Sakshandsamar, innvalstelefon Elisabeth Aune, 55572208 Vår dato 12.01.2010 Dykkar dato 11.01.2010 Vår referanse 2009/15390 542.1 Dykkar referanse Hordaland Fylkeskommune Postboks 7900 5020 BERGEN Utsleppsløyve for Troland Lakseoppdrett AS - lokalitet 11525 Stille S i Austevoll kommune Fylkesmannen gjev Troland Lakseoppdrett AS utsleppsløyve for eit matfiskanlegg for oppdrett av laks og aure med ein maksimal produksjon på 1560 tonn biomasse på lokaliteten Stille S i Austevoll. Bakgrunn Vi viser til søknad datert 05.10.09 oversendt frå Fiskeridirektoratet region Vest i skriv datert 15.12.09. Verksemda søkjer om løyve til utviding av lokalitet Stille S i Austevoll frå ein biomasse på 780 tonn til 1560 tonn. Grunngjeving for søknaden er at selskapet fekk tildelt ein ny konsesjon i 2009. Med heimel i Forskrift om begrensning av forurensning (forureiningsforskrifta), er det no innført sakshandsamingsgebyr for løyve gjeve i medhald av forureiningslova. Dette kravet vil bli sendt verksemda i eige brev. Fylkesmannen si vurdering/grunngjeving Fylkesmannen har vurdert søknaden etter forureiningslova og som statleg styresmakt innan naturvern-, friluftsliv-, vilt-, lakse- og innlandsfiskeinteresser. - Tilhøvet til plan Austevoll kommune handsama søknaden i formannskapet 02.12.09, og tilrår utviding av Stille S som omsøkt. Lokaliteten ligg i eit område for akvakultur i kommuneplanen. - Vilt, laksefisk/innlandsfisk, naturvern og friluftsliv Når det gjeld omsynet til ville stammar av anadrom laksefisk tilrår Fylkesmannen at det vert lagt vekt på rømingssikringstiltak ved anlegget og likeins tiltak for å hindre spreiing av lakselus. Vedkomande viltinteresser vert det vist til uttale og vilkår gjeve i vedlegg 2. - Forureining Anlegget ligg sør for Hundvåko mot Møkstrafjorden i Austevoll kommune. Djupna under anlegget frå 26 til 51 meter. I følgje straummålingar ligg lokaliteten i eit straumsund, med middels sterk straum, i ein dominerande sørvestleg straumretning. Resipientrapporten Statens hus Kaigaten 9, 5020 Bergen Telefon: 55 57 20 00 Telefaks: 55 57 20 09 Miljøvernavdelinga Postboks 7310, 5020 Bergen Telefaks: Org.nr: 974760665 E-post: postmottak@fmho.no Internett: www.fylkesmannen.no/hordaland
konkluderer med tilstand 1, som er beste tilstandsklasse. Ut frå resultata presentert søknaden og innsendte rapportar finn Fylkesmannen det tilrådeleg å gje løyve til ein biomasse på 1560 tonn på lokaliteten. Lokaliteten må følgjast opp i samsvar med NS 9410. Fylkesmannen vil minne om at verksemda kan bli pålagt å koste meir omfattande overvaking (MOM-C) eller delta i dei granskingar som Fylkesmannen finn turvande for å kartlegge forureiningseffekten anlegget har på resipienten, jf. 51 i forureiningslova. Verksemda kan òg påleggast å betale ein høvesvis del av kostnadane ved ei felles resipientgransking saman med andre verksemder med utslepp i området der anlegget er plassert. - Risikoklasse Ut frå opplysningane som ligg føre om utsleppa, planlagt utsleppsstad og miljøtilstanden i resipienten, finn Fylkesmannen det rett å klassifisere denne verksemda i risikoklasse 4. Risikoklassifiseringa er eit uttrykk for ureiningspotensialet som føreligg, og er gradert frå 1 til 4, der 1 er høgaste risiko. Klassifiseringa har innverknad på kor ofte Fylkesmannen er venta å gjennomføre tilsyn med verksemda, samt eventuell gebyrsats for tilsyn på ureiningsområdet. Utsleppsløyve I medhald av 11, jf. 16, i Lov om vern mot forurensninger og om avfall av 13. mars 1981 nr. 6 (forureiningslova), gjev Fylkesmannen i Hordaland med dette Troland Lakseoppdrett AS løyve til utslepp til luft og vatn frå eit matfiskanlegg for laks og aure på fylgjande lokalitet: Lokalitet Kommune Koordinatar Euref89/WGS84 11525 Stille S Austevoll 60 4,986 N 05 8,648 E Ramme 1560 tonn Løyvet gjeld på dei spesielle og generelle vilkår som fylgjer vedlagt. Løyvet er ikkje gyldig før Fiskeridirektoratet region Vest har gjeve løyve etter akvakulturlova. Ramme for utsleppsløyvet Dette løyvet gjeld for eit matfiskanlegg for laks og aure, med ein samla biomasse på 1560 tonn for konsesjonar tilhøyrande Troland Lakseoppdrett AS. Løyvet gjeld også for utslepp frå reingjering av produksjonsutstyr og medisinering. Det er også sett vilkår for handtering av daudfiskavfall og anna avfall knytt til vanlege aktivitetar ved anlegget. Løyvet gjeld ikkje for slakting/sløying/foredling av fisk. Dersom konsesjonen ikkje har etablert seg, utvida eller flytta innan 2 år, må det etter 20 i forureiningslova gjevast melding til Fylkesmannen, som avgjer om det må sendast inn ny søknad. Vilkår for utsleppsløyve er gjeve i vedlegg 1. 2
Erstatningsansvar Utsleppsløyvet fritek ikkje for erstatningsansvar for forureiningsskade etter forureiningslova, jf. 10 og kap 8. Klagerett m.m. Vedtaket kan påklagast til Statens forurensningstilsyn (SFT) etter reglane i kap. VI i forvaltningslova av partane i saka eller andre med rettsleg klageinteresse. Klage skal sendast til Fylkesmannen innan 3 veker frå vedtaket har teke til å gjelde, dvs. frå det tidspunktet anlegget har fått løyve etter akvakulturlova. Klagen skal vise til det vedtaket som klagen gjeld og den eller dei endringar som klagaren ønskjer. Klagen bør grunngjevast, og eventuelle opplysningar som kan ha innverknad på saka bør nemnast. Dersom vedtaket blir påklaga, kan Fylkesmannen eller SFT etter førespurnad vedta at vedtaket ikkje skal tre i kraft før klagen er endeleg avgjort, jf. 42 i forvaltningslova. Partane i saka har rett til å sjå saksdokument etter forvaltningslova 18 og 19. Fylkesmannen vil på førespurnad kunne gi nærmare opplysningar om sakshandsaminga. Med helsing Kjell Kvingedal e.f. seksjonsleiar Elisabeth Aune rådgjevar Vedlegg: Vilkår for utsleppsløyvet (vedlegg 1) Vilt (vedlegg 2) Gjenpart m/vedlegg: Troland lakseoppdrett AS Austevoll Kommune Mattilsynet, Distriktskontoret for Bergen og Omland Hordaland fylkeskommune, Kommunesamarbeid 3
VEDLEGG 1 Vedlegg til utsleppsløyve Av 12.01.2010 for Troland Lakseoppdrett AS Lokalitet Stille S Austevoll kommune VILKÅR FOR LØYVET 1. UTSLEPP TIL VATN 1.1 Fôr Ved fôring av fisken skal tap og spill av fôr reduserast mest mogeleg. Det er berre tillate bruk av tørrfôr eller mjukpellets. Mjukfôr/pellets: Oppmalen fisk/fiskeavfall, tilsett så mykje bindemiddel at det kan fôrast ut som pellets utan å gå i oppløysing. Tørrstoffinnhald > 50 % Tørrfôr: Tørrstoffinnhald > 90 % 1.2 Medisin/kjemikaliar Bruk og utslepp av medisin, insekticid, desinfeksjonsmiddel mm. Skal skje i samsvar med gjeldande regelverk/retningslinjer frå forureiningsstyresmaktene 1.3 Sanitæravløpsvatn Utslepp av sanitæravløpsvatn frå personalerom m.m. må godkjennast av kommunen i samsvar med gjeldande reglar for utslepp. 2. UTSLEPP TIL LUFT Fôrlagring og fôrtillaging, spyling, reingjering og tørking av nøter, handtering av avfall, samt andre aktivitetar ved anlegget skal gå føre på ein slik måte at dei ikkje fører til særlege luktulemper for naboar m.m. 3. STØY Anlegget skal utformast og drivast slik at det ikkje oppstår urimelege støyplager for omgivnaden. Aktivitetar som medfører fare for spesiell støy, bør i størst mogleg grad gjennomførast innanfor vanleg arbeidstid, dvs. måndag til fredag kl. 7-16. Verksemda sine bidrag til utandørs støy skal ikkje overskride følgjande grenser, målt eller utrekna som frittfeltsverdi ved mest støyutsette fasade: Tabell 1. Grenseverdiar for støy. Kvardagar Laurdag Sun-/heilagdagar Kveld (kl. 19-23), Kvardager Natt (kl. 23-07), alle døgn Natt (kl. 23-07), alle døgn 55 Lden 50 Lden 50 Lden 50 Levening 45 Lnight 60 LAFmax Lden er A-veiet ekvivalent støynivå for dag/kveld/natt med 10 db/5 db tillegg på natt/kveld. Levening er A-veiet ekvivalent støynivå for kveldsperioden 23-07. Lnight er A-veiet ekvivalent støynivå for nattperioden 23-07. LAFmax er A-veiet maksimalnivå for de 5-10 mest støyende hendelsene innenfor perioden, målt/beregnet med tidskonstant Fast på 125 ms. 4
Alle støygrenser skal overholdes innenfor alle driftsdøgn. Støygrensene gjeld all støy frå verksemda sine ordinære aktivitetar, inkludert intern transport på verksemda sitt område og lossing/lasting av råvarer og produkt. Støy frå bygge- og anleggsaktivitet og frå ordinær persontransport av verksemda sine tilsette er likevel ikkje omfatta av grensene. 4. AVFALL OG SLAM 4.1 Produksjonsavfall og slam Daud fisk, slakteavfall, fôrrestar, slam, feitt o.l. skal handterast slik at det ikkje oppstår forureiningsmessige ulemper. Anlegget skal ha beredskap for å kunne handtere massiv fiskedød. Død fisk skal takast forsvarleg hand om. Oppsamla død fisk skal konserverast omgåande ved ensilering, frysing, e.l. og førast til eige lager. Ved ensilering skal fisken kvernast. Ensilert fiskeavfall skal leverast til godkjent attvinningsanlegg for fiskeavfall. Dumping av daud fisk og anna avfall i sjøen er ikkje tillate. Nedgraving og forbrenning er ikkje tillate. Alt slam frå reinseanlegg m.m. skal transporterast til godkjent anlegg for mottak/handsaming. Transporten skal skje på ein slik måte at det oppstår minst mogeleg ulempe, lukt m.v. 4.2 Medisin- og kjemikalierestar. Unytta restar av medisinfôr, antibiotika, insekticid samt andre spesielt miljøfarlege stoff inkludert emballasje skal samlast og lagrast forsvarleg før dei vert henta av produsent eller annan instans som er godkjend av styresmaktene. Det same gjeld for oppsamla fôrrestar og ekskrement som inneheld antibiotika. 4.3 Anna avfall Emballasje og liknande, samt alt anna avfall som ikkje er omfatta av pkt. 4.1 og 4.2 skal førast til godkjent avfallsanlegg for slike avfallstypar. 4.4 Slamfjerning frå sjøbotn Dersom det må fjernast slam frå sjøbotnen, må det søkjast om eige løyve. Skriftleg søknad som gjer greie for korleis slammet er tenkt transportert og disponert skal sendast til Fylkesmannen. Pga. smittefaren må også veterinærstyresmaktene varslast. Oppsamla slam skal om mogeleg nyttast til gjødsel/jordforbetringsmiddel. 5. LAGRING AV MEDISIN OG KJEMIKALIAR Medisin, insekticid, kjemikaliar mm. skal lagrast forsvarleg og avlåst slik at dei ikkje er tilgjengelege for uvedkomande. Lagerlokalet skal utformast slik at spill ved uhell eller liknande ikkje blir slept ut, men kan samlast opp. Dette kan til dømes sikrast ved hjelp av oppsamlingstankar eller ved å laga kantar som gjer eit stort nok volum. 5
6. KONTROLL 6.1. Rutinar for vedlikehald. Verksemda pliktar å føre jamleg tilsyn og kontroll med fôringsutstyr, eventuelle reinseanlegg mm., slik at desse alltid vert drivne mest mogeleg effektivt. For å sikre dette, skal verksemda driva rutinemessig førebyggjande vedlikehald og ha eit rimeleg reservelager av dei mest utsette komponentane. 6.2 Journalføring Verksemda skal registrere og journalføra følgjande data; * fiskemengd * mengd daud fisk * mengd rømd fisk * fôrtype og fôrforbruk * bruk av: - antibiotika, type og mengd - insekticid " " - anna kjemikaliar * mengd oppsamla slam med antibiotika, og disponeringsmåte * avfallsmengd og disponeringsmetode Journalen må takast vare på ved anlegget i minst 2 år og vere tilgjengeleg ved kontroll/inspeksjon. Verksemda pliktar å la representantar for Fylkesmannen og dei etatar og institusjonar som har fullmakt frå Fylkesmannen inspisere anlegget når dei måtte ønskje det. 7. MILJØTILSTAND OG OVERVAKING AV RESIPIENTEN Verksemda pliktar å koste meir omfattande overvakning (MOM-C), eller delta i dei granskingar som Fylkesmannen finn turvande for å kartleggje forureiningseffekten anlegget har på resipienten, jf. 51 i forureiningslova. Verksemda kan også påleggjast å betale ein høvesvis del av kostnadene ved ei felles resipientgransking saman med andre verksemder med utslepp i området der anlegget er plassert. Rapportar frå resipientgranskingar etter dei frekvensar som går fram av NS 9410 skal sendast både elektronisk og i papirformat til Fiskeridirektoratets regionkontor og Fylkesmannen i Hordaland. 8. GENERELT 8.1 Eigenkontroll og ansvar Verksemda pliktar å etablere internkontroll i samsvar med Forskrift om systematisk helsemiljø- og sikkerhetsarbeid i verksemder av 06.12.1996 nr 1127 m eventuelle seinare endringar. Internkontrollen skal mellom anna sikre og dokumentere at verksemda etterlever krava i dette løyvet, ureiningslova, produktkontrollova og relevante forskrifter til desse lovene. Verksemda pliktar å halde internkontrollen oppdatert. Verksemda pliktar til ei kvar tid å ha oversikt over alle aktivitetar som kan medføre ureining og kunne gjere greie for risikotilhøva ved anlegget. Dei tilsette må ha god kunnskap om mogelege utslepp, og må arbeide aktivt gjennom eigen kontroll for å hindre skade eller ulempe for miljøet, og for å førebyggje at utslepp kan skje 6
8.2 Akutte utslepp Verksemda pliktar å gjennomføre tiltak med sikte på å unngå akutte utslepp av til dømes antibiotika, kjemikaliar og liknande. Dersom det oppstår akutte utslepp skal Fylkesmannen varslast så snart som mogeleg. 8.3 Tvangsmulkt og straffeansvar Forureiningsstyresmaktene kan etter 73 i forureiningslova gjere vedtak om tvangsmulkt for å sikre at reglane i lova og vilkåra i dette løyvet vert etterlevde. Brot på vilkåra i løyvet er straffbart etter kap. 10 i forureiningslova. 8.4 Endring av utsleppsløyvet Dersom Fylkesmannen finn det naudsynt, kan det setjast krav om at ytterlegare tiltak vert gjennomførte for å hindre eller redusere forureiningsfaren frå oppdrettsanlegget. Eventuelt kan han krevja at anlegget vert flytta når krava i 18 i forureiningslova "om endring og omgjøring av tillatelse" er oppfylte. 8.5 Nedlegging, eigarskifte, konkurs Ved eigarskifte, inkludert eigarskifte i samband med konkurs, må det gjevast melding om dette til forureiningsstyresmaktene innan 4 veker. Det same gjeld ved endring av namn. Ved nedlegging av drifta, til dømes på grunn av konkurs, skal det også gjevast melding til forureiningsstyresmaktene, jf. 20 i forureiningslova. Verksemda er ansvarleg for rydding og istandsetjing av det området som har vore i bruk, jf. 20 i forureiningslova. 8.6 Risikoklasse Verksemda er plassert i risikoklasse 4. 7
VEDLEGG 2 VILT Lov om viltet av 1981 skal sikre alle dyr og fuglar eit minimum av vern. I utgangspunktet er alle viltartar freda. 3 seier: "Ved enhver virksomhet skal det tas hensyn til viltet og dets egg, reir og bo, slik at det ikke påføres unødig lidelse og skade." Etablering av oppdrettsanlegg vil alltid kunne føre til visse konfliktar i forhold til viltet. Røynsle har vist at alle typar oppdrettsanlegg, også skjelanlegg, kan verke tillokkande for ulike viltartar frå dei kringliggjande områda. Skadeproblema som dermed oppstår, kan i neste omgang gjere det aktuelt å søkje om fellingsløyve. Før det blir søkt om fellingsløyve, pliktar eigar, brukar eller rettshavar å prøve andre tiltak for å førebyggje viltskade. Av omsyn til viltinteressene, og som førebyggjande tiltak mot viltskade, fastsetjast følgjande vilkår for konsesjon: 1. Dersom det oppstår viltskade på oppdrettsanlegget skal eigaren straks ta kontakt med viltansvarleg i kommunen for å drøfte aktuelle tiltak. 2. Eigaren av matfiskanlegg skal førebu montering av flytelense med sperregarn og otersikker port på landgangen. Montering av lense og port skal gjennomførast når Fylkesmannen eller miljøvernstyresmaktene sentralt krev det. Maskevidda på sperregarna skal avgjerast av miljøvernstyresmaktene. 8