SUND KOMMUNE Dok.dato: 13.03.2008 Vår Ref: 2006001732-17 Arkiv: N-111 RETNINGSLINER FOR UTLIKNING AV EIGEDOMSSKATT I SUND KOMMUNE Vedtekne av Sund kommunetyre i møte den 11. mars 2008, sak K-029/08. KAP. 1. SAKKUNNIGE NEMNDER 1 1 Samansetjing og val av sakkunnige takstnemnder. I medhald av byskattelova 4 og 5 jfr. eigedomsskattelova 33 vel Sund kommunestyre ei sakkunnig takstnemnd og ei sakkunnig overtakstnemnd (ankenemnd) til å verdsetja eigedomane i Sund kommune på bakgrunn av forslag frå engasjerte synfaringsmannskap. Den sakkunnige nemnda skal ha 3 medlemer (leiar, nestleiar og eitt medlem). I tillegg vert det vald 3 varamedlemer. Den sakkunnige ankenemnda skal ha 5 medlemer (leiar, nestleiar og tre medlemer) og 5 varamedlemer. Kommunestyret vel leiar og nestleiar for kvar nemnd. Valperioden følgjer kommunevalperioden. Om val og ugildskap m.m. 1-2 Valbare og pliktige til å ta mot val etter 1-1, er dei som er pliktige til å ta mot val til kommunestyret. Ein medlem er ugild til å ta del i taksten når medlemen a) sjølv er eigar, har pant i, leigar eller leigebuar til eigedomen, b) er i slekt eller i svogerskap med den som er nemnd under a) i opp- eller nedstigande line eller sideline så nær som søsken, c) er eller har vore gift med, partner eller forlova med, eller er fosterfar, fostermor eller fosterbarn til eigar. Side 1 av 5
d) er verje for nokon som er nemnd under a), e) er styrar eller medlem av styret for eit selskap, foreining, sparebank, skipnad eller offentleg tiltak som eig, har pant i, leigar eller er leigebuar til eigedomen. Likeeins er eit medlem ugild når det ligg føre andre særlege omstende som er eigna til å svekkja tiltrua til at medlemen er upartisk. Nemnda avgjer sjølv om eit medlem er ugild. 1-3 Medlemer av dei sakkunnige nemndene er pliktige til å stilla til alle møter i nemndene, med mindre det ligg føre lovleg forfall. 1-4 Nemndene kan be eigedomsskattekontoret tilkalla sakkunnig hjelp til å gje rettleiande uttaler på det bygningstekniske, industriell, maskintekniske, juridiske eller andre områder når dei ser på dette som naudsynt. Dei sakkunnige tek ikkje del i sjølve takseringa og har ikkje røysterett. KAP. 2. FØREBUING AV TAKSERINGA. 2-1 Økonomikontoret fungerer som eigedomsskattekontor. Det ligg til administrasjonen å syta for alt administrativt og kontormessige arbeid for dei sakkyndige nemndene. 2-2 Administrasjonen utarbeider lister over eigedomar som den sakkyndige nemnda vert invitert til å vurdera. Listene skal og innehalda eigedomar som skal unntakast eller kan fritakast for eigedomsskatt, jfr. eigedomsskattelova 5 og 7. Det vert oppretta ei eiga liste over verk og bruk. 2-3 Administrasjonen førebur taksering ved å innhenta tilgjengeleg informasjon om den einskilde eigedom. 2-4 Administrasjonen engasjerer synfaringsmannskap og legg opp ruter for arbeidet til mannskapa. KAP. III. GJENNOMFØRING AV TAKSERINGA. 3-1 Administrasjonen planlegg og legg til rette for arbeidet med takseringa. Ansvarlege sakshandsamarar vert med på møta i takstnemndene. Side 2 av 5
3-2 Før den alminnelege takseringa tek til, drøftar den sakkunnige nemnda alminnelege retningsliner for takseringa for å sikre størst mogeleg samsvar i vurderingane. Den sakkunnige nemnda skal føreta prøvetaksering for å fastsetja prisnivået for takseringa. Kommunestyret vedtek sjablonar til bruk i takseringa. Sjablonane skal vera eit hjelpemiddel for å koma fram til eigedomane sin omsetnadsverdi, og skal ta høgde for at eigedomen sin eigenart, bruksverdi og lokalisering kan verka inn på verdien. Det skal førast protokoll over forhandlingane i den sakkunnige nemnda. 3-3 Den sakkunnige nemnda er i samarbeid med administrasjonen ansvarleg for å gje synfaringsmennene informasjon og rettleiing om praktisering av dei vanlege retningslinene. 3-4 Eigedomane skal i alle tilfelle synfarast og i samband med synfaringa utarbeider synfaringsmannskapa grunnlag for takst. Grunnlag for takst skal innehalda arealverdiar og vurdering av verdigrunnlag i medhald av sjablon eller særskild vurdering. Ved taksering av verk og bruk skal takstgrunnlaget og innehalda dei opplysningane som er naudsynt for at den sakkunnige nemnda skal kunne ta stode til om eigedomane kjem inn under reglane for verk og bruk. 3-5 Den sakkunnige nemnda fastset i møte takstane på bakgrunn av det takstgrunnlag som er utarbeidd og dei verdifastsettingar som nemnda kjem fram til. Det bør utarbeidast særskild takst for grunn og bygning dersom dei vert eigd av ulik skattytarar. Dette gjeld likevel ikkje festetomter. Synfaringsmannskapa tek ikkje del i den sakkunnige nemnda si fastsetting av taksten. 3-6 Takstprotokollen må innehalda opplysningar om når taksten er halden, kva eigedom det gjeld og takstsummen. Vidare bør den kort oppgje kva som inngår i taksten og kva verdisetjingsprinsipp som er nytta. Alternativt kan desse opplysningane gjevast ved ei tilvising til synfaringsmannskapen sitt takstgrunnlag. KAP IV. OMTAKSERING OG SÆRSKILD TAKSERING. 4-1 I perioden mellom to hovudtakseringar kan omtaksering/særskild taksering føretakast etter dei retningsliner og vilkår som framgår av byskattelova 4, 3. og 4. ledd. Fristen for å krevja omtaksering er 1. november i året før skatteåret. Kravet skal sendast eigedomsskattekontoret. Side 3 av 5
Den sakkunnige nemnda tek stilling til om vilkåra for omtaksering/særskild taksering er oppfylte. Verdsettinga skal skje etter dei same prinsippa og med same prisnivå som ved førre vanlege taksering. Skattytar vert orientert om taksten ved melding om vedtak. KAP V. OVERTAKST. 5-1 Overtakst kan krevjast av vedkomande skattytar eller formannskapet. 5-2 Krav om overtakst må setjast fram innan tre veker frå utlegging av skattelistene det året vanleg omtaksering finn stad eller frå melding om vedtak ved omtaksering/særskild taksering etter byskattelova 4, 3. og 4. ledd. 5-3 Ved fristoverskriding kan fristutsetting innvilgast når skatteytar ikkje kan skuldast for overskriding av fristen eller det ligg føre særleg vektige grunnar. 5-4 Krav om overtakst skal sendast eigedomsskattekontoret. Så snart som mogeleg etter at klagefristen er ute, sender eigedomsskattekontoret samtlege krav over til den sakkunnige overtakstnemnda. 5-5 Den sakkunnige overtakstnemnda held overtakst etter sjølv ha vore på synfaring. 5-6 Den sakkunnige overtakstnemnda kan prøve alle sider av saka og kan endra taksten til skattytar sin ugunst. 5-7 Den sakkunnige overtakstnemnda utarbeider ein overtakstprotokoll med ei kort grunngjeving for overtaksten. Protokollen skal gjera greie for kva faktum og rettsbruk overtaksten byggjer på og kva verdsettingsprinsipp som er nytta. Overtakstprotokollen må ta stode til klagaren si grunngjeving. 5-8 Krav om overtakst har ikkje oppsettande verknad i høve til skattekravet. Side 4 av 5
Kap. 6. YMSE FØRESEGNER 6-1 Ved første gongs utskriving av eigedomsskatt må vanleg taksering vera avslutta innan utgongen av februar månad. I 2008 er likevel fristen utgangen av juni månad. Deretter skal eigedomsskatten så vidt mogeleg vera utskriven og skattelistene offentleggjorde innan 1. mars i skattåret. Første året med innføring av botnfrådrag kan gje lengre frist. 6-2 Eigedomsskattekontoret fører eigedomsskattelistene med slikt innhald som nemnt i eigedomsskattelova 15. Listene skal liggja ute til offentleg gjennomsyn i minst tre veker etter at det er kunngjort at listene er lagt ut. Det vert kunngjort i lokalpressa når og kor utlegginga finn stad. Kunngjeringa skal innehalda opplysningar om fristen for å krevja overtakst og kven kravet skal sendast til. Samstundes med at eigedomsskattelistene vert lagt ut skal skattesetelen sendast skattytar. 6-3 Eigedomsskatten forfell til betaling etter dei terminar kommunestyret fastset. oooooooooooo Side 5 av 5