Vintervotter. Helga Reidun B. Nesset

Like dokumenter
SIGNES VOTTAR. strikketeigen.com

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

BØLGE / BARNEGENSER, BUKSE & LUE

Det er mange måtar ein kan starte eit strikkeinga. Det er om å gjere å finne den beste måten å lage maskar på, til kvart enkelt strikkeprosjekt.

HESTEVEST / JENTE & GUTT

SKOGSTJERNE, oppskrift nr 107. Sjal, hodebånd, hals og vanter. Settet er strikket i 1-tråds Sirritógv ullgarn, 400 g til hele settet.

Korrekturliste Strikk til Nøstebarn

STRIKKEFASTHET. Pinnenr i oppskriften er kun et forslag.

KJÆRE GARNKUNDE. Med vennlig hilsen VIKING GARN

JAKKE, HALS, LUE, VOTTER OG VEST

Her skal du lære å programmere micro:biten slik at du kan spele stein, saks, papir med den eller mot den.

HJERTE- VA R M E VOTTER

Strikket dominosjal. Hobbii.no - - Alle rettigheter forbeholdes Side 1

Humlesokkene. av Ann Myhre en Pinneguri-design. Kunnskaper

NINA FLETTE- PONCHO & TILBEHØR

Mod. 054R-3. Jakke med hette, genser, lue, leggvarmere og poncho med ermer. RAUMA ULLVAREFABRIKK AS Garn: Rauma Babygarn

Strikk for livet Ull og omtanke

SETESDAL VOTTER & SOKKER

Side 3. Stripete herresokker i Socki. Side 8. Stripete gryteklut i Felting Wool. Side 11. Heklet mønstret veske i Cotton 8/9

PIPPA JAKKE, LUE & VOTTER

Magiske sirkler og perfekte kuler

DET NORSKE OLYMPISKE TEAM 2018

STRIKKEKAFÉ HØST 2016

DALE BABY LANGRENN GRATIS MODELL DG31506 OPPSKRIFT. #DaleBaby #Langrenn2016 HOUSE OF YARN DALEBABY LANGRENN2016 DG31506

Strikkedesign. No måneder. 100% Merino ull 100% Mercerisert bomull Design: Berit K. Skårland

LINE & LINUS LUE, HA LS & VOTTER

CP-012 GURO #KNITCAMILLAPIHL #HOUSEOFYARN_NORWAY


MODELL JULIANA SOKKER ALPAKKA FORTE. #dalegarn #DG #houseofyarn_norway 2,5+3

for Dale Garn Strikk din egen Arne & Carlos lue... NR MASKER 12 LUER DESIGNET AV ARNE & CARLOS DG234A&C_oppskriftshefte_nyttopplag2011.

MODELL LILLEMANN BABYSETT LERKE PLUSS & LILLE LERKE. #dalegarn #DG #houseofyarn_norway

PÅ TOPPEN, lue/hals. Strikket i Fin

NR MASKER 12 LUER DESIGNET AV ARNE & CARLOS. for Dale Garn. Strikk din egen Arne & Carlos lue...

HEDDA JAKKE, SKJØRT & TILBEHØR

MODELL MICHELLE GENSER ROSE STRIKKET I FAT FAERYTALE. #houseofyarn_norway 4,5+6 4,5+6 4,5+6 HJELPEP

MODELL MICHELLE GENSER LYS SJØGRØNN STRIKKET I FAT FAERYTALE. #houseofyarn_norway 4,5+6 4,5+6 4,5+6 HJELPEP

HERRE- GENSER OPPSKRIFT #DUSTOREALPAKKA #DSA #HOUSEOFYARN_NORWAY MODELL 35 14

LILLE KYLLING TILBEHØR

SMÅFIN JAKKE & LUE GAMMELROSA

for Dale Garn Strikk din egen Arne & Carlos lue... NR MASKER 12 LUER DESIGNET AV ARNE & CARLOS

MODELL MICHELLE GENSER BRENT ORANSJE FAERYTALE STRIKKET I FAERYTALE. #houseofyarn_norway 3,5+4,5 3,5+4,5 3,5+4,5 HJELPEP

HAZY BLUES LUE, LØSHALS & VOTTER

Viking Bjørk bomull/merino Jakke Viking Bjørk bomull/merino Topp

VOTTER & VA NTER #DALEGARN #DG #HOUSEOFYARN_NORWAY PURE ECO BABY WOOL MODELL

SIGRID FLETTE- GENSER

STRIKKEFASTHET. Pinnenr i oppskriften er kun et forslag.

LANG FANAJAKKE #TRYSILGARN #EUROPRIS SPORTSGARN/ SUPERWASH ULLGARN MODELL EP15 12 EUROPRIS SPORTSGARN/SUPERWASH ULLGARN LANG FANAJAKKE EP15 12

Viking Norgesraggen Heklet lue - Norge Størrelser

SMÅROLLING JAKKE, LANG BUKSE & LUE DUS FERSKEN

KJÆRE GARNKUNDE. Med vennlig hilsen VIKING GARN

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

CHUNKY FLETTEGENSER PULSVANTER & SIXPENCE

EMIL HEL DRESS, LUE, VOTTER & SOKKER

Viking Alpaca Sport. Viking Alpaca Sport

TALA RAGLANS- JAKKE #TRYSILGARN #EUROPRIS 100 % MERINO MODELL 17 41

CP-019B ANDREA #KNITCAMILLAPIHL #HOUSEOFYARN_NORWAY

Vil du hjelpe et nyfødt barn ved å strikke?

Ledig fasong GU-024 GULLUNGEN GARN. Mammarose genser. Gullgul #GULLUNGENGARN #HOUSEOFYARN_NORWAY

MODELL AURELIA SOMMERTOPP DUS PISTASJE PIMA BABY. #dustorealpakka #DSA #houseofyarn_norway 3,5+4

Standard fasong GU-025 GULLUNGEN GARN. Mammarose genser. Mørk rose #GULLUNGENGARN #HOUSEOFYARN_NORWAY

MODELL SMÅROLLING GENSER, KORT BUKSE, HALS & SOKKER DUS FERSKEN

DALEBABY ALPINT GRATIS MODELL DG31604 OPPSKRIFT. #DaleBaby #Alpint2016

KOFTE, SELE- & JUMPER

STRIKKESOKKER Fordi kalde tær ikke er gøy

MATHEA FLETTE- SKJØRT

Viking Balder. Hals og lue

HACK NEY HERRE- JAKKE

side), slutt med 1. omgang i falsk patent. Legg arbeidet til side og strikk ermer.

SKY GENSER MED RUNDT BÆRESTYKKE

Side 3. Stripete herresokker i Socki. Side 8. Stripete gryteklut i Felting Wool. Side 11. Heklet mønstret veske i Cotton 8/9

Veiledende pinner og tilbehør: Rundpinne nr 2 ½ og knapper

CORTINA GENSER, BUKSE, HJELMLUE, VOTTER & SOKKER

MODELL LINE LANGMO PÅFUGL MINA DENIM STRIKKET I 2 TRÅDER LINE LANGMO PÅFUGL. #dalegarn #DG #houseofyarn_norway HJELPEP

MODELL HENRIK BABYSETT BABY ULL. Oppskrift på kosepose: HENRIK KOSEPOSE DG #dalegarn #DG #houseofyarn_norway 2,5+3 2,5+3 3

MODELL DALE CORTINA GENSER DENIM NATURAL LANOLIN WOOL. #dalegarn #DG #houseofyarn_norway 3,5+4 3,5+4 3,5+4

VM SEEFELD 2019 DAMEGENSER

POLLY SKJERF & VOTTER FAT FAERYTALE

Ylva - Strikket genser med fletter og raglan til barn. Størrelse 2-12 år. Arbeidet er strikket i DROPS Air - Free pattern by DROPS Design

ROMPER, JAKKE & SOKKER

MODELL LINE LANGMO PÅFUGL MINA GUL STRIKKET I 2 TRÅDER LINE LANGMO PÅFUGL. #dalegarn #DG #houseofyarn_norway HJELPEP

MODELL LOFOTEN JAKKE & LUE BABY ULL. #dalegarn #DG #houseofyarn_norway 2+2,5 2+2,5 5-7

M ATS ROMPER, JAKKE & SOKKER

CHUNKY JAKKE I HELPATENT

STRIKKEFASTHET. Pinnenr i oppskriften er kun et forslag.

STRIKKEFASTHET. Frg 2: 4018 Rød Frg 3: 0020 Ubleket hvit. Frg 2: 4516 Skarp rosa Frg 3: 0017 Hvit Bukse: Frg 1: 4203 Lys rosa

NIKKO GENSER & LUE GRÅ

Weekend Love BY DROPS DESIGN

MAJA OMSLAGS- JAKKE & LEGGINGS

RAGGI. STRIKKESKOLE:raggsokker

Oversatt til norsk med forslag til tolkning og forbedring av Ann Myhre Bildene er fra oversetters sjal.

MA RIE JAKKE OG LUE #DALEGARN #DG #HOUSEOFYARN_NORWAY LERKE PLUSS DG 17 06

GU-049 GULLUNGEN. Girlygenser #GULLUNGENGARN #HOUSEOFYARN_NORWAY

Viking Alpaca Superfine. Viking Alpaca Superfine. Hals Vest

GU-009 GULLUNGEN. Rampe-romper & lue #GULLUNGENGARN #HOUSEOFYARN_NORWAY #BARNEKREFTFORENINGEN

MODELL MINSTEN HENTESETT KARAMELL LERKE. #dalegarn #DG #houseofyarn_norway 3,5+4 3,5+4+4,5 3, ELASTIKK

MODELL ANITRA LANG GENSER NATUR NATURAL LANOLIN WOOL. #dalegarn #DG #houseofyarn_norway

Viking Bjørk bomull/merino Kjole

JULIUS HETTE- JAKKE #DUSTOREALPAKKA #DSA #HOUSEOFYARN_NORWAY STERK MODELL 49 08

Transkript:

Helga Reidun B. Nesset Vintervotter Å bevare synlege kulturminner er kjent, men å ta vare på musikk, dans eller ein tradisjonell arbeidsprossess, som gjerne vert kalla immaterielle kulturminner, er mindre påakta. Ved å ratifisere UNESCOkonvensjonen om immateriell kulturarv, tok Norge tak i dette i 2007. Konvensjonen beveger seg på eit lokal- og individnivå der einskildpersonen er den sentrale. Museer og frivillige organisasjoner er institusjonar som driv innsamlingsarbeid, og gjennom dokumentasjon og opplæring kan håndverksteknikkar, mat- og namnetradisjonar, språk, musikk og dans bli ført vidare, til nye generasjonar. I det førindustrielle samfunnet heldt t. d. håndverksteknikkane seg levande ved overføring frå generasjon til generasjon. Desse var tufta på erfaringsbasert kunnskap. Mykje av den handlingsbårne kunnskapen tilhøyrer ei svunnen tid. Men framleis er det slik at enklare håndverksteknikker blir overlevert i form av ord og handling frå ein person til ein annen. For å presentere noko av Nordøsterdalsmuseet sitt innsamlingsarbeid, vil eg her plukke fram ein spesiell strikketeknikk og tradisjonsberaren bak. Tradisjonsberar Ingebjørg Nytrøen i Vingelen. Gjennom arbeidet med utstilling i det nye museumsbygget på Ramsmoen i 1996, reiste eg på besøk til Ingebjørg Nytrøen i Vingelen. Ho kan mangt slags håndarbeid og står i Håndverksregistret på Maihaugen (Norsk håndverksutvikling), oppført som tradisjonsberar i strikking. Eg vart den gong fasinert av vottene ho hadde strikka. Teknikken 25

Strikkemåten: Strikk første omgang rett. Andre omgang: Strikk ei maske rett, neste taes av. Fortsett slik omgangen ut. Gjenta desse to omgangene i same rekkefølge. Ingebjørg (Bøggen) Nytrøen er altså kilden, og den kalde vinteren 2010 er bakgrunn for ein mindre votteproduksjon. Teknikken gjer at votten blir dobbel, og derfor ekstra godt og varmt. For å dele denne kunnskapen med fleire, har eg notert ned mi eiga oppskrift, på både kvinne- og mannsvott. Desse vottene, av grått garn med blåe ringer på vrangborden, fekk Nordøsterdalsmuseet til den første utstillinga i det nye museumsbygget på Ramsmoen i 1996. hadde ho lært av mor si, Johanna Svendsdatter Nytrøen f. Løvli, 1890. Det var ikkje namn på denne teknikken, men de`bli i slags dobbeltstrikking mæ en trå, sa ho. Derfor vel eg å bruke denne nemninga. Dobbeltstrikking med ein tråd Strikkemåten er såre enkel, men likevel krevande å få riktig til, ja, du må føl mæ, seier Ingebjørg. Eg lærte denne i 1996 og har seinare lært bort teknikken til fleire. Mange nytter den i hæler, men den kan brukast til så mykje meir! Teknikken dobbeltstrikking med ein tråd, og her ser du uttaket til tommelen. Kvinnevott Pinne: Fem pinner i tjukkleik 2,5. Garn: 3 eller 4-tråds ullgarn. Legg opp 48 masker. Strikk første omgang rett på ein pinne. Fordel deretter maskene jevnt på 4 pinner. Strikk så vrangborden med 2 rette og 2 vrange masker, i 25 omganger. Gå over til sjølve votten ved å strikke ei omgang vrangt. (På nokre av para har eg mønster i overgangen). Begynn så med strikketeknikken som er forklart foran. På tredje omgang begynner uttaking til tommelen. 26

Venstre vott: Strikk 8 masker, kast på pinnen og strikk rett omgangen ut. Omgangen deretter strikkes ei maske rett/neste taes av o.s.b. Når du strikker denne omgangen, strikkes kastet som rett maske. Det fører til at du får eit hol. Forsett med uttaking til tommelen på kvar rettomgang, til du har 12 hol som går på skrå. Avmerk maskene til tommelen ved å strikke inn ein tråd i annan farge over 13 masker. (Den siste maska blir da plassert rett over det 12. holet i uttakinga). Høgrevott: Strikk 40 masker, kast på pinnen, strikk rette masker omgangen ut. Forsett som på venstrevotten, men motsatt. Strikk videre til votten måler 20 cm. Da begynner fellinga. Fordel maskene slik at du har like mange masker på håndbaken som i håndloen, og fordel dei likt på pinnene. Felling: Fell i den omgangen du strikker rett. Strikk første pinne på omgangen til du har att 3 masker, ta sammen to, strikk den siste. 2. pinne: Strikk den første maska, ta dei to neste saman. Strikk rette masker ut pinnen. 3. pinne: Strikk rett til du har att tre masker, ta to saman, strikk den siste. 4. pinne: Strikk første maske rett, ta dei to neste saman, og resten av pinnen strikkes rett. Neste omgang strikkes utan felling. Gjenta slik 3 gonger på kvinnevotten og 4 gonger på karvotten. Deretter feller du slik på kvar omgang, til du har att fire masker. Trekk da tråden gjennom alle maskene. Legg opp 56 masker. Første omgang strikkes med rette masker, på ein pinne. Fordel deretter maskene jevt på fire pinner. Strikk vrangbord, 2 rette og 2 vrange, over 30 omganger. Strikk gjerne ein omgang vrangt før du begynner med strikketeknikken som er nemnd ovafor. Uttak til tommelen, venstre vott: På 3. omgang begynner uttaking til tommelen. I uttakings-omgangen strikkes alle maskene rett. Strikk 8 masker rett, eit kast på pinnen, og resten av omgangen rett. (I neste omgang strikkes ei maske rett, neste taes av, o. s. b.) På omgangen deretter strikkes 9 masker, eit kast, og så rett omgangen ut. Du aukar i anna kvar omgang, den omgangen du strikker rett, slik at du får ei skrå line med hol. Når du har 14 hol har du tatt ut nok til tommelen. Strikk deretter ein omgang rett og ta av. I omgangen deretter merkes tommelen med å strikke 14 masker i ei anna farge, slik at den siste maska kjem over siste holet i uttakinga. Høgre vott: Strikk 48 masker, kast på pinnen, og strikk resten av pinnen rett. Fortsett vidare som venstrevotten, men motsatt. Strikk votten vidare til den måler 28 cm. Fordel maskene jevnt på fire pinner. Begynn så fellinga. Felling Felling blir som nemnd ovafor, for kvinnevotten. Karvott Pinne: Fem pinner i tjukkleik 2,5. Garn: 3 eller 4-tråds ullgarn. Tommelen Løs opp tråd i annan farge forsiktig, og sett maskene på 4 pinner. 13 masker x 2 27

Lånte hender Tommeluttaking. på kvinnevotten, og 14 masker x 2 på karvotten. Strikk mønsteret som tidlegare beskreve. Når tommelen måler 4,5 cm på kvinne-, og 6,5 cm på herrevotten begynner fellinga. Fordel maskene slik at du har like mange over som under. Strikk ei maske, ta to saman, strikk vidare ut første pinnen. Andre pinnen strikkes til det er att tre masker, ta to saman, strikk den siste rett. Tredje pinne: Strikk ei maske rett, ta to saman, strikk så pinnen ut. Fjerde pinne strikkes fram til det er att tre masker, ta to saman strikk den siste maska rett. Fell i kvar på omgang. Når det er att fire masker, trekkes tråden gjennom. Kjelder Intervju med Ingebjørg Nytrøen, Vingelen f. 1925, i februar 1996 og 15. september 2010. Litteratur UD: Stortings prp. 76 (2005 2006). Brit Solhaug: Den imaterielle kulturarven: I Norsk Husflid 3 2010 Wigdis Jorunn Espeland: Den tause kunnskapen: Ein gløymd dimensjon i etnologisk forsking? I rapport frå NEFA-Nordens 15. Fältseminarium, Lojo, Finland 1987. 28

Immateriell kulturarv UNESCO-konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven er verdensomspennande, og Norge ratifisert denne i 2007. Den har til hensikt å gje den immaterielle kulturarven eit løft, slik at den blir like mye respektert som den materielle. Med eit internasjonalt utgangspunkt vil konvensjonen overstyre norske lover. Konvensjonen er forankra på individ- og lokalnivå, og vil fremheve erfaringsbasert kunnskap og ferdigheter. Om forfattaren Helga Reidun B. Nesset f. 1951, har lang erfaring frå museumsarbeid, der gjenstander i tekstil, og folkeleg draktskikk er det store interessefeltet. Ansatt i Nordøsterdalsmuseet fra 1988. 29