Fylkesmannen i Miljøvernavdelinga Vår dato Vår referanse Saksbehandlar, innvalstelefon Arkiv nr. Dykkar referanse Inspeksjonsrapport Inspeksjon ved [namn på verksemda] Dato for inspeksjonen: Rapportnummer: Saksnr. hjå Fylkesmannen: Kontaktpersonar ved kontrollen Frå verksemda: Frå Fylkesmannen: Resultat frå inspeksjonen Denne rapporten omhandlar avvik og merknader som vart konstatert hjå [namn på verksemda] under inspeksjonen [dato]. (Ved utsending etter inspeksjonen) Denne rapporten har status som førebels. Dersom vi ikkje får tilbakemelding om faktiske feil i rapporten innan 2 veker etter at rapporten er motteken, er rapporten endeleg. Fylkesmannen avdekte [antal] avvik og [antal] merknader under inspeksjonen. [Skriv kort om funna her (bruk kulepunkt om det går an)] [Eventuelt.]Fylkesmannen ser spesielt alvorleg på avvik [spesifiser kva og kvifor]. Avvika og merknadene er nærare omtala frå side 4 og utover i rapporten. Vi ber [namn på verksemda] om ei skriftleg tilbakemelding og stadfesting innan [dato] på at avvika er retta. Oppfølginga etter inspeksjonen er nærare omtala på side 3. Dato Fylkesmannen i (etter fullmakt) Dato for verksemda Mal Deponi Rev0, 040510
2 Informasjon om verksemda Organisasjonsnr (undereining): Besøksadresse: Bransjenr. (NACE-kode): Eigd av (org.nr): Telefon: E-post: Kontrollert anlegg Namn: Kommune: Løyve sist oppdatert: Anleggsnr: Anleggsaktivitet: Risikoklasse: Saksnr: Bakgrunn for inspeksjonen Denne inspeksjonen inngår i ein nasjonal tilsynsaksjon retta mot deponi og avfallsprodusentar som leverer avfall til deponering. Tilsynsaksjonen skal bidra til at deponia vert drivne på ein slik måte at utsleppa av klimagassar og miljøgifter blir så låge som råd. Hovudfokus i 2010 er kontroll med etterleving av krav til handtering av deponigass og sigevatn. Auka oppsamling av deponigass er det viktigaste klimatiltaket som Klima- og forureiningsdirektoratet har identifisert på avfallsområdet i Klimakur 2020. Tilsynsaksjonen skal også hjelpe til å redusere ulovleg deponering av avfall på deponi ved å følgje opp resultata frå kontrollen i fjor. Regelverk Lov om 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensninger og om avfall (forureiningslova) 7 første leden/andre leden og 29 Forskrift 1. juni 2004 nr. 930 om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta), kapittel 9 om deponering av avfall og kapittel 11 om farleg avfall Forskrift 6. desember 1996 nr. 1127 om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta) 5 Løyve til deponidrift etter forureiningslova, gjeve av Fylkesmannen Informasjon om regelverk og hjelpemiddel finn du på www.klif.no og www.regelhjelp.no Definisjonar Avvik: brot på krav fastsett i eller i medhald av helse-, miljø- og sikkerheitslovgjevinga (for eksempel brot på krav i forureiningslova, produktkontrollova og forskrifter heimla i desse lovene eller krav og vilkår fastsett i løyve og dispensasjonar). Merknad: eit forhold som miljøvernmyndigheitene finn nødvendig å påpeike for å ivareta helse og miljø og som ikkje er omfatta av definisjonen for avvik.
3 Oppfølging etter kontrollen Inga tilbakemelding. Fylkesmannen avdekte ingen avvik merknader innan dei områda som vart kontrollerte. Vi ser derfor oppfølginga etter inspeksjonen som avslutta. Verksemda pliktar snarast å rette opp dei avvika som er omtala i denne rapporten. Vi ber [namn på verksemda] om ei skriftleg tilbakemelding med dokumentasjon innan [dato] på at avvika er retta. [Ved alvorlege avvik legg til dette] Fylkesmannen understrekar at vi ser alvorleg på avvika (eventuelt avvik nr.) som vart avdekte under denne inspeksjonen. Gjennomføring av tiltaka vil/kan derfor bli følgt opp ved ny kontroll. Varsel om tvangsmulkt Dersom Fylkesmannen ikkje innan [dato] har motteke ei tilbakemelding med dokumentasjon på at avvika [eventuelt avvik nr.] er retta, vil Fylkesmannen fatte vedtak om tvangsmulkt, jf. 73 i forureiningslova. Vedtaket vil gå ut på at ei tvangsmulkt skal betalast inn dersom Fylkesmannen ikkje har motteke stadfesting på at avvika (eventuelt avvik nr.) er retta innan [antall] veker etter at vedtaket om tvangsmulkt vart fatta [fristen må setjast slik at det er mogleg å unngå at tvangsmulkt påløper sjølv om den ansvarlege først startar arbeidet med å rette avvika når vedkomande blir kjend med vedtaket om tvangsmulkt]. Ei eventuell tvangsmulkt vil vere på kr 10 000,- første dag og deretter auke med kr 1 000,- per dag [vurder om det skal vere eit løpande gebyr eller eingongssum] til krava/kravet er oppfylt. Verksemda har høve til å kommentere dette varselet. Eventuelle kommentarar må sendast til Fylkesmannen innan 2 veker etter at denne rapporten er motteken, jf 16 i forvaltningslova. Kontrollgebyr Verksemda skal betale gebyr for kontrollen, jf. forskrift om begrensning av forurensning (forureiningsforskrifta) 39-6 om gebyr for kontrollar som varer inntil ein dag i verksemder med utsleppsløyve. Verksemda er i løyvet plassert i risikoklasse (tidligare kalla kontrollklasse) [nummer]. (Ev.: Verksemda er ikkje plassert i risikoklasse i løyvet og skal derfor betale gebyr som risikoklasse 4.) Dette betyr at verksemda skal betale kr [beløp] i gebyr for den gjennomførte inspeksjonen. Faktura med innbetalingsblankett vil bli ettersendt.
4 Avvik Det vart påvist følgjande avvik under kontrollen frå Fylkesmannen: Avvik: 1: Den driftsansvarlege har deponert avfall i strid med avfallsforskrifta eller løyvet Avvik frå: Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta) og/eller løyve etter forureiningslova a) Den driftsansvarlege har deponert avfall som deponiet ikkje har høve til å deponere i samsvar med avfallsforskrifta 9-4, 9-6 og/eller 9-11, jf. vedlegg II pkt. 2. b) Den driftsansvarlege har deponert avfall som deponiet ikkje har løyve til å deponere i samsvar med vilkår gjeve i løyvet datert c) Den driftsansvarlege har deponert avfall saman som ikkje er lovleg å deponere i same deponicelle i samsvar med avfallsforskrifta 9-1, jf. vedlegg II pkt. 2.3. d) Anna (kva):
5 Avvik: 2: Den driftsansvarlige overheld ikkje krava som gjeld for mottak av avfall Avvik frå: Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta) 9-11, jf. vedlegg II og forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta) a) Den driftsansvarlege har ikkje etablert tilfredsstillande rutinar for å sikre at avfall som blir teke imot for deponering oppfyller relevante krav i avfallsforskrifta 9-4, 9-6 og 9-11, jf. vedlegg II pkt. 2 og løyvet for deponiet (internkontrollforskrifta 5 nr. 7). b) Den driftsansvarlege syter ikkje for at avfallet blir inspisert visuelt før og etter lossing (avfallsforskrifta 9-11, jf. vedlegg II pkt 1.4). c) Den driftsansvarlege syter for at avfallet blir inspisert visuelt før og etter lossing, men inspeksjonen er mangelfull (avfallsforskrifta 9-11, jf. vedlegg II pkt 1.4). d) Den driftsansvarlege deponerer avfall som har mangelfull/manglande dokumentasjon på basiskarakterisering (avfallsforskrifta 9-11, jf. vedlegg II pkt 1.4). e) Den driftsansvarlege varslar ikkje forureiningsmyndigheita ved avvising av avfallslast (avfallsforskrifta 9-11, jf. vedlegg II pkt 1.4). f) Den driftsansvarlege har inga/mangelfull journalføring av stikkprøvar (avfallsforskrifta 9-11, jf. vedlegg II pkt 1.4). g) Anna (kva):
6 Avvik: 3: Den driftsansvarlege overheld ikkje krava som gjeld registrering og dokumentasjon av avfall Avvik frå: Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta) 9-11, jf. vedlegg II og 9-12 a) Den driftsansvarlege fører ikkje register over deponert avfall ( 9-12). b) Registreringa av deponert avfall er mangelfull ( 9-12). c) Den driftsansvarlege oppbevarer ikkje eitt eksemplar av samandraget av basiskarakteriseringa ( 9-11, jf. vedlegg II punkt 1.2). d) Anna (kva):
7 Avvik: 4 Den driftsansvarlege overheld ikkje krava som gjeld prøvetaking og testing av avfall Avvik frå: Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta) 9-11, jf. vedlegg II a) Stikkprøvekontrollen ved mottak er mangelfull/manglar ( 9-11, jf. vedlegg II pkt 1.4). b) Dersom den driftsansvarlege overlet prøvetaking og testing til andre: Prøvetaking og testing blir ikkje utført av uavhengig og kvalifisert personell ( 9-11, jf. vedlegg II pkt 3). c) Dersom den driftsansvarlege sjølv gjennomfører prøvetaking: Prøvetakingsrutinar er ikkje kvalitetssikra av uavhengig og kompetent institusjon ( 9-11, jf. vedlegg II pkt 3). d) Dersom den driftsansvarlege sjølv gjennomfører testing: Testing av avfallet skjer ikkje under eit kvalitetssikringssystem som omfattar periodisk, uavhengig kontroll, f.eks. gjennom akkreditering eller system av liknande kvalitet ( 9-11, jf. vedlegg II pkt 3). e) Prøvetaking og testing blir ikkje utført ikke i samsvar med gjeldande standardar ( 9-11, jf. vedlegg II pkt 3). f) Prøvetakingsstrategi manglar ( 9-11, jf. vedlegg II pkt 3). g) Prøvetakingsstrategien sikrar ikkje representative prøvar eller er mangelfull på andre måtar ( 9-11, jf. vedlegg II, pkt 3) h) Anna (kva):
8 Avvik 5: Krava som gjeld gasskontroll er ikkje oppfylte Avvik frå: Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta) og løyve til deponiet etter forureiningslova a) Den driftsansvarlege har ikkje gjort tiltak for å ha god nok kontroll med opphoping og utleking av deponigass (utsleppsløyvet, vilkår xx). b) Dersom ikkje gassanlegg: Den driftsansvarlege har ikkje sytt for utgreiing av gasspotensialet og om det er mogleg å samle opp og behandle deponigassen (utsleppsløyvet, vilkår xx). c) Dersom gassanlegg: Den driftsansvarlege har ikkje sytt for å vurdere effekten av eksisterande system for oppsamling og behandling av deponigassen og behov for tiltak (utsleppsløyvet, vilkår xx). d) Dersom gassanlegg: Den driftsansvarlege har ikkje gode nok rutinar for tilsyn med og vedlikehald av gassanlegg (utsleppsløyvet, vilkår xx samanhalde med internkontrollforskrifta 5 nr. 7). g) Anna (kva):
9 Avvik 6: Deponiet overheld ikkje krava som gjeld sigevasshandtering Avvik frå: Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta) og løyve til deponietav <dato> etter forureiningslova a) Deponiet har ikkje eit godt nok system for oppsamling av sigevatn (utsleppsløyvet, vilkår xx). b) Overvakingsprogrammet for sigevatn er mangelfullt (utsleppsløyvet, vilkår xx). c) Den driftsansvarlege har ikkje tilstrekkeleg tilsyn og vedlikehald med sigevassystemet (utsleppsløyvet, vilkår xx samanhalde med internkontrollforskrifta 5 nr. 7). d) Dersom krav om utgreiing av renseløysing: Den driftsansvarlege har ikkje sytt for å utgreie mogleg reinseløysing for oppsamla sigevatn (utsleppsløyvet, vilkår xx). e) Dersom lokalt reinseanlegg: Deponiet overheld ikkje krava til reinseeffekt eller utsleppskvalitet etter reinsing (utsleppsløyvet, vilkår xx). f) Anna (kva):
10 Avvik 7: Andre Grunnlag for avvika er avkryssa nedanfor: A) Avvik frå: Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta) kap. 9 om deponering av avfall B) Avvik frå: Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta)
11 Merknader Merknad 1: Andre kommentarar/utdjupingar: