SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE KM- FUTSAL ALDERSBESTEMT SSF KM-Futsal kvalifisering for aldersfastlagde klassar 3. 4.februar 2018 NFF Sogn og Fjordane takkar for påmeldinga og ønskjer hjarteleg velkommen til SSF KM-Futsal kvalifisering for aldersfastlagde klassar. Kvalifiseringsspelet 3. 4.februar blir avvikla på følgande plassar: Øvre Årdal - Årdalshallen (IL Jotun). Gaupne Gaupne Idrettshall (IL Bjørn). Førde Førdehuset (Førde IL). Dale Fjalerhallen (Dale IL). Svelgen Idrettshallen (Svelgen TIF). Det er påmeldt om lag 200 lag til SSF KM-Futsal aldersbestemt. Ikkje alle aldersklassar speler på alle kvalifiseringsstadar, noko som inneber at nokre aldersklassar til klubbar som arrangerer turnering må spele i ein annan hall. Dette grunna tal lag påmeldt i dei ulike klassane, samt sportsleg tilhøve og tilgjengeleg halltid. Det blir ikkje kvalifisering for juniorklassa menn og kvinner alle påmeldte lag i juniorklassa går rett til sluttspelet på Sandane, Trivselshallen, 3. og 4.mars. NFF Sogn og Fjordane Sogndal www.fotball.no/sogn_og_fjordane Postadresse: PB 248, 6852 Sogndal Tlf 57628700 Fax 57628701
Laga er delt inn ca. etter geografisk nærleik til arrangør, samt omsyn til å oppretthalde ein fornuftig aktivitet i dei ulike hallane. Futsal spelast på sportsdekke eller parkett. Det skal brukast sko som ikkje set merker. For alle aldersklassar skal det brukast Futsal-ball i størrelse 5 (fem)! Regelverket for Futsal er med i denne utsendinga regelverket for Futsal er vi heilt avhengig at alle lag og klubbar har kunnskap om! Det er ein god del reglar i Futsal som er ulikt vanlege fotball. Dommarane de møter har delteke på kurs for å få kunnskap om desse reglane. Vis respekt for dommaren si rolle og dommaren si vurdering! Sluttspelet blir arrangert på Sandane, i Trivselshallen, 3. - og 4.mars. Kor mange lag som går vidare til sluttspelet finn de i kampoppsetta for dei kvalifiserande turneringane. Teknisk arrangør under sluttspelet er Sandane TIL. Det er viktig at klubben informerer alle lag som er påmeldt om kampoppsettet. Kampoppsettet og resultatoppdatering finn de på nettsida til NFF Sogn og Fjordane, www.sffk.no I samband med KM-Futsal kvalifiseringa vil det ferdast om lag 2000 spelarar på vegane i fylket. Vi ber dykk som leiarar, foreldre og ansvarlege, om å informere om trygg trafikk med fokus på bruk av bilbelte, samt å bruke god tid og køyre varsamt. Vi ønskjer velkommen SSF KM Futsal for aldersbestemt fotball! Med vennleg helsing NFF Sogn og Fjordane Regelverk og retninglinjer følger under!
For KM-kvalifiseringa ellers gjeld følgjande: Kamptid: MØT PRESIS: Kampoppsett: Sjå kampoppsettet. Alle lag må vere klare rett etter forrige kamp. Lag som kjem meir enn 3 minutt for seint, får resultatet 0-3 og tapar kampen. Ver merksam at på slutten av dagen kan det vere at kampane startar før oppsett tid på grunn av trekte lag, og mindre pausar mellom kampane. Møt opp i god tid. Ligg vedlagt. Premiering: Kun premiering i sluttspelet. Sluttspelet: Trivselshallen, Sandane, 3.- og 4.mars. For antal lag som går vidare til sluttspelet, sjå oversikt i lag med puljeinndelinga på kampoppsettet. Reglement: For turneringa gjeld vedlagde spelereglar for SSF KM- Futsal. Det er veldig viktig at trenarar og spelarar kjenner til dei viktigaste reglane for Futsal, slik at vi slepp unødvendige mistydingar undervegs. Sjølv om regelverket er vedlagt, presiserer vi likavel dei viktigaste reglane her: - Alle direkte frispark heiter akkumulert frispark i Futsal. Frå og med det fjerde (4) akkumulerte frisparket eit lag får mot seg, skal det dømmast straffespark frå 10 m til motstandarlaget. Sjå meir utfyllande i Regelverk Futsal. - Når målvakta frigjer ballen ved målkast og ved redning, så kan ikkje målvakta vere nær ballen før ein motspelar har vore nær ballen. Det skal dømmast indirekte frispark til motstandarlaget frå den staden som målvakta var plassert når forseelsen skjedde. Dersom målvakta stod innanfor straffefeltet, skal det indirekte frisparket utførast på 6 meter linja, nærast der målvakta stod. Elles gjeld vanlege reglar for tilbakespel, som for vanleg fotball.
- Ved målkast (ballen ute bak mål) skal målvakta kaste ballen ut. Ikkje lov å sparke ballen ut. I so fall skal målkast takast på nytt. Målvakta kan kaste ballen over midten, men ikkje skåre ved målkast. - 4 sekundars regel ved igangsetting av spelet ved igangsetting av frispark, målkast, hjørnespark, avspark og innspark, har ein maksimun 4 sekundar på å sette ballen i spel etter at spelaren har kontroll på ballen. Dersom spelar brukar meir enn 4 sekundar, skal eit indirekte frispark tildelast motstandarlaget. Dersom ein spelar brukar unormalt med tid på å hente ballen/få kontroll på ballen, startar dommar å telje når dommaren vurderer det som uthaling at tida. - Innbyte innbyte skal skje innanfor innbytarbenkene, som er avgrensa til 5 meter. Dersom spelar på veg inn på bana går inn på bane før spelaren som skal bytast ut er ute av bana, skal det tildelast gult kort til spelar på veg inn, samt indirekte frispark til motstandarlaget. - Ved raudt kort utvist spelar kan ikkje sitte på innbytebenken. Laget kan, etter godkjenning av dommar, sette inn innbytar etter to minuttar etter at ein medspelar er blitt utvist. Dersom laget med flest spelarar skårar mål i løpet av dei to minuttane motstandarlaget har utvist spelar/spelarar, får laget med færre spelarar sette inn ein spelar. - Ved avspark kamp og etter at mål er gjort, skal motstandarlaget vere minimum 3 meter frå ballen. For alle andre dødballar er det 5 meter som er minimumsavstanden frå ballen. For dei klubbane som har påmeldt fleire lag i same aldersklasse, skal følgande gjennomførast: - Ein kan ikkje spele på fleire lag i same aldersklasse!
- For klubbar som har differensiert nivå på laga, der eit lag er betre enn eit anna lag, skal det beste laget vere rangert som 1. lag og det nest beste laget som 2. lag og det tredje beste som 3. lag. Dette gjeld ikkje for klubbar som har tilnærma likt ferdigheitsnivå på laga i same aldersklasse. - Alle spelarar som deltek i SSF KM-Futsal kvalifisering, samt spelarar som er speleberettiga for klubben, kan delta i SSF KM-Futsal sluttspel maks 11 spelarar pr. lag. Tal spelarar på kvart lag: Maksimalt 11 spelarar til kvar kamp. Vedlagt ligg namneliste for spelarane. Der skal de føre på namn og nummer på spelarane. Skjema skal leverast sekretariatet i hallen seinast 30 minuttar før første kamp. Ein kan kun spele for eit lag i same aldersklasse. Ein kan spele på ulike aldersklassar, her i høve aldersgrensene. Det blir ikkje gitt generell dispensasjon for overårige i SSF KM Futsal. Rangering: For rangering etter gruppespel gjeld følgjande: 1. Poengtalet. 2. Målskilnad. 3. Tal skåra mål. 4. Innbyrdes oppgjer. 5. Loddtrekning. Ved uavgjort i sluttspelskampane gjeld følgjande: 1. 3 minutt tilleggstid. 2. For alle klassane: Straffekonk. 3 straffer + 1 og 1 Utstyr: Ikkje sko som set merke! Leggskinn er påbode. Det skal nyttast Futsal ball i storleik 5 for alle aldersklassane. Målstorleik: Handballmål, (3 x 2)meter.
Kontaktpersonar i arrangørklubbane: Klubb Namn Telefon/epost IL Jotun Bjørge Kilen Mobil: 40000075 E-post: mackilos@me.com IL Bjørn Line Døsen Mobil: 91518453 E-post: linedosen@gmail.com Førde IL Per Øyvind Storevik Mobil: 91819543 E-post: per.oyvind.storevik@fordeidrettslag.no Dale IL Julie Vårdal Heggøy Mobil: 90994421 E-post: julie.heggoy@ssf.no Svelgen TIF Terje Rebni Mobil: 90025466 E-post: terje.rebni@elkem.no Skulle det ellers vere spørsmål rundt Sparebanken Sogn og Fjordane KM Futsal aldersbestemt, so tek de kontakt med underteikna på telefon: Tlf. 57 62 87 05 (08.00 15.45). Mobil: 90 62 42 55. Vi ønskjer alle lag lykke til i Sparebanken Sogn og Fjordane KM-Futsal aldersbestemt! Med helsing NFF Sogn og Fjordane Yngve Håkonsen E-post: yngve.hakonsen@fotball.no