STRATEGISK PLAN FOR BIBLIOTEK I VIDAREGÅANDE SKOLAR I HORDALAND

Like dokumenter
Skulebibliotek for kunnskap og trivsel

Dette er eit høyringsutkast til ein handlingsplan for skolebiblioteka ved dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal fylkeskommune.

STRATEGISK HANDLINGSPLAN FOR SKOLEBIBLIOTEK, STATUS OG VIDARE ARBEID

VERKSEMDSBASERT VURDERING OG OPPFØLGING AV DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE

Strategi for utvikling av skulebibliotek i vidaregåande skule Status pr 2019.

HØYRING - FORSLAG TIL FORSKRIFT OM KVALIFIKASJONSKRAV FOR PERSONALE I FOLKEBIBLIOTEK

FORDELING AV INVESTERINGSMIDLAR

ORGANISERING AV KNUTEPUNKSKULEN FOR HØRSELSHEMMA ELEVAR FRÅ HAUSTEN 2010

Hovudmålet for den vidaregåande opplæringa i Hordaland for skoleåret er:

INTERNASJONAL STRATEGI FOR HORDALAND

Program for skulebibliotekutvikling kva skjer?

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

VAL AV PILOTPROSJEKT FOR SAMARBEID MELLOM VIDAREGÅANDE SKULAR OG LOKALT NÆRINGSLIV

FYLKESDELPLAN FOR BIBLIOTEKA I HORDALAND

HØYRING - ENDRINGAR I LOV OM FOLKEBIBLIOTEK

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

GODE SKOLEBIBLIOTEK GIR KULTUR FOR LÆRING

ETABLERING AV TOPPIDRETTSLINJE PÅ YRKESFAGLEGE UTDANNINGSPROGRAM

MUSEUMSPLANEN - HANDLINGSPROGRAM FOR 2013

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden

HØYRING - FORSLAG TIL ENDRINGAR I FORSKRIFT TIL OPPLÆRINGSLOVA KAPITTEL 13 OPPFØLGINGSTENESTE I VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Elev- og lærlingombod i HFK

- Tilleggsakliste. Kultur- og ressursutvalet. Dato: 31. oktober 2013 kl Stad: Fylkeshuset INNHALD

Bibliofil til vgs i Møre og Romsdal

Leseglede saman for betre lesing i alle fag

H A N D L I N G S P L A N for biblioteket i Høgskulen i Sogn og Fjordane

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

Pressemelding HORDALAND FYLKESKOMMUNE. Fylkesrådmannen Informasjonsseksjonen 5020 Bergen. Bergen 15. desember 2010

Skulebiblioteket. Kunnskapskjelde, kulturberar og sosial møteplass

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

utvikling av bibliotek i vidaregåande Bibliotekmøte Ellen Kristin Molvær

PÅBYGG TIL GENERELL STUDIEKOMPETANSE - ALTERNATIVE VEGAR

Oppfølging av Regional plan for museum 2015

konsekvensar Ruth Ørnholt Rica Dyreparken Hotel, Kristiansand 21.oktober 2009

Skulebiblioteket kunnskapskjelde, kulturberar og sosial møteplass

Handlingsprogram for vidaregåande opplæring for perioden ::: Sett inn innstillingen under denne linja

Fordeling av støtte til biblioteksprosjekt. Modellbibliotek i Hordaland i 2016

HØYRING KVALITETSSYSTEM FOR FAG-OG YRKESOPPLÆRINGA

GRUPPER MED REDUSERT ELEVTAL

Vedlegg til sak Strategisk plan for bibliotek i vidaregåande skolar i Hordaland

9,101-23P-doknr HORDALAND FYLKESKOMMUNE. -gg nr_l_av 1 SÆRUTSKRIFT

OPPNEMNING AV STYREREPRESENTANTAR VED PRIVATE SKOLAR

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

Utviklingsplan

Oppgradering av Fv 218 til Horsøy - Askøy kommune

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Vedlegg: doc; doc

Regional plan for bibliotek til offentleg høyring og ettersyn

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skolane.

Utval Saknr. Møtedato Fylkesutvalet Godkjenning av prosjektrekneskap Stend vgs Ombygging for tilrettelagt opplæring

Vedlegg til sak Strategisk plan for bibliotek i vidaregåande skolar i Hordaland

Anna Elisa Tryti, Ruth Ørnholt, Anne Aune, Britt Karen Spjeld, Per Morten Ekerhovd,

STRATEGI FOR UNGDOMSTRINNET «MOTIVASJON OG MESTRING FOR BEDRE LÆRING»

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

INTERNASJONAL STRATEGI

Meldinga gir eit svært skeivt bilete ved berre å omtale tilbodet til dei aller svakaste lesarane.

FØRESPURNAD OM UTTALE - AKADEMIET BERGEN AS VEDKOMMANDE SØKNAD OM GODKJENNING ETTER PRIVATSKOLELOVA

Ungdomstrinnsatsinga

TILTAK FOR Å BETRE KVALITETEN I OPPLÆRING I BEDRIFT

HØRINGSUTTALE NOU 2007 : 11 STUDIEFORBUND - LÆRING FOR LIVET

STRATEGI FOR KOMPETANSEUTVIKLING I FOLKEBIBLIOTEK O G SKULEBIBLIOTEK I HORDALAND

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

STORFEFJØS VOSS JORDBRUKSSKULE FORPROSJEKT - LØYVING

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Bibliotekstatistikk: Grunnskulebibliotek. Adresseinformasjon

Tilstandsrapport vidaregåande opplæring 2014/15

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Austevoll kommune TILEGGSINNKALLING SAKLISTE

Vedlegg: saksframlegg høring læremiddel.doc; vedak ophe.doc

RALLARVEGRÅD - UTNEMNING AV REPRESENTANT

Samanslåing av Hordaland helsefagskole og Fagskolen i Hordaland

Strategiplan for fag- og yrkesopplæringa i Hordaland

RAPPORT FRÅ FORSØK MED ANONYME PRØVAR

Redusert eigendel elev-pc

Skulebiblioteket ein arena for kultur og læring.

Bibliotekstatistikk: Grunnskulebibliotek. Adresseinformasjon

FINANSRAPPORT PR. AUGUST 2010

Innovasjonsmetoden vår

HØRING- FORSLAG TIL ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA. HØYRINGSFRÅSEGN.

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

Revidering av programområder for Kulturelt utviklingsprogram 2014

TILBUDSSTRUKTUR FOR FAGSKOLANE I HORDALAND - TEKNISK FAGSKOLE 2013/14

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

OPPRETTING AV ADMINISTRASJONSSELSKAP FOR BOMPENGESELSKAPA I HORDALAND

Bibliotekstatistikk for 2017

Fordeling av midlar til modellbibliotek i Hordaland 2019

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Kommunedelplan for oppvekst

Tilskot i Prosjekt Bryggen - Framlegg til presisering av retningsliner

EVALUERING AV FESTSPILLENE I BERGEN SOM KNUTEPUNKT

VIDARE FYLKESKOMMUNALT ENGASJEMENT I ARBEIDSMARKNADSBEDRIFTENE

FRAMTIDIG FERJELEIE PÅ VARALDSØY I KVINNHERAD KOMMUNE

Transkript:

HORDALAND FYLKESKOMMUNE Kultur- og idrettsavdelinga Fylkesbiblioteket Arkivsak 201011298-1 Arkivnr. 663 Saksh. Sjursen, Siri, Ørnholt, Ruth Saksgang Kultur- og ressursutvalet Opplærings- og helseutvalet Fylkesutvalet Fylkestinget Møtedato 10.11.2010 16.11.2010 24.11.2010 14.12.2010-15.12.2010 STRATEGISK PLAN FOR BIBLIOTEK I VIDAREGÅANDE SKOLAR I HORDALAND 2011-2015 SAMANDRAG Planen er ei vidareføring av Strategisk handlingsplan for skolebiblioteka i vidaregåande skolar i Hordaland 2004-2010. Fylkesutvalet vedtok 18.11.2009 at planen skulle reviderast med utgangspunkt i Kunnskapsløftet 2006, satsing på den digitale skolen og mål om tenesteutvikling og tilstrekkeleg bemanning. Vidaregåande skolar i Hordaland står overfor dei same utfordringane som i landet elles: Å hindre fråfall, å integrere minoritetsspråklege elevar, å styrke leseferdigheitene, å auke og forbetre informasjonskompetansen, samt å auke motivasjon for læring hjå alle elevar. Skolebiblioteket kan spele ei rolle for å nå læringsmål og ta del i aktuelle utfordringar i dagens skole. Skolebiblioteket som kunnskapsformidlar og arena, vil kunne bidra til å møte fleire utfordringar skolen står overfor. Strategiplanen sin visjon er at skolebiblioteka i dei vidaregåande skolane i Hordaland skal vere aktive og integrerte medspelarar for å nå skolen sine overordna mål. Skolebiblioteka skal bidra til å nå mål i den digitale skolen og å utvikle betre læringsmiljø gjennom tilbod om funksjonelle og trivelege biblioteklokale med tilgjengeleg, kvalifisert personale. Samlingar og tenester skal tilpassast skolen sine fagtilbod og vere tilrettelagt for undervisningsarbeidet, til beste for elevar og lærarar. Strategisk plan for bibliotek i vidaregåande skolar i Hordaland gir føringar for vidare satsing på gode bibliotektenester for alle elevane i Hordaland. Planen har tre strategiar som skal følgjast opp med ein handlingsplan for kvart år i planperioden 2011-2015.

FORSLAG TIL INNSTILLING 1. Arbeidet med utvikling av gode bibliotektenester i vidaregåande skolar skal halde fram slik den nye strategiplanen skisserer. 2. Årlege handlingsplanar skal følje opp intensjonane i strategiplanen. 3. Finansiering av nye stillingar må avklarast fortløpande i årsbudsjett og økonomiplan. Paul M. Nilsen Anna Elisa Tryti Svein Erik Fjeld Vedlegg: Strategisk plan for bibliotek i vidaregåande skolar i Hordaland 2011-2015 2

FYLKESRÅDMANNEN, 12.10.2010: Bakgrunn Strategisk handlingsplan for skolebiblioteka i vidaregåande skolar i Hordaland 2005-2010, blei vedtatt i junitinget 2004. Arbeidet med planen har vore forankra i Kultur- og idrettsavdelinga ved fylkesbiblioteket og Opplæringsavdelinga. Prosjektansvar og prosjektleiing er lagt til fylkesbiblioteket. Fylkesutvalet vedtok 18.11.09 ei vidareføring av arbeidet: 1. Strategisk handlingsplan for bibliotek i vidaregåande skolar i Hordaland skal reviderast med utgangspunkt i Kunnskapsløftet 2006, satsing på den digitale skolen og mål om tenesteutvikling og tilstrekkeleg bemanning. 2. Finansiering av nye stillingar må avklarast fortløpande i årsbudsjett og økonomiplan. 3. Målet bør vere at alle vidaregåande skolar i Hordaland har fagutdanna bibliotekar. Status for skolebiblioteka i vidaregåande skular Strategisk handlingsplan for skolebiblioteka i vgs i Hordaland har gjennom seks år vore drivkraft for utviklinga. Sjølv om visjonen om gode og moderne bibliotektenester med tilgjengeleg og kvalifisert rettleiing på alle skolar berre delvis er innfridd, er vi eit stykke på veg. Vi ser mange positive resultat på skolar som har fått tilsett fagutdanna bibliotekar. Av i alt 12 tiltak i planen, knytte til fem strategiar, er 10 gjennomførte eller sette i gang. Modellbiblioteket på Os vgs er avslutta som prosjekt. I perioden har fleire skolebibliotek vorte besøksbibliotek, som ei følgje av god tenesteutvikling. Tilsetting av koordinator som har arbeidsplass på fylkesbiblioteket, har vore ein suksess. Ressursen har gjort det mogleg å tilby alle skolane felles tenester; samanslåing av bibliotekkatalogane til ein felles katalog, sentral registrering av bøker og anna materiale, utlånsordning for lærebøker, hjelp til oppgradering av samlingane, kurs og individuell rettleiing etter behov. Skolebibliotek er eit eige fag i it s learning og det fungerer som eit aktivt forum for informasjon og erfaringsutveksling mellom dei bibliotektilsette på skolane. Det har også vore mogleg å abonnere på kunnskapsdatabasar som A-tekst (digitalt arkiv for fleire enn 120 norske aviser) og Britannica Online School Edition. I perioden er det løyvd 4,5 millionar kroner til nye bibliotekarstillingar. I alt 21 skolar har bibliotekarressurs, av desse er 12 fulle stillingar finansiert ved ekstra løyvingar, og ni i prosentstillingar frå 60% og ned til 10%. Dei fleste av stillingane er betalt over skolen sitt ordinære budsjett. I 2010 er det tilsett fire nye bibliotekarar, medrekna Nordahl Grieg vgs. Ei analyse av skolebibliotekstatistikken for 2009 syner at utlånet på skolar med fagutdanna bibliotekar i 100% stilling er nesten 4 gonger høgre enn på skolar utan fagutdanna bibliotekar. Med bibliotekar lånte kvar elev i 2009 2,7 titlar. På skolar utan bibliotekarressurs i full stilling, var utlånet 0,7. Likevel er det tydeleg at Hordaland framleis ligg langt etter gjennomsnittet for heile landet. Behovsoverslaget for perioden 2006-2010 (30 stillingar: 11,8 mill. kr) var tenkt som eit første steg for å dekke eit minimum. I andre fylke har mange større skolar to og tre bibliotekarar og ofte merkantilt personale i tillegg. Erfaringar frå desse og tilbakemeldingar frå våre eigne skolar, viser at arbeidsmengde og moglegheit for utvikling av skolebiblioteket som læringsarena, kulturarena og reell, pedagogisk støtte, berre kan realiserast fullt ut med fleire tilsette. Slike erfaringar har støtte i nyare forsking og dokumentasjon. Det at lærebokutlånet er lagt til biblioteket, har tatt mykje ressursar frå kjerneoppgåvene på biblioteket. Situasjonen for lærarar som har ei del av sin ressurs på skolebiblioteket, gir grunn til uro. Lærebokutlånet tek mykje tid, slik at det blir lite att til viktige bibliotekoppgåver. Den store arbeidsmengda 3

med utlån av lærebøker på dei fem storskolane i fylket tek også fokus bort frå viktige oppgåver og fører til slitasje. Det knyter seg store forventningar til bibliotekaren og biblioteket sine tenester, medan realitetane rundt bemanning, økonomi og fysiske forhold set grenser for å nå visjonen gode skolebibliotek gir kultur for læring. Strategisk plan for bibliotek i vidaregåande skolar i Hordaland 2011-2015 Vidaregåande skolar i Hordaland står overfor dei same utfordringane som i landet elles: Å hindre fråfall, å integrere minoritetsspråklege elevar, å styrke leseferdigheitene, å auke og forbetre informasjonskompetansen, samt å auke motivasjon for læring hjå alle elevar. Skolebiblioteket kan spele ei rolle for å nå læringsmål og ta del i aktuelle utfordringar i dagens skole. Skolebiblioteket som kunnskapsformidlar og arena, vil kunne bidra til å møte fleire utfordringar skolen står overfor. Elevane får større læringsutbytte når dei får tilbod om undervisning og rettleiing knytt til større oppgåver, prosjekt og liknande, utarbeidd i eit samarbeid mellom bibliotekar og lærar. Slik kan biblioteket bli ein aktiv læringsarena. Informasjonskompetanse er evna til å kunne søkje og lokalisere informasjon, vurdere informasjonen kritisk ut frå relevans og pålitelegheit og ta det i bruk i eiga kunnskapsutvikling. Eit tettare samarbeid mellom bibliotekar og pedagog er eit kjernepunkt for å utvikle elevane sin informasjonskompetanse i vidare forstand. Det har vore mykje merksemd om dokumentert dårlege leseferdigheiter både i ungdomsskolen og i vidaregåande skole. Fleire nasjonale kampanjar har vore retta mot skolen sidan 80-talet. Best kan ein lese gode resultat frå skolar der intensiv lesetrening og lystlesing er sett i system. I dette arbeidet er biblioteka sentrale aktørar, både skole- og folkebibliotek. Med litteraturkunnskap og formidlingskompetanse kan skolebiblioteket spele ei sentral rolle. Gitt rette føresetnader, kan skolebiblioteket også få ein viktig sosial funksjon, som arena for møte på tvers av klassar, hyggjeleg samvær, fri og uavhengig tilgang til informasjon og kulturuttrykk. Stort fråfall er til bekymring i høve dei vidaregåande skulane. Det er døme på skolar der biblioteket bidrar til å stimulere elevane si motivering for læring og er ein miljøskapande faktor som knyter elevane til skolen. Kunnskapsløftet slår fast at Et velfungerende skolebibliotek er vesentlig for at skolen skal lykkes i å nå målene i Kunnskapsløftet. Ein rapporten frå NOVA (Rapport 9/10) peiker på at skolen sin storleik og ressurssituasjon betyr mindre når det gjeld elevane si prestasjonsutvikling. Læringsmiljø gir større utslag for å kunne oppnå bedte resultat. Skolen kan redusere prestasjonsforskjellar ved å styrkje læringsmiljøet sitt. Skolebiblioteket kan vere eit alternativ og eit supplement til tradisjonell klasseromsundervisning og einsidig bruk av læreverk. Skolebibliotek for kunnskap og trivsel - ny plan, fornya mål og strategiar Forslag til ny plan er ein strategiplan med tre strategiar og 14 delmål. Framdriftsplan og forslag til prioritering av skolar, skisserer kostnader for perioden på 15 millionar kroner, totalt 33,8 nye bibliotekarstillingar. Visjon: Med eleven i sentrum skal skolebibliotek i vidaregåande skole i Hordaland vere ein aktiv og integrert medspelar for å nå skolen sine overordna mål. Hovudmål: Skolebiblioteka i vgs i Hordaland skal bidra til å nå overordna mål i den digitale skolen og å utvikle betre læringsmiljø gjennom tilbod om funksjonelle og trivelege biblioteklokale med tilgjengeleg, kvalifisert personale. Samlingar og tenester skal tilpassast skolen sine fagtilbod og tilretteleggjast for undervisningsarbeidet, til beste for elevar og lærarar. 4

Strategi 1: Bemanning Mål: Opprette bibliotekarstillingar i 100% ressurs på skolar med meir enn 300 elevar, i 50% ressurs på skolar med mindre enn 300 elevar, auke bemanninga på skolar med meir enn 500 elevar og finne samarbeidsløysingar med folkebibliotek for kjøp av bibliotekarressurs til dei minste skolane. Strategien har fire delmål. Strategi 2: Utvikle bibliotektenester tilpassa skolane sitt felles hovudoppdrag og kvar skole sitt studietilbod Mål: Skolebiblioteket skal bidra til eit godt læringsmiljø som fremjar ulike læringsstrategiar og metodar ved å ta i bruk tilgjengelege ressursar frå heile kunnskapsuniverset og gjere elevane godt rusta for livet i arbeid og fritid. Strategien har sju delmål. Strategi 3: Modellar for best practice i Hordaland, besøksbibliotek Mål: Synleggjere skolebiblioteket sitt oppdrag ved å utvikle modellbibliotek med ideell bemanning og pedagogisk involvering. Besøksbiblioteka kan vise ulike organisasjonsmodellar og vektleggje ulike tenester. Strategien har tre delmål. Konklusjon Skolebiblioteket si positive og viktige rolle i skolen er dokumentert og godkjend nasjonalt, i internasjonal forsking og ved mange innovative døme. Systematisk satsing på gode skolebibliotek bidrar til å møte utfordringane i dagens skole. Skolebiblioteket kan vere ein pedagogisk, kulturell og sosial ressurs i kunnskapsskolen. Strategiplanen sin visjon er at skolebiblioteka i dei vidaregåande skolane i Hordaland skal vere aktive og integrerte medspelarar for å nå skolen sine overordna mål. Skolebiblioteka skal bidra til å nå mål i den digitale skolen og å utvikle betre læringsmiljø gjennom tilbod om funksjonelle og trivelege biblioteklokale med tilgjengeleg, kvalifisert personale. Samlingar og tenester skal tilpassast skolen sine fagtilbod og vere tilrettelagt for undervisningsarbeidet, til beste for elevar og lærarar. Det tar tid å nå ideelle mål både innan organisatoriske, økonomiske og pedagogiske rammer. Det trengst personalressursar til å utvikle biblioteket, tilgang til innbydande lokale og gode samlingar, og eit godt fungerande samarbeid mellom bibliotekpersonale og pedagogar. Strategisk plan for bibliotek i vidaregåande skolar i Hordaland gir føringar for vidare satsing på gode bibliotektenester for alle elevane i Hordaland. Årlege handlingsplanar skal følgje opp delmåla gjennom perioden 2011-2015. 5