Tysnes Sparebank Cup 2015 vert arrangert 3.juli - 5.juli på Reiso gras og kunstgras. Påmelding til ne.ha@haugnett.no Påmeldingsfrist 10.juni. Påmeldingsavgift Klasse 1-3 (herrer 7'ar fotball): kr.1.100,- Klasse 4-5 (damer 5'ar fotball): kr. 800,- Betalast til bankkonto 3525.40.49032 innan 10.juni. Fullstendig invitasjon med reglement finn du under "les meir". INVITASJON TIL TYSNES SPAREBANK CUP 2015 1 / 9
GATECUP FOR VAKSNE PÅ REISO GRAS OG KUNSTGRAS 3.JULI 5.JULI 2015 ARR.: NJARDAR/TYSNES PÅMELDINGSFRIST: 10.06.15 TYSNES SPAREBANK CUP 2015: GENERELT OM CUPEN: Njardar/Tysnes inviterer i år til den 19. gatecupen på rad på Reiso gras og kunstgras. Tysnes Sparebank Cup 2015 er for alle f.o.m. 15 år og oppover som har lyst å spela fotball. Njardar/Tysnes ynskjer på denne måten å aktivisera både fastbuande og ferierande til ei 2 / 9
uhøgtidleg og sosial fotballhelg, utan for mykje alvor! Tilbodet er først og fremst for dei som til vanleg ikkje spelar organisert fotball. Dersom DU har lyst å spela fotball, få med deg vener/slektningar/naboar og meld dåke på i ein av klassane nedanfor. KLASSEINNDELING: Klasse 1 7 ar fotball Lettbeinte menn inntil 2 aktive pr.lag der begge aktive kan vera på banen samtidig. Klasse 2 7 ar fotball (1 keeper og 6 utespelarar på banen samstundes og inntil 4 innbyttarar) Sårbeinte menn ingen aktive på laga, uansett nivå. Klasse 3 7 ar fotball (1 keeper og 6 utespelarar på banen samstundes og inntil 4 innbyttarar) Stivbeinte menn frå og med 40 år og oppover. Klasse 4 5 ar fotball (1 keeper og 6 utespelarar på banen samstundes og inntil 4 innbyttarar) 3 / 9
Lettbeinte damer inntil 2 aktive pr.lag der begge aktive kan vera på banen samtidig. Klasse 5 5 ar fotball (1 keeper og 4 utespelarar på banen samstundes og inntil 3 innbyttarar) Sårbeinte damer ingen aktive på laga, dvs. spelarar som ikkje spelar fotball til vanleg (1 keeper og 4 utespelarar på banen samstundes og inntil 3 innbyttarar) DEFINISJON AV AKTIVE: Med aktive i klasse 1 meiner me alle spelarar som har spelt seriekampar f.o.m. 5 div. og høgare i 2015. I klasse 2 og 5 kan det ikkje vera med aktive, uansett nivå, dvs. ingen som har spelt seriekampar i 2015, alt frå aldersbestemt fotball t.o.m seniorfotball. Med aktive i klasse 4 meiner me alle som har spelt seriekampar i 2015, alt frå aldersbestemt fotball t.o.m seniorfotball. Spelarar f.o.m 40 år og oppover vert ikkje rekna som aktive, uansett klasse. Dei som er aktive i klasse 1 og 4 skal merkast av på lagoppstillinga. 4 / 9
NB! Ein spelar kan kun delta på eitt lag. Elles NFF s vanlege reglar for 7-ar fotball, men keeper får ikkje lov å kasta/sparka ballen over midtbanen når han/ho har ballen i fast grep eller etter «dødball». NB! Hugs leggskinn - alle spelarar vert oppmoda til å nytta leggskinn - dei som evt. ikkje nyttar leggskinn gjer dette på eige ansvar i høve til evt. skader KAMPAVVIKLING: Innleiande rundar fredag kveld og laurdag. Sluttspel vert søndag ettermiddag. Det vert i utgangspunktet 4 lag i puljene og spelt serie i innleiande rundar, dvs. min. 3 kampar på kvart lag. Dei beste laga i kvar klasse går vidare til sluttspelet. Sluttspelet vert arrangert som cup. Ved uavgjort resultat i sluttspelet vert kampane avgjort med straffekonkurranse. SPELETID: 5 / 9
2 X 13 minutt pr. kamp. Oppmøte med registrering i sekretæriatet min. ein halv time før kampstart. KAMPOPPSETT: Kampoppsett vert sendt til kvart lag ved kontaktpersonen og kunngjort på www.njardar.no. NB!! Hugs namn på laget, klasse, adresse, tlf.nr. epost til kontaktpersonen ved påmelding! DOMMARAR: Njardar/Tysnes sine medlemer/spelarar/dommarar + innleigde dommarar. JURY: Det vil verta oppretta ein jury. Evt. protestar må leverast skriftleg til sekretæriatet min. 1 time etter at kampen er ferdig. Protestgebyr kr. 200,- (vert refundert dersom protesten vert teken til følgje). ARRANGØR: Njardar/Tysnes ved cupnemnda. 6 / 9
Det vert oppretta sekretæriat i klubbhuset med resultatservice. Kiosk-sal m/kaffi, vafler, pølser, is og brus. Oppdatering av resultater via nettet på www.njardar.no. PREMIAR: Premie til dei 4 beste laga i kvar klasse. Lagpremie og premie til kvar spelar for dei to beste laga i kvar klasse. Lagpremie til tredjeplassane, dvs tapande semifinalister. Fair Play pris (gjeld felles for alle klassar). Premieutdeling etter finalane søndag ettermiddag. NB!!!! Lag som nyttar meir enn 2 aktive i klasse 1 og 4 vert diskvalifisert!! NB!!!! All bruk av alkohol inne på området er forbode! Spelarar som nyt alkohol vil bli diskvalifisert! PÅMELDINGSFRIST OG BETALING: 7 / 9
Påmelding til ne.ha@haugnett.no innan 10.06.15. Påmeldingsavgift: kr. 1.100,- pr. lag i klasse 1-3 kr. 800,- pr. lag i klasse 4-5. Påmeldingsavgifta skal betalast til: Tysnes Sparebank Cup 2015 v/tore Økland 5680 Tysnes Bankkontonr.: 3525.40.49032 NB! Påmeldingsavgifta skal vera betalt innan 10.06.15. PÅMELDINGSSKJEMA TIL TYSNES SPAREBANK CUP 2015: Lagets namn: Klasse: Kontaktperson: 8 / 9
Adresse: Tlf.nr./e-mail: www.tysnes-sparebank.no tlf. 53 43 03 00 telefaks 53 43 03 50 9 / 9