Kravspesifikasjonar og prisskjema RIVING AV GAMLE BØ REINSEANLEGG Bø kommune ønskjer eit tilbod på ei entreprise for riving av «gamle» Bø Reinseanlegg. Entreprenør skal stå som ansvarleg søkar og utførande for tiltaket. I dette dokumentet er det besive av til utføring av arbeida. Desse er delt i kapitel og kvart av desse skal prises og fyldas ut i vedlagte prisskjema. Byggherre ber om ein totalpris for arbeida der alle kostnadar i er med i tilbodet. Det er tilbydar si oppgåve å gjere dei forundersøkingar og kartleggingar som er nødvendige for å gi pris. Tilbydar vil få tilgang til dei teikningar byggherre har av bygget, samt at bygget vil vere tilgjengelig for inspeksjon og undersøkingar på dagtid kvardagar. Kommunen har også fått utarbeida ein miljøkartleggingsrapport der moglege miljøfiendtlege materialar er kartlagd. Denne er vedlagt konkurransegrunnlaget. Ved bruk av underentreprenørar skal tilbydar informere om det. Der det er bedt om einingsprisar er det tenkt at sum avreiknas når arbeida er ferdig. Prisar summeras og førast i prisskjema. 1. Generelle kostnader. Dette kapitlet omhandlar alle kostnader i forbinding med rigg, HMS-arbeid, nødvendige forsiingar og koordineringar med side- og underentreprenørar. Entreprenør skal stå som ansvarleg søkar for tiltaket. Alle kostnadar i forbinding med nødvendige søknadar tas med. Tilbydar bes her om å prise generelle kostnader for oppgåva. 2. Rive- og transportarbeid. Dette kapitlet skal omhandle alle kostnadar i forbinding med komplett riving av heile bygget. Kapitlet skal også omhandle alle kostnadar i forbinding med bortkjøring og levering av heile konstruksjonen til godkjent mottak. Nødvendig fjerning og bortkjøring av stadlege massar for tilkomst til konstruksjonen skal medreknas. Bygget skal fjernas i sin heilheit. «Smøregrav» og kum for reinsa avløp på austsida av bygget skal også medreknas.
Betongkonstruksjonar lågare enn 1,0m under bakkenivå kan stå. Betongrestar kan også nyttas som fyllmasse dersom denne knusas ned til fraksjonar med storleik 0-300mm og lar seg komprimere. Bakkenivå defineras som kt + 28m. Kostnadar for å fråkople røyr- og elanlegg skal inngå i pris. Røyrendar skal tersas og målas inn med GPS og leveras oppdragsgjevar i SOSI- eller KOF-format. Vassleidning skal tersas over bakkenivå. Byggherre skal før arbeida startar fjerne alt laust og fast utstyr som skal tas vare på. Det gjenverande er entreprenørens ansvar. Det visas til miljøsaneringsrapport og teikningar for å prise arbeida. I tillegg vil anlegget være open for synfaringar på kvardagar etter avtale om ønskjeleg. Tilbydar bes her om å gi pris for komplette rivearbeid, samt kjøring og levering til mottak og avgift for dette. 3. Grunnarbeid. Det er entreprenørens ansvar og gjere seg kjent med, samt kartleggje og påvise leidningar på plassen før arbeida startar. Etter riving skal området påføras masser av sprengt stein og om mogleg eigna rivemassar opp til ca. 60 cm under bakkenivå. Massane skal være eigna som fyllmasser under framtidig bygg og ha storleik 0-300mm. Massane skal også komprimeras klar til nybygget. Tilbydar bes her om å prise alle kostnadar for komplett tilkøyring, oppfylling og komprimering av massar som besive. 4. Rekningsarbeid. Ved andre arbeid enn de som er spesifisert i kap. 1-3 skal følgjande prisar leggas til grunn. Prisane skal inkludere alle kostnadar for utføring eksklusive mva. Rekningsarbeid skal bare utføras etter siftleg rekvisisjon. Arbeidsløn omfattar alle utgifter og tillegg som kan få innverknad på timeprisen, til dømes kostnadar for rigging og drift, administrasjon og påslag. Timeprisane skal være faste i heile byggeperioden.
Det er stipulert eit tal timar som skal prisas og føras i samandrag for anbodssum. Timepris Tal Sum A Anleggsleiar 10 B Formann/ Ingeniør 10 C Røyrleggjar 20 D Stikningsansvarleg 20 E Maskinførar 20 F Fagarbeidar 10 G Lærling 10 H Hjelpemann 10 Maskinleige oppgjevast inklusive maskinførar ved normal drift. Alle kostnadar som kan ha innverknad på timeprisen skal tas med. Timeprisane skal være faste i heile byggeperioden. Det er stipulert eit tal timar som skal prisas og føras i samandrag for anbodssum. Timepris Tal Sum 1 Gravemaskin > 24 tonn 10 2 Gravemaskin 12 < 24 tonn 25 3 Gravemaskin 6 < 12 tonn 25 4 Lastebil 10 5 Dumper 10 6 Hjullastar 10 7 Vibrovalse 10 8 Teletinar 10 9 Borerigg 10 10 Piggemaskin 10 Tilkøyring av massar oppgjevast inklusive sjåfør ved normal drift. Alle kostnadar som kan ha innverknad på masseprisen skal tas med. Mengdeprisene skal være faste i heile byggeperioden. Det er stipulert eit tal kubikk som skal prisas og føras i samandrag for anbodssum. Pris pr. kubikk Tal Sum 1 Sprengstein 0-300mm 30 2 Pukk 8-16mm 30 3 Vekstjord 40 Summane summeras og føras i prisskjema for rekningsarbeid til avrekning Sum rekningsarbeid:
I dei høve der det er behov for varer og tenestar som ikkje er besive i dette konkurransegrunnlaget skal entreprenør oppgjeve ein faktor for disse. Tilbydar kan fakturere netto inntakskost multiplisert med faktoren pluss mva. Entreprenør tilbyr å utføre disse kostnadene med påslagsfaktor K n =.
Prisskjema rivearbeid Bø reinseanlegg. Samanstilling av hovudpostar 1 Generelle kostnader 2 Rive- og transportarbeid 3 Grunnarbeid 4 Rekningsarbeid. SUM 25 % MERVERDIAVGIFT TILBODSUM INKLUSIVE MVA