Velkomen som konfirmant Velkomen som konfirmant i kyrkjelydane våre. Velkomen til eit år litt utanom det vanlege. Anten du trur, tvilar eller berre er nyfiken, er du velkomen til konfirmasjon i kyrkja. Vi ynskjer å gje deg eit år der du kan få kunnskap. Du skal få lære meir om kyrkja, trua, deg sjølv og livet. Du får høve til å utforske nokre av dei mange spørsmåla i livet saman med andre. Vi snakkar om livet på godt og vondt. Det er òg eit år der du vil få mange opplevingar og nye erfaringar. Vi ynskjer at du skal få erfare kva det er å vere kristen, og å vere ein del av kyrkjelyden. Vi er glade for at vi får lov å vere saman med deg dette året. Helsing dei frivillige og tilsette i Førde, Holsen og Haukedalen kyrkjelydar. Førde kyrkje Haukedalen kyrkje Holsen kyrkje 2
Felles for alle konfirmantgruppene All undervisning skjer etter skuletid. Noko skjer rett etter skuletid, medan noko skjer seinare på kvelden og/eller helg. All undervisning er obligatorisk. Konfirmantane føl ikkje lenger skuleklassane i konfirmantundervisninga, men vel konfirmantgruppe ut i frå interesse. Konfirmantundervisninga vil skje i konfirmantgruppa. Ein vil framleis bli konfirmert klassevis (Skuleklasse). 26. eller 27. AUGUST Konfirmantåret «sparkast i gong» på kyrkjetunet anten fredagen eller laurdagen. Her vert det undervisning og eit varmt måltid mat. GUDSTENESTER Alle konfirmantane skal gå på 10 gudstenester i løpet av konfirmasjonstida. Du får ei kyrkjedagbok som du noterer i under gudstenesta. Du kan gå på gudsteneste i kyrkja kvar som helst i landet. Hugs å få stempel frå klokkar/prest, og ta godt vare på boka di. PRESENTASJONSGUDSTENESTE 28. AUGUST (Holsen 11. sept. Haukedalen 21.august) Alle konfirmantane vert presenterte for sin kyrkjelyd på gudsteneste. I Førde er det sundagen den første konfirmanthelga. Denne gudstenesta er obligatorisk for alle! Klokka 11.00 Gudsteneste for alle konfirmantar frå Halbrend skule Klokka 13.00 Gudsteneste for alle konfirmantar frå Førde ungdomsskule. Holsen kyrkje sundag 11.september kl 11.00 Haukedalen kyrkje sundag 21. august. kl 11.00 NESHOLMEN 17. eller 18. SEPTEMBER Vi deler konfirmantkullet i to og reiser til Nesholmen leirstad i Hyen. Der er vi saman ein heil dag og har aktivitetar inne og ute. NB! Merk at dette IKKJE er den same turen som Hausttreff! Denne turen (september) skal alle konfirmantane vere med på. 3
NATTCUP 28. OKTOBER Nattcupen i Førdehuset er ein årleg happening for konfirmantane i Sunnfjord, som har fått lange og gode tradisjonar. Arrangementet er bygd opp rundt ein fotballcup, men det skjer mykje meir: bading, kino, konsert, gudsteneste, heiagjeng, playstation, mm. LYSMESSE 4. DESEMBER Dette er ei stemningsfull gudsteneste der konfirmantane deltek, og der foreldre, fadrar og familie er med. Denne gudstenesta er obligatorisk for alle! Førde 4. desember kl 19.00 Holsen 4. desember kl 11.00 adventsgudsteneste Haukedalen 4.desember kl 14.00 TEMAGUDSTENESTE 8. MARS kl 18:00 Dette er ei gudsteneste der Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon står i fokus, og konfirmantane inviterer foreldre, fadrar og andre til å vere med for å få ein smakebit på kva vi har vore gjennom i konfirmantåret. Denne gudstenesta er obligatorisk for alle Førdekonfirmantane! HELGESAMLING 31. mars eller 1. april Konfirmantane møter på kyrkjetunet anten fredagen eller laurdagen. Her vert det undervisning og eit varmt måltid mat. FASTEAKSJONEN TIL KIRKENS NØDHJELP 4. april Kvart år samlar konfirmantane inn pengar til ulike prosjekt i Kirkens Nødhjelp. I 2016 samla konfirmantane i Førde kommune inn 109.516,50 kr,- Dette er ein dag der både konfirmanten og foreldra er med, så sett av dagen tidleg! 4
TENESTEOPPGÅVER Gjennom å delta i ei tenesteoppgåve vil konfirmantane sjølv erfare at dei er en del av kyrkjelyden. Difor skal alle konfirmantane delta på ei tenesteoppgåve i løpet av konfirmantåret. Tenesteoppgåva vil vere uavhengig av konfirmantgruppa. Konfirmanten må sette opp to val, og vil få oppgåve og dato ut frå valet så langt det er mogleg. Diakoni og musikk-gruppene vil ha ei kort samling før oppgåva. A) GUDSTENESTE Ei av tenesteoppgåvene vil vere å delta på ei gudsteneste (Du får sjølvsagt stempel på den )Du må møte før gudstenesta startar og vere med på førebuingane, du vil få oppgåver undervegs (det kan vere å gå i evangelieprosesjon, tenne lys i lysgloben, lese tekst, samle inn takkoffer etc), og du vil vere med på oppryddinga i etterkant av gudstenesta. B) DIAKONI Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Med denne tenesteoppgåva kan du vere med å gjere noko for andre. Du kan vere med på ei KIA-samling på bedehuset (Kristent Interkulturelt Arbeid), eller hjelpe til på kaffistova på helsetunet. C) MILJØ Førde kyrkjelyd er «grøn kyrkjelyd». Det vil seie at vi er oppteken av miljøet vårt. Denne tenesteoppgåva vil ha ei samling med fokus på miljøet og rettferdig handel. D) MUSIKK Om du speler eit instrument, eller likar å synge, kan di tenesteoppgåve vere å spele på ei gudsteneste eller vere forsongar på gudsteneste. 5
KONFIRMANTGRUPPER Det er viktig at ein vel konfirmantgruppe ut i frå interesse, då vil ein få best utbytte av året. Men på dei fleste gruppene er det eit max tal konfirmantar. Det vil seie at ikkje alle konfirmantane kan få fyrste valet sitt. I påmeldinga må du difor setje opp tre ynskje i prioritert rekkefølgje, så skal alle konfirmantane få eit av sine tre val. Om nokon treng økonomisk støtte, bed vi dykk om å nemne det på innskrivingssamtalen i juni, evt ta kontakt med kyrkjekontoret. A: Kreativ konfirmant Desse konfirmantane vil i tillegg til dei samlingane som er felles for alle konfirmantane ha 9 samlingar tysdagar kl 15:00 på kyrkjetunet. Dei vil ha konfirmantundervisning knytt opp mot ulike kreative aktivitetar. Eksempel kan vere: blomsterbinding, foto, strikking etc. Konfirmantane vil få enkel mat på samlingane. Pris: 1290,- dekker: Mat på samlingane, tur til Nesholmen i september, nattcup, leige av konfirmantkappe og materiell til aktivitetane. 6
B: Friluftkonfirmant Friluftkonfirmantane vil i tillegg til dei samlingane som er felles for alle konfirmantane ha 8 samlingar ute i friluft. Ei av desse samlingane er ein overnattingstur Her er konfirmantundervisninga ute, så hugs kle etter veret. Det vert enkel mat på alle samlingane. Max tal på konfirmantar: 24. Pris: 1290,- dekker mat på samlingane, tur til Nesholmen i september, nattcup, leige av konfirmantkappe og overnatting. 7
C: Konfirmant-Ludus Konfirmantludus vil i tillegg til dei samlingane som er felles for alle konfirmantane ha 9 samlingar i gymsal og i sandhallen. Det vil bli ulike gymsal-aktivitetar og konfirmantundervisning. Vi prøver og å få til ein kanotur. Det vert enkel mat på alle samlingane. Max tal på konfirmantar: 24 Pris: 1290,- dekker mat på samlingane, tur til Nesholmen i september, nattcup, leige av konfirmantkappe og medlemsskap i KFUK-KFUM. D: Deciding konfirmant Dette er ei Ten Sing gruppe for alle mellom 13-19 år, som har samling kvar tysdag kl 19.00-21.30. I Deciding driv ein hovudsakleg med kor og band, men ein tysdag i månaden er det dans, drama, multimedia og teknikk. Deciding har eigne turar og konsertar, og rundt 40 medlemar kvart år. Deciding-konfirmantane har i tillegg til det alle konfirmantane skal vere med på 5 samlingar onsdagar eller torsdagar på kyrkjetunet i løpet av september til påske. Samlingane startar kl 15:00 Alle samlingane inneheld eit enkelt måltid. Pris: 1750,- dekker mat på samlingane, tur til Nesholmen i september, nattcup, leige av konfirmantkappe og medlemsskap i Deciding og KFUK-KFUM. 8
Leirar Leirkonfirmantane har i tillegg til det alle konfirmantane skal vere med på 5 samlingar onsdagar eller torsdagar på kyrkjetunet i løpet av september til påske. Samlingane startar kl 15:00. Alle samlingane inneheld eit enkelt måltid. Prisen dekker: Varm mat på alle samlingar på kyrkjetunet, tur til Nesholmen i september, nattcup, deltakaravgift på leir + reise, og leige av konfirmantkappe E: Hausttreff på Nesholmen 21-23. oktober Dette er ein leir i regi av KFUK-KFUM for 13-19 åringar frå heile fylket. Her er det musikk, kor og band, friluft og aktivitet. Det blir leik, moro og konkurransar både inne og ute heile helga. (NB: Dette er ikkje den same Nesholmenturen som alle konfirmantane skal på) Max tal konfirmantar: 25 Pris: 1940,- F: Vintertreff i Førde 3.-5. februar Dette er en leir i regi av KFUK-KFUM, for 13-19.åringar frå heile fylket. I løpet av helga kan du vere på ulike aktivitetar som til dømes dans, drama, kor, band og ulike idrettsaktivitetar. Det vert også leik, konkurransar, konsertar og gudsteneste. Max tal konfirmantar: 20 Pris: 1840,- 9
G: Skileir til Strandafjellet 17-19. februar (NB! Første helga i vinterferien!) På denne leiren vert det meste av tida brukt i bakkane: alpint, telemark, snowboard, slalåm Max tal konfirmantar: 35 Pris: 2350,- H: SMS- leir på Alværa misjonssenter 10.-12. mars Dette er ein leir i regi av Det Norske Misjonsselskap med valfrie aktivitetar som f.eks: dans, klatring, ballspill, minigolf mm. Her er det deltakarar frå Sogn og Fjordane og Hordaland. Max tal konfirmantar: 25 Pris: 1940,- 10
Foreldre/ Føresette Vi vil ynske dykk velkomne som konfirmantforeldre i kyrkjelydane våre! Som foreldre/ føresette har de ansvar for å: følgje opp konfirmanten gje melding om fråvær. vere med på to foreldreoppgåver i løpet av året Vi ynskjer og at de er med konfirmanten på gudstenester. Foreldremøte 5. eller 6. oktober De vil i haust og vinter få invitasjon til foreldremøte. Her set vi fokus på korleis vi saman kan vere gode støttespelarar for ungdomane dette året. Her får foreldra informasjon om og smakebitar frå konfirmantåret. Det er og ein stad for foreldra til å møte kvarandre og dei tilsette i kyrkja. Onsdag 5.oktober klokka 19.30-21.00 For foreldre med konfirmantar frå Førde ungdomsskule. Torsdag 6.oktober klokka 19.30-21.00 For foreldre med konfirmantar frå Halbrend skule (Det gjeld og konfirmantforeldre frå Holsen og Haukedalen) Foreldremøte torsdag 26. januar klokka 19.30-21.00 Det vert eit felles møte for alle konfirmantforeldra. Dette vert eit temamøte med eit tema som er aktuelt for dykk som er konfirmantforeldre. Meir informasjon kjem når det nærmar seg. 11
Foreldreoppgåver For at vi skal kunne gjennomføre konfirmantåret, er vi avhengige av de foreldre. Difor må de foreldre velje minst to oppgåver som de kan hjelpe til med. Hugs å sette opp tre val, men du får berre to oppgåver. 1) Vere med på konfirmantgruppe For at vi skal kunne gjennomføre konfirmantåret, er vi avhengige av at nokre foreldre kan vere med som leiarar på leirar (heile eller delar av helga). Vi kan og ha behov for foreldre til å vere med på nokre av dei andre konfirmantgruppene. Skriv som merknad i påmeldinga kva gruppe du kan tenke deg å vere med på. 2) Hjelpe til på undervisningsdagane (Helge- og temasamlingar) Mange av samlingane på kyrkjetunet skal ha eit varmt måltid. Til det treng vi foreldre som kan hjelpe til og lage maten, servere og rydde opp i etterkant. Frå ca kl. 14.00-16.30 på kvardagar og frå ca kl 09.30-13:30 på laurdag. 3) Vakt på nattcup Vi treng foreldre til å vere vakt på nattcupen i Førdehuset 28. oktober. Her har vi bruk for nokre foreldre med fyrstehjelp- og livredningskompetanse. Vi treng og nokre foreldre som kan ha eit ekstra ansvar inn mot dei ulike konfirmantgruppene (Dette vil bli ei litt lengre økt enn dei «ordinære» vaktene) Og vi treng foreldre til dei «ordinære» vaktene (Passe inngangane, rydde søppel etc) Skriv i merknadsfeltet om de har livredning/førstehjelp, evt om de vil vere med ei konfirmantgruppe. 4) Tur til Nesholmen 17. og 18. september Vi treng foreldre som kan vere med bussane ut til Nesholmen og hjelpe til med ulike praktiske oppgåver der ute. Om det er nokon som kan køyre buss til Nesholmen ein av desse dagane, er det flott! (Meld frå om det i påmeldinga) 12
5) Køyring til Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon 4. april Vi treng sjåførar til å køyre konfirmantane rundt til dei ulike stadane der dei skal samle inn pengar. 6) Praktisk hjelpar på konfirmasjonsdagen Vi treng foreldre som kan vere med å hjelpe til på kyrkjetunet m.a. med konfirmantkappane(ikkje stryking) på konfirmasjonsdagen ein dag de sjølv ikkje har konfirmant. I tillegg til desse, kjem vi til å spørja dykk i løpet av året til å bake ca 30 bollar anten til turen til Nesholmen i september eller til KNaksjonen i april. På førehand: Takk for hjelpa! 13
Påmelding til konfirmantåret. Vi ynskjer at de melder dykk på til konfirmasjon elektronisk på denne påmeldingssida: https://minkirkeside.no/forde Du finn også link til påmeldingssida, på heimesida vår: www.fordekyrkje.no Dersom de ikkje har høve til å melde dykk på via internett, må de fylle ut vedlagte skjema, og ta det med på innskrivinga i juni. Påmelding steg - for - steg 1. Registrer mobilnummer anten til konfirmant eller konfirmantforelder. Du får då tilsendt ein kode du må bruke for å logge inn og starte registreringa. 2. Trykk på registrer ny konfirmant. 3. Velg sokn (Førde eller Holsen og Haukedalen) 4. Fyll ut skjemaet. Det er viktig at du fyller ut all etterspurt informasjon. Bruk kommentarfelta dersom du har tilleggsinformasjon. 5. Trykk Send inn 6. Du er no påmeldt til konfirmantåret. Du får automatisk tilsendt ein e-post som syner påmeldinga di. Dersom du har problem med påmeldinga, send epost til: else.kvamsaas@fordekyrkje.no 14
Innskriving Det vert eit felles informasjonsmøte for konfirmantar og foreldre/føresette i juni på Førde kyrkjetun. Etter informasjonen vert det ein kort samtale med kvar konfirmant og foreldre/føresette. Om konfirmanten har spesielle behov, er det viktig at vi får informasjon om det i den samtalen. Hugs å ta med avtalen som ligg ved brosjyra ferdig utfylt på innskrivinga. Vi tek og eit bilde av konfirmanten på innskrivinga til internt bruk (Klassekart for konfirmantlæraren) Dersom dag/tid ikkje høver kan de byte til ein annan klasse, evt ringe kyrkjekontoret for å avtale tid om ikkje nokon av datoane passar. Tysdag 31. mai kl 16:30 9A Fusk. Kl 18:00 9B Fusk Onsdag 1. juni kl 16:30 9C Fusk. Kl 18:00 9D Fusk. Torsdag 2. juni kl 16:30 9A Halbrend. Kl 18:00 9B Halbrend. Kl 19:30 9C Halbrend Fotografering på konfirmasjonsdagen Kvart år tek fotograf Reiakvam gruppebilete av konfirmantane i kyrkja. Biletet kostar 200,- Nytt av året er at vi tek inn pengane for biletet i konfirmantavgifta. Hugs difor å krysse av i påmeldinga om de ynskjer å kjøpe biletet. KONFIRMASJONAR 2017 30.april kl 10:00 9A FUSK 30.april kl 12:00 9B FUSK 7. mai kl 10:00 9C FUSK 7. mai kl 12:00 9D FUSK 13. mai kl 10:00 9A Halbrend (NB: Laurdag) 13. mai kl 12:00 9B Halbrend (NB: Laurdag) 21. mai kl 10:00 9C Halbrend Holsen: 14. mai kl 11:00 Haukedalen: 21. mai kl 11:00 15