SAMNANGER KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Utval: Valstyret Møtedato: 09.09.2013 Møtetid: 13:00-14:00 Andre del av møtet tok til ca kl. 21.30 og vart avslutta ca kl 23.30. Møtestad: Kommunehuset Av 7 medlemmer møtte 6, inkludert varamedlemmer. Desse medlemene møtte ikkje: Roy Vegar Hope (H) Ragnfrid Aadland Olsnes (Bl) I staden møtte: Eva Hellevang (H) Ingen På andre del av møtet deltok: Marit A. Aase (Krf) Brigt Olav Gåsdal (Ap) Birthe Skar Moum (Ap) Eva Hellevang (H) Gunnar Bruvik (Frp) Fekk permisjon frå møtet ca kl. 22.00 Andre som var til stades på møtet: Politisk sekretær Magda Haugen (på delar av møtet) Stabssjef Jan Erik Boge (på delar av møtet) IKT-konsulent Kyrre Brekke (på delar av møtet) Sekretær Marianne Soleng (på delar av møtet) Orienteringar/meldingar: Marit A.Aase orienterte om at det er fleire førehandsrøyster i år enn ved dei førre vala. Det har i alt kome inn 353 førehandsrøyster i år. Marit A. Aase orienterte om e-post frå departementet med presisering om prøving av førehandsrøyster. Det viser seg at i Samnanger er ingen av førehandsrøystene i konvolutt blitt endeleg elektronisk godkjende i manntalet. Dette gjeld i alt 92 røyster. Valstyret vart samde om at prøvinga av desse røystene skal gjerast etter kl. 21.00 den 09.09.2013, når valtinget er stengt. Valstyret tok administrativt vedtak nr 156/13
Utvalet sitt kvarter: Dokument utlevert i møtet: om å føra Rune Drevsjø inn i manntalet til orientering. Brigt Olav Gåsdal orienterte om at han hadde fått reaksjonar på at førehandsrøystelokalet på kommunehuset har vore lukka i dei tilsette sin spisepause. Marit Aksnes Aase orienterte om at ho vil ta denne tilbakemeldinga med seg i evalueringa etter valet. Magda Haugen delte ut logg med informasjon om at det ved gjennomgang av førehandsrøyster i konvolutt vart oppdaga 2 feil. Sjå dokument nr. 4655/2013 i Websak. Evt. merknader til protokollen må sendast Samnanger kommune innan 3 dagar. Tysse, 26.09.2013
Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 007/13 13/488 Faste saker 008/13 12/244 Stortings- og sametingsvalet 2013 - oppteljing av førehandsrøyster
SAKNR. 007/13 FASTE SAKER Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Møteinnkallinga og saklista vert godkjent Protokollen frå førre møte vert godkjent Delegerte vedtak/referatsaker vert tekne til orientering 09.09.2013 VALSTYRET Handsaming i møtet: Samørøystes vedtak. VAL-007/13 VEDTAK: Møteinnkallinga og saklista vert godkjent Protokollen frå førre møte vert godkjent Delegerte vedtak/referatsaker vert tekne til orientering SAKNR. 008/13 STORTINGS- OG SAMETINGSVALET 2013 - OPPTELJING AV FØREHANDSRØYSTER Rådmannen sitt framlegg til vedtak: 09.09.2013 VALSTYRET Handsaming i møtet: Plomberinga på urna med ordinære førehandsrøyster vart opna kl. 13.30. Førehandsrøystene vart så telt opp av valstyret, etter at det var kontrollert at alle røystene var stempla. I alt vart det telt opp 261 førehandsrøyster. Dette samsvarar med talet på ordinære førehandsrøyster som var registrert i manntalet. Resultatet av oppteljinga var som følgjer: Arbeiderpartiet 100 Framstegspartiet 46 Høgre 52 Kristeleg folkeparti 23 De Kristne 5 Miljøpartiet dei grøne 6 Pensjonistpartiet 1 Rødt 4 Senterpartiet 12 Venstre 7 Totalt 261
Oppteljing av førehandsrøyster under andre del av møtet: Valstyret fekk 92 førehandsrøyster i konvoluttar (frå tidlegrøysting, frå andre kommunar og seint innkomne). Desse vart opna og talde opp. Administrasjonen hadde på førehand kryssa desse i elektronisk manntal. Resultatet av oppteljinga var som følgjer: Arbeiderpartiet 14 Demokratane i Noreg 1 Folkemakten 2 Framstegspartiet 21 Høgre 21 Kristeleg folkeparti 7 De Kristne 7 Miljøpartiet dei grøne 4 Senterpartiet 5 Venstre 4 Blanke 1 Totalt 92 VAL-008/13 VEDTAK: Resultatet av oppteljinga i første del av møtet var som følgjer: Arbeiderpartiet 100 Framstegspartiet 46 Høgre 52 Kristeleg folkeparti 23 Kristne 5 Miljøpartiet dei grøne 6 Pensjonistpartiet 1 Rødt 4 Senterpartiet 12 Venstre 7 Totalt 261 Resultatet av oppteljinga i andre del av møtet var som følgjer: Arbeiderpartiet 14 Demokratane i Noreg 1 Folkemakten 2 Framstegspartiet 21 Høgre 21 Kristeleg folkeparti 7
De Kristne 7 Miljøpartiet dei grøne 4 Senterpartiet 5 Venstre 4 Blanke 1 Totalt 92
7