SAMNANGER KOMMUNE 1 av 5 MØTEPROTOKOLL Utval: Utvalet for oppvekst og omsorg Møtedato: 25.11.2014 Møtetid: 15:00-16:15 Møtestad: Kommunehuset Av 5 medlemmer møtte 3, inkludert ingen varamedlemmer. Desse medlemene møtte ikkje: Karl Kolbotn (Frp) Eva Hellevang (H) I staden møtte: Andre som var til stades på møtet: Ordførar Marit Aase (Krf), Skule- og barnehageansvarleg K.H.Steinsland, Og ass.rådmann H.L Våge Møteleiar: Møtesekretær: Liv Berit Befring (Ap) Hilde-Lill Våge ass.rådmann Merknader: Sigmund Dyrhovden (Krf) kom kl. 15.45. Utvalet var vedtaksført under handsaminga av sakene 14-15/14. Orienteringar/meldingar: Spørsmål/utvalet sitt kvarter: Dokument utlevert i møtet: Ass.rådmann orienterte om; - pågåande brukar brukarundersøkingar. Presentasjon av desse vil koma i kommunestyret våren 2015. - Skjenkekontrollen sin aktivitet i sommar og i haust. Skule & bhg fagleg ansvarleg orienterte om leksehjelp på ungdomstrinnet, jfr. notat delt ut i møtet. Dei 2 frammøtte drøfta ilag med ordførar frammøtet i utvalet. Notat vedk. Leksehjelp. 1
2 av 5 Underskrift frå utvalsleiar og møtesekretær: Tysse, 05.12.2014 Underskrift utvalsleiar Underskrift møtesekretær 2
3 av 5 Desse sakene vart handsama: SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 013/14 14/881 Faste saker 014/14 10/24 Overgangsrutinar barnehage / barneskule / ungdomsskule 015/14 13/446 Tjenesteavtale rusmedisin og psykisk helsevern 2013-2016 Oversikt faste saker Godkjenning av innkalling og sakliste Eventuelle merknader til protokoll frå førre møte Delegerte vedtak/referatsaker Utvalet sitt kvarter 3
4 av 5 SAKNR. 013/14 FASTE SAKER Møteinnkallinga og saklista vert godkjent Delegerte vedtak/referatsaker vert tekne til orientering Handsaming i møtet: Utvalet var ikkje vedtaksført. Utvalet sitt kvarter: Dei 2 frammøtte drøfta ilag med ordførar frammøtet i utvalet. OO-013/14 VEDTAK: Utvalet var ikkje vedtaksført. SAKNR. 014/14 OVERGANGSRUTINAR BARNEHAGE / BARNESKULE / UNGDOMSSKULE Overgangsrutinar barnehage/ barneskule / ungdomstrinn Samnanger kommune 2014 vert vedtekne slik dei ligg føre. Samnanger kommune har som målsetjing at borna/elevane får ein god start ved hjelp av tidleg innsats og får ei tilpassa opplæring for å oppnå ei best muleg utvikling fagleg og sosialt. Tidleg innsats og tilpassa opplæring er avhengig av godt samarbeid mellom barnehagane barneskulen - ungdomsskulen, samt med andre hjelpetenester i kommunen. Vedlagde overgangsrutinar er utarbeidde i samarbeid for å sikra gode overgangar for borna/elevane. Desse rutinane skal medverka til at borna/elevane får ei heilheitleg utvikling. Rutinane involverer både skule- og barnehageleiinga, foreldre/føresette og pedagogar. Overgangsrutinane skal evaluerast årleg. Rutinane vert gjeldande frå 01.01.2015. Handsaming i møtet: Sigmund Dyrhovden kom kl. 15.45 og utvalet vart vedtaksført. De ønska og at kommunestyret burde få informasjon om desse gode rutinane. Ordføraren avgjer til kva møte det kan komme på saklista. Framlegget vart samrøystes vedteke. OO-014/14 VEDTAK: 4
Overgangsrutinar barnehage/ barneskule / ungdomstrinn Samnanger kommune 2014 vert vedtekne slik dei ligg føre. Samnanger kommune har som målsetjing at borna/elevane får ein god start ved hjelp av tidleg innsats og får ei tilpassa opplæring for å oppnå ei best muleg utvikling fagleg og sosialt. Tidleg innsats og tilpassa opplæring er avhengig av godt samarbeid mellom barnehagane barneskulen - ungdomsskulen, samt med andre hjelpetenester i kommunen. Vedlagde overgangsrutinar er utarbeidde i samarbeid for å sikra gode overgangar for borna/elevane. Desse rutinane skal medverka til at borna/elevane får ei heilheitleg utvikling. Rutinane involverer både skule- og barnehageleiinga, foreldre/føresette og pedagogar. Overgangsrutinane skal evaluerast årleg. Rutinane vert gjeldande frå 01.01.2015. 5 av 5 SAKNR. 015/14 TJENESTEAVTALE RUSMEDISIN OG PSYKISK HELSEVERN 2013-2016 Samnanger kommune godkjenner revidert avtale om rusmedisin og psykisk helsevern tenesteavtale nr 3 og 5. Handsaming i møtet: Framlegget vart samrøystes vedteke. OO-015/14 VEDTAK: Samnanger kommune godkjenner revidert avtale om rusmedisin og psykisk helsevern tenesteavtale nr 3 og 5. 5