62. Ørsta skyttarlag Er eit av dei eldste og største skyttarlaga våre. Lagsprotokollane frå før 1926 er diverre bortkomne, så tida før dette er noko usikkert. I Skyttarsaka i Norge finn vi likevel at Ørsten skyttarlag møtte med 50 mann og 6 rifler i 1884. Så finn ein laget periodevis framover til1913, under fleire namn. Mellom 1913 og 1926 ser det ut til at laget har hatt ein lengre pause, men frå 16. mai 1926 har laget vore samanhengande i verksemd fram til i dag. I 1895-96 opptrer laget som skyttarlaget Giv akt, og mellom 1898 og 1913 som Ørstavik skyttarlag. Formennene vi veit om: 1926-32 Leif Rygh 1967-70 John Welle 1933-37 Sven Nordlund 1971 Reidar Øye 1938-48 Ole Barstein 1972-73 Magne P. Myklebust 1949-50 Peder Staurset 1974 Kolbjørn Amundgård 1951-52 John Welle 1975-76 Magnus Riisnæs 1953 Pål Sætre 1977 Reidar Øye 1954 Osvald Langdal 1978-79 Viktor Kolås 1955-56 Peder Sætre 1980-81 Jostein I. Moe 1957 Knut Helset 1982-83 Magnus Riisnæs 1958 Halvo Vermund 1984 Paul Otto Vatne 1959-66 Arne Grøttvik 1985 Kolbjørn Amundgård 1986 Arnstein Ose 1987-88 Arne J Rebbestad 1987-92 Wictor Kolås/Arne Nystøyl 1990-93 Arne Nystøyl 1993-97 Wictor Kolås 1999-00 Knut Riise 2001-02 Sverre Lundestad 2003 Rune Hovde 2004-05 Jon Tore Sætre 2006 Wictor Kolås 2007 Kjell Foldal LS-04 Sandnes. Eirik Foldal og Jan Ove Steinnes. Foto: A. Foldal
Ungdomssamling i Solidalen i -07. Instruktørane: Anita Lystad og Rolf Henning Hide bak. Foto: A. Foldal Eit fantastisk naturtalent Jan Ove Steinnes som har lagt vekk skytinga i fordel fotballen. Foto: A. Foldal
Enda ein dyktig skyttar Jan Vidar Ulvestad. Her med digitalt bevis. Foto: A. Foldal Fylkesstemne miniatyr 2003 Kristian Yksnøy, Jan Ove Steinnes og Eirik Foldal. Foto: A. Foldal
Tor Inge Grebstad er enda ein dyktig skyttar Ø/H har. Foto: A. Foldal Tor Inge Grebstad, Jan Ove Steinnes og Jannik Nerbøvik.
Familien Ulvestad Per, Roy Henning, Jan Vidar og Rigmor Ulvestad. Foto: A. Aarskog Ls-Bane. Jan Vidar Ulvestad fekk 3. plass. Foto: A. Aarskog
Feltstemne i Hovdebygda en del år tilbake. Foto: A. Aarskog Her i frå stemne som frå bilde ovanfor. Wiktor Kolås er skribent og Odd Melhus med fleire står og ser om han gjer det rett! Foto: A. Aarskog
LS-06 Torill og Anita Lystad som følger med resultatservice. Foto: L. Haugen
Eirik Foldal ein kjempedyktig skytter. Foto: A. Foldal Resultat til Eirik Landsskyttarstemnet 2003 Oppdal 5 pl. Bane 349 poeng (Ungdomsmedalje) R 6. pl Felt 41/10 (Ungdomsmedalje) R Landsskyttarstemnet 2004 Sandnes 13. pl Bane 350 poeng (Undomsmedalje) ER 4. pl Felt 42/11 (Ungdomsmedalje) ER Landsskyttarstemnet 2005 Lesja 1 pl. Bane 350 poeng (Raufossmedalje) ER 10 pl. Felt 42/9 Landsskyttarstemnet Målselv 2006 4. pl Bane 349 poeng (Ungdomsmedalje) J Landsskyttarstemnet 2007 Steinkjer 7. pl Felt 42/9 (Ungdomsmedalje) J
MidtNorsk meister 2005 Bane, Kyrksæterøra 350 poeng ER MidtNorsk meister 2007 Bane, Rissa 350 poeng J Jan Ove Steinnes, Eirik Foldal og Daniel Sætre. Foto: A. Aarskog
Samlagsstemne 2005 i Solidalen. Tor Inge Grebstad som får premie med Ståle Eikrem. Foto: A. Aarskog
Samlagsstemne 2005 i Solidalen. Anita Lystad med pokalen som papsen har delt ut. Foto: A. Aarskog
Arthur Ose på ungdomssamling på Setnesmoen. Foto: L. Haugen
Samlagsstemne i Solidalen i 2005. Arnstein Ose som får premie. Foto: A. Aarskog Arnstein Ose med pokal. Foto: A. Aarskog
Solidalen Solberg som instruktør for dei yngste. Foto: A. Aarskog Anita Lystad i Solidalen. Foto: A. Aarskog
Så tvillingsøstra Torill Lystad. Foto: A. Aarskog
Skyttar Tor Inge Grebstad. Foto: A. Aarskog
Midtnorsk mesterskap 2006. Frå venstre Kristian Aarskog, Jan Tore Aarskog, Eirik Foldal og Jan Ove Steinnes. Foto: A. Aarskog Yrande innsektliv Ein av statuettvinnarane som ikkje har halde treninga ved like, vart lokka med på miniatyrskyting på samfunnshuset i Ørsta. Der kom ei fluge, ei til og endå ei til. Då kjem denne sure kommentaren frå voldingen: Det var då noke til innsektliv!
Sverre Lundestad driv med oppmåling av anlegget i Sollidalen. Foto: K. Folldal Sollidalen før utbygging.foto: K. Folldal
Sollidalen. frå venstre: Per Ulvestad, Arne Nystøyl, Sverre Lundestad & Wiktor Kolås. Foto: K. Folldal Fyrste skytebana til ørstingane skal ha lege nær ved der kyrkja ligg i dag. Då Leif Rygh, godt puffa i veg av samlagsformann John Høidahl, i 1926 starta oppatt Ørsta skyttarlag, vart Rygh primus motot for å skaffe ørstingane bane frampå Åm-myrane. Etter mykje diplomatisk parlamentering med grunneigarane, kom bygslekontrakta i hamn, og bana frami Åmdalen var klar til å ta imot samlagsstemne i 1928. Denne bana var i drift fram til siste verdskrigen. Etter krigen gjekk ørstingane og hovdebygdingane i lag om sams bane i Hovdebygda. Denne bana har vore sentralbane for samlaget, og har i seinare år teke på seg fylkes- og landsdelsstemne som fell på samlaget vårt, attåt samlags- og krinsstemne sjølvsagt. Diverre ser det no ut til at kommunen siklar etter å leggje skytebaneområdet i Hovdebygda ut til byggefelt, og dei har planer om ny i Vatnedalen. Ørsta skyttarlag driv godt arbeid, og utmerkar seg med å ta godt vare på rekrutteringa. Dei har fin miniatyrskytebane i samfunnshuset i Ørsta, og har i mange år drive aktivt tilretteleggjande arbeid for miniatyrskyting som valfag i ungdomsskulen. Skyttarlaget er og aktivt m.a. på bedriftskyting derimot er det ringare med skiskyting. To av medlemane i Ørsta skyttarlag har fått Glærums minnemedalje for verdfullt arbeid for skyttarsaka i samlaget. Det er Leif Rygh i 1934, serleg for den innsatsen han gjorde for å få Ørsta skyttarlag i gong att i 1926, og for arbeidet han la ned for å skaffe laget ny skytebane. Kolbjørn Amundgård fekk Glærums minnemedalje i 1982 for sitt mangeårige arbeid som samlagskasserar. Ørsta skyttarlag har i dei seinare åra vunne det meste av lagstevlingane så vel på 300 og 100 m bane som i kragminiatyr. Hovdebygda skyttarlag og Ørsta skyttarlag vart samanslått i 1988, men held fram med to styre. Paul Otto Vatne var svært aktiv skyttar i klasse 4.
Det vart i 1991 halde 75 års jubileum på Viking Fjord Hotell med 107 gjestar. Men det viste seg etter grundige undersøkingar i samlaget og skyttarkontoret at laget vart skipa i 1884, så denne reknefeilen gjorde at festen eigentleg var eit forsinka 100 års jubileum! Men det var ein svært hyggjeleg fest. I 1991 var oppstarten til den nye skytebana i Solllidalen. Denne bana skal byggast i samarbeid med Volda og Ørsta pistolklubb, Ørsta jeger og fiskarlag og Volda skyttarlag. Etter kvart som arbeidet går vidare utviklar det seg ein konflikt med Volda skyttarlag. Vart etterkvart så fastlåst og omtalt at den vart kjendt langt utover regionen. Har i dag eit godt samarbeidsforhold. I 1997 vart den nye skytebana i Sollidalen offisielt opna. Håkon Olav Nes vart tildelt minnemedalje på opninga for innsats for bana. I 1998 vart laga offisielt slått saman til eitt, og namnet er Hovdebygda og Ørsta Skyttarlag. Dette året vart dei første elektroniske skivene på bane innkjøpt.i år 2002 vart det utvida med elektronikk på alle 10 skivene på 200 m. I 2003 vart det forespurnad om å slå seg saman med Volda skyttarlag, men vart ikkje realisert. I dag er det ikkje diskusjonar om dette. Heimevernet som vi har hatt eit godt samarbeidsforhold til i alle år kjem no med ønske om eit hus i Sollidalen. Forskjellige mulegheiter blir vurderte, men etter 3-4 år vert planane lagt på is pga. manglande økonomisk dekning. Styret for 2007 er leiar Kjell Foldal, Styremedlemar Wictor Kolås, Claude Compagnon, Sverre Lundestad, Arnstein Ose, kasserar Anne Åse Røv. Det vart i år bygd ein stor paviljong i Sollidalen etter ein gåvesjekk på kr.100 000,- ifrå Sparebank 1. Denne banken har vi hatt eit godt samarbeidsforhold til i mange år. Også Vartdal skyttarlag har vi hatt samarbeid med i høve stemner. 63. Ørsten skyttarlag: 1884 J. Melle 1885-86 H. S. Barstad 1887-88 Pause 1889 Olai Brudevold 64. Giv Akt 1995-96?