Høyringsdokument. Vurdering av sjølvkost i forhold til SFO

Like dokumenter
HØYRINGSDOKUMENT Vedtekter i SFO

SKULEFRITIDSORDNINGA I SVEIO

Saksframlegg. Kvinnherad kommune

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

Saksnr. Utval Møtedato 003/18 Skule- og kulturutval

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNINGANE I FØRDE KOMMUNE

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning i

Forskrift om standardvedtekter for kommunal skolefritidsordning

Vedtekter for SFO - Skolefritidsordninga

VEDTEKTER FOR SKULEFRITIDSORDNING I NAUSTDAL KOMMUNE

Årsplan for SFO. Sandnes skule. Skuleåret

Jelsa oppvekstsenter SFO 2017/2018. «Me lærer, me trivst og me tek vare på kvarandre»

Skulefritidsordninga i Kvinnherad gjev følgjande tilbod:

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

Revidert - Formannskapet, Vedtekne Kommunestyret,

T I L B O D SKULEFRITIDSORDNING

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Kari Rønnestad Arkiv: 231 Arkivsaksnr.: 18/1343. Betalingssatsar og tilbod i 2019 for barnehage og SFO

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

Revidert Oppvekst og omsorg,

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2015

10/60-14/N-211//AMS

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR. Underlagt lov : Lov om barnehage, og til ei kvar tid gjeldane forskrifter og rammeplan for barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

VEDTEKTER FOR. Elvetun Barnehage AS

Vedtekter for SFO skulefritidsordninga i Sandøy kommune

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

BESTEMMELSER FOR SKOLEFRITIDSORDNINGER I SOLA KOMMUNE

STRANDA KOMMUNE SØKNAD OM PLASS I SKULEFRITIDSORDNING (SFO)

Barnehagebruksplan

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

Plan for Liabygda SFO

Vedtektsendring kommunale skolefritidsordninger i Fosnes kommune. Utvalg Utvalgssak Møtedato Fosnes formannskap Fosnes kommunestyre

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

Velkommen til SFO i Forsand 2017/2018

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

VEDTEKTER FOR HORNINDAL BARNEHAGE (gjeldande frå )

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring i SFO-vedtektene frå skuleåret 2017/2018

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

Sandeid skule SFO Årsplan

Styre, råd og utval Møtedato Saksnr Levekårskomite /10 Bystyret Arkiv: FA-A22, FA-

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Innstilling frå rådmannen: Levekårskomiteen sluttar seg til framlegg til uttale slik det går fram av saksutgreiinga.

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Ann Margrethe Kråvik Kari Bolstad Gunnvor Linde Kjetil Nesse Gudvin Haraldsson

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE. Gjeldande frå Vedteke i kommunestyret , sak: 070/17.

Fritid på skulen. Kvalitetsplan for Skulefritidsordninga (SFO) i Sveio kommune Foto: Ida Vollum

Lisjebøvegen 39, 6091 Fosnavåg, tlf: , e-post:

VEDTEKTER FOR SKOLEFRITIDSORDNINGE (SFO) I RISSA

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

Tysvær kommune eig og driv følgjande barnehagar: Aksdal, Fjellhaug Friluftsbarnehage, Førresdalen, Førresfjorden, Nedstrand, Førland og Tysværvåg.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

Vedtekter for kommunale barnehagar i Vik kommune Gjeldande frå. HØYRINGSFRAMLEGG. HØYRINGSFRIST Høyringsutkast frist

SFO på Ågotnes gjev eit tilbod på 24 timar og 15 minutt i veka fordelt på 5 dagar.

Vedtekter kommunale barnehagar

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

RETNINGSLINER FOR SKULEMILJØ KAPITTEL 9A 1. AUGUST 2017

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

MØTEINNKALLING SAKLISTE. 29/12 12/831 Protokoll: Betalingssatsar for barnehagane for 2013

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

Å R S P L A N SKULEFRITIDSORDINGA VED SAGVÅG SKULE SKULEÅRET SFO:

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I FINNØY.

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016

Velkommen til SFO i Forsand Årsplan 2018/2019

Bjørnehiet SFO - informasjon

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

MØTEINNKALLING. Utval for levekår SAKLISTE 97/06 06/917 UTBETALING AV AVSETTE MIDLAR TIL PROSJEKTERING AV SYMJEANLEGG OG FLEIRBRUKSHALL

TILSYNSRAPPORT. Austevoll kommune Austevoll ungdomsskule

VEDTEKTER FOR SKOLEFRITIDSORDNINGEN I SORTLAND KOMMUNE

Vedtekter for skolefritidsordning (SFO) i Agdenes. Forslag

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

Transkript:

Høyringsdokument Vurdering av sjølvkost i forhold til SFO Stord kommune, 5..3.2015

VURDERING AV SJØLVKOST I FORHOLD TIL SFO BAKGRUNN 1. Budsjett 2015 for økonomiplan 2015-2018 i Stord kommune Kommunestyret vedtok 20.11.2014 budsjett og økonomiplan for åra 2015-2018 mellom anna med følgjande endring: «Det vert lagt opp til eit halvtårseffekt på nedtrekk i SFO, i tråd med budsjettvedtak i 2013 for budsjettåret 2014.» Nedtrekk SFO halvtårseffekt for 2015 er i vedtaket kostnadsrekna til 570 000 kr og med heilårsverknad på 1,7 millionar kroner i 2016. Vedtaket byggjer på tidlegare avgjerder til kommunestyret om sjølvkost i forhold til SFO: PS 88 /2013 Årsbudsjett 2014, økonomiplan 2014-2017: «Det er eit mål at SFO skal vera sjølvfinansierande. Kommunestyret ber rådmannen om å vurdera dette i ei sak til kommunestyret.» PS 46/14 Vurdering av sjølvkost i forhold til skulefritidsordninga: «Kommunestyret har som målsetting at sjølvkostprinsippet skal leggjast til grunn for finansiering av skulefridtidsordninga i Stord kommune. Utgifter til barn med særskilte behov skal ikkje innlemmast i utrekningsgrunnlaget. Kommunestyret viser til saksutgreiinga og ber rådmannen å vurdera skulefritidsordninga, særleg med omsyn til organisering, bemanning, opningstider og fristar for oppseiing. Kommunestyret vil vurdera mogelege endringar i vedtektene for SFO i ei eiga sak.» Rådmannen vurderer i denne saka ulike tiltak i forhold til inntekter og kostnadar som skal bidra til å nå målsettinga om at sjølvkostprinsippet kan leggjast til grunn for finansiering av det ordinære skulefritidstilbodet. Det blir lagt til grunn at prisane for ein SFO-plass ikkje skal auka meir enn den årlege løns -og prisjusteringa tilseier. 2. Prosess og tidsplan Høyring om SFO i Stord kommune blir i tidsrommet 6.3.-10.4.2015. På heimesidene til kommunen blir tidsfrist for høyring og høve til å gi uttale kunngjort. I samsvar med prinsippet om forsvarleg sakshandsaming blir utgreiinga sendt på høyring til rådsorgana ved skulane, men alle andre har og rett til å uttala seg. Med bakgrunn i informasjon som kjem fram i høyringsuttalane, vil rådmannen utarbeida vurdering og framlegg til vedtak som skal handsamast i komité for oppvekst og utdanning 5.5. 2015 og kommunestyret 28.5.2015. Mange har vore involverte i utarbeidinga av saka, og det har i prosessen vore møte med kommunale leiarar, to representantar frå rektorane, ein SFO-leiar og økonomisk rådgjevar for oppvekstområdet. 1

3. Lovgrunnlaget som saka byggjer på Kommunen skal ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1.-4. årstrinn, og for barn med særskilte behov på 1.-7. årstrinn, viser her til opplæringslova 13-7. I førearbeida til lova om SFO frå 1998, vart det framheva at kommunen skulle dekka utgifter til lokalar og inntektstap som følgje av innføring av søskenmoderasjon eller inntektsgraderte betalingssatsar. Det gjekk elles fram at utgifter til barn med særskilte behov ikkje skulle leggjast inn i grunnlaget for berekningav foreldrebetaling. Då statstilskottet til SFO blei innlemma i rammetilskottet til kommunane, vart lova om SFO endra (2003). Av lovteksten her går det m.a. fram: «Kommunen kan krevje utgiftene til skolefritidsordninga dekte gjennom eigenbetaling frå foreldra.» I forhold til å dekka inn utgiftene til kommunen, blir det i lovteksten ikkje lenger lagt opp til noko avgrensing når det gjeld høvet til å krevje foreldrebetaling for plass i SFO. 4. Vedtekter i SFO Av opplæringslova går det fram at skulefritidsordninga skal ha vedtekter om eigarforhold, kven som er opptaksmyndigheit, opptakskriterium, opptaksperiode og oppseiing av plass i SFO, foreldrebetaling, leike -og opphaldsareal, dagleg opphaldstid og årleg opningstid, bemanning og leiing. Fleire av vedtektspunkta vil påverka økonomien i ordninga. Utdanningsdirektoratet presiserer i brev av 9.2.2010 at SFO ikkje er ein del grunnskoleopplæringa. Dette betyr at Fylkesmannen ikkje er klageinstans for enkeltvedtak knyta til SFO. Klageorgana til kommunane har denne kompetansen, og i Stord kommune vil klagenemnda vera klageorgan for SFO. Når sjølvkost skal leggjast til grunn for økonomien i SFO-tilbodet, må både inntektsida og kostnadssida vurderast. Kostnadssida i SFO er kompleks og lite føreseieleg og handlar om tilbodsmodellar, personaltettleik, tid til administrasjon og leiing, opningstider, oppseiingstid m.m. Forslag til nye vedtekter som oppfølging til forslag av tiltak i saka, er å finna til slutt i saksorienteringa. SAKSORIENTERING Betalingssatsane er likelydande for fritidsordningane ved alle sju skulane, og inntektene skal såleis bidra til å gi skulane like rammevilkår for drifta. Lønn og sosiale kostnadar er den primære kostnaden i SFO. Når husleige, straum og personalkostnadar til tiltak for barn med særskilte behov blir halde utanfor sjølvkostgrunnlaget, vil ein sjå at personalkostnadane i det ordinære tilbodet blir påverka av tilbodsstrukturen/ tilbodsmodellar, utdanningsnivå på dei tilsette, vaksentettleik, opningstider, oppseiingstid, avsett tid til leiing og etterspørsel etter tilbodet. 2

1. Bemanning/tal på barn pr. vaksen 1.1. Bemanning/barn pr. vaksen i gjeldande vedtekter Vedtektene for SFO i Stord kommune seier følgjande om krav til bemanning: «Kvar SFOgruppe har i utgangspunktet ei grense på 20 barn der grunnbemanninga er 2 vaksne (ein leiar og ein assistent). Barnetalet kan aukast til 22 barn pr. gruppe, dersom areala er så store at dette er forsvarleg. Barnetalet er 13 pr. vaksen for barn frå 3.og 4.trinn. Det er mogleg for skulane å oppretta SFO-grupper etter behov, så langt det er økonomisk og arealmessig forsvarleg. Når barn med dokumenterte særskilte vanskar vert tekne inn i SFO, skal det fylgja med ekstra ressursar til ekstra bemanning til desse barna ut frå fagleg vurdering.» Om bemanninga blir bestemt i forhold til kor mange barn som er i tilbodet på det meste, vil det vera periodar på dagen eller i veka kor det er fleire vaksne enn krav til bemanninga tilseier. 1.2. Behov for inntekter som skal dekka personalkostnadane. I det følgjande blir det lagt til grunn: At ei gruppe inneheld det tal på barn som ein vaksen kan ha ansvar for. At ei storgruppe inneheld det tal på barn som to vaksne kan ha ansvar for (er det same som i eksisterande vedtekter blir kalla for gruppe) Av omsyn til tryggleiken til barna kan det vera trong for meir enn ein vaksen på skulen i SFO-tida. Dersom eit barn skadar seg eller brått blir sjuk, må det vera muleg å tilkalla ein vaksen som på kort varsel kan ha tilsyn med barnegruppa slik at gruppeleiar kan ta seg av det sjuke/skada barnet og eventuelt tilkalla lækjar eller føresette. Opningstidene i SFO er mellom kl. 06.45 kl.16.15. Rektorane og andre tilsette på skulen har si arbeidstid før, etter og i kjernetida for skuledrifta og kan ikkje påleggjast fast arbeidstid utover det. Når det er nok barn til to grupper og to vaksne, må det i skade-eller sjukdomssituasjonar vera mogeleg å slå saman dei to gruppene til situasjonen er avklara og under kontroll. 1.2.1. Kostnad pr. gruppe i SFO (full tid i 38 veker): TYPE KOSTNADAR KOSTNAD FOR KOSTNAD FOR FØRSTE GR GR.NR.2. Tilsyn i opningstida pr.gruppe (ein vaksen) 244 130 244 130 Ekstra tilsyn morgon og sein ettermiddag/ 76 286 38 143 gr.leiar/vikar SUM 320 416 282 273 Sosiale kostnadar (36 % i 2015) 115 350 101 618 Lønnskostnadar ei gruppe 435 766 383 891 Materiell/utstyr 10 000 10 000 SUM PR.GR.PR.SKULEÅR: 445 766 393 891 3

Kostnaden for den første gruppa som skal etablerast i SFO, er høgast. Om tal på barn tilseier at dette blir den einaste SFO-gruppa ved skulen, må her leggjast inn ressursar til ekstra tilsyn morgon og sein ettermiddag. Samarbeidsressurs for tilsette i samsvar med SFS 2201 må takast av same ressursen. Ressursane til ekstra tilsyn som her er lagt inn, kan vera i knappaste laget for å sikra ekstra tilsyn utanom arbeidstida ved skulen (kl. 8.00-15.30). Dei første 15-30 min av dagen og dei siste 15 minuttane før ordninga stengjer, bør det vera muleg å redusera til ein vaksen om situasjonen tilseier at det er forsvarleg. Tiltaket krev at det blir utarbeidd ei tydeleg rutine for å sikra forsvarleg drift i slike situasjonar. 1.2.2. Krav til tal barn for å dekka personalkostnadane i SFO: Kostnad pr. år for den første gruppa 445 766 (pkt.1.2.1.) Pris pr. heil plass pr. år 29 800 Krav til tal på barn pr. gruppe for å dekka kostnadene 445 766 29 800 15 Kostnad pr. år for gr.nr.2. i SFO 393 891 (Pkt.1.2.1.) Pris pr. heil plass pr. år 29 800 Krav til tal på barn pr. gruppe for å dekka kostnadene 393 891 29 800 13,2 Av vedtekter frå andre kommunar ser ein at bemanningsfaktoren kan variera frå ein vaksen pr.10 barn til ein vaksen pr. 18 barn. Fleire kommunar har valt som rettleiande bemanningsfaktor ein vaksen pr. 15 barn. Med ein rettleiande faktor blir det den enkelte skule si oppgåve å syta for at SFO-ordninga blir sikra ei forsvarleg drift innanfor dei rammene som foreldrebetalinga gir, men dei kommunale vedtektene må leggja til rette for at det kan vera muleg. Om SFO- ordninga har nok barn til to grupper/ei storgruppe ser ein at bemanningsfaktoren vil liggja mellom 14 og 15 barn pr. vaksen. Utfordringa er at om foreldrebetalinga skal finansiera nødvendig tal på vaksne for ei gruppe i heile opningstida, må 15 barn velja full plass. Ser ein på korleis barn i SFO fordeler seg på dei ulike plassalternativa i skuleåret 2014/2015, er det ca. 23 % av brukarane som har 100 % plass. Dersom det 16.eller 17.barnet skal utløysa ny gruppe og ein ny vaksen, vil det gi økonomiske utfordringar sjølv om den ekstra tilsynsressursen for den første etablerte gruppa vil bidra noko i forhold til neste gruppe. Såleis blir ein rettleiande bemanningsfaktor å føretrekkja om tilbodet skal gå i balanse. Ein eller to skular i Stord kommune har såpass lite brukargrunnlag i SFO at det kan bli utfordringar med å få dekka personalkostnadane for ei gruppe. Kommunen kan setja krav til tal påmeldte barn for at ei ordning skal vidareførast. Barna ved skular som ikkje har SFO, vil i 4

slike situasjonar få tilbod ved andre skular. Rådmannen har i denne saka ikkje vurdert nedlegging av SFO-tilbod, men ser at det kan bli behov for å koma tilbake til det. 2. Tilbodsstrukturen/tilbodsmodellar Det er i dag ingen nasjonale kvalitetsstandardar på SFO- tilbodet, og tilbodsmodellane og prisar varierer mellom kommunane. 2.1. Tilbodsstrukturen i forhold til gjeldande vedtekter. Frå 1.1. 2015 er det følgjande SFO-tilbod i Stord kommune. (Prisar for opphald er eksklusive leksehjelp): 100 % plass: Kr. 2 980,- pr. mnd 80 % plass: Kr. 2 461,- pr. mnd 60 % plass: Kr. 1 870,- pr. mnd 50 % plass: Kr. 1 610,- pr. mnd Full plass skulefrie dagar ved Tjødnalio SFO kr. 3 370,- Full plass sommarope juni 2015 ved Tjødnalio SFO kr. 1 345,- Full plass sommarope august 2015 ved Tjødnalio SFO kr. 2 020,- Innan tre av dei ulike prosentalternativa (50 %, 60 % og 80 %), er det høve for brukarane å velja fleire ulike opphaldsmodellar: Plass i prosent Valmuligheiter innan dei ulike prosentalternativa 100% 80% 60 % 50 % 5 dagar både før og etter skuletid 4 dagar både før og etter skuletid 5 dagar etter skuletid Tre dagar før og etter skuletid 4 dagar berre etter skuletid Turnus Vekselvis 2 og 3 dagar før og etter skuletid Full plass i oddetalsveker eller partalsveker Tre dagar berre etter skuletid 5 dagar berre før skuletid Turnus Denne ordninga gir foreldre fleksibilitet, men stadige endringar i tal på barn gjennom dei ulike dagane og vekene kan gjera det utfordrande å leggja til rette for eit SFO-tilbod som gir heilskap og stabilitet i dagen for barna. Samstundes gir det utfordringar for økonomien i tilbodet. 2.2. Konsekvensar av gjeldande tilbodsstruktur 2.2.1. Samanlikning med andre kommunar (Kostra, 2013): Kostratala syner at Stord kommune samanlikna med andre kommunar og kommunegruppe 8 har ein låg prosentdel elevar som har 100 % plass i SFO. Av tabellen går det fram at dei kommunane som har færrast barn på full plass i SFO, har dei høgaste netto driftsutgiftene pr. plass. (Utgifter til barn med særskilte behov er rekna med i utgiftene) 5

2.2.2. Ulike tilbodsstrukturar og salsinntektene Stord kommune har fleksible løysingar for brukarane av SFO. Alternativ 1. viser den tilbodsstrukturen som kommunen i dag har og korleis fordeling av påmeldte barn i den minste ordninga og ein av dei større ordningane kan vera. Alternativ 1. Tilbodsmodell SFO med få barn SFO med mange barn 5 dagar både før og etter skuletid 10 21 4 dagar både før og etter skuletid 5 dagar etter skuletid 1 7 18 Tre dagar før og etter skuletid 1 3 4 dagar berre etter skuletid 3 16 Turnus 2 2 Vekselvis 2 og 3 dagar før og etter skuletid Full plass i oddetalsveker eller partalsveker Tre dagar berre etter skuletid 5 dagar berre før skuletid Turnus 4 2 3 12 1 3 2 3 Totalt tal på barn 22 92 Foreldrebetaling for dei to ordningane 494 698 1 717 046 Sjølv om det er 22 påmeldte barn i den minste ordninga, kan dei fordela seg på så mange ulike tilbod at det for fleire av dagane er færre enn 15 påmeldte barn, og foreldrebetalinga vil ikkje finansiera personalkostnadane. For å sikra meir stabile og faste barnegrupper og samstundes betre kontroll på økonomien, er det mange kommunar som har gått over til få tilbodsalternativ. I alternativ 2 og 3 har ein fordelt påmeldte barn ved dei to SFO-ordningane skuleåret 2014/2015 på ordningar med færre tilbod og hatt som føresetnad at: Elevane vil fordela seg på dei tilboda som sikrar det behovet dei hadde ved påmelding hausten-14. Endring i tilbodsstruktur vil ikkje gi fråfall. 6

Alternativ 2 Tilbod SFO med få barn SFO med mange barn 5 dagar berre før skuletid kvar dag kvar veke 1 6 Ettermiddag kvar dag kvar veke 7 46 5 dagar både før og etter skuletid 14 40 Totalt tal på barn 22 92 Foreldrebetaling for dei to ordningane 605 570 2 420 660 Alternativ 3 Tilbod SFO med få barn SFO med mange barn 5 dagar både før og etter skuletid 22 92 Totalt tal på barn 22 92 Foreldrebetaling for dei to ordningane 655 600 2 741 600 Val av tilbodsstruktur er viktig for innteninga. Samstundes må ein rekna med at tilbodsstrukturen vil påverka etterspørselen. Eksisterande tilbodsstruktur gir stor fleksibilitet, men låg inntening. Med utgangspunkt i dei mange valalternativa som her har vore, vil alternativ to medføra ei merkbar innstramming og truleg noko fråfall. Alternativ 3 gir ingen fleksibilitet og kan føra til stort fråfall. Om bemanninga blir bestemt i forhold til kor mange barn som er i tilbodet på det meste, vil det vera periodar på dagen kor det er fleire vaksne enn behovet for bemanning tilseier. Ein SFO-ordning i økonomisk balanse set store krav til rektor når det gjeld ei kostnadseffektiv disponering av personalet i forhold til forventa oppmøte. Ein svært fleksibel tilbodsstruktur gir utfordringar i forhold til å leggja til rette for eit godt innhald i SFO. Mange aktivitetar kan det vera vanskeleg å planleggja for når det varierer mykje kva barn som er i ordninga gjennom dagen eller veka. 2.3. Ferietilbod Det blir gitt tilbod om opphald i SFO ved ein av skulane i kommunen. Om brukargrunnlaget blir for lite i forhold til å finansiera personalkostnadane i tiltaket, må kommunestyret ta stilling til om tilbodet kan halda fram. 3. Tid til leiing 3.1. Tid til leiing i gjeldande vedtekter Vedtektene for Stord kommune har følgjande formulering om leiing av SFO: «Rektor har det administrative, pedagogiske og økonomiske ansvar for skulefritidsordninga på kvar skule. Skulefritidsordninga skal vera ein naturleg del av skulen si drift. Skulefritidsordninga har eigen leiar for SFO med relevant utdanning. 7

Det er viktig at leiar for SFO deltek på samarbeidsmøter ved skulen, i saker som gjeld skulefritidsordninga primært, og i saker som gjeld annan drift av skulen, dersom desse grip inn i skulfritidsordninga.» Vedtektene talfestar ikkje kor store ressursar som skal setjast av til leiing av SFO. 3.2. Tid til leiing i opplæringslova og SFS 2201 I artikkel frå KS (24.4.2014) knytt til særavtalen SFS 2201 og andre spørsmål om personalet i barnehage, skole og SFO står det: «Dersom kommunen velger å ansette daglig leder i SFO er ledelsesressurs regulert i punkt 3.1.2. Særavtaleteksten lyder slik: «I skolefritidsordninger som samlet har innskrevet 60 barn eller mer, skal det som hovedregel tilsettes daglig leder i hel stilling. I mindre skolefritidsordninger kan daglig leder også utføre andre arbeidsoppgaver utover funksjonen som daglig leder. Det foretas en forholdsmessig reduksjon av tid til ledelse, dog slik at minimum 20 % av hel stilling skal avsettes til ledelse. I opplæringsloven 13-7 framkommer det at når skolefritidsordningen er knyttet til skoler, skal rektor til vanlig være administrativ og faglig leder. Flere kommuner har med henvisning til denne bestemmelsen ikke ansatt egne daglig ledere i SFO. Kommunene bør, ved nyansettelser i skolefritidsordninger, og spesielt i små skolefritidsordninger, vurdere hvorvidt det er behov for å ansette egne daglige ledere.». «Når det gjelder formuleringen «forholdsmessig reduksjon av tid til ledelse» forstås dette slik: Det vil være behov for en basistid til å utføre ledelsesoppgaver, uavhengig av antall barn i SFO. Når antall barn øker, vil det være behov for tid utover dette. Dette må vurderes lokalt. Avtalen sier kun at dersom man ansetter daglig leder i SFO skal minimumstid til ledelse være 20 % av hel stilling. Hvor stor del av stillingen som til enhver tid går med til rene ledelsesoppgaver, vil kunne variere gjennom året. Eventuell disponibel tid utover konkret ledelsestid brukes til annet arbeid i SFO/skole.» 3.3. Aktuell tilnærming til tidsressurs for leiing Av vedtektene for SFO i Stord kommune går det fram at ordninga skal ha eigen leiar. Fire av SFO-ordningane har over 60 barn, men sidan rektor og ulike andre støttefunksjonar bidrar inn mot ordninga blir ikkje SFS 2201 lagt til grunn for tid til leiing. Mange av SFO-ordningane i vår kommune er store, og den daglege drifta vil ha mange og store oppgåver knyta til kontakt med brukarane, brukarregistreringar, vikarorganisering og rapportering, personalhandtering, dagleg organisering, deltaking i ulike møte med skulen, fagleg leiing m.m., og det vil ikkje vera muleg for rektor å ta hand om alt dette åleine. Av SFS 2201 går det fram at dersom dagleg leiar i SFO blir tilsett, skal minimumstid til leiing vera 20 % av heil stilling. Når talet på barn aukar, vil det vera behov for meir tid, men dette skal vurderast lokalt. Med dette som grunnlag kan følgjande løysing vera aktuell: For dei minste SFO-ordningane har rektor ansvar for leiing av SFO. Når brukarbetalinga tilseier det, kan rektor setja av ressursar til leiing til ein av dei tilsette i ordninga. 8

For dei større ordningane skal ei god disponering av personalressursane innan den økonomiske ramma som foreldrebetalinga gir, gjera det muleg å setja av noko tid til SFO-leiar, minimum 20 %. Ressursar som skal dekka rektor sitt overordna ansvar for SFO, er lagt inn i tildelingsgrunnlaget for barneskulane og er såleis dekka av dei frie inntektene til kommunen. 3.4. Tid til planlegging og samarbeid for gruppeleiarar I skulefritidsordninga skal tid til tilrettelegging/planlegging utgjera gjennomsnittleg minst 5 % av arbeidstida og vera innan ordinær arbeidstid. I tillegg til planleggingstid skal det etter SFS 2201 setjast av 37,5 timer pr. år til planlegging og samarbeid ved den enkelte skulefritidsordning. For tilsette på deltid skal 37,5 timer tilpassast stillingsstorleiken til arbeidstakar. 4. Oppseiing I vedtektene for Stord kommune står det: «Hovudinntaket skjer i vårsemesteret og gjeld for eit skuleår eller til plassen vert sagt opp. Det er ein gjensidig oppseiingsfrist på ein -1- månad, rekna frå den 1. i kvar mnd. Dei føresette må senda skriftleg oppseiing til den skulen skulefritidsordninga høyrer til. Det er ikkje høve til å seia opp etter 1.april.Dersom det er plass, kan skulen ta inn elevar i SFO for kortare periodar.» SFO får si organisering med inndeling i grupper og tal på tilsette med grunnlag i påmeldte barn i august. Rekneskapstala til kommunen syner at inntektene i SFO går ned månad for månad alt frå desember som følgje av at barn sluttar i ordninga. Når barnetalet får så store reduksjonar at talet på tilsette bør reduserast, er det uheldig for den økonomien i ordninga at oppseiingstida for ein plass i SFO (1 mnd) ikkje er i samsvar med oppseiingstida for tilsette (3 mnd). I vedtektene til andre kommunar går det fram at oppseiingstida varierer frå 1 mnd. til 6.mnd. Oppseiingstida for ein plass i SFO bør endrast til tre månadar slik at den er i samsvar med oppseiingstida for tilsette. 5. Opningstider Opningstidene i SFO er frå kl.6.45 til 16.15 med fråtrekk for skuletida. Opningstidene må vera samanfallande med arbeidstidene til føresette og såleis kan ikkje rådmannen sjå at det er grunn til å gjera endringar i forhold til desse. 6. Barn med særskilte behov Det følgjer av opplæringslova 13-7 at kommunane skal ha tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for barn med særskilte behov på 1.-7. årstrinn. Kommunestyret har alt vedteke at utgifter til barn med særskilte behov ikkje skal inngå i sjølvkostgrunnlaget for SFO, men det er likevel trong for ei avgjerd om brukarbetaling for denne gruppa. Her er det ulik praksis mellom kommunane og mellom skular i same kommune. 9

Følgjande alternativ kan det takast stilling til: SFO-tilbodet skal vera gratis for barn med særskilte behov i alle sju åra. Det skal betalast for SFO for barn med særskilte behov i alle sju åra. For barn med særskilte behov skal det betalast for SFO-plass når dei går i 1.-4.klasse. På mellomtrinnet skal tilbodet vera gratis. 7. Oppsummering. For at auke i foreldrebetalinga ikkje skal vera den einaste løysinga på å sikra ei SFO-ordning i økonomisk balanse, har det i denne saka blitt gjort ei vurdering av andre tilhøve som påverkar økonomien. Utgifter til barn med særskilte behov har i samsvar med tidlegare politisk vedtak, ikkje vore med i utrekningsgrunnlaget. Både inntekts -og kostnadssida i SFO er kompleks og kan bli påverka av faktorar som det på førehand er vanskeleg å ta høgde for, og eventuelle tiltak som blir sette i verk vil krevja ei tett oppfølging av ordninga både av skule og skuleeigar. Om personalkostandane for tilsynet med barna i SFO skal dekkast av foreldrebetalinga, må om lag 15 barn til ei kvar tid ha plass i ordninga for å finansiera lønsutgiftene som ei gruppe utløyser. Tal på påmeldte barn vil variera og ikkje alltid gi fulle grupper. Det blir såleis avgjerande å disponera personalet slik at det blir ei forsvarleg ordning innan rammene som foreldrebetalinga til ei kvar tid gir, og bemanningsfaktoren på 15 bør vera rettleiande. For innteninga i ordninga ville det gitt best stabilitet og vore mest føreseieleg om det berre blei gitt tilbod om å kjøpa heile plasser. Ein tilbodsstruktur som gir stor fleksibilitet, vil vera lite kostnadseffektiv, redusera inntektssida og kan gi auke i betalingssatsane. Om prisane skal halda seg på nåverande nivå, bør difor val av tilbodsalternativ avgrensast. Om målsettinga skal vera at foreldrebetalinga skal halda seg på nåverande nivå, berre endra som følgje av årleg løns -og prisjustering, vil det ikkje vera rom for å leggja stort meir enn personalkostnadane i SFO inn i sjølvkostgrunnlaget. Kommunen må framleis dekka kostnadane knyta til hus og uteareal. Rektor si tid til leiing av SFO har i alle år vore belasta skulebudsjettet, og denne ordninga bør vidareførast. Auke i tal på barn pr. vaksen vil gi konsekvensar for innhaldet i SFO og for muligheitene for oppfølging av kvart enkelt barn. Samstundes vil arbeidssituasjonen for dei tilsette bli meir krevjande. Færre tilbodsalternativ gir ikkje dei føresette i same grad som med noverande ordning, høve til å velja eit tilbod som nær er samanfallande med behovet ut frå arbeidssituasjonen deira. For barna i SFO kan færre tilbodsalternativ vera eit tenleg tiltak som gir meir føreseielege og stabile barnegrupper. Ein svært fleksibel tilbodsstruktur utløyser mykje organisering og ekstraarbeid for dei tilsette i ordninga, og ein reduksjon kan såleis gi ein litt enklare arbeidssituasjon. 10

8. Forslag til endringar med grunnlag i saksorienteringa: 8.1. Bemanning Utgiftene til SFO skal dekkast av foreldrebetalinga. Rettleiande bemanningsfaktor blir med bakgrunn i utrekningsgrunnlaget sett til 15 barn pr. vaksen. 8.2. Tilbodsstruktur For å sikra meir stabile og faste barnegrupper og samstundes betre kontroll på økonomien, blir følgjande tilbodsstruktur innført frå 1.8.2015: Tilbod 5 dagar berre før skuletid kvar dag kvar veke Ettermiddag kvar dag kvar veke 5 dagar både før og etter skuletid-heil pass 8.3. Tid til leiing for ansvarleg for den daglege drifta. Som det er gjort greie for i saksutgreiinga er det mange oppgåver knyta til drift av SFO. Rektor har det overordna ansvaret for ordninga, men det vil vera trong for ein ansvarsperson i forhold til den daglege drifta. Disponering av personalressursane vil bli svært viktig om SFO skal gå i balanse og då vil det vera avgjerande at ein i personalet med god kunnskap om drifta, kan ha tidsressursar til å handtera dette. For små SFO-ordningar er rektor dagleg leiar, men om det innan rammene som brukarbetalinga gir, er høve til å tildela noko ekstra ressursar til ein ansvarleg for den daglege drifta i SFO, skal det vera høve til det. For dei store SFO-ordningane kan det setjast av tid til ein ansvarleg for den daglege drifta innan dei rammene som foreldrebetalinga gir. 8.4. Oppseiing av plassen Oppseiingstida for ein plass i SFO blir endra til tre månadar slik at denne er i samsvar med oppseiingstida for tilsette. 8.5. Brukarbetaling for barn med særskilte behov Det bør takast ei avgjerd om brukarbetaling for barn med særskilte behov og følgjande alternativ er aktuelle: SFO-tilbodet skal vera gratis for barn med særskilte behov i alle sju åra. Det skal betalast for SFO for barn med særskilte behov i alle sju åra. For barn med særskilte behov skal det betalast for SFO-plass når dei går i 1.-4.klasse. På mellomtrinnet skal tilbodet vera gratis. 11

Forslag til nye vedtekter for dei kommunale skulefritidsordningane i Stord kommune Gjeldande frå 1.8.2015 1. FØREMÅL Skulefritidsordninga er eit omsorgs og fritidstilbod i hovudsak for barn på 1. 4. trinn. I tillegg gjeld ordninga også for barn med særskilte vanskar på 4.-7.trinn. Tilbodet vert gjeve utanom den obligatoriske skuledagen for 1. 4. trinn. Innhald og aktivitet skal ha hovudvekt på leik, kultur og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesse hjå barna. Funksjonshemma barn skal gjevast gode utviklingsvilkår. 2. EIGARFORHOLD Stord kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved dei kommunale skulefritidsordningane. 3. OPPTAKSMYNDIGHEIT Inntak av barn vert gjort ved den enkelte skule. Den kommunale klagenemnda er klageinstans. 4. OPPTAKSKRITERIUM Målet er at alle som søker skal få plass i skulefritidsordninga. Fylgjande kriterium i prioritert rekkefølgje vil vera retningsgjevande ved inntak: Barn med særskilde vanskar. Føresetnaden er at ei fagleg vurdering ligg til grunn. Barn med funksjonshemming kan delta t.o.m.7.trinn. Barn til einslege forsytarar som er i arbeid utanfor heimen eller går på skule. Barn som har begge forsytarar i arbeid utanfor heimen eller under utdanning. Dei yngste barna 5. OPPTAKSPERIODE OG OPPSEIING AV PLASSEN Hovudinntaket skjer i vårsemesteret og gjeld for eit skuleår eller til plassen vert sagt opp. Det blir gitt tilbod om opphald i feriar ved ein av barneskulane i kommunen. Det er ein gjensidig oppseiingstid på tre -3- månadar, rekna frå den 1. i kvar månad. Dei føresette må senda skriftleg oppseiing til den skulen skulefritidsordninga høyrer til. 6. FORELDREBETALING Utgiftene til den ordinære skulefritidsordninga skal dekkast av foreldrebetalinga. Stord kommunestyre gjer vedtak om pris for dei ulike tilboda og for barn med særskilte behov for kvart budsjettår. Årleg prisendring tilsvarande konsumprisindeks vil ikkje bli varsla særskilt. Varslingstid skal tilsvara oppseiingstid ved større prisendringar. Ved prisendring som har si årsak i endringar i statlege føringar med konsekvensar for SFO, vil dette gjerast gjeldande frå den dato som staten har sett. 12

For SFO i skuleåret skal det betalast for 10 månadar. Ferietilbod skal det betalast ekstra for. Betalingssatsane er ikkje gradert etter inntekt. Ordninga gjev ikkje høve til søskenmoderasjon. Det er høve til å ta ekstra betaling til mat, turar og utflukter. For sein betaling vil føra til morarente. 7. LEIKE-OG OPPHALDSAREAL Skulefritidsordninga nyttar lokalar og uteaareal ved skulane. Leike og opphaldsareala skal fungera for leik, kultur og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesse hjå barna. I praksis vert SFO ofte samlokalisert med 1. - 4. trinna sine heimeareal. Det skal føreligge godkjenning etter forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular. 8. DAGLEG OPPHALDSTID OG ÅRLEG OPNINGSTID Skulefritidsordninga fylgjer skuleåret. Dagleg opningstid er normalt mellom kl.06.45 kl.16.15. Tilbod 5 dagar berre før skuletid kvar dag kvar veke Ettermiddag kvar dag kvar veke 5 dagar både før og etter skuletid-heil pass Det blir gitt ferietilbod ved Tjødnalio skule. Tilsette i ordninga skal gjennom skuleåret delta på planleggingsdager. 9. BEMANNING OG LEIING Rektor har det administrative, pedagogiske og økonomiske ansvar for skulefritidsordninga på kvar skule. For små SFO-ordningar er rektor dagleg leiar, men om det innan rammene som brukarbetalinga gir, er høve til å tildela noko ekstra ressursar til ein ansvarleg i SFO, skal det vera høve til det. For dei store SFO-ordningane kan det setjast av tid til ein ansvarleg for den daglege drifta i SFO, innan dei rammene som foreldrebetalinga gir. Rettleiande bemanningsfaktor er 15 barn pr. vaksen, og det kan ikkje tilsetjast fleire vaksne enn betalingsgrunnlaget tilseier. Det blir i tillegg tildelt ressursar av dei frie inntektene til kommunen, til SFO-grupper som har barn med særskilte behov. Alle som blir tilsette i SFO, må leggja fram politiattest. 13

VEDLEGG 1:VEDTEKTER PR.1.3.2015 FOR KOMMUNALE SKULEFRITIDSORDNINGAR SFO - VED BARNESKULANE I STORD 1. RETNINGSLINER Dei kommunale skulefritidsordningane i Stord vert drivne etter Lov og Forskrifter om Skolefritidsordningen (rundskriv f-66-98 frå KUF) og etter dei retningslinene som er vedtekne i Hovudutval for Undervisning i sak 009/91. 2. FØREMÅL Skulefritidsordninga er eit omsorgs og fritidstilbod i hovudsak for barn i 1. 4. trinn. I tillegg gjeld ordninga også for barn med særskilde vanskar 4.-7.trinn. Tilbodet vert gjeve utanom den obligatoriske skuledagen for 1. 4. trinn. Innhald og aktivitet skal ha hovudvekt på leik, kultur og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesse hjå barna. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. 3. ANSVARLEG STYRINGSORGAN Skulefritidsordninga ligg administrativt under kvar skule, med rektor som øvste ansvarlege leiar. Utviklingsgruppa v/skulekonsulenten er koordinator i generelle spørsmål og støtte i faglege spørsmål. 4. LEIING, STYRING, ANSVAR OG ØKONOMI Rektor har det administrative, pedagogiske og økonomiske ansvar for skulefritidsordninga på kvar skule. Skulefritidsordninga skal vera ein naturleg del av skulen si drift. Skulefritidsordninga har eigen leiar for SFO med relevant utdanning. Det er viktig at leiar for SFO deltek på samarbeidsmøter ved skulen, i saker som gjeld skulefritidsordninga primært, og i saker som gjeld annan drift av skulen, dersom desse grip inn i skulfritidsordninga. Samarbeidsutvalet ved skulen er styre for skulefritidsordninga. Utvalet bør utvidast med ein representant for dei tilsette i skulefritidsordninga i saker der det er ynskjeleg. Det same gjeld for foreldrerepresentant for skulfritidsordninga. Dei har då møte tale og stemmerett. 5. LEIKE - OG OPPHALDSAREAL Skulefritidsordninga har leike og opphaldsareal som legg til rette for leik, kultur og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesse hjå barna. I praksis vert SFO ofte samlokalisert med 1. - 4. trinna sine heimeareal. 6. BEMANNING / GRUPPER Kvar SFO-gruppe har i utgangspunktet ei grense på 20 barn der grunnbemanninga er 2 vaksne (ein leiar og ein assistent). Barnetalet kan aukast til 22 barn pr. gruppe, dersom areala er så store at dette er forsvarleg. Barnetalet er 13 per vaksen for barn frå 3.og 4.trinn. Det er mogleg for skulane å oppretta SFO-grupper etter behov, så langt det er økonomisk og arealmessig forsvarleg. Når barn med dokumenterte særskilte vanskar vert tekne inn i SFO, skal det fylgja med ekstra ressursar til ekstra bemanning til desse barna ut frå fagleg vurdering. 7. INNTAKSMYNDE Inntak av barn vert gjort ved den enkelte skule der Samarbeidsutvalet er endeleg godkjenningsinstans etter innstilling frå rektor og leiar for tilbodet. Forvaltingsstyret er klageinstans. 14

8. INNTAKSKRITERIER Målet i Stord kommune er at alle som søker skal få plass i skulefritidsordninga. Fylgjande kriterium i prioritert rekkefølgje vera retningsgjevande ved inntak: 1. Barn med særskilde vanskar. Føresetnaden er at ei fagleg vurdering ligg til grunn. Barn med funksjonshemming kan delta t.o.m.7.trinn. 2. Barn til einslege forsytarar som er i arbeid utanfor heimen eller går på skule. 3. Barn som har begge forsytarar i arbeid utanfor heimen eller under utdanning. Yngre barn bør til ein viss grad gå framfor eldre barn, men ein skal prøva å oppnå ei viss aldersspreiing. Justert pr. 06.01.12 Skulen må ha min. ein plass ledig etter hovudinntaket til m.a. klagesaker. 9. INNTAKSPERIODE OG OPPSEIING Hovudinntaket skjer i vårsemesteret og gjeld for eit skuleår eller til plassen vert sagt opp. Det er ein gjensidig oppseiingsfrist på ein -1- månad, rekna frå den 1. i kvar mnd. Dei føresette må senda skriftleg oppseiing til den skulen skulefritidsordninga høyrer til. Det er ikkje høve til å seia opp etter 1.april Dersom det er plass, kan skulen ta inn elevar i SFO for kortare periodar. Alle foreldre som har elevar i skulen, kan tinga plass på enkeltdagar i skuleåret når skulen elles har fri (planleggingsdagar, mellom jul og nyttår og liknande) 10. BETALINGSSATSAR OG BETALINGSREGLAR Stord kommunestyre fastset kva dei føresette skal betala for barnet sitt opphald i skulefritidsordninga. I samband med budsjetthandsaming har Kommunestyret/Komite for oppvekst og utdanning høve til å endra satsane/vedtektene i løpet av bruksåret. Betalingssatsane er som fylgjer frå 01.01.2012: Full plass 100% ex leksehjelp kr. 2.615,- pr. mnd Deltidsplass 80% ex leksehjelp kr. 2.160,- pr. mnd Deltidsplass 60% ex leksehjelp kr. 1.640,- pr. mnd Deltidsplass 50% ex leksehjelp kr. 1.415,- pr. mnd Satsane over vert redusert med kr. 105,- pr. veketime eleven har leksehjelp medan han/ho er i skulefritidsordninga. Betalingssatsane er ikkje gradert etter inntekt. Ordninga gjev ikkje høve til søskenmoderasjon. Det er høve til å ta ekstra betaling til mat utover melk til eit måltid pr.dag. Det er høve til å ta ekstra betaling i samband med turar og utflukter. Betalingsfrist Stord kommunekasse sender ut rekning på opphaldsbetaling med betalingsfrist den 20. kvar mnd. For sein betaling vil føra til morarente. Manglande betaling kan medføra oppseiing av plass. 11. OPNINGSTIDER Skulefritidsordninga fylgjer skuleåret. Det er ope på skulane sine fridagar i skuleåret. Dagleg opningstid er normalt mellom kl.06.45 kl.16.15. 12. EVENTUELLE ENDRINGAR AV VEDTEKTENE Seinare endringar av desse vedtektene vert av Stord kommunestyre delegert til rådmannen, og kan berre gjerast i tråd med dei sentrale vedtak og retningsliner som gjeld til kvar tid. Stord 20.12.11 Reidun Myklebust Mari Espeland - kommunalsjef - - skulekonsulent - 15