ÅRSPLAN GARNES SFO 2016-17 Me legg Bergen kommune sine mål for SFO og Garnes skule sitt elev og læringssyn til grunn for arbeidet vårt på Garnes SFO. Bergen Kommune har utarbeida desse felles måla for alle SFO-ane i kommunen: - SFO skal vera ein trygg stad å vera. - Det skal vera rom for allsidig leik og varierte aktivitetar. - SFO skal stimulera til sosiale aktivitetar, men og gje høve til å vera åleine. - SFO og skule skal arbeida for å gje borna eit heilskapleg tilbod. - SFO skal tilby eit minimun av aktivitetstilbod. Garnes skule har som mål å vera ein «triveleg kunnskapsskule». I dette ligg m.a. at ein ser at alle elevane er unike individ med ulike behov og føresetnader, og at alle har eit ynskje i seg om å læra og å meistra.
Med dette som bakteppe arbeider me for at alle borna skal ha ein god og innhaldsrik dag på SFO. Alt me gjer skal vera prega av at born har behov for leik, aktivitetar, sosial læring, individuell omsorg og vaksenkontakt i ulik grad. Me legg m.a. til rette for at borna kan velja mellom ulike formingsaktivitetar, spel, bøker, leik med biler, dokker, togbane og liknande. I tillegg har me faste aktivitetar som baking, bading, gym, turgruppe, musikkgruppe og besøk på 4Hgarden og kor. Bergen kommune sitt læringssyn byggjer på tanken om at born og unge skal stimulerast til å konstruera sin eigen kunnskap gjennom samhandling og refleksjon. For SFO tyder dette ikkje at me skal ha meir fag inn i SFO, men at me har større fokus på læring i daglege situasjonar. Personalet er meir bevisste på å styrkja elevane sin nysgjerrigheit m.a for rekninggjennom t.d. brettspel, sortering av perler, teljing av koppar og fat, og andre praktiske tilnærmingar både ute og inne. Dei vaksen er bevisste på å stimulera borna si læring gjennom dei spontane situasjonane som oppstår i samtale og samhandling med borna både i leik og styrte aktivitetar. FOKUSOMRÅDER 1) FRI LEIK 2) MEDBESTEMMELSE 3) 3. TRINNS ELEVANE Garnes SFO har den frie leiken i sentrum, i tillegg til at borna skal få tilbod om eit utval av aktivitetar i løpet av veka. Å la borna ha medverknad pregar vårt pedagogiske grunnsyn, og for oss blir det då viktig at borna får høve til å velja aktivitetar/leik som dei opplever som kjekke og utfordrande. Det må og vera rikeleg med tid til frileik, der eit hovudfokus er nettopp å imøtekoma borna sine behov for å vera med å bestemma.
For skuleåret 2016-17 har me 3. trinns elevane i hovudfokus. Me ynskjer å leggje til rette for ulike aktivitetar, både påmeldings- og spontane aktivitetar for 3. trinn, slik at dei skal finne SFO-tilbodet attraktivt og få lyst å vera her. Rundt Garnes skule er det eit flott nærområde med både sjø, skog og fjell. I løpet av året tek me mange turar, nokre spontane, nokre planlagde. I tillegg kan me bruke kunstgrasbana ved skulen og gymsalen og bassenget ved Garnes ungdomsskule. Det er og viktig at me har ein god kommunikasjon med heimen, det skal vera lett for foreldra å ta kontakt. Så langt det let seg gjera vil me etterkome foreldra sine ynskje og behov. Føresette er alltid velkomne inn på SFO for ein prat el.l. Me set pris på at foreldra hjelper borna med å halde orden i garderoben, og at byttekorga blir «oppdatert». SFO-leiar er med på skulen sine foreldremøter om hausten. Samarbeidsutvalet for skulen er og eit organ som drøfter SFO-saker. Dei vaksne på SFO : Marit Hundvin, avdelingsleiar Anita Mykkeltvedt, assistent Beth Hammersland, assistent Elin Kolbeinsen, assisent Elisabeth Hatlem, barne-og ungdomsarbeidar Grete Haugen, assistent Grete Leiknes, barne-og ungdomsarbeidar Karoline Rolland, barne-og ungdomsarbeidar Silje Nordås barne-og ungdomsarbeidar Linda Terese Henne, assistent Ruben Mandelid (lærling)
PLASSTYPAR Ein kan velje mellom heil eller redusert plass på SFO: Prisar : Heil plass: 2.435,- pr mnd Redusert plass: 1.900,- pr mnd Morgonplass: 920,- pr mnd Dagplass: 285,- pr dag Heil plass er frå kl. 7.30 til kl. 16.30 kvar dag. Redusert plass kan vera: o kl. 7.30 til kl. 14.30 o frå skuleslutt til kl. 15.30. o 3 heile dagar i veka, frå kl.7.30 til kl.16.30 eller o anna kvar veke frå kl. 7.30 til kl. 16.30 Morgonplass, berre før skulestart. Denne kan ikkje nyttast på skulefridagane. Dagplass. Skulen kan tildela einskildelevar dagsopphald på SFO, dette blir berre gjort i særskilde høve, t.d for å hjelpa ein familie i krise. Garnes SFO held stengt heile juli månad. Det er også stengt 5 planleggingsdager pr år. Sjå skulerute på skulen si heimeside. Alle som har redusert plass vil få kontrakt på det alternativet som er vald. Dei kan nytta SFO til same tider på langdagane. Til langdagane ynskjer me påmelding slik at me kan organisere aktivitetane, og me ynskjer at alle borna skal vera komne til kl 10.00. OPPSEIINGSFRISTAR Oppseiing av plass må skje skriftleg med ein månads varsel. Oppseiingstida vert rekna frå den datoen oppseiingar vert registrert og ut neste månad. Ved oppseiing etter 1.april må ein betale til og med juni månad. (Vedtektene 6)
MANGLANDE BETALING Varsel om oppseiing blir send ut frå betalingsservice. Føresette med ubetalte rekningar til SFO blir ikkje tildelt ny plass før gjelda er gjort opp. Rektor/SFO får tilsend kopi av oppseiingsbrev som går til føresette og tek deretter kontakt med familiar som er registrerte med manglande betaling for å informere om saksgang og betalingsordningar. (Bergen kommune justerer ordningen med oppsigelse av barnehageplass og plass i SFO vedtatt av bystyret 27.11.2012, sak 262/13, med virkning fra 1.5.2015. ) MAT/TURPENGAR: Mat og turpengar: Kvart barn får to brødmåltid og 3 måltid med varm mat på SFO kvar veke, i tillegg til frukt. Me har og nokre (relativt) faste turar i året, til Vilvite, Kvamskogen og Sætervika. For dette betaler ein 200,- kr pr mnd, foreldra blir fakturert for to månader om gon
A K T I V I T E T S P L A N G A R N E S S F O 2015-16 MANDAG TIRSDAG ONSDAG TORSDAG FREDAG 1.TRINN Uteleik kl 1300 Eventyrstund Uteleik kl 1300 2.TRINN 4H-gården 14.00-15.00 Gym 3.TRINN Mat gruppe Matgruppe FILM/ FRILEIK UTE ELLER INNE -«- -«- Forming MAT KNEKKEBRØD SUPPE BRØDMAT MIDDAG GRAUT Aktivitetar som ulike trinn er med på. BADING Musikkgruppe med Ruben KOR BAKING Ut kl 13.00 1.tr 2. og 3. tr 1.tr 2. tr Valgfritt Ete først 2. tr 3.og 4.tr 1.tr 2.tr Varierer Vedlegg: o Skolefritidsordningen i Bergen Kommune Håndbok og vedtekter