Arbeidsmarkedet nå mars 2007 Arbeidsmarkedet nå er et månedlig notat fra Statistikk og utredning i Arbeids- og velferdsdirektoratet. Notatet er skrevet av Jorunn Furuberg, jorunn.furuberg@nav.no, 29. mars 2007. Arbeidsløysa held fram med å falla. Sesongjusterte tal viser ein nedgang i talet på arbeidslause på 1.500 den siste månaden. Inkluderer vi deltakarar på ordinære arbeidsmarknadstiltak er det ein nedgang i talet på arbeidslause på 1.100. Ved utgangen av mars er det registrert 49.900 heilt arbeidslause (2,1 %), noko som svarer til ein nedgang på 29 prosent i høve til mars i fjor. Talet på ledige stillingar auka litt siste månad, medan det var ein liten nedgang i tilgangen på ordinære arbeidssøkjarar til NAV. Arbeidsløysa går no sterkt ned blant arbeidslause som har vore registrert hos NAV imellom 0,5 og 2 år. Samla tyder tala frå NAV at det framleis skjer ei klar tilstramming på arbeidsmarknaden. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at AKU- arbeidsløysa fell medan sysselsetjinga aukar. Figur 1: Utviklinga i talet på registrerte heilt arbeidslause og summen av registrerte heilt arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar og AKU- arbeidslause. Sesongjusterte tal. Januar 1998 mars 2007 (januar 2007 for AKU- arbeidslause). 130000 120000 110000 100000 90000 80000 70000 60000 50000 40000 jan.98 apr.98 jul.98 okt.98 jan.99 apr.99 jul.99 okt.99 Kjelde: NAV og SSB 1 jan.00 apr.00 jul.00 okt.00 jan.01 apr.01 jul.01 okt.01 jan.02 apr.02 jul.02 okt.02 jan.03 apr.03 jul.03 okt.03 apr.04 okt.04 apr.05 okt.05 apr.06 okt.06 Reg. heilt arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar Reg. heilt arbeidslause AKU - arbeidslause
Låg tilgang av arbeidssøkjarar Tilgangen av ordinære arbeidssøkjarar viser store variasjonar frå månad til månad. Dette gjer det vanskeleg å tolka kortsiktige endringar. Figur 2 viser at tilgangen av nye ordinære arbeidssøkjarar til NAV har stabilisert seg på eit lågt nivå. Samstundes som tilgangen av nye arbeidssøkjarar er låg, fell arbeidsløysa kraftig blant dei som har vore arbeidslause mellom 0,5 og 2 år. Figur 2: Tilgangen av ordinære arbeidssøkjarar per yrkedag, behaldning heilt arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar. Sesongjusterte tal januar 2001 mars2007. 120 000 1 200 Beholdning helt ledige og ordinære tiltaksdeltakere 110 000 100 000 Kjede: NAV. 90 000 80 000 70 000 60 000 50 000 Beholdning jan.01 apr.01 jul.01 okt.01 jan.02 apr.02 jul.02 okt.02 jan.03 apr.03 jul.03 okt.03 apr.04 okt.04 apr.05 okt.05 apr.06 okt.06 Mange ledige stillingar Tilgangen av ledige stillingar auka i løpet av mars, korrigert for vanlege sesongsvingingar. Dette er ein indikator som ofte varierer noko frå månad til månad. Sett under eitt tyder utviklinga dei siste månadene at etterspurnaden etter arbeidskraft framleis er høg. Tilgang 1 100 1 000 900 800 700 600 500 Tilgang ordinære arbeidssøkere per virkedag 2
Figur 3: Tilgang ledige stillingar utlyst i media. Januar 1999 mars 2007. Sesongjusterte tal. 1 600 1 400 1 200 Per yrkedag 1 000 800 600 400 200 - jan.99 mai.99 sep.99 jan.00 mai.00 sep.00 jan.01 mai.01 sep.01 jan.02 mai.02 sep.02 jan.03 mai.03 sep.03 mai.04 sep.04 mai.05 sep.05 mai.06 sep.06 Økonomisk utvikling internasjonalt I USA ser det ut til at nedgangen i bustadmarknaden førebels ikkje har gitt så negative impulsar til resten av økonomien som ein kunne ha venta. Dersom nedgangen i bustadmarknaden fører til redusert privat etterspørsel på sikt, kan dette føra til ein nedgang i økonomien USA. Sterk vekst i Kina og i India bidreg til å halda veksten i verdsøkonomien oppe. Euro-området er inne i ein periode med sterk vekst, hovudsakleg driven av ein auke i eksporten. I løpet av 2006 har innanlandsk etterspurnad vakse sterkt, samstundes som det er ein auke i investeringane. Også i Sverige og Danmark er det sterk vekst i økonomien og fallande arbeidsløyse. Dei nye EU-landa opplever sterk vekst, spesielt i Baltikum. Sterkare vekst i dei nye EUlanda vil kunna føra til at færre vil reisa til utlandet for å arbeida, noko som vil kunna føra til lågare tilgang av utanlandsk arbeidskraft i Noreg. Utviklinga i norsk økonomi Veksten i norsk økonomi held fram. Oppgangskonjunkturen har no vart i fire år. Veksten er breitt basert med vekst i dei fleste områder av økonomien. Høge oljeinvesteringar og auke i eksporten av tradisjonelle varer og tenester har ført til auka industriproduksjon. Vekst i investeringane har mellom anna ført til høg aktivitet i bygge og anleggsektoren, medan vekst i privat forbruk har ført til auka handel og tenesteyting. 3
Statistisk Sentralbyrå (SSB )sitt konjunkturbarometer for 4. kvartal viser at verksemdsleiarane framleis ser optimistisk på framtida. Samstundes er det fleire som melder om at mangel på arbeidskraft kan verta ein avgrensande faktor i produksjonen. Oljeinvesteringane er venta å veksa også i 2007. I følgje tal frå SSB viste verksemdene sine anslag i 1.kvartal i år på investeringar i oljeretta verksemd for 2007 ein auke frå det som blei rapport i 4.kvartal i fjor. Konsumet har vist ein aukande trend gjennom heile denne oppgangskonjunkturen, noko som har ført til auka etterspurnad etter arbeidskraft til ulike former for handel og tenesteyting. Samstundes har prisstiginga vore moderat, mellom anna som følgje av auka import frå lågkostland. Teknisk beregningsutvalg la i februar fram tal som viser ein auke i gjennomsnittleg lønsvekst i 2006 på 4,1 prosent mot 3,3 prosent i 2005. Ein tiltakande lønsvekst er eit teikn på ein strammare arbeidsmarknad og aukande mangel på arbeidskraft. Nedgang i arbeidsløysa i alle yrkesgrupper Samanlikna med mars i fjor er det ein sterk nedgang i arbeidsløysa innan alle yrkesgrupper. Nedgangen er sterkast innan ingeniør- og ikt fag, der det no er 37 prosent færre arbeidslause. Minst nedgang har det vore innan barne- og ungdomsarbeid (-22 %). Ingeniør og IKT fag: Det er ein sterk nedgang i arbeidsløysa blant dei fleste yrke i denne yrkesgruppa. Særleg er nedgangen sterk blant sivilingeniørar og sivilarkitektar der det no er 41 prosent færre arbeidslause enn ved utgangen av mars i fjor. Også innan ikt yrka har det vore ein sterk nedgang i talet på arbeidslause i perioden (- 38 %). Industriarbeid Ved utgangen av mars er det 33 prosent færre arbeidslause med bakgrunn frå industriarbeid, når vi samanliknar med same tid i fjor. Det har vore særleg stor nedgang i arbeidsløysa blant automatikarar og elektriske montørar (- 46 %) og støyparar, sveisarar og platearbeidarar (- 38 %). Offentlege yrke Innan undervisningsarbeid har arbeidsløysa minka med 30 prosent det siste året. Det er særleg blant førskolelærar (- 38%) og grunnskolelærar (-34 prosent) at nedgangen i arbeidsløysa har vore kraftig. I yrka innafor helse, pleie og omsorg har det vore sterkast nedgang i arbeidsløysa i yrkesgruppa anna pleie- og omsorgsarbeid (-28%), som er ei gruppe som også omfattar ufaglært pleiepersonale. Kontorarbeid Innan kontorarbeid er det størst nedgang i arbeidsløysa blant resepsjonistar og sentralbordoperatørar (- 36 %) samt sekretærar (-35 %) og økonomi- og kontormedarbeidarar (-35%). I prosent av arbeidsstyrken er det lågast arbeidsløyse innan undervising (0,8%), blant leiarar (0,8%) og innan ingeniør- og IKT-fag (0,9%). Arbeidsløysa er høgast innan reiseliv og transport (3,0%) og serviceyrke og anna arbeid(2,9%). 4
Figur 4: Prosentvis endring i talet på registrerte arbeidslause etter yrkesbakgrunn. Mars 2006 mars 2007. 0 % -5 % -10 % -15 % -20 % -25 % -35 % -34 % -33 % -32 % -31 % -29 % -29 % -28 % -27 % -25 % -24 % -22 % -21 % -29 % -40 % -37 % Ingeniør- og ikt-fag Jordbruk, skogbruk og fiske Industriarbeid Kontorarbeid Leiarar Reiseliv og transport Undervisning Butikk- og salsarbeid Mekarar og konsulentar Bygg og anlegg Akademiske yrke Serviceyrke og anna arbeid Helse, pleie og omsorg Barne- og ungdomsarbeid Ingen yrkesbakgrunn eller uoppgitt I alt Nedgang i arbeidsløysa i alle fylke Det siste året har arbeidsløysa gått ned i alle fylke. Nedgangen har vore sterkast i Rogaland (- 38 %) og Vest-Agder (-37%). Ved utgangen av mars er arbeidsløysa lågast i Rogaland (1,4%), Akershus (1,5%) og Oppland (1,5%). Det er flest arbeidslause i Finnmark(3,8%) og Oslo (2,7%). 5
Figur 5: Prosentvis endring i talet på registrerte arbeidslause etter fylke. Mars 2006 mars 2007. 0 % -5 % -10 % -15 % -20 % -18 % -25 % -35 % -23 % -24 % -27 % -26 % -26 % -26 % -29 % -31 % -32 % -33 % -27 % -24 % -28 % -31 % -25 % -29 % -37 % -38 % -40 % Østfold Akershus Oslo Hedmark Oppland Buskerud Vestfold Telemark Aust-Agder Vest-Agder Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal Sør-Trøndelag Nord-Trøndelag Nordland Troms Finnmark I alt Størst nedgang i arbeidsløysa blant menn utan innvandrarbakgrunn Figur 6. Prosentvis endring i talet på heilt arbeidslause etter landbakgrunn og kjønn. Mars 2006 mars 2007. 0 % -5 % -10 % -15 % -17 % -20 % -20 % -22 % -25 % -26 % -27 % -29 % -35 % -32 % Ikkje innvandrarbakgrunn Innvandrar OECD land Innvandrar ikkje-oecd land Totalt Menn Kvinner Kjelde : NAV 6
Arbeidsløysa går også ned blant innvandrarar, men ikkje like sterkt som blant personar utan innvandrarbakgrunn. Figur 6 viser at arbeidsløysa blant personar me d innvandrarbakgrunn går meir ned blant menn enn blant kvinner, og meir ned blant dei med bakgrunn frå vestlege land enn blant dei med bakgrunn frå ikkje- vestlege land. Spesielle tilhøve ved månadsoppdateringa Det er ingen kjende tilhøve som påverkar månadstala for arbeidsmarknaden i mars. 7
Figurvedlegg Figur 6 og 7: Utviklinga i summen av registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar innan yrkesgrupper (yrkesbakgrunn). Januar 2004 mars 2007. Januar 2004 = 100. Sesongkorrigerte tall. 120 % 110 % 100 % 90 % 80 % 70 % 60 % 50 % 110 % 100 % 90 % 80 % 70 % 60 % 50 % 40 % 30 % mar.04 mai.04 sep.04 nov.04 mar.05 mai.05 sep.05 nov.05 mar.06 mai.06 sep.06 nov.06 mar.07 mar.04 mai.04 sep.04 nov.04 mar.05 mai.05 sep.05 nov.05 mar.06 mai.06 sep.06 nov.06 8 mar.07 Jordbruk, skogbruk og fiske Reiseliv og transport Akademiske yrker Butikk- og salgsarbeid Undervisningsarbeid Barne- og ungdomsarbeid Helse, pleie og omsorg Serviceyrker og annet arbeid Kontorarbeid Ledere Meglere og konsulenter Bygg og anlegg Industriarbeid Ingeniør- og ikt-fag
Figur 8: Utviklinga i summen av registrerte arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar i regionar. Januar 2004 mars 2007. Januar 2004 = 100. Sesongkorrigerte tall. 110 % 100 % 90 % Østfold/Buskerud/Vestfold/ Telemark Oslo/Akershus 80 % 70 % 60 % 50 % 40 % mar.04 mai.04 sep.04 nov.04 mar.05 mai.05 sep.05 nov.05 mar.06 mai.06 sep.06 nov.06 mar.07 Agderfylkene/Rogaland Hordaland/Sogn og Fjordane/Møre og Romsdal Oppland/Hedmark Trøndelag Nord-Norge 9