TAKSTVEDTEKTER FOR LUSTER KOMMUNE



Like dokumenter
Innhold. Takstvedtektene gjelder fra

EIGEDOMSSKATTE- VEDTEKTER

Den sakkunnige nemnda skal ha fem medlemmer med ein leiar, ein nestleiar og tre medlemmer. I tillegg blir det valt fem varamedlemmer.

INNHALD: 1. Sakkunnig nemnd og ankenemnd. 2. Eigedomskattekontoret. 3. Synfarar og andre sakkyndige i takseringsarbeidet. 4. Takseringsarbeidet

Takstvedtekter for Åmli kommune. Gjelder fra 30. mars 2012 Endret av kommunestyret , sak K 13/172

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR HYLLESTAD KOMMUNE

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR VESTNES KOMMUNE

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-111 RETNINGSLINER FOR UTLIKNING AV EIGEDOMSSKATT I SUND KOMMUNE

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR EID KOMMUNE

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR VESTNES KOMMUNE

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR NAUSTDAL KOMMUNE

Vedtekter for skattetakstnemnda i Ulstein kommune

Til å handsama klagar på utskrivinga av eigedomsskatten kan kommunestyret i medhald av eigedomsskattelova 20 anten

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER. for Balestrand kommune. Balestrand kommunestyre. xx.xx.xxxx sak 13/xxx

Eigedomskattevedtekter for Sogndal kommune

Takstnemnda skal ha tre medlemar med ein leiar, ein nestleiar og eit medlem. I tillegg vert det valt tre varamedlemar.

KAP. I SAKKUNNIG NEMND OG KLAGENEMND

12/1303-2/K1-232//AEM EIGEDOMSSKATTEVEDTEKT FOR STRYN KOMMUNE

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR VOLDA KOMMUNE

Den sakkyndige nemnd skal bestå av tre medlemmer (leder, nestleder og ett medlem). I tillegg vel kommunestyret tre varamedlemmar.

Eigedomsskatt. Hjelmeland kommune. Vedtekter for. i Hjelmeland kommune. Innhald KAP. I - SAKKUNNIG TAKSTNEMND KAP.II - FØREBUING AV TAKSERINGA

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER NOTODDEN KOMMUNE GJELDER FRA

VEDTEKTER FOR EIGEDOMSSKATTETAKST - ØYGARDEN KOMMUNE Takstvedtekter gjeldande frå 1. januar 2013

Vedtekter for skattetakster over faste eiendommer i Balsfjord kommune

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR MODUM KOMMUNE Takstvedtekter gjeldende fra 1. juli 2013

Masfjorden kommune - ein kommune me er stolt av. Takstvedtekter for sakkunning nemnd og sakkunning klagenemnd. Vedteke i kommunestyret

Vedtekter for skattetakster over verk og bruk i Leka kommune. Kap. I Skattetakstnemnder. Sammensetning og valg av takstnemndene.

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

Vedtekter for eiendomsskattetakster i Kongsvinger kommune, av

Vedtekter for eigedomsskattetakst

SOGNDAL KOMMUNE VEDTEKTER EIGEDOMSSKATT Vedtekne av kommunestyret i sak 50/05 Kap.

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR HVALER KOMMUNEvedtatt

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR SONGDALEN KOMMUNE

Eigedomsskattevedtekter vedteke av kommunestyret i sak 048/14 med presisering i sak 059/14

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR KVINNHERAD KOMMUNE. Vedtekter for sakkunnig nemnd og felles sakkunnig klagenemnd gjeld frå 1.

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR SNÅSA KOMMUNE Vedtatt i kommunestyrets møte 4. april 2013 sak K. 22/13.

Den sakkunnige nemnda skal ha tre medlemer der éin er leiar, éin nestleiar og éin medlem. I tillegg skal det veljast tre varamedlemer i rekkefylgje.

Takstvedtekter for sakkunnig takstnemnd og sakkunnig ankenemnd gjeld frå

Vedtekter for eigedomsskattetakst

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER

Skattetakstnemnda skal bestå av tre medlemmer (leder, nestleder og ett medlem). I tillegg velges tre varamedlemmer.

VIK KOMMUNE VEDTEKTER FOR EIGEDOMSSKATT

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER SAKKYNDIG NEMND

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER for Randaberg kommune

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR RINGERIKE KOMMUNE

1 SAKKYNDIG NEMND OG KLAGENEMND FOR EIENDOMSSKATT

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER I GRAN KOMMUNE SAKKYNDIG NEMND 1

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR NES KOMMUNE (Vedtatt av kommunestyret )

LEKA KOMMUNE. Vedtekter for Eiendomsskatt i Leka kommune LEKA KOMMUNE. K.sak 49/14

Eiendomsskattevedtekter for Alta kommune

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR SAKKYNDIG NEMND OG SAKKYNDIG ANKENEMND I GAUSDAL KOMMUNE.

Eiendomsskattevedtekter for Sør-Varanger kommune

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER

VEDTEKTER VEDRØRENDE EIENDOMSSKATT I ALSTAHAUG KOMMUNE MED ANVENDELSE AV SAKKYNDIGE NEMNDER.

VEDTEKTER FOR SKATTETAKSTER OVER FASTE EIENDOMMER I RINGSAKER KOMMUNE AV

Eiendomsskattevedtekter for sakkyndig nemnd i Hol kommune Vedtatt av Hol kommunestyre i sak 9/19. Gjeldende fra

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER ROLLAG KOMMUNE - Versjon 2013.

LOV nr 44: Lov om endringar i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR FET KOMMUNE Vedtatt k-sak 83/13 Revidert k-sak 12/14

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER - HARSTAD KOMMUNE

Eiendomsskattevedtekter

Eiendomsskattevedtekter for Meråker kommune

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER for Leka kommune Vedtatt av kommunestyret 05/11 Endret i k-sak /2014

VEDTEKTER FOR EIGEDOMSSKATT

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR SARPSBORG KOMMUNE

Over faste eiendommer I NES KOMMUNE. Vedtatt i kommunestyret , saksnr. 80/13

BØ KOMMUNES EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER - SAKKYNDIG NEMND

TYSNES KOMMUNE VEDTEKTER FOR EIGEDOMSSKATT

Deres ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2013/659- Sigrun Hafsten, /2014

KSEs FORSLAG TIL EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER - ALTERNATIV 1: SKATTETAKSTNEMND 1

EIGEDOMSSKATTETAKSTVEDTEKTER FOR VESTRE SLIDRE KOMMUNE

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER BERGEN KOMMUNE

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER Hemne kommune

Siljan kommunes eiendomsskattevedtekter. Vedtatt i K-sak 59/ desember 2013

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR KONGSBERG KOMMUNE SAKKYNDIG NEMND vedtatt 21. mai 2014

FORSLAG TIL EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER - SAKKYNDIG NEMND 1

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER I KONGSBERG KOMMUNE SKATTETAKSTNEMND

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER - SAKKYNDIG TAKSTNEMND

Vedtekter for eiendomsskatt i Eidsberg kommune. Rådmannens forslag

Vågsøy kommune EIGEDOMSSKATTEVEDTEKT. Vedteken av Vågsøy kommunestyre K-sak 08/13

Nesset kommune EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER. Vedtatt i Nesset kommunestyre, , sak 102/14.

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR SIGDAL KOMMUNE

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER - SAKKYNDIG NEMND MARKER KOMMUNE

Vedtekter. for eiendomsskatt. Gjelder fra skatteåret 2018.

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR ELVERUM KOMMUNE

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER RINDAL KOMMUNE SAKKYNDIG NEMND

Bystyret legger oppgaven med klagebehandlingen til sakkyndig ankenemnd.

Den sakkyndige takstnemnd skal bestå av tre medlemmer (leder, nestleder og ett medlem). I tillegg velges tre varamedlemmer.

GAMVIK KOMMUNE Eiendomsskattevedtekter

EIENDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR HAMAR KOMMUNE. Vedtatt av kommunestyret: , sak 67/14. Saksnr. 13/6298.

EIENDOMSSKATTETAKSTVEDTEKTER FOR FOLLDAL KOMMUNE. Takstvedtekter for sakkyndig nemnd og sakkyndig ankenemnd gjeldende fra 1.

Eiendomsskattevedtekter

SAKSFRAMLEGG. Deres ref.: Vår ref.: Saksbehandler: Dato: 05/00867 /007374/ Marit Cathrine Røtvold Telefon:

Vedtekter. for skattetakster over. faste eiendommer i Risør kommune

Transkript:

TAKSTVEDTEKTER FOR LUSTER KOMMUNE Takstvedtektene gjeld frå 2013 1 Takstnemnd og overtakstnemnd 1.1 Takstnemnd Taksering av alle eigedomsskattepliktige eigedomar i kommunen med unntak av vasskraftverk, vert føreteke av takstnemnda, jf. eskl. 33, jf. byskl. 4 første ledd. Takstnemnda skal i samband med takseringen ta stilling til kva eigedommar som er skattepliktige innanfor det virkeområde kommunestyre har definert, jf. eskl. 3. Herunder skal takstnemnda ta stilling til kva eigedommar som er verk og bruk, jf. eskl. 4 andre ledd annen setning og kva eigedommar som er unntatt frå eigedomsskatt i medhald til eskl. 5. Takstnemnda skal dessutan ta stilling til kva bygningar og driftsmidlar som er ein del av eit verk og bruk, jf. 4 andre ledd tredje og fjerde setning. Takstnemnda skal ha tre medlemmer fordelt på ein leiar, ein nestleiar og ein medlem. I tillegg vert valde tre varamedlemmer. Takstnemnda gjer sine vedtak i fellesskap. Dersom det er usemje om eit særskilt spørsmål, kan nemnda avgjere usemja ved avstemming. Nemndleiaren har til oppgåve å planlegge og å leie takseringsarbeidet, samt å sørgje for at framdrifta i takseringen går etter planen. Dersom nemndleiaren har forfall, overtek nestleiaren i nemnda nemndleiaren sine oppgåver. 1.2 Overtakstnemnda I tillegg til takstnemnda skal det oppnemnast ei overtakstnemnd. Overtakstnemnda skal handsame klager (begjering om overtakst) på takstnemnda sine vedtak. Overtakstnemnda skal ha av seks medlemmer, der ein er leiar, ein nestleiar og 4 medlemmer. Overtakstnemnda sine medlemmer skal også ha varamedlemmer. Overtakstnemnda gjer sine vedtak i fellesskap. Dersom det er usemje om eit særskilt spørsmål, kan nemnda avgjøre usemja ved avstemming. Ved stemmelikskap har nemndleiaren dobbeltstemme. Nemndleiaren har til oppgåve å planlegge og å lede klagehandsaminga, samt å sørgje for framdrifta i sakshandsaminga. Dersom nemndleiaren har forfall, overtek nestleiaren i nemnda nemndleiaren sine oppgåver.

1.3 Møteplikt Medlemmene i takstnemnda og overtakstnemnda har plikt til å stille i alle møter med mindre vedkomande har gyldig forfall. Når et medlem ikkje møter, har varamedlemmen møteplikt. Ved forfall skal medlemmen snarast mulig varsle nemndleiaren som innkallar vedkomande sin vara. 1.4 Oppnemning av nye nemndmedlem. Medlemmene og varamedlem i takstnemnda og overtakstnemnda vert valde for 4 år om gongen. Samtidig vert oppnemnt leiar og nestleiar for nemndene. Dei som er pliktige til å ta mot val til kommunestyre, er valbare og pliktige til å ta mot val til takstnemndene. Dersom et medlem fråtrer for godt i løpet av en valperiode, vel kommunestyret eit av varamedlemmane til å tre inn som fast medlem for resten av perioden. Dersom leiaren av nemnda fråtrer, overtek nestleiaren vervet som leiar, og kommunestyre utnemner ein ny nestleiar. 1.5 Inhabilitet Et medlem av takstnemnda eller overtakstnemnda er inhabilt til å delta i takseringen når medlemmen a) sjølv eig, har pant i, leiger eller bur på eigedomen, b) er i slekt eller i svogerskap til ein som er nemnt i a) i opp- eller nedstigande linje eller i sidelinje så nær som søsken, c) er eller har vært gift, sambuande, partner eller forlova med ein eigar, d) er eller har vore fostermor, fosterfar eller fosterbarn til ein eigar, e) er verje eller fullmektig for nokon som fell under a), f) er eigar, sit i leiinga av eller styre for et selskap, en foreining, Sparebank, stiftelse eller offentlig innretning som er eigar, panthavar eller leigebuar til eigedommen, g) er medlem av formannskapet i kommunen. Medlemmen er også inhabilt når andre særlige tilhøve føreligg som er egna til å svekke tilliten til at medlemmen står fritt. Nemnda avgjer sjølv om et medlem er inhabilt. Ved inhabilitet trer varamedlemmen inn for medlemmen. 1.6 Godtgjersle til nemndmedlemmane Medlemane får møtegodtgjersle og tapt arbeidsforteneste i samsvar med kommunestyret sitt regelverk for arbeidsvilkår folkevalde..

2 Eigedomsskattekontoret 2.1 Eigedomsskattekontoret Funksjonen som eigedomsskattekontor er lagt til økonomiavdelinga hjå rådmannen Rådmannen vel ut ein person som har særlig ansvar for eigedomsskatten, (heretter omtalt som eigedomsskattekontoret sin representant). 2.2 Eigedomsskattekontoret funksjon Eigedomsskattekontoret har til oppgåve å skrive ut eigedomsskatten og skal fungere som sekretariat for takstnemndene ved å legge til rette administrativt. 2.3 Deltaking på møter i takstnemnda Eigedomsskattekontoret representant skal så langt det er ynskjeleg, delta på nemnda sine møter for å legge til rette for og hjelpe nemndene i deira arbeid. Eigedomsskattekontoret representant har ikkje stemmerett på møta, skal ikkje delta i sjølve takseringsarbeidet og kan ikkje instruere nemnda. 3 Sakkyndige i takseringsarbeidet 3.1 Tilkalling av sakkyndige Takstnemnda og overtakstnemnda kan dersom den finn det naudsynt, be eigedomsskattekontoret tilkalle sakkyndig hjelp til utarbeiding av takstforslag eller uttale om særskilte tekniske eller juridiske spørsmål. Ved taksering av større verk og bruk, bør det nyttast sakkyndige takstmenn. 3.2 Nemndleiar sitt ansvar Takstnemndas leiar har ansvar for å forsikre seg om at sakkyndig taksator veit kva verdsettingsprinsipp som skal brukast på taksering av verk og bruk i eigedomskattesamanheng. Takseringsprinsippet bør også gå fram av avtalen mellom eigedomsskattekontoret og den sakkyndige. 3.3 Habilitet De same reglene for inhabilitet gjeld for sakkyndige som for medlemmene i takstnemndene, jf. punkt 1.6. 3.4 Takstforslag/uttale rettleiande karakter Takstforslag/uttale frå sakkunnige takstmenn eller andre ekspertar er berre rettleiande for takstnemndene. Den sakkyndige har ingen stemmerett i nemnda og deltar ikkje i sjølve

vedtaksprosessen. Takstnemndene må på sjølvstendig grunnlag ta stilling til innhaldet i takstforslag/uttale frå sakkyndige når dei utformar taksten. 4 Takseringsarbeidet 4.1 Eigedomsskattekontoret førebuing Eigedomsskattekontoret i kommunen lager ei liste over dei eigedommane dei antar er skattepliktige og som dermed skal vurderast av takstnemnda. Eigedomsskattekontoret forbereder takseringen ved å hente inn tilgjengeleg informasjon om eigedommane frå offentlege kjelde og ved å be om naudsynt informasjon frå eigaren av eigedomen. Eigedomsskattekontoret bør som eit minimum ha innhenta opplysningar om kven som eig eigedommen, kva den vert brukt til, eigedommen sitt bygningsareal og totalareal og kva større driftsmidlar og maskiner som finns på eigedommen. 4.2 Konstituerande møte for takstnemnda På det første møte for ei ny nemnd eller overtakstnemnd informerer nemndleiaren og eigedomsskattekontoret om nemnda sine oppgåver og skattetakstvedtektene i kommunen. Nemnda sine medlemmer skal ha motteke ein kopi både av takstvedtektene, eigedomsskattelov og byskattelov saman med møteinnkallinga. Takstvedtektene og relevante vilkår i eigedomsskattelov og byskattelov vert gjennomgått i fellesskap på møte. På det første møte diskuterer nemnda korleis takseringen bør gjennomførast og generelle prinsipp for takseringen. Det bør også lagast ein tidsplan for takseringsarbeidet. Både ordinære medlemmer i nemnda og varamedlemmer skal være med på det første møte. 4.3 Ordinere nemndmøte Nemndleiaren kallar inn til møter og leiar dei. Eigedomsskattekontoret representant skal også kallast inn til møter i nemnda, men nemnda er vedtaksdyktig sjølv om Eigedomsskattekontoret representant ikkje er til stades. Nemnda innkallar til så mange møter som er naudsynt for å gjennomføre takseringen. 4.4 Møteprotokoll Det skal føres protokoll frå alle møter i nemnda. Takstprotokollen skal underskrivast av alle nemnda sine medlemmer ved slutten av kvart møte.

I protokollen skal alle vedtak nemnda tek protokollerast. Protokollen skal innehalde opplysningar om kvar enkelt eigedom som vert taksert. Dessutan skal protokollen innehalde kva som inngår i taksten, kva verdsettingsprinsipp som er nytta, kva taksten er og korleis ein er kommen frem til verdien av eigedommen. Protokollen skal også innehalde vedtak om sjablonger og retningslinjer nemnda har laga for eige arbeid. Eigedomsskattekontoret skal ha en kopi av protokollen. 4.5 Takstnemnda skal foreta synfaring Takstnemnda føretek ei synfaring på alle eigedommane det er aktuelt å taksere og skrive ut eigedomsskatt på. Nemnda må være fulltalige når den har synfaring. Eigaren skal varslast om at nemnda kjem på synfaring minst ei veke i forkant. Eigedomsskattekontoret føretek varslinga. Som på vanlige nemndmøte, skal det førast protokoll frå synfaringa. Protokollen frå synfaringa kan innehalde bilete av eigedommane. 4.6 Generelle prinsipp for takseringsarbeidet i takstnemnda og overtakstnemnda Ved verdsettinga av eigedommane i kommunen må takstnemnda utøve skjønn etter beste evne. Med mindre noko anna følgjer av lov eller av rettspraksis, skal verk og bruk verdsettast etter substansverdiprinsippet. For eigedomsskatten gjeld det eit generelt likebehandlingsprinsipp. Det inneber at nemndene skal arbeide for å handsame alle eigedomar likt når den takserar. Vidare betyr det at det skal utarbeidast takst på alle eigedommar som er skattepliktige. Nemnda kan ikkje gjere frådrag, reduksjonar i taksten eller unntak det ikkje er heimel for i lova. Takstnemnda og overtakstnemnda sine medlemmer har taushetsplikt med hensyn til informasjon de for tilgang til gjennom sine verv, jf. eskl. 29. Takstnemnda kan ikkje instruerast av eigedomsskattekontoret, kommunestyret eller formannskapet i kommunen med omsyn til sjølve verdsettinga. Alle takstar vert avrunda til nærmaste heile 1000 kroner. Dersom det er ulik eigar for grunn og bygning på en fast eigedom, takserast grunn og bygning kvar for seg.

5 Særskilt omtaksering i perioden mellom to alminnelege takseringar 5.1 Når kan særskilt omtaksering finne sted? I perioden mellom to alminnelege takseringar, kan takstnemnda foreta omtaksering når ein eigedom vert delt, når bygning vert rive eller øydelagt og når det blir oppført nye bygningar til en verdi som forventa å ha ein verdi på minst 10 000 kr, jf. byskl. 4 tredje ledd. Både formannskapet i kommunen og eigaren av eigedommen kan krevje særskilt omtaksering dersom verdien av ein eigedom er forventa å ha auka eller minka vesentleg samanlikna med andre eigedommar, jf. byskl. 4 fjerde ledd. Kravet må være sett fram for eigedomsskattekontoret innan 1. november året før skatteåret. Eigedomsskattekontoret varslar straks takstnemnda sin leiar. Takstnemnda tek stilling til om vilkåra for å gjennomføre særskilt omtaksering er til stades. 5.2 Utgiftene ved særskilt omtaksering Dersom den skattepliktige har kravd særskilt omtaksering, ber denne kostnaden ved omtakseringa. Elles ber kommunen kostnaden. 5.3 Prinsipp for særskilt omtaksering Når en eigedom vert omtaksert i medhald til byskattelova 4, tredje og fjerde ledd, skal dei same prinsipp og same prisnivå leggast til grunn som ved siste alminnelege taksering. 5.4 Melding om vedtaket Skatteytaren skal ha melding om takstvedtaket i medhald til vedtektene 6.2. 6 Kunngjøring av taksten 6.1 Kunngjøring ved alminnelig taksering Eigedomsskattekontoret kunngjer taksten i ei skatteliste som nemnt i eigedomsskattelova 15. Lista skal ligge ute til offentleg gjennomsyn i minst tre veker etter at det er kunngjort at lista er lagt ut. Kunngjøringa vert gjort kjent i lokalpressa og på kommunen sine internettsider. Saman med kunngjeringa om at skattelista er lagt ut, skal ein finne informasjon om høve for å klage på taksten og fristen for å klage.

6.2 Melding om vedtak ved særskilt omtaksering Ved særskilt omtaksering mellom to alminnelege takseringa, sendast gjenpart av takstprotokollen til eigaren i rekommandert brev med informasjon om at krav om overtakst må være innkomme til eigedomsskattekontoret innan fire veke frå den datoen då takstprotokollen blei sendt. 7 Klage på taksten/ krav om overtakst 7.1 Kven kan klage og kva kan det klagast over? Både skatteytaren og formannskapet i kommunen kan klage på takstnemnda sitt vedtak. Det kan berre klagast på taksten det året takseringa vert gjennomført, og ikkje ved seinare utskrivingar på grunnlag av same takst. Overtakstnemnda sitt vedtak kan ikkje påklagast. Skatteytaren kan likevel be overtakstnemnda om å omgjere sitt eige vedtak. Overtakstnemnda har i slike tilfelle ingen plikt til å vurdere vedtaket på nytt, men har høve til det dersom den finn det rimeleg. 7.2 Klagefristen Klagen på taksten må framsetjast skriftleg innan tre veker frå kunngjering om utlegging av skattelista, jf. eigedomsskattelova 15. Takstnemnda kan ta ein klage frå skatteytaren til behandling sjølv etter klagefristen når vedkomande ikkje er å bebreide for forseinkinga, eller det er av særleg stor verknad for skatteytaren at klagen blir handsama. Tilsvarande kan ei klage frå formannskapet takast til følgje etter klagefristen dersom formannskapet klager til skattytaren sin gunst. Eigedomsskattekontoret eller takstnemnda kan gje utsett klagefirst i enkelttilfelle dersom det vert bedt om det og det er rimeleg grunn for å gje utsett klagefrist. 7.3 Handsaming av klagen Klagen skal sendast til eigedomsskattekontoret. Når klagefristen er ute, oversender eigedomsskattekontoret alle klager til overtakstnemnda utan ugrunna opphald. Ved særskilt omtaksering mellom to alminnelege takseringar oversender eigedomsskattekontoret klagen til overtakstnemnda umiddelbart. Når klagen vert handsama i overtakstnemnda, gjeld dei same sakshandsamingsreglar som for takstnemnda så langt dei passar. Overtakstnemnda må også gjennomføre synfaring. Dersom det er naudsynt, kan det innhentast nye uttalar frå sakkyndige. Overtakstnemnda kan prøve alle sider av taksten. Taksten kan oppretthaldast, setjast ned eller opp.

7.4 Protokoll frå overtakstnemnda Som i takstnemnda, skal overtakstnemnda føre protokoll frå møter. I protokollen skal det grunngjevast kvifor eit vedtak er oppretthalde eller endra. Det skal vidare gå fram av protokollen kva faktum overtakstnemnda har lagt til grunn dersom det er usemje om faktum og kva verdsettingsprinsipp som er nytta. 7.5 Verknad av å klage på taksten Takstnemnda sitt vedtak vert ikkje gjeve oppsettande verknad sjølv om det er påklaga, jf. eskl. 25 tredje ledd. Eigedomsskattekontoret skriv ut skatt på bakgrunn av den påklaga taksten inntil ny takst føreligg. Når klagen er handsama, vert føreteke eit etteroppgjør dersom taksten er endra. 8 Utskriving av eigedomsskatten 8.1 Eigedomsskattekontoret skriv ut skatten Eigedomsskattekontoret skriv ut eigedomsskatten. Skatten avrundast til nærmaste heile krone. 8.2 Frist for å skrive ut skatten Eigedomsskatten skal vere skreve ut innan 1. mars i skatteåret med mindre anna følgjer av lova. Det vil sei at skattelista skal vere lagt ut og skattesetel sendt til skattyter. 8.3 Forfall Eigedomsskatten forfall til dei terminar som kommunestyret har fastsett. 8.4 Klage over feil ved utskrivinga Klage over feil ved utskrivinga kan påklagast av skatteytaren kvart år innan tre veker etter at skattesetelen er moteken. Klagen skal være skriftlig og sendast til eigedomsskattekontoret