Konf irmant Informasjonshefte om konf irmasjon i Foldnes, Landro og Fjell kyrkjer.

Like dokumenter
Konf irmant Informasjon om konf irmasjonstida i Foldnes, Landro og Fjell kyrkje.

Konfirmant Informasjonshefte om konfirmasjon i Fjell, Foldnes og Landro kyrkje. Tema for året: "Loved"

Konfirmant Informasjonshefte om konfirmasjon i Fjell, Foldnes og Landro kyrkjer. Tema for året: "Loved"

Hugs fristen på registrering måndag 10. sept!

Velkomen som konfirmant!

Velkomen som konfirmant

VELKOMEN SOM KONFIRMANT

VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN!

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

Konfirmant eit år du seint vil gløyma Informasjonshefte Velkommen til konfirmasjonstida i Fjell

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

Vi Os kyrkjelyd inviterer til. Konfirmantåret 2019/2020

Vi Os kyrkjelyd inviterer til. Konfirmantåret

Informasjon om konfirmasjonstida i Fjell sokn 2008 VEDLEGG 1 AVTALE OM DELTAKING I KONFIRMASJONSTIDA...11, 12 VEDLEGG 2 INNSKRIVINGSSKJEMA...

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Informasjon frå Sula kyrkjelyd

Vi inviterer. Voss, Evanger og Raundalen kyrkjelydar

Informasjon frå Sula kyrkjelyd

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

Plan for undervisning

Velkommen til konfirmasjon!

Konfirmant. Førde, Holsen, Haukedalen. Undervisning Nattcup Fasteaksjonen Gudsteneste Kristuskrans Nesholmen Aktivitet Felleskap Bibel Vener

KONFIRMANT Vågsøy sokn

Velkomen til konfirmanttida

I denne brosjyren finner du spørsmål og svar for deg som vurderer å konfirmeres i kirken.

KONFIRMANT - JEG??? Velkommen som konfirmant i Tananger Menighet. Husk å meld deg på innen 22.juni 2012 Påmelding skjer på nettsiden vår.

Konfirmasjon i Kråkerøy menighet 2013 Spørsmål og svar for deg som vurderer å konfirmeres i kirken

Til deg som går i 5.klasse!

Hei! LysVaken i Myrbostad kyrkja. Vil du vere med på noko spanande? Tredje helga i november er du invitert til:

Semesterplan hausten 2016

Velkommen til konfirmasjon!

VELKOMMEN SOM KONFIRMANT i Herøy, Indre Herøy og Leikanger kyrkje !

Velkommen som konfirmant!

Velkommen som konfirmant i Grødem menighet 2014/2015!

SAUHERAD & NES MENIGHET

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

k o n f i r mant 2013

Informasjon fra Olsvik menighet

Konfirmasjon. i Kråkerøy menighet Til deg som vurderer å konfirmeres i kirken

Velkommen! Nå er det din tur til å bli konfirmant i Førresfjorden menighet

Konfirmant Jeg? Informasjon til konfirmanter og foresatte. KIRKEN i OPPEGÅRD ØNSKER DEG VELKOMMEN!

Vi inviterer. Voss, Evanger og Raundalen kyrkjelydar

Orientering om konfirmasjonstida Sauherad & Nes menighet

K O NFIRMANT

Velkomen som konfirmant i kyrkja!

Vi inviterer. Voss, Evanger og Raundalen kyrkjelydar

DEN NORSKE KIRKE. Informasjon fra Olsvik menighet

Konfirmant 2011? Informasjonsbrosjyre for deg som tilhører Bakkehaugen Kirke.

Orientering om konfirmasjonstida Sauherad & Nes menighet

Velkommen til konfirmasjon!

Vi Os kyrkjelyd inviterer til. Konfirmantåret

Velkommen til konfirmasjon!

Velkomen som konfirmant

KonfirmantiKyrkja2018/19

Konfirmasjon i Kråkerøy menighet 2009 Til deg som vurderer å konfirmeres i kirken

Informasjon fra Olsvik menighet

INFORMASJON OM KONFIRMANTÅRET I SVILAND KAPELL

Velkommen til infomøte konfirmasjon 2017

Vi kan tilby et spennende opplegg som vi tror vil falle i smak hos de fleste. Ta en kikk og se om dette er noe for deg.

INFORMASJON OM KONFIRMANTÅRET I HØYLAND KIRKE OG SVILAND KAPELL

Nå er det din tur til å være konfirmant!

Velkommen som konfirmant i Fet og Dalen menigheter!

KONFIRMANT - JEG??? Informasjon om konfirmantåret i Tananger menighet

Konfirmanthefte. Bugården menighet

Velkommen til infomøte konfirmasjon 2017

Informasjon fra Olsvik menighet

Velkommen til konfirmanttid i Jar! Konfirmantåret 2015

INFORMASJON OM KONFIRMANTÅRET I HØYLAND KIRKE OG SVILAND KAPELL

INFORMASJONSMØTER torsdag 31.mai kl 1800 i Nordlyskatedralen Alta kirke og onsdag 6.juni kl 1800 i Elvebakken kirke.

Informasjon frå Sula kyrkjelyd. Kven er eg?

Velkommen til infomøte konfirmasjon 2019

INFORMASJONSMØTE onsdag 15.mai kl 1800 i Nordlyskatedralen Alta kirke

Informasjonshefte for Trondenes-konfirmanter 2014/2015 TRONDENES- KONFIRMANT 2014/2015

Velkommen som konfirmant i Bergen domkirke menighet

kommune, født i 2002, for å invitere til å bli konfirmant i en av våre tre menigheter (Dypvåg, Holt eller Tvedestrand) i konfirmantåret 2016/17!

Velkommen til infomøte konfirmasjon 2020

INFORMASJON OM KONFIRMANTÅRET I HØYLAND KIRKE OG SVILAND KAPELL

Til deg som er født i 2003 m /foresatte VIL DU VÆRE KONFIRMANT I KIRKEN ?

Til konfirmanter og foresatte i Aksdal kyrkje !

INFORMASJONSHEFTE FOR AVERØYKONFIRMANTER

Konfirmasjon. i Kråkerøy menighet Til deg som vurderer å konfirmeres i kirken

Velkomen som konfirmant

Velkommen. r det din tur til konfirmant i XX menighet

- engasjere deg i kirkas arbeid for miljø og solidaritet - bli kjent med kirka og menigheta di

I dag er starten på resten av K15. Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen. - dagen. trus pplæringsdagen i Fjell

Velkommen til informasjonsmøte om rammer og regler for konfirmantåret 2017/2018

VELKOMEN SOM KONFIRMANT 2020

Velkommen som konfirmant i Høvik!

KONFIRMASJON 2019 Blaker, Frogner og Sørum PROGRAMBROSJYRE

Velkommen til informasjonsmøte om konfirmasjon 06. juni kl på Smia flerbrukshus!

Velkommen til konfirmanttid i Jar! Konfirmantåret 2017

KONFIRMASJON 2018 Blaker, Frogner og Sørum PROGRAMBROSJYRE

Informasjon om konfirmantåret

Velkommen til konfirmasjonstid i Tanum menighet

Konfirmantposten!! G O D T N Y T T Å R : ) R e k e f e s t ( M E D M E R )! Da nærmer det seg semesterstart! Dere skal møte slik: Husk å følge nøye

Vi Os kyrkjelyd inviterer til. Konfirmantåret

KONFIRMANT 2016/2017 Vågsøy sokn

Transkript:

Konf irmant 2018 Informasjonshefte om konf irmasjon i Foldnes, Landro og Fjell kyrkjer.

Velkommen til konfirmasjonstida i Fjell 2017-2018! Det nærmar seg konfirmasjonstid for dykk som er fødde i 2003. Vi i kyrkja held på å planlegge konfirmantåret, og er glad for at du vil vere med! Kva er konfirmasjon eigentleg? Konfirmasjonstida heng saman med dåpen. I dåpen fekk du trua som gåve, og i konfirmasjonen får du moglegheit til å stadfeste at du vil leve i denne trua. Gud ønskjer også å stadfesta at han har omsorg for deg og elskar deg. Det vil vi snakke mykje om i konfirmasjonstida. Konfirmanttida er ei spennande tid der du får vere med på mykje gøy, får anledning til å samtale og grunne på dei store spørsmåla i livet, og moglegheit til å bli kjend med mange nye ungdommar og vaksne. Konfirmantåret er eit år du seint vil gløyma! Individuell tilrettelegging Vi vil gjere det mogleg for alle som ønskjer det, å vere konfirmant. Det kan vere mange årsaker til at det kan vere vanskeleg å følgje det ordinære opplegget som er sett opp. Om det er funksjonshemmingar, sosiale vanskar, sjukdom, eller anna som gjer det utfordrande for konfirmanten å følgje opplegget, ønskjer vi svært gjerne å kome i kontakt med foreldre/føresette og konfirmanten slik at vi saman finn ei god løysing for di konfirmasjonstid.

Undervisningssamlingar Alle konfirmantane får undervisning i den kyrkja dei tilhøyrer, og blir fordelte etter skule og barneskulekrins. Undervisninga er som regel rett etter skuletid. Har de spesifikke ønskje om kva gruppe konfirmanten skal gå i, eller kven han/ho skal gå saman med, kan ein sende dette på e-post til Beate Sørhus (beate.sorhus@fjell.kommune.no). Etter fristen 20. juni er det ikkje sikkert at vi kan innfri desse ønskja. Undervisninga tek til i september. Interessegrupper Alle konfirmantane er med i ei interessegruppe i tillegg til undervisningssamlingane. I desse gruppene får konfirmantane vere ein del av ungdomsarbeidet og andre aktivitetar i kyrkja. Etter T14-dagen vil konfirmantane kunne registrere kva interessegrupper dei helst vil vere med i. I tillegg til nye interessegrupper vil desse gruppene vere Leir, TenSing Lukas, KRIK, Basement, Landroklubben, Lysmesse, Bibelgruppe m.m. Det kjem meir informasjon om desse gruppene på T14-dagen.

Gudstenester Gudstenesta er kyrkjelyden si storsamling. Gud møter oss, vi møter Gud og vi møter kvarandre. Konfirmantane skal delta på minimum åtte gudstenester i tillegg til konfirmasjonsgudstenesta i mai. På kvar gudsteneste skal konfirmantane fylle ut eit gudstenesteark for å registrere frammøte. Dette arket skal leverast til presten eller kyrkjevertane når gudstenesta er slutt. Vi oppfordrar foreldre/føresette til å slå følgje med konfirmanten til gudstenestene. Ung messe I løpet av året vil det bli arrangert fleire Ung Messe i alle tre kyrkjene. Dette er gudstenester spesielt tilpassa ungdom, og vi vil anbefale desse for konfirmantane. Ungdom er med i planlegging og gjennomføring av gudstenesta, noko som gjer at all musikk, forkynning og liturgi er meir ungdommeleg enn det vil vere på ei alminneleg gudsteneste. Lysmesse Søndag 10. desember skal nokre av konfirmantane vere med på å lage lysmesser i alle tre kyrkjene. Dette er stemningsfulle gudstenester der alle konfirmantar og foreldre er særskild velkomne. Vi tenner lys i mørkret og les tekstar som fortel om frelsaren som kjem. Ei flott adventsgudsteneste for heile familien.

Presentasjonsgudsteneste I september skal alle konfirmantane presenterast for kyrkjelyden i den kyrkja dei høyrer til. Alle konfirmantar må møte på si presentasjonsgudsteneste. Dette er ei heilt vanleg gudsteneste, men som ein del av forbøna blir alle konfirmantane lest opp og bedt for. På presentasjonsgudstenesta vil alle konfirmantane òg få utdelt sin konfirmantbibel. Fjell kyrkje: Søndag 3. september kl. 11.00: Ekerhovd, Tellnes og Kolltveit. Søndag 17. september kl. 11.00: Skålevik (Algrøy/Syltøy), Knappskog og Ulveset. Foldnes kyrkje: Søndag 10. september kl. 11.00: Brattholmen og Hjelteryggen. Søndag 17. september kl. 11.00: Foldnes, Bjorøy og Liljevatnet. Landro kyrkje: Søndag 10. september kl. 11.00: Spjeld, Landro, Misje og Ågotnes. Konfirmasjonsgudsteneste Det vil bli to konfirmasjonsgudstenester på kvar av datoane (kl.10.30 og kl.12.30). Kva krins som kjem tidleg og seint på dagen, vil bli bestemt etter at konfirmantane er påmeldt og vi kan sjå kor stort konfirmantkullet er. Dette gjer det lettare for oss å fordele gruppene likt, slik at det blir best mogleg plass til familie og gjester i kyrkja på konfirmasjonsdagen. Fjell kyrkje: Laurdag 5. mai Søndag 6. mai Foldnes kyrkje: Torsdag 10. mai Laurdag 12. mai Søndag 13. mai Landro kyrkje: Laurdag 12. mai Søndag 13. mai Knappskog Tellnes Skålevik (Algrøy/Syltøy) Ulveset Kolltveit Ekerhovd Foldnes (Kr.himmelfartsdag) Hjelteryggen Liljevatnet Brattholmen Bjorøy Landro Misje Spjeld Ågotnes

Fasteaksjonshelga: 17. - 18. mars T15 Storsamling Laurdag 17. mars blir det ei storsamling i Foldnes kyrkje for alle konfirmantane i Fjell! Denne kvelden er det kick-off til Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon som skal vera dagen etter. Kvelden blir fylt med underhaldning, viktig info om Fasteaksjonen, konsert, kiosk og god stemning! Arrangement T14 Kick-off! Onsdag 30. august kl. 18.00 i alle tre kyrkjene Konfirmantåret startar med ei høgtideleg og festleg samling i kyrkja di. Denne dagen er for både konfirmantane og foreldre. På T14 vil du få info om konfirmantåret og om alle dei ulike interessegruppene. Fasteaksjonen Fasteaksjonen er Kirkens Nødhjelp sin årlege innsamlingsaksjon. Alle konfirmantane er med på å gå med bøsse i sitt nærområde søndag 18. mars. Til Fasteaksjonshelga treng vi hjelp frå foreldre både på laurdag og søndag til mellom anna baking, praktisk hjelp og vakthald. Meir info om dette kjem på foreldresamlinga i januar. T15 Wrap-up! Omlag ei veke før konfirmasjonen er det Wrap-up for alle konfirmantar og konfirmantlærarar i kyrkjene. Det blir underhaldning, kake og brus, og ein sjanse til å sjå tilbake på konfirmantåret. På slutten av kvelden inviterer vi alle foreldre/føresette til ei kort infosamling om konfirmasjonsdagen. Under denne infosamlinga vil konfirmantane få utdelt kappane dei skal bruke under konfirmasjonen.

Kontakt med heimen Foreldresamlingar Det blir nokre samlingar med foreldre/føresette i konfirmasjonstida: T14 Kick-off 30. august. Fokus på interessegruppene. Tema- og informasjonssamling i januar. Fokus på T15-Fasteaksjonen T15 Wrap-up i april. Kappeutdeling og info om konfirmasjonsdagen. Informasjon De vil få tilsendt viktig informasjon i Konfirmantposten som Kyrkjekontoret sender ut 2 til 4 gonger. På nettsida vår (www.kyrkja.no/fjell/konfirmant) skal det alltid ligge oppdatert informasjon. Semesterplan for undervisingsgruppene blir sendt ut til konfirmantar og foreldre/ føresette i august og desember. Informasjonen vil hovudsakleg bli sendt ut via e-post, men påminning om viktige samlingar kan òg kome på sms direkte til konfirmanten og foreldre/føresette. Praktisk informasjon Økonomi Alle konfirmantane betalar ein kontingent på kr. 750,- Dette dekkjer utgifter i samband med undervisning og arrangement, og reingjering av konfirmantkappene. I tillegg til kontingenten kjem utgifter til interessegruppene. Prisen på desse vil variere. Dei som ikkje betalte ved påmelding vil få faktura i starten av konfirmantåret. Dåpsattest Er konfirmanten døypt andre stader enn i Fjell (Fjell, Foldnes eller Landro kyrkje), må de sende kopi av dåpsattest til oss, slik at det formelle er i orden. Dersom du ikkje har dåpsattesten tilgjengeleg, kan du bestille ein kopi frå kyrkja der konfirmanten er døypt. Dåpsattesten kan sendast som brev eller e-post, eller leverast til konfirmantlærar.

Ansvarlege for konfirmasjonstida Sokneråda er ansvarleg for konfirmantopplegget, og har vedteke konfirmantplanen for Fjell, Foldnes og Landro. Kateketen, kyrkjelydspedagogen, prestane og andre tilsette har saman ansvar for konfirmantundervisninga. Har de noko å utsetje på opplegget, så ta gjerne kontakt med ansvarleg konfirmantlærar eller Kyrkjekontoret så vi kan ta ein prat om det du tenkjer på. Vi håpar dette informasjonsheftet gir svar på det meste omkring konfirmasjonstida som kjem, og inviterer til eit godt samarbeid mellom heim og kyrkje. Har de spørsmål: ver frimodige og ta kontakt! Venleg helsing konfirmantteamet i Fjell Rannveig Vestbøstad Vik, Terje Aannerød, Bjarte Nese, Vetle Karlsen Eide, Jon Andreas Tjentland, Håkon Syrstadeng og Beate Sørhus Ta kontakt dersom det er noko du lurar på! Kyrkjelydspedagog Beate Sørhus Tlf: 55 09 74 63 / E-post beate.sorhus@fjell.kommune.no Besøksadresse: Temahuset, Tytebærbrekko 2, Straume. (2.etg., over Jysk) Opningstider: Måndag-fredag, kl. 9-15. www.kyrkja.no/fjell/konfirmant