ULSTEIN KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Utvalg: Ulstein formannskap Møtestad: Kommunestyresalen, Ulstein rådhus Dato: 27.01.2015 Tid: 14:00 17:25 Faste medlemmer som møtte: Navn Funksjon Representerer Knut Erik Engh Varaordførar FRP Heidi Strand Medlem H Pål Grødahl Medlem V Lisa Mari Breivik Anderson Medlem SP Renathe Rossi-Kaldhol Medlem AP Magne Grimstad jr. Medlem AP Faste medlemmer som ikkje møtte: Navn Funksjon Representerer Jan Berset ORDF H Varamedlemmer som møtte: Navn Møtte for Representerer Tor Meinseth Jan Berset H Frå administrasjonen møtte: Navn Verner Larsen Arne Runar Vik Kari Riise Marianne Hatløy Stilling Fung. rådmann Kommunalsjef teknisk Teamleiar personal Politisk sekretær Permisjonar/Ugildskap Ingen 1
OFFENTLEG SAKLISTE Saksnr Tittel Arkivsaknr PS 15/1 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE PS 15/2 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ SISTE MØTE PS 15/3 MELDINGSSAKER RS 15/1 KREFTKOORDINATOR I KOMMUNEN - VIDAREFØRING 2015/17 RS 15/2 MELDING TIL KOMMUNESTYRET OG ULSTEIN 2014/915 FORMANNSKAP RS 15/3 FOLKEVALGTPROGRAMMET 2015-2019 2007/277 RS 15/4 HØYRINGSUTTALE FRÅ SUNNMØRE TIL REGIONAL 2014/750 DELPLAN FOR ATTRAKTIVE BYAR OG TETTSTADAR RS 15/5 KOM MED FORSLAG TIL ÅRETS BEDRIFT 2014! 2014/17 RS 15/6 Unnateke off. innsyn offl. 5 og 23. 2014/300 ***** ***** ***** SENTRUMSUTVIKLINGSPROSJEKT RS 15/7 INVITASJON TIL Å FREMME KANDIDATAR TIL "ÅRETS 2015/49 REISELIVSPRIS" PS 15/4 SØKNAD OM FORLENGA LEIGE OG HANDGJEVING AV 2010/895 TOMT, OMRÅDE N1, SAUNESMARKA II, STOREHØLEN AS PS 15/5 TILBAKEKJØP AV INDUSTRITOMT I SAUNESMARKA, GNR. 2012/585 25, BNR. 330, FRÅ KONKURSBU - OKS INVEST AS PS 15/6 AD KJØP AV TOMT I SAUNESMARKA, KLAGE PÅ VEDTAK, 2009/1138 SAK 14/130, MØTE 25.11.2014 I ULSTEIN FORMANNSKAP PS 15/7 SATSAR FOR UTBETALING AV TILSKOT TIL IKKJE- 2014/1002 KOMMUNALE BARNEHAGAR 2015 PS 15/8 REGIONAL DELPLAN FOR SENTERSTRUKTUR - 2014/750 FELLESUTTALE FRÅ KOMMUNANE PÅ SUNNMØRE PS 15/9 KOMMUNEDELPLAN FOR TRAFIKKTRYGGING - OPPSTART AV PLANARBEID 2014/830 PS 15/10 STRATEGIKONFERANSE 2015 - DEBATTGRUNNLAG 2015/67 PS 15/11 FORDELING AV BUDSJETTRAMMER 2015 - FOLKEVALDE 2014/758 OG SENTRALADM. PS 15/12 HØRINGSUTTALE - OVERFØRING AV 2015/71 SKATTEOPPKREVJINGA TIL SKATTEETATEN Eventuelt Tilsetjing i stillinga som politisk sekretær: Det vert vist til utdelt framdriftsplan, l.nr. 718/2015. Ulstein formannskap vedtok samrøystes å utpeike følgjande frå formannskapet til å delta i intervju av aktuelle kandidatar: - Ordførar Jan Berset - Varaordførar Knut Erik Engh - Formannskapsmedlem Renathe Rossi-Kaldhol 2
Samrøystes felles opprop frå Ulstein formannskap: Opprop for ytringsfriheten Ulstein formannskap står sammen med Frankrike og Charlie Hebdo for ytringsfriheten. Vi ser med avsky på angrepene og har solidaritet med befolkningen i Frankrike. Ulstein formannskap mener Europa må stå sammen om det som er kjerneverdiene i samfunnene våre. Det triste og feige angrepet på Charlie Hebdo fra islamske fundamentalister er også et angrep på våre norske verdier. Spesielt i året etter at vi feiret 200-årsjubileet for grunnloven der ytringsfriheten er en helt sentral verdi. Det norske samfunn tar ansvar for å holde ytringsfrihetens fane høyt og Ulstein-samfunnet gjør det samme. Samtidig er det viktig at alle respekterer andre sin tro og mening. Våre demokratiske verdier er det som gjør samfunnene våre så sterke. Vi må ikke la noen bryte ned disse. Angrepet må gjøre at vi hegner enda sterkere om ytringsfriheten. Derfor står vi sammen med tegnerne i Charlie Hebdo og sammen med Frankrike. Ulstein formannskap oppfordrer andre kommuner til å støtte opp om ytringsfriheten som en av våre mest sentrale samfunnsbyggende verdier. Oppropet oversendes den Franske ambassadør til Norge. Ulsteinvik, 27.01.2015. Knut Erik Engh fung. ordførar Marianne Hatløy møtesekretær Magne Grimstad jr. Lisa Mari Breivik Anderson 3
PS 15/1 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE Innkalling og sakliste vart godkjent med tillegg av sak RS 15/7. PS 15/2 GODKJENNING AV PROTOKOLL FRÅ SISTE MØTE Protokollen frå møtet den 02.12.2014 vart godkjent. PS 15/3 MELDINGSSAKER Meldingane vart teke til vitande. RS 15/7 Ulstein formannskap fremjar følgjande kandidat til «Årets reiselivspris»: Hakallegarden. RS 15/6 Unnateke off. innsyn offl. 5 og 23. Formannskapet drøfta i lukka møte om saka skulle opnast eller ikkje etter framlegg frå Pål Grødahl med slikt resultat: 1 røyst for opninga av saka og 6 røyster imot. Saka vart drøfta i lukka møte. *************** RS 15/1 KREFTKOORDINATOR I KOMMUNEN - VIDAREFØRING RS 15/2 MELDING TIL KOMMUNESTYRET OG ULSTEIN FORMANNSKAP RS 15/3 FOLKEVALGTPROGRAMMET 2015-2019 RS 15/4 HØYRINGSUTTALE FRÅ SUNNMØRE TIL REGIONAL DELPLAN FOR ATTRAKTIVE BYAR OG TETTSTADAR RS 15/5 KOM MED FORSLAG TIL ÅRETS BEDRIFT 2014! RS 15/6 ***** ***** ***** SENTRUMSUTVIKLINGSPROSJEKT RS 15/7 INVITASJON TIL Å FREMME KANDIDATAR TIL "ÅRETS REISELIVSPRIS" 4
PS 15/4 SØKNAD OM FORLENGA LEIGE OG HANDGJEVING AV TOMT, OMRÅDE N1, SAUNESMARKA II, STOREHØLEN AS Ulstein formannskap godkjenner at Storehølen AS får forlenga handgjeving av tomteområdet N1 og forlenga leige for aktuell del med ytterlegare 1 år, gjeldande til 02.12.2015. Ytterlegare forlenging av handgjevinga og leiga kan ikkje påreknast. Leigesummen vert auka til kr. 20.000,- for år 2015. PS 15/5 TILBAKEKJØP AV INDUSTRITOMT I SAUNESMARKA, GNR. 25, BNR. 330, FRÅ KONKURSBU - OKS INVEST AS Ulstein formannskap viser til saksutgreiinga og godkjenner forslaget til løysing frå konkursbuet OKS Eigedom AS, ved Advokat Bjørn-Ivar Borgund, ad krav om tilbakesal av tomter til Ulstein kommune; Ulstein kommune får tilbakeført heimel til gnr. 25, bnr. 330. Ulstein kommune dekker kostnader for tilbakeskøyting. Konkursbuet og kommunen delar på prisstigninga for tomtene (75,- kr/m 2 ) i perioden. Konkursbuet får behalde heimelen til gnr. 25. bnr. 331 mot å betale 75,- kr/m 2 som kompensasjon til kommunen. Ulstein kommune betalar dermed konkursbuet kr. 572.550,- som oppgjer for tilbakeskøytinga av gnr. 25, bnr. 330 til kommunen. Summen inkluderer fråtrekk av kr. 124.650,- for eigedommen gnr. 25, bnr. 331 som konkursbuet beheld. Budsjettpost for kjøp av arealet vert lagt inn i investeringsbudsjettet som budsjettregulering i samband med tertialrapport 1-2015. Ved eit tilbakesal av gnr. 25, bnr. 330 til kommunen og vidaresal til framtidig ny tomtekjøpar føreset kommunen at tomtene i utgangspunktet vert selde som dei er. Avkøyrsla til gnr. 25, bnr. 316, 344 vert direkte frå kommunal veg og ikkje via gnr. 25, bnr. 330, med mindre framtidig eigar av gnr. 25, bnr. 330 ønskjer ei slik løysing. 5
PS 15/6 AD KJØP AV TOMT I SAUNESMARKA, KLAGE PÅ VEDTAK, SAK 14/130, MØTE 25.11.2014 I ULSTEIN FORMANNSKAP Ulstein formannskap viser til saksutgreiinga og kan ikkje sjå at det er lagt fram nye vesentlege opplysingar i saka som ikkje var kjende då vedtaket var gjort og står fast på at tomteprisen i Saunesmarka I for år 2014 er 253,25 kr/m 2. Klagen på tomteprisen vert dermed ikkje komen i møte. Saka vert sendt vidare til Ulstein kommunestyre som klageorgan for endeleg avgjerd. Framlegg frå Magne Grimstad jr.: Ulstein formannskap finn etter ei totalvurdering i denne konkrete saka at prisen for tomta med gnr. 25, bnr. 383 kan reduserast til 200,- kr/m 2. Grunngjevinga er at søkjar fekk signal frå administrasjonen om vesentleg lågare pris då han først viste interesse for tomtearealet i dette området år 2009 ut i frå gjeldande prisar og praksis for prisfastsetting på det tidspunktet. Vilkåra for salet av gnr. 25, bnr. 383 står elles fast. Oppfølging av saka vert lagt til administrasjonen. Røysting: Tilrådinga frå rådmannen vart vedteken med 6 røyster mot framlegget frå Magne Grimstad jr. som fekk 1 røyst og fall. PS 15/7 SATSAR FOR UTBETALING AV TILSKOT Nasjonale TIL satser IKKJE-KOMMUNALE 2015 BARNEHAGAR 2015 Per time Per heltidsplass Drift inkl. adm Kapital Totalt Tilråding frå Ulstein formannskap, 27.01.2015: Drift inkl. adm Kapital Totalt Tilskudd ordinære barnehager - små barn 91,3 4,4 95,7 197 200 9 500 206 700 Tilskudd ordinære barnehager - store barn 44,3 4,4 48,7 95 700 9 500 105 200 Ulstein kommune vedtek følgjande satsar for utbetaling av tilskot til ikkje-kommunale Familiebarnehager - små barn 70,6 5,6 76,2 152 500 12 000 164 500 barnehagar for 2015: Familiebarnehager - store barn 53,8 5,6 59,4 116 300 12 000 128 300 Per time Drift inkl. adm Kapital Totalt Ulstein Per heltidsplass Drift inkl. adm Kapital Totalt Tilskudd ordinære barnehager - små barn 81,7 0,9 82,7 176 563 2 016 178 579 Tilskudd ordinære barnehager - store barn 39,0 0,9 39,9 84 237 2 016 86 252 Familiebarnehager - små barn 71,1 5,8 76,8 153 470 12 360 166 036 Familiebarnehager - store barn 54,4 5,8 60,2 117 523 12 360 129 883 Satser for åpne barnehager 2015 6-15 timer 16 timer + Åpne barnehager 17 100 28 200 6
PS 15/8 REGIONAL DELPLAN FOR SENTERSTRUKTUR - FELLESUTTALE FRÅ KOMMUNANE PÅ SUNNMØRE Ulstein formannskap sluttar seg til felles høyringsuttale frå kommunane på Sunnmøre, datert 07.01.2015, som har følgjande konklusjon og anbefaling: 1. Ulstein formannskap rår til at arbeidet med «Regional delplan for attraktive byar og tettstader» vert sett på vent til pågåande prosess med kommunestruktur er avklart. Det er unaturlig med ei endring av regions- og senterstruktur, slik den går fram av Fylkesplanen, på noverande tidspunkt. 2. Delplanen (Senterstrukturplanen) vert snevra inn til å gjelde retningslinjer for lokalisering av handel, service og tenester, og skal vere eit supplement til "Forskrift om rikspolitisk bestemmelse for kjøpesentre". Det vert rådd til at eit omarbeidd framlegg til delplan vert sendt ut på ny høyring. I dette nye utkastet ber vi om at det vert tatt omsyn til at tettstader og byar er i stadig utvikling og har ulike utfordringar. Fleire av kommunane i fylket har etter kvart utvikla ein to- eller fleirsenterstruktur som dei ønskjer å bygge opp under for å styrke utvikling og vekst. Kommunane er ulike og senterstrukturplanen må gi rom for lokale tilpassingar ved at den einskilde kommune, gjennom kommuneplanen definerer sine senter og sentertypar. 3. Det bør leggjast vekt på at ein i større grad tar omsyn til lokale prosessar og vurderingar når overordna planmynde tar stilling til den einskilde kommune sine planar. PS 15/9 KOMMUNEDELPLAN FOR TRAFIKKTRYGGING - OPPSTART AV PLANARBEID Ulstein formannskap startar opp arbeidet med «trafikktryggingsplan for Ulstein kommune 2016-2019», jf. plan- og bygningslova (pbl) 11-1 og 11-2, og sender planprogrammet på høyring. Følgjande framdriftsplan vert lagt til grunn for utarbeidinga av trafikktryggingsplanen: Tidsrom 2015 Januar april 2015 Aktivitet Innleiande arbeid: Utarbeiding av planprogram Oppstartsmøte, varsel om oppstart Sende ut planprogram på høyring og offentleg ettersyn i 6 veker 7
April juni 2015 Utarbeide planforslag Sende planforslag på høyring og offentleg ettersyn i 6 veker Juli august 2015 Arbeid med innkomne innspel September desember 2015 Arbeide med siste del av planen Endeleg vedtak i kommunestyret Kunngjering av trafikktryggingsplanen PS 15/10 STRATEGIKONFERANSE 2015 - DEBATTGRUNNLAG Ulstein formannskap peikar ut ordførar Jan Berset og Renathe Rossi-Kaldhol til å gi innspel til KS Møre og Romsdal vedk. Strategikonferansane 2015. Tilråding: Alternativ 1: Det vert peika ut eit politisk utval som lagar tilråding til uttale. Alternativ 2: Formannskapet drøftar dei temaa som er lagt fram i Til debatt Strategikonferansane 2015 og gir innspel til KS Møre og Romsdal i tråd med dette. Framlegg frå Ulstein formannskap: Ulstein formannskap peikar ut ordførar Jan Berset og Renathe Rossi-Kaldhol til å gi innspel til KS Møre og Romsdal vedk. Strategikonferansane 2015. Røysting: Framlegget frå Ulstein formannskap vart vedteke med 7 mot 0 røyster. PS 15/11 FORDELING AV BUDSJETTRAMMER 2015 - FOLKEVALDE OG SENTRALADM. Ulstein formannskap godkjenner slik fordeling av budsjettrammene til Folkevalde og Sentraladministrasjonen for år 2015: Fordelte rammer på tenesteområder budsjett 2015 - Folkevalde Utgifter 4 351 392 Inntekter -58 625 Folkevalde 4 292 767 8
Fordelte rammer på tenesteområder budsjett 2015 - Sentraladministrasjon Utgifter 33 741 327 Inntekter -4 215 220 Administrasjon og fellestenester, Sentraladm 29 526 107 Utgifter 8 729 351 Inntekter -1 351 175 Overføring til andre 7 378 176 Utgifter 7 689 545 Tilleggsløyving 7 689 545 Sentraladm.,kyrkje mm 44 593 828 PS 15/12 HØRINGSUTTALE - OVERFØRING AV SKATTEOPPKREVJINGA TIL SKATTEETATEN 1. Ulstein kommune er negativ til forslaget om å statleggjere skatteoppkrevjarfunksjonen no. 2. Uttale til høyringa følgjer av merknader til høyringa som gitt i saksframstillinga der kommunen legg særleg vekt på den pågåande kommunestrukturprosessen og debatten om oppgåvefordeling. Tilrådinga frå rådmannen: 1. Ulstein kommune er negativ til forslaget om å statleggjere skatteoppkrevjarfunksjonen. 2. Uttale til høyringa følgjer av merknader til høyringa som gitt i saksframstillinga. Framlegg frå Knut Erik Engh: 1. Ulstein kommune er negativ til forslaget om å statleggjere skatteoppkrevjarfunksjonen no. 2. Uttale til høyringa følgjer av merknader til høyringa som gitt i saksframstillinga der kommunen legg særleg vekt på den pågåande kommunestrukturprosessen og debatten om oppgåvefordeling. Røysting: Framlegget frå Knut Erik Engh vart vedteke med 7 røyster mot tilrådinga frå rådmannen som fekk 0 røyster og fall. --------------- o0o -------------- Link vert sendt til: 1. Formannskapet 2. Rådmannen 3. Ass. rådmann 4. Kommunalsjefane 5. Mellomleiarane 6. Servicetorget 7. Kommunerevisoren 8. VK v/jostein Støylen 9. Kontrollutvalet m/vara Ulstein kommune, politisk sekretariat, 27.01.2015. Marianne Hatløy politisk sekretær 9