(UOFFISIELL OMSETJING)



Like dokumenter
NOR/310R1015.ggr OJ L 293/10, p

EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende Nr. 51/478. KOMMISJONSFORORDNING (EU) nr. 932/2012. av 3. oktober 2012

Nr. 6/286 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende. KOMMISJONSFORORDNING (EU) nr. 1015/2010. av 10. november 2010

NOR/312R00932.ggr OJ L 278/12, p. 1-10

NOR/310R1016.sd OJ L 293/10, p COMMISSION REGULATION (EU) No 1016/2010 of 10 November 2010 implementing Directive 2009/125/EC of the European

NOR/312R0392.SD OJ L 123/12, p. 1-26

Nr. 8/180 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende. KOMMISJONSFORORDNING (EU) nr. 384/2010. av 5. mai 2010

NOR/310R1062.GGR OJ L 314/10, p COMMISSION DELEGATED REGULATION (EU) No 1062/2010 of 28 September 2010 supplementing Directive 2010/30/EU of

NOR/309R T OJ L 339/08, p

Nr. 6/260 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende. DELEGERT KOMMISJONSFORORDNING (EU) nr. 392/2012. av 1. mars 2012

NOR/311R0432.ggr OJ L 115/11, p. 1-4 COMMISSION REGULATION (EU) No 432/2011 of 4 May 2011 refusing to authorise certain health claims made on foods,

NOR/310R T OJ L 113/10, p. 6-10

Nr. 20/152 EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende KOMMISJONSVEDTAK. av 27. juli 1999

Nr. 29/550 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende DELEGERT KOMMISJONSFORORDNING (EU) nr. 1061/2010. av 28.

EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende EØS-ORGANER EØS-KOMITEEN. KOMMISJONSFORORDNING (EF) nr. 1275/2008. av 17.

NOR/309R T OJ L 191/09, p

NOR/310R1061.sd OJ L 314/10, p

NOR/309R T OJ L 191/09, p Commission Regulation (EC) No 642/2009 of 22 July 2009 implementing Directive 2005/32/EC of the European

NOR/311R1160.ggr OJ L 296/11, p

Nr. 7/286 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende. KOMMISJONSFORORDNING (EU) nr. 263/2011. av 17. mars 2011

EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende KOMMISJONSVEDTAK. av 25. januar 1999

EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende. KOMMISJONSFORORDNING (EF) nr. 641/2009. av 22. juli 2009

NOR/309R T OJ L 93/2009, p Commission Regulation (EC) No 278/2009 of 6 April 2009 implementing Directive 2005/32/EC of the European

COMMISSION REGULATION (EU) No 875/2010 of 5 October 2010 concerning the authorisation for 10 years of an additive in feedingstuffs

EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSFORORDNING (EF) nr. 2232/96

(UOFFISIELL OMSETJING)

(UOFFISIELL OMSETJING)

Nr. 29/504 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende DELEGERT KOMMISJONSFORORDNING (EU) nr. 1059/2010. av 28.

NOR/312R0206.sd OJ L 72/12, p COMMISSION REGULATION (EU) No 206/2012 of 6 March 2012 implementing Directive 2009/125/EC of the European

(UOFFISIELL OVERSETTELSE)

KOMMISJONSDIREKTIV 98/11/EF. av 27. januar om gjennomføringsreglar for rådsdirektiv 92/75/EØF med omsyn til energimerking av hushaldslampar(*)

NOR/309R T OJ L 36/09, p. 8-14

COMMISSION REGULATION (EU) No 16/2011 of 10 January 2011 laying down implementing measures for the Rapid alert system for food and feed

Nr. 57/182 EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende KOMMISJONSVEDTAK. av 27. mars 2000

Nr. 53/82 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende. KOMMISJONSFORORDNING (EF) nr. 642/2009. av 22. juli 2009

Nr. 20/84 EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende KOMMISJONSVEDTAK. av 12. april 1999

(UOFFISIELL OMSETJING)

NOR/311R0665.GGR OJ L 182/11, p. 5-7

NOR/310R1103.cfo OJ L 313/10, p. 3-7 Commission Regulation (EU) No 1103/2010 of 29 November 2010 establishing, pursuant to Directive 2006/66/EC of

NOR/310R1059.sd OJ L 314/10, p. 1-16

EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSDIREKTIV (EF) nr. 2009/22/EF. av 23. april om nedlegging av forbod med omsyn til vern av forbrukarinteresser

NOR/307R T OJ L 201/07, p. 3-5

EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSDIREKTIV 2006/94/EF. av 12. desember 2006

EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende KOMMISJONSDIREKTIV 95/12/EF. av 23. mai 1995

(UOFFISIELL OVERSETTELSE)

NOR/311R0868.sd OJ L 226/11, p. 2-4

NOR/310R0892.ggr OJ L 266/10, p. 6-9

KOMMISJONSDIREKTIV 97/17/EF. av 16. april 1997

NOR/311R1170.ggr OJ L 299/11, p. 1-3

Prop. 128 L. ( ) Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak) Endringer i lov om merking av forbruksvarer mv. (forbrukermerkeloven)

Nr. 53/58 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende. KOMMISJONSFORORDNING (EF) nr. 278/2009. av 6. april 2009

NOR/309R T OJ L 191/09, p Commission Regulation (EC) No 640/2009 of 22 July 2009 implementing Directive 2005/32/EC of the European

(UOFFISIELL OVERSETTELSE)

(UOFFISIELL OMSETJING)

KOMMISJONSVEDTAK. av 17. februar 1997

EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende. KOMMISJONSFORORDNING (EF) nr. 324/2008. av 9. april 2008

EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende

EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende. KOMMISJONSFORORDNING (EF) nr. 181/2008. av 28. februar 2008

EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende. KOMMISJONSFORORDNING (EF) nr. 107/2009. av 4. februar 2009

KOMMISJONSDIREKTIV 96/60/EF. av 19. september 1996

KOMMISJONSDIREKTIV 95/17/EF. av 19. juni 1995

KOMMISJONSVEDTAK. av 30. juni 1998 (98/437/EF)

NOR/305R T OJ L 107/05, p Commission Regulation (EC) No 642/2005 of 27 April 2005 imposing testing and information requirements on the

(UOFFISIELL OVERSETTELSE)

EØS-tillegget til De Europeiske Fellesskaps Tidende EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSDIREKTIV 98/27/EF. av 19. mai 1998

NOR/310D0409.sd OJ L 189/10, p

COMMISSION IMPLEMENTING REGULATION (EU) 2015/864 of 4 June 2015 amending Regulation (EC) No 340/2008 on the fees and charges payable to the European

(UOFFISIELL OVERSETTELSE)

EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende Nr. 79/691. KOMMISJONSFORORDNING (EU) nr. 666/2013. av 8. juli 2013

NOR/314R0317.besa OJ L 93/2014, p

NOR/309R T OJ L 347/09, p

Nr. 9/512 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende. EUROPAPARLAMENTS- OG RÅDSVEDTAK nr. 787/2004. av 21. april 2004

Nr. 53/66 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende. KOMMISJONSFORORDNING (EF) nr. 640/2009. av 22. juli 2009

KOMMISJONSVEDTAK. av 9. juli 1997

NOR/310R1060.sd OJ L 314/10, p

KOMMISJONSFORORDNING (EF) nr. 997/1999. av 11. mai 1999

EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende Nr. 51/497. KOMMISJONSFORORDNING (EU) nr. 622/2012. av 11. juli 2012

KOMMISJONSVEDTAK. av 24. oktober om gjennomføring av artikkel 20 nr. 2 i rådsdirektiv 89/106/EØF om byggjevarer(*) (95/467/EF)

KOMMISJONSVEDTAK. av 9. mars 1998 (98/213/EF)

EØS-tillegget. NORSK utgave. til Den europeiske unions tidende. Nr. 53 ISSN årgang I EØS-ORGANER. 1.

KOMMISJONSVEDTAK. av 9. mars 1998

NOR/311R0527.sd OJ L 143/11, p. 6-9

KOMMISJONSVEDTAK. av 31. mai om gjennomføring av artikkel 20 nr. 2 i rådsdirektiv 89/106/EØF om byggjevarer(*) (95/204/EF)

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

NOR/312R0547.ohfo OJ L 165/12, p COMMISSION REGULATION (EU) No 547/2012 of 25 June 2012 implementing Directive 2009/125/EC of the European

(UOFFISIELL OVERSETTELSE)

EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende Nr. 29/567. DELEGERT KOMMISJONSFORORDNING (EU) nr. 1062/2010. av 28.

(UOFFISIELL OVERSETTELSE)

KOMMISJONSVEDTAK. av 16. september 1998

(UOFFISIELL OVERSETTELSE)

Prop. 126 S. ( ) Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)

(UOFFISIELL OVERSETTELSE)

(UOFFISIELL OVERSETTELSE)

COMMISSION IMPLEMENTING REGULATION (EU) 2015/1397 of 14 August 2015 renewing the approval of the active substance florasulam in accordance with

NOR/312R0547.ohfo OJ L 165/12, p COMMISSION REGULATION (EU) No 547/2012 of 25 June 2012 implementing Directive 2009/125/EC of the European

COMMISSION DELEGATED REGULATION (EU) No 518/2014 of 5 March 2014 amending Commission Delegated Regulations (EU) No 1059/2010, (EU) No 1060/2010, (EU)

(UOFFISIELL OMSETJING)

EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende RÅDSDIREKTIV 2008/71/EF. av 15. juli om identifikasjon og registrering av svin

KOMMISJONSVEDTAK. av 3. februar 1997

Nr. 4/667 EØS-tillegget til Den europeiske unions tidende. KOMMISJONSFORORDNING (EU) nr. 1103/2010. av 29. november 2010

Transkript:

NOR/312R0932.ggr OJ L 278/12, p. 1-10 COMMISSION REGULATION (EU) No 932/2012 of 3 October 2012 implementing Directive 2009/125/EC of the European Parliament and of the Council with regard to ecodesign requirements for household tumble driers (UOFFISIELL OMSETJING)

KOMMISJONSFORORDNING (EU) nr. 932/2012 av 3. oktober 2012 om gjennomføring av europaparlaments- og rådsdirektiv 2009/125/EF med omsyn til krav til miljøvenleg utforming av hushaldstørketromlar EUROPAKOMMISJONEN HAR med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen, med tilvising til europaparlaments- og rådsdirektiv 2009/125/EF av 21. oktober 2009 om fastsettelse av en ramme for å fastsette krav til miljøvennlig utforming av energirelaterte produkter( 1 ), særleg artikkel 15 nr. 1, etter samråd med samrådsforumet for miljøvenleg utforming og ut frå desse synsmåtane: 1) I medhald av direktiv 2009/125/EF skal Kommisjonen fastsetje krav til miljøvenleg utforming av energirelaterte produkt som representerer omfattande sals- og handelsvolum, som har vesentlege miljøverknader, og som har eit stort potensial for betring med omsyn til miljøverknaden til produkta utan at det fører til urimelege kostnader. 2) I artikkel 16 nr. 2 bokstav a) i direktiv 2009/125/EF er det fastsett at Kommisjonen eventuelt skal innføre gjennomføringstiltak for hushaldsapparat, medrekna hushaldstørketromlar. 3) Kommisjonen har gjennomført ei førebuande undersøking med analyse av dei tekniske, miljømessige og økonomiske aspekta ved hushaldstørketromlar som vanlegvis vert nytta i hushald. Undersøkinga er utvikla i samarbeid med interessentar og partar som det gjeld frå EU og tredjestatar, og resultata er gjorde offentleg tilgjengelege. 4) Denne forordninga bør omfatte produkt som er utforma for tørking av tekstilar i hushald. 5) Kombinerte hushaldsvaskemaskiner/-tørketromlar har særlege kjenneteikn, og bør difor ikkje vere omfatta av verkeområdet for denne forordninga. 6) Det miljømessige aspektet ved hushaldstørketromlar, som er identifisert som vesentleg for føremåla med denne forordninga, er energiforbruket i bruksfasen. Det årlege elektrisitetsforbruket i EU for hushaldstørketromlar vart i 2005 vurdert til 21 TWh. Dersom det ikkje vert sett i verk særlege tiltak, er det årlege elektrisitetsforbruket venta å stige til 31 TWh i 2020. Den førebuande undersøkinga viser at elektrisitetsforbruket for produkt som er omfatta av denne forordninga, kan reduserast svært mykje. 7) Den førebuande undersøkinga viser at krava til andre parametrar for miljøvenleg utforming som er nemnde i del I i vedlegg I til direktiv 2009/125/EF, ikkje er naudsynte, ettersom det er elektrisitetsforbruket som er det mest vesentlege miljøaspektet til hushaldstørketromlar i bruksfasen. I samsvar med artikkel 6 nr. 2 i direktiv 2009/125/EF skal medlemsstatane verken forby, avgrense eller hindre at hushaldstørketromlar vert bringa i omsetning eller tekne i bruk på territoriet deira på grunnlag av krav til miljøvenleg utforming i samband med dei parametrane for miljøvenleg utforming som er nemnde i del I i vedlegg I til det direktivet ( 1 ) TEU L 285 av 31.10.2009, s. 10.

2 8) Elektrisitetsforbruket til hushaldstørketromlar bør gjerast meir effektivt ved bruk av eksisterande allment tilgjengeleg kostnadseffektiv teknologi som kan redusere dei samla utgiftene til kjøp og drift av desse produkta. 9) Krava til miljøvenleg utforming bør ikkje ha negativ innverknad på funksjonaliteten til produkta sett frå sluttbrukaren si side, og heller ikkje på helse, tryggleik eller miljø. Særleg bør føremonene ved å redusere energiforbruket i bruksfasen meir enn vege opp for eventuelle ytterlegare miljøverknader i produksjons- og disponeringsfasen. 10) Krava til miljøvenleg utforming bør innførast gradvis, slik at produsentane får nok tid til eventuelt å kunne endre utforminga av dei produkta som er omfatta av denne forordninga. Innføringa av krava bør planleggjast på en slik måte at funksjonaliteten til utstyr som finst på marknaden, ikkje vert påverka negativt, og at det vert teke omsyn til kostnadene for sluttbrukarar og produsentar, særleg små og mellomstore føretak, samstundes som det vert sikra at måla for denne forordninga kan nåast til rett tid. 11) Målingar av dei aktuelle produktparametrane bør utførast ved hjelp av pålitelege, nøyaktige og reproduserbare målemetodar som tek omsyn til sannkjende målemetodar på det noverande utviklingssteget i teknikken, medrekna eventuelle harmoniserte standardar vedtekne av europeiske standardiseringsorgan som er nemnde i vedlegg I til europaparlaments- og rådsdirektiv 98/34/EF av 22. juni 1998 om en informasjonsprosedyre for standarder og tekniske forskrifter samt regler for informasjonssamfunnstjenester( 1 ). 12) I samsvar med artikkel 8 i direktiv 2009/125/EF bør det i denne forordninga opplysast om gjeldande framgangsmåtar for samsvarsvurdering. 13) For å leggje til rette for samsvarskontrollar bør produsentane leggje fram opplysningar i den tekniske dokumentasjonen som er nemnd i vedlegg V og VI til direktiv 2009/125/EF, i den grad desse opplysningane er relevante for dei krava som er fastsette i denne forordninga. 14) I tillegg til dei rettsleg bindande krava som er fastsette i denne forordninga, bør det påvisast rettleiande referanseverdiar for beste tilgjengelege teknologi for å sikre brei og enkel tilgang til opplysningar om miljøprestasjonen gjennom heile levetida for dei produkta som er omfatta av denne forordninga. 15) Dei tiltaka som er fastsette i denne forordninga, er i samsvar med fråsegna frå det utvalet som er oppnemnt i medhald av artikkel 19 nr. 1 i direktiv 2009/125/EF VEDTEKE DENNE FORORDNINGA: Artikkel 1 Mål og verkeområde 1. Ved denne forordninga vert det innført krav til miljøvenleg utforming for omsetning av elektriske, nettdrivne og gassfyrte hushaldstørketromlar og innbygde hushaldstørketromlar, medrekna slike som vert selde til annan bruk enn hushaldsbruk. 2. Denne forordninga skal ikkje nyttast på kombinerte hushaldsvaskemaskiner/-tørketromlar og hushaldssentrifuger. Artikkel 2 Definisjonar I denne forordninga skal dei definisjonane som er fastsette i artikkel 2 i direktiv 2009/125/EF, nyttast. Vidare ty 1) «hushaldstørketrommel» eit apparat der tekstilar vert tørka i ein roterande trommel ved gjennomstrøyming av varm luft, og som er utforma hovudsakleg for heimebruk, 2) «innbygd hushaldstørketrommel» ein hushaldstørketrommel som er meint for installasjon i eit innbyggingsskap eller i ei eiga nisje i ein vegg eller liknande som er meint for dette føremålet, og som krev montering av frontpanel, ( 1 ) TEF L 204 av 21.7.1998, s. 37.

3 3) «kombinert hushaldsvaskemaskin/-tørketrommel» ei hushaldsvaskemaskin som omfattar både ein sentrifugeringsfunksjon og ein funksjon for tørking av tekstilar, vanlegvis ved oppvarming og rotering i trommel, 4) «hushaldssentrifuge», òg kalla «sentrifuge», eit apparat som fjernar vatn frå tekstilar ved sentrifugering i ein roterande trommel ved at vatnet vert avleidd ved hjelp av ei automatisk pumpe, og som er utforma hovudsakleg for heimebruk, 5) «utluftingstørketrommel» ein tørketrommel som syg inn frisk luft, blæs lufta over tekstilane og slepper den resulterande fuktige lufta inn i eller ut av rommet, 6) «tørketrommel med kondensering» tørketrommel som omfattar ei innretning som (anten ved kondensering eller på annan måte) fjernar fukt frå den lufta som vert nytta i tørkeprosessen, 7) «automatisk tørketrommel» ein tørketrommel som avbryt tørkeprosessen ved måling av eit visst fuktinnhald i vasken, til dømes gjennom konduktivitets- eller temperaturmåling, 8) «ikkje-automatisk tørketrommel» ein tørketrommel som slår av tørkeprosessen etter eit førehandsdefinert tidsrom, vanlegvis ved hjelp av ein tidsbrytar, men som òg kan slåast av manuelt, 9) «program» ein serie funksjonar som er førehandsdefinerte, og som produsenten reknar som eigna til tørking av visse typar tekstilar, 10) «syklus» heile tørkeprosessen, slik det er definert for det valde programmet, 11) «programtid» den tida programmet tek frå det vert starta til det er fullført, bortsett frå eventuell brukarprogrammert utsett start, 12) «nominell kapasitet» den høgste massen i kilogram, i intervall på 0,5 kg tørre tekstilar av ein viss type, som etter opplysningar frå produsenten kan tørkast i ein hushaldstørketrommel med det programmet som er valt, når tørketrommelen er fylt i samsvar med instruksjonane frå produsenten, 13) «halv maskin» halvparten av den nominelle kapasiteten til ein hushaldstørketrommel ved bruk av eit visst program, 14) «kondenseringseffektivitet» høvet mellom massen av den fukta som vert kondensert i ein tørketrommel med kondensering, og massen av den fukta som vert fjerna frå vasken ved slutten av ein syklus, 15) «avslått tilstand» ein tilstand der hushaldstørketrommelen er slått av ved hjelp av knappar eller brytarar på apparatet, som er tilgjengelege og meinte for sluttbrukaren ved normal bruk med sikte på lågast mogleg effektforbruk, som kan vare i eit ikkje fastsett tidsrom mens hushaldstørketrommelen er kopla til energikjelda og nytta i samsvar med instruksjonane frå produsenten; dersom det ikkje finst slike brytarar eller knappar tilgjengelege for sluttbrukaren, tyder «avslått tilstand» den tilstanden som tek til når hushaldstørketrommelen av seg sjølv går tilbake til det effektforbruket som gjeld når han ikkje er i bruk, 16) «kviletilstand» den tilstanden som har det lågaste effektforbruket, og som kan haldast uendra i eit ikkje nærmare fastsett tidsrom etter at programmet er fullført, utan at sluttbrukaren har gjort noko anna enn å tømme hushaldstørketrommelen, 17) «tilsvarande hushaldstørketrommel» ein tørketrommelmodell til hushaldsbruk som er bringa i omsetning med same nominelle kapasitet, tekniske eigenskapar og yting, energiforbruk, kondenseringseffektivitet der dette er relevant, programtid for normalprogrammet for bomull og utslepp av luftboren akustisk støy som ein annan tørketrommelmodell til hushaldsbruk som er bringa i omsetning med ein annan handelskode av den same produsenten, 18) «normalprogram for bomull» ein syklus som tørkar bomullsvask med eit opphavleg fuktinnhald på 60 % opptil eit restfuktinnhald på 0 %. Artikkel 3 Krav til miljøvenleg utforming Dei allmenne krava til miljøvenleg utforming for hushaldstørketromlar er fastsette i nr. 1 i vedlegg I. Dei særlege krava til miljøvenleg utforming for hushaldstørketromlar er fastsette i nr. 2 i vedlegg I. Det er ikkje naudsynt med krav til miljøvenleg utforming med omsyn til dei andre parametrane for miljøvenleg utforming som er

4 nemnde i del I i vedlegg I til direktiv 2009/125/EF. Artikkel 4 Samsvarsvurdering 1. Framgangsmåten for samsvarsvurdering som er nemnd i artikkel 8 i direktiv 2009/125/EF, skal vere det systemet for intern kontroll av utforming som er fastsett i vedlegg IV til det nemnde direktivet, eller den styringsordninga som er fastsett i vedlegg V til det nemnde direktivet. 2. Når det gjeld samsvarsvurdering i medhald av artikkel 8 i direktiv 2009/125/EF, skal den tekniske dokumentasjonen innehalde ein kopi av dei utrekningane som er fastsette i vedlegg II til denne forordninga. Dersom dei opplysningane som er tekne med i den tekniske dokumentasjonen for ein viss tørketrommelmodell til hushaldsbruk, er eit resultat av utrekningar på grunnlag av utforming av eller ekstrapolering frå andre tilsvarande hushaldstørketromlar, eller begge delar, skal den tekniske dokumentasjonen omfatte opplysningar om slike utrekningar eller ekstrapoleringar, eller begge delar, og om prøvingar som produsentane har utført for å kontrollere at dei utrekningane som er gjorde, er nøyaktige. Desse opplysningane skal òg omfatte ei liste over alle tilsvarande hushaldstørketromlar der dei opplysningane som er tekne med i den tekniske dokumentasjonen, er skaffa fram på det same grunnlaget. Artikkel 5 Framgangsmåte for verifisering for marknadstilsynsføremål Når medlemsstatane utfører marknadstilsynskontroll slik det er nemnt i artikkel 3 nr. 2 i direktiv 2009/125/EF for å kontrollere at dei krava som er fastsette i vedlegg I til denne forordninga, er oppfylte, skal dei nytte den framgangsmåten for verifisering som det er gjort greie for i vedlegg III til denne forordninga. Artikkel 6 Standardverdiar for referansemåling Dei rettleiande referanseverdiane for dei miljømessig beste hushaldstørketromlane som er tilgjengelege på marknaden når denne forordninga tek til å gjelde, er fastsette i vedlegg IV. Artikkel 7 Revisjon Kommisjonen skal vurdere denne forordninga på nytt i lys av den teknologiske utviklinga seinast fem år etter at ho tek til å gjelde, og leggje fram resultatet av denne vurderinga for samrådsforumet for miljøvenleg utforming. Vurderinga skal særleg omfatte dei verifiseringstoleransane som er fastsette i vedlegg III og effektiviteten til tørketromlar med avtrekk. Artikkel 8 Iverksetjing og bruk 1. Denne forordninga tek til å gjelde den 20. dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen. 2. Ho skal nyttast frå 1. november 2013. Likevel gjeld følgjande: a) Dei allmenne krava til miljøvenleg utforming som er fastsette i punkt 1.1 og 1.2 i vedlegg I, skal nyttast frå 1. november 2014. b) Dei særlege krava til miljøvenleg utforming som er fastsette i punkt 2.2 i vedlegg I, skal nyttast frå 1. november 2015. Denne forordninga er bindande i alle delar og gjeld direkte i alle medlemsstatane. Utferda i Brussel, 3. oktober 2012. For Kommisjonen

5 José Manuel BARROSO President

6 VEDLEGG I Krav til miljøvenleg utforming 1. Allmenne krav til miljøvenleg utforming 1.1. Ved utrekninga av energiforbruket og andre parametrar for hushaldstørketromlar skal syklusen for tørking av bomullsvask (med eit opphavleg fuktinnhald på 60 %) opptil eit restfuktinnhald på 0 % («normalprogram for bomull»), nyttast. Denne syklusen skal vere klart attkjenneleg på innretninga for programval på hushaldstørketromlane eller eventuelt på skjermvindauget deira, eller begge delar, og skal kallast «normalprogram for bomull» eller visast med eit einsarta symbol eller ein eigna kombinasjon av desse, og vere innstilt som standardsyklus for hushaldstørketromlar som har automatisk programval eller ein annan funksjon som gjer det mogleg automatisk å velje program eller halde ved lag eit programval. Dersom tørketrommelen er ein automatisk tørketrommel skal «normalprogram for bomull» veljast automatisk. 1.2. Bruksrettleiinga frå produsenten skal innehalde følgjande: a) opplysningar om «normalprogrammet for bomull», at dette programmet høver til tørking av normalt våt bomullsvask, og at dette er det mest effektive programmet når det gjeld energiforbruk for tørking av våt bomullsvask, b) effektforbruket i avslått tilstand og kviletilstand, c) rettleiande opplysningar om programtid og energi- og vassforbruk for dei vanlegaste tørkeprogramma ved både full og eventuelt halv maskin. 2. Særlege krav til miljøvenleg utforming Hushaldstørketromlar skal oppfylle følgjande krav: 2.1. Frå 1. november 2013: Energieffektivitetsindeksen (EEI) skal vere lågare enn 85. Den vegne kondenseringseffektiviteten til hushaldstørketromlar med kondensering skal ikkje vere lågare enn 60 %. 2.2. Frå 1. november 2015: Energieffektivitetsindeksen (EEI) skal vere lågare enn 76 for alle hushaldstørketromlar med kondensering. Den vegne kondenseringseffektiviteten til hushaldstørketromlar med kondensering skal ikkje vere lågare enn 70 %. Energieffektivitetsindeksen (EEI) og den vegne kondenseringseffektiviteten vert rekna ut i samsvar med vedlegg II.

7 VEDLEGG II Metode for utrekning av energieffektivitetsindeks og vegen kondenseringseffektivitet 1. UTREKNING AV ENERGIEFFEKTIVITETSINDEKS Ved utrekninga av energieffektivitetsindeksen (EEI) til ein tørketrommelmodell til hushaldsbruk vert det årlege energiforbruket til ein hushaldstørketrommel ved bruk av normalprogrammet for bomull med full og halv maskin, jamført med det årlege normale energiforbruket til apparatet. a) Energieffektivitetsindeksen (EEI) vert utrekna på følgjande måte, og avrunda til éin desimal: AE C EEI = SAEC 100 AE C = vege årleg energiforbruk for hushaldstørketrommelen. SAE C = årleg normalt energiforbruk for hushaldstørketrommelen. b) Det årlege normale energiforbruket (SAE C ) vert utrekna i kwh/år på følgjande måte, og avrunda til to desimalar: for alle hushaldstørketromlar utan avtrekk: SAE C = 140 c 0,8 for hushaldstørketromlar med avtrekk: c er den nominelle kapasiteten til hushaldstørketrommelen ved bruk av normalprogrammet for bomull, T t er den vegne programtida for normalprogrammet for bomull. c) Det vegne årlege energiforbruket (AE C ) vert utrekna i kwh/år på følgjande måte, og avrunda til to desimalar: i) E t = er det vegne energiforbruket, i kwh og avrunda til to desimalar, P o = effekt i «avslått tilstand» for normalprogrammet for bomull med full maskin, i W og avrunda til to desimalar, P l = effekt i «kviletilstand» for normalprogrammet for bomull med full maskin, i W og avrunda til to desimalar,

8 T t = vegen programtid, i minuttar og avrunda til nærmaste minutt, 160 = samla tal på tørkesyklusar per år. ii) Når hushaldstørketrommelen er utstyrt med eit straumsparingssystem som gjer at tørketrommelen automatisk går tilbake til «avslått tilstand» etter at programmet er avslutta, vert det vegne årlege energiforbruket (AE C ) utrekna slik at det vert teke omsyn til den effektive tidslengda til «kviletilstanden», i samsvar med følgjande formel: {(P l T l 160) + P o [525600 (T t 160) (T l 160)]} AE C = E t 160 + 60 1000 T l = tidslengda til «kviletilstanden» for normalprogrammet for bomull med full maskin, i minuttar og avrunda til nærmaste minutt. d) Den vegne programtida (T t ) for normalprogrammet for bomull vert utrekna i minuttar på følgjande måte, og avrunda til nærmaste minutt: T t = (3 T dry + 4 T dry½ )/7 T dry = programtida til den syklusen som svarar til normalprogrammet for bomull med full maskin, i minuttar og avrunda til nærmaste minutt, T dry½ = programtida til den syklusen som svarar til normalprogrammet for bomull med halv maskin, i minuttar og avrunda til nærmaste minutt. e) Det vegne energiforbruket (E t ) vert utrekna i kwh/år på følgjande måte, og avrunda til to desimalar: E t = (3 E dry + 4 E dry½ )/7 E dry = energiforbruket ved bruk av normalprogrammet for bomull med full maskin, i kwh og avrunda til to desimalar, E dry½ = energiforbruket ved bruk av normalprogrammet for bomull med halv maskin, i kwh og avrunda til to desimalar. f) For gassfyrte hushaldstørketromlar vert energiforbruket ved bruk av normalprogrammet for bomull med full og halv maskin utrekna i kwh og avrunda til to desimalar, på følgjande måte: Eg dry = gassforbruket ved bruk av normalprogrammet for bomull med full maskin, i kwh og avrunda til to desimalar, Eg dry½ = gassforbruket ved bruk av normalprogrammet for bomull med halv maskin, i kwh og avrunda til to desimalar, Eg dry,a = utfyllande elektrisitetsforbruk ved bruk av normalprogrammet for bomull med full maskin, i kwh og avrunda til to desimalar, Eg dry½,a = utfyllande elektrisitetsforbruk ved bruk av normalprogrammet for bomull med halv maskin, i kwh og avrunda til to desimalar, f g = 2,5.

9 2. UTREKNING AV DEN VEGNE KONDENSERINGSEFFEKTIVITETEN Kondenseringseffektiviteten til eit program er høvet mellom massen av fukt som er kondensert og oppsamla i ein hushaldstørketrommel med kondensering, og massen av fukt som vert fjerna frå vasken ved bruk av programmet, der sistnemnde er skilnaden mellom massen av den våte prøvevasken før tørking og massen av prøvevasken etter tørking. Ved utrekninga av vegen kondenseringseffektivitet vert det teke omsyn til den gjennomsnittlege kondenseringseffektiviteten ved bruk av normalprogrammet for bomull både med full og halv maskin. Den vegne kondenseringseffektiviteten (C t ) til eit program vert utrekna i prosent og avrunda til nærmaste heile prosent på følgjande måte: C t = (3 C dry + 4 C dry½ )/7 C dry = den gjennomsnittlege kondenseringseffektiviteten ved bruk av normalprogrammet for bomull med full maskin. C dry½ = den gjennomsnittlege kondenseringseffektiviteten ved bruk av normalprogrammet for bomull med halv maskin. Den gjennomsnittlege kondenseringseffektiviteten C vert utrekna av kondenseringseffektivitetsverdiane frå prøvingar, og uttrykt i prosent: n er talet på prøvingar, som omfattar minst fire gyldige prøvingar av det valde programmet, j er nummeret til prøvinga, W wj er massen av vatn som vert samla i kondenseringsbehaldaren under prøving j, W i er massen av den våte prøvevasken før tørking, W f er massen av den våte prøvevasken etter tørking.

10 VEDLEGG III Framgangsmåte for verifisering for marknadstilsynsføremål Når det gjeld samsvar og kontroll med at krava i denne forordninga er oppfylte, skal det gjerast målingar og utrekningar ved hjelp av harmoniserte standardar der referansenumra er offentleggjorde for dette føremålet i Tidend for Den europeiske unionen, eller andre pålitelege, nøyaktige og reproduserbare metodar som tek omsyn til allment sannkjende målemetodar på det noverande utviklingssteget i teknikken, og som vert rekna for å gje svært sikre resultat. For å kontrollere at det er samsvar med dei krava som er fastsette i vedlegg I skal styresmaktene i medlemsstatane prøve éin hushaldstørketrommel. Dersom dei målte parametrane ikkje er i samsvar med verdiane i den tekniske dokumentasjonen som produsenten har opplyst om i medhald av artikkel 4 nr. 2, innanfor dei områda som er fastsette i tabell 1, skal målingane utførast på ytterlegare tre hushaldstørketromlar. Det aritmetiske gjennomsnittet av dei målte verdiane for desse tre hushaldstørketromlane skal oppfylle krava innanfor dei områda som er definerte i tabell 1. I motsett fall skal denne modellen og alle andre tilsvarande modellar av hushaldstørketromlar reknast for ikkje å oppfylle dei krava som er fastsette i vedlegg I. Tabell 1 Målt parameter Vege årleg energiforbruk Vege energiforbruk Vegen kondenseringseffektivitet Vegen programtid Effektforbruk i avslått tilstand og kviletilstand Tidslengda til kviletilstanden Verifiseringstoleransar Den målte verdien skal ikkje overstige den nominelle verdien(*) for AE C med meir enn 6 %. Den målte verdien skal ikkje overstige den nominelle verdien for E t med meir enn 6 %. Den målte verdien skal ikkje liggje meir enn 6 % under den nominelle verdien for C t. Den målte verdien skal ikkje overstige dei nominelle verdiane for T t med meir enn 6 % Den målte verdien for effektforbruket P o og P l på 1,00 W eller meir skal ikkje overstige den nominelle verdien med meir enn 6 %. Den målte verdien for effektforbruket P o og P l på 1,00 W eller mindre skal ikkje overstige den nominelle verdien med meir enn 0,10 W Den målte verdien skal ikkje overstige den nominelle verdien for T l med meir enn 6 % (*) «Nominell verdi» er ein verdi som produsenten har opplyst om. Ein usikker verdi på 6 % når det gjeld målinga representerer den gjeldande feilmarginen for laboratorieprøving ved bruk av den nye målemetoden som vert nytta i samband med dei nye krava til energimerking/miljøvennleg utforming, medrekna syklusar med full og halv maskin.

11 VEDLEGG IV Standardverdiar for referansemåling På tidspunktet då denne forordninga tek til å gjelde vart følgjande tilgjengelege teknologi peikt ut som den beste på marknaden for hushaldstørketromlar når det gjeld energiforbruk og utslepp av luftboren akustisk støy under tørking ved bruk av normalprogrammet for bomull: 1) Hushaldstørketromlar med avtrekk med nominell kapasitet på 3 kg: a) energiforbruk: 1,89 kwh/syklus ved bruk av normalprogrammet for bomull med full maskin, som tilsvarar ca. 247 kwh/år (*), b) utslepp av luftboren akustisk støy: 69 db. 2) Hushaldstørketromlar med avtrekk med nominell kapasitet på 5 kg: a) energiforbruk: 2,70 kwh/syklus ved bruk av normalprogrammet for bomull med full maskin, som tilsvarar ca. 347 kwh/år (*), b) utslepp av luftboren akustisk støy: ingen opplysningar. 3) Gassfyrte hushaldstørketromlar med avtrekk med nominell kapasitet på 5 kg: a) gassforbruk: 3,25 kwh Gas /syklus, som tilsvarar 1,3 kwh ved bruk av normalprogrammet for bomull med full maskin ingen opplysningar om årleg energiforbruk, b) utslepp av luftboren støy: ingen opplysningar. 4) Hushaldstørketromlar med kondensering med nominell kapasitet på 5 kg: a) energiforbruk: 3,10 kwh/syklus ved bruk av normalprogrammet for bomull med full maskin, som tilsvarar ca. 396 kwh/år (*), b) utslepp av luftboren akustisk støy: ingen opplysningar. 5) Hushaldstørketromlar med avtrekk med nominell kapasitet på 6 kg: a) energiforbruk: 3,84 kwh/syklus ved bruk av normalprogrammet for bomull med full maskin, som tilsvarar ca. 487 kwh/år (*), b) utslepp av luftboren akustisk støy: 67 db. 6) Hushaldstørketromlar med kondensering med nominell kapasitet på 6 kg: a) energiforbruk: 1,58 kwh/syklus ved bruk av normalprogrammet for bomull med full maskin, som tilsvarar ca. 209 kwh/år (*), b) utslepp av luftboren akustisk støy: ingen opplysningar. 7) Hushaldstørketromlar med avtrekk med nominell kapasitet på 7 kg: a) energiforbruk: 3,9 kwh/syklus ved bruk av normalprogrammet for bomull med full maskin, som tilsvarar ca. 495 kwh/år (*), b) utslepp av luftboren akustisk støy: 65 db. 8) Gassfyrte hushaldstørketromlar med avtrekk med nominell kapasitet på 7 kg: a) gassforbruk: 3,4 kwh Gas /syklus, som tilsvarar 1,36 kwh ved bruk av normalprogrammet for bomull med full maskin. ingen opplysningar om årleg energiforbruk, b) utslepp av luftboren støy: ingen opplysningar. 9) Hushaldstørketromlar med kondensering med nominell kapasitet på 7 kg: a) energiforbruk: 1,6 kwh/syklus ved bruk av normalprogrammet for bomull med full maskin, som tilsvarar ca. 211 kwh/år (*), b) utslepp av luftboren akustisk støy: 65 db. (*) Rekna ut på grunnlag av 160 tørkesyklusar per år med eit energiforbruk ved bruk av normalprogrammet for bomull med halv maskin som tilsvarar 60 % av energiforbruket med full maskin, og eit ytterlegare årleg energiforbruk ved innstillingane for låg energibruk på 13,5 kwh.

12 10) Hushaldstørketromlar med avtrekk med nominell kapasitet på 8 kg: a) energiforbruk: 4,1 kwh/syklus ved bruk av normalprogrammet for bomull med full maskin, som tilsvarar ca. 520 kwh/år (*), b) utslepp av luftboren akustisk støy: 65 db. 11) Hushaldstørketromlar med kondensering med nominell kapasitet på 8 kg: a) energiforbruk: 2,30 kwh/syklus ved bruk av normalprogrammet for bomull med full maskin, som tilsvarar ca. 297 kwh/år (*), b) utslepp av luftboren akustisk støy: ingen opplysningar.