ELVECRUISE PÅ DOURO / MED VANDRETURAR I FRODIGE DOURODALEN OG DEN SPANSKE MIDDELALDERBYEN SALAMANCA 21. 28. SEPTEMBER 2015 Douro svingar seg gjennom dei vakraste vinlandskapa i Portugal, med bratte fjellsider og tradisjonsrike byar. Cruiset startar og sluttar i Porto, den nest største byen i Portugal som i fleire århundrer har vore kjent for sin portvin. Undervegs vert det ymse utflukter og aktivitetar. Vi vitjar eit av portvinhusa i Vila Nova de Gaia der vi får smake på «godsakene», vi skal på byvandring i Porto, på utflukt
til den spanske middelalderbyen Salamanca og vandre i vakker natur med vitjing i genuine landsbyar. DAG 1, MÅNDAG 21/9 OSLO PORTO Flyavgang fra Gardermoen/Oslo med Lufthansa kl.09.10 via Frankfurt med ankomst til Porto kl.15.35. Transport fra flyplassen til skipet der vi sjekkar inn og finn oss til rette i lugaren og gjer oss litt kjende om bord på båten. Om kvelden er det valfri bussrundtur gjennom Porto for å oppleve den vakkert opplyste byen. DAG 2, TYSDAG 22/9 PORTO Porto er med sine omlag 300 000 innbyggarar den nest største byen i Portugal. Det historiske sentrumet i byen står på UNESCO si verdsarvliste og er eit virvar av smale gater, buegangar og imponerande kyrkjer, mellom anna Sé-katedralen frå 1100-talet. Men framfor alt er Porto kjend for vinen med byen sitt namn. I bydelen Vila Nova de Gaia, ligg dei gamle portvinshusa frå 1700-talet. Hit vert druene frakta frå vinmarkene i Dourodalen. Druene vert foredla og lagra i dei store portvinkjellarane, før vinen vert tappa på flasker for distribusjon over heile verda. Etter frukost vert det byvandring gjennom den gamle bydelen. Vi får sjå mange vakre, historiske byggverk og vil oppleve den koselege atmosfæren i byen. Turen vert avslutta med smaksprøver i eit av dei gamle portvinshusa. Retur til skipet for lunsj. Etterpå er dagen til fri disposisjon slik at du kan utforske den En tur i samarbeid med hyggjelege byen på eigahand. Middagen om kvelden om bord på båten vert akkompagnert av den tradisjonsrike, portugisiske fadomusikken. Båten ligg ved kai i Porto over natta. DAG 3, ONSDAG 23/9 PARQUE NATURAL DO ALVÃO Etter frokost går turen med buss til naturparken Parque Natural do Alvão. Vi skal bruke heile dagen her med vandring på smale stiar i vakre omgjevnader (ca 10 km)og nyte en god piknik lunsj ute i naturen. Om ettermiddagen køyrer vi til Régua der vi når att båten «vår». Vi nyt ein god middag om bord, før det er tid for ein tur på dansegolvet.
Båten ligg ved kai i Régua over natta. DAG 4, TORSDAG 24/9 VILA REAL OG VEGA DE TERRÓN Om morgonen er det en valfri utflukt som startar med ein rundtur i Vila Real, ein by med variert religiøs arkitektur. Vidare til Solar de Mateus-palasset som er gjort udødeleg på etiketten til Mateus-vinflaskene. Slottskapellet her vert rekna for å være ein av dei vakraste barokkbygningane i Portugal. Det vert tid til ein spasertur i den vakre hagen før det er retur til skipet, som i mellomtida har sigla til Pinhão. Medan vi nyt ein god lunsj held cruiset fram gjennom hjartet av vindistriktet i Dourodalen. På begge sider av elva er det vinmarker i terrassar opptil sju hundre meter oppover dei bratte dalsidene. Vi siglar gjennom slusene ved Valeria og Pocinho og kjem til den spanske grensebyen Vega de Terrón om kvelden. Etter middag er det underhaldning og flamencoshow om bord. Skipet ligg til kai i Vega de Terrón natta over. religionsforfølgjing andre stadar. Lunsj vert servert på ein lokal restaurant. Om ettermiddagen returnerer vi til båten som i løpet av dagen har sigla til grensebyen Barca d Alva. DAG 6, LAURDAG 26/9 FERRADOSA OG PINHÃO Ein avslappande føremiddag om bord, medan båten siglar attende nedover elva og gjennom slusene ved Pocinho og Valeria. Vi nyt ein god lunsj om bord, før vi går i land i Ferradosa. No skal vi på ei hyggjeleg vandring, omlag 6 km i lett til moderat terreng. Vi vandrar mellom oliventre, mandeltre og vinranker. Dette er eit landbruksområde der gamle tradisjonar vert haldne i hevd. Turen ender opp i ein liten skiferlandsby der du får møte nokre av dei som bur i dette spesielle bygdesamfunnet og vi kjem tett på det verkelege livet i Dourodalen. Vi returnerar med buss til båten, som har ankra opp for natta i Pinhão. Om kvelden er det festmiddag om bord. Ta deg gjerne en spasertur i den hyggjelege gamlebyen før eller etter middag. DAG 5, FREDAG 25/9 UTFLUKT TIL SALAMANCA I dag er det utflukt til den spanske byen Salamanca, som står på UNESCO si verdsarvliste. Salamanca si historie går fleire tusen år attende i tid, og vi får sjå arkitektoniske minnesmerke frå både romersk, arabisk og kristen tid. Universitetet i Salamanca er eit av de eldste og mest kjende i Europa. Her samlast lærde fra både kristne, arabiske og jødiske kulturar fra 1200- til 1400-tallet, medan det var DAG STED UTFLUKTER OG AKTIVITETER 1 Porto Kveldsrundtur med buss 2 Porto Byvandring og besøk i eit portvinshus 3 Porto Vandring i naturparken Parque Natural do Alvão 4 Regua Utflukt til Vila Real og Solar de Mateus 5 Barca d Alva Utflukt til Salamanca i Spania 6 Ferradosa Vandretur til skiferlandsby 7 Pinhão Utflukt til Lamego 8 Porto
DAG 7, SØNDAG 27/9 PINHÃO PORTO Om morgonen er det utflukt til Lamego med vitjing i den vakre barokk-kirka Nossa Senhora dos Remédios, eit av dei viktigaste pilgrimsmåla i Portugal. Etter ein god lunsj om bord kan du slappe av på soldekket medan skipet siglar gjennom fleire store sluser den siste strekninga på veg attende til Porto. Ankomst Porto seint om kvelden. DAG 8, MANDAG 28/9 PORTO OSLO Etter frukost seier vi farvel til skipet. Transport til flyplassen der Lufthansa har avgang kl.12.00 til Frankfurt og vidare til Gardermoen/Oslo med ankomst kl.19.00. MS INFANTE DON HENRIQUE 4* Rederi CroisiEurope Byggeår 2003, renovert i 2010 Lengde 75 m Antall dekk 3 Passasjerer 142 Om bord er det restaurant, salong med dansegulv, suvenirbutikk og soldekk. Wi- Fi i salongen. Alle lugarene er utvendige og har bad med dusj, hårfønar, TV, radio, minisafe og aircondition. Lugarane har to enkle sengar som kan setjast saman til ei dobbeltseng. Øvre dekk har fransk balkong, medan lugarane på nedre dekk har små vindu.
PRIS Pris pr. person i delt dobbel lugar Hoveddekk kr 18 450 Tillegg for midtdekk kr 1 200 Tillegg for øvre dekk kr 1 700 Tillegg for lugar aleine kr 4 730 IREKNA I TURPRISEN : Fly Bergen -Porto t/r Transfer flyplass skip/ret. Flyskatter og havneavgifter (pr. jan 15) Sju netters cruise i utvendig lugar Heilpensjon om bord fra middag første dag til frukost siste dag Drikkevarer om bord: vatn, vin, øl, juice og kaffi til måltid og drinkar som er servert i baren (ikkje champagne og vin fra vinliste) Transport og utflukter/vandreturar som er omtala i programmet Vinsmaking Norsk reiseleiar frå Escape Travel IKKJE IREKNA I TURPRISEN : Tips til besetning, lokale guidar og sjåførar Avbods- og reiseforsikring DEPOSITUM Depositumet er kr 2500 pr. person og må innbetales innen syv dager. TIPS Tips er frivillig, men også ein viktig del av inntektene til dei som arbeider på båten. Rederiet tilrår om lag sju euro pr. person pr. dag til besetninga om bord, og omlag ein euro pr. utflukt til kvar lokal guide og sjåfør. Øvrige reisebetingelser finner du på www.escape.no Reisen bestilles hos Travelnet Fjordane Reisebyrå: Tlf. 57725070 / e-post : fjordane@travelnet.no Teknisk arrangør: Escape Travel PPH