Barnehagebruksplan 2016-2019 1
Vedlegg 4. Vedtekter i kommunale barnehagar Vedtekter i kommunale barnehagar frå 01.01. 2015 1. Eigarforhold og ansvar for drift av barnehagane. Hå kommune eig og driv for tida 15 barnehagar. Barnehagane blir drivne i tråd med Lov om barnehagar med forskrifter, dei retningsliner som til ei kvar tid er gjeldande for verksemda, kommunale vedtak og vedtekter for barnehagen. Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytte til tenesteområde for opplæring og kultur. Barna i barnehagen har kollektiv ulykkesforsikring i tida dei er i barnehagen, samt på direkte veg til og frå barnehagen. 2. Formål: Barnehagen skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar av 17.juni 2005 1: «Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal byggje på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier som kommer til uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene. Barna skal få utfolde skaperglede, undring og utforskertrang. De skal lære å ta vare på seg selv, hverandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggende kunnskaper og ferdigheter. De skal ha rett til medvirkning tilpasset alder og forutsetninger. Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens egenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i lek og læring, og være et utfordrende og trygt sted for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering.» 3. Opptak: Alle barn som bur og er folkeregistrerte i Hå kommune ved oppstart av eit nytt barnehageår kan søkje om barnehageplass. Barn med lovfesta rett til plass, er barn som fyller eitt år innan 31.08 det året dei søkjer barnehageplass. (jfr. Barnehagelova 12a) Barn utan rett til barnehageplass, dvs. barn som er fødde frå 1. september får tildelt plass dersom det ikkje medfører behov for auka bemanning i barnehagen. 60
Du må skriftleg ha takka ja til plass før du får oppstart i barnehagen. Søknaden blir annullert dersom svarfristen ikkje blir halden. Det er eitt hovudopptak pr. år med søknadsfrist 1.mars for tildeling av plassar frå 15. august. Supplerande opptak, dvs. dei som har søkt etter fristen, skjer heile året. tenesteområde for opplæring og kultur gjer opptak, og det er samordna mellom kommunale og ikkje kommunale barnehagar. 4. Opptakskriterier: Tildeling av plass i supplerande opptak, skjer etter følgjande kriterier: Vert prioritert etter fødselsdato. (Dei eldste barna på venteliste får først plass). Barn som kjem inn under 13 i Lov om barnehage. Barn som av særskilde grunnar treng barnehageplass: Fleirspråklege barn over 3 år. Dvs. barn der begge foreldra er tospråklege. Barn i familiar med særskilt store belastningar må dokumenterast frå faginstansar. Søsken, om dei oppfyller barnehageretten, får prioritet i same barnehage. Prioriteringa gjeld ikkje det året sysken byrjar på skulen. Prioriterte yrkesgrupper i Hå kommune har fortrinnsrett ved opptak til barnehageplass, jf. Hå kommune sin opplæringsplan. 5. Endring og overflytting av barnehageplass: For endring av barnehagetilbod til nytt barnehageår er søknadsfristen 15.januar. Overflytting innan barnehagane kan, ved ledig kapasitet, innvilgast før 15.august og ved oppstart etter nyttår. Tildelinga skjer etter alder, eldste først. Endring av tildelt barnehageplass kan innvilgast to gonger i året, dersom det er ledig kapasitet i barnehagen og det ikkje går utover dekningsgrada til barnehagen. Ved ledig kapasitet i barnehagen kan det innvilgast auke i tilbodet gjennom heile året. Styrar i barnehagen administrerer dette. Ved søknad om endringar nyttar ein elektronisk søknadsskjema som ein finn på www.ha.no 6. Opningstid: Nytt barnehageår startar 15. august og avsluttast 14. august 61
7. Ferie: Barnehagane har opningstid på 9,5 timar pr. dag. Maksimal opphaldstid for det einskilde barnet er 45 t pr. veke. Open barnehage følgjer skuleruta. Barnehagane held stengt jul- og nyttårsafta. Onsdag før Skjærtorsdag stengjer barnehagane kl.12.00. I løpet av et barnehageåret er det 5 planleggingsdagar. Då er barnehagen stengd. Barna skal ha minimum 4 veker ferie i løpet av eit barnehageår. Av desse skal barnet ha 3 veker samanhengande om sommaren. Barnehagane held stengt dei to siste vekene i juli månad, veke 30 og 31. Det kan vere barnehagar som slår seg saman under ferieavviklinga om sommaren. Barn som ikkje skal fortsetje i barnehagen må ta ferie innan dei sluttar 14 august. 8. Bemanning og leiing: Bemanning og leiing må vere i tråd med barnehagelova 17 og 18 med forskrifter. 9. Leike- og opphaldsareal per barn: Hå kommune har vedtak om at norm for netto leike- og opphaldsareal skal vere: For barn under 3 år og funksjonshemma barn: 5,33 m 2 For barn over 3 år: 4 m 2 10. Foreldrebetaling: Det må betalast for barnehageplassen frå den tida den er tildelt og takka ja til. Kommunestyret fastsett satsar for foreldrebetaling utifrå 15 i barnehagelova. Betalingsfrist er den 20. kvar månad. Dokumentasjon på inntekt skal kvart år leverast administrasjonen seinast 1. august. Reduksjon i betaling med tilbakeverkande kraft, blir ikkje innvilga. Ved tildeling av plass skal føresette få informasjon om betalingssatsane. 62
Opplæringstilbod som oppfyller rettigheiter etter 5-7 i Opplæringslova skal vere gratis. 11. Oppseiing: Tildelt plass for nytt barnehageår må seiast opp før 1. juni. Ved oppseiing etter fristen, må ein betale for august. Den tildelte plassen får ein behalde fram til skulestart eller til den blir sagt opp skriftleg av føresette. Oppseiing skjer elektronisk på kommunen sine nettsider. Det er ein månad oppseiingsfrist, gjeldande frå 1. i kvar månad. Plassen kan ikkje seiast opp med verknad etter 1. april utan at ein må betale for resten av barnehageåret. Ved flytting ut av kommunen kan ein behalde plassen ut semesteret. Oppseiing av barnehageplass kan gjerast av kommunen ved: Manglande betaling Dersom ein gir urette opplysningar ved opptak Dersom barnet uteblir frå barnehagen i lengre tid utan at personalet blir varsla Dersom ein har mista plassen, kan ein gjere opp for seg, for så og søkje om ny barnehageplass. 12. Kommunal kontantstøtte Mottek ein full kommunal kontantstøtte, blir søknaden om barnehageplass annullert og ein må søkje på nytt. Ved delt kontantstøtte/barnehageplass blir opphaldet tildelt slik det passar for barnehagen. Lov om barnehagar: http://www.regjeringen.no/nb/dok/lover_regler/lover/barnehageloven.html?id=115281 Rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver: http://www.udir.no/barnehage/rammeplan/rammeplan-for-barnehagens-innhold-ogoppgaver/ 63