Revidert - Formannskapet, Vedtekne Kommunestyret,

Like dokumenter
Revidert Oppvekst og omsorg,

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

Samnanger kommune VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR. Vassloppa barnehage. Dråpeslottet barnehage SAMNANGER KOMMUNE

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Vedtekter for SFO - Skolefritidsordninga

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

Samnanger kommune VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR. Vassloppa barnehage. Dråpeslottet barnehage SAMNANGER KOMMUNE

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

10/60-14/N-211//AMS

Årsplan for SFO. Sandnes skule. Skuleåret

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune

SKULEFRITIDSORDNINGA I SVEIO

Skulefritidsordninga i Kvinnherad gjev følgjande tilbod:

T I L B O D SKULEFRITIDSORDNING

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR. Underlagt lov : Lov om barnehage, og til ei kvar tid gjeldane forskrifter og rammeplan for barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning i

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016

STRANDA KOMMUNE SØKNAD OM PLASS I SKULEFRITIDSORDNING (SFO)

3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

2. Godkjenning Fusa kommune si rettleiande norm for netto leike- og opphaldsareal : 4 kvm. pr. barn over 3 år og 5,33 kvm pr.

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning

Barnehagebruksplan

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre»

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Vedtekter for Velledalen Naturbarnehage SA i henhald til Barnehagelova 7 2. Innhaldsfortegning.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar

VEDTEKTER FOR. Elvetun Barnehage AS

Plan for Liabygda SFO

VEDTEKTER FOR HORNINDAL BARNEHAGE (gjeldande frå )

SURNADAL KOMMUNE VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

Vedtekter for kommunale barnehagar i Vik kommune Gjeldande frå. HØYRINGSFRAMLEGG. HØYRINGSFRIST Høyringsutkast frist

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE. Gjeldande frå Vedteke i kommunestyret , sak: 070/17.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I FINNØY.

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

VEDTEKTER FOR VILLVETTENE FRILUFTSBARNEHAGE DA Org.nr:

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

Kvinnherad kommune Vår ref: 2016/679 Dato: Kvinnherad kommune BARNEHAGETILBODET

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

TIME KOMMUNE VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDT - TELEMARK KOMMUNE

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I LUSTER

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN SANDØY KOMMUNE

Tysvær kommune eig og driv følgjande barnehagar: Aksdal, Fjellhaug Friluftsbarnehage, Førresdalen, Førresfjorden, Nedstrand, Førland og Tysværvåg.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Lisjebøvegen 39, 6091 Fosnavåg, tlf: , e-post:

Vedtekter kommunale barnehagar

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Vedtekter for barnehagane i Suldal kommune

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I SANDØY KOMMUNE

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Vedtekter for kommunale barnehagar

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Vedtekter for. Fyresdal barnehage. Vedteke i kommunestyresak 3/13 med endringar i RS 43/13

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

Vedtekter for skolefritidsordning (SFO) i Agdenes. Forslag

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I FUSA KOMMUNE GJELDANDE FRÅ

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE

Sandeid skule SFO Årsplan

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I GAULAR

INNHALD: Side 2 av 9 Vår ref.: 2019/ Vedtekter for Åmli kommunale barnehagar

Høyanger kommune. Plan for tilsyn med barnehagane i

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDSUND KOMMUNE

Bjørnehiet SFO - informasjon

Vedtektsendring kommunale skolefritidsordninger i Fosnes kommune. Utvalg Utvalgssak Møtedato Fosnes formannskap Fosnes kommunestyre

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

Transkript:

Revidert - Formannskapet, 23.11.16 Vedtekne Kommunestyret, 15.12.16 Revidert oppvekst og omsorg sak 17/10 Side 0

VEDTEKTER FOR KOMMUNALT SFO-TILBOD I SAMNANGER 1 - FORVALTNING OG FORELDREMEDVERKNAND 1.1 Eigar Samnanger kommune eig og driv SFO ved Samnanger barneskule. 1.2 Forvaltningsansvaret Samnanger kommune sin SFO skal drivast i samsvar med Opplæringslova og tilhøyrande forskrifter, kommunale vedtak og årsplanar for SFO. Kommunestyret har ansvaret for forvaltning og tilsyn med SFO. 1.3 Foreldremedverknad SFO er ein del av skuletilbodet, og SU og FAU skal ivareta foreldra sine interesser i høve til SFO. Skulen skal gje foreldra høve for å vurdere innhald og kvalitet i SFO-tilbodet i høve til pris. Foreldra skal ha høve for å fremja fellesinteresser og arbeida for at samarbeidet mellom SFO og heimen skaper eit godt SFO-miljø. Foreldra bør få uttala seg i saker som er viktige for foreldra sitt tilhøve til SFO. Rektor skal i samråd med SFO-leiar kalla inn til foreldremøte så snart som mogleg etter at nytt skuleår har teke til. 1.4 Internkontroll Kvar SFO skal ha eit system for internkontroll i samsvar med Forskrift om internkontroll og forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular. 2 - FØREMÅL Jf opplæringslova 13-7 Rektor har hovudansvaret for SFO-drifta. 2.1 Innhald Skulefritidstilbodet i Samnanger kommune er eit omsorgs- og aktivitetstilbod for barn frå 1.- 4. trinn og for barn med særskilde behov i 1.-7. trinn. SFO skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hjå barna. Funksjonshemma barn skal gjevast gode utviklingsvilkår. SFO skal drivast i tråd med skulen sitt verdigrunnlag og vedtektene for skulefritidsordninga. Areala, både ute og inne, skal vera eigna for formålet ( 13-7 opplæringslova). 2.2. Årsplan SFO utarbeider ein årsplan tilpassa lokale tilhøve. Planen for skulefritidsordninga bør seia noko om kva ein ventar av tilbodet og kvarandre. Han må og innehalda ei grovskisse over aktivitetane gjennom året. Hovudvekt bør leggjast på SFO som base for fri utfalding og bruk av uteområdet kring skulane. Revidert oppvekst og omsorg sak 17/10 Side 1

Planen bør seia noko om følgjande punkt: samsvar med skulen sine mål og retningsliner frie/organiserte aktivitetar felles/gruppeaktivitetar fri/organisert leik eventuelle aktivitetar i samarbeid med frivillige organisasjonar Planen vert godkjent av Samarbeidsutvalet. 2.3 Målform Målforma i kommunale SFO er nynorsk. Jf målbruksplan for Samnanger kommune. 3 - OPPTAKSMYNDE 3.1 Opptaksnemnd Sfo-leiar og rektor føretek opptak av barn til kommunale skulefritidordningar. Sfo-leiar og rektor gjennomfører eit fellesopptak kvart år, og fortløpande opptak gjennom skuleåret. 3.2 Klageinstans Formannskapet er klageinstans. Klagefristen er 3 veker frå søkjaren mottek melding. 4 OPPTAK, SØKNAD OG OPPTAKSKRITERIUM 4.1 Opptaksområde SFO sitt opptaksområde er for heile kommunen. Ved ledig kapasitet og i særskilte høve, kan barn frå andre kommunar få tildelt plass for eitt skuleår om gongen. 4.2 Søknad og opptak Ved søknad om opptak skal søkjar nytta fastlagt skjema. Søkjar sender påmeldingsskjemaet inn elektronisk via heimesida til kommunen, eller som brev til kommunen. Attestar må liggja ved når det er naudsynt. Rektor er ansvarleg for opptaka. Hovudopptak av barn skjer i vårhalvåret og gjeld inntil plassen vert sagt opp. Dersom plassen ikkje vert sagt opp, har barnet plassen ut skuleåret i 4.klasse. Søknadsfrist for nye søkjarar er 31.mars. Dersom det er ledige plassar kan det gjerast opptak i løpet av skuleåret. 4.3 Plasstilbod Det ordinære SFO-tilbodet følgjer skuleruta, det vil seia 190 skuledagar. Dagleg opningstid er kl 07.00 til skulestart om morgonen, og frå skuleslutt til kl 16.30 om ettermiddagen. SFO tilbyr også ope i 20 dagar utanom skuleruta. Dette er haustferie, vinterferie, 5 dagar etter skuleslutt og 5 dagar før skulestart. For at SFO skal Revidert oppvekst og omsorg sak 17/10 Side 2

halda ope desse dagane er det eit atterhald om at det er minimum påmeldt 8 elevar pr veke. Påmeldingsskjema vert sendt ut i samanheng med desse vekene. Påmeldinga er bindande. 4.4 Opptakskriteria I utgangspunktet ønskjer ein å gje plass til alle som søkjer, men tilhøve kan gjere at det ikkje er mogeleg. SFO- leiar og rektor gjer då opptak etter følgjande kriterium: a) Elevar med særleg trong for SFO-tilbod etter sakkunnig vurdering. Dette gjeld og elevar opp til 12 år med funksjonshemming. b) Elevar i 1. klasse går føre eldre elevar. c) Elevar i 2. klasse går føre elevar i 3. og 4. klasse, elevar i 3. klasse går føre elevar i 4. klasse. Dei som søkjer utanom hovudopptaket, vil få tildelt plass så langt det er mogeleg ut frå praktiske og økonomiske tilhøve. Dersom det er ledig kapasitet ved SFO-ordninga, er det høve til å kjøpa dagar eller deler av dagar etter søknad til den einskilde SFO. Dette tilbodet gjeld alle elevar i 1.-4. klasse, både dei som har tilbod i SFO og dei som ikkje har det. Prisane vert fastsette av kommunestyret. 4.5 Påmeldingsalternativ Plasstype 100 % plass kl 07.00 16.30 alle dagar i veka Ettermiddagsplass kl 14.00 16.30 alle dagar i veka Kombinasjonsplass 3-dagarsplass morgon og ettermiddag Morgon kl 07.00 08.30 alle dagar Kombinasjonsplass 2 dagarsplass morgon og ettermiddag Ettermiddag 3 dagar i veka Kjøp av enkeltdag Kjøp av enkelttimar Gebyr ved for sein henting (etter kl 16.30) Søskenmoderasjon : 30 % for 1. søsken og 50% for 2. søsken. Kan ikkje kombinerast med kjøp av enkeltdagar/-timar 5 - OPPTAKSPERIODE OG OPPSEIINGSFRIST 5.1 Opptak Rektor er ansvarleg for opptak av søkjar til SFO. Opptak utanom hovudopptaket vert gjennomført etter kvart som det kjem til søkjarar, dersom det er ledige plassar i løpet av året. 5.2 Endring av opphaldstida Endring av opphaldstida i skuleåret må meldast skriftleg innan den 1. i månaden. Revidert oppvekst og omsorg sak 17/10 Side 3

5.3 Oppseiing Oppseiing av plassen skal vera skriftleg, og skal sendast til skulen som brev eller via e-post til SFO-leiar. Oppseiinga må vera komen til skulen innan den 1.i månaden. Det er 1 månad oppseiingstid. Dersom ein ikkje skal ha plassen skuleåret etter, må det meldast i frå skriftleg via brev eller e-post innan 1.april. Sluttar barnet etter 1. april er regelen at det skal svarast betaling for resten av skuleåret. 5.4 Permisjon Ein kan i særskilte høve søkja om permisjon og få betalingsfritak frå SFO. Det gjeld t.d. ved samanhengane sjukdom hos barnet ut over 14 dagar o.l. Permisjonen vert avgrensa til skuleåret. Rektor kan gje permisjon og betalingsfritak. 6 - OPNINGSTIDER OG FERIEAVVIKLING 6.1 Opningstid SFO følgjer skuleruta, det vil seia 190 skuledagar. Den daglege opningstida er frå kl. 7.00 til 16.30. 6.2 Ferie I følgje regelveret for skulefritidsordninga er kommunen ikkje plikta å gje tilbod om SFO i skulen sine feriar. SFO vil likevel gje tilbod om SFO 20 dagar i tillegg til skuleruta. Jamfør 4 3. SFO er stengt i juleferie og påskeferie. 6.3 Planleggingsdagar SFO-personalet har 5 planleggings-/kursdagar i løpet av skuleåret (jf. tariffavtale). SFO er stengt desse dagane. 7 - FORELDREBETALING 7.1 Betalingssatsar og betalingsmåte Kommunestyret fastset satsane for opphald i SFO. Satsane vert gjort gjeldande frå 1. januar kvart år, og går fram av betalingsreglement for kommunen. Innbetalinga skal skje forskotsvis til kommunekasseraren i Samnanger. Betalingsfrist er den 20. kvar månad. Ved manglande betaling vert inkasso og oppseiing av plassen vurdert. 7.2 Foreldrebetaling Foreldrebetalinga gjeld frå den 1. i innmeldt månad og ut oppseiingsmånaden. Ved sjukdom hos barnet ut over 14 dagar, der ein kan leggja fram attest frå lækjar, vert det gjeve betalingsfritak for fråversperioden. Betalinga for 10 månader vil bli fordelt på 11 månader, og gjeld for eit SFOtilbod på 190 dagar i samanheng med skuleruta. SFO gjev tilbod om 20 dagar utanom skuleruta. Det vert eiga påmelding til dette. Dette tilbodet må betalast for i tillegg til vanleg foreldrebetaling. Revidert oppvekst og omsorg sak 17/10 Side 4

Pris for sal av einskilde dagar er høgare enn for fast opphaldstid. 7.3 Overtidsgebyr Dersom eit barn ikkje vert henta innan SFO stenger, kan foreldre/føresette verta pålagt gebyr for kvar påbyrja time overtid. Storleiken på gebyret vert fastsett av kommunestyret. 8 - LEIKE OG OPPHALDSAREAL 8.1 Areal Rettleiande norm for barna sitt leikeareal inne er 2,0 m 2 netto pr. barn. SFO i Samnanger barneskule har følgjande godkjende areal: Areal Plassar 116+(40) m 2 58+(20) 9. BEMANNING OG LEIING 9.1 Leiing Når SFO er knytt til skular, skal rektor til vanleg vera leiar. SFO kan ha ein dagleg leiar med pedagogisk utdanning eller fagbrev som barne og ungdomsarbeidar. Det skal setjast av tid til leiing og samarbeid etter gjeldande reglar, jfr. særavtale. 9.2 Bemanning Norm for bemanninga i SFO er 15:1. Norma kan fråvikast ut frå lokale tilhøve som gruppesamansetjing, barn med særskilde behov, aktivitetsformer og alder på barna. Auke i talet på brukarar i løpet av skuleåret utløyser ikkje automatisk auke i personalressursen. Talet på vaksne må vurderast nøye dersom fleire born seier opp i løpet av skuleåret. Hovudopptaket er grunnlaget for bemanninga. 10 - PERSONALET SINE PLIKTER 10.1 Avgjerdsmynde når barn er sjuke Den ansvarlege i SFO avgjer om eit barn pga sjukdom mellombels ikkje kan vera i SFO. Det kan vera av omsyn til barnet sjølv og/eller dei andre barna. Går det lengre tid enn 1 veke, må slik avgjerd takast av lækjar. 10.2 Varslingsplikt Den ansvarlege i SFO har ansvar for å varsla lækjar og/eller foreldre/føresette om ulukker, sjukdom og mistanke om epidemiar. Er det grunn til å tru at det finn stad barnemishandling, omsorgssvikt eller om eit barn utviklar vedvarande alvorlege åtferdsvanskar, skal personalet av eige tiltak, og utan hinder av teieplikta melda dette til rektor, kommunelege 1, eller til kommunen si barnevernteneste. SFO-personalet har også opplysingsplikt til sosialtenesta og barneverntenesta, jf. LBVT. Revidert oppvekst og omsorg sak 17/10 Side 5

11 - TEIEPLIKT 11.1 - Teieplikt Medlemmer i Utvalet for oppvekst og omsorg, opptaksnemnda, samarbeidsutvalet, tilsette i administrasjonen og i SFO har teieplikt om saker dei vert kjende med i tenesta, (jf forvl 13 a-f) 12- POLITIATTEST 12.1- Alle som skal tilsettast i skulefritidsordninga, må legge fram politiattest som syner om ho eller han er sikta, tiltalt eller dømt for seksuelle overgrep mot barn. Personar som er dømt for slike overgrep, kan ikkje bli tilsett i skulefritidsordninga (Opplæringslova 13-7 sjette ledd, jf. 10-9 første og tredje ledd og forskrift til opplæringslova kapitel 15.). Revidert oppvekst og omsorg sak 17/10 Side 6