Rådmannen Fellestenester Rosendalsvegen 10 5470 ROSENDAL Tel: 53483100 Fax: 53483130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 post@kvinnherad.kommune.no www. kvinnherad.kommune.no Normalpolitivedtekt med kommentarar nynorsk 2010/3430-5 09.02.2011/sio
Innleiing: Side 2 Kommunale politivedtekter er no heimla i lov om politiet av 04.08.1995 nr. 53 14. I samband med dette er det utarbeidd ny "normalpolitivedtekt". Justisdepartementet har under arbeidet med lova og normalpolitivedtekta nøye vurdert kva som i dag kan sjåast på som naturleg og naudsynt å regulere i lokale politivedtekter. Ein legg i dag mindre vekt på politivedtektene, sidan mange tilhøve etter kvart er regulert gjennom særlover. Dette gjeld særleg innanfor området næringsreguleringar. Politilova 14 nr. 6 og 7 gjev likevel heimel for at inntektsgjevande verksemd på offentlig stad vert regulert gjennom kommunal politivedtekt. Dette gjeld særleg næringsverksemd som ikkje fell inn under regulering i andre lover og kontroll med pantelånarverksemder. Her kan kommunen t.d. gje føresegner om fotografar som tilbyr tenester til forbipasserande og anna næringsverksemd som ikkje fell inn under handelslova av 06.06.1980. Pantelånarverksemd fell inn under lov om finansieringsverksemd av 10.06.1988. Brukthandlarar vert på same måten som pantelånarar utnytta til omsetjing av tjuvegods. Politiet kan med heimel i forskrift i medhald av handelslova 4-3 føre kontroll både med protokollar og gjenstandar i brukthandlarforretningane. Føresegna i politilova tek sikte på å halde ved lag ein lovheimla rett til å gi kommunale politivedtekter om kontroll med pantelånarar av likande innhald som i forskriftene etter handelslova. Dei aktuelle forskriftene vart lovfest ved Kronprinsregentens resolusjon av 28.04.1989, fremja av Nærings- og energidepartementet. Vidare er det ikkje lenger heimel for å krevje særskilde avgifter i samband med arrangement m. v., slik som tidlegare, jf normalpolitivedtekta av 18.02.1964 42. Derimot kan politiet i medhald av lova 25 gje påbod om at arrangøren i visse tilfelle skal dekkje utgifter til særleg politioppsyn. Dette gjeld ikkje arrangement som representerar ein direkte bruk av demonstrasjons- og forsamlingsfridomen, jf Innst. O. nr. 44, side 11, pkt. 3.7 siste setning. Grunnleggjande reglar om politiske demonstrasjonar, møter og andre arrangement på offentleg stad har ein sett på som så viktige at hovudreglane er gjeve i lovs form ved 11 i lova. Tidlegare var dette stort sett regulert i politivedtekter, sjå 6, jf 7 og 38, jf 39 flg. i den tidlegare normalpolitivedtekta. Etter politilova 11 er det no nok med "melding" til politiet. Søknad kan berre krevjast i dei tilfelle som går inn under 14 nr. 4, dersom kommunen har vedteke dette. Politiske arrangement er ikkje omfatta av denne regelen. Elles vil alle arrangement m.v. på offentleg stad som også går inn under 14 nr. 3 og 4, vere omfatta av plikta til å gje melding i 11. Den fullmakt som politiet har til å vise heim born som "driv omkring", er óg ein politivedtektsregel som på grunn sitt slag er teke direkte inn i lova ( 13). Det same gjeld føresegna i den tidlegare normalpolitivedtekta 3 (plikt til lydnad), som no er omfatta av politilova 5. Fullmaktsregelen i 14 går elles ut frå prinsippet om at politivedtektene ikkje bør regulere forhold: - som er uttømmande regulert i eller i medhald av anna lov - som andre styresmakter har teke det faglege ansvaret for - som etter sitt slag bør vere uvedkommande for politiet - som er utenleg/uturvande etter samfunnsforholda i dag og dei allmenne toleransegrensene. Det gjeld t.d. forbodet i tidlegare normalpolitivedtekt mot å nyte, skjenke eller by fram rusdrikk. Ein har lagt til grunn at alkohollova av 2.6. 1989 8-9 uttømmande regulerer forholdet. Vidare nemner ein forbodet i tidlegare normalpolitivedtekt 9 mot å banke teppe, sengetøy e.l. på eller ut over offentleg stad. Det er ikkje lenger naturleg at politiet handhevar slike forbod. Ein har likevel ikkje vore heilt konsekvent i høve til anna lovgjeving. Forbod i andre lover mot ulike former for forsøpling og tilgrising, t.d. i forureiningslova, veglova og bygningslova, er spreidde og primært knytta til
Side 3 konkrete føremål. Her har ein funne at politivedtektene bør kunne innehalde praktisk viktige reglar med sikte på å oppretthalde eit godt lokalmiljø. Politivedtektene bør t.d. kunne forby flaskeknusing og plakatklistring utan at det er naudsynt å gå inn på forholdet til anna lovgjeving. Ein peikar i tillegg på at sjølv om t.d. forureiningslova regulerar forhold som går inn under 19 nr. 1, inneheld den ikkje nokon tilsvarande straffetrussel. Det er i tillegg viktig at eventuelle forbod er forma så presist at det ikkje oppstår særleg tvil med omsyn til praktiseringa av forbodet. Som før er det kommunen som gjev politivedtekter. Den einskilde kommunen kan sjølv avgjere kva for kommunalt organ som skal få fullmakt til å fastsette slike vedtekter, sjå Ot. prp. nr. 22 (1994-95) side 25 andre spalte. Politivedtektene er likevel ikkje gyldige før dei er godkjende (stadfesta) av Justisdepartementet, slik at det framleis kan førast ein viss kontroll med innhaldet i vedtektene ("legalitetskontroll"). 14 første ledd i lova gjev departementet fullmakt til å delegere godkjenninga til eit anna statleg organ, men inntil vidare skal vedtektene godkjennast av departementet. Vedtak som er gjorde i kommunane skal likevel som før sendast departementet gjennom fylkesmannen. Ei politivedtekt er ei forskrift. Dette inneber at det er saksbehandlingsreglane i Forvaltningslova som skal nyttast. I samsvar med Fvl 38 d) skal ei politivedtekt kallast ei forskrift i kunngjeringa. Det er berre politiet som har myndigheit til å handheve føresegnene i vedtekta. Klage over vedtak etter politivedtekt går til Justisdepartementet, bortsett frå vedtak av påtalespørsmål. Desse vedtaka går til overordna påtalemakt. Forvaltningslova vert lagd til grunn ved klagebehandling i saker som skal til Justisdepartementet. Likevel fastset forskrifter gjeve ved kgl. res. av 16.12.1977 at klageretten etter Fvl. 28, 1. ledd ikkje gjeld påbod frå politiet retta mot å oppretthalde den allmenne ro og orden. Eksisterande politivedtekter er framleis gjeldande. Dei er også bindande etter 01.10.1995 (dato for iverksetjing av lova), dersom dei ikkje er i strid strid med politilova, jf 31 andre ledd i lova. I samband med kommunesamanslåing vil gjeldande vedtekter framleis gjelde innanfor "sine" område, heilt til desse vert avløyst av ei ny. Vedtekta (med merknader) lyder: Kapittel I Allmenne føresegner 1 Offentleg stad Med offentleg stad er i denne vedtekta meint gate, veg, her medrekna fortau, stig, park, torg e.l., plass, bru, bryggje, kai, strand, anlegg eller annan stad der det er allmenn ferdsle eller som er bestemt for allmenn ferdsle. Omgrepet offentleg stad (det offentlege rom) har det same innhald som tidlegare, jf strl. 7 pkt. 1, dvs stad der folk flest ferdast. Som før har ein funne det praktisk å gjere ei oppramsing av typiske stader som er offentlege. I somme kommunar kan det vere tenleg å ta med område som ikkje er nemnde her, medan t.d. kai eller bryggje ikkje er aktuelt i andre kommunar.
Side 4 2 Festar, brukar, leigar eller styrar av hus eller grunn Skyldnad som er lagd på eigar av hus eller grunn, kviler også på den som festar, brukar, leiger eller styrer hus eller grunn. Dette er i samsvar med tidlegare normalpolitivedtekt av 18.02.1964. Ein minner om at ein leigar som t.d. leige ein del av eit større hus, ikkje går inn under definsjonen. Kapittel II Orden på offentleg stad 3 Ro og orden på offentleg stad På eller like attmed offentleg stad må ingen vere med i oppstyr, samanstimling, larm eller bråk som skiplar den allmenne orden eller ferdsel. Når mange menneske samlar seg nær inngang til forsamlingslokale, sportsplass, utsalsstad, stoppestad e.l., skal dei stå i kø og elles rette seg etter dei pålegg som politiet eller arrangøren gjev for å halde oppe den allmenne orden eller for å regulere ferdsla. Føresegna supplerer straffelova 350. Regelen rettar seg mot slagsmål, skrik, fornærmande framferd eller anna misleg åtferd. Trafikkreglane 19 om særlege føresegner for gåande (Forskrift om køyrande og gåande trafikk av 21.03.1986 nr. 747), har óg ei viss interesse. 4 Song og musikk, reklame m.m. Den som på eller ut mot offentleg stad vil føre fram song eller musikk, skipa til framsyning eller gjere bruk av høgtalar, må på førehand gje melding til politiet. Det same gjeld den som på eller nær offentleg stad ynskjer å dele ut eller spreie opprop, lysingar, reklame e.l., eller bruke gåande, køyrande eller flygande reklame. Føresegna svarar til 6 første ledd, andre punktum og 7 i den tidlegare normalpolitivedtekta, og tek sikte på å fange opp tilfelle som ikkje går inn under politilova 14 nr. 3 og 4, jf 11, jf ny normalpolitivedtekt 26 og 27. 5 Farleg eller skremmande verksemd På, ut over eller like attmed offentleg stad er det forbode: 1. å skyte med gevær eller anna skytevåpen eller med boge, sprettert e.l., 2. å brenne av krutt, fyrverk eller sprengstoff utan at politiet har gjeve løyve. 3. å kaste eller sleppe stein, snøball eller anna som kan vere til skade eller ulempe for dei som ferdast der. Det er forbode å bere ladd skytevåpen på offentleg stad.
Side 5 I førearbeida til politilova vart det vurdert å ta inn eit forbod i våpenlova mot å bere ladd skytevåpen på offentleg stad. Departementet fann likevel at eit slikt forbod passa dårleg inn i våpenlova. Forbodet kan difor framleis takast inn i politivedtektene fram til annan lovheimel er etablert. Elles svarar føresegna til tidlegare normalpolitivedtekt 12, unnateke pkt. 4, som er flytta til 19 nr. 1. Bruk av fyrverk i tettbygd strok, nær tørr skog eller andre brannfarlege omgjevnader er ikkje tillete utan at brannsjefen òg har gjeve løyve, jf forskrift av 15. desember 1987 om brannvern m.v. 6-8. Utanfor slike område reknar ein at det er nok med løyve frå politiet. Kapittel III Sikring av ferdsla 6 Hindringar På eller ut over offentleg stad er det forbode å setje eller hengje noko som kan vere til hinder eller ulempe for ferdsla. Markiser skal vere festa så høgt at underkanten minst er 2,50 m over bakken. Vegl. 30, 31 og 33 har føresegner om plassering av byggverk, innretninger, skiltoppslag m.v., og reglar om fjerning av buskar og vegetasjon attmed offentlege vegar. Bygningsl. 107 har reglar om oppsetjing av skilt i tettbygde strok. Lova gjeld her hovedsakleg den estetiske sida av saka. Straffelova 351 nr. 2 sett forbod mot å setje farlege ting frå seg på offentleg stad. Det er likevel behov for eit (utfyllande) tillegg til desse føresegnene i politivedtektene av meir allmen karakter. Ein legg til at behandlingstida kan vere lang når det gjeld krav om å fjerne skilt etter bygn.l. 115, jf 107 eller tvangsfullføringslova. Det kan derfor være behov for ein raskare reaksjon, særleg der folk vert hindra i å kome fram eller der skiltet representerer ein fare for skade på person eller eigedom. Høgda er sett til "minst 2,50". Dette er ikkje meint absolutt og kan tillempast lokale forhold. Bakgrunn for dette er at det no er tillate å sykle på fortau. 7 Sport, leik Politiet kan sette forbod mot aking og andre former for sport, leik eller spel på bestemt offentleg stad der dette er påkravd av omsyn til ferdsla eller den almenne orden. Ei slik føresegn fell i og for seg innanfor ramma til vegtrafikklova, men praktiske grunnar og omsynet til den allmenne handhevinga av lov og orden tilseier at politiet bør ha myndigheit til å gje slike føresegner knytta til reint lokale tilhøve. Elles syner ein til lov av 28.6. 1957 nr. 16 (friluftslova), særleg 2 om rett til fri ferdsel i utmark og dei avgrensingar som kan setjast av grunneigar og kommunen. 8 Sperring av fortau m.v. Krev byggjearbeid e.l. at gate, veg eller annan offentleg stad vert heilt eller delvis sperra for ei avgrensa tid, lyt ein på førehand søkje løyve frå politiet. Politiet kan setje nærare vilkår for løyvet.
Side 6 Føresegna svarar til liknande føresegn i tidlegare normalpolitivedtekt ( 16). 9 Sprengingsarbeid Sprenging på eller like attmed offentleg stad skal meldast til politiet på førehand. Politiet kan krevje særlege tryggingstiltak. Tilsvarande føresegn i den gamle normalpolitivedtekta er hovudsakleg teke vare på. Skytebasen (brukar av sprengstoff, krut og tennmiddel til sprengingsmål), skal vere godkjend av Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern. Ein viser her til forskrift av 22. mars 1977 om sprengstoff 12-1, jf lov av 14. juni 1974 om sprengstoff 35. 10 Diverse arbeid Reising, riving eller reparasjon av bygning, graving eller anna arbeid på eller ut mot offentleg stad der det kan bli fare for ferdsla, skal på førehand meldast til politiet. Politiet kan fastsette korleis arbeidsstaden skal sperrast og krevje andre tryggingstiltak til vern for publikum. Svarar til 19 i tidlegare normalpolitivedtekt. Innhaldet i føresegna er stort sett dekt av bygn.l. 100, 1. ledd, men som ikkje har pålegg om meldeplikt. Vegl. 57 sett forbod mot å grave, sprengje, hogge tre, lagre m.v. på eller attmed offentleg stad. Departementet meiner at føresegna i hovedsak framleis bør gjelde, så lenge andre føresegner ikkje dekkjer den fullt ut. 11 Vedlikehald av bygning m.v. Ved vedlikehald av bygningar m.v. på eller ut mot offentleg stad pliktar den ansvarlege for arbeidet å setje opp avvisarar som gjer det tydeleg at det er farleg eller til ulempe å ferdast der. Byg.l. 100 inneheld naudsynte tryggingskrav for bygningsarbeid generelt, 106 a) særleg når det gjeld heis. Det einaste den ikkje omfattar er heising og nedfiring av varer og gjenstandar, som ikkje står i samband med bygningsarbeid. Der arbeidstakarar vert nytta, vil i tillegg arbeidsmiljølova gjelda. Føresegna svarar til 20 i den tidlegare normalpolitivedtekta, men er i stor grad gjort mindre innfløkt.
Side 7 12 Avvisarar Når det er fare for at snø eller is kan falle ned frå hustak mot offentleg stad, skal eigaren straks sette opp avvisarar som gjer det tydeleg at det er farleg å ferdast der, og snarast syte for at taket blir rydda. Departementet finn det naudsynt at huseigar har slik plikt, då han er nærast til å hindre snøras e.l. som kan gjere skade. Av særleg interesse er her ein dom av Høgsterett, teke inn i Norsk Rettstidende 1959 side 578, der ein huseigar vart dømd for brot på 25 i politivedtektene for Oslo om oppsetjing av avvisar mot snøras. 13 Fjerning av sperrar Sperringar, avvisarar, stigar e.l. må takast bort når arbeid som nemnt i 9, 10 og 11 er gjort eller når faren eller ulempen som er nemnt i 12 ikkje lenger er til stades. 14 Ferdsle på frose vatn eller sjø Politiet kan av tryggingsgrunnar sette forbod mot eller gje regulerande førsegner for ferdsla på vatn eller sjø som er frose. Føresegna er vanleg i dei fleste politivedtekter, og svarar stort sett til 24 i den gamle normalpolitivedtekta. Kapittel IV Reinhald på offentleg stad 15 Fortau m.v. Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar å halde reint fortau og rennestein i samsvar med lokal sedvane og gjere reine lys- og luftegraver som er knytta til eigedomen. Reinhaldet skal gjerast slik at det vert til minst mogeleg ulempe. Oppsop e.l. må ikkje leggjast i kloakksluk. Det er inga vesentleg endring samanlikna med tidlegare, jf 25 i tidlegare normalpolitivedtekt. Det må gå fram av lokal sedvane at huseigaren har plikt til å halde reint fortau og rennestein, jf politilova 14 nr. 2. Høgsterett har godteke regulerande føresegner i politivedtekt, dersom det går fram av bindande sedvane at det ligg føre ei slik plikt, jf Rt. 1922 s. 494 (Kristiania), Rt 1967 s. 524 (Bergen) og Rt. 1969 s. 488 (Trondheim). Kommunen må derfor kunne dokumentere sedvanen for departementet. Det inneber at det må vere fast praksis i dei aktuelle områda. Praksisen må vere hevdvunnen, dvs. ha pågått i lengre tid og dessutan vere oppfatta som ei plikt etter ei allmenn forståing. Der kommunar vert slegne saman må ein ved vedtak om ny politivedtekt avgrense reinhaldsplikta til dei områda der det allereie ligg føre slik sedvane. Departementet har likevel med utgangspunkt i ovannemnde høgsterettsdom av 28.4. 1967 lagt til grunn at det må være tillate å la reinhaldsplikta i ein bykommune også gjelde for reinhald i tettbygde strok /bystrok ved samanslåing med tilstøytande landkommune, sjølv om desse manglar lokal rettssedvane for slikt reinhald. Reinhald av lys- og luftegraver krev likevel ikkje slik sedvane.
Side 8 16 Snøfall og takras Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar å rydde fortauet utanfor eigedomen for snø og is etter snøfall og takras. Snø etter takras kan krevjast fjerna sjølv om lokal sedvane ikkje ligg føre. Plikta gjeld ikkje snø som kommunen har brøyta inn på fortauet. Elles gjeld det som er nemnd under 15. Snø frå takras må ein huseigar kunne tilpliktast å rydde bort utan at sedvane ligg føre. 17 Strøplikt Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar i samsvar med lokal sedvane å strø fortauet utanfor eigedomen når det er glatt. Det krevst sedvane for å kunne pålegge strøplikt, jf elles det som er sagt under 15. 18 Avløp for vatn Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad skal sørge for at avløp for vatn i fortau, rennestein, grøft e.l. vert halde ope. Det krevst ikkje sedvane for å ta med ei slik føresegn i politivedtektene. KAP V Hindre tilgrising 19 Hindre tilgrising o.l. På, ut over eller like attmed offentleg stad er det forbode: 1. å kaste glas, flasker, spikar, papir, fruktskal eller anna avfall, 2. å grise til med måling, tusj, sprayprodukt e.l. på noko overflate mot offentleg stad, under dette på eller ved bygning, gate, veg, park, anlegg, innretningar og framkomstmiddel, 3. å hengje opp kunngjeringar, plakatar, e.l. utan at politiet har tillete dette. Dette gjeld likevel ikkje oppslag på tavler e.l. som kommunen har godkjent til slikt bruk, eller oppslag på eigedom om tilhøve som berre høyrer eigedomen til eller næringsverksemda til dei som bur der. Det er forbode å rive, skade eller skjemme oppslag som er lovleg sett opp. Oppslag skal fjernast når dei er forelda. 4. å urinere. Pkt 1 og 3 svarar stort sett til føresegner i tidlegare normalpolitivedtekt, som ein opprettheld. Veglova av 21.06.1963 nr. 23 57 set forbod mot t.d. å kaste søppel på og ved offentleg veg. Vidare inneheld lov av 13.03.1981 nr. 6 om forureining 28 eit totalforbod mot å tømme, leggje frå seg, lagre eller transportere avfall på slik måte at det kan verke skjemmande eller vere til skade eller ulempe for miljøet.
Side 9 Likevel finn ein av grunnar som går fram av innleiinga at pkt. 1 bør oppretthaldast, sjølv om innhaldet i føresegna nesten fullt ut er sikra gjennom dei lovene som er nemnde. Pkt 2 er ny, jf politilova 14 nr. 1. Bakgrunnen er den omfattande tilgrisinga i form av "tagging", skjemmande plakatklistring o.l., som folk på visse stader dagleg vert utsett for. I samband med dette kan det opplysast at ved lov av 12.05.1995 nr. 21 om endring i lov av 13.06.1969 nr. 26 om skadeerstatning, vart beløpsgrensa for foreldra sitt objektive ansvar heva til kr. 5000,- for kvar skade. Endringa vart sett i kraft 01.06.1995. Pkt. 4 er nytt i høve til høyringsutkastet, og er teke inn i normalpolitivedtekta på bakgrunn av dei svar som er innkomne. Kor vidt det er behov for å avgrense forbodet til visse område, må den einskilde kommunen sjølv i tilfelle ta stilling til. 20. Avfall Den som driv med sal frå portrom, kiosk e.l., eller som driv anna liknande næringsverksemd på eller ut mot offentleg stad, skal syte for at området ikkje vert skjemt eller skitna til av verksemda, og pliktar å syte for at det blir sett opp mange nok med korger for papir og avfall. Den som arrangerer tilstelling på offentleg stad, skal syte for at papir og anna avfall blir fjerna etter arrangementet. Fullmaktsregelen i politilova 14 byggjer m.a. på at politivedtektene ikkje bør regulere m.a. tilhøve som er uttømmande regulert i eller i medhald av anna lovgjeving, eller der andre styresmakter har det faglege ansvar, men ein har ikkje alltid vore like konsekvent. Det finst i dag føresegner i fleire lover som set forbod mot ulike typar av forsøpling og tilgrising, m.a. i forureiningslova, veglova og bygningslova, sjå framanfor under merknad til 19. Desse spreidde føresegnene er primært knytta til visse føremål. Ein har kome til at politivedtektene bør kunne innehalde ein særskilt heimel for å kunne gje praktisk viktige reglar med sikte på å sikre eit godt lokalmiljø, utan at det er naudsynt å gå inn på tilhøvet til anna lovgjeving. Kapittel VI Offentlege anlegg 21 Kyrkjegard På kyrkjegard er det forbode å sykle, ake eller å drive sport, leik eller anna som ikkje sømer seg der. Det er forbode å trengje seg inn på kyrkjegard når den er stengd for besøk. Lause hundar må ikkje sleppast inn eller takast med på kyrkjegard. Sjølv om eigar kan regulere bruk av eige område i kraft av eigedomsretten, har det vore lagt til grunn at det er grense for i kor stor grad det kan leggjast restriksjonar på folks bruk av offentlege anlegg. Strl. 355, 2. ledd vil etter tilhøva kunne nyttast mot personar som bryt seg inn på kykjegard.
Kapittel VII Dyr Side 10 22 Husdyr m.m. Det er forbode å la hest, storfe, sau eller geit gå laus på eller ved offentleg stad utan forsvarleg tilsyn. Sirkusdyr eller ville dyr må ikkje førast på offentleg stad utan løyve frå politiet. Føresegna svarar hovudsakleg til 34 i tidlegare normalpolitivedtekt. 6 i lov av 16.06.1961 om ymse beitespørsmål set forbod mot å la husdyr gå laus på område dei ikkje har tilgjenge til. Lova kan likevel ikkje tolkast som eit forbod mot å la husdyr opphalde seg på offentleg stad. Det er difor naudsynt å behalde føresegna i den nye normalpolitivedtekta. Kommunane bør likevel vurdere føresegna nærare, m.a. kan det vere grunn til å la den gjelde i visse strok. Framleis kan ein fleire stader møte husdyr ved eller på offentleg veg e.l. Elles viser ein til lov av 21. juni 1963 nr. 23(Veglova) 44 og 48 om gjerde mot offentleg veg og grind eller ferist på offentleg veg. 23 Farlege hundar Politiet kan fastsette at hund som kan plage menneske eller dyr på offentleg stad, skal haldast i band eller ha munnkorg. Med uttrykket "kan plage" siktar ein særleg til hundar som er farlege, har stadfesta farleg lynne, eller er av spesiell rase, så dei skremmer born m.v. Elles inneheld strl. 354 føresegner m.a. om hund som går laus på person m.m., sjå særleg nest siste ledd. Farlege hundar som kan haldast lovleg i Norge etter føresegnene i mellombels lov av 4. juli 1991 nr. 48 10 siste ledd, skal haldast i band når dei vert lufta på offentleg område, jf 7 i forskrift fastsett av Landbruksdepartementet 3.1. 1996. 24 Bandtvang m.m. 1. På offentleg stad er det forbode å la tispe gå laus i løpetida. 2. Hund skal vere utstyrt med halsband med namn, adresse og telefonnummer til eigaren eller den som har ansvaret for hunden, eller vere lovleg merka på annan måte. 3. Eigar eller den som har ansvar for hund pliktar straks å fjerne ekskrementar som hundar let etter seg på offentleg stad. I følgje lov av 29.05.1981 nr. 38 om vilt 52 skal hundar ikkje springe fritt eller vere utan tilsyn på stad som er open for allmenn ferdsle. I tida mellom 1. april og 20. august skal hundar alltid haldast i band eller vere stengd inne, utan omsyn til om dei held seg på offentleg stad eller ikkje. Føresegnene i viltlova går derfor lenger enn dei tidlegare reglane om bandtvang i normalpolitivedtekta. Det er derfor ikkje grunnlag for å oppretthalde desse i den nye vedtekta.
Side 11 Derimot kan reglar om bandtvang godkjennast ut frå omsyn til orden og reinsemd, dersom bandtvangen gjeld for heile året. Sjølv om 7 i lov om hundeavgift av 26.06.1925 er oppheva, meiner ein at føresegnene i politilova om politivedtekter inneheld heimel for å kunne krevje at hunden skal vere utstyrt med halsband eller tilsvarande. Kommunen avgjer sjølv om dei treng ein slik regel og kor omfattande den i tilfelle bør vere. Hunden kan også merkast på anna lovleg vis. Tatovering av ein kode på innsida av øyret eller å operere inn ein brikke (chip) under huda er tilstrekkeleg merking. Alle distriktsveterinærar og fleire polititidistrikt har såkalla scannere for avlesing av slike brikkar. 25. Sal, avliving o a Politiet kan ta hand om hund som går laus i strid med føresegnene i 23 og 24. Dersom eigar eller den som har hunden ikkje hentar hunden innan ei veke etter at han eller ho er varsla personleg eller ved lysing i pressa, kan politiet selje eller avlive hunden. Føresegna svarar til 37 i den tidlegare politivedtekta, men fristen for å hente hunden er utvida til ei veke. Politiet har ikkje beinveges plikt til å selje eller avlive hunden når fristen er ute, men bør søke andre løysingar, t.d. omplassering gjennom ein organisasjon e.l., som seriøst arbeider med omplassering av dyr. Kapittel VIII Arrangement på offentleg stad m.v. 26 Søknadsplikt for arrangement på offentleg stad Den som på offentleg stad vil lage til arrangement som hovedsakleg er av underhaldande, kunstnerisk, selskapeleg eller kommersielt slag, som har ein storleik som openberrt vil føre til behov for omfattande reguleringar av ferdsla eller vakthald, må søkje om dette innan ein frist som politiet set. Politilova 11 gjeld tilsvarande. 27 Meldeplikt for allment tilgjengelege arrangement utanfor offentleg stad m m Den som vil lage til eit arrangement som er allment tilgjengeleg, må senda melding i god tid til politiet. Dette skal gjerast sjølv om arrangementet ikkje går føre seg på offentleg stad, når det er truleg at det vert naudsynt med polititilsyn for å sikre ro og orden eller avvikling av trafikken på grunn av storleiken på eller karakteren av arrangementet. Plikt til å melde frå gjeld óg samkome med dans eller anna tilstelning som overvegande er av selskapeleg eller underhaldande art for medlemmer av ei foreining eller liknande samanslutning. Politilova 11 gjeld tilsvarande. Merknad ( 26 og 27): Føresegnene gjeld arrangement og samkome, og er å sjå som eit tillegg til politilova 11 (arrangement på offentleg stad m.v.). Meldeplikta kan ved kommunal politivedtekt utvidast til også å gjelde arrangement med allment tilgjenge på privat område eller tilsvarande, når vilkåra i lova elles er til stades. Dans og andre arrangement, som det er gjeve føresegner om i gjeldande politivedtekter, jf tidlegare npv 38 og 39, kan det for framtida berre krevjast melding om til politiet.
Side 12 Meldinga skal til vanleg vere skriftleg og leverast i god tid på førehand. Den skal innehalde opplysningar om føremålet med arrangementet, omfanget, den ansvarlege tilskiparen, tidspunkt, avviklingsstaden og dei ordenstiltak arrangøren vil setje i verk, t.d. oppretting av ordensvern, jf politilova 11, andre ledd. Det er ikkje lenger fastsett allmenne avgrensingar når det gjeld tidspunkt for avvikling m.v. etter den nye normalpolitivedtekta, då ein i dag finn at formålet med å ha slike grenser ikkje lenger er til stades. Men ein går likevel ut frå at politiet etter tilhøva i kvart einskilt tilfelle kan fastsetje slike tidspunkt. Det må kunne krevjast at tidsramma for avvikling av arrangementet står i meldinga. Sjå elles lov av 24.02.1995 om helgedagar og helgedagsfred. Når det gjeld større arrangement, som går inn under tidlegare npv 6, jf 7, slik som sportsstemner, større konsertar, festivalar, messer, karneval o.l., kan kommunen fastsetje at søknadsplikten skal oppretthaldast. Dette forutset at vilkåra etter politilova 14 nr. 4 ligg føre. Retten for politiet til å forby, stanse, og å oppløyse samkome og tilstelningar eller setje vilkår, er heimla i politilova 11 sjuande ledd. Eit forbod mot å opptre maskert, er no teke inn i politilova 11 femte ledd, jf tidlegare npv 8. Det er ikkje lenger heimel for å kunne krevje avgift til kommunen av arrangement, slik ein hadde tidlegare, jf tidlegare npv 42. Kapittel IX Born 28 Offentleg dans e.l. Born under 15 år har ikkje tilgjenge til offentleg dans eller liknande allment tilgjengeleg tilstelling utan at dei er saman med foreldre eller andre føresette. Svarar til tidlegare npv 44 siste ledd. I sjølve politilova er det no sett ei fast øvre aldersgrense. Denne gjeld for heile landet. Derimot har departementet meint at det kan fastsetjast i vedtekt at det i unntakshøve kan setjast ei lågare aldergrense for særskilde arrangement. I politilova 13 er det bestemt at politiet kan visa eller bringe heim born som ser ut til å vere under 15 år. Dette gjeld også dei som driv omkring på eiga hand på offentleg stad etter kl 22 00. Føresegna erstattar tilsvarande føresegn i lokale politivedtekter, jf tidlegare npv 44. Heile landet får no sams reglar. Kapittel X Ymse føresegner 29 Forsøming av plikt Forsømer nokon å utføre det vedkomade har plikt til etter vedtektene eller etter pålegg gjeve med heimel i vedtektene, kan politiet på vegne av vedkomande setje dette i verk. Den som har forsømt pliktene må dekkje utgiftene. 30. Straff Brot på føresegner gjeve i medhald av politilova 14, vert straffa etter same lov 30 nr. 4, om ikkje tilhøvet kjem inn under strengare straffepåbod.
Side 13 31 Iverksetjing Denne vedtekta tek til å gjelde 1 månad etter at ho er stadfesta av Justis- og politidepartementet. Politivedtekta for X kommune, stadfesta... (med seinare endringar), fell bort frå same tid. Merknad ( 29, 30 og 31): Kapittel X erstattar kap. X i tidlegare normalpolitivedtekt ( 45, 46 og 47).