Vaksdal kommune 5722 DALEKVAM Sveinung Klyve Vår dato: 16.12.2014 Vår ref.: 201300153-13, 200904221-19, 201201770-12, 201200267-14, 201107613-17, 200906448-12 Arkiv: 312 Dykkar dato: Dykkar ref.: Sakshandsamar: Kirsten Marthinsen 22959234/kima@nve.no Fleire søkjarar Søknad om løyve til å byggje 6 i Vaksdal og Voss kommunar i Hordaland høyring NVE har motteke søknadar frå fleire søkarar om løyve til å byggje 6 små i Vaksdal og Voss kommunar. Søknadene skal handsamast samtidig og samla belastning for området skal vurderast. NVE ber høyringspartane om å vurdere kvar sak for seg, men òg alle sakene samla. Vaksdal kommune Oddmundsdalen NGK Utbygging AS Kraftverket vil nytte eit fall på 250 meter i Oddmundsdalselva, frå inntaket på 755 moh til kraftstasjonen på 505 moh. I tillegg skal Skarvaelva overførast frå et inntak på 775 moh. Vassvegen vil bli 2250 meter lang og nedgrave i grøft. Overføringa av Skarvaelva vil skje med ein 635 meter lang tunnel. Det skal byggjast permanent traktorveg (klasse 7) til inntaket. Middelvassføringa er 1080 l/s og et er planlagt med ei maksimal slukeevne på 2100 l/s. Kraftverket vil ha ein installert effekt på 4,3 MW, og vil etter planane produsere 13,25 GWh årleg. Det er planlagt ei minstevassføring på 142 l/s i sommarsesongen (1/5-30/9) og 30 l/s resten av året. Det er på nivå med dei utrekna 5-persentilverdiane. Skarvagrovi NGK Utbygging AS Kraftverket vil nytte eit fall på 96 meter i Skarvagrovi, frå inntaket på 620 moh til kraftstasjonen på 524 moh. Vassvegen vil bli 715 meter og nedgrave i grøft. Det trengs 780 meter ny permanent veg til kraftstasjonen. Anleggsvegen langs vassvegen skal gro igjen etter bruk. Middelvassføringa er 920 l/s og et er planlagt med ei maksimal slukeevne på 1800 l/s. Kraftverket vil ha ein installert effekt på 1,4 MW, og vil etter planane produsere 4,9 GWh årleg. Det er planlagt ei minstevassføring på 100 l/s i sommarsesongen og 26 l/s resten av året. Til jamføring er dei utrekna 5-persentilverdiane høvesvis 126 l/s og 30 l/s. E-post: nve@nve.no, Postboks 5091, Majorstuen, 0301 OSLO, Telefon: 09575, Internett: www.nve.no Org.nr.: NO 970 205 039 MVA Bankkonto: 7694 05 08971 Hovedkontor Region Midt-Norge Region Nord Region Sør Region Vest Region Øst Middelthunsgate 29 Vestre Rosten 81 Kongens gate 14-18 Anton Jenssensgate 7 Naustdalsvn. 1B Vangsveien 73 Postboks 5091, Majorstuen 7075 TILLER 8514 NARVIK Postboks 2124 Postboks 53 Postboks 4223 0301 OSLO 3103 TØNSBERG 6801 FØRDE 2307 HAMAR
Side 2 Moko NGK Utbygging AS Kraftverket vil nytte eit fall på 233 meter i elva Moko, frå inntaket på 250 moh til kraftstasjonen på 17 moh. Vassvegen vil bli om lag 775 meter totalt, 630 meter vil vere tunnel og resten vil vere nedgrave i grøft. Det vil ikkje bli bygd veg til inntaket. Middelvassføringa er 590 l/s og et er planlagt med ei maksimal slukeevne på 1500 l/s. Kraftverket vil ha ein installert effekt på 2,9 MW, og vil etter planane produsere 7,2 GWh årleg. Det er planlagt ei minstevassføring på 28 l/s i sommarsesongen og 18 l/s resten av året. Det er på nivå med dei utrekna 5-persentilverdiane. Markåni KraftKarane AS Kraftverket vil nytte eit fall på 320 meter i Straumsmarkåni, frå inntak på 325 moh til kraftstasjonen på 5 moh. I tillegg skal Dalseidmarkåni og Botnaelva overførast til inntaket i Straumsmarkåni. Vassvegen vil bli 1300 meter og nedgrave i grøft. Overføringa av Dalseidmarkåni og Botnaelva vil skje med til saman 1440 meter rør nedgrave i grøft. Søkjar ynskjer å anleggje permanent veg langs rørgatene. Middelvassføringa er 778 l/s (til saman for dei tre elvane) og et er planlagt med ei maksimal slukeevne på 1400 l/s. Kraftverket vil ha ein installert effekt på 4,0 MW, og vil etter planane produsere 9,6 GWh årleg. Det er planlagt ei minstevassføring på 22 l/s (fordelt på dei tre inntaka) heile året. Til jamføring er dei samla 5-persentilverdiane utrekna til høvesvis 30 l/s i sommarsesongen og 20 l/s resten av året. Sædalen Sædalen Kraft AS Kraftverket vil nytte eit fall på 160 meter i Sædalselva, frå inntaket på 262 moh til kraftstasjonen på 102 moh. Vassvegen vil bli 1100 meter nedgrave i grøft. Det må byggast 100 meter ny permanent veg til kraftstasjonen og 250 meter ny permanent veg til inntaket. Middelvassføringa er 1272 l/s og et er planlagt med ei maksimal slukeevne på 3250 l/s. Kraftverket vil ha ein installert effekt på 4,4 MW, og vil etter planane produsere 10,2 GWh årleg. Det er planlagt ei minstevassføring på 23 l/s hele året. Det er på nivå med dei utrekna 5-persentilverdiane. Voss kommune Møyåni Nordkraft Vind- og Småkraft AS Kraftverket vil nytte eit fall på 182 meter i Møyåni, frå inntaket på 771 moh til kraftstasjonen på 589 moh. Vassvegen vil bli 1750 meter og nedgrave i grøft. Det må byggast 20 meter ny permanent veg til kraftstasjonen. Anleggsvegen langs vassvegen skal gro att etter bruk. Middelvassføringa er 1700 l/s og et er planlagt med ei maksimal slukeevne på 3300 l/s. Kraftverket vil ha ein installert effekt på 5,0 MW, og vil etter planane produsere 17,0 GWh årleg. Det er planlagt ei minstevassføring på 32 l/s i sommarsesongen og 7 l/s resten av året. Det er på nivå med dei utrekna 5-persentilverdiane. For alle anlegga unntatt Møyåni er det òg søkt om anleggskonsesjon etter energilova for bygging og drift av a med tilhøyrande koplingsanlegg og kraftline. Søknaden skal handsamast etter reglane i kap. 3 i vassressurslova og gjeld løyve etter vassressurslova 8. Søknaden med vedlegg vert lagt ut på www.nve.no/konsesjonssaker, og den vert kunngjort av NVE. Kopi av kunngjeringa ligg ved. NVE ber kommunane leggje to eksemplar av søknadane ut til offentleg ettersyn på Kundetorget i Vaksdal og Servicetorget i Voss fram til 23.3.2015. Det eine eksemplaret kan, om naudsynt, lånast ut for kortare tid (2-3 dagar). Det andre må ikkje fjernast frå utleggingsstaden. Vi syner elles til vedlagde informasjonsark som forklarar sakshandsaminga frå saka vert sendt på høyring til endeleg vedtak. Av dette går det fram kva for tilbakemelding vi ønskjer.
Side 3 NVE føretrekkjer at fråsegner sendast oss elektronisk via www.nve.no/konsesjonssaker så snart som mogeleg og seinast innan 23.3.2015. I tillegg kan ein sende fråsegner per e-post til nve@nve.no eller per post til: NVE, Konsesjonsavdelinga, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo. Fråsegner eller delar av fråsegna vert referert i eit endeleg vedtak. Om fråsegna er lang, er det difor ein fordel om det utarbeidas eit samandrag som kan brukast til dette. Med helsing Øystein Grundt seksjonssjef Kirsten Marthinsen rådgivar Dokumentet vert sendt utan underskrift. Det er godkjent etter interne rutinar. Vedlegg: Kunngjering Orientering til høyringsparter Kart Søknadar (til kommunane) Mottakerliste: Bergen og Hordaland Turlag BKK Nett AS Direktoratet for Mineralforv. med Bergmesteren for Svalbard Forum for natur og friluftsliv Hordaland Friluftsrådenes Landsforbund v/bergen og Omland Friluftsråd Fylkesmannen i Hordaland Fylkesmannen i Hordaland v/anniken Friis Hordaland fylkeskommune Naturvernforbundet i Hordaland NGK Utbygging AS NJFF Hordaland Nordkraft AS v/torbjørn Sneve Nordkraft Vind og Småkraft AS Norges Miljøvernforbund Norsk Grønnkraft AS v/jon Olav Volden Rådgivende ingeniør Einar Sofienlund Statens Vegvesen Region Vest Statnett SF Sædalen Kraft AS Vaksdal kommune Vaksdal kommune v/sveinung Klyve Voss kommune
Voss kommune v/gunnar Bergo Voss Utferdslag Side 4
- KUNNGJERING - Søknad om løyve til å bygge 6 små i Vaksdal og Voss kommunar NVE har mottatt søknader frå fleire søkjarar om løyve til å byggje 6 små i Vaksdal og Voss kommunar. Søknadane skal handsamast saman og samla belastning for området skal vurderast. NVE ønsker at høyringspartane vurderer kvar sak for seg, men også alle sakene samla. Høyringspartar som berre blir råka av ein eller eit fåtal saker bes uttale seg berre om desse sakane. Småa vil om alle blir utbygd gi en årlig kraftproduksjon på ca. 62,2 GWh. Det svarer til straumbruken til omtrent 3110 husstandar. Kommune Søknad Søker Installert effekt MW Produksjon GWh/år Utleggsteder for papirversjon av søknad Sædalen Sædalen Kraft AS 4,4 10,2 Moko NGK Utbygging AS 2,9 7,2 Vaksdal kommune Oddmundsdalen NGK Utbygging AS 4,3 13,3 Kundetorget Skarvagrovi NGK Utbygging AS 1,4 4,9 Markåni KraftKarane AS 4,0 9,6 Voss kommune Møyåni Nordkraft Vind- og Småkraft AS 5,0 17,0 Servicetorget Søknadane med vedlegg er lagt ut til offentleg ettersyn på Kundetorget i Vaksdal, Servicetorget i Voss og på NVE sine nettsider www.nve.no/konsesjonssaker fram til høyringsfristen går ut. Fråsegn kan sendast oss elektronisk via www.nve.no/konsesjonssaker, per e-post til nve@nve.no eller per post til: NVE, Konsesjonsavdelinga, Postboks 5091 Majorstua, 0301 Oslo innan 23.3.2015.
Stamnes Vaksdal Kvernhusgrovi horgi Togrovi Volafjellet Voss Stamnes- Straume Tysso terøyni ereid Osvatn Sørfjorden Årland Grasdalen Bruvik Samnanger Midtvatnet Vaksdal Nordbygda Aldalselva Tysse Veafjorden Fossmark Hordaland Sædalen Sedal Haga hella Stanghelle! Ardalen Møllen Boge 1 Boge 2 Dyrhovden Sætraelva Tverrlielva Aldal/Frøland Moko Dalegarden Myra Markåni! Gråfjellet Herfindalen Kleivane Grønsdal Aldal/Frøland Frøland! Masingelvi Dale Dale II Kvittingen Fosse Høgabu th Geitelvi Rasdalen "! Jonshøgdi Bukkafjellet Oddmundsdalen Dukebotn Bolstadøyri! Skarvagrovi! vatnet Fugla- Geitåni Alexander Grieghytten fjellet Jørnevikelvi Kaldestad Vassvøre Evanger Evanger vatnet Kvam Nedre Frydlielva Muggaselvi Furegardene Hovlandsbekken Skåro Hodnaberg Kastdalselvi! Skjoldli Øvre Frydlielva Møyåni Sekkelva Tverrelvi Kastdalen Gryto Torfinnsheim Gråeggi Bulken Torfinns- Hamlagrø- Ytre Ålvik Hjortahorgi Syrifossen Voss Skulestad Borstrondi Nedre Dyrvo Palmafoss Saueselvi "! "! Rognsfossen Songvesgrova Eimstad Gosland Flotegrovi Vangsvatnet Tomasgrovi Vangjolo Kraftutbygging i Vaksdal og Voss kommuner, Hordaland fylke Tesgjolo! Småkraftpakke Vaksdal Andre søknader Haugamoen Konsesjonsfritt Rong Vannvei Bjølvo Grevleselva 1:120 000 Tungeteigen 0 3 6 km Inntak! Konsesjonspliktig Gitt konsesjon Under bygging "! Avslått Utbygd Omsøkt vannvei L
ORIENTERING TIL HØYRINGSPARTANE (revidert februar 2013) Generelt Kva forventar NVE av høyringspartane? NVE er konsesjonsstyresmakt i saker som gjeld utbygging av små (inntil 10 MW) og andre vassdragstiltak. Kongen i statsråd gir løyve til større kraftutbyggingar. Denne orienteringa gjeld saker der NVE kan gi løyve etter vassressurslova 8. Handsaming av søknaden fram til endeleg vedtak NVE handsamar dei fleste av søknadane i grupper, vanlegvis etter geografisk plassering. Dette effektiviserer sakshandsaminga samstundes som høyringspartane og NVE kan sjå søknadane i samanheng. NVE sender søknadane på høyring til kommunar, fylkesmenn, fylkeskommunar, statlege forvaltingsorgan og interesseorganisasjonar som søknadane vedkjem. Høyringsperioden er vanlegvis tre månader for søknadar som blir handsama gruppevis, og minst seks veker for enkeltsaker. Ein eventuell søknad om utsett frist må vere grunngjeven. NVE ventar at høyringspartane gir fråsegn på sjølvstendig grunnlag. Vanlegvis blir det ikkje gitt løyve til søknad om utsett frist, dersom det kan forseinke sakshandsaminga. Søkjar får høve til å kommentere innkomne fråsegner før NVE gjennomfører synfaring. Dei som har uttalt seg i samband med høringa, blir inviterte til å delta på synfaringa. I konsesjonsvurderinga veg NVE fordelar og ulemper mot kvarandre, jf. vassressurslova 25. Olje- og energidepartementet har som overordna politisk styresmakt gitt retningsliner for handsaming av små vass. Desse er å finne på NVE sin nettstad: nve.no. Dersom NVE gir løyve, blir det knytt vilkår til dette, jf. vassressurslova 26. Vilkår vil omfatte mellom anna vasslepp, naturforvaltning, kulturminne, frist for bygging og sanksjonar ved eventuelle brot på vilkåra. NVE ønskjer mest mogleg konkrete synspunkt på om løyve bør bli gitt eller ikkje, val av eventuelle alternativ og forslag om avbøtande tiltak. Fråsegner om energipolitikken til styresmaktene på eit generelt grunnlag, er av avgrensa nytte i sakshandsaminga. Særleg der søknader blir handsama i grupper, ønskjer NVE synspunkt på den samla belastninga. Dersom partane er kjend med tilhøve som det ikkje er opplyst om i tilstrekkeleg grad i søknaden, ønskjer NVE opplysningar om det. Det blir forventa at kommunar, fylkeskommunar, fylkesmenn og andre styresmakter gir fråsegn med utgangspunkt i sine høvesvise ansvarsområde. Kommunane blir spesielt bedne om å vurdere søknadane opp mot gjeldande arealplanstatus. Fråsegnene, opplysningane i søknaden og retningslinene frå Olje- og energidepartementet er viktige for vurderinga og vedtaket til NVE. Rett til motsegn og klage Ein treng ikkje handsama energianlegg etter planog bygningslova, og det er ikkje lenger krav om reguleringsplan. For å ta vare på meininga bak motsegnsinstituttet i plan- og bygningslova, er det gitt reglar i energi- og vassdragslovgjevinga om rett til motsegn og klage, jf. vassressurslova 24. NVE vil understreke at ei eventuell motsegn må bli fremja i høyringsperioden. Sjå nettstaden vår for meir informasjon: nve.no/konsesjoner. Partane kan klage på NVE sitt vedtak til Olje- og energidepartementet innan 3 veker frå det tidspunkt dei mottok orientering om vedtak. NVE syner til kapittel VI i forvaltningslova om klage og omgjering.