3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

Like dokumenter
3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

Barnehagebruksplan

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR. Underlagt lov : Lov om barnehage, og til ei kvar tid gjeldane forskrifter og rammeplan for barnehage

Utval for opplæring og kultur er styringsorgan for dei kommunale barnehagane i Hå. Barnehagane er administrativt knytta til opplæring og kultur.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret

Vedtekter for kommunale barnehagar

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I ØYSTRE SLIDRE KOMMUNE

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

BARNEHAGETILBODET 2015/2016

Vedtekter for kommunale barnehager Fastsatt av Bystyret

Trøgstad kommune VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGER I TRØGSTAD

4 Opptaksregler Søknad Søknadsfrist 1. mars Opptak Opptakskrets Tildeling av plass Supplerende opptak Annet

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Vedtekter for. Fyresdal barnehage. Vedteke i kommunestyresak 3/13 med endringar i RS 43/13

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Kvinnherad kommune Vår ref: 2016/679 Dato: Kvinnherad kommune BARNEHAGETILBODET

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.

VEDTEKTER FOR GLENDRANGE BARNEHAGE AS

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGER I SKIEN

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I BREMANGER KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALT EIGDE BARNEHAGAR I SVEIO KOMMUNE

VEDTEKTER FOR DE KOMMUNALE BARNEHAGENE I HOL KOMMUNE.

Vedtekter for kommunale barnehager - Høringsutkast

Vedtekter for kommunale barnehager i Songdalen kommune

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGER I STEINKJER GJELDENDE FRA

VEDTEKTER FOR VILLVETTENE FRILUFTSBARNEHAGE DA Org.nr:

Vedtekter for barnehagane i Hemsedal. Gjeldane frå 1. oktober 2016

FROLAND KOMMUNE. Vedtekter for kommunale barnehager

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SANDE KOMMUNE

HVALER KOMMUNE Seksjon opplæring og kultur VEDTEKTER FOR HVALER KOMMUNES BARNEHAGER

VEDTEKTER FOR DE KOMMUNALE BARNEHAGENE I HOL KOMMUNE.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJE KOMMUNE

Vedtekter For Barnehagene i Audnedal Kommune (Justeringer i vedtektene fattet i Kommunestyret )

Vedtekter for de kommunale barnehagene i Overhalla

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

VEDTEKTER FOR FOLLDAL BARNEHAGE

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

VEDTEKTER FOR BIRKENES KOMMUNES BARNEHAGER

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

VEDTEKTER F O R K O MM U N A L E B A R N E H A G E R I BAMBLE

Vedtekter. for Babyhagen familiebarnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Kommunale vedtekter forskulefritidsordningane i Sunnfjord kommunane

VEDTEKTER SOM SKAL SIKRE KVALITET I AUKRABARNEHAGEN

Vedtekter for Barnas Barnehage. Endret av eiere

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I MIDT - TELEMARK KOMMUNE

VEDTEKTER. for kommunale barnehager i Bærum. Sist endret av Sektorutvalg barn og unge 28. oktober 2015

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGER. gjeldende fra 1. august 2010

Vedtekt for kommunal barnehage

Vedtekter for barnehagene i Orkland

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS

VEDTEKTER FOR BARNEHAGENE I BIRKENES

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

VEDTEKTER FOR HORNINDAL BARNEHAGE (gjeldande frå )

Vedtekter for kommunale barnehager Våler kommune

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185

Vedtekter for kommunale barnehager i Trøgstad Revidert og vedtatt av kommunestyret i Trøgstad

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE EIGDE AV TOKKE KOMMUNE

Vedtekter for Sangfuglen Barnehage

INNHALD: Side 2 av 9 Vår ref.: 2019/ Vedtekter for Åmli kommunale barnehagar

Barnehagen skal være en pedagogisk virksomhet. Rammeplanen for barnehager gir retningslinjer for barnehagens innhold og oppgaver.

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

henhold til Barnehageloven 7 (Driftsvedtekter)

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGER I SAUDA

1. EIERFORHOLD 2. FORMÅL OG INNHOLD

Vedtekter for Velledalen Naturbarnehage SA i henhald til Barnehagelova 7 2. Innhaldsfortegning.

Vedtekter for Nydammen familiebarnehage. Nydammen familiebarnehage er en privateid barnehage med 5 plasser i alderen 0-6 år.

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

KVINNHERAD KOMMUNE BARNEHAGETILBODET. Retningslinjer og informasjon

Vedtekter for kommunale barnehager i Songdalen kommune

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta. 2. FORVALTNING Barnehagane skal drivast i samsvar med Lov om barnehagar

VEDTEKTER FOR PETRINE BARNEHAGE I ØVRE RÆLINGEN KIRKE.

VEDTEKTER FOR BARNEHAGEN I VEGA KOMMUNE

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Tysvær kommune eig og driv følgjande barnehagar: Aksdal, Fjellhaug Friluftsbarnehage, Førresdalen, Førresfjorden, Nedstrand, Førland og Tysværvåg.

VEDTEKTER FOR SLETTHEIA FAMILIEBARNEHAGE

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

Vedtekter for den kommunale barnehage i Dyrøy

Vedtekt for kommunal barnehage

Vedtekter for kommunale barnehager

Vedtekter for Solstrålen familiebarnehage

Disse vedtektene gjelder for Steinvegen barnehage AS.

bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som

Vedtekter for Nydammen familiebarnehage

VEDTEKTER FOR BRINGEBÆRDALEN FAMILIEBARNEHAGE AS.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGER I STEINKJER GJELDENDE FRA

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGER I PORSGRUNN. Godkjent i Bystyret Trer i kraft fra og med

VEDTEKTER. Utarbeidet desember 2011, revidert januar 2012.

Vedtekter for barnehagene i Rennebu

Vedtekter for Stokkebarnehagene Gjeldende fra Kommunale og private barnehager

Vedtekter kommunale barnehagar

VEDTEKTER FOR. Elvetun Barnehage AS

Transkript:

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I STORD KOMMUNE 1. Eigartilhøve Stord kommune er ansvarleg for drifta av dei barnehagane som er omfatta av desse vedtektene. Barnehagane er administrativt knytt til rådmannen. Det daglege ansvaret for drifta er delegert til styrar/einingsleiar i den einskilde barnehage. 2. Føremål Barnehagelova 1: «Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal bygge på grunnleggende verdier i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfrihet, nestekjærlighet, tilgivelse, likeverd og solidaritet, verdier som kommer til uttrykk i ulike religioner og livssyn og som er forankret i menneskerettighetene. Barna skal få utfolde skaperglede, undring og utforskertrang. De skal lære å ta vare på seg selv, hverandre og naturen. Barna skal utvikle grunnleggende kunnskaper og ferdigheter. De skal ha rett til medvirkning tilpasset alder og forutsetninger. Barnehagen skal møte barna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens egenverdi. Den skal bidra til trivsel og glede i lek og læring, og være et utfordrende og trygt sted for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremme demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering.» Barnehagane skal drivast i samsvar med til ei kvar tid gjeldande barnehagelov med forskrifter, kommunale vedtak og årsplan for den einskilde barnehage. 3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4. Foreldreråd Føresette til barn i barnehagen er medlemmer i foreldrerådet. Foreldrerådet skal fremja felles interesser og bidra til at samarbeidet mellom foreldregruppa og barnehagen skapar eit godt barnehagemiljø. Ved røysting vert det gjeve ei stemme for kvart barn, og vanleg fleirtalsvedtak gjeld. Foreldrerådet kan be om å få lagt fram saker som er viktige for foreldra sitt tilhøve til barnehagen, og har rett til å uttala seg i slike saker før avgjerd vert teke. Styrar kallar inn til første møte som er i august/september. Dei øvrige foreldrerådsmøta kan styrar kalla inn til etter avtale. Samarbeidsutvalet (SU) skal vera samansett slik To representantar frå føresette To representantar frå dei tilsette. Ein representant frå eigar (kommunestyret vel kommunen sine eigarrepresentantar til samarbeidsutvala) Det skal vera vararepresentantar for alle gruppene. Styrar har ansvar for innkalling. Referat frå møta skal sendast Komite for Oppvekst og utdanning til orientering. Medlemmene har teieplikt etter Forvaltningslova 13. 1

4. Leike- og opphaldsareal Norm for barna sitt leike- og opphaldsareal inne er 4m 2 per barn over tre år og 5,3 m 2 per barn under tre år. Ute bør arealet vera om lag seks gonger så stort som leike- og opphaldsarealet per barn inne. 5. Opningstid Barnehageåret er i perioden 15.08.- til 14.08.-. Barnehagane er stengt helge- og høgtidsdagar, samt jul- og nyttårsafta. Onsdag før Skjærtorsdag er barnehagane opne til kl.12.00. Barnehagane har 5 dagar i året til planlegging. Planleggingsdagane vert lagt til elevfrie dagar på skulen. Det vert kvart år utarbeida ei felles barnehagerute for dei kommunale barnehagane som vert lagt ut på kommunen si heimeside. Opningstida til barnehagane er kl 06.30 16.15 (måndag fredag). 6. Ferie Barna skal ha minst 4 veker ferie i løpet av eit barnehageår. Tre av vekene skal vere samanhengande og avviklast i tidsrommet 15.06-14.08. Fråvær grunna sjukdom vert ikkje rekna som ferie. Barna sin sommarferie skal meldast frå om til barnehagen innan 01.05 i inneverande år. Dei to første vekene i juli er barnehagetilbodet i dei fem kommunale barnehagane samlokalisert i ein barnehage, jf barnehageruta. Dei to siste vekene i juli er alle stengt. 7. Foreldrebetaling Barnehagane følgjer statlege satsar for maksimalpris på heiltidstilbod i barnehage. Kommunestyret fastset satsar for deltidsplass. Det skal betalast for 11 månader i året. Juli er betalingsfri. Forskrift om foreldrebetaling gir høve til å ta ekstra betaling for matservering / drikke. Betaling for dette skal vera til sjølvkost, og er i 2018 sett til kr 300,- per månad i dei kommunale barnehagane. Tilbod og satsar i 2019: Frå 1. januar: 5 dagar i veka kr 2 990,- 3 dagar i veka kr 2 162,- Frå 1. august: 5 dagar i veka kr 3 040,- 3 dagar i veka kr 2 198,- Det vert gjeve 30 % søskenmoderasjon frå og med søsken nummer to og 50 % søskenmoderasjon frå og med søsken nummer tre og vidare. Dersom søsken går i ulike barnehagar gjeld same reglar for søskenmoderasjon. Redusert foreldrebetaling/friplass kan gjevast etter søknad frå føresette med låg inntekt. Informasjon og søknadsskjema ligg på kommunen si heimeside. Fråtrekk i opphaldsbetaling ved langvarig og alvorleg sjukdom hjå barn kan søkjast om til styrar i barnehagen der barnet har plass. Styrar tek avgjer etter ei samla vurdering av situasjonen. 2

8. Oppseiing Det er ein gjensidig oppseiingsfrist på ein månad frå den 1. i påfølgande månad. Døme: Dersom eit barn ikkje skal ha barnehageplass frå 1. oktober, må plassen seinast seiast opp innan 1. september. Manglande betaling kan vera oppseiingsgrunn. Dersom plassen vert sagt opp etter 1. april, må ein likevel betala ut barnehageåret, dvs. til og med 14. august. Oppseiing av barnehageplass skal som hovudregel gjerast elektronisk i IST hypernet, og det må betalast for heile oppseiingstida. 9. Permisjon Permisjon og endring av opphaldstid i løpet av bruksåret vert kun gjeve i særskilde høve. Døme: Endra arbeidssituasjon som får store konsekvensar for familien, svangerskapspermisjon, livskrise/ sjukdom. Permisjon og endring av opphaldstid skal følgja bruksåret Det vert ikkje gjeve permisjon etter 30. april som gjeld same bruksår, eller for einskildmånader. Det vert ikkje gjeve permisjon frå plass som ikkje har vore i bruk minimum seks månader. 10. Barnehageopptak Alle godkjente barnehagar i kommunen skal samarbeida om opptak av barn. Kommunen er å sjå som eitt opptaksområde. Stord kommune har eitt hovudopptak med søknadsfrist 1. mars. Deretter opptak når ledige plassar. Barns som fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året det vert søkt plass, har rett på slik plass dersom det vert søkt innan lokal frist for hovudopptak. Barn som fyller eitt år i september, oktober og november har etter søknad innan lokal frist rett til å få plass i barnehage frå den månaden dei fyller eitt år. Dette vert informert om på kommunen si heimeside og i lokalavisa. Tildeling av barnehageplass gjeld fram til skulestart eller til plassen vert sagt opp. Foreldra sine ynskje og behov skal så langt som mogleg innfriast. Ved hovudopptaket kan søkjar klaga over avslag på søknad om plass. Søkjar kan også klaga dersom han verken får første eller andre ynskje oppfylt. Ved supplerande opptak kan berre søkjarar til barnehage med lovfesta rett til prioritet etter barnehagelova 13 klaga dersom dei ikkje får tilbod om plass i den aktuelle barnehagen når ledig plass. Skogatufto barnehage er spesielt tilrettelagt for barn med samansett og nedsett funksjonsevne og har fagkompetanse innanfor dette området. Denne barnehagen vil difor alltid verta vurdert ved tildeling av plass til barn med omfattande hjelpebehov. Opptakskrets Barn busett i Stord kommune og barn som flyttar til kommunen innan utgangen av august det året det er søkt barnehageplass. Prioritering ved opptak 1. Barn med nedsett funksjonsevne og barn det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenester 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd. Jf barnehagelova 13. 3

Krav til dokumentasjon for barn med nedsett funksjonsevne: Skriftleg sakkunnig uttale frå til dømes PP-tenesta, helsestasjon/lege. Krav til dokumentasjon for barn det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstenester: Skriftleg vedtak frå barnevernstenesta. 2. Barn med rett til barnehageplass Gjeld barn som er busett i Stord kommune ved oppstart nytt barnehageår dersom det er søkt plass innan lokal frist og barnet har fylt eitt år innan utgangen av august same år. Jf barnehagelova 12a. 3. Søsken til barn som har barnehageplass i same barnehage. 4. Minoritetsspråklege barn som treng støtte til integrering i lokalsamfunnet. 11. Tilvenning Når barnet tek til i barnehagen må føresette vera saman med barnet i tilvenningsfasen. 12. Bemanning Sentral norm for pedagogisk bemanning i barnehage: Barnehagen skal ha minst ein pedagogisk leiar per sju barn under tre år og ein pedagogisk leiar per 14 barn over tre år. Eitt barn til utløyser krav om ein ny fulltidsstilling som pedagogisk leier. Barn vert rekna for å vera over tre år fra og med august det året dei fyller tre år. Norm for totalbemanning i kommunale barnehagar i Stord kommune er 2,67 årsverk per 18 plassar barn over 3 år, og per 9 plassar barn under 3 år. Dei som skal arbeida i barnehage må leggja fram politiattest. 13. Helse Før eit barn startar i barnehage, skal det leggjast fram erklæring om barnet si helse. Har barnet møtt til ordinær kontroll på helsestasjon, kan slik erklæring gis av barnet sine føresette, jf barnehagelova 23. Føresette som ikkje har vore regelmessig til kontroll på helsestasjon med barnet/barna sitt/sine må leggja fram helseattest frå lege. Sjuke barn skal ikkje møta i barnehagen, jf Folkehelseinstituttet «Når syke barn bør holdes hjemme» 14. Internkontroll «Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler» Kommunen, ved kommunelege 1, gjev rettleiing og rådgjeving om helsespørsmål. Han fører også tilsyn med at forskrifta vert følgt. 15. Forsikring Kommunen har ansvar- og ulykkesforsikring for barna i dei kommunale barnehagane. Barna er forsikra på direkte veg til og frå barnehagen. Dei er i tillegg forsikra i den tida dei oppheld seg i barnehagen og på turar/utflukter i barnehagen sin regi. Personalet har ansvar for barna i barnehagen si opningstid. Foreldra har ansvar for barna hente og bringe situasjon. Informasjon om forsikringsavtalen får ein i barnehagen. 4

16. Teieplikt I tråd med barnehagelova 20 har personale og barnehageeigar teieplikt etter reglane i forvaltingslova 13 til 13f. Tilsette i barnehagane skal skriva under erklæring om teieplikt når dei tek til i jobben. 17. Opplysingsplikt Barnehagepersonalet skal gje sosialtenesta bistand i klientsaker, jfr. Lov om barnehagar. 21. Lov om barnehager 22 understrekar at heile personalet har meldeplikt til barnevernstenesta i samband med mistanke om mishandling og alvorleg omsorgssvikt. 18. Tilsyn Kommunen sitt tilsynsansvar er fastsett i Lov om barnehagar 8, 10 og 16. Kommunen skal føre tillsyn med både kommunale og ikkje-kommunal barnehagar. 19. Årsplan Barnehagane skal utarbeida ein årsplan som er i tråd med «Forskrift om rammeplan for barnehagens innhald og oppgaver». 20. Endring i vedtektene Kommunestyret godkjenner/endrar vedtektene for dei kommunale barnehagane i Stord kommune. Innhaldet i desse vedtektene vart endra av kommunestyret 26.05.2016. Vedtektene gjeld frå 1.august 2016. Vedtektene kan verta endra i bruksåret dersom føringar frå staten eller lokale vedtak tilseier det. 5