeseminaret 21 3 Arbeid og representasjon i ulike utval Grøntutvalet 22 Verveutvalet tørre å spørje 22 Landbruksselskapet 22 Styret for Innovasjon Norge, region Sogn og Fjordane 22 Regionalt Bygdeutviklingsprogram 22 Kontaktutval rovvilt 22 Sauehald i pluss 23 Nettverksgruppe Inn På Tunet 23 Hanen Vestlandet 24 Føregangsfylke frukt og bær 24 Samarbeidsrådet 25 Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag 25 Samarbeidsadvokatane 25 Samarbeid med Gjensidige 25 4 Aktuelle saker i 2014 Jordbruksforhandlingane 2014 26 Oppheving av priskontroll på landbrukseigedommar 29 Etablering av Matsenter i Bergen 29 Motorferdsel i utmark fritidskøyring med snøscooter 29 Mosjonskrav eller beitekrav sak frå Breim Bondelag 29 Framtida til mjølkeproduksjonen i fylket 30 Forskrift om handtering av utgangsstoff for eksplosivar 31 Forskrift om produksjonstilskot/avløysartilskot 31 Sogn jord- og hagebruksskule 31 Tilskot til veterinære reiser og inseminering 32 Vassrammedirektivet 33 Informasjonsarbeid 33 3

Informasjonsarbeid 33 Lokale kontaktlag 2014/2015 34 5 Lokallaga våre 35 Årets lokallag 35 Medlemsutvikling 35 Samstyra 35 Aktiv lokallagsmidlar 36 6 Fylkeskontoret 37 Minneord Oddvin Haugland 38 Minneord Ola Andreas Halsnes 39 7 Æresmedlemer i fylkeslaget 40 8 Tillitsvalde og representasjon 41 9 Rekneskapen 2014 44 10 Bondelag og leiarar i lokallaga 45 11 Medlemstal og kasserarar i lokallaga 46 12 rekneskapslaga og kontor med samarbeidsavtale med Norges B 47 Fråsegn jordbruksforhandlingane 2013 48 Bilete frå felles styremøte mellom Hordaland og Sogn og Fjordane i Flåm i mai 4

1. Arbeidsplan for 2014/2015 Hovudstrategi for Sogn og Fjordane Bondelag Sogn og Fjordane Bondelag skal stå fram som tydeleg, samlande, kunnskapsrik og framtidsretta på vegne av bonden i Sogn og Fjordane. Mål for all verksemd er å arbeide for betre inntekt og rammevilkår for bøndene i fylket, samt å styrke vilkåra for Sogn og Fjordane som eit stort matproduserande fylke. Lokallaga skal medverke aktivt saman med fylkesstyret for å nå måla. Kommunikasjon Aktiv i lokale og nasjonale media Kunnskapsbygging og tett dialog med politikarar på ulike nivå Bygge alliansar og eit breitt kontaktnett i fylket på tvers av næringar for å styrke næringslivet i distrikta sine utviklingsmoglegheiter. Bygge alliansar med aktørar utanfor fylket som har samanfallande interesser Marknadsføre og utvikle heimesida www.bondelaget.no/sognogfjordane. Delta aktivt i dialog på andre sosiale kommunikasjonskanalar på nett Bygge ein god dialog mellom fylkesstyret og lokallaga gjennom fadderordning og deltaking på lokallaga sin aktivitet. Næringspolitikk Landbrukspolitiske saker Bygge kunnskap om konsekvensar av dei ulike partia sin landbrukspolitikk hos politikarane sjølve og forbrukarane. Sikre politisk forståing for eit sterkt grensevern Oppfølging av jordbruksavtala og jordbruksforhandlingane 2014 Arbeide tett og forpliktande saman med Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane når det gjeld dei regionale verkemidlane og innspel til næringspolitikken. Næringsutvikling Utviklingsprosjekt innan det tradisjonelle landbruket i samarbeid med andre Ha ein tett dialog med forskingsinstitusjonar om FOU aktivitet som kan vere med å styrke landbruksnæringa i fylket. Grunneigarrettar, eigedomsrett og ressursforvaltning Styrke kompetansen og støtte opp om lokallaga sitt arbeid med kommunal planlegging og utøving. Arbeide for eit styrka jordvern i fylket Medverke aktivt til at grunneigarrettar og næringsutvikling vert teke omsyn til i saker som vedkjem vern og utarbeiding av forvaltningsplanar for verneområda Arbeide aktivt for å redusere tap på beite grunna rovvilt. Utdanning Samarbeide tett med ungdomsskulane i fylke, og utvikle og sikre utdanningstilbodet for naturbruksutdanning i fylket. 5

Organisasjon Styrke lokallaga gjennom kursing og tett oppfølging Styrke arbeidet med medlemsverving Tilby kurs til yngre bønder Motivere lokallaga til å låne idear frå andre lokallag, og til å samarbeide med kvarandre om aktivitetar. Vedteken i fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag 07.03.2014 på Skei Hotel Jordbruksoppgjeret 2014 enda med brot og dei 3 damene i trekanten fekk mykje av skulda for det. På Eid fekk ordføraren ein flokk sauer å passe på. 6

2. Møte, kurs og aktivitetar Regionsamlingar Det vart gjennomført 9 regionsamlingar kring i heile fylket med god deltaking. Tema i innleiingane frå medlemene i fylkesstyret var fokusert på jordbruksforhandlingar og den politiske situasjonen. Regionsamlingane er ein møtestad for styra i lokallaga og representantar frå fylkeslaget. Fylkesårsmøtet Fylkesårsmøtet vart skipa til på Skei Hotell i Jølster. Det møtte 49 utsendingar frå lokallaga. I tillegg deltok medlemer i fylkesstyret og gjester. Frå Norges Bondelag møtte dåverande leiar Nils T. Bjørke. Andre eksterne innleiarar i møtet var Stortingsrepresentant og medlem i næringskomiteen, Pål Farstad frå Venstre, dåverande leiar i NHO Sogn og Fjordane Leif Arne Åsen, og Ørjan Skåden frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Leiaren si tale Leiar, Per Hilleren tok i si tale til årsmøtet mellom anna opp følgjande tema: - Politisk arbeid i førekant av valet i 2013 - Korleis møte den nye politiske kvardagen? - Bondevenn kampanjen - Trongen for ei samla næring i det politiske arbeide framover - Jordvern som grunnlag for ein framtidig matproduksjon - Verkemiddelbruk som stimulerer til produksjon av mat i heile landet - Rekruttering - Marknadsordningane - Landbruket sin plass i næringslivet i fylket - Prioriteringar og utfordringar for dei ulike produksjonane Næringspolitisk talsperson i Venstre, Pål Farstad medverka til debatt på fylkesårsmøtet saman med leiar i Norges Bondelag Nils T. Bjørke og fylkesleiar Per Hilleren. 7

Fråsegner frå fylkesårsmøtet Norsk matproduksjon treng areal i heile landet Fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag vil peike på kor viktig distriktslandbruket er for den totale matproduksjonen i Norge. Skal ein nå næringskomiteen på Stortinget sitt mål om auka matproduksjon med intensjon om auka sjølvforsyning, trengst det verkemidlar som tek omsyn til at maten vert produsert i eit langstrakt land med store skilnader i klima, topografi og arrondering. Det er vanskeleg å finne samanheng mellom dei måla Regjeringa har for matproduksjonen, og dei verkemidla landbruksministeren har presentert så langt. Det vil vere avgjerande at regjeringa, før ho set tiltak ut i livet, gjennomfører eit heilskapleg arbeid som synleggjer konsekvensar av ulike tiltak. Kunnskap må styre avgjerdene! Ei omlegging av fleire ulike verkemidlar stykkevis og delt kan få ein sumeffekt som kan få dramatiske konsekvensar for matproduksjonen i vårt fylke, både på kort og lang sikt. Norsk sjølvforsyning av mat er på eit lågmål, og Norge har sett seg sjølv i ein svært sårbar situasjon ved store konfliktar og kriser. Denne trenden må snuast og det må setjast inn eit krafttak for å auke norsk matproduksjon både i sentrale strøk og i distrikta. Det trengst inntekt som mogleggjer nye investeringar i husdyrhaldet og i jorda. Fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane meiner at det vil vere avgjerande med ein distrikts/strukturprofil i ordningane, for å kunne sikre ein størst mogleg matproduksjon på norske ressursar. Verkemidlane må vere tilpassa føremålet dei skal tene, og dei må vere fundert på kunnskap om konsekvensane. Vern av matjord = mat til komande generasjonar Fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag meiner at jordvern må verte eit overordna omsyn når vegar som til dømes E39 og sentrumsutvikling i fylket skal planleggast. Det å prioritera ned jordvernet er å prioritera det kortsiktige. Det er på høg tid at det vert innført eit juridisk og nasjonalt vern for å hindra nedbygging av matjord. I Norge og Sogn og Fjordane er matjord ein knapp ressurs. Kun tre prosent av Noreg sitt totalareal er i dag dyrka jord, mot elleve prosent på verdsbasis. Tal frå Helsedirektoratet viser at den norsk produserte delen av matvareforbruket var nede i 43 prosent for 2012. Det er den lågaste sjølvforsyningsgraden på fleire tiår, og nedgangen frå året før er på nær fem prosentpoeng. Denne nedgangen må snuast. Auka matproduksjon krev aktiv og målretta bruk av tilgjengeleg jordbruksareal. Det er eit stort press på matjorda for bruk til andre formål enn matproduksjon, både i eige fylke meir sentrale område. Dei som skal byggje ut søkjer billege løysingar utan å tenkje på dei langsiktige konsekvensane. Det må vere eit mål at parkeringsplassar skal under jorda i kombinasjon med ei fortetting og bygging i høgda. Fylkesårsmøtet vil peike på at ein til dømes i Førde kan byggje nye bygg oppe på eksisterande parkeringsplassar ved til dømes Biltema og Coop-xtra. Samstundes som ein tek vare på parkeringsplassane der dei ligg. Matjord er ein avgrensa ressurs, som i svært liten grad er fornybar. Krav om nydyrking og flytting av matjord kan brukast som avbøtande tiltak der matjord er omdisponert, men det vil 8

ikkje kunne erstatte tap av dyrka jord i god hevd. Fylkesårsmøtet vil difor oppmode politikarar og planleggjarar i Sogn og Fjordane om å legge alternative planar som har eit fokus å spare svært dyrebar matjord for komande generasjonar. Glimt frå fylkesårsmøtet 2014 9

Bondelagskokk frå Sogn og Fjordane Blant 28 søknader om å verte Bondelagskokk for åra 2013-2014, vart Bodil Fjellestad Eikrem plukka ut av ein einstemmig jury. Utnemninga skjedde på Grüne Woche i Berlin 2013, og seinare på vinteren vart utnemninga markert på Gloppen Hotell der Bodil arbeider som kjøkensjef. Juryen la vekt på Bodil sitt nære samarbeid med lokale bønder, og at ho er ein svært god ambassadør for norske bønder og norske produkt. Bodil Fjellestad Eikrem er den niande i rekkja av Bondelagskokkar, og ho mottok eit stipend på kr. 100 000 i samband med utnemninga. Stipendet brukte Bodil til å skrive kokeboka Bodils Spiskammers som kom ut på Selja Forlag hausten 2014. Bondevenn I 2014 vart det gjennomført ny Bondevenn kampanje i felt og på nett. Leiar i Aurland Bondelag, Gøril Tveiten Lie og hennar familie var ein av 6 familiar som fekk presentert bruket sitt i nettkampanjen. Mange lokallag medverka i tillegg med utdeling av forklede til personar lokallaga meinte hadde gjort seg fortent til eit forklede med påskrifta bondevenn. 10

Bondevener i Lærdal, Aurland og på Eid 11

Bondevenner finn ein også på Eid, i Flora, på Viksdalen og i Stryn 12

I Sogndal fann dei mange vener 13

Landbruks- og Matminister på besøk Landbruks- og Matminister Sylvi Listhaug besøkte fylket tre gonger i 2014. Det første besøket vart gjennomført den 22.januar. Det var eit offisielt besøk der Sogn og Fjordane Bondelag fekk 30 minutt til å informere om landbruket i fylket. Ministeren starta dette besøket på Nortura i Førde, sidan gjekk ferda vidare til tema om tømmerkai på Kaupanger og til Lerum Fabrikker der toll på bær og sukkeravgift mellom anna var tema. Det andre besøket gjekk til Nordfjord. På dette besøket var ikkje næringsorganisasjonane så velkomne, men vi fekk høve til å lytte til kva som vart sagt på gardsbesøket i Hornindal. Dette etter avtale med Fylkesmannen og bonden ho skulle besøke. På dette besøket vitja ho Nordfjord Kjøtt som hadde med sin næringsorganisasjon, KLF, ved Bjørn Ole Juul Hansen og deretter var det gardsbesøk hos Ola Inge Seljeset i Hornindal som nett har bygt seg ny lausdriftsfjøs med robot. Det tredje besøket var den 18. november. Då gjekk til Lærdal og Aurland for å sjå på skadane etter flaumen sist haust. Der deltok også leiar i Norges Bondelag, Lars Petter Bartnes. I dette høvet var Bondelaget medverkande i planlegginga saman med Fylkesmannen og i forståing med Ministeren. Fylkesleiaren fekk også delta på middag med Ministeren, hennar reisefølgje og leiaren i Norges Bondelag kvelden før synfaringa. Bilete frå ministeren sitt besøk i januar 14

Frå besøk i Hornindal i august 15

Frå synfaringa i Lærdal og Flåm i november 16

Årsmøte i Noregs Bondelag Årsmøtet i Norges Bondelag vart skipa til på Lillehammer. Sogn og Fjordane Bondelag var representert med: Per Hilleren, Marit Flatjord, Nils Magne Gjengedal, Kari Sigrun Lysne, Lidvin Hage, Marianne Kvalvik Kvamme, Ole Ivar Åm Sognnes og Knut Tore Nes Hjelle. Jon Nummedal møtte som medlem i sentral valnemnd. Jubileumsutstilling på Mo 26.-29. juni vart det arrangert jubileumsutstilling på Mo. Utstillinga var ei markering av 150- års jubileum for den første husdyrutstillinga på Vestlandet. På programmet stod mønstringar, eksteriørbedømming, køyre- og rideprøver, oppvisning, storfeutstilling og Bondens Marknad. Det vart ein flott arena for alle aldrar, og ein møteplass for folk både i og utanfor landbruksnæringa. Utstillingar som denne er eit godt bidrag til å skape interesse for husdyr. Nils Magne Gjengedal frå fylkesstyret var representant for Sogn og Fjordane Bondelag i hovudkomiteen for utstillinga. Lokale bondelag og produsentlag frå Jølster, Gaular, Førde og Naustdal gjorde ein innsats med vakthald og ulike andre oppgåver under utstillinga. Tusen takk for god innsats, midt i den travle årstida. Open Gard Open Gard vart skipa til på tre stader i fylket i 2014; Listene Gard i Eikefjord, Mo og Øyrane Vidaregåande skule på Mo, og i Leivdalen på Eid. Tilskipingane gjev dei besøkjande gode opplevingar, og spreier kunnskapar om norsk landbruk. Dyreutstillingane på arrangementa i år var flotte og vart lagt særleg godt merke til. Det vert gjort ein stor dugnadsinnsats for å få til arrangementa, tusen takk til alle som var i sving. Det er mykje positivitet rundt Open Gard, og å få til endå fleire Open Gard tilskipingar i Sogn og Fjordane er ein målsetnad. 17

Bilete frå Open Gard på Listene i Eikefjorden Prosjekt rekruttering til landbruksnæring og naturbruksutdanning Gjennom prosjektet Framtid i landbruket i Sogn og Fjordane er det etablert kontakt med ungdomsskular i fleire kommunar i Nordfjord og Sunnfjord, og gjennomført aktivitetar som skal gjere elevane kjende med naturbruksutdanningar og landbruksnæringa. Lokale bondelag gjer ein god jobb med tilrettelegging for dei ulike aktivitetane i prosjektet. Det mest populære tiltaket er gardsbesøk over ein heil skuledag for 8. klassingar, der elevane får innsyn i arbeidsoppgåver og drift av garden. Fleire skular har også hatt klasseromsinformasjon til 9. klassingar der samvirkeorganisasjonane og Bondelaget har informert om verdiskaping, sysselsetjing og jobbmoglegheiter knytt til landbruket. I 10. klasse har nokre skular gjennomført Landbruksspelet, der elevane skal vere bønder for ein dag og ta stilling til mange spørsmål og avgjerdsler som bonden må ta. Spelet er eit tverrfagleg gruppearbeid som går over ein heil skuledag. Det har kome tilbakemeldingar om at landbruksspelet bør oppgraderast slik at ein brukar data som ein del av gjennomføringa. Prosjektet er i hovudsak drifta med løyvingar frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune sine midlar for rekruttering og kompetanseheving i landbruket. Auka aktivitet i prosjektet krev at ein finn fleire kjelder til finansiering. 8. klasse i Førde var på besøk på Mo og Øyrane vidaregåande skule. Dei fekk oppleve ulike arbeidsoperasjonar på eit gardsbruk med variert husdyrhald og produksjon. 18

Innsamling av landbruksplast og metallskrot Også dette året har det vore lagt til rette for innsamling av landbruksplast og mestallskrot i ulike kommunar. Bondelaget på fylkesnivå medverkar med dekking av deler av kostnader til annonser, men elles er det Tenden Transport som står for planlegginga saman med lokale krefter. Leiarmøtet - samstundes med AgroNordVest Leiarmøtet var i 2014 lagt som ein del av programmet under AgroNordVest den 31. oktober og 1. november. Først eit separat møte med tema på landbrukspolitikk og medlemsverving. Frå Norges Bondelag deltok Brita Skallerud og Kaja Heltorp. Fredag ettermiddag og laurdag deltok ein på fellesprogrammet til AgroNordVest som inneheldt politisk debattmøte, sosialt samver med underhaldning og faglege føredrag. På innleiarslista stod Ole Christian Apeland, Kommunikasjonsbyrået Apeland, Einar Enger, styreleiar i Felleskjøpet Agri, Trond Reierstad, styreleiar i Tine, Kari Redse Håskjold, nestleiar i Nortura og Gunn Aase Moldestad, Sparebanken Sogn og Fjordane. Ved å legge leiarmøtet til AgroNordVest kunne ein tilby eit meir omfattande program og fleire å samtale med i pausar og kring matbordet. Nettverkssamling for yngre bønder Fylkeslaget hadde saman med Tine, Nortura og Felleskjøpet ansvar for planlegging av AgroNordvest. Som ein del av programmett vart det tilbydd ei nettverkssamling for yngre bønder der tema var landbrukssamvirket og ulike val som framtidsbonde. Innleiarar var: Ola Hedstein, administrerande direktør Norsk Landbrukssamvirke, Kjartan Åsnes, mjølkebonde i samdrift frå Fjaler som nett har gått over frå mjølkestall til robot og Marianne Kvalvik Kvamme, har vore med og bygt opp eit bruk frå grunnen av og har no omlag 100 vinterfora sauer og litt meir på garden i Flora kommune. Deltakinga kunne ha vore betre på dette kurset, men dei som deltok sa seg godt nøgde. Ola Hedstein og Kjartan Åsnes delte sine erfaringar og tankar 19

Agro Nordvest 2014: Faglege innleiingar- debatt underhaldning og kommunikasjon 20

Årets matprodusentar 2014. To familiebruk i familielandbrukets år: Janne og Kåre Årdal frå Eid og Hilde og Ragnvald Søgnesand frå Jølster. Rekneskapsførarkurset Det årlege tema- og skattekurset for rekneskapsførarar vart skipa til på Kviknes Hotel i Balestrand 22.-24. oktober 2014. Kurset starta med temadag, som er eit samarbeid mellom Økonomiforbundet og Norges Bondelag. Kurstema var Odel, konsesjon og jordlov, og forelesar var Ole Jacob Helmen frå Bondelagets Servicekontor. Skattekurset gjekk over to dagar og hadde 74 deltakarar. Aktuelle tema som var oppe var skatte- og avgiftsopplegget, etikk for rekneskapsførarar, bortfall av arveavgift og innføring av kontinuitetsprinsippet. Forelesarar var Pål Kristian Ormstad og Rune T. Rylandsholm frå Bondelagets Servicekontor. Lars Erik Aamodt frå Skatteetaten var til stades og informerte om nytt system for lønsinnberetning. Fiskeseminaret Det vart arrangert fiskeseminar på Rica Sunnfjord Hotel 25. januar 2014. Seminaret var eit samarbeid mellom Fylkeskommunen, Fylkesmannen, Skogeigarlaget, Bondelaget og Jegerog fiskeforbundet i Sogn og Fjordane. Grunneigarar, representantar frå kommunar, sportsfiskarar og lokale jakt- og fiskarlag var samla til fagleg skulering og sosialt samvær. Deltakarane fekk mellom anna informasjon om fangstutvikling i Sogn og Fjordane, og om pliktig organisering for dei med fiskerett i lakseførande vassdrag. 21

3. Arbeid og representasjon i ulike utval Grøntutvalet Sogn og Fjordane har felles grøntutval med Hordaland og Møre og Romsdal. Kari Sigrun Lysne representerer Sogn og Fjordane Bondelag i utvalet. Utvalet drøftar saker som vedkjem grøntnæringa og kjem med innspel til jordbruksforhandlingane. I 2014 hadde utvalet eit telefonmøte og elles dialog via e-post kring aktuelle saker. Verveutvalet Tørre å spørje Vervekampanjen med mottoet Tørre og spørre heldt fram hausten 2014. Målet med kampanjen er å få medlemsverving på dagsorden i heile organisasjonen. I år var det særskild fokus på å invitere unge bønder/ nye bønder med i Bondelaget. Fylkeslaget mottok lister frå produsentregisteret over søkjarar om produksjonstilskot som ikkje er registrerte som medlemar i Bondelaget. Fylkeskontoret gjekk gjennom listene, og sende dei kommunevis ut til lokallaga med oppmoding om vidare oppfølging. Medlemsverving var også tema under leiarmøtet på Hotel Alexandra i Loen. Prosjektleiar for Tørre og spørre,kaja Heltorp frå Norges Bondelag, heldt ei inspirerande innleiing om verving og sende gode vervetips med på vegen. Fylkeslaget ynskjer ein tett dialog med lokallaga om korleis vi best kan organisere vervearbeidet. Landbruksselskapet I 2014 vart det gjennomført årsmøte i Landbruksselskapet og to møte i Arbeidsutvalet for Landbruksselskapet. Fylkesleiaren representerer Sogn og Fjordane Bondelag i desse møta. Tema som har vore drøfta i Landbruksselskapet i 2014 har vore: Gjennomgang og oppfølging av storefeprosjektet og prosjekt sau i pluss, omdømmebygging, dreneringstilstand på areal, rovviltproblematikk og gjerde og beitehald. Styret for Innovasjon Norge, region Sogn og Fjordane Tidlegare styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag, Brit Brækhus representerer den landbaserte primærnæringa i styret. Med seg i styret har Brit følgjande personar: Jenny Følling, leiar, Knut Eikeland, nestleiar, Hilmar Høl, Stig Oldeide, Aud Melås, Inger Johanne Osland og Lars Hellandsjø. Regionalt Bygdeutviklingsprogram Den regionale Bygdeutviklingsprogrammet vert følgd opp med med konkrete tiltaksplanar for dei ulike planområda. Denne planen vart drøfta med Fylkesmannen ein gong i året. I gruppa som drøftar dette sit: Christian Rekkedal (FMLA), Eva Huke (KS), Rune Fromreide (IN), Halvor Brosvik (SFSKOG), Torbjørg Grimsbø Eskeland (SFBS) og Merete Støfring (SFBL) Kontaktutval rovvilt I 2014 vart det dessverre rekordtap til rovvilt i fylket. Den store skadegjeraren er jerven som dette året drap svært mykje sau/lam i området mellom Årdal og Lærdal. Også i Luster var det stor skade grunna jerv og då særleg i Jostedalen. I tillegg til jerven busette ein ulv seg i fjellområda mellom Naustdal og Førde. Han drap og skada mange sau/lam utover heile 22

hausten frå starten av august. Ulven vart felt i desember. Det har sidan vore observasjonar av det ein meiner kan vere ulv i Gaular og Askvoll utan at dette så langt er stadfesta av SNO. Kontaktutvalet for rovviltsaker hadde to møte i 2014. Eitt på vår og eitt på seinhausten. Dette for å kartlegge situasjonen og for å ah ein dialog mellom næringa og forvaltninga. Marit Flatjord og Merete Støfring møter for bondelaget i møta i kontaktutvalet. Marit er leiar i utvalet. Sau i pluss Norsk Landbruksrådgjeving er eigar og drivar av dette prosjektet. Sogn og Fjordane Bondelag er representert ved Marit Flatjord i referansegruppa for prosjektet. Etter ein noko treg start er no prosjektet i godt gjenge og interessa for å utbetre og bygge nye sauefjøs er god. Nettverksgruppe Inn På Tunet Inn på Tunet nettverket i Sogn og Fjordane organiserer tilbydarar av Inn på Tunet-tenester. Nettverket tel om lag 40 tilbydarar i Sogn og Fjordane. Linda Rognø frå Gaular er leiar av nettverket. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane si landbruksavdeling har ansvaret for å koordinere og utvikle arbeidet med Inn på Tunet i Sogn og Fjordane, og i 2014 vart Karoline Bjerkeset tilsett som prosjektleiar. Bjerkeset har gjeve fylkesstyret til Sogn og Fjordane Bondelag orienteringar om Inn på Tunet satsinga. 1. vara til fylkesstyret, Marianne K. Kvamme, er Sogn og Fjordane Bondelag sin representant i ei referansegruppe for Inn på Tunet. Marianne har og teke del på Inn på Tunet-utvalet i Norges Bondelag si fagsamling. Kontoret til Sogn og Fjordane Bondelag fører rekneskapen for Inn på Tunet-nettverket i Sogn og Fjordane, mot ei økonomisk godtgjering. 23

Hanen Vestlandet Hanen Vestlandet organiserer tilbydarar i Sogn og Fjordane og i Hordaland som driv med gardsmatproduksjon og bygdeturisme. Inge Menes og Merete Larsmon er representantar frå Sogn og Fjordane i styret til Hanen Vestlandet. Lene Tørvik frå Strandebarm er leiar. Rekneskapen og ein del andre økonomitenester vert utført ved kontoret til Sogn og Fjordane Bondelag mot ei økonomisk godtgjering. Føregangsfylket frukt og bær Føregangsfylket økologisk frukt og bær er eit prosjekt initiert av Landbruks- og matdepartementet i 2009 basert i Sogn og Fjordane og Hordaland. Det er 5 ulike føregangsfylke innan ulike økologiske produksjonar. Målet er å bidra til 15% produksjon og forbruk av økologiske varer innan 2020. Prosjektet har fått signal om midlar til ut 2017. Bondelaget er representert i styringsgruppa som har 4 årlege møte med Jon Asbjørn Målsnes. Føregangsfylket har dreve eigeninitierte prosjekt og gitt støtte gjennom søknader frå frukt- og bærmiljøet i fylka. Hovudaktiviteten har vore retta mot produsentar og marknaden. For å informera produsentar om økologisk produksjon har prosjektleiar samt medlemer i styringsgruppa delteke på årsmøte, fagsamlingar, markdagar, studieturar m.m. Gruppa har vore på fleire studieturar utanlandsk for å sjå korleis andre miljø har lukkast eller feila. Maskinmesser har vore nyttige å vitja då det finst mykje spesialutstyr å få. For å gjera informasjon om dyrking lett tilgjengeleg har føregangsfylket arbeidd med etablering og bruk av nettsider. Plantevernplan finn ein på: agropub.no og anna informasjon ligg mellom anna på fylkesmannen sine sider. 24

Samarbeidsrådet Dette er eit samarbeidsorgan for fylka Hordaland og Sogn og Fjordane. I Samarbeidsrådet sit styreleiarar i faglaga og dei øvste tillitsvalde i samvirkeorganisasjonane frå dei to fylka. Leiar i Arbeidsutvalet inneverande år er Even Øyri, som er tillitsvald i Nortura frå Hordaland. Samarbeidsrådet arbeider med politiske kontaktar, med FoU og tek elles opp utfordringar som dukkar opp, og som er felles for dei to fylka. Forumet har også ein funksjon som ein stad der kunnskap kan byggast om dei ulike organisasjonar sitt arbeid. Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag heldt sitt årsmøte på Quality Hotel i Sogndal, 29.-30. mars 2014. Det møtte 57 medlemar med røysterett. Ragnhild Kvame vart attvald som fylkesleiar, og med seg i styret har ho hatt Aud Lunde, Vivi Helen Storaas, Frida Refsum og Eldbjørg Stegane Engebø. Med sine 47 lokallag har bygdekvinnene ei viktig rolle for bygdene i Sogn og Fjordane. Mange av laga er aktive på Open Gard, bygdedagar og andre tilskipingar. I 2014 har Aksjon sunn matglede vore tema, og fleire av lokallaga har hatt matlagingskurs der barn og foreldre tek del saman. Mot eit årleg vederlag utfører kontoret til Sogn og Fjordane Bondelag økonomitenester, samt ein del andre kontoroppgåver, for Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag. Samarbeidsadvokatane I tillegg til den juridiske kompetansen i Norges Bondelag, har Norges Bondelag avtaler for juridisk hjelp til medlemer gjennom ei ordning med samarbeidsadvokatar. I Sogn og Fjordane har Norges Bondelag to slike avtalar med følgjande: Advokatfirmaet Harris med kontor i Sogndal og Førde og advokatkontoret Blikra, Slotterøy og Fonn i Førde. Vår kontaktperson i dette firma er advokat Erik Slotterøy. Til liks med rekneskapskontora har samarbeidsadvokatane ein serviceavtale med Norges Bondelag, der alle frå fylka i landet og ein tilsett på dei fylkesvise bondelagskontora samlast ein gong i året for kompetanse- og nettverksbygging. Mange av sakene vert kanalisert frå medlemer over telefon via Bondelagskontoret til samarbeidsadvokatane. Bondelagskontoret i Førde har etter flyttinga hausten 2013 kontor i same bygg og etasje som Slotterøy og Co. Samarbeid med Gjensidige Norges Bondelag forlenga i 2010 sin samarbeidsavtale når det gjeld forsikring med Gjensidige. Vi har ein tett dialog med Gjensidige sine assurandørar i fylket. Dei ringjer gjerne kontoret om medlemsskap. Gjensidige har dei siste åra vore gjennom svært mange omorganiseringar. Dette gjer at fylkeslaget sin kontakt med Gjensidige i høve gjennomføring av ulike aktivitetar er vorten svært avgrensa. Fylkeslaget sin kontaktperson, utover ein assurandør i eige fylke, er Per Asbjørn Andvik. 25

4. Aktuelle saker i 2014 Jordbruksforhandlingane 2014 Det var knytt mykje spaning til jordbruksoppgjeret 2014. Det første oppgjeret med Sylvi Listhaug som Landbruks- og Matminister. Oppgjeret enda i brot med aksjonar lokalt og nasjonalt. Deretter plussa V og Krf på regjeringa sitt framlegg gjennom forhandlingar mellom dei to partia og regjeringspartia i Stortinget. Slike påplussingar i Stortinget si handsaming er ikkje vanleg og må sjåast på som eit sterkt signal til regjeringa om at tilbodet ved årets forhandlingar var for dårleg. Oppgjeret var godt for dei aller største husdyrhaldarane, medan gjennomsnittsbruket fekk lite eller ingenting og mange bruk kom ut med minustal. Ein slags omvendt Robin Hood der ein tek frå dei minste og gjev til dei største. Punktmarkeringar ulike stader i fylket 26

27

Glimt frå markeringa i Oslo den 20. mai 2015 28

Oppheving av priskontroll på landbrukseigedommar Den nye regjeringa sat ikkje lenge i stolen før høyringssakene byrja å kome ut. Ei av dei første var eit forslag om å oppheve priskontrollen på landbrukseigedommar. Fylkesstyret handsama sak og kom til følgjande konklusjon: Sogn og Fjordane Bondelag vi behalde prisreguleringa knytt til 9 i konsesjonslova med utgangspunkt i at det er denne paragrafen som gjev heimel for politisk styring både for å halde kostnadane nede ved kjøp av konsesjonsbelagt landbrukseigedom og det gjev grunnlag for ei politisk styring mot eit meir robust og effektiv produksjonsareal for bøndene sin matproduksjon. Det må så i større grad gjevast moglegheit for prisdifferensiering for landbruksareal til jordbruksformål og for areal til alternativt anna formål. Her må priskontroll gjelde for jordbruksarealet og i større grad marknaden ved prisfastsetjing av areal som vert omsett til alternativt til bustadformål, tomtegrunn eller til andre utbyggingsformål. Dette også kunne vere med å realisere grunneigar sine interesse om å ein høgast mogleg samla verdi ved sal av landbrukseigedomen. Det må så setjast krav til at den kommunale sektor set av nødvendig ressursar og kompetanse til å gjennomføre ei forsvarleg handsaming av priskontroll av landbrukseigedomar ved konsesjon. Støttepartia i Stortinget ynskte ei heilskapleg handsaming av eigedomspolitikken. Regjeringa sitt svar på det var å sende ut eit forslag om å oppheve heile konsesjonslova. Den saka har høyringsfrist i januar 2015, og så langt er eit stort fleirtal av dei som har sendt inn høyringssvar mot regjeringa sitt forslag. Etablering av Matsenter i Bergen På styremøtet i mai fekk styret ei orientering frå Norsk Sjømatsenter om eit prosjekt knytt til etablering av ei blå/grøn satsing med etableringa av eit regionalt matsenter på Fisketorget i Bergen. Norsk sjømatsenter ynkste å knyte sterkare band til grøne næringar og skape ein felles leiande formidlings- og utviklingsarena for mat. Ei slik satsing ville krevje 1 million i frisk aksjekapital frå landbruket. Styret i Sogn og Fjordane Bondelag såg ikkje nytten av dette tiltaket for vårt fylke og sa pent nei til deltaking medan Hordaland Bondelag har gått inn med eit større beløp føresett at tiltaket kjem i gong. Motorferdsel i utmark fritidskøyring med snøscooter Det låg føre sak som vedkjem endringar i lov 10.juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag (motorferdselloven), og forskrift 15. mai 1988 nr 356 for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag. Saka var sendt ut på høyring frå Klima- og miljødepartementet til Norges Bondelag. Fylkeslaget fekk saka på høyring frå Norges Bondelag. Departementet gjer framlegg om at det vert gjeve ein viss opning for køyring med snøscooter til fornøyelse ved at kommunane får høve til å etablere løyper for slik køyring. I sitt svar til Norges Bondelag presiserte fylkesstyret at det er viktig at grunneigaren sin rettar ikkje vert sett til sides av eit press om å få til scooterløyper i nokon område i ein kommune. Mange vil truleg oppleve det som ei belastning å få eit framlegg til arealplan der det vert planlagt scooterløype over sin eigedom. Fylkesstyret var også tydeleg på at det må gjevast økonomisk kompensasjon til grunneigarar som opnar opp for slik aktivitet på sin eigedom. Slike løyve må heller ikkje vere til hinder for at løyve til nyttekøyring kan gjevast som i dag. Mosjonskrav eller beitekrav sak frå Breim Bondelag I september sende Breim Bondelag eit brev direkte til Landbruks- og Matminister Sylvi Listhaug der tema knytt til krav om beite i lov om hold av storfe vart teke opp. Fylkeslaget fekk kopi av brevet og innhaldet vart drøfta i møte i fylkesstyret. Breim Bondelag oppmoda 29

Ministeren til å opne opp for at også nye fjøs kan få dispensasjon frå forskrifta når det gjeld krav til beite. Dispensasjonen må gjelde for kyr i produksjon. I grunngjevinga syner Breim Bondelag til at arealtilgang, topografi, arrondering og klima vil gjere det svært vanskeleg å kunne tilby dyra beite i tråd med forskrifta. Lokallaget fryktar at forskrifta kan gjere det vanskeleg å bygge nye fjøs på Vestlandet. Fylkesstyret sa seg samd med lokallaget i at også nye fjøs burde kunne få høve til å nytte luftegard når ikkje anna er praktisk mogleg å få til innan dei økonomiske rammer og den arbeidskvardagen som er tilgjengeleg. Saka vart teken opp med Norges Bondelag sentralt utan å få tydeleg forståing for utfordringane i våre området. Beitekravet ligg fast, men i e-post frå sakshandsamar går det fram at kravet til beiting vert tolka slik: Mosjonskravet = krav om mosjon - ikke et krav om fôropptak! Det er opp til bonden å bestemme fôringsstrategi for dyra ut fra produksjonsmessige forhold, praktisk innretning av drifta osv Grunnen til at kravet sier mosjon på beite, er at beite er det som i størst mulig grad ivaretar dyras naturlige adferds behov Men: om kua sitt energibehov dekkes av beite eller ved fôring av grovfôr innendørs/ høstet grovfôr påvirkes ikke av mosjonskravet. Dvs man kan bruke mosjonsbeiter - grasbevokst underlag, men med begrenset mulighet for opptak av beitevekster - for å oppfylle kravet. Framtida til mjølkeproduksjonen i fylket Fjaler og Hyllestad Bondelag hadde invitert fylkesstyret til rundtur i deira kommunar for å drøfte utfordringane som dei står overfor når det gjeld høve til fornying av driftsbygningane i mjølkeproduksjonen. Fokus vart også sett på krav til beite og krav til lausdrift. Det vart også synleggjort skilnader i nedbør mellom ulike deler av fylket. Lokallaget gav uttrykk for at situasjonen er alvorleg og at investeringsverkemidlane må kraftig betrast om ein skal ein klare å oppretthalde mjølkeproduksjonen i desse områda. Styret ser at utfordringane knytt til 30

fornying av driftsapparatet i mjølkeproduksjonen med omlegging til lausdrift vil vere ei av dei største utfordringane for landbruket i fylket dei komande åra. For 2015 er tak på tilskot ved nyinvestering heva til 2 millionar. Prosentsatsen for tilskot er på 25 % av kostnadsramma. Ei heving av taket til 2 millionar vil vere ei betring for investeringar i mjølkeproduksjonen, men det vil framleis vere krevjande å bygge nye fjøs. Bondelaget sitt primære ynskje var å kunne oppretthalde prosentsatsen på 33% samstundes som ein auka taket, men Innovasjon Norge, Fylkesmannen og småbrukarlaget meinte at 25 % fekk halde. Det må vere eit mål å auke ramma til investeringar slik at prosentsatsen kan hevast. Spørsmålet er om dagens regjering vil bruke meir pengar på landbruket. Forskrift om handtering av utgangsstoff for eksplosivar Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) sende hausten 2014 forslag til ny forskrift for handtering av utgangsstoff for eksplosivar på høring. Bakgrunnen for forslaget er terrorangrep i Europa og terrorangrepet her til lands 22. juli 2011. Den nye forskrifta tek inn både EU regelverk og nasjonale tiltak. Hensikt er mellom anna å få på plass reglar som kan redusere risikoen for at utgangsstoff for eksplosivar kan komme på avvege eller i feil hender. Ammoniumnitrat med 16 % eller meir nitrogen vert rekna som utgangsstoff som eksplosivar, dette medfører at hovudparten av mineralgjødsla som vert brukt i norsk landbruk vert omfatta av forskrifta. For ammoniumnitrat med 16 % eller meir nitrogen er det allereie eit forbod mot å omsette dette stoffet til andre enn personar med yrkesmessig trong. I utkastet til forskrift kjem det no restriksjonar for privatpersonar sin tilgang til øvrige stoff som kan vere utgangsstoff for eksplosivar. Forslaget til ny forskrift skjerpar krava til lagring av gjødsel og til tilsyn med gjødsel som er lagra. Fylkesstyret har forståing for at det vert sett i verk strengare krav til oppbevaring av utgangsstoff for eksplosivar, men at det vert teke omsyn til utfordringar av økonomisk og praktisk karakter som eit slikt strengare regelverk vil medføre. Forskrift om produksjonstilskot/avløysartilskot Som ein konsekvens av jordbruksoppgjeret 2014 sende regjeringa ut forskrift om produksjonstilskot ut på høyring. Avløysartilskot vert no inkludert i forskrift om produksjonstilskot. Dei fleste endringane kjem som følgje av føringar gjeve i jordbruksoppgjeret. Dei viktigaste endringane er: Særorningarr for samdriftene vert oppheva. Samdrifter må dokumentere bruk av avløysar til liks med andre foretaksformer. Det ligg føre ei presisering av kva driftsfellesskap er. Det vert opna opp for kjøp av avløysartenester frå andre føretak enn avløysarlag/ring All refusjon for avløysartenester skal betalast direkte til bonden Sogn jord- og hagebruksskule Sogn jord- og hagebruksskule treng sårt opprusting og det har i 2014 vore gjort ein svært god innsats lokalt i Aurland og frå det økologiske miljøet for å sikre løyvingar til slik opprusting. I desember vedtok fylkeskommunen å medverke til at det kan gjennomførast eit ekstraordinært vedlikehald på skulen. Full utbygging og renovering vart vurdert til å vere for dyrt for fylkeskommunen. Avvikling vart vurdert til å ha store negative konsekvensar. Difor vart eit tredje alternativ, nemleg ekstraordinært vedlikehald, vedteke. For at fylkeskommunen 31

skal bruke 20 millionar kroner på SJH, er det en føresetnad at det ekstraordinære vedlikehaldet sikrar skuledrift i 10 12 år. Fylkestinget vedtok å utgreie kor mykje det vil koste å gjennomføre slikt vedlikehald. Resultatet av utgreiinga skal handsamast i fylkestinget i juni. Venneforeininga ser svært optimistisk på et spleiselag med 20 millionar frå fylkeskommunen, 5 millionar frå kommunen og 5 millionar frå staten. Norges Bondelag har støtta opp om skulen gjennom skriftlege innspelt il staten og fylkeskommunen. Leiar i Aurland Bondelag, Gøril Tveiten Lie og ordførar i Aurland Noralv Distad nytta høvet til å snakke fram jordbruksskulen på tur mellom flauområda i Lærdal og Flåm. Tilskot til veterinære reiser og inseminering Landbruksdirektoratet sende framlegg til ny forskrift om tilskot til veterinære reiser, og til inseminasjonstilskot, på høyring hausten 2014. Bakgrunnen for høyringa var ein gjennomgong dei hadde starta på i forkant av jordbruksforhandlingane i 2014. Her følgjer ei kort oppsummering av framlegget til endringar: Det vert innført eit reisetilskot, som skal erstatte dagens ordning med eit tilskot for reisetid og km-godtgjering basert på statens reiseregulativ for veterinære reiser over 40 km. Storleiken på reisetilskotet skal verte fastsett i jordbruksoppgjeret. Fjerning av eksisterande vilkår om at det ikkje skal bli gjeve tilskot til veterinære reiser der reisekostnadar står i urimeleg tilhøve til dyret sin verdi. I staden vil ein innføre eit maksimalbeløp er rekvirentbesøk og eit maksimalbeløp per km ved bruk av leigd skyssbåt. Tilskotstak vert fastsett i jordbruksoppgjeret Geno og Norsvin kan ikkje godtgjere veterinærar meir enn 40 km av reiselengda per inseminasjonsbesøk med statlege midlar. Ny måte å berekne inseminasjonstilskot mellom Geno og Norsvin. Midlane skal fordelast forholdsmessig mellom Geno og Norsvin med bakgrunn i kva tilskotsbeløp dei måtte fått om dei skulle sett produsentane sin eigendel i heile landet lik dei faktiske kostnadane i det rimelegaste fylket distributøren opererer. Endringsframlegga vart gått gjennom i styremøte i desember 2014, og med bakgrunn i drøftingane vart det sendt høyringsinnspel til Norges Bondelag. Framlegget vil få konsekvensar for bønder som driv næring langt frå veterinæren sin kontorstad, og dei som er avhengige av skyssbåt for å få veterinæren på plass. Partane i jordbruksoppgjeret skal fastsetje reisetilskotsatsar og maksimalbeløp per besøk og det knyt seg uvisse til om nivået vert høgt nok til at det reelt sett er eit bidrag til utgiftskompensasjon for dei som driv dyrehald i utkantane. 32

Vassrammedirektivet Regional vassforvaltningsplan og tiltaksprogram for vassregion Sogn og Fjordane vart sendt på høyring i oktober 2014, og med høyringsfrist til 31. mars 2015. Det har tidlegare vore høyringar i dei fire vassområda i vassregionen. Forvaltningsplanen inneheld framlegg til miljømål for dei einskilde elvar, innsjøar, fjord- og kystområde. Miljømåla i forvaltningsplanen vert bindande inntil ny rullering av planen etter 6 år. Tiltaksprogrammet skal innehalde tiltak som er naudsynte for å nå miljømåla. Landbruk vert ofte trekt fram som ein mogleg påverkar på vassmiljøet, men mange stader er kunnskapsgrunnlaget svært mangelfullt. Mange av tiltaka som er skisserte i tiltaksprogrammet, er difor vidare problemkartlegging. Arbeidet med vassrammedirektivet er kontinuerleg, og det krev tett oppfølging. Det vil vere viktig framover at lokale bondelag engasjerer seg og kjem med innspel til arbeidet. Informasjonsarbeid Sogn og Fjordane Bondelag ser det som viktig å vere med i den offentlege debatten. Mykje av meiningsdanninga skjer gjennom media, og då må Bondelaget vere tilstades. Samstundes er dette ein god måte å nå ut til den store medlemsmassen. Både lokallaga og fylkeslaget har eit ansvar for å nytte lokalavisene og NRK Sogn og Fjordane. Her gjeld det å kommentere aktuelle saker, skrive lesarinnlegg, tipse media og setje saker på dagsorden. I ein del samanhengar er det rett at leiar kommenterer ei sak, men det kan vere like rett å vise til ressurspersonar som har gjort noko viktig eller har særleg kunnskap. Skal ein nå fram må ein kome med ein tydeleg bodskap. Vi vil gje ros til einskildpersonar og lokallag som har gjort ein god jobb med å få saker på i media. Ved å tilsetje ein utdanna journalist ved kontoret er målet at fylkeslaget skal bli endå betre på å synleggjere bodskapen vår i ulike media. Heimesida I takt med frammarsjen av sosiale media er heimesida vorten mindre brukt til nyhende. Det er ofte lettare og krev mindre tid å legge ut lenkje på Facebook enn å lage artiklar til heimesida. Norges Bondelag oppdaterte utsjånaden på sida og endra funksjonane, slik at den skal vere meir tilpassa dagens utsjånad på heimesider. Samstundes er det oppretta eit intranett der lokallaga sjølve kan logge seg på å hente ut medlemslister med meir. Dei som er registrerte med styreverv kan no logge seg inn via nettsida til Norges Bondelag, og få tilgong til informasjon om lokallaget. Ein kan ta ut medlemslister, få informasjon om inn- og utmeldingar, og oppdatere styreverv og ein kan sende ut SMS til medlemar. Sosiale media Bruk av sosiale media er kome for å bli. Fylkesstyret har ambisjonar om å bruke både Facebook og Twitter, men vegen fram til at ein vert skikkeleg målretta er framleis lang. Norges Bondelag fekk ros for måten sosiale media vart nytta på under brotet i jordbruksforhandlingane. Skal ein lukkast endå betre krev det at medlemene engasjerer seg og vert med på å dele og kommentere sakene. Informasjon til lokallaga Fylkesstyret har fordelt lokallaga mellom seg. Kvar styremedlem har eit mål om å kontakte to lokallag mellom kvart styremøte, for å drøfte aktuelle saker. Kontakten og ringerunden med lokallaga er sak i kvart styremøte. Lokallag får elles sin informasjon gjennom brev og e-post 33

frå sentralt og fylkeslaget. Tal brev som vert sendt ut frå fylkeslaget er medvite halde på eit minimum då tal brev frå sentralt er relativt mange gjennom året. Lokallaga har ei eiga side på heimesida til Norges Bondelag der alle brev som er sendt lokallaga frå sentralt ligg. Der ligg også nyttige malar til bruk ved innkalling til lokallagsårsmøta og liknande. På Intranett kan lokallaga sjølve hente informasjon om medlemstal, innmeldingar, utmeldingar og dei kan sende SMS til medlemer som er registrerte med mobilnummer. Laga kan også sjølve legge inn endringar i styra etter årsmøta. Lokale kontaktlag 2014/2015 Fylkesstyret ynskjer å halde ein tett dialog med lokallaga. For arbeidsåret 2014/2015 vart lokallaga fordelt slik mellom styret sine medlemer og 1. vara: Per Hilleren: Marit Flatjord: Nils M. Gjengedal: Kari Sigrun Lysne: Lidvin Hage: Marianne K. Kvamme Brekke, Nordre Gulen, Eidsbotn, Solund, Høyanger, Balestrand og Førde Davik & Ålfoten, Eid, Kjølsdalen, Henden, Gloppen, Hyen, Breim, Jølster, Stardalen Holmedal og Askvoll, Stongfjorden, Fjaler og Hyllestad, Gaular, Viksdalen og Naustdal Årdal, Lærdal, Aurland, Luster, Jostedal, Hafslo, Veitastrond og Indre Hafslo Vik, Selje & Stadlandet, Hornindal, Stryn, Oppstryn, Loen, Vikane, Olden og Nordsida Leikanger, Sogndal, Fjærland, Bryggja, Flora, Norddalsfjord og Eikefjord Jørn Arne Vanberg og sambuaren Norunn Osen i Kandalen i Gloppen kommune tykte det var stas å bli nominert som kandidat til Årets Unge Bonde 2014. 34

5. Lokallaga våre Sogn og Fjordane Bondelag har knytt til seg 46 lokallag. Mange av laga har jamt god aktivitet, men vi slit med lite aktivitet i kring 10 av lokallaga. Det er eit mål for fylkesstyret å sikre eit minimum av aktivitet i alle lokallaga, då lokallaga er basisen i den styrken organisasjonen har. Fylkesstyret held kontakt med laga i form av telefonsamtaler og elles representasjon i ulike møte og tilskipingar. Nokon av leiarane i lokallaga er flinke til å ta kontakt og kome med tilbakemeldingar. Det set styret og kontoret pris på. Andre høyrer vi knapt frå og er vanskelege å få tak i på telefonen. Leiaren i lokallaget er oftast avgjerande for om det vert aktivitet i laget. Fylkesstyret ynskjer å støtte opp om leiarane og motivere dei til innsats. Difor vil dialog med leiaren i lokallaget vere viktig. Årsmøtet i lokallaget er ein møteplass der også medlemene kan treffe fylkesstyremedlemene. Årsmøta i lokallaga er vedtektsfesta og skal etter endring i vedtektene gjennomførast innan 1. november. Det lukkast for 26 lag å skipe til årsmøte innan fristen i 2013. Årets lokallag På fylkesårsmøtet på Skei i mars 2014 vart Breim Bondelag peika ut som Årets Lokallag. Aktiviteten til laget er jamn gjennom heile året. Det vert lagt vekt på både fagleg informasjon og sosiale tilbod til medlemane. Breim Bondelag brukar alltid å vere representerte på fylkeslaget sine møte og arrangement, og dei følgjer opp lokallaget sine oppgåver på ein god måte. Laget er flinke til å kontakte og komme på i media. I september 2013 gjorde Breim Bondelag ein ekstraordinær innsats då dei arrangerte Landbruksdagar som ein del av Sogn og Fjordane fylke sitt 250 års jubileum. Heile landbruksnæringa i fylket var samla til to dagars feiring på Norsk Fjordhestgard på Breim. På den første dagen hadde dei sett saman eit fantastisk aktivitetsprogram for skuleelevar. Aktivitetane var knytt til mat, landbruk og historie, og i alt 700 elevar deltok. Tilbakemeldingane frå skulane som hadde vore med, var svært gode! På dag 2 var mange av dei same aktivitetane eit tilbod for alle. Denne dagen var og landbruket sine organisasjonar til stades med stands og demonstrasjonar. Det var dyreutstillingar og mønstringar, og Kokkemeisterlauget i fylket og Breim Bygdekvinnelag sørga for god servering. Om lag 2000 personar var med på Landbruksdagane denne laurdagen. Medlemsutvikling Medlemsverving er ein krevjande aktivitet som krev kontinuitet og innsats. Sogn og Fjordane Bondelag hadde nedgang i medlemstalet i 2014. Pr. 31.12.2014 er det 3751 medlemer. Det er 29 færre enn på same tid eitt år tidlegare. Det kom til 165 (20 fleire enn i 2013) nye medlemer, men avgangen har vore større. Vervearbeidet har hatt høg prioritet siste året, og må framleis ha det, og gjerne få eit auka fokus både på fylkesnivå og lokalt. Tusen takk til dei som har verva nye medlemer i 2014. Samstyra Samstyra for lokallag innafor kommunen er eit viktig arbeidsorgan i dei høve det ikkje er eit kommunedekkande lokallag. Følgjande kommunar bør ha eit samstyre for lokallaga: Flora, Gulen, Sogndal, Luster, Askvoll, Gaular, Jølster, Gloppen, Eid og Stryn. Der det ligg til rette for det og det vil vere naturleg bør også lag samarbeide over kommunegrensene om saker. Samstyra som organ vert først kopla inn når det er rasjonelt at lokallaga fremjar felles 35

saker overfor kommunen, fagorganisasjonar og fylkeslaget. Døme på slike saker er kommunal arealforvaltning og høyring på jordbruksavtalen. Aktiv lokallagsmidlar Det kom inn søknad frå 15 lokallag innan fristen og to søknader etter at sakspapira var sendt ut. I tillegg til tala nedanfor er det betalt ut midlar til aktive lokallag i form av stønad til vervepremiar på fylkesårsmøtet, Open Gard og stand der fylkeslaget har gjort ein jobb saman med lokallaga eller der fylkeslaget åleine har gjort jobben som lokallaget burde gjort i sitt område, annonsar plastinnsamling og Open Gard. Av ein samla pott på kroner 242 362 står det att å disponere om lag kroner 90.000 pluss ekstraordinær løyving på kroner 75.600 ut til lokallaga. I styremøtet den 2. desember løyvde styret noko midlar utover det som stod att. Lokallag Søknadssum Løyving Aurland 6.750 5.000 Balestrand Uspesifisert 1.000 Breim Uspesifisert 20.000 Brekke Uspesifisert 4.000 Eid 25.000 14.000 Eikefjord 15.000 11.000 Fjærland 10.000 10.000 Gloppen 10.000 10.000 Henden Uspesifisert 4.000 Jølster Uspesifisert 5.000 Loen Uspesifisert 4.000 Naustdal Uspesifisert 5.000 Norddalsfjord 5.000 3.000 Nordsida 30.000 4.000 Selje/Stadtlandet 28.100 7.000 Stryn Uspesifisert 4.000 Viksdalen 4.000 4.000 Sum løyvingar 115.000 Ekstraordinær løyving for 2014 vart fordelt med ein lik sum til kvart lokallag på kroner 1.643,- 36

6. Fylkeskontoret ADRESSA TIL FYLKESKONTORET: Gate- og postadresse: Hafstadvegen 21, 6800 Førde (Frå 01.11.2013) Telefon 57 83 70 80 E-post: sogn.fjordane@bondelaget.no Heimeside: www.bondelaget.no/sognogfjordane TILSETTE VED KONTORET I 2014: Oddvin Haugland, førstekonsulent til 10.03.2014 Merete Støfring, organisasjonssjef Anita Sæther, rådgjevar Marita Skeie, førstekonsulent frå 01.09.2014 Prosjekt der fylkeslaget er medeigar: Jo Helge Sunde, prosjektleiar storfeprosjektet kontorstad hos Tine Byrkjelo Fylkeskontoret er kontor for Sogn og Fjordane Bondelag, og utfører tenester for Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag. Kontoret fungerer også som sekretariat for Samarbeidsrådet for Hordaland og Sogn og Fjordane og fører rekneskap for Hanen Vestlandet og Inn På Tunet Sogn og Fjordane. Fylkeskontoret har ein avtale med Hanen Vestlandet som gjeld fram til 1. mars 2015, og som automatisk vert forlenga med eitt år om gongen dersom ingen av partane seier opp avtala. Anita Sæther Marita Skeie Merete Støfring 37

Minneord Oddvin Haugland Oddvin Haugland døydde brått måndag den 10. mars i 2014, 66 år gamal. Tre dagar før hadde han ført referatet frå fylkesårsmøtet 2014 i pennen. Oddvin vart gravlagd den 18. mars. Ved båra held assisterande generalsekretær i Norges Bondelag, Knut Hoff, minneord saman med fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Per Hilleren. Ved Oddvin Hauglands bortgang har Bondelaget mistet en av sine mest lojale og arbeidsomme medarbeidere. Oddvin begynte som fylkessekretær sommeren 1979 i en kombinasjonsstilling med halv arbeidstiden i Sogn- og Fjordane Bondelag og andre halvparten i BSF, det vil si med bøndene i fylket som oppdragsgivere. Mye har blitt forandret i løpet av 35 år både når det gjelder arbeidsoppgaver og organisering av virksomhetene, men Oddvin har holdt fast ved Bondelaget, og vi har hatt stor glede av hans mange talenter i organisasjonen. Oddvin reiste mye rundt i fylket og snakket med bøndene, organiserte studieaktivitet, og ikke minst han vervet medlemmer til Bondelaget. Det er nok ingen ansatte i Bondelaget som har vervet så mange medlemmer til organisasjonen som han. Omkring 1990 var Oddvin uheldig og gjorde rundkast med bilen på en av sine verveturer. Det gikk dårlig med bilen, men bra med Oddvin, og som han skreiv til oss ble det 70 nye medlemmer i 4 forskjellige lokallag på den turen. Oddvin var også engasjert i de juridiske fagområdene bonden måtte forholde seg til, enten det var naturvern, veisaker, jakt og fiskerettigheter eller skatt og avgift. Oddvin hadde alltid ansvar for det årlige skattekurset for regnskapsførere. Dette ga han et stort kontaktnett, som han kunne bruke til bondens beste. Om kvelden bidro Oddvin ofte med kulturinnslag enten det var lesing av dikt eller sang. På vår årlige samling for alle ansatte var han en flittig bidragsyter til underholdingen under middagen. Vi ansatte i Bondelaget takker Oddvin for mange gode stunder sammen, og vi gjemmer på gode minner. Per Hilleren: Vi som stod Oddvin nær i hans arbeid for bøndene i Sogn og Fjordane kjenner på eit tomrom etter ein person som hadde eit glødande engasjement og stor entusiasme for dei tankane og ideane han trudde på. Oddvin likte ikkje dei lettvinte løysingane. Han ville helst gå i djupna på interessante problemstillingar og sjå dei frå ulike sider. Der nokon ville skrive 100 ord, brukte gjerne Oddvin 300 ord ekstra for å få fram heilskapen. Slik var han ein god person å bryne sine argument på. Han gjekk ikkje av vegen for å argumentere FOR noko han eigentleg 38

var i MOT. Av og til berre for å skape debatt, men oftast for å få fram dei gode argumenta før ei avgjerd. Vi kjenner Oddvin som ein person med røtene godt festa i den norske tradisjonen og i det jordiske. Kvar vår kom diskusjonen om poteter opp, og kvar vår kosa han seg like mykje over vår manglande potetdyrking, medan han hadde åkeren på stell. Humørspreiaren og kulturformidlaren Oddvin minnest vi med stor glede. Hans mange historier i lunsjpausane, dansestega han prøvde å lære oss og hans song i fylkesdekkande og nasjonale tilskipingar i Norges Bondelag. Hans sjølvskrivne stev og songar med tekstar om landbrukspolitikk, styresmakter og personar i organisasjonen tek vi med oss vidare i fylkeslaget si historie, som eit minne om hans formidlarevne. Det står respekt av jobben Oddvin har gjort for bøndene i fylket. Han var aldri tung å be om å stille på oppdrag på kveldstid og i helg. Studieaktivitet, rekruttering og opplæring av nye generasjonar bønder stod hans hjarte nær heilt til hans siste arbeidsdag. Siste fredagen på jobb hadde han vore til Sande saman med representantar frå samvirkeorganisasjonane i landbruket og møtt ungdomsskuleelevar. Dette var ein del av prosjekt rekruttering til landbruksnæringa som Oddvin var ein pådrivar for å få til, og som han arbeidde mykje med dei siste åra i Bondelaget. Oddvin gav måndag sist veke uttrykk for at fredagen hadde vore ein god dag på jobben, og han såg fram til å gjennomføre liknande besøk i ungdomsskulane i dei andre Sunnfjordkommunane. Slik skulle det ikkje gå. I takksemd for arbeidet Oddvin har gjort for bøndene i fylket tek vi vare på dei gode minna. Minneord Ola Andreas Halsnes Ola Halsnes døydde den 10. juni 2014, 93 år gamal. Han vart gravlagt den 20. juni. Fylkesleiar Per Hilleren førte fram eit minneord i gravferda. Ola Halsnes var ein engasjert leiar i Fjorden Bondelag gjennom mange tiår. Han møtte alltid opp på møta Sogn og Fjordane Bondelag skipa til, og han var ivrig i å formidle sine synspunkt frå talarstolen. For sitt sterke og kunnskapsrike engasjement for landbruket vart Ola den 12. mars 1997 utnemnt til æresmedlem i Sogn og Fjordane Bondelag. Det er stort sett berre tillitsvalde på fylkesnivå som får ei slik utmerking, så Ola sitt engasjement gjennom svært mange år hadde gjort inntrykk på fylkesstyret. 39

7. Æresmedlemer i fylkeslaget Magnus Grimset frå Naustdal Ordførar i representantskapet og styret i Norges Bondelag 1967-1973 Medlem av Norges Bondelag sin organisasjonskomité 1968-69 Formann i Sogn og Fjordane Bondelag 1961-1973 Utnemnd til æresmedlem i Sogn og Fjordane Bondelag 1986 Tove B. Stavø frå Flora Fyrste kvinnelege leiar i Sogn og Fjordane Bondelag Styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag 1988-1989 Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag 1990-1994 Utnemnd til æresmedlem i Sogn og Fjordane Bondelag 1997 Norvald Haarklau frå Førde Styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag 1974 Nestformann i Sogn og Fjordane Bondelag 1975 Formann i Sogn og Fjordane Bondelag 1976-1979 Utnemnd til æresmedlem i Sogn og Fjordane Bondelag 1999 Reiel Felde frå Gloppen Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag 1994-1997 Utnemnd til æresmedlem i Sogn og Fjordane Bondelag 2002 Alf Støfring frå Jølster Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag 1997 2004 Medlem sidan leiar i valnemnda i Norges Bondelag 2006-2008 Utnemnd til æresmedlem i Sogn og Fjordane Bondelag i 2013 40

8. Tillitsvalde og representasjon Leiar: Per Hilleren, Sogndal* 476 07 532 peren@online.no Nestleiar: Marit Flatjord, Skei* 481 55 811 marit.flatjord@jolsterbb.no Styremedl: Kari Sigrun Lysne, Lærdal* 908 58 191 karisigrun@moreller.no Lidvin Hage, Utvik* 907 68 077 lidvind@online.no Nils Magne Gjengedal, Hyen 917 20 950 n-gjenge@online.no Vararepesentantar i nummerorden:* 1. Marianne Kvalvik Kvamme, Eikefjord 2. Ole-Ivar Åm Sognnes, Leirvik 3. Helga Carlsen, Stongfjorden * = På val på årsmøtet i 2015 F.v. Kari Sigrun Lysne, Marianne Kvalvik Kvamme, Lidvin Hage, Marit Flatjord, Nils Magne Gjengedal og Per Hilleren. ARBEIDSUTVAL Leiar, nestleiar og organisasjonssjef EIGNE UTVAL Grøntutval Det er oppretta felles frukt- og bærutval med Hordaland- og Møre og Romsdal Bondelag. Sogn og Fjordane sin representant i utvalet er: Kari Sigrun Lysne, Lærdal Verveutval Kari Sigrun Lysne, Lærdal Lidvin Olav Hage, Utvik v.r Nils Magne Gjengedal, Hyen 41

UTSENDINGAR TIL ÅRSMØTET I NORGES BONDELAG Valde for 2 år i 2013 * Lidvin Hage, Utvik Kari Sigrun Lysne, Lærdal Marit Flatjord, Skei Geir Ole Ervik, Stadtlandet Valde for 2 år i 2014 Nils Magne Gjengedal, Hyen Marianne Kvalsvik Kvamme, Eikefjord Ole -Ivar Åm Sognnes, Leirvik Vararepresentantar til Norges Bondelag sitt årsmøte * 1. Knut Tore Nes Hjelle, Nordfjordeid 2. Helga Carlsen, Stongfjorden 3. Bjørn Haugland, Nordfjordeid 4. Anny Aase, Naustdal 5. Claus Rumohr Moe, Hafslo 6. Anne Moen, Nordfjordeid 7. Merete Støfring, Vassenden MØTELEIAR FOR ÅRSMØTET 2015 * Bjarte Nordanger, Ånneland v.r. Arild Herstad, Naustdal VALNEMND FOR ÅRSMØTET ÅR 2015 Valde for 3 år i 2012 * Per Gunnar Gilleshammer, Kjølsdalen Henny Molland Skildheim, Luster Valde for 3 år i 2013 Kari Ringstad, Askvoll Hans Olav Nesheim, Oppstryn Valde for 3 år i 2014 Anne Berit Espeseth, Askrova Ørjar Eiken, Hellevik v.r Gry Ingvild Agjeld, Olden v.r. Claus Rumohr Moe, Hafslo v.r Gunnar Jan Gjerland, Haukedalen v.r Linda Alsaker, Olden v.r Kjell Humlestøl, Eikefjord v.r Kari Anne Brekke, Bjordal Leiar i valnemnda for eitt år :Kari Ringstad, Askvoll * ANNAN REPRESENTASJON Grøntutvalet i Norges Bondelag Kari Sigrun Lysne, Lærdal Utsendingar til årsmøtet i Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag 2014 Nils Magne Gjengedal, Hyen v.r Per Hilleren, Sogndal 42

Arbeidsgruppe regionalt Bygdeutviklingsprogram Merete Støfring, Vassenden v.r. Anita Sæther, Svortevik Arbeidsgrupper som heng saman fokus beitedyr/småfe nestleiar sitt ansvar: Kontaktutvalet for rovdyrsaker i Sogn og Fjordane Marit Flatjord, Skei v.r. Nils Magne Gjengedal, Hyen ReferansegruppeSau i Pluss Marit Flatjord v.r. Nils Magne Gjengedal, Hyen Arbeidsutvalet i Samarbeidsrådet for Hordaland og Sogn og Fjordane Per Hilleren, Sogndal v.r. Marit Flatjord, Skei Rådsmedlemer samarbeidsrådet i Hordaland og Sogn og Fjordane Per Hilleren, Sogndal v.r. Marit Flatjord, Skei Organisasjonssjefen Arbeidsutvalet i Sogn og Fjordane Landbruksselskap Per Hilleren, Sogndal v.r. Marit Flatjord, Skei Styringsgruppe for storfeprosjektet Nils Magne Gjengedal, Hyen v.r Lidvin Hage, Utvik Styringsgruppe: Prosjektsatsing på Frukt- og bær rundt neste sving Ivar Petter Grøtte, Lærdal Styringsgruppe: Prosjekt føregangsfylke på økologisk frukt og bær Jon Asbjørn Målsnes, Balestrand Arbeidsgruppe rekruttering, likestilling og kompetanse Merete Støfring, Vassenden Per Hilleren i munter samtale med fylkesleiaren i Ap, Hilmar Høl. 43

9. Rekneskapen 2014 Rekneskapen vert i sin heilskap ført sentralt. Fylkeslaget er ei avdeling i Norges Bondelag og rekneskapen vil verte revidert når Norges Bondelag sin samla rekneskap vert revidert. I årsmøtet vert rekneskapen for den delen av verksemda som vedkjem fylkesstyret sin aktivitet og fylkeslaget sine tilskipingar lagt fram til orientering. Rekneskapen med revisjonsmelding vil i praksis ikkje verte endeleg godkjent før i Norges Bondelag sitt årsmøte sommaren 2014. Berre hovudpostane i rekneskapen vert attgjevne nedanfor Salgsinntekter -52 906,00 Open Gard, salsartiklar, Eigendel leiarmøte, Annonsar Andre inntekter -1 795 942,89 Sentrale budsjettpostar: Rammeløyving, Fylkesleiar, opplæring tillitsvalde, aktivt lokallag, AgroNordVest, Prosjekt Framtid i landbruket, ekstramidlar Gjensidige Sum Inntekter -1 848 848,89 Lønnskostnader 800 986,00 Møtegodtgjersle og fast godtgjersle fylkesstyret og fylkesleiar. Auke på over 100.000 sidan 2013. Auka deltaking på møte frå medlemer i fylkesstyret. Auka dagsats. Driftskostnader 1 212 525,79 Opplæring tillitsvalde, styremøte, fylkesårsmøte, leiarmøte, ulike utval, aktive lokallag, valnemnd, unge bønder kurs, AgroNordVest, deltaking prosjekt Sum kostnader 2 013 511,79 Driftsresultat 164 662,90 Finansresultat Resultat 123 385,26-41 277,64 Fylkeslaget sin del av totale renteinntekter for alle fylkeslaga sin kapital. Eigenkapitalen står på konto i Landkreditt Det negative resultatet for 2014 reduserer Sogn og Fjordane Bondelag sin bokførte eigenkapital i Norges Bondelag. Sogn og Fjordane Bondelag sin eigenkapital 01.01.2014 Kroner 1 317 027,98 Resultat 2014 Kroner 123 385,26 31.12.2014 Kroner 1 193 642,72 44

10. Bondelag og leiarar i lokallaga Namn Leiar E-post Telefon Flora Andre Espeseth andreespeseth@c2i.net 95883030 Norddalsfjord Per-Inge Midtbø per.inge.midtbø@live.no 47849831 Eikefjord Asle Magne Ellingsund esol4@online.no 47634479 Brekke Sjur Haugland sjurhaug@online.no 99617570 Nordre Gulen Jarle Nordgulen jarlgulen@hotmail.no 91726221 Eidsbotn Erling Nesse erlingne@online.no 91813553 Solund Anne Marie G. Færøy gfaeroey@online.no 99298975 Høyanger Per Johan Brekke p-jobre@online.no 99732281 Vik Per O. Langeland Tistel perlangeland@sognapost.no 91703238 Balestrand Renate Rendedal rendedal.renate@gmail.com 47237714 Leikanger Bjørn Sølsnes bjorn.solsnaes@enivest.net 47649119 Sogndal Jostein Flatland jostein.flatland@online.no 48280831 Fjærland Anders Skarestad skarest@online.no 41318389 Aurland Gøril Tveiten Lie gorilla@sogn.no 41443946 Lærdal Steinar Starheimsæter steinar.starheimseter@privat.alb.no 95045916 Årdal Sveinung Haug sveinung.haug@ardal.online.no 40854117 Luster Henny K.M. Skildheim hennykarin@live.no 95783690 Jostedal Kjetil Ruud k_ruud88@hotmail.com 95057752 Hafslo Claus Rumohr Moe crmoe@online.no 90178199 Veitastrond Jimmy Hilleren jimmyhilleren@hotmail.com 91842987 Indre Hafslo Olav Ugulen o.ugulen@gmail.com 41323926 Holmedal og Askvoll Ole Andre Clausen ole.andre.clausen@sweco.no 48037285 Stongfjorden Karl-Andre Gjelsvik andreagj@online.no 91304330 Fjaler og Hyllestad Ole-Ivar Aam Sognnes ole@aamsognnes.no 95943735 Gaular Arne Mo arn-id@online.no 99026832 Viksdalen Erlend Brede Fossen e_fossen@hotmail.com 99226575 Jølster Geir Ståle Støfring gs-stoe@online.no 97135422 Stardalen Nils Kjøsnes nils.kjosnes@enivest.net 47840268 Førde Oddgeir Kvamsås oddgeir.kvamsas@enivest.net 93865536 Naustdal Tor Arne Herstad tor.arne.herstad@enivest.net 91152596 Davik og Ålfoten Stein Kåre Karstensen ma-indre@online.no 90871275 Bryggja Bjørg Marie Roset 95809375 Selje- og Stadlandet Salvatore Ligia mays_aal@hotmail.com 95309841 Eid Knut Tore Nes Hjelle hjelljen@online.no 97749491 Kjølsdalen Kjell-Arne Heggheim k-ar@online.no 90912452 Henden Ranveig Årskog ranveig_aarskog@hotmail.com 99160606 Hornindal Anders Hjellbakk andhjell@online.no 97573386 Gloppen Einar Duvold mduvo@online.no 91171993 Hyen Elias Eimhjellen elias@pertunet.no 91756859 Breim Anders Felde anders.felde@breim.no 92857084 Stryn Bjørn Magnus Rørtveit skihella@online.no 91575796 Oppstryn Mathilde Dolen Nesje mathilde_d_nesje@hotmail.com 90939890 Loen Knut Tjugen knut@tjugen.no 91581798 Vikane Tore Drageset tore.drageset@enivest.net 99703852 Olden Sindre Aabrekk sindreaabrekk@hotmail.com 97178588 Nordsida Knut Gunnar Ulvedal bonde@ulvedal.no 57875520 45

11. Medlemstal og kasserarar i lokallaga Lag nr Namn 31.12. 2013 31.12. Kasserar 2014 Telefon 140101 Flora 63 64 Herborg Rønnekeliv Melvær 90640208 140102 Norddalsfjord 35 34 Magnus Andre Sundal 99733035 140103 Eikefjord 76 73 Beate Marie Steindal 95723063 141101 Brekke 54 51 Bjarne Tynning 41610974 141103 Nordre Gulen 19 18 Roar Elnes 41685260 141106 Eidsbotn 42 43 Lars Magnus Neverdal 90073389 141201 Solund 9 9 Torbjørn Nessen 90863576 141601 Høyanger 104 105 Eldfrid Førde 97653814 141701 Vik 158 148 Jo Risløv 97170653 141801 Balestrand 53 53 Jon Asbjørn Målsnes 95161530 141901 Leikanger 24 29 John Gjerløw 95236177 142001 Sogndal 137 141 Ottar Husum 95965616 141803 Fjærland 49 50 Svein Arne Bøyum 90825492 142101 Aurland 44 43 Gunnhild Strand Borlaug 47246905 142201 Lærdal 107 103 Hallvard Eri 90870522 142401 Årdal 16 15 Per Bjørkum 95498560 142601 Luster 82 81 Tøger S. Aasen 99160236 142602 Jostedal 35 37 Kristen Alsmo 95857614 142603 Hafslo 37 38 Kenneth Kalhagen 92253197 142604 Veitastrond 28 28 Anne Kari H Nes 95986633 142605 Indre Hafslo 49 50 Hege Urnes 41216282 142801 Holmedal og Askvoll 75 70 Jostein Kumle 95240052 142802 Stongfjorden 43 41 Egil Tjønneland 93457152 142902 Fjaler og Hyllestad 146 151 Hilde Åsnes 90140686 143001 Gaular 123 119 Leif Jarle Bjørvik 92412075 143003 Viksdalen 76 72 Jan Morten Råheim 95734688 143101 Jølster 238 229 Knut harald Dvergsdal 91787499 143103 Stardalen 36 38 Jon Helge Sandal 91541727 143201 Førde 190 188 Øystein Holsen 91784092 143301 Naustdal 148 150 Bjarte Kalland 90975566 143806 Davik og Ålfoten 82 83 Magnus Endal 97752940 143902 Bryggja 34 33 Marit Nore 41499013 144101 Selje- og Stadlandet 58 58 Kjetil Friberg 46767884 144301 Eid 252 249 Åmund Starheim 41498802 144302 Kjølsdalen 45 45 Jan Arvid Berstad 90257380 144306 Henden 21 24 Unn Henden 41163523 144401 Hornindal 81 81 Rasmus K. Kirkhorn 92240076 144501 Gloppen 213 211 Astrid Olin Austrheim 92882199 144502 Hyen 86 88 Erik Ommedal 99021046 144504 Breim 220 214 Arne Frode Øvreseth 90834057 144901 Stryn 68 68 Jørgen Fure 90898860 144902 Oppstryn 75 75 Arvid Sunde 90159694 144903 Loen 38 41 Karl Ove Loen 57877683 144905 Vikane 75 76 Ørjan Skåden 48167120 144907 Olden 60 62 Linda Alsaker 91339419 144911 Nordsida 69 71 Rune Roset 97010851 Æresmedlemer 7 6 Direkte medlemer 4 4 46

12. Rekneskapslaga og kontor med samarbeidsavtale med Norges Bondelag Rekneskapslag/kontor: Telefonnr: e-post: Accountor HAFS AS 57 73 99 00 ole.hope@accountor.no Accounter Økonomi Sogn AS 57 69 58 96 sogn@accounter.no Astra Økonomi 951 09 363 lotsberg@astra-okonomi.no Aurland Rekneskapskontor AS 57 63 31 44 johannes@aur-rekn.no Økonor Eid SpaNo Rekneskap 57 88 57 88 sverre.solibakke@accountor.no Feios Rekneskap 57 69 76 22 per.smidje@sogn.no Flora Rekneskapslag BA 57 74 31 88 ole.christian@flora-rekneskapslag.no Hornindal Rekneskapslag 57 87 84 40 rasmus@hdalrek.no Hyen Rekneskap AS 57 86 90 78 magne@hyenrekneskap.no Jølster Rekneskapslag BA 57 72 66 92 jrek@enivest.com Kystrekneskap 57 73 32 11 leif@kystrekenskap.no Laura Kvamme aut. rekneskapsførar 57 69 12 03 laurakv@online.no Luster Rekneskapslag 57 68 27 70 post@lrl.no Naustdal Rekneskapskontor PL 57 81 93 26 naustdal.rekneskapskontor@c2i.net Rand Rekneskapskontor 57 87 06 68 lrand@online.no Rekneskapskontoret Fjordane AS 57 71 86 60 andre.haugsbo@rkontor.no Sogndal Rekneskapslag BA 57 67 22 02 post@sogndalrekneskapslag.no Stryn Rekneskapslag 57 87 18 90 post@strynrekneskap.no Vekstra Fredheim 57 65 66 00 post@fredheimrekneskap.no Økonor Gloppen, Rekneskapskontoret Gloppen AS 57 86 86 00 gloppen@okonor.no Økonor Stryn, Olden og Vikane Rekneskap AS 57 87 39 90 stryn@okonor.no Økonomiservice AS 57 66 98 00 petter@oks-as.no Møte i samband med jordbruksoppgjeret 2014. Orientering om tilbodet og drøfting av tiltak. 47

Fråsegn jordbruksforhandlingane 2014 Jordbruksforhandlingane 2014 vert den første store prøvesteinen for kva utviklingsmoglegheiter regjeringa og hennar støtteparti vil gje norsk landbruk. Mange matprodusentar er usikre på kva rammevilkår regjeringa vil gje dei. Vi treff mange som seier dei håpar på det beste, men fryktar det verste. Mange seier også at pila har peika rette vegen dei siste åra, og at utviklinga har gått rett veg når det gjeld inntening. Mange fryktar at regjeringa sine utsegn om forenkling og redusering av tal verkemidlar skal svekke inntektsmoglegheitene. Med utgangspunkt i det inntektsnivået som landbruket har vil ei kvar endring som svekkar inntektsgrunnlaget vere dramatisk for dei det råkar. Skal det skje endringar må det vere heilt avgjerande at det ligg føre utgreiingar om konsekvensar og avbøtande tiltak før endringar vert sett ut i livet. 1 Oppsummering over de mest prioriterte tiltaka Sogn og Fjordane Bondelag har i år valt å ikkje gå konkret inn å talfeste eit krav for dei ulike produksjonane. Fylkeslaget meiner at det må fremjast eit krav med ei ramme som sikrar matprodusenten ei mogleg inntektsutvikling som ligg noko over inntektsutviklinga elles i samfunnet. Gapet til andre næringar er stort, og regjeringa har sagt at dei ynskjer å legge til rette for ei betre inntektsutvikling i landbruket. Det vil vere uråd å auke matproduksjonen utan ei positiv inntektsutvikling for matprodusentar i heile landet. For Sogn og Fjordane vil det vere viktig: Å kunne auke prisen i marknaden for alle dei produkt der det er mogleg Å sikre at ulike driftsvilkår og distrikt vert teke omsyn til, og at løyvingane til distriktstilskot vert auka Å oppretthalde strukturen i husdyrtilskota og sikre driftstillegget. Å betre investeringsverkemidlane 2 Pris Skal ein kunne sikre bonden kompensasjon for auka kostnader, må prisen aukast for dei produksjonar der det er handlingsrom for dette. Vi vil peike på mjølk, lammekjøt og storfekjøt som produksjonar der det kan vere rom for prisauke. Det vil også vere rom for prisauke for nokon av produksjonane innan grøntsektoren som ulike sortar frukt- og bær der forbrukaren sine preferansar for å velje norsk er store. Det er viktig å til ei kvar tid nytte det handlingsrommet som ligg i marknaden for auka prisuttak. 3 Budsjettoverføringar Budsjettoverføringar er svært viktig for fylket vårt. Det er gjennom desse midlane at det er mogleg å kompensere for dei ulike driftstilhøva vi finn i landet vårt. Difor er budsjettmidlane avgjerande for produksjon av mat i vårt fylke. Dei ulike budsjettpostane har sin funksjon og vi finn det svært vanskeleg og smertefullt om det skal skje store omfordelingar og endringar innan eksisterande verkemidlar. Bøndene i Sogn og Fjordane har ikkje nokon tilskotsordningar å miste. Vi vil ikkje prioritere dei ulike ordningane opp mot ein annan fordi kvar ordning er økonomisk viktig for mange bønder. Ei kvar endring vil påverke økonomien til matprodusentar i fylket. Ordningane er gode slik dei ligg i dag, og det som verkeleg skal til er ei økonomisk styrking av ordningane. Ikkje ei omfordeling slik vi får inntrykk av at Landbruks- og matministeren jaktar etter. Dette året ynskjer vi å prioritere investeringsverkemidlar. I det legg vi å betre stønaden til dei einskilde prosjekta som vert omsøkt. Primært går vi for ein stønad på 48

35 % til kvart prosjekt utan tak. Rentestøtteordninga må endrast slik at støttenivået vert meir reelt i høve gjeldande marknadsrente. Det er også viktig at ikkje distriktsfylke som Sogn og Fjordane tapar løyvingar til investering, slik som kjem fram i notat 2014-1 frå NILF. Trongen for nyinvesteringar er svært stor i husdyrfylket vårt. 4 Forenkling Vi ser føre oss at dei beste forenklingane ligg i å forenkle søknadsprosedyrar og sakshandsaming, og ikkje i å endre sjølve tilskotsordningane. Vi ser at det kan komme drøftingar kring prosedyrar for fordeling av SMIL midlar og RMP. Det vil i ein slik gjennomgong vere viktig at ikkje ordningane fell vekk ved ei eventuell endring. Ei endring og eventuell samordning av søknadsprosedyrar må basere seg på ein gjennomgong der verkemidlane vert tekne med vidare inn i eit samordna system. Kommentar til forslag om forenkling i utgreiing av endring av produksjonstilskot for sau/lam og geit/kje: Utegangarsau må framleis vere eiga gruppe, då det er stor skilnad på arbeidsforbruk og produksjon mellom tradisjonell produksjon og utegangarsau!!! 5 Korn- og kraftfôr Auke betalinga for korn etter kvalitet, for å stimulere til auka kornproduksjon. Viss kornprisen skal opp må prisnedskrivinga aukast tilsvarande, slik at ikkje husdyrhaldarane må betale for kornbøndene sin betra økonomi. 6 Næringsutvikling og kapitaltilgang Innan LUF må det prioriterast auke til dei fylkesvise Bygdeutviklingsmidlane. Auken må følgjast opp med betra investeringsverkemidlar til kvart prosjekt som vert omsøkt. 7 Miljøverkemidlar Dagens grøfteordning er ikkje god for husdyrdistrikta på Vestlandet. Kostnader knytt til grøfting er mykje høgare i våre området enn på meir lettdrivne areal i andre deler av landet. Skal ordninga bli viktig i våre område må stønad pr. dekar grøfta areal styrkast vesentleg. 8 Økologisk landbruk Meirverdien for økologiske landbruk må hentast ut i marknaden i form av betre prisar for dei økologiske produkta. 9 Velferdsordningar Sogn og Fjordane Bondelag er skeptisk til å fjerne dokumentasjonskravet for tilskot til ferieog fritid. Vi fryktar at det vil svekke beredskapen i form av tilgang til landbruksvikar og sjukeavløysing når du treng det. Velferdsordningane vil vere svært viktig når ein skal sikre rekrutteringa til næringa. Mange av ordningane er ikkje tilpassa behova til dagens bonde. Særleg er der svakheiter ved ordningane når det gjeld: Svangerskap og fødsel Tilskot til avløysing ved barns sjukdom Samordning av aldersintervall vedrørande avløysarefusjon og pensjonsopptening Jobb utanom arbeidsløysetrygd 49

Jobb utanom og sjukdom Det er trong for ein grundig gjennomgong av desse problemstillingane med løysingar som kan sikre at yngre bønder finn velferdsordningane attraktive nok til å velje matproduksjon som yrket sitt. Vi er skuffa over utgreiinga som ligg føre før årets forhandlingar. Ministeren snakkar gong etter gong om kor viktig det er å betre rekrutteringa til næringa. Velferdsordningar tilpassa dagens bonde sitt liv er viktig for rekrutteringa!!! 10 Erstatningsordningar Med endra klima, og stadig oftare ekstremver syner det seg at ordningane som skal kompensere for overvintringsskadar og skadar i frukt/bær må betrast. Vi kan pårekne at trongen for slike ordningar vil vere aukande. Store eigendelar saman med sterkt reduserte avlingar vil vere ei stor likviditetsmessig økonomisk utfordring for dei som skal produsere grovforet i husdyrhaldet. For frukt og bær vert det nytta gamle normer med altfor låge snittavlingar sett i høve til dei normalavlingane dagens sortar gjev. Dette må gåast gjennom og justerast! 11 Kjøt og egg Marknadsordningane er avgjerande for å kunne drive produksjon av kjøt og egg i distrikta. Dette må peikast på inn i arbeidet med gjennomgongen av marknadsordningane. I spesialisert storfekjøtproduksjon bør ein stimulere til auka produksjon per mordyr. Det vil vere viktig med tiltak som medverkar til auke produksjon, men det er viktig at ein ikkje ser seg blind på at det vil automatisk vil bety å omfordele kroner ved å endre strukturen i viktige tilskotsordningar. Årsakene til at vi i vårt fylke har hatt ein nedgang i produsert mengde sauekjøt er mellom anna at svært mange av dei aller minste besetningane har gitt seg. Dette utan at vi har topografiske, klimamessige og økonomiske tilhøve som har gjort det mogleg for større einingar å ta opp i seg produksjonen til dei som har gitt seg. Mange einingar tilpassa det arealgrunnlaget som er på bruket og i bygda skapar eit stort volum difor må verkemidlane sikre ei positiv inntektsutvikling for gjennomsnittsbruka i kjøtproduksjonen. Ein svekka økonomi for gjennomsnittsbruket og dei mindreeiningane vil gje redusert volum som resultat. 12 Grønsaker, frukt, bær og potet Det felles Grøntutvalet for Bondelaga på Vestlandet har drøfta innspel til jordbruksforhandlingane i møte den 5. februar 2014. Grøntsektoren er ei viktig næring på Vestlandet, særleg når vi snakkar om frukt og bær. Vestlandet merkar konkurransen frå andre deler av landet der ein kan dyrke meir rasjonelt i større einingar enn det som er mogleg med utgangspunkt i Vestlandet si arrondering. Vestlandsbonden treng tilskot som kan kompensere for nokon av driftsulempene som ein har knytt til helling og storleik på teigane. Industribær Når det gjeld særskilde tema som har vore drøfta, har utvalet også i år brukt tid på å drøfte situasjonen innan produksjon av bær til industrien som har hatt ei særs negativ utvikling dei siste åra. Vi er kjende med at arbeidsgruppa som har vurdert eit ekstra distrikts- og kvalitetstilskot til bær som går til konservesindustrien, har komme fram til ein delt konklusjon, der representantane frå Bondelaget meiner at ein skal gje eit slikt ekstratilskot, medan representantane frå Landbruks- og matdepartementet går imot. Rapporten synleggjer den store skilnaden i lønsemd mellom produksjon av bær til konsum og produksjon av bær til 50

industri. Utvalet meiner at det er heilt nødvendig at det blir sett i verk tiltak som kan sikre at vi også i åra som kjem, har ein bærekraftig industribærproduksjon, som også kan utviklast vidare og fylle det behovet industrien har for norske bær. Konklusjon industribær: Distrikts- og kvalitetstilskotet for industribær må aukast til eit nivå som gjer det meir lønsamt å satse på industribær. Framlegg til auke for alle soner: 4 kr. Sortsutviklingsprosjekt for industrijordbær må få målretta støtte. Det må innførast økonomiske tiltak når det gjeld godkjenning av plantevernmiddel for små kulturar. Når det gjeld problemstillingane elles for næringa er kostnadsspiralen ei utfordring. Det same er manglande tollvern som gjer det vanskelegare å kunne ta auka pris i marknaden. I fleire høve greier ein ikkje å kompensere for kostnadsveksten i form av auka prisuttak i marknaden, noko som reduserer innteninga, og som gjer det naudsynt med større tilskot inn i grøntnæringa Trong for eit investeringsløft på fruktsida Det er svært stor trong for eit investeringsløft på fruktsida fornying av frukthagane er naudsynt for å auke avlingane, betre kvaliteten og auke effektiviteten. Etablering av nye eple/pære/plommefelt er kostnadesrekna opp mot kr. 70.000/daa, for morellfelt er kostnaden opp mot kr 140.000/daa. I tillegg går det 2-3 år før trea kjem i produksjon og gjev inntekt. Det er viktig å prioritere dyrkarar som investerer og vil vere med i næringa. Nye plantemetodar krev større tilgang på kapital. Utvalet gjer framlegg om eit satsingsprogram over 5 år for å oppnå fornying av frukthagane. Fondsordningar kan vere eit verkemiddel som på sikt å kunne betre kapitaltilgong til denne delen av landbruket. I norske frukthagar er altfor stor del av produksjonstrea eldre enn 15 år. Fornying av fruktplantingar med overgang til moderne tettplantingar (frå 100-167 tre/daa til 320-380 tre/daa) i norsk eple- og pæreproduksjon gir eit svært stort etterspørsel etter friske, ferdig greina småtre. Sagaplant og Graminor må tilførast midlar slik at dei er i stand til å levere grunnstammar og sjukdomsfritt podemateriale med ein kvalitet som er i samsvar med etterspurnaden. Andre prioriteringar Målprisen må aukast tilsvarande konsumprisindeksen. For sortar, der forbrukaren har ein sterk preferanse for å velje norsk, bør ein kunne auke prisuttaket utover konsumprisindeksen. Distrikts- og kvalitetstilskotet (DK) må som eit minimum aukast i takt med prisveksten. AK-tilskot: Det bør startast eit arbeid med sikte på å knyte vilkår til ordninga som sikrar at tilskotet går til aktive matprodusentar for å hindre at areal vert liggande brakk. RMP. Øyremerkt til driftsvansketilskot, må aukast med sikte på å kunne oppretthalde areal som er vanskeleg å drive. Tilskotet bør primært gå til søkjarar som produserer mat. 51

Tilskotet til Fruktlager er svært viktig for å styrkja fellesskapet av fruktbruk i distrikta. Dette som grunnlag for styrka innovasjon, marknadstilgang og økonomi. Tilskotet må styrkjast gjennom ein auke på 3 millionar. Samstundes må det etablerast eit tilskot, etter mal av tilskot til fruktlager, for felles bærmottak. Dette må få eigen post i avtalen. Støtte til fellespakkeri/mottak stimulerer til produsentsamanslutningar og er eit svært viktig verkemiddel for å styrkje konkurranseevna og innovasjonen i næringa. Plantevernmiddel: Vi må ha nye plantevernmiddel før det blir innført forbod mot eksisterande middel. Det er også avgjerande å hugse på småkulturane. Det er ei utfordring at det er få middel med ulik verknadsmekanisme å veksle mellom for kunne sikre verknad. Få plantevernmiddel å velje mellom gir difor svært stor risiko for utvikling av resistens. Innkravd avgift frå handlingsplan for redusert risiko ved bruk av plantevernmiddel må nyttast målretta for næringa i samarbeid med næringa. Det må takast ein gjennomgong og betre dialogen med dei som brukar plantevernmidla. Det må innførast ein eigen sats for areal- og kulturlandskapstilskot for potet og grønsaker i sone 5. Arealarronderingane tilseier at det bør vere på 300 kr/daa for potet og 1000 kr/daa for grønsaker. Tilskotet per bikube må aukast med 200 kroner. Lokale sterke, gode og sjukdomsfrie bikuber er avgjerande for produksjonen av frukt og bær samt sikra lokalt sortsmangfald. Viktig med norsk produksjon av plantemateriale Import av plantemateriale byr på utfordringar for norsk planteproduksjon. Vi vil presisere at det også i framtida må vere rom for, og trong for denne produksjonen. Norsk planteproduksjon må setjast i stand til å møte ein eventuell konkurranse frå importerte plantar. Vi må ikkje stelle oss slik at sortar som gjev norsk produksjon konkurransekraft forsvinn. 13 Mjølk Denne produksjonen skapar dei største verdiane i Sogn og Fjordane og ein auka inntektsmoglegheit for både for ku og geitmjølkprodusentar vil vere svært viktig for den samla utviklinga av landbruket i fylket. Kvoteordninga må oppretthaldast med fylkesvise kvotar. Eit felles kvotetak for einskildbruk og samdrifter kan vere akseptabelt, men kvotetaket må ikkje verte høgare enn dagens kvotetak for samdrifter. Avgrensinga på tal bruk i samdrift kan fjernast. 14 Skatt/avgift/avskrivningar/fond Landbruket er vorten ei kapitalkrevjande næring. Dei som vil stå i næringa i tida framover vil heile tida måtte gjere nye investeringar, slik at dei ikkje dett av lasset. Det er viktig at ein får på plass ei ordning der ein kan sette av pengar til eit investeringsfond. Avskrivingsreglane må vurderast årleg med sikte på å få dei mest mogleg realistiske i høve bygningar og tekniske installasjonar si levetid. Minner også om trongen for å endre avskrivingsreglane for frukt og bær. Det må vere mogleg å få til ei ordning som sikrar frukt- og bærbonden årlege avskrivingar gjennom frukt- og 52

bærfeltet si levetid til erstatning for dagens ordning der du ikkje får nytta avskrivingar før trea vert saga ned eller feltet sanert. 15 Anna Klima vil få sterkare føringar for kva moglegheiter vi har til å produsere mat i landet vårt. I våre området merkar vi dette i form av lenger tørkeperiodar, lenger regnversperiodar og ekstremnedbør og vind over kortare tid. Dette påverkar landbrukspolitikken direkte i form av at periodar med gunstig innhaustingsver vert kortare. Med færre hender i landbruket og større einingar vert det vanskeleg å hauste grovfor og korn med rett kvalitet. I neste runde gjev det auka trong for import. Det er viktig å løfte blikket og sjå framover når ein skal prioritere verkemidlar i jordbruksoppgjeret. Norsk matproduksjon er viktig for framtidige generasjonar. Dei vala ein gjer i oppgjeret i 2014 kan påverke komande generasjonar sine moglegheiter for å kunne dyrke mat. 53

54

Bistår m.a. innan: -Landbruk -Odelsrett -Vassdragsrett -Fast eigedom -Ekspropriasjon -Alm.praksis -Avtaler og kjøp/ sal -Plan og bygningsrett Avd. Førde Kontor Sogndal Tlf. 57 83 71 00 Tlf. 57 67 88 00 Adv. Thomas C. Jarning Adv. Frode S. Halvorsen Adv.fullm. Øystein Hjelmeset Harris.no 55

56

Peldyrnæringa har vore mykje drøfta også i 2014. Mellom anna gjennom ein ny film på TV som var teken opp av ein person med skjult identitet. Pelsdyrutvalet la også fram sin rapport før jul. Biletet er frå Open Pelsdyrgard hos Finn Årdal. 57