Fylkeskommunane sitt landssamarbeid Eksamensrettleiing - om vurdering av eksamenssvar LOKALT GITT SKRIFTLEG EKSAMEN TRL2001 Bransjeteknikk
Eksamensrettleiing for lokalt gitt skriftleg eksamen i fylkeskommunane sitt landssamarbeid (Vigo IKS) Denne eksamensrettleiinga gir informasjon om lokalt gitt skriftleg eksamen i landssamarbeidet, og korleis eksamen skal vurderast. Rettleiinga er for skular, elevar, privatistar, lærarar og føresette. Sensorane skal bruke rettleiinga som ei felles referanseramme for sensurarbeidet sitt. 1. Eksamensordning Eksamenslengd: 4 timar 2. Hjelpemiddel Alle hjelpemiddel er tillatne, bortsett frå ope internett og andre verkty som kan brukast til kommunikasjon. Kvar fylkeskommune har publisert liste over tillatne nettbaserte hjelpemiddel (nettressursar) som er tilgjengelege på eksamensdagen. Nokre fag avvik frå denne regelen ved at det er restriksjonar på bruk av hjelpemiddel, eller at det er krav om spesielle hjelpemiddel for å løyse eksamensoppgåva. Lista viser fag med avvik: http://www.vigoiks.no/eksamen/hjelpemidler-til-eksamen Eksamensoppgåver der det ikkje er krav om spesielle hjelpemiddel, skal vere utforma på ein slik måte at det ikkje er naudsynt å ha tilgang til internett eller hjelpemiddel for å kunne svare på oppgåvene. Det er kompetansen til kandidaten i faget som skal prøvast på eksamen. Med utgangspunkt i eksamensordninga for faget må kandidaten sjølv velje passande hjelpemiddel for å løyse oppgåvene. Eksempel på hjelpemiddel kan vere: datamaskin med filer og digitale verkty, kalkulator, lærebok, tidlegare eksamensoppgåver, notatar, eksamensrettleiing, utskrifter frå Internett og formelbok. Alle digitale verkty som kandidaten vil bruke, må vere installert på datamaskina før eksamen. Side 2 av 9
3. Kommunikasjon med andre under eksamen Det er ikkje lov å kommunisere med andre under eksamen, verken skriftleg eller munnleg. 4. Eksamensoppgåva Eksamensoppgåvene skal lagast med utgangspunkt i kompetansemåla i læreplanen. Dei fem grunnleggjande ferdigheitene er ein del av kompetansemåla: å kunne uttrykkje seg munnleg (gjeld ikkje på skriftleg eksamen) å kunne uttrykkje seg skriftleg å kunne lese å kunne rekne å kunne bruke digitale hjelpemiddel Oppgåvesettet er bygd opp slik at svaret skal gi grunnlag for å vurdere den individuelle kompetansen til kandidaten. Samla sett kan eksamen innehalde oppgåver frå alle hovudområda i læreplanen, men ikkje nødvendigvis frå alle kompetansemåla. På dei fleste eksamenar er alle hjelpemiddel tillatne. Eksamensoppgåva bør vere ei opa oppgåve (case), og må utformast på ein slik måte at svara ikkje kan lesast direkte ut av ei lærebok eller andre hjelpemiddel. Når kandidaten vel å bruke erfaringar frå eigen praksis, er det viktig at ho/han skildrar klårt kva for val som vert tekne og dei føresetnadane det vert arbeidd ut frå. Det er viktig å svare på det oppgåva spør om for å vise fagkompetansen sin. Tidlegare eksamensoppgåver finn du på www.vigoiks.no 5. Bruk av kjelder Dersom kandidaten bruker kjelder i svaret, skal desse førast opp på ein slik måte at lesaren kan finne fram til dei. Kandidaten skal føre opp forfattar og fullstendig tittel på lærebøker, artiklar eller annan litteratur. Dersom kandidaten vel å bruke utskrift eller sitat frå nettsider, skal han/ho føre opp nøyaktig nettadresse og dato for nedlasting. Eksamensoppgåvene har ikkje alltid krav om bruk av kjelder (tekst som er henta frå bøker, Internett etc.), og kandidaten kan vise svært høg kompetanse til eksamen utan å bruke kjelder i svaret. I svaret skal kandidaten vise sin eigen kompetanse, med eller utan bruk av kjelder. Side 3 av 9
6. Vurdering av eksamenssvar og karakterinnhald Fylkeskommunane har ansvar for å sensurere eksamensvara. Spørsmål om gjennomføring og sensur av eksamen skal rettast til den enkelte fylkeskommune. Forskrift til opplæringslova 3-4 og 4-4 viser innhaldet i karaktergradene: Karakteren 6 uttrykkjer at eleven har framifrå kompetanse i faget. Karakteren 5 uttrykkjer at eleven har mykje god kompetanse i faget Karakteren 4 uttrykkjer at eleven har god kompetanse i faget Karakteren 3 uttrykkjer at eleven har nokså god kompetanse i faget Karakteren 2 uttrykkjer at eleven har låg kompetanse i faget Karakteren 1 uttrykkjer at eleven har svært låg kompetanse i faget. Karakterane 2-6 betyr at faget er bestått. Side 4 av 9
Kjenneteikn på kompetanse Hovudområde Karakteren 5-6 Kandidaten viser framifrå eller mykje god kompetanse i faget Karakteren 3-4 Kandidaten viser god eller nokså god kompetanse i faget Karakteren 2 Kandidaten viser låg kompetanse i faget Mål for opplæringa er at Utføre livreddende førstehjelp, sikre skadestedet ved trafikkulykker og slukke mindre branntilløp Kunne sikre ein skadestad ved trafikkulukke. Kunne vurdere skadeomfang og kunne utføre livreddande førstehjelp. Kunne bruke eit brannsløkkingsapp arat for å sløkkje eit mindre branntilløp. Kunne sikre ein skadestad ved trafikkulukke. Kunne ringe naudnummer for å varsle og for å få hjelp. Kunne bruke eit brannsløkkingsapp arat for å sløkkje eit mindre branntilløp Kunne ringe naudnummer for å varsle og for å få hjelp. Kunne bruke eit brannsløkkingsappar at Mål for opplæringa er at Håndtere og transportere varer med truck i henhold til gjeldende forskrifter Bestå sikkerheitskurset og truckteori. Bestå sikkerheitskurset og truckteori. Bestå sikkerheitskurset og gjennomføre kurset i truckteori. Side 5 av 9
Kunne laste, losse og transportere gods på ein sikker og god måte. Bruke trucken effektivt på ein måte som tek vare på miljøet Kunne laste og losse gods, samt ta omsyn til godshandteringssym bol Bruke trucken på ein sikker og trygg måte. Tek omsyn til godset sin eigenart. Med rettleiing kunne hente ut gods og laste det på bil. Mål for opplæringa er at Bruke og vedlikeholde vanlige tekniske hjelpemidler ved transport og logistikkoppdrag Bruke utstyret på ein god og effektiv måte Sjølvstendig kunne foreta vedlikehald og vurdere eventuelle utbetringar og tiltak. Nytte instruksjonsboka som eit oppslagsverk Kunne bruka utstyret på ein sikker og god måte Kunne sjølvstendig vedlikehalda utstyret på ein sikker og god måte Kunne bruke instruksjonsboka som hjelpemiddel Kunne bruka det tekniske utstyret til enkelt arbeid under rettleiing Kunne utføra enkelt vedlikehald; t.d. smørjing, vasking Finne fram i instruksjonsbøker Side 6 av 9
Mål for opplæringa er at Planlegge og utføre håndtering av farlig gods ved transport i henhold til gjeldende regelverk Oppnådd ADR-bevis Sjølvstendig kunne finne fram i ADRboka og kunne hjelpe kundar med eventuell manglande merking av gods Kunne sjølvstendig laste opp ei transporteining med farleg gods, og å finne den beste transportstrekninga for gjennomføring av transporten Oppnådd ADR-bevis Kunne bruka ADRboka som nyttig verktøy i samband med godstransport; t.d. dokument og verneutstyr ved transporten. Kunne planlegge transportstrekningar med transport av farleg gods Gjennomført ADRkurs. Kunne nytta ADR-boka med noko hjelp Kontrollere fraktbrev mot merking av godset Mål for opplæringa er at Dokumentere gjennomført opplæring i obligatorisk sikkerhetskurs på bane og vei, og obligatoriske veiledningstimer for førerkort klasse B i Oppnådd førarkort kl B Gjennomført teori til førarkort klasse B og bestått teoriprøve hjå Statens vegvesen Gjennomført teori til førarkort klasse B Side 7 av 9
henhold til gjeldende bestemmelser Side 8 av 9
www.vigoiks.no/eksamen