Bremser 1) Kontroller bremsekraftforsterkar. Er det forsvarleg å køyre om denne ikkje virkar? Trykk på bremsepedalen til den vert hard (5-6 gonger), hald trykk på bremsepedal medan du startar bilen. Pedalen skal då synke inn. Det er som regel ikkje forsvarleg om den er øydelagt, då dette gjev nedsett bremseffekt. 2) Vis bremsevæskebehaldaren. Kva er riktig væskenivå? Sjå etter i motorrommet etter behaldaren med dette symbolet: Kontroller måleeininga på behaldaren. 3) Trykkprøve på bremsene. Medan bilen er i gang, tramp bremsen hardt ned og hald trykket. 4) Kva er årsaka til lågt væskenivå? Det kan vere slitte bremseklossar, som gjer at bremsesystemet treng meir væske for å «trykke» bremseklossane inn mot bremseskivene. Det kan også vere lekkasje i bremsesystemet. Ta bilen til ein verkstad for kontroll. IKKJE etterfyll bremsevæske! 5) Korleis virkar eit to-krets bremsesystem? Dersom det oppstår lekkasje i bremsesystemet vil ein framleis ha eit reservesystem for å kunne stoppe bilen. Hender dette vil bremselengda verte lengre og bilen kan trekke skeivt. 6) Vis varsellampen for to-krets bremsesystem og test at den er i orden. Kva signaliserer to-krets varsellampe? Tenning på, lyset skal lyse, og deretter slokne. Sjå side 26. At det er feil eller manglar ved bremsesystemet. 7) Kontroller at alle bremselysa virkar. Er det forsvarleg å køyre om dei ikkje virkar? Nei, feilen må rettast (lyspære eller sikring). 8) Kontroller bremsevirkninga og om bremsene dreg skeivt. Køyr mellom 30-40 km/t rett fram, og brems samtidig som du held laust i rattet. Bilen skal i utgangspunktet halde kursen rett fram. 9) Kva er årsaka til at bremsene drar skeivt?
Det er ein feil ved bremsene, som gjer at dei ikkje vert slitt likt. Den sida bilen dreg til er mest slitt. Ta bilen til ein verkstad. 10) Kontrollere om varselslampen for ABS- bremsene virker. Er det forsvarleg om den byrjar å lyse under køyring? Tenning på, lyset skal lysa, og deretter slokne. Sjå side 26. Det er forsvarleg, men feilen må rettast. Hjul og dekk 11) Samanlikn dekkdimensjonen på dekka med vognkortet. 12) Finn ut kva lufttrykk som skal vera i dekka og kontroller eit dekk. Sjå i instruksjonsbok eller annen merking på bilen. Dette kan vere i tanklokket for drivstoff eller i dørkarm/på døra. Ein kan sjekke dekktrykket med ein lufttrykksmåler. Dekkslitasje: For mykje luft For lite luft Feil hjulstilling 13) Vurder/mål kor mykje mønster det er på dekka og avgjer om dette er forsvarleg og lovleg. Kva er ulempen med for lite mønsterdybde? Visuell kontroll, dybdemåler eller slitasjevarslar på dekk. Vinter: min. 3,0 mm. Sommar: min. 1,6 mm. Dårleg veggrep og vannplaning. 14) Sjekk om det er skadar på dekk eller felg som vil kunna ha innverknad på sikkerheiten.
15) Kor stor bæreevne (Load Index) må dekka ha på denne bilen? Kontrollere i vognkortet. Definert som «Min. LI (Load Index)» og deretter eit tal. På dekket står det t.d. 225/65R18 106V, sjekk i vognkort at «Min. LI» er 106 eller lågare. Dette talet finn du i ein eigen tabell. Det kan i tillegg stå: «Max Load: 950 kg» på dekket. V er ein hastighetskode. Er kravet i vognkortet min. H, vil V vere lovleg då dette kjem etter H i tabellen. Styring Kontroll av styring - bil i ro: 16) Unormal dødgang på ratt. Kva er kravet? Dødgangen bør ikkje vere større enn 2-3 cm. 17) Kontroller om servoen virkar. Start motor samtidig som du svinger mot venstre eller høgre. Rattet skal då kjennes lett idet du startar motoren. 18) Kva er konsekvensen av at servo ikkje virkar? Er det forsvarleg å køyre om den ikkje virkar? Bilen vil verte tyngre på rattet, og det vil normalt sett ikkje vere forsvarleg. Kontroll av styring - bil i fart: 19) Unormal dødgang på ratt under køyring rett fram. 20) Kontroller om bilen er retningsstabil. 21) Kontroller om bilen har sjølvopprettingstendens. Lys og sikt 22) Kontroller at påbudt lys virkar. Kontroller at refleksar, lykteglas og reflektorar er reine og heile. Framme: Fjernlys, nærlys, parkeringslys, blinklys. Bak: Baklys, bremselys, skiltlys og blinklys 23) Kontroller at nærlyset er riktig montert. Kva ulemper er det om nærlyset er feil innstilt? Køyr inntil ein vegg å kontroller at nærlyset lyser i rett høgde. Ulemper: Blending av møtande og dårlege siktstrekningar. 24) Kva situasjonar krev at parkeringslysa er i orden? Stans og parkering i mørket.
25) Kontroller tåkelysa framme og bak. Kva er ulempen ved feil bruk? Blendingsfare og bøteleggjing. Ved tett køkøyring kan tåkelyset bak føre til irritasjon. 26) Kontroller spylarvæskenivå og om spylaren virkar. Finn behaldar i motorrommet. Vurder tilstanden til vindusviskarblada og kontroller dei ulike fartstrinna på viskaren. Vognkort 27) Kor stor er bilens nyttelast? Kva er lovleg taklast? Kor mange personar kan du ha med? Sjekk i vognkort. 28) Kva er største tillatte totalvekt på tilhengar denne bilen kan dra? Sjekk i vognkort. 29) Kor tung tilhengar kan du dra med førarkortklasse B? Hovudregel: Tillatt totalvekt på bilen er 3500 kg. Du kan i tillegg dra ein tilhengar med tillatt totalvekt 750 kg. Campingvogn-regelen: Tilhengaren kan vege meir enn 750 kg viss totalvekta på vogntoget (bil og hengar) ikkje overstig 3500kg. Sjekk i tillegg tillatt totalvekt i vognkort. Maks tillatt fart med hengar er 80 km/t. Er hengaren utan bremser og den aktuelle totalvekta er tyngre enn 300 kg, kan ein ikkje køyre fortare enn 60 km/t. 30) Kva er konsekvensane av å dra for tung tilhengar? Veggrep på framhjula vert redusert, kursstabiliteten vert redusert, bremselengda aukar, fare for blending dersom lyktene og fronten på bilen vert heva. Instrument og anna 31) Kontrollere at varsellampen for airbag/kollisjonsputa virkar. Tenning på, lyset skal lysa, og deretter slokne. 32) Har det noko å seie kva slags passasjerar du plasserer i framsetet når bilen har airbag/kollisjonsputer framme? Barn og kortvokste kan verta skada dersom airbagen løyser seg ut. 33) Kontroller at batteriet er i orden. Det skal vere reine poler, fritt for evt. søl og eir. Sjekk at batteriet er skikkeleg festa for å unngå syresøl og kortslutning.
34) Kontroller lyshorn og lydhorn. Blink med langlysa og tut. 35) Kontroller setebeltet. Slitasje, rifter og skadar. Sjekk at beltet stoppar ved rykk. 36) Finn fram refleksvest og varseltrekant. Kor bør varseltrekanten setjast opp? Ta på deg refleksvesten, gå med varseltrekanten framfor deg mot trafikken, og set den opp der sikten er dårlegast, t.d. like før ein sving. Den bør setjast opp 50-100 meter unna i tettbebygd strøk, og 150-250 meter unna utanfor tettbebygd strøk. 37) Kontroller motoroljenivået og vis påfyllingsstaden for motorolja. Skal vere mellom min. og max. på peilepinnen til motorolja. 38) Kontroller vifte, dogg framme og bak. Vifter opp i frontrute, temperatur opp! Set på varmetrådar i bakrute og på spegl. Motorrommet Spylarvæske (Blå kork) Peilepinne Bremsevæskebehaldar (Svart kork) Påfylling av motorolje Batteriet Kjølevæske til radiator
Varselampar Varsellampane finn du i displayet på dashboardet. Det er viktig å kontrollere at alle varsellampane fungerer, slik at du får melding om noko skulle vere gale med bilen. For å teste at varsellampane fungerer, slår ein tenninga på, ser at varsellampen lyser, for deretter å slokne. Lyser ikkje varsellampen du sjekkar, må du fikse dette ved å byte lyspære eller kontakte ein verkstad. Fargane på varsellampane indikerer kor kritisk feilen er. Alltid undersøk om det er forsvarleg å forsetja køyringa viss ein varsellampe lyser. Instruksjonsboka til bilen opplyser om tydinga til dei ulike varsellampane. Under har me plukka ut dei vanlegaste lampane. Dei ulike varselampane: Parkeringsbrems 2-krets bremsesystem Dekktrykk Lading Drivstoffnivå lågt Motoroljenivå kritisk Gløding Setebelte Motoroljenivå lågt Airbag Motorfeil Servostyring Spylarvæske ABS (Blokkeringsfrie bremser) ESP/VSA (Stabiliseringsprogram) Tåkelys Fjernlys