Vi gratulerer med avansement frå kvalifiseringsspelet og ønskjer velkommen til sluttspelet i Sparebanken Sogn og Fjordane KM-Futsal for aldersbestemte klassar, i Trivselshallen på Sandane, 4.- og 5.mars. Turneringa blir gjennomført som følgjer: Laurdag: G 13, J 13, G 15, J 15 og G 19. Søndag: G 14, J 14, G 16, J 16 og J 19. Turneringsstart laurdag: kl. 09.30 Turneringsstart søndag: kl. 10.00. Det blir spel på 3 baner og aktivitet i hallen 10-11 timar både laurdag og søndag. I samband med tidleg kampstart i enkelte klassar må lag/klubbar med lang reise vurdere om det er naudsynt med overnatting. Dette må klubben eventuelt organisere og dekke sjølv. Vedlagt denne utsendinga er kampoppsettet, regelverk for Futsal, samt namneliste for deltakarar i sluttspelet. Sjå nøye over regelverket slik at de er godt kjent med dette. Det vil bli live filming frå kampar i Trivselshallen, begge dagar. Elevar frå medialinja ved Sogndal Vidaregåande skule blir til stades begge dagar og filmar alle kampane som blir spelt på bane 3! Dersom det er lag som ønskjer å reservere seg mot å bli filma, må underteikna bli informert om det, seinast onsdag 1.mars. Kampoppsett og resultatservice, samt informasjon om filming av kampane, blir også lagt ut på NFF Sogn og Fjordane sine nettsider. www.sffk.no (sjå neste side for praktisk informasjon og reglement under KM) NFF Sogn og Fjordane Sogndal www.fotball.no/sogn_og_fjordane Postadresse: PB 248, 6852 Sogndal Tlf 57628700 Fax 57628701
For KM-sluttspelet ellers gjeld følgjande: Bruk av spelarar: Alle klubbar kan stille med ubegrensa tal spelarar på kvart lag i sluttspelet. Ein kan likevel kun ha med 11 spelarar til kvar kamp. Kun spelarar som er speleberettiga for klubben, kan delta i sluttspelet. Liste med lagsoversikt skal vere levert i sekretariatet 15 minutt før første kamp. Namneliste finn de vedlagt denne utsendinga. Lag som nyttar meir enn 11 spelarar, skal levere ny lagsoversikt på kampar der dei nyttar nye spelarar. Det er kun desse 11 som kan vere på bana og innbyttarbenken under kampen. Klubbar som stilte med fleire lag i same klassa i kvalifiseringa, men kun har eit eller to lag i sluttspelet, kan også stille med spelarane frå andre kvalifiseringslag i same klasse, samt andre spelarar som er speleberettiga for klubben og respektive aldersklassar. NB! Ein spelar kan kun spele for eit lag i kvar klasse i KM-sluttspelet, men spelaren kan spele for fleire aldersklassar. Speletid: Innleiande runder: 1 x 13 minuttar Sluttspelet: 1 x 13 minuttar Ekstraomgangar i sluttspelet/finalespelet: 1 x 3 minutt Dersom framleis uavgjort: - Straffekonk: Først 3 straffer. Deretter 1. NB! Ver klar over at det kan bli forseinkingar dersom det blir ekstraomgangar/straffesparkkonkurranse i sluttspelet.
MØT PRESIS: Alle lag må vere klare rett etter forrige kamp. Lag som kjem meir enn 3 minutt for seint, får resultatet 0-3 og tapar kampen. Møt opp i god tid. Sluttspel: For alle aldersklassane går dei fire beste laga frå gruppespelet, vidare til sluttspelet. Laga som går vidare til sluttspelet blir kåra i høve rangert rekkefølge: Poengsum målskilnad - skåra mål innbyrdes oppgjer færrast gule/raude kort myntkast. Kampoppsett: Ligg vedlagt. Laga er fordelt i avdelingar ut frå plassering frå kvalifiseringa. Premiering: Det er pengepremiar frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Nr. 1 kr. 3000.-. Nr. 2 kr. 1500.-. Pokal til nr. 1, nr. 2 og nr. 3 i kvar klasse. Reglement: Futsal er 5 ar fotball. Det blir brukt Futsal ball i str. 5. For turneringa gjeld vedlagt oversikt over spelereglar for Futsal alle laga skal minimum kjenne til dei overordna reglane, som er følgande: - Alle direkte frispark heiter akkumulerte frispark i Futsal. Frå og med det fjerde (4) akkumulerte frisparket eit lag pådrar seg, skal det dømmast straffespark frå 10 m. Sjå elles utfyllande i Regelverk_Futsal. - Ved målkast og ved redning kan ikkje målvakta vere nær ballen etter å ha frigitt ballen, før ein motspelar har vore nær ballen. Det skal dømmast indirekte frispark til motstandarlaget frå den staden som målvakta var plassert når forseelsen skjedde. Dersom målvakta stod innanfor straffefeltet, skal det indirekte frisparket utførast på 6 meter linja, nærmast der målvakta stod. Elles gjeld vanlege reglar for tilbakespel, som for vanleg utefotball. - Ved målkast (ballen ute bak mål) skal målvakta kaste ballen ut. Ikkje lov å sparke ballen ut. I so fall skal målkast takast på nytt. Målvakta kan kaste
ballen over midten både ved redning og målkast, men kan ikkje skåre ved utkast. - 4 sekundars regelen ved igangsetting av spelet ved igangsetting av frispark, målkast, hjørnespark, avspark og innspark, har ein spelar maksimun 4 sekundar på å sette ballen i spel etter at spelaren har kontroll på ballen. Dersom spelar brukar meir enn 4 sekundar skal eit indirekte frispark tildelast motstandarlaget. Dersom ein spelar drøyer med å hente ballen/få kontroll på ballen, startar dommar å telje når dommaren vurderer det som drøying. - Innbytte skal skje innanfor innbyttarbenkene, som er avgrensa til 5 meter. Dersom spelar på veg inn på bana går inn på bane før spelaren som skal byttast ut er ute av bana, skal det tildelast gult kort til spelar på veg inn, samt indirekte frispark til motstandarlaget. - Ved raudt kort utvist spelar kan ikkje sitte på innbyttarbenken. Laget kan, etter godkjenning av dommar, sette inn innbyttar etter to minuttar etter at ein medspelar er blitt utvist. Dersom laget med flest spelarar skårar mål i løpet av dei to minuttane motstandarlaget har utvist spelar/spelarar, får laget med færre antal spelarar sette inn ein spelar. - Ved avspark kamp og etter at mål er gjort, skal motstandarlaget vere minimum 3 meter frå ballen. For alle andre dødballar er det 5 meter som er minimumsavstanden frå ballen. - Utstyr: Leggskinn påbode. Innesko må nyttast ikkje sko som setter merke. Størrelse på mål: -handballmål. Antal spelarar: Antal spelarar på bana: 4 utespelarar og keeper.
Kontaktperson i arrangørklubb: Klubb Namn/adresse Telefon/epost Sandane TIL Sjur Gimmestad Mobil: 41 41 25 21 E-post: post@stilfotball.no Skulle det elles vere spørsmål rundt sluttspelet kan de kontakte underteikna på telefon, 57 62 87 05 (8.00 15.45) eller 90 62 42 55 Vi ønskjer alle lag lukke til i sluttspelet! Med helsing NFF Sogn og Fjordane v/ Yngve Håkonsen