Opplev eksotiske Cuba 19 dagars rundreise fra aust til vest 12. februar -2. mars 2014



Like dokumenter
Opplev Cuba april 2009 (påska) 15 dagars rundreise frå aust til vest på Cuba.

kulturmix CUBA!!!!!!!!! 27. sept okt 2014

PROGRAM Cuba mars 2016

PROGRAM Cuba 31. mars 12. april 2016

PROGRAM Cuba april 2014

PROGRAM Cuba april 2015

PROGRAM Cuba mars 2020

PROGRAM Cuba mars 2019

Det eksotiske Cuba. Havana, Vinales, Cienfuegos, Trinidad og St. Clara. 29. oktober 10. november 2016

PROGRAMMET DAG FOR DAG

CUBA. revolusjon, sigarer, veteranbiler, folkeliv, musikk og vakre strender. Tidsrom: januar Reiseleder: Jon Espeland

Cuba på sykkel

CUBA / MED HAVANNA, TRINIDAD OG VARADERO 21. FEBRUAR 3. MARS Reiseleder: Trygve Torgersen

Tur til det vakre. DUBROVNIK-området. Ver med oss til ei av dei vakraste perlene i Europa landsbyen. Cavtat i Kroatia

Sommartur til Sverige,

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

LISBOAKYSTEN: VANDRING OG KULTUR

Cuba Bella 12 dagers garantert reise i vakre Cuba

DET EKSOTISKE CUBA En annerledes reise; Havana, Trinidad, Santiago og Baracoa

SINGELTUR - LISBOAKYSTEN

CINQUE TERRE OG LIGURIAS PERLER

CINQUE TERRE OG ANDRE PERLER I LIGURIA

BLI MED JÆRBLADET TIL CUBA

KROATIA SPLIT, TROGIR OG ZADAR MAI 2018

La Bella Italia MATERA CITTA DEI SASSI OG PUGLIA. SLOW TRAVEL, SLOW FOOD OG SLOW LIFE.

Opplev kultur, historie og musikk på CUBA! 16. februar - 1. mars Reiseleder: Thomas H. Brune

Det eksotiske Cuba. Havana, Vinales, Cienfuegos, Trinidad og St. Clara april 2017

La Bella Italia BLI MED TIL MATERA CITTA DEI SASSI OG PUGLIA SLOW TRAVEL, SLOW FOOD, SLOW LIFE

Sorrentos perler Pensjonistforbundet

En samarbeidspartner på vegen året rundt

VANDRETUR CINQUE TERRE

EN SMAKEBIT AV PORTUGAL

CUBA The HEMINGWAY & CHE GUEVARA TOUR

ALGARVE SOL, SJØ & TRADISJON

La Bella Italia MATERA CITTA DEI SASSI OG PUGLIA. SLOW TRAVEL, SLOW FOOD OG SLOW LIFE

SORRENTOS PERLER. Opplev Sorrento-halvøyas vakre perler med oss!

Dubrovnik, Monstar og Herceg Novi

SINGELTUR - KROATIA. Hva gjør at man gang på gang kommer tilbake til Kroatia?

SINGELTUR TIL ROVINJ

Program. Kortversjon av dag for dag program

KULTUR OG SYKKEL I CORDOBA

CINQUE TERRE OG LIGURIAS PERLER

TORREMOLINOS Andalusias solkyst

MANGFOLDIGE BERLIN. Velkommen på tur med ALLER TRAVEL! Bli med oss på en innholdsrik og spennende reise til Berlin!

JULEMARKED I WARSAWA

Vandretur Cinque Terre

SORRENTOS PERLER. Aller Travel, Karvesvingen 1, 0579 Oslo Tlf e post:

FOTTURER OG KULTUR I TOSCANA

SINGELTUR - LISBOAKYSTEN

Kulturmix. 24. mars - 7. april 2010

STUDIETUR TIL CUBA 23. MARS 3. APRIL 2009

Landbruksrelatert studietur til Irland Oktober 2019

TORREMOLINOS Andalusias solkyst

Eksepsjonell Cuba Privatbolig, vakker natur og mange aktiviteter gjør denne 14 dagers rundreise helt unik.

WALES Storbritannias gjemte perle

Dere bor på camps som er bygget og drevet i pakt med naturen og de lokale masaiene i Kenya.

NLF ønsker velkommen til Mid-America Trucking Show i Louisville, Kentucky, kombinert med solfylte dager i Florida

GARDASJØEN I PÅSKEN 25.MARS 1. APRIL 2018

Malecón Travel! Den Mest Autentiske Cubanske Aktøren i Norge!

Senior Reiser «Allsang på grensen»

SJARMERENDE GDANSK MED ANDREA BOCELLI

ROMANTISKE GARDASJØEN

SINGELTUR ROMA. Dette er en godt planlagt tur hvor vi på kort tid får med oss alle storhetene i selveste Roma!

Dag 1, fredag 20. april 2007

Cuba. Cubansk cocktail velg mellom dans, språk eller foto. 29.juni juli og november 2013

Dublin juli 2018

Sykkel og vandring på Mallorca i påsken 2-9 April 2015

HVITE SKATTER I SØR-SPANIA

Sykkelferie i Cuba. Sykkelturer i Karibiens perle Cuba. Aktiv Opplevelsesreise med

EN SMAKEBIT AV PORTUGAL

ROMANTISKE NORD-ITALIA

13 DAGER RUNDREISE KROATIA MONTENEGRO ALBANIA - BOSNIA. 13. oktober 25. oktober pax PROGRAM

Spania 13. april dager «I Kristina Håkonsdatters fotspor»

SINGELTUR - KROATIA. Velkommen på tur med VIOVER60! Hva gjør at man gang på gang kommer tilbake til Kroatia?

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

FOTTURER OG KULTUR I TOSCANA

CUBA / MED HAVANNA, TRINIDAD OG VARADERO FEBRUAR Reiseleder: Trygve Torgersen

Fantastisk safari og badeferie i Kenya og Zanzibar

Øl, vin og matopplevelser i Tyskland

OPERA I ZAGREB & LJUBLJANA

Temareiser inviterer STASEN TIL CUBA NOVEMBER 2016

TUR TIL DOLOMITTENE I SYD-TYROL! Fra tirsdag 20.juni til tirsdag 27.juni dager

VANDRINGER PÅ MALLORCA

Forsvarets Seniorforbund Oslo Gardasjøen

SINGELTUR TIL SARVAR

LETTE VANDRINGER PÅ GRAN CANARIA

MADRID INTENST OG LEVENDE

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Gdansk julemarked

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

BLI MED PÅ TUR TIL PORTUGAL.

EDINBURGH SKOTTLANDS HJERTE

BAD GASTEIN VANDRING I ALPENE

SINGELTUR VANDRING I DOLOMITTENE

Vanskelighetsgrad Hotel komfort

Kunstskatter i Toledo og Madrid

FLOTTE VANDRETURER I DOLOMITTENE

SORRENTOS PERLER. Velkommen på tur med VIOVER60! Opplev Sorrento-halvøyas vakre perler med oss! Bli med oss på dette eventyret fra antikken!

Dresden kulturskattenes by ved Elbe

Transkript:

Opplev eksotiske Cuba 19 dagars rundreise fra aust til vest 12. februar -2. mars 2014 To unge menn, Fidél Castro (32) og Ernesto Guevara («Che») (30), skreiv verdshistorie då dei tok makta på Cuba 1. januar 1959 og dreiv dåverande diktator Batista på flukt. Sidan har den vesle kommuniststaten irritert storebror USA i nord berre 170 km unna, men også vakt begeistring og entusiasme hos mange med sitt velfungerande skule- og helsevesen. Men Cuba slit med handelsblokade og isolasjon og framleis er Cuba ei reise tilbake til 50-talet. Gamle amerikanske bilar (etterkvart veteranbilar), eksklusive sigarar, gatemusikantar, enorme sukkermarker og innbydande strender er noko av varemerket til Cuba. Men Cuba er svært mykje meir du er med dette invitert til ei eksotisk reise der du vil oppleve eit annleis land og eit Cuba som vil by på mange overraskingar! Program frå dag til dag: Dag 1 - onsdag 12. februar: (måltid på flyet) Avreise frå Gardermoen til Amsterdam med KLM kl. 06.25 (KL 1240 06.25 08.25). Etter mellomlanding i Amsterdam, reiser vi vidare til Havana kl. 10.45 (KL 723 10.45 16.35) Ankomst til Havanna kl 16.35 (lokal tid). Passkontroll, bagasjeutlevering og transport til Hotel Plaza som ligg midt i Gamlebyen i Havanna. Vi sjekkar inn på hotellet og får ein første smak av eksotiske Cuba. Dag 2 - torsdag 13. februar: (frukost - lunsj) I dag vaknar vi til vårt første møte med eksotiske Cuba, og det er tid for å utforske hovudstaden Havanna. Etter frukost på takterrassen skal vi starte med Gamlebyen i Havanna som står på UNESCO si verneliste. Her vandrar vi gjennom fascinerande gater og plassar, og vitjar det kjende Revolusjons-muséet der vi får eit godt innblikk i Fidel Castro og Che Guevara sin imponerande innsats for å felle det sittande Batista-regimet på slutten av 1950-tallet. Muséet held hus i regjeringspalasset, sjølve hjartet til det gamle regimet og her ligg også båten Granma som dei tok seg til Cuba med frå Mexico for å sette i gang angrepet mot Batista. La Habana Vieja (Gamle Havanna) med sine flotte bygningar og sjarmerande gater, ber preg av gamal stordom. Med utanlandsk hjelp er byen under renovering etter merkbart forfall dei siste 50 år. Dagens lunsj vert på forfattaren Ernest Hemingway sin stamkafé Bodeguita del Medio, atmosfæren her er intim og eksotisk. Vi stikk også innom dei andre av Hemingway sine favorittstader, Hotel Ambos Mundos og baren El Floridita der vi får servert ein cocktail. Vi held fram vandringa og besøker rom museet Museo Havana Club der vi får innblikk i produksjonen av rom. Sukker er det viktigaste landbruksproduktet på Cuba, og «Havana Club» er den mest kjende rom en produsert frå sukkerrøyr. Etterpå går vi innom marknadsplassen nede ved hamna der dei sel cubansk kunsthandverk. Om ettermiddagen er vi tilbake på hotellet som ligg sentralt i gamlebyen og er eit glimrande utgangspunkt for bytur på eiga hand eller saman med reiseleiar.

Dag 3 - fredag 14. februar: (frukost - lunsj) I dag skal vi ha by-vandring i Havanna og først går turen til Morro Cabana, det store festningsanlegget med flott utsikt mot Gamlebyen. Turen går vidare til den nye delen av Havanna der vi besøker Revolusjonsplassen. Her ligg det storslagne monumentet over frigjeringshelten José Marti som leia frigjeringa frå Spania på slutten av 1800-tallet. Han er heidra overalt på Cuba og i nesten kvar einaste by eller landsby finst ei statue av han. På revolusjonsplassen finn vi også det berømte veggmaleriet av Che Guevara og bygninga der Fidel og broren Raul Castro har sine kontor. I løpet av dagen skal vi også innom Hotel Nacional som var sjølve varemerket på Cuba før revolusjonen, og Capitolio Nacional, den ærverdige gamle kongressbygninga som Castro ikkje ville bruke, og som no er museum. I løpet av dagen har vi lunsj på El Aljibe. Dag 4 - laurdag 15. februar: (frukost - lunsj) I dag skal vi fortsette turen med å gå i fotefara til forfattaren Ernest Hemingway, Først går turen til Hemingsways hus - huset der han budde frå 1939 til 1960, som er gjort om til museum. Han donerte heile eigedomen til det cubanske folket og i dag kan vi oppleve sjarmen og atmosfæra i det som var heimen hans gjennom meir enn 20 år. I hagen kan vi sjå yacht en hans, El Pilar. Turen går vidare til den vesle fiskelandsbyen, Cojimar, der Hemingway hadde båten sin liggande og hadde mange av sine venner. Her skal vi ha lunsj på Las Terrazas de Cojimar. Etter lunsj kan du velge om du vil bli transportert tilbake til hotellet, eller om du vil bli satt av på dei krittkvite strendene Austlege strender og bruke ettermiddagen til sol og bad. Om du velg strandalternativet blir det transport tilbake til hotellet på eiga hand. Om kvelden har du fri med høve til å bli betre kjend med Cuba sitt rike musikk-, kultur- og folkeliv. Du kan vandre rundt og ånde inn den eksotiske atmosfæren i bybildet, ta ein kopp cubansk kaffi eller ein ekte Cubano (sigar) på ein av dei talrike restaurantane. Reiseleiar vil leggje til rette for felles middag eller musikkopplevingar for dei som ynskjer det. Dag 5 - søndag 16. februar: (frukost) Etter ein rolig frukost på takterrassa, har du heile dagen til disposisjon i Havanna for opplevingar i Gamlebyen. Det er bildemotiv overalt, og mange hyggelige kafear og restaurantar å slå seg ned på. Hotellet ligg svært sentralt til om du treng ei pause frå sterke opplevingar! Dag 6 - mandag 17. februar: (frukost lunsj) I dag skal vi ut av Havanna og med fly austover til Cuba sin nest største by, Santiago de Cuba. Utsjekk frå hotellet og transport til flyplassen for avreise med fly Santiago de Cuba. Byen vart grunnlagt i 1514 av Diego Velázquez og vart hovudstad året etter. Santiage de Cuba var hovudstad i nesten 100 år, før Havanna tok over i 1607. På grunn av godt klima og intensivt jordbruk, var Santiago eit viktig senter for slavehandel og har i dag ein stor andel svart befolkning. Med si historie og store innslag av afrikansk kultur, er Santiago meir karibisk enn resten av landet. Ikkje minst gir dette seg utslag i musikklivet som har gjort Santiago til Cuba sin musikkhovudstad. Vel framme i Santiago de Cuba skal vi besøke Castillo del Moro, som ligg ved innløpet til bukta der Santiago ligg med fjella som bakteppe. Dette er det best bevarte spanske fort i heile Latin-Amerika. Fortet er frå 1600-tallet og var eit viktig forsvarsverk mot dei mange sjørøvarar og piratar som herja i Karibien i middelalderen. Her får vi nyte den vakre utsikta mot byen og fjella frå orkesterplass, og i fjorden nedanfor ligg pittoreske landsbyar på øyene La Socapa og Cayo Granma. Vi dreg til den sistnevnte og inntek ein velsmakande lunsj på restaurant El Cayo. Vel tilbake i sentrum besøker vi Gravplassen Santiago de Cuba og Revolusjonsplassen, før vi sjekkar inn på hotellet vårt, Hotel Casagranda. Det er mulig med ein velfortent kvil, før det blir fritid til å oppleve det gode liv i Santiago sentrum med deilig mat og herlig musikk!

Dag 7 - tirsdag 18. februar: (frukost - lunsj) Etter ein rolig morgen og god frukost skal vi ha byvandring og lunsj i Gamlebyen i Santiago de Cuba. Under vandringa skal vi besøke Diego Velazquez huset, Moncada Garrison, el Museo del Carnaval og Museo de Historia de Cuba. I løpet av dagen vil vi også besøke ein produksjonsstad for Cuba sin eksportartikkel nummer ein sigar. Under vandringa har vi stopp for lunsj på restaurant Zun Zun. Ettermiddagen og kvelden er sett av til fritid. Reiseleiar vil gi tilbod om ein felles tur til Casa de la Trova, Cubas sitt kanskje mest berømte musikk-hus med levande musikk og djupe røter i karibisk og afrokubansk kultur. Dag 8 - onsdag 19. februar: (frukost lunsj - middag) I dag reiser vi ut av byen og til kysten for bad, sol og avslapping. Ca 13 km sør for byen finn vi flotte strender og ubetalelig badevatn, krystalklart og lunkent! Vi sjekkar inn på eit badehotell og får tilgang til hotellet sine fasilitetar strender, handkle, mat og drikke - og bruker dagen her før vi reiser tilbake for å nyte kvelden i karibiske Santiago de Cuba. Dag 9 - torsdag 20. februar: (frukost middag med show) Fridag i Santiago der du på eigahand kan rusle rundt og ta for deg av alt byen har å tilby av musikk, kaféliv og opplevingar. Om kvelden inviterer vi til Cabaret Tropicana, eit fantastisk cabarét-program med inkludert middag og litt å drikke. Dag 10 - fredag 21. februar: (frukost - lunsj) Etter frukost set vi kursen mot vest og flyttar oss tilbake mot dei sentrale deler av Cuba. På turen får vi sjå variert cubanske landskap, og folkeliv langs vegen og i byar og landsbyar vi køyrer gjennom. Dagens etappe går til Camaguey Undervegs har vi stopp for lunsj på Tunas La Bodeguita, før vi held fram reisa mot Camaguey. Vel framme, har vi byvandring i Camaguey før vi sjekkar inn på hotellet vårt Hotel Camaguey. Dag 11 - laurdag 22. februar: (frukost lunsj - middag) Etter frukost held vi fram reisa mot vest. Dagens mål er Trinidad, og undervegs har vi pause med lunsj på Restaurant La Granjita, før reisa går vidare mot Trinidad. Vi sjekkar inn på strandhotellet Hotel Brisas Trinidad del Mar som ligg rett ved stranda. Her er det prinsippet alt inkludert i dei neste dagane. Dag 12 - søndag 23. februar: (frukost - lunsj - middag) Trinidad er ein av dei eldste og best bevarte byane på Cuba. Denne byen står også på UNESCO si liste over verdens kulturarv. Trinidad var i tidlegare tider prega av stor velstand på grunn av sukkerproduksjon, direkte eksport og lite kontroll (skatt) frå sentralmyndigheitene. Sukkerproduksjonen er drastisk redusert og ikkje lenger det kvite gull og byen har mista den viktige posisjonen sukkeret ga. Byen er vakker og syder av atmosfære og musikk. Vårt hotell ligg heilt ved kysten og har kombinasjonen by og strand. Det er kort veg til byen, dei vakre gatene og musikken. Etter frukost reiser vi til byen for å ha byvandring i vakre Trinidad. Under vandringa skal vi besøke Romantisk museum og Chanchanchara der dei byr på drikke. Vi er tilbake til hotellet til lunsj og kan nyte ettermiddagen ved stranda for bading, soling eller vandring langs kvite strender. Dag 13 - mandag 24. februar: (frukost - lunsj - middag) Etter frukost skal vi vitje «Valle de los Ingenios» som tyder Sukkermølledalen. Her ligg det gamle slavegodset Manaca Iznaga. Sjølve dalen er svært fruktbar, og hundrevis av slavar levde heile liva sine her på farmane til det kvite herrefolket. Frå eit høgt klokketårn skoda slaveeigaren ut over markene sine, og ringte i klokka når arbeidsdagen byrja og slutta. Det var slavane som la grunnlaget for den kvite manns rikdom på Cuba. Vi er tilbake på hotellet til lunsj, og ettermiddagen er fri til å bade på den vakre stranda, eller slappe av ved bassenget. For dei som har lyst, er det berre nokre få km med taxi inn til sentrum for handel på marknaden eller for å nyte folkelivet.

Dag 14 - tirsdag 25. februar: (frukost lunsj - middag) Fridag i Trinidad som du kan bruke ved stranda til sol, bad og tur langs sjøkanten på den lange finkorna stranda, eller du kan ta ein bytur til Trinidad og snuse inn musikk og kultur. Dagen er din! Dag 15 - onsdag 26. februar: (frukost lunsj - middag) Nok ein skjønn dag i Trinidad. Du kan nyte føremiddagen til ein by-tur eller ved den vakre stranda ved hotellet. Klokka 16.00 skal vi gå til havna der vi skal ha katamaran-tur i solnedgang med god drikke og ugløymeleg solnedgang i havet. Det er mulig å bade i havet eller du kan nyte kveldinga på dekk. Etter solnedgang reiser vi tilbake til hotellet for middag. Dag 16 - torsdag 27. februar: (frukost lunsj) Etter morgenbad og sein frukost, set vi kursen sørover mot byen Cienfuegos. Byen var tidligare ein av dei viktigaste industrisentra på Cuba, men etter innføringa av «spesialperioden» i 1989, er mange av fabrikkane stengt. Hovudgata er prega av fordoms rikdom, men dagens boulevard (gågata) er overraskande godt haldt vedlike. Byen har ei god hamn og har vore sentral i produksjon og eksport av sukker gjennom fleire generasjonar. Totalt var det 156 sukkerfabrikkar på Cuba som på slutten av 1800-tallet var verda sin største sukkerprodusent. I dag er det berre litt over 40 fabrikkar igjen. Vi skal ha byvandring og spise lunsj på Palacio del valle i Cienfuegos. Restauranten vitnar om Cuba sin fornemme fortid og byr både på god mat og fantastisk utsikt over hamna. På ettermiddagen sjekkar vi inn på hotellet vårt Hotel Jagua. Dag 17 - fredag 28. februar: (frukost) I dag skal vi oppleve legendariske Sta. Clara. Sta. Clara er revolusjonshelten Che Guevara sin by. Han tronar på ein kjempestatue som kan sjåast langt borte frå, og under føtene ligg hans jordiske restar i eit vakkert anlagt gravkammer. På området er det også eit interessant museum over revolusjonshelten sitt liv og virke. Her fylgjer vi livshistoria til «Che» heilt frå han i unge år som fersk lege utvandra frå Argentina, via revolusjonen på Cuba, til han i 1967 vart skoten av ein CIA-agent under forsøk på å organisere ein væpna revolusjon i Bolivia. Vi skal også sjå det såkalla «Tren blindado», eit pansra tog med troppetransportar som president Batista i desember 1958, sendte for å kjempe mot Fidel Castro og Che Guevara. Che Guevara tok kontroll over toget og dette vart avgjerande for revolusjonen sin endelege siger. På ettermiddagen reiser vi tilbake til Cienfuegos for siste kveld og natt på Cuba. Dag 18 - laurdag 1. mars: (frukost - lunsj og måltid på flya) Da er det siste dag på Cuba. Vi forlet Cinfuegos og køyrer mot vest til Grisebukta der USA under president Kennedy 14. april 1961, mislukkast med sitt berømte invasjonsforsøk. I Playa Girón vann Cuba ein knusande siger over amerikanarane. Å vere her, er å trø på historisk grunn! Vidare går turen til våtmarksområdet Guamá. Her lever ein eigen krokodille-art som du berre finn på Cuba og som vi tek ein stopp og kikar på i eit vakkert parkanlegg. Vi tek også ein båttur til ei lita øy i ein lokal innsjø der det er laga ein urbefolknings-park til minne om Taíno-folket som vart utrydda av spanske conquistadorar. Lunsj på La Boca de Guama, før turen går turen vidare langs hovudvegen Autopista Nacional tilbake til Havanna og til flyplassen der vi sjekkar inn for heimreise. Flyet vårt lettar med kurs for Europa kl 18.30 (KL 724 18.30 09.00 (2.mars)). Dag 19 søndag 2. mars (måltid på flya) Vi landar i Amsterdam kl 09.00, og reiser vidare til Oslo kl. 14.35 (KL 1147 14.35 16.25) og landar på Gardermoen kl 16.25.

Pris for turen pr. person i dobbeltrom: NOK 24.400,- Alt dette er inkludert: flyreise t/r Gardermoen - Havanna med KLM 18 netter på gode hotell måltid tatt med i programmet transport og inngangsbillettar ifølge programmet engelsk-talande lokal guide norsk reiseleiar frå Møre Folkehøgskule Prisen inkluderer ikkje: Enkeltromstillegg NOK 2.800,- flyskattar og oljetillegg, for tida ca NOK 3.000,- utreiseskatt frå Cuba (flyplassavgift i lokal valuta), ca NOK 150,- visum til Cuba (ca NOK 350,-) tips til romservice, på restaurantar og anna småtipsing tips til guide og sjåfør Atterhald: Det vert tatt atterhald om prisendringar som fylgje av endra valutakurs, fly- og transporttariffar i tillegg til uforutsette skattar og avgifter som vi sjølv ikkje rår over. Det vert og tatt atterhald om byte til tilsvarande hotell ved evt. problem med overbooking. Vi ønskjer velkommen til flotte dagar på Cuba og ønsker god tur!