1. REGLAR Regattaen vil vere underlagt reglane slik dei er definert i Kappseglingsreglane for 2013-2016. Båtane skal tilfredsstille ISAF s reglar for kappsegling, tryggleikskategori 6. 2. TIDSPROGRAM FOR SEILASANE Start er søndag 13. september kl 11:00 på Leirvik Hamn. 3. PÅMELDING/KLASSAR Regattaansvarleg er Tor-Inge Miljeteig, han kan kontaktas på mobil 948 03 446 3.1. Regattaen er open for båtar i følgjande klasser:. NOR Rating - <= 0,921. NOR Rating - > 0,921. NOR Rating - Doublehanded. Turklasse målebrev, seglnummer ikkje nødvendig Dersom regattaledinga vurderer klasseinndelinga som urimeleg kan dei foreta endringar i klassane. Deltaking i NOR- rating føresett gyldig NOR- rating bevis på www.seiling.org 13.september kl. 11:00. Båtar utan gyldig NOR- rating bevis pr dette tidspunkt blir automatisk flytta til TUR- klassa.
3.2. Påmelding skjer via http://www.sailracesystem.no/regatta?regatta=2066&act=paameld&todo=lo Det vert ikkje skippermøte så påmelding og levering av mannskapsliste eller endring i denne må skje via nettet. 3.3. Betaling skjer ved påmelding, du kan ikkje melde deg på utan å betale direkte med betalingsløysinga til Seilmagasinet! 4. OFFISIELLE BESKJEDER TIL DELTAKARANE Beskjeder til deltakarane vil bli slått opp på http://www.sailracesystem.no/regatta?regatta=2066&id=3809&type=side&defview=1 5. ENDRINGAR I SEILINGSBESTEMMELSANE Eventuelle endringar i seglingsbestemmelsane vil bli gjort her: http://www.sailracesystem.no/regatta?regatta=2066&id=3804&type=side&defview=1 Seinast kl. 09.00 søndag 13. september. 6. SIGNALER PÅ LAND Signaler blir ikkje gitt 7. KLASSER OG KLASSEFLAGG Alle klassar seglar i Klasse D.
8. LØP (INKLUDERT START- OG MÅLLINJER) LØP START: Molo i Leirvik havn (overrett ytterkant av Storddøra og stake) Ystøya om babord Terneskjær om babord Melskomla om babord Øyaskjæret (valfri passering, men kan bli avkortingsstad) Rosnesholmen om babord MÅL: Molo i Leirvik hamn (overrett ytterkant av Storddøra og stake, som ved tysdagsseglasar) 9. MERKER Det segles på faste merker. 10. STARTEN 10.1 Kappseglasane startast ved å bruke regel 26. ( 5 minutts regelen ) 10.2 Alle klassane startar samtidig 10.3 Ein båt som startar seinare enn 20 minuttar etter start vil bli notert som DNS (Starta ikkje). Dette endrar regel A4.1. 10.4 Starten blir tatt frå ein av deltakarbåtane.
11. MÅLGANG Det vert ikkje måltaking ved molo. Første båt i mål tar tida med GPS tid (bruk mobil APP eller klokke på kartplottar). Første båt er ansvarlig for neste båt blir tatt i mål, ved brot på dette kan medføre diskvalifikasjon. Båt nr 2 i mål overtar oppgåva for å ta båt nr 3 i mål osv til alle er i mål, dersom det er god tid til å bytte før nr 3 kjem i mål. 12. AVKORTNING Avkorting kan bli gjort på alle merker etter Kappseglingsreglene 32. Mållinje ved avkorting vil være mellom måltakar og nærmaste merke. Måltakar er første båt som eventuelt passerer dei enkelte passeringspunkta ETTER oppgitt tid, då vert det avkorting. MERK! Dersom ein båt har lagt i 1 time eller meir utan at nokon har gått i mål kan båten overlate tidtaking til neste båt og be denne ta seg sjølv i mål, men det må opplysast på SMS kva overrett merke ein nyttar. SMS nummer til alle båtane vil bli distribuert før start. Avkorting: 1. Terneskjær (5,2 nautiske) dersom fyrste båt ikkje har passert før kl. 12:30 GPS tid avkortast regattaen her. 2. Melskomla (9,4 nautiske) - dersom fyrste båt ikkje har passert før kl. 14:30 GPS tid avkorast regattaen her. 3. Øyaskjeret (10,9 nautiske) dersom fyrste båt ikkje har passert før kl. 15:00 GPS tid avkortast regattaen her. 4. Rossnesholmen (13 nautiske) dersom fyrste båt ikkje har passert før kl. 16:00 GPS tid avkortast regattaen her. 13. MAKSIMALTID Maksimaltid er kl. 19:00 og løpet er ca 19 nautiske. Båtar som ikkje har passert mållina innan kl 19:00 reknast som DNF
14. PROTESTAR Protestar skal leverast til regattaansvarleg umiddelbart etter målgang. 15. RESULTAT LYS- klassane: Resultata vert berekna etter formlane for tid på tid. TUR- klassen: Egen resultatliste utarbeidast basert på antatt LYS- tal slik det vert gjort i tysdagsseglasane. 16. SIKKERHETSBESTEMMELSAR En båt som trekker seg frå seglasen skal underrette regattaansvarleg på Tlf: 948 03 446, så snart som muleg. 17. PREMIAR Det vart i sesongen 2013 innført CUP- system på dei 7 mindre, lokale regattaane me har. Det vert derfor ingen enkeltvis premiering i denne regattaen. Meir informasjon om CUP reglane finn du på http://www.stordseilforening.no 18. ANSVAR Deltakarane i regattaen deltar eine og åleine på ege ansvar. Sjå regel 4, avgjersle om å kappsegle. Den organiserande myndigheit vil ikkje akseptere noko ansvar for skade på materiell eller person eller dødsfall inntreffa i forbindelse med, før, under eller etter regattaene. 19. FORSIKRING Kvar deltakande båt skal være forsikra med gyldig ansvarsforsikring.
SKISSAR OVER START OG MÅLLINJENE FJELDBERG RUNDT 2015